Høyringsnotat

Høyringsnotat 

1. Innleiing

Ein sentral del av arbeidsmarknadspolitikken er at Noreg skal reknast som ein felles arbeidsmarknad. Det er derfor eit ønskje at arbeidssøkjarane er geografisk mobile. For å støtte opp under dette, er det viktig at Arbeids- og velferdsetaten har verkemiddel som kan motivere folk til å søkje jobb andre stader i landet. Ikkje alle arbeidssøkjarar vil ha høve til å dekkje utgifter i samband med dette sjølv. For desse kan det vere viktig at det er mogeleg å få dekt delar av reiseutgiftene i samband med nytt arbeid.

Stønader til reise- og flyttehjelp er i dag regulert i forskrift 5. desember 1990 nr. 950 om mobilitetsfremjande stønad gjennom Arbeids- og velferdsetaten. Formålet med stønadene er å lette geografisk mobilitet på arbeidsmarknaden.

 

2. Gjeldande rett

Stønad til dekning av reiseutgifter etter forskrift om mobilitetsfremjande stønad blir berre gitt i den utstrekninga det er tildelt midlar til dette over statsbudsjettet. Ein arbeidssøkjar har ingen rett til å få dekt utgifter til reise, og Arbeids- og velferdsetaten gjer prioriteringane. Ingen får stønad til reise eller flytting om slike utgifter blir dekt på anna måte, til dømes av arbeidsgjevaren. Departementet avgjer kva utgifter som kan dekkast og fastset eigendelar.

Arbeidssøkjarar som er villige til å ta arbeid på ein annan stad enn heimstaden, kan få stønad til reise- og flyttehjelp. Etaten kan gi reisehjelp når det i nær framtid er venta at ein person blir arbeidslaus, dersom han eller ho er utan eiga skuld i dette og ikkje kan få nytt arbeid på heimstaden eller bustaden. Hjelpa kan gis om arbeidssøkjaren enten er villeg til å ta imot tilbod om nytt arbeid gjennom Arbeids- og velferdsetaten på ein anna stad enn heimstaden, eller har vore tilmeldt hos Arbeids- og velferdsetaten som arbeidssøkjar og på eiga hand har skaffa seg arbeid på ein anna stad enn heimstaden.

Ein kan få stønad til reise til ein ny arbeidsstad, påmønstringsstad, til konferanse/orientering på ny arbeidsstad, til reise til Arbeids- og velferdsetaten etter innkalling, heimreise ved arbeidsløyse utan eiga skuld og til besøksreise for å førebu flytting til ein ny arbeidsstad eller for at ektefellen skal få høve til å gjere seg kjend med forholda på arbeidsstaden. Stønad til dekning av reiseutgifter etter forskrift om mobilitetsfremjande stønad blir gitt på grunnlag av billegaste reisemåte. Stønaden dekkjer utgifter ut over ein eigendel på 425 kroner.

Stønad til dekning av reiseutgifter blir normalt gitt til dekning av utgifter til reiser i Noreg, eller til/frå norsk grense eller utreisehamn. EØS-borgarar busette i Noreg som er formidla til arbeid i anna nordisk land, eller som har skaffa seg slikt arbeid på eiga hand, kan få stønad til reise for å overta arbeid på ein nyt arbeidsstad dersom Arbeids- og velferdsetaten ikkje kan skaffe høveleg arbeid her i landet. Danske, finske, svenske, islandske og norske statsborgarar som blir formidla frå eit anna nordisk land til arbeid i Noreg, kan få stønad til reise for å overta arbeid på ein ny arbeidsstad.

Arbeidssøkjarar som utan eiga skuld er arbeidslause, og som har fått tilbod om arbeid gjennom Arbeids- og velferdsetaten, eller på eiga hand har skaffa seg arbeid på ein anna stad enn heimstaden, kan få flyttehjelp. Flyttehjelp blir etter gjeldande praksis berre gitt dersom arbeidsforholdet skal vare i minst 12 månader. Arbeids- og velferdsetaten dekkjer utgifter over 2 575 kroner. Etter gjeldande praksis kan ein berre få flyttehjelp til flytting til anna stad i Noreg.

 

3. Vurderingar og forslag

I 2010 blei det under ordninga med mobilitetsfremjande stønader gitt om lag 2000 vedtak om reise- og flyttestønad og utbetalt i underkant av 5,9 mill kroner i slik støtte. Av dette blei om lag halvparten utbetalt til arbeidssøkjarar i dei tre nordlegaste fylka. Dette viser at ein del framleis bør ha slike stønader, især i samband med reise og flytting i dei fylka kor avstandane og reisekostnadene er store.

Mange av stønadene i gjeldande regelverk er lite relevante og blir ikkje nytta, som til dømes stønad for reise til påmønstringsstad og til midlertidig transporttilbod. Det er også lite aktuelt å gi ektefellen til arbeidssøkjaren stønad til besøksreise for at ho eller han skal få høve til å gjere seg kjent med forholda på arbeidsstaden. I dag er det vidare vanleg at arbeidsgivar dekkjer utgifter i samband med reise til jobbintervju, og i nokre tilfelle også reise til ein ny arbeidsstad. Gjeldande forskrift om mobilitetsfremjande stønader er både uklår og uoversiktleg og er dermed lite brukarvennleg. Departementet finn derfor grunn til å forenkle reglane, og å fjerne dei stønadene som ikkje blir brukt.

Arbeidssøkjarar som tar arbeid på anna stad enn heimstaden, bør etter departementet si vurdering kunne få stønad til dekning av utgifter i samband med reise til jobbintervju og til den nye arbeidsstaden, dersom desse utgiftene ikkje blir dekte av arbeidsgivaren.

