Erklæring frå EU-formannskapet om ICRCs lokalkontor i Burma/Myanmar

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om ICRCs lokalkontor i Burma/Myanmar (05.12.06)


EU er forskrekka over å ha høyrt at regjeringa i Burma/Myanmar har beordra Den internasjonale Raude Kross-komiteen (ICRC) til å stengje dei fem lokalkontora sine i landet.

EU er svært uroa over dei verknadene denne avgjerda vil ha for den humanitære situasjonen i landet, særleg for dei mest utsette menneska. ICRC har i mange år gjeve viktig humanitær hjelp og vern til menneske i Burma/Myanmar, blant anna til folkegrupper som bur i avsides grenseområde.

EU kjem med ei sterk oppmoding til regjeringa i Burma/Myanmar om å ta avgjerda om lokalkontora til ICRC opp til ny vurdering og tillate at ICRC kan ta opp att sine humanitære operasjonar i tråd med det mandatet og oppdraget dei har. EU er overtydd om at det er avgjerande at regjeringa i Burma/Myanmar held fram med å samarbeide med dei internasjonale organisasjonane som arbeider til gagn for menneska i landet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.