Miljøforvaltninga på Svalbard - Instruks for arbeidsdelinga mellom Klima- og miljødepartementet sine ytre etatar, Sysselmannen og Longyearbyen lokalstyre. Delegering av myndigheit etter svalbardmiljølova med forskrifter

1. Formål

Instruksen inneheld delegering av noko av Klima- og miljødepartementet si myndigheit etter svalbardmiljølova med forskrifter. Denne nye instruksen erstattar instruks av 14. januar 2014.

Klima- og miljødepartementet gjev med dette instruks for Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren og Sysselmannen på Svalbard som departementet sine ytre etatar og regionale apparat (Sysselmannen) i miljøforvaltninga på Svalbard. Instruksen gjev retningslinjer for ei deling og koordinering av arbeidet mellom etatane og Sysselmannen som skal sikre ei effektiv miljøforvaltning på Svalbard, og ei praktisk og kostnadseffektiv løysing av miljøoppgåvene på øygruppa.

Instruksen gjeld for Longyearbyen lokalstyre i dei tilfella lokalstyret nyttar den kompetansen dei er tildelt etter svalbardmiljølova med forskrifter, jf. brev til Longyearbyen lokalstyre av 9. juli 2002 og 19. desember 2016.

2. Miljøpolitiske mål for Svalbard

Dei miljøpolitiske måla for Svalbard går fram m.a. av føremålet i svalbardmiljølova § 1 og Meld. St. nr. 32 (2015-2016) Svalbard. Etter Regjeringa si oppfatning skal Svalbard framstå blant dei best forvalta villmarksområda i verda på bakgrunn av sin unike natur- og kulturminnearv. Vidare skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt med andre interesser.

Dei miljøpolitiske føringane for miljøforvaltninga på øygruppa er konkreteiserte i form av nasjonale resultatmål og delmål for miljøforvaltninga sitt arbeid i Prop. 1 S for Klima- og miljødepartementet.

3. Overordna ansvar, styring og samarbeid

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmannen på Svalbard som regionalt apparat. Svalbard si spesielle folkerettslege stilling, administrative organisering og geografiske plassering gjer at Klima- og miljødepartementet har eit særskilt koordineringsansvar i forhold til miljøforvaltninga av øygruppa.

Klima- og miljødepartementet styrer miljøforvaltninga i samsvar med dei politiske måla Regjeringa og Stortinget har bestemt. Den som har kompetanse til å fatte vedtak, har ansvar for å konsultere Klima- og miljødepartementet før det blir fatta eit vedtak i enkelte typar saker. Dette omfattar:

  • saker som har eller kan ha politiske konsekvensar eller traktatmessige aspekt
  • saker som har eller kan ha omfattande budsjettmessige konsekvensar
  • saker som er av prinsipiell karakter eller vil kunne medføre store skader på naturmiljøet.

Kontakt med departementet i desse sakene skal skje via Hav- og forureiningsavdelinga. Departementet avgjer om andre departement skal kontaktast i saka.

Regjeringa samordnar forvaltninga av Svalbard gjennom det Interdepartementale Polarutvalet. Det er i utgangspunktet Klima- og miljødepartementet som avgjer om saker må leggjast fram for Justis- og beredskapsdepartementet/Polarutvalet. Sysselmannen og Norsk Polarinstitutt som har medlemmer i utvalet kan sjølv leggje fram saker, men bør orientere Klima- og miljødepartementet på førehand om miljøsaker dei vil leggje fram.

Styringa av etatane i miljøforvaltninga på Svalbard vil skje direkte frå Klima- og miljødepartementet gjennom årlege budsjett, tildelingsbrev og resultatrapporteringar til liks med departementet si styring av etatane sitt miljøarbeid på fastlandet. Den faglege styringa av Sysselmannen på miljøvernområdet skjer direkte frå Klima- og miljødepartementet. Styringa skjer i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet, som er administrativt overordna departement for bestillinga.

Klima- og miljødepartementet sine føringar, prioriteringar og krav er innarbeidd i eit felles tildelingsbrev for Sysselmannen saman med Justis- og beredskapsdepartementet. Direktorata skal kvart år innan ein nærare fastsett frist oversende departementet eit samordna, felles innspel til miljøforvaltningsdelen i tildelingsbrevet til Sysselmannen. Etatane skal også innan same frist gje innspel til departementet om behova sine det påfølgjande året for tenester frå Norsk Polarinstitutt.

