Forsiden

Høringssvar fra Sogn og Fjordane fylkeskommune, tannhelsetenesta

Plassering av tannhelsetenesta i framtida

Dato: 04.10.2016

Svartype: Med merknad

Sogn og Fjordane er eit fylke med mange kommunar med få innbyggarar. I juni 2016 i sak 16/25 vedtok fylkestinget ein ny klinikkstruktur  som inneber at ein reduserer tall tannklinikkar frå 28 til 18 klinkkar fram mot 2019. Dette blir gjort for å utvikle ein moderne og framtidsretta klinikk- og tenestestruktur med høgt fagleg fokus. Målsetjinga er å vidareutvikle ei kvalitetsorientert tannhelseteneste basert på målretta førebyggande innsats og profesjonell klinisk praksis til beste for pasientane, med større fagmiljø og stabile tannhelsetenester av høg fagleg kvalitet.

I fylkesmannen i Sogn og Fjordane sitt framlegget om ny kommunestruktur er det  fortsatt mange småkommunar som vil stå åleine. Med dagens kommunestruktur vil fylkestingvedtaket i sak 16/25 føre til at fleire småkommunar ikkje har eigen tannklinikk. Dersom tannhelsetenesta skal over til kommunane vil det innebere for Sogn og Fjordane sin del at eit vesentleg interkommunalt samarbeid må til. Dette er direkte i strid med dei uttalte hovudmåla som ligg til grunn for kommunereformen.

Fylkesordføraren i Sogn og Fjordne har også saman med fylkesordføraren i Rogaland og Hordaland føreslege i sin plattform for nye Vestlandsregion at tannhelsetenesta i framtida bør ligge til regionane.

Utdrag frå intensjonsplanen:

10. PREMISSER FOR VESTLANDSREGIONEN

Fylkestinga i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane sluttar seg til intensjonsplanen, og stiller følgjande premisser for å etablere Vestlandsregionen:

  1. a) Viktige samfunnsoppgåver blir overført frå statleg til regionalt folkevalt nivå, og desse vert sett i samanheng med sentrale oppgåver og ansvarsområde som fylkeskommunane no har.
  2. b) Det er ein føresetnad at ansvaret for kollektivtransport og vidaregåande opplæring framleis skal liggje til regionen/fylkeskommunane.
  3. c) Regionen skal ha ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta.
  4. d) Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar føreset at fylka i sin heilskap inngår i den nye Vestlandsregionen.
  5. e) Dei tre fylkeskommunane legg til grunn at fylkesmannsembetet får ei organisering og ei regional inndeling som samsvarer med det nye folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur.

Det vert lagt til grunn at fylkesmannsembetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane.

Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane meiner at ei overføring av tannhelsetenesta frå fylkeskommune til kommune vil innebere ei fragmentering av det fagmiljø ein prøver å bygge opp, og større behov for fleire interkommunale løysingar. Dette er direkte i strid med dei uttalte hovudmåla som ligg til grunn for kommunereformen, og vi er bekymra for om tilbodet til innbyggjarane vil bli opprettheldt med same kvalitet uavhengig av kor ein bur.