Høyringsbrev

Fiskeri- og kystdepartementet sender med dette på høyring forslag til ny forskrift om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i medhald av havressurslova.

Frist for merknader er sett til 1. mai 2011. Høyringsfråsegner skal sendast til Fiskeri- og kystdepartementet; Pb 8118 Dep.; 0032 Oslo, eller pr. e-post til postmottak@fkd.dep.no.

Vi ber om at høyringsinstansane legg høyringsforslaget fram for underliggjande etatar og organ ved behov.

Høyringsnotatet er tilgjengeleg på nettsidene til Fiskeri- og kystdepartementet: www.regjeringen.no/fkd, under saker på høyring.


Med helsing


Christian Wormstrand
fung. avdelingsdirektør
Heidi Beate Hauge
rådgjevar