Høringssvar fra Erling Flem
Eg ønskjer som privatperson å ytre mi meining til denne høyringa om havbasert vindindustri.
Eg vil innstendig oppmode styresmaktene om å følgje føre-var-prinsippet, og avstå frå slik utbygging no og aller helst skrinlegge dette for godt.
Det er ingen vits i å bygge ut vindkraft i havet for å elektrifisere plattformene når den same gassmengda likevel blir sendt i land for å brennast. Det einaste ein I TILLEGG får ved ei utbygging er:
- øydelegging av miljø for folk i Kina, Spania og andre utvinnings- og produksjonsstader for vindturbinar og venger
- Store mengder mikroplast rett i havet ved slitasje på venger
- Fare for hydraulikkolje og girolje rett i havet ved havari som kjem til å skje
- Det lagar ei fuglefelle for trekkfugl. Vengene bremser ikkje opp for å sleppe fugl forbi, ei heller raudlista arter.
- Det levende liv i havet vert truga på fleire måtar, særleg ved infralyd, lågfrekvent lyd som er frekvensen mange sjølevande fiskar og havpattedyr kommuniserer via.
Kven har forresten gitt myndigheitene rett til berre å gi bort hevdvunne fiskefelt? Her har de ikkje rett til å ta noko frå andre, og å gjere om fiskefelt som er berekrafyig utnytting av natur om til forureinande skadelege industriområde,
Følg alltid føre-var-prinsippet der ein ikkje pr i dag har tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag. He må mykje meir underøkast før ein kan tenkje på noka utbygging, men alt i dag peiker all vindkraft seg ut so,m ei så dårleg løysing at ein like godt heller kan satse på desse områda:
- Oppgradering av vasskrafta, sjå professor Leif Lias undersøking
- kutt all sponsing av vindkraft som no er massiv og la det bli like vilkår, då fell vindkraft berre bort av seg sjølv pga prisen.
- sats på solkraft, jordvarme og bølgje-energi
- Sist men ikkje minst: Sats på sparing av straum, vi sløser forferdeleg her i landet.
Berre skrinlegg all vidare planlegging av havvind - det er dyrt, forureinande, ulønsamt og skadeleg på alle måtar, akkurat som vindindustri på land.
Med vindkraftuvennleg helsing frå
Erling Flem
Tømmerås, 320 Jevnaker