Høringssvar fra Vegtilsynet

Alminnelig høyring Evalueringa av offentleglova

Dato: 18.05.2016

Svartype: Med merknad

Me viser til høyring om evalueringa av offentleglova. Vegtilsynet har merknadar til høyringsnotatet.

Av rapporten går det fram at Oxford Research samla sett konkluderer med at innføringa av ny offentleglov har vore positiv og at den nye lova har ført til eit auka fokus på offentlegheit. Vegtilsynet er samd i denne beskrivinga.

Til tross for at offentleglova har bidrege til auka merksemd og kunnskap om offentlegheit i forvaltninga, har lova likevel nokre utfordringar. Vegtilsynet vil i det fylgjande kome med nokre innspel til det vidare lovarbeidet.

Generelt om offentleglova

Av rapporten går det fram at sjølv om offentleglova er betre enn den førre, er lova framleis vanskeleg å forstå. Det vert peika på at lova er unødvendig forvirrande, komplisert, vanskeleg og uklar, med mange unntak og særreglar. Vegtilsynet meiner rapporten synleggjer behovet for ei forenkling av regelverket, samt at det bør utarbeidast meir presise definisjonar og ordlydar.

Offentleglova inneheld òg til dels vanskelege juridiske vurderingar. Mange av innsynskrava, spesielt i kommunane, vert handtert av sakshandsamarar utan særleg juridisk kompetanse. Det medfører store forskjellar i når det vert gjeve innsyn og i kva omfang innsyn skjer. For å sikre mest mogleg lik praksis, meiner Vegtilsynet det bør utarbeidast retningslinjer/vurderingstema til hjelp ved bruken av skjønnsreglar. Både retningslinjer og døme på vurderingar som skal takast omsyn til ved praktiseringa av innsyn, kan med fordel kome fram av kommentarane til lova.

Publisering av dokument på heimesider

Evalueringa viser at enkelte organisasjonar mottek få innsynskrav. Ei av årsakene til dette er at organisasjonen publiserer dokument direkte på sine heimesider, og både journalistar og privatpersonar kan gå inn og lese desse. Etter Vegtilsynet si oppfatning er dette ein god måte å effektivisere arbeidet med innsynskrav på. Likevel bør ein ha i bakhovudet at ei slik publisering føreset at ein har eit tilpassa arkivsystem. For mindre statlege etatar, og kommunar, kan eit slikt digitaliseringsprosjekt medføre stor ressursbruk. Departementet bør difor vurdere om det er mogleg å lage fellesløysingar, til dømes gjennom Difi, slik at mindre organisasjonar får høve til å nytte dei moglegheitene teknologien tilbyr.

Offentleglova § 9 – samanstilling

Av offentleglova § 9 går det fram at «[a]lle kan krevje innsyn i ei samanstilling av opplysingar som er elektronisk lagra i databasane til organet dersom samanstillinga kan gjerast med enkle framgangsmåtar». Rapporten har avdekka at brukarane av lova syns regelen er vanskeleg å bruke. Det er mellom anna peika på at det er vanskeleg å vurdere kva som er «enkle framgangsmåtar» og når dette grensar over til å bli urimeleg arbeidskrevjande. Dette vert òg stadfesta ved at ulike forvaltningsorgan har ulik terskel for kva som vert rekna som urimeleg arbeidskrevjande.

Vegtilsynet er av den oppfatning at det tydlegare bør definerast kva som ligg i omgrepet «enkle framgangsmåter» og at det bør utarbeidast retningslinjer for når dei enkle framgangsmåtane går over til å bli så arbeidskrevjande at ein ikkje lenger har rett til å krevje innsyn i samanstilling. I den samanhengen gjer Vegtilsynet merksam på at til tross for at utfordringane med samanstilling i praksis truleg kan løysast ved bruk av meir kompliserte dataprogram, må ein samstundes ha klart for seg at for mindre forvaltningsorgan og kommunar kan slike hjelpemiddel innebere uforholdsmessig store kostnader.

Offentleglova § 11- meiroffentlegheit

Dersom det er høve til å gjere unntak frå innsyn, skal organet likevel «vurdere å gi heilt eller delvis innsyn», jf. offentleglova § 11. Regelen inneheld ikkje eit krav om å praktisere meiroffentlegheit, berre eit krav om å vurdere det.

Vegtilsynet er positiv til at forvaltninga bør ha større fokus på meiroffentlegheit. Ei gjennomsiktleg forvaltning fører til at borgarane har tillit til at forvaltninga opptrer i samsvar med regelverket. Manglande bruk av § 11 er grunngjeve i ei frykt for kva opplysningane skal brukast til og dette er kanskje medverkande årsak til at det ikkje vert praktisert meiroffentlegheit. Vegtilsynet meiner forvaltninga bør ha mindre fokus på det potensielle negative aspektet ved å gi innsyn, og heller leggje vekt på dei fordelane ein oppnår ved å ha ei transparent sakshandsaming.

For å sikre at forvaltninga faktisk vurderer og praktiserer meirinnsyn, er Vegtilsynet av den oppfatning at det i kommentarane til lova bør gjerast nærare greie for kva tilfelle omsynet til offentleg innsyn veg tyngre enn behovet for unntak. Ei utdjuping vil òg kunne medføre at sakshandsamarane vert tryggare i vurderinga av om det bør gjevast meirinnsyn, noko som forhåpentlegvis fører til at meiroffentlegheit vert ein realitet.

Med helsing

Trude Tronerud Andersen                                  Tonje Tvilde

direktør                                                               advokat/juridisk rådgjevar