Høyringsbrev

Adressatane går fram av vedlagte liste 

 

Deres ref                                      Vår ref                           Dato
                                                   201003500-/EGA            07.07.2011

Høyring – om forslag til lovendringar i samband med etablering av Norsk helsearkiv og Helsearkivregisteret og forslag til nokre andre endringar i helseregisterlova (intern kryptering) mv.


 

Helse- og omsorgsdepartementet sender med dette på høyring forslag til lovendringar i samband med etablering av Norsk helsearkiv og Helsearkivregisteret og forslag til nokre andre endringar i lov 18. mai 2001 nr. 24 om helseregistre og behandling av helseopplysninger (helseregisterlova).

Høyringsnotatet har to hovuddelar. Del I handlar om nødvendige lovendringar i samband med etablering av Norsk helsearkiv og Helsearkivregisteret. I del II blir det gjort framlegg om å flytte det såkalla kravet om intern kryptering frå helseregisterlova § 8 tredje ledd til § 16. I tillegg blir det presisert korleis departementet meiner at kravet om intern kryptering skal forståast.

Departementet ber høyringsinstansane vurdere om høyringsnotatet bør leggast fram for underordna etatar og verksemder. Høyringsnotatet blir lagt ut på Helse- og omsorgsdepartementet sine nettsider: http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dok/hoeringer.html?id=1904.

Høyringsfristen er 1. november 2011. Departementet ber om at eventuelle merknader til høyringsnotatet sendast til postmottak@hod.dep.no. Merknader kan også sendast til Helse- og omsorgsdepartementet, Postboks 8011 Dep, 0030 Oslo.

 

Med vennlig helsing


Kari Sønderland e.f.
ekspedisjonssjef                                                       Anne Louise Valle
                                                                              avdelingsdirektør