Høyring – Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av kjønnsnøytrale titlar og nemningar i domstolane
Høyring | Dato: 08.05.2025 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av kjønnsnøytrale titlar og nemningar i domstolane. Forslaga til lovendringane er ledd i oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 497 (2018– 2019), som lyder slik:
«Stortinget ber regjeringen å sørge for kjønnsnøytrale titler i alle av statens virksomheter. Arbeidet med nye titler må skje i samarbeid med partene i arbeidslivet.»