Miljødirektoratet har særskilt ansvar for at det er rutinar for samarbeid mellom direktorata, og i forhold til Sysselmannen. Dei ytre etatane og Sysselmannen skal ikkje opparbeide unødig parallell fagleg ekspertise, dei skal i staden samarbeide og koordinere sine faglege ressursar.

Norsk Polarinstitutt og Sysselmannen er alle etablerte på Svalbard og har tilgang til ulike logistikkfunksjonar. Etatane skal koordinere sine ressursar for å oppnå ein mest mogleg effektiv bruk av statens ressursar i miljøvernarbeidet på øygruppa. Samarbeidet bør også omfatte Kystverket. I samband med dette skal etatane i den grad det synest formålstenleg, utarbeide samarbeidsavtalar som avklarar økonomiske forhold og planleggingsrutinar dei imellom.

Miljødirektoratet har koordineringsansvar for miljøforvaltninga si miljøovervaking. Dette omfattar òg kvalitetssikring og autorisasjon av offisielle norske miljødata som blir rapporterte nasjonalt og internasjonalt. Direktorata har eit sjølvstendig ansvar for at nødvendig overvaking blir gjennomført innanfor sitt eige ansvarsområde også når det gjeld Svalbard.


Samferdsledepartementet har ansvaret og myndigheita ved akutt forureining eller fare for akutt forureining etter svalbardmiljølova, jf. vedtak av 20. desember 2002 om delegering av myndigheit til Fiskeridepartementet etter forureiningslova og svalbardmiljølova ved akutt forureining eller fare for akutt forureining. Fiskeri- og kystdepartementet delegerte 21. desember 2007 sin kompetanse til Kystverket. Det følger av delegasjonsvedtaket at Kystverket kan delegere sin kompetanse vidare til Sysselmannen i enkeltsaker.

4. Fordeling av oppgåver mellom ytre etatar og delegering av myndigheit

På mange saksområde vil direktorata vere fagleg overordna, medan myndigheita til å treffe enkeltvedtak og setje i verk praktiske tiltak er lagt til Sysselmannen. Dette inneber m.a. at direktorata på sine ansvarsområde er fagleg overordna, dvs. at dei kan instruere Sysselmannen i faglege spørsmål, og i dei fleste tilfelle vil vere klageinstans for Sysselmannen sine vedtak. Ansvaret for tolking av lov og forskrifter vil i hovudsak liggje til det direktoratet som har fagansvaret på det aktuelle området. Dette gjeld ikkje forskrifter som er fastsette av Sysselmannen, i slike tilfelle har Sysselmannen ansvaret også for tolkinga. Det bør likevel presiserast at visse lovtolkingsspørsmål skal klarerast med Klima- og miljødepartementet, sjå nedanfor under Klima- og miljødepartementet om i kva for saker departementet skal konsulterast. I tillegg skal direktorata stå for fagleg godkjenning av strategidokument, forvaltningsplanar o.l. Departementet legg til grunn at direktorata si styring skjer gjennom innspel til Klima- og miljødepartementet i den ordinære styringsdialogen, dvs. gjennom innspel til tildelingsbrevet til Sysselmannen og det årlege samrådsmøtet mellom direktorata og Sysselmannen.

I denne instruksen er den nærare fordelinga av oppgåver og delegering av myndigheit inndelt etter etat. Det vil bli gjort greie for dei ulike arbeidsoppgåvene, fordelt ansvar for fellesoppgåver og presisert kva som ligg i dei ulike etatane sitt hovudansvar. Når det gjeld delegering, vil vi for ordens skuld presisere at det er Klima- og miljødepartementet si myndigheit som blir delegert. På dei områda der det tidlegare er delegert myndigheit til etatane etter regelverket frå før 2001 som framleis er gjeldande, er det ingen endring i ansvarsfordelinga.

Svalbardmiljølova § 4 andre ledd slår fast at "Myndighet som i loven er lagt til et underordnet organ, kan utøves av en overordnet miljøvernmyndighet når det anses påkrevd." Dette er i samsvar med alminnelege forvaltningsrettslege prinsipp og inneber at departementet kan utøve kompetanse på område der myndigheita i utgangspunktet er lagt til Sysselmannen eller eit direktorat, og tilsvarande at det relevante direktoratet kan utøve myndigheit som i utgangspunktet ligg hos Sysselmannen. I tråd med alminnelege forvaltningsrettslege prinsipp kan overordna myndigheit som hovudregel òg delegere sin kompetanse til underordna myndigheit der dette synast å vere formålstenleg.

Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet vil ha eit fagansvar for saker som blir behandla etter svalbardmiljølova kapittel VI Arealplanlegging i planområda.

