Høringssvar fra Hildegunn Vederhus

Dato: 27.10.2019

SYNER til høyringsteksten sitt innhald om sårbare områder. (Sjå under) Eg er uenig i konklusjonane om at ein kan prøve å utnytte områdene fordi dei ikkje formelt har status som freda områder eller liknande. Grad av beskyttelse er ein juridiske prosess som er meir og meir omfattande til større grad av vern området treng. Og mange områder har derfor ikkje rett status. Nokre typer virksomhet som er godt utvikla og utprøvd kan fungere fint i sårbare områder, som ulike typar fiskeri. Dersom desse områda fekk status som freda, ville desse næringane verte ramma. Derfor er totalfreding ikkje alltid ynskjeleg. Men eg meiner at ein burde setje krav om at ein ikkje innførte næringsverksemd i sårbare områder så lenge næringa, utbyggingsmetoder og teknologi er yngre enn for eksempel 50 år. Nye næringar bør testast ut på trygge områder som ikkje risikerar uboteleg skade dersom noko går galt. Nettopp fordi risikoen for feiling og uhell er større i etableringasfasen av nye næringar. Derfor meiner eg at regjeringa burde ha denne type risikostyringsprinsipp når det er snakk om utbygging i sårbare naturområder. Ein bør legge seg på vinden og vente til ein har meir erfaring, kunnskap og kompetanse etter mange års drift på trygge områder. Ellers risikerer vi å oppdage at det vi gjorde var å sleppe laus elefantar i ein porselensbutikk. Og naturen får vi ikkje attende.

Utdrag frå høyringsteksten: «I forvaltningsplanen for Nordsjøen og Skagerrak (Meld. St. 37 (2012-2013)) er det areal innanfor dei aktuelle områda som har status som særleg verdifulle område. Desse områda er viktige for biologisk produksjon og for det biologiske mangfaldet.

Utsira Nord overlappar i betydeleg grad med Karmøyfeltet som har fått status som særleg verdifullt grunna høg biologisk produksjon. Det er mellom anna gyteområde for norsk vårgytande sild. Området er også viktig grunna store førekomstar av reke. Utsira Nord ligg også i stor grad i Kystsonen, som strekker seg langs kysten frå grunnlinja og 25 km ut i havet. Kystsona vert omtala i forvaltningsplanen som generelt verdifull.

Sandskallen-Sørøya Nord ligg innanfor Tromsøflaket, som er definert som eit særleg verdifullt og sårbart område grunna eit rikt naturmangfald. Vidare grensar området til det føreslåtte Lopphavet marine verneområde.

Sørlige Nordsjø II overlappar i nokon grad med område som har fått status som særleg verdifulle som leve- og gyteområde for tobis.

At eit areal har fått status som særleg verdifullt inneber ikkje at det er eit verneområde som ekskluderer annan aktivitet, men signaliserer at det er viktig å vise særleg aktsemd i desse områda. Korleis det skal takast omsyn til miljøverdiane som har gjeve opphav til utpeikinga må vurderast konkret, og gjennom dei prosjektspesifikke konsekvensutgreiingane vil naturverdiar (inkludert havbotn) verte kartlagt for å sikre tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for god lokalisering og førebygge konflikt med viktige naturverdiar som m.a. leveområda for tobis og sjøfugl. Vilkår for å redusere eller unngå konfliktar kan verte aktuelt. Departementet legg til grunn at konkrete vurderingar gjerast som del av konsesjonshandsaminga og ved godkjenning av detaljplan.»