Departementet meiner vidare at ein også skal kunne gi stønad til dekning av tilsvarande utgifter utanfor Noreg, dersom Arbeids- og velferdsetaten finn dette formålstenleg.

I dag kan arbeidssøkjarar få stønad til å dekkje reiseutgifter i samband med innkallingar til Arbeids- og velferdsetaten. Tidlegare Aetat hadde ikkje kontor i kvar kommune. Som ein følgje av NAV-reforma er det no NAV-kontor i alle kommunar. Det vil likevel vere nokre delar av landet kor arbeidssøkjarane framleis har lang reiseveg til sitt lokale NAV-kontor eller til etaten sine spesialeiningar. Det bør derfor framleis vere mogeleg å gi stønad til dekning av utgifter til reise for arbeidssøkjarar som bli innkalla til Arbeids- og velferdsetaten i samband med oppfølging for å komme i arbeid

Reiseutgiftene vil variere både etter reiseavstand og etter kva for transportmiddel som blir brukt. Departementet foreslår å vidareføre hovudreglane om at naudsynte utgifter til billegaste reisemåte med rutegåande transportmiddel blir dekte, og at Arbeids- og velferdsetaten framleis skal kunne godkjenne bruk av eigen bil der det ikkje er rutegåande transportmiddel. Departementet foreslår at arbeidssøkjarane, som i dag, berre bør få dekt reiseutgifter over ein viss storleik.

Departementet foreslår at Arbeids- og velferdsetaten framleis skal kunne gi stønad til dekning av flytteutgifter til arbeidssøkjarar som må flytte for å ta arbeid, dersom utgiftene ikkje blir dekt av arbeidsgivaren. Departementet foreslår at arbeidssøkjarane, som i dag, får dekt den delen av flytteutgiftene som overstig eit fastsett beløp og at stønaden blir gitt på grunnlag av rimelegaste flyttetilbod frå minst to ulike flyttebyrå.

Dersom deltakaren vel å flytte sjølv, foreslår departementet at ein kan få dekt utgiftene til køyring med eigen bil éin veg, etter ein fastsett sats per km. Etaten skal ikkje kunne gi stønad til leigd hjelp dersom søkjar ikkje bruker transportør.

 

4. Økonomiske og administrative omsyn

Endringa har ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar og vil bli handtert innanfor budsjettramma for arbeidsmarknadstiltak.

 

Forskrift om mobilitetsfremmende stønad

§ 1 Formål

Hovedformålet med stønadene etter denne forskriften er å stimulere til geografisk mobilitet og fleksibilitet på arbeidsmarkedet.

 

§ 2. Hvem som kan få stønadene

Personer som uforskyldt er helt eller delvis arbeidsløse, og som ikke kan få arbeid på hjemstedet, men er villig til å ta arbeid på et annet sted i Norge, Norden eller i EØS-området, kan få stønad etter denne forskriften. Stønad kan gis til personer som er registrert som arbeidssøkere hos Arbeids- og velferdsetaten.

Ved vurderingen av om søkeren er uforskyldt ledig, skal arbeids- og velferdsetaten ikke legge vekt på forhold som ligger lenger tilbake enn åtte uker.

Søkere som får utgiftene dekket av arbeidsgiveren eller på annen måte etter lov, avtale eller praksis, får ikke stønad.

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan gi nærmere retningslinjer om prioriteringen av personer som søker stønad.

 

§ 3. Reisestønad

Arbeids- og velferdsetaten kan gi en arbeidssøker stønad til dekning av de nødvendige og dokumenterte utgiftene til reise med rutegående transportmiddel som overstiger 440 kroner per reise

a) i forbindelse med jobbintervju på annet sted enn bostedet, og

b) i forbindelse med tiltredelse på nytt arbeidssted, dersom arbeidssøker ikke har fått jobb på hjemstedet.

Det kan gis stønad til dekning av nødvendige utgifter til reise med rutegående transportmiddel for registrert arbeidssøker som kalles inn til Arbeids- og velferdsetaten i forbindelse med oppfølging for å komme i arbeid.

Arbeids- og velferdsetaten kan godkjenne bruk av egen bil, eller andre transportmidler, om det ikke finnes rutegående transportmiddel. Godtgjørelse ved bruk av egen bil gis med 2,10 kroner per km. Nødvendige utgifter som påløper i forbindelse med reisen, herunder utgifter til bomvei, parkering og piggdekkavgift kan også dekkes.

 

§ 4. Flyttestønad

Arbeids- og velferdsetaten kan gi stønad til dekning av de nødvendige og dokumenterte utgiftene til flytting som overstiger 2730 kroner, i forbindelse med tiltredelse på nytt arbeidssted.

Søkeren må ha innhentet minst to skriftlige pristilbud fra flyttebyrå. Dersom søkeren velger å flytte selv, kan utgiftene til kjøring med egen bil en vei dekkes.

Godtgjørelse ved bruk av egen bil er 2,10 kroner per km. Nødvendige utgifter som påløper i forbindelse med reisen, herunder utgifter til bomvei, parkering og piggdekkavgift kan også dekkes.

 

§ 5. Fremsetting av søknaden

Søknad om reise- og flyttestønad skal fremmes for Arbeids- og velferdsetaten på det sted søkeren oppholder seg før reisen.

Søkere som kan påberope seg manglende orientering fra Arbeids- og velferdsetatens side om adgangen til å få slik stønad, kan likevel fremme søknad for Arbeids- og velferdsetaten på det nye arbeidsstedet etter at reisen er foretatt. Det samme gjelder for

a) reisestønad i forbindelse med tiltredelse på nytt arbeidssted dersom Arbeids- og velferdsetaten har formidlet søkeren fra et annet land til arbeid her i landet, og

b) flyttehjelp dersom flyttingen skjer etter at det nye arbeid ble tiltrådt.