Når det gjeld inngrepssaker, vil det i første rekke vere tale om saker om terrenginngrep. Ansvaret for inngrepssaker vil liggje hos Sysselmannen som i hovudsak avgjer saka i første instans. Klima- og miljødepartementet vil likevel kunne utøve kompetansen som er lagt til Sysselmannen etter svalbardmiljølova § 57 første ledd a i saker der det er påkrevd, jf. svalbardmiljølova § 4 andre ledd. Det vil t. d. vere tilfellet i saker som er av politisk eller prinsipiell karakter eller gjeld inngrep som kan gjere vesentleg skade på miljøet. Departementet si behandling av ein evt. klage vil skje i nært samarbeid med det relevante direktoratet.

Miljøvernmyndigheit

Klima- og miljødepartementet vil utøve kompetansen som er lagt til miljøvernmyndigheita i svalbardmiljølova i følgjande tilfelle:

  • § 57 første ledd a Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan i saker som er av politisk eller prinsipiell karakter eller gjeld inngrep som kan gjere vesentleg skade på miljøet

Klageinstans

Klima- og miljødepartementet er klageinstans i dei tilfella Sysselmannen har fatta eit enkeltvedtak i medhald av:

Svalbardmiljølova:

  • § 52 andre ledd Vedtaking av arealplan for andre planområde enn Longyearbyen
  • § 54 Mellombels forbod mot verksemd og frådeling for andre planområde enn Longyearbyen
  • § 57 første ledd bokstav a Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan i saker der kompetansen ikkje ligg til KLD
  • § 57 tredje ledd, jf 1. ledd bokstav a og bokstav d Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan
  • § 58 tredje ledd bokstav a og bokstav d Verksemd i planområde med godkjend plan
  • § 58 fjerde ledd Verksemd i planområde med godkjend plan
  • § 59 tredje og fjerde ledd, jf. § 57 første ledd bokstav a, bokstav b i større forureiningssaker, og bokstav d. Jf. § 58 tredje ledd bokstav a og bokstav d Særskilt konsekvensutgreiing
  • § 60 andre ledd, tredje pkt. Bruk av særskilt konsekvensutgreiing på KLD sitt fagområde
  • § 63 Endring, omgjering og bortfall i inngrepssaker
  • § 64 fjerde ledd Opprydding, jf. § 57 første ledd bokstav a, bokstav b i større forureiningssaker og bokstav d
  • § 89 Opplysingsplikt på KLD sitt fagområde
  • § 90 første ledd Gransking på KLD sitt fagområde
  • § 91 Pålegg om undersøking KLD sitt fagområde
  • § 93 Gjenoppretting på KLD sitt fagområde
  • § 96 Tvangsmulkt på KLD sitt fagområde
  • § 96a Overtredelsesgebyr på KLD sitt fagområde
  • § 97 første og tredje ledd Direkte gjennomføring på KLD sitt fagområde

Forskrift om konsekvensutgreiingar og avgrensing av planområda på Svalbard:

  • § 3 fjerde ledd
  • § 9

Klima- og miljødepartementet er klageinstans i dei tilfella Riksantikvaren fattar enkeltvedtak i medhald av svalbardmiljølova:

  • § 22 Dispensasjon frå vernevedtak
  • § 39 fjerde ledd Freda kulturminne
  • § 39 sjette ledd om kva som er automatisk freda fast eller laust kulturminne, og opphevingsvedtak
  • § 43 andre punktum Eigedomsrett for freda lause kulturminne
  • § 44 første og andre ledd Tiltakshavaren sine særlege plikter for å verne kulturminne
  • § 45 første, andre og fjerde ledd Undersøkingar, skjøtsel og vedlikehald
  • § 46 tredje ledd Utføring og tilbakeføring av kulturminne
  • § 57 første ledd bokstav d Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan
  • § 57 tredje ledd, jf første ledd d Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan

Klima- og miljødepartementet er klageinstans i dei tilfella Miljødirektoratet fattar enkeltvedtak i medhald av:

Svalbardmiljølova:

  • § 14 Mellombels vern
  • § 22 Dispensasjon frå vernevedtak
  • § 26 Innføring av flora eller fauna m.v.
  • § 27 Utsetjing og flytting av organismar
  • § 57 første ledd bokstav b i større forureiningssaker Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan
  • § 57 tredje ledd, jf 1. ledd b større forureiningssaker
  • § 65 andre ledd i større forureiningssaker
  • § 70 Akutt forureining – beredskap og varsling.

