Høyring: Mellombels forskrift om straumstøtte til jordbruks- og veksthusnæringa

Departementet sender med dette framlegg til mellombels forskrift om straumstøtte til jordbruks- og veksthusnæringa på høyring. Høyringsframlegget er ein oppfølging av Prop. 56 S (2021-2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (midlertidig stønad til jordbruks- og veksthusnæringen som følgje av ekstraordinære strømutgifter), og leggast fram med atterhald om Stortinget si tilslutning til budsjettframlegget.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 07.02.2022

Vår ref.: 22/213

Høyringsbrev mellombels forskrift om straumstøtte til jordbruks- og veksthusnæringa

Departementet sender med dette framlegg til mellombels forskrift om straumstøtte til jordbruks- og veksthusnæringa på høyring. Høyringsframlegget er ein oppfølging av Prop. 56 S (2021-2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (midlertidig stønad til jordbruks- og veksthusnæringen som følgje av ekstraordinære strømutgifter), og leggast fram med atterhald om Stortinget si tilslutning til budsjettframlegget.

Departementet ber høyringsinstansane om å sende høyringsframlegget til underliggande organ og andre verksemder som vil kunne vere interesserte i å kome med merknader og innspel.

Høyringsfristen er 7. februar 2022.

Høyringa er lagd ut på regjeringa.no https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd/id2898986/. Bruk den digitale løysinga for å svare på høyringa ved å klikke på «Send inn høringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil verte publiserte på våre nettsider.

Med helsing 

  (e.f.)

Verner Bjerkvik 
seniorrådgjevar

Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar

  • Norges Bondelag
  • Norsk Bonde- opg Småbrukarlag
  • Landbruksdirektoratet
  • Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
  • Statsforvalteren i Agder 
  • Statsforvalteren i Innlandet
  • Statsforvalteren i Nordland
  • Statsforvalteren i Oslo og Viken
  • Statsforvalteren i Rogaland
  • Statsforvalteren i Troms og Finnmark
  • Statsforvalteren i Trøndelag
  • Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
  • Statsforvalteren i Vestland
  • Norsk Gartnerforbund
  • Gartnerhallen SA
  • Grøntprodusentenes Samarbeidsråd