Høyringssvar frå Folkehelseinstituttet
Høyringsnotat fra Folkehelseinstituttet
Framlegg: Departementet legg fram to utvidingar av Psykisk helsevernloven. 1. Kvar institusjon kan innføre rutinekontroll av person (kroppsvisitasjon) og eigedelar ved innlegging og etter utgang under døgnopphald. 2. Fagleg ansvarleg kan ved grunngjeven mistanke om at pasientar har med seg legemiddel, rusmiddel, skadelege stoff, farlege gjenstandar eller rømmingshjelpemiddel fatte vedtak om slik kontroll også i dagavdeling og poliklinikk. Framlegga vil gjelde både for pasienter som er innlagde til frivillig og til tvungent psykisk helsevern.
Kommentar: Folkehelseinstituttet har ingen særskilt kompetanse eller forskingsaktivitet knytt til vald, rømning og innføring av rusmiddel i psykiatriske institusjonar. Vi har analysert tal frå Norsk Pasientregister som viser at nær halvparten av unge menn og kvar tredje unge kvinne med alvorlig psykisk liding også har ei rusmiddelliding (Nesvåg et al., 2015). På denne bakgrunn meiner vi at HOD har grunngjeve framlegget på ein god måte ved å balansere omsynet til grunnlova og menneskerettane mot omsynet til eit trygt behandlingsmiljø i institusjonene. Når kvar einskild institusjon sjølv skal avgjere det praktiske rundt kontrolltiltaka, blir det rom for fleksible ordningar, alt etter kva slag gruppe pasienter institusjonen i hovudsak har kontakt med. Det er viktig å vege ulempene ved tiltaket for kvar einskilde pasient opp mot høvet til å forebygge bruk av rusmidler, rekruttering til slik bruk, eller skader på person eller inventar i institusjonen. Her bør omsynet til personalet og medpasientane sin tryggleik vege tungt.
Vi har ein spesifikk kommentar til ordlyden i framlegg til Psykisk helsevernloven §4A-4 første ledd første punktum: «Det kan foretas rutinekontroll av pasientens person, rom og eiendeler, ved innleggelse, samt før og etter utganger for å hindre innføring av legemidler, ….» Vi finn det underleg å innføre rutinekontroll før utgang når målet er å unngå at medikamentar eller farlege gjenstandar blir ført inn i avdelinga.
Referanse
Nesvåg R, Knudsen GP, Bakken IJ, Høye A, Ystrom E, Surén P, Reneflot A, Stoltenberg C, Reichborn-Kjennerud T. Substance use disorders in schizophrenia, bipolar disorder, and depressive illness - a registry-based study. Soc Psychiatry Psychiatr Epidemiol 2015; 50(8):1267-76.