Høyringsbrev

Høyring – Forslag om endringar i forseinkingsrentelova (gjennomføring av Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)
Justisdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i forseinkingsrentelova i samband med gjennomføring av Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve.

Forslaget er nærare gjort rede for i høyringsnotatet som ligg ved brevet her. Den danske versjonen av direktivet ligg òg ved. Andre språkversjonar på dei offisielle språka i EU kan ein finne på http://eur-lex.europa.eu/Result.do?checktexts=checkbox&TypeAffichage=sort_key&page=1&idReq=1&Submit22=GO

Høyringsfråsegnene kan sendast til lovavdelingen@jd.dep.no, eventuelt til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Vi ber om svar innan 1. september 2011.

Ei liste over adressatane for høyringsbrevet er lagt ved. Vi ber om at høyringsinstansane sjølve legg fram notatet for relevante underordna organ og organisasjonar.

Med helsing


Tone Ofstad e.f.
avdelingsdirektør
                                                      Hans Kaiser
                                                      rådgjevar

Til toppen