Høyring - Evalueringen av offentleglova

Oxford Research AS har i perioden desember 2014 til desember 2015 gjennomført ei evaluering av offentleglova etter oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Evalueringa har bakgrunn i vedtak frå Stortinget i 2006. Evalueringsrapporten vart oversendt til departementet ved årsskiftet 2015/16. Endeleg versjon av rapporten ligg ved her.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 25.05.2016

Vår ref.: 16/1243 EO OKL/bj

Høyring - Evalueringen av offentleglova


Oxford Research AS har i perioden desember 2014 til desember 2015 gjennomført ei evaluering av offentleglova etter oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Evalueringa har bakgrunn i vedtak frå Stortinget i 2006.

Evalueringsrapporten vart oversendt til departementet ved årsskiftet 2015/16. Endeleg versjon av rapporten ligg ved her. Rapporten er òg tilgjengeleg på https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/innsyn-i-forvaltningen/id2469874/.

Vi inviterer med dette høyringsinstansane til å koma med innspel og kommentarar til rapporten.

Høyringsinstansane kan samstundes koma med innspel om eventuelle behov for lov- og forskriftsendringar på området, uavhengig av om dei konkrete områda er omtala i evalueringsrapporten eller ikkje. Slike innspel bør innehalde ei grunngjeving og ei mest mogleg konkret formulering til dei endringane ein meiner det er behov for.  

Vi ber om at høyringsinstansane vurderer om dei bør sende høyringsbrevet og rapporten vidare til underordna eller tilknytte organ som ikkje står på høyringslista.

Mange offentleg kontrollerte sjølvstendige rettsubjekt er eller kan vera omfatta av offentleglova, jf. offentleglova § 2 fyrste ledd fyrste punktum bokstav c og d. Dette kan gjelde selskap og andre rettssubjekt som direkte eller indirekte er heilt eller dels eigde av offentlege organ, eller stiftingar og andre rettssubjekt som ikkje har eigarar, dersom offentlege organ direkte eller indirekte vel fleirtalet av medlemar til styret eller tilsvarande organ i rettssubjektet. Vi ber om at høyringsinstansar som har eller forvaltar slikt eigarskap, eller står for val av medlemar til styret eller tilsvarande organ i stiftingar eller liknande rettssubjekt, vurderer om dei bør sende høyringsbrevet og rapporten vidare til slike sjølvstendige rettssubjekt som ikkje står på lista over høyringsinstansar. 

Høyringsinnspel må fremjast seinast 25. mai 2016.

Høyringsuttaler bør i utgangspunktet sendast inn digitalt på regjeringen.no under «Send inn høyringssvar». Her kan ein registrere seg, mellomlagre ei uttale og laste opp vedlegg. Alternativt kan høyringssvar sendast til Justis- og beredskapsdepartementet, i utgangspunktet på e-post, til: lovavdelingen@jd.dep.no. Alle kan avgje høyringsuttale, men merk at uttalene som eit klart utgangspunkt er offentlege etter offentleglova og normalt blir publiserte på nettet saman med dei andre høyringsuttalene.

Med vennleg helsing

Ole Knut Løstegaard e.f.
lovrådgjevar

Berit Johansen
seniorkonsulent

Departementa
Statsministerens kontor

Arbeids- og velferdsetaten (NAV)
Barne- ungdoms.-og familiedirektoratet
Barneombodet
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Direktoratet for arbeidstilsynet
Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for e-helse
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
Direktoratet for nødkommunikasjon
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Direktoratet for økonomistyring
Disiplinærnemnda for advokatar
Domstoladministrasjonen
Finnmarkskommisjonen
Finanstilsynet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Forbrukartvistutvalet
Forsvaret
Forsvarsbygg
Fredskorpset
Fylkesmennene
Garantiinstituttet for eksportkreditt
Havforskingsinstituttet
Helsedirektoratet
Husbanken
Innstillingsrådet for dommarar
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Jernbaneverket
Justervesenet
Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA)
Konkurransetilsynet
Kriminalomsorgsdirektoratet
Kulturrådet
Kunst i offentlege rom
Kystverket
Landbruksdirektoratet
Landinfo
Likestillings- og diskminineringsombodet
Lotteri- og stiftingstilsynet
Luftfartstilsynet
Mattilsynet
Medietilsynet
Miljødirektoratet
Nasjonalbiblioteket
Nasjonalt folkehelseinstitutt
Nasjonalt kommunikasjonsorgan (Nkom)
Nasjonalt tryggingsorgan
NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
Norad – direktoratet for utviklingssamarbeid
Noregs bank
Noregs forskingsråd
Noregs geologiske undersøkingar
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Norsk akkreditering
Norsk Filminstitutt
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Norsk pasientskadeerstatning
Norsk Polarinstitutt
Norsk Romsenter
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)
Oljedirektoratet
Pasientskadenemnda
Patentstyret
Petroleumstilsynet
Politidirektoratet
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Riksantikvaren
Riksarkivet
Rikslønsnemnda
Samordna opptak
Sekretariatet for konfliktråda
Senter for IKT i utdanninga
Senter for internasjonalisering av utdanning
SIFO – Statens institutt for forbruksforsking
Sjøfartsdirektoratet
Skattedirektoratet
Språkrådet
STAMI – Statens arbeidsmiljøinstitutt
Statens helsetilsyn
Statens innkrevingssentral
Statens jernbanetilsyn
Statens kartverk
Statens legemiddelverk
Statens lånekasse for utdanning
Statens pensjonskasse
Statens sivilrettsforvaltning
Statens strålevern
Statens vegvesen – Vegdirektoratet 
Statistisk sentralbyrå
Statsbygg
Sysselmannen på Svalbard
Tilsynsrådet for advokatverksemd
Tilsynsutvalet for dommarar
Tolldirektoratet
Trygderetten
Tryggleiks- og serviceorganisasjonen for departementa (DSS)
Utdanningsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Utlendingsnemnda
Valdirektoratet
Vox – nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

Nord universitetet
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NBMU)
Noregs Teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
Statlege høgskular
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø

Arbeidsretten
Høgsterett
Jordskifterettane
Lagmannsrettane
Tingrettane
Utmarksdomstolen for Finnmark

Den norske kyrkja
Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar
Riksrevisjonen
Sametinget
Sivilombodsmannen

Fylkeskommunane
Kommunane
Longyearbyen lokalstyre

Helse Midt-Norge RHF
Helse Nord RHF
Helse Sør-Øst RHF
Helse Vest RHF

Ambita AS
Avinor
Enova SF
Finnmarkseiendommen (Finnmárkkuopmodat)
Gassnova SF
Innovasjon Norge
NRK AS
NSB AS
Siva SF
Statnett SF
Statskog SF

Amedia
Fagpressen
Institutt for journalistikk
Kommunal rapport
Landslaget for lokalaviser
Mediebedriftenes Landsforening
Norsk journalistlag
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Private høgskular
Schibsted
TV2

Arbeidsgiverforeningen Spekter
Akademikerne
Delta
Den norske advokatforening
KS – kommunesektorens organisasjon
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Næringslivets hovedorganisasjon (NHO)
Unio
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)