Høringssvar fra Stiftelsen Kirkens Familevern
Ny Folkehelsemelding - høyringssvar
Familien er grunnsteinen i folks liv. Familien finnst i mange variantar, men uansett er det der vi utviklar våre første relasjonar og grunnleggande helsesituasjon. Trygg og stabil oppvekst er avgjerande for at barn skal få en god barndom. Dette veit vi er viktig for barns helse, både fysisk og psykisk. Det er også viktig for å hindre utanforskap, noko vi veit kan vere med på å skape uhelse. Også vaksne er avhengige av at relasjonane til dei nærmaste er opne og gode Det er viktig for foreldrefunksjonen. Å sørge for gode familieliv er derfor ei oppgave det offentlege må ta på alvor.
Stiftelsen Kirkens Famileivern vil understreke kor viktig familieverntenesta er i eit folkehelseperspektiv. Familievernet er ei gratis, statleg teneste som alle kan nytte seg av utan henvising frå andre instansar. Tenesta er korkje helseteneste eller sosialteneste, men skal hjelpe vanlege familiar med vanlege problem. I familievernet arbeider ein systemisk. Det betyr at ein jobbar med relasjonane i familien, ikkje den einskilde familiemedlemmen, men samspelet mellom dei. Kjerneverksempa er parterapi og familieterapi, men familievernet tilbyr eit breidt tilfang av terapi og kurs: kurs for nye foreldre, hjelp til å handtere samarbeidsproblem om felles barn etter skilsmisse, parkurs, veiledningskurs for kommunetilsette, sinnemestringskurs, foreldreveiledningskurs, samtalegrupper for ungdom med kjønnsinkongruens, grupper eller samtaler for dei som ikkje lenger kan ha barna hos seg, kurs for familiar nes særlege utfordringar for eksempel knytt til om ein har barn med funksjonshemmingar.
Slike terapitilbod hjelper mange familiar kvart einaste år. Viktigast er at dei får hjelp så tidleg at relasjonane ikkje utviklar seg til meir krevjande problemstillingar. Å komme tidleg inn betyr at ein kan hindre at saker må overførast til barnevernet, at valdelege situasjonar oppstår eller at det blir utvikla psykiske problem hos ein eller fleire famileimedlemmer. Ein godt fungerande familie vil truleg også lettare bety at foreldre er i arbeid og at barn fullfører utdanning. Alt dette veit vi er avgjerande for folkehelsa. I tillegg til å vere til stor hjelp for folk, er familievernet difor også ei samfunnsøkonomisk viktig teneste.
I nytt lovverk om barneverntenesta er det slått fast at kommunane har det koordinerande ansvaret for førebyggjande arbeid. Familievernet er ei slik førebygjgande tenste som bidrar til å hindre at barnevernet må gripe inn i eller overta vanskelege saker. Det er først og fremst til hjelp for det enkelte barn, men det betyr også at ressursane i barnevernet kan konsentrere seg om tyngre saker slik at dei som treng mest hjelp faktisk får det. Vi meiner at familievernet ved å komme tidleg inn i ei problemutvikling bidreg med å førebyggje auka bruk av psykisk helseteneste.
I familievernet er det både statlege kontor i regi av Bufetat, og mange kyrkjelege kontor med oppdragsavtaler med Bufdir/Bufetat. Dette tospora systemet har eksistert sidan 50-talet. Alle kontor tilbyr dei samme tenestene.Stiftelsen Kirkens Familievern har gjennom alle år vore ein tung bidragsytar til å utvikle familievernfaget. At det finnst fleire tilbydarar på fagfeltet med noko ulike ståstad, er sentralt for utviklinga av faget. Det er også nødvendig for å sikre at flest mogeleg nyttar seg av tilbodet. Frå undersøkingar veit vi at mange innvandrargrupper lettare vender seg til eit kontor med kyrkjeleg forankring enn til eit statleg kontor. Det kan vere fleire grunnar til det. Viktig kan vere at religion og tru står sterkare i nokre innvandrargrupper og at dei difor lettare finn fram til våre kontor. Ein annan grunn kan vere det er manglande tiltru til korleis eit statleg kontor vil forhalde seg til familiens problem. Noko av det samme er vurdert av Korona-kommisjonen. Der går det tydeleg fram at det offentlege hadde store vanskar med å nå fram til fleire innvandrargrupper med informasjon om pandemihandteringa, og at det er nødvendig med eit breidt kunnskapsgrunnlag for å nå fram til alle som treng det. På denne bakgrunn vil Stiftelsen Kirkens Familievern understreke at det i folkehelsearbeidet må bli lagt vekt på eit mangfald av tilbydarar av tenester for god folkehelse, og at det særleg vert lagt vekt på at ideelle verksemder får plass og mogelegheit til å utvikle gode og nye tenester. Dette er avgjerande for at folkehelsetilbodet er tilpassa alle og at det heile tida utviklar seg i takt med behovet.
På denne bakgrunn vil vi understreke at familievernet må få god plass i tenestetilbodet og at det også får ein viktig plass i Folkehelsemeldinga. Å satse på ein opptrappingsplan for familievernet framstår som menneskleg og samfunnsøkonomisk riktig og viktig.