Forskrift om miljøgifter, avfall og gebyr for avløp av avfall på Svalbard:

  • § 5 andre ledd

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har følgjande hovudoppgåver på Svalbard:

  • artsforvaltning
  • forvaltning av verneområda
  • ferdsel
  • turisme/friluftsliv
  • forureining/utslepp
  • avfallshandtering

For desse områda delegerer Klima- og miljødepartementet myndigheita til å instruere Sysselmannen til Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har i utgangspunktet ansvaret for all artsforvaltning på Svalbard, m.a. vilt- og innlandsfiskeforvaltning, forskriftsarbeid og behandling av klager på vedtak fatta av Sysselmannen. Forvaltningsansvaret gjeld ikkje for saltvassfisk, krepsdyr og sjøpattedyr med mindre desse er verna med heimel i svalbardmiljølova § 12 (i verneområde) eller det gjeld spørsmål om utsetjing, flytting, kultiveringstiltak og innføring jf §§ 26 og 27. Norsk Polarinstitutt vil vere direktoratet sin faglege rådgjevar i artsforvaltninga. Miljødirektoratet har kompetanse til å skrive ut CITES lisensar på Svalbard i medhald av forskrift til gjennomføring av konvensjon 3. mars 1973 om internasjonal handel med trua artar av vill flora og fauna (CITES) 15. november 2002 nr. 1276.

I verneområdeforvaltninga har Miljødirektoratet ansvaret for godkjenning av forvaltningsplanar utarbeidd av Sysselmannen med bistand frå Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren. Vidare skal Miljødirektoratet behandle klager på vedtak fatta av Sysselmannen, og utarbeide forslag til forskrifter. Sysselmannen førebur saker om verneområda for Miljødirektoratet, inkludert forslag til nye verneområde.

Miljødirektoratet har ansvaret for forvaltning av ferdsel i miljøsamanheng, m.a. behandling av klager på vedtak fatta av Sysselmannen.

Miljødirektoratet sitt ansvar for turisme og friluftsliv omfattar i hovudsak godkjenning av strategiske planar og andre plandokument utarbeidd av Sysselmannen. Sysselmannen har ansvaret for den praktiske oppfølginga av planane. Aktivitetar knytt til turisme og friluftsliv gjeld særleg ferdsel, forsøpling, leiropphald, hytter og liknande.

Miljødirektoratet har eit fagleg ansvar for forvaltning av reglane i svalbardmiljølova kap. VII som gjeld forureining og avfall, og forvaltning av forskrift om miljøgifter, avfall og gebyr for avløp og avfall på Svalbard. Miljødirektoratet sin kompetanse etter svalbardmiljølova § 57 første ledd b gjeld berre i større forureiningssaker. Dette er saker som gjeld tiltak av eit slikt omfang at utslepp/forureining vil eller kan bli betydeleg, dvs. at utsleppa/forureininga vil ha eit betydeleg omfang og skadepotensial. Vidare kan Miljødirektoratet utøve Sysselmannen sin kompetanse etter svalbardmiljølova § 58 tredje ledd b der det er påkrevd, jf. svalbardmiljølova § 4 andre ledd. Miljødirektoratet utøver tilsyn etter forskrifter fastsett i medhald av produktkontrollova.

Myndigheit til å instruere Sysselmannen innanfor direktoratet sitt saksområde omfattar i tillegg fagleg rettleiing og informasjon til dei tilsette hos Sysselmannen som utfører desse oppgåvene. Miljødirektoratet har ikkje kompetanse til å instruere Sysselmannen i enkeltsaker på dette området.

Miljøvernmyndigheit

Miljødirektoratet skal utøve kompetansen som er lagt til miljøvernmyndigheita i svalbardmiljølova i følgjande tilfelle:

  • § 22 Dispensasjon frå vernevedtak i dei tilfella det er tale om å dispensere frå vedtak fatta av Miljødirektoratet, inkludert vedtak om mellombels vern etter § 14
  • § 27 Utsetjing og flytting av organismar m.v.
  • § 57 første ledd bokstav b Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan. Kompetansen gjeld berre i større forureiningssaker
  • § 65 andre ledd Alminnelege reglar om forureining. Kompetansen gjeld berre i større forureiningssaker. Kompetansen gjeld ikkje i den utstrekning det har oppstått akutt forureining, jf. § 70 første ledd, eller fare for akutt forureining.

Delegering til Miljødirektoratet

Klima- og miljødepartementet delegerer med dette, og i samsvar med det som er sagt ovanfor, si myndigheit etter følgjande føresegner til Miljødirektoratet:

Svalbardmiljølova:

  • § 14 Mellombels vern
  • § 26 Innførsel av flora eller fauna mv.
  • § 70 første ledd Akutt forureining – beredskap og varsling

Klageinstans

Miljødirektoratet skal vere klageinstans i dei tilfella Sysselmannen fattar enkeltvedtak i medhald av:

Svalbardmiljølova:

  • § 30 femte og sjette ledd Kva faunafredinga inneber
  • § 31 Alminnelege reglar om hausting
  • § 32 Retten til hausting
  • § 34 Avliving etter særskilt løyve
  • § 37 Unntak
  • § 57 første ledd bokstav b i mindre forureiningssaker Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan
  • § 57 tredje ledd, jf 1. ledd bokstav b mindre forureiningssaker
  • § 57 første ledd bokstav c, f og g Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan
  • § 57 tredje ledd, jf 1. ledd bokstav c, f og g
  • § 58 tredje ledd bokstav b Verksemd i planområde med godkjend plan
  • § 58 tredje ledd bokstav c i saker som gjeld påverknad av naturmiljøet Verksemd i planområde med godkjend plan
  • § 59 tredje og fjerde ledd, jf. § 57 første ledd bokstav c, f og g. Jf. § 58 tredje ledd c i saker som gjeld påverknad av naturmiljøet Særskilt konsekvensutgreiing
  • § 59 tredje og fjerde ledd, jf. § 57 første ledd b i mindre forureiningssaker. Jf. § 58 tredje ledd b
  • § 60 andre ledd, tredje pkt. Bruk av særskilt konsekvensutgreiing på Miljødirektoratet sitt fagområde
  • § 63 Endring, omgjering og bortfall av løyve på Miljødirektoratet sitt fagområde
  • § 64 andre, fjerde og sjette ledd Opprydding
  • § 65 andre ledd i mindre forureiningssaker
  • § 69 Tilknytingsplikt til avløpsanlegg og driftsansvar
  • § 71 første og femte ledd Avfall
  • § 74 Forbod mot særleg belastande ferdselsformer
  • § 75 Ferdselsrestriksjonar i særlege område på Miljødirektoratets fagområde
  • § 80 bokstav b Motorferdsle i terrenget på barmark
  • § 81 første ledd bokstav c Motorferdsel i terrenget og på snødekt mark
  • § 82 første ledd Motorferdsel i vassdrag og sjø
  • § 83 andre ledd Bruk av luftfarty
  • § 85 tredje ledd Rett til å eige eller leige hytter
  • § 89 Opplysingsplikt på Miljødirektoratet sitt fagområde
  • § 90 første ledd Gransking på Miljødirektoratet sitt fagområde
  • § 91 Pålegg om undersøking på Miljødirektoratet sitt fagområde
  • § 93 Gjenoppretting på Miljødirektoratet sitt fagområde
  • § 96 Tvangsmulkt på Miljødirektoratet sitt fagområde
  • §96a Overtredelsesgebyr på Miljødirektoratet sitt ansvarsområde
  • § 97 første og tredje ledd Direkte gjennomføring på Miljødirektoratet sitt fagområde

Forskrifter:

  • Forskrift om motorferdsel på Svalbard §13
  • Forskrift om hausting på Svalbard §§ 8, 8a, 11, 12,13, 17, 28 b, 30
  • Forskrift om leiropphald på Svalbard § 3
  • Forskrift om bandtvang for hund på Svalbard §§ 2, 4 og 5
  • Forskrift om miljøgifter, avfall og gebyr for avløp og avfall på Svalbard: § 5 tredje ledd, § 7 andre ledd, § 8 andre ledd, § 9 fjerde ledd, § 11 første, andre og tredje ledd og § 17.
  • Forskrift om større naturvernområder og fuglereservater på Svalbard videreført fra 1973
  • Forskrift om freding for Moffen naturreservat på Svalbard 2. juni 1983 nr. 1029 VI
  • Forskrift om freding av Bjørnøya naturreservat på Svalbard 16. august 2002 nr. 903 § 12 bokstav a, b og c § 13
  • Forskrift om freding av Festningen geotopvernområde på Svalbard 26. september 2003 § 6
  • Forskrift om freding av Sassen-Bünsow Land nasjonalpark på Svalbard 26. september 2003 § 6
  • Forskrift om freding av Ossian Sars naturreservat 26. september 2003 § 6
  • Forskrift om freding av Nordre Isfjorden nasjonalpark på Svalbard 26. september 2003 § 6
  • Forskrift om freding av Nordenskiöld Land nasjonalpark på Svalbard 26. september 2003 § 6
  • Forskrift om freