Høringssvar fra På Høyden, University of Bergen

Meir innsyn!

Dato: 25.05.2016

Svartype: Med merknad

Som eit fagblad i universitets- og høgskulesektoren er dette dei viktigaste utfordringane vi ser med utøvinga av offentleglova:

1. Epost blir aldri journalført

2. Institusjonane i sektoren oversit alle fristar, frå journalføring (jamnleg 4 veker på etterskot ved UiB) til handsaming av klager.

3. Ein bør etterkvart kunne stille krav  om at institusjonane tek i bruk system som gjer det muleg å hente ut ukontroversielle dokument direkte. Slike finst, og kan spare mykje arbeid!

4. Vi treng sanksjonar når  nokon bryt lova!