Høringssvar fra Vigdis Tveit
Høyringssvar frå Vigdis Tveit, Gulen kommune
Vindkraft-industri til havs er 100 % mot si hensikt.
For vindkraft generelt begrunnar eg min påstand med følgande:
- Eksterne/utanlandske investorar investerer aldri utan å få profitt. Eg har lurt på kva deira insentiv kunne vere, og må innsjå at dei enkelt og greit MJØLKAR Norge for vindkraft-subsidiane, sel seg ut (= trekker seg ut) rett før subsidietida er over, og etterlater søppelet til Norge.
- 'Søppel', fordi vindkraft globalt sett ikkje maktar å produsere så mykje som 1/4 av potensiell produksjon, noko som gjer alle vindkraftverk i Norge til konkrete tapsprosjekt.
- 'Tapsprosjekt', fordi våre forfedre avskreiv vindkraft som ei ubrukeleg energikjelde for over 100 år sidan. Spør berre ein seglar: Storm er ubrukeleg. Svartestille er ubrukeleg. Og mykje av vindane imellom.
- -og det som trass alt BLIR produsert av vindenergi blir tilsvarande ‘klumpete’, og må omformast før den kan førast inn på ordinært straumnett utan å øydelegge maskiner og utstyr.
- Eventuelle lokale/nasjonale arbeidsplassar er særdeles midlertidige, i samband med etablering/bygging, eskalert av at investeringane er utanlandske og all potensiell profitt derfor ryk direkte ut av landet.
- Total rasering av levevilkår for alle dei tilstøytande bygdene, ikkje berre på grunn av infrastøy og visuell- og faktisk forsøpling.
- Regjeringa kunne ha oppnådd HEILE kraftutbygginga ved å oppgradere EKSISTERANDE vasskraftverk i Norge. Det ville ikkje vore behov for eit einaste NYTT vasskraftverk. Ikkje ein einaste NY kvadratmeter naturøydelegging.
- Vindturbinar gir infralyd-støy, som skadar organismar. Søk berre på internet etter 'Infra sound used as a weapon': Det vart brukt i begge verdenskrigane. Det er KJEND! Og likevel bryr ikkje våre sittande styresmakter seg om at dei utset befolkninga si for dette.
- Vindturbinar gir le-effekt med tilhøyrande temperaturauke og BIDREG dermed til global oppvarming.
- Vingene på vindturbinar er laga av komposittmateriale som med dagens teknologi er umulig å resirkulere.
- Vindturbinar har omlag halvparten så lang levetid som vasskraftverk.
- Høgst på FN si liste over klimatruslar er arealreduksjon med tilhøyrande rasering av biomangfold: Korleis kan då rasering av uendelege område av verdens få gjenverande lommer med urørt natur vere vår sittande regjering sitt klimainitiativ??
- Med VÅRE skatte- og oljefondkroner!!!!?!
For vindkraft til havs nemner eg i tillegg:
- ‘Natur’ finst også til havs. I tillegg til i lufta og på havbotnen er heile havet fylt med liv.
- Fugletrekk vår og haust, havdyra sine migrasjonsruter…
- Lyd går 4 gonger raskare, og dermed svært mykje lenger, under vatn.
- Lyd/hørsel er viktigare enn lys/syn under vatn. Og vi veit allereie kor stor skade gammaldags ekkolodd påfører!
- Den visuelle forsøplinga gir effekt over endå større område ifrå havoverflata.
- Levevilkår for alle tilstøytande bygder vil bli minst like rasert av vindkraft til havs.
Konklusjon:
Vindkraft i dagens form, uavhengig om den etablerast på land eller til havs, er direkte imot FN sine berekraftmål, og må stoppast umiddelbart.
For auking av energiproduksjon gir oppgradering av vasskraft størst effekt pr investert krone.
Vidare må innsatsen rettast mot forsking på nye bruksmuligheiter for eksisterande teknologi.
Vigdis Tveit