Forsiden

Høringssvar fra Norsk olje og gass

Dato: 29.04.2022

Postmottak@oed.dep.no

Deres referanse 22/225-10

Deres dato 15. februar 2022

Vår saksbehandler Turid Øygard

Vår referanse 22/35

Vår dato 29. april 2022

Høyring - forslag til inndeling av opna område for fornybar energiproduksjon i havet

Norsk olje og gass som organiserer utviklarar av havvind og leverandørar, viser til brev og høyringsnotat frå Olje og energidepartementet frå 9. februar 2022 med forslag til inndeling av opna område for fornybar energiproduksjon i havet. Under fylgjer våre merknadar til forslag til inndeling av Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.

Utsira Nord

På Utsira Nord er det foreslått to alternativ. Alternativ 1 er å dela Utsira Nord inn i fire utlysingsområde; to område på inntil 500 MW og to område på inntil 250 MW. I alternativ 2 foreslår departementet å dela Utsira Nord inn i tre utlysingsområde: to område på inntil 600 MW og eit område på inntil 300 MW.

Områda som er foreslått har høg energitettleik eller arealeffektivitet, dette reduserer fleksibiliteten i område.

Johan Sverdrup gassrøyr i området vil også redusera fleksibilitet i korleis areala kan nyttast. Av omsyn til ankerhandtering bør ein anten legga utlyste område utanom gassrøyr, eller ha meir areal i utlyst område for å sikra gassrøyr i tildelt område.

Forsvaret har eit skytefelt på Utsira Nord i dag, som kan verta flytta. Det er ynskjeleg at skytefeltet Utsira vert avvikla sidan dette er ei føresetnad for delar av arealet for området Utsira Nord, dette forutset at forsvaret får nytt areal som ikkje aukar problem kring sameksistens i området.

Med avgrensa kunnskap om miljøverdiar i områda er det positivt om ein kan dela inn område slik at plassering av vindkraftanlegga vert fleksibelt og at utbyggar kan ta omsyn til ny kunnskap etter prosjektspesifikk konsekvensutgreiing er gjennomført.

Det vert foreslått ei 5 km buffersone grunna trafikk i aust. Norsk olje og gass støttar forslaget i dette tilfellet, då det er mykje skipstrafikk med mindre båtar som trafikkerer her. Men ei 5 km buffersone bør ikkje innførast generelt, på dei ulike geografiske lokasjonane bør ein gjennomføra spesifikke evalueringar basert på risiko.

I høyringa ligg det inne eit forslag om ei 5 km buffersone mellom utlysingsområda for å unngå vindskugge. Ein kan auka fleksibilitet i tildelte områder ved å redusera desse sonene i dette området, og slik totalt tildela meir areal til utbyggerar som sjølv kan vurdera ulike omsyn.

Forslag til områdeoppdeling:

Alternativ 1 inneheld forslag om to område på inntil 250 MW. Desse områda er for små til å kunna produsera inntil 250MW med konvensjonell design av turbinar, så her foreslår departementet utvikling av ny teknologi.

Det er ikkje ynskjeleg å blanda testing av ny teknologi med industrialisering. Utvikling av teknologi og testing av nye konsept bør gjerast med færre turbinar i mindre skala på andre område enn Utsira Nord til dømes på Metcentre ved Karmøy. På Utsira Nord bør ein gå for større område som kan utvikla industri, byggja i skala og slik redusera kostnadar.

I alternativ 2 foreslår departementet å dela Utsira Nord inn i tre utlysingområde: to område på inntil 600 MW og eitt område på inntil 300 MW.

Vårt forslag er at området bør delast i tre horisontale område med tilsvarande avstand til kai og nett-tilknyting. Norsk olje og gass meiner at horisontale område vil gje ei betre utnytting av vindressursane, og ein i det opne området kan finna tre område som kan produsera 500MW.

Dersom forsvaret ikkje flytter si verksemd bør ein gå i dialog med forsvaret for å likevel finna tre område som kan produsera 500MW kvar.

Sørlige Nordsjø II

Norsk olje og gass støtter forslaget til prinsipp for oppdeling av områder i Sørlige Nordsjø II, og er samd i at i dette området kan ein totalt produsera meir enn 3000 MW.

I planlegging av havvindparkar er det fleire omsyn å ta. Mellom anna peiker høyringsnotatet på vraket av HMS Queen Mary i dette området. Vraket er definert som ei britisk krigsgrav. Dersom det vert aktuelt å tildela konsesjonar for havvind som omfattar vraket av HMS Queen Mary vil det vera ynskjeleg å få klargjort posisjon for vraket og kva regelverk som gjeld i norske områder for britisk krigsgrav.

Det er vesentleg ved tildeling av område å ta omsyn til fiskeriaktivitet. Norsk olje og gass er positive til at ein unngår dei delane av opna område kor det er mest krevjande å få til god sameksistens og støttar at departementet ikkje vil legga utlysingsområde i gytefelta for tobis som er viktig i økosystemet.

Sørlige Nordsjø II ligg i område opna for petroleumsverksemd og i TFO området i Nordsjøen, og det vart gjeve tilbod om eit utvinningsløyve for petroleum i område som overlappar med delar av Sørlige Nordsjø II i TFO 2021. I løpet av 2023 vert det avklart om det vert bora etter petroleum i dette utvinningsløyve. Skulle det verta eit funn her vil det krevja avklaringar for vidare optimalisering av sameksistens mellom havvind og petroleumsaktivitet. Det er positivt at det nå vert gjort ein innsats for å avklara om der er petroleum i området.

Departementet foreslår å dela Sørlige Nordsjø II inn i tre utlysingsområde på inntil 1500 MW, og at to av dei tre områda lysast ut. Dersom berre to av desse skal lysast ut nå og eit av dei skal knytast til radialnett, så kan området som skal til radial med fordel vera området som er nærast land.

Norsk olje og gass støttar utlysing av område tilsvarande 3000 MW så snart som råd.

Låg tetthet på energi gjer at områda kan nyttast meir effektiv. Vi merkar oss at OED seier at det er krav til ny konsekvensutgreiing dersom ein skal auka kapasiteten i Sørlige Nordsjø II utover 3000 MW. Å opne opp for større kapasitet frå Sørlige Nordsjø II burde ta mindre tid enn å utgreie nye område som ikkje er opna. Ei betre utnytting av området vil støtte utvikling av norsk industri og auka produksjonen av energi.

Norsk olje og gass ynskjer at ein slik prosess vert starta så snart som råd er.

Med venleg helsing

Norsk olje og gass

Torbjørn G Eriksen

Direktør Næringspolitikk og kommunikasjon