Høyringsbrev

Kommunal- og regionaldepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i kommunelova. I høyringsnotatet legg departementet fram forslag om:

Kommunal- og regionaldepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i kommunelova. I høyringsnotatet legg departementet fram forslag om:

–  å lovfeste at det er nødvendig med kvalifisert fleirtal for å endre talet på kommunestyrerepresentantar i ein kommune

– å lovfeste at kommunestyret i kvar valperiode skal vedta nytt  delegasjonsreglement i kommunen

Departementet legg òg fram forslag om:

–  å lovfeste at det som hovudregel skal vere politisk innstilling i saker som folkevalde organ handsamar, men at kommunestyret kan gjere unntak frå hovudregelen

– å lovfeste ei alternativ føresegn om danning av kommuneråd i kommunar med parlamentarisk styringsform, ved at ordføraren, når den parlamentariske situasjonen tilseier det, på vegner av kommunestyret har plikt til å gi ein kommunerådsleiarkandidat i oppdrag å danne nytt kommuneråd (utpeiking)

Departementet sender forslaga på brei høyring før det blir teke endeleg stilling i desse viktige spørsmåla.

 

Eventuelle merknader til forslaget kan sendast til postmottak@krd.dep.no eller til Kommunal- og regionaldepartementet, Postboks 8129 Dep, 0032 Oslo, merkt sak 10/2126. Frist er sett til 6. desember 2010.

Vi gjer merksam på at også andre enn dei som står på høyringslista kan sende inn merknader. Alle svar blir lagt ut på departementet sine nettsider.

 

 

 


Med helsing


Anne Nafstad Lyftingsmo (e.f.)
ekspedisjonssjef

 Sølve Monica Steffensen
avdelingsdirektør