Høyringssvar frå Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland er bekymra for konsekvensane
Fylkesmannen i Rogaland meiner at fleire individrettslege sider er for lite drøfta i framlegget til endringar i psykisk helsevernlova. Vi vil trekke fram at rutinemessig kontroll av person (kroppsvisitasjon) og eigendelar, når pasienten kjem til ein psykiatrisk institusjon, vil kunne ha uheldige sideeffektar, først og fremst ved at dette kan undergrave tilliten til helsetenesta. Pasientar som kjem til innlegging i det psykiske helsevernet er svært sårbare, og slik ransaking vil for mange kunne opplevast som ei krenking. Dette kan gjere at terskelsen blir høgare for at dei som treng det mest, søkjer hjelp i det psykiske helsevernet.
For dei som blir innlagde med tvang, er slik ransaking ein mogleg trussel mot den retten individet har til respekt for privatlivet, nedfelt i EMK artikkel 8. Gjennom forslaget kan pasientar oppleve seg utsett for vilkårlege inngrep i privatlivet, i strid med dei krava til individuell grunngjeving som denne artikkelen føreset.
I tilfelle der pasienten set seg i mot kroppsvisitasjon, kan det ende opp i ein maktsituasjon i strid med forbodet mot inhuman behandling nedfelt i EMK artikkel 3.
Med helsing
Magnhild Meltveit Kleppa
fylkesmann