Høringssvar fra MotVind Vestland

Dato: 25.10.2019

Svar på høring om opning av områder for fornybar energi til havs.

Det pågår no ein storstillt utbygging av vindturbinar på land i noreg, dette har skapt store konfliktar i mellom folk og dei styrande myndigheter.

På land er det hovudsakleg konflikt i forhold til inngrep i natur, inngrep i menneske sitt liv, inngrep og øydelegging av viktige områder for dyre og fugleliv. Dette har gitt styrande myndigheter store utfordringar og nyleg vart forslag til nasjonal plan for vindturbinar på land trekt tilbake.

Det er ingen vesentleg forskjell på utbyggjingar til havs kontra land, vindturbinar til havs vil ha store konsekvensar for fiskeriet som er ei av dei viktigaste næringane vi har. Reint hav og rein fisk er noreg verdskjent for og fleire av områda som er peikt ut vil komma i direkte konflikt med både gytefelt og fiskefelt. Konsekvensane for det marine livet i havet vil etter all sannsynlegheit verta store...

På bakgrunn av dette seier Motvind Vestland klart NEI til vindturbinar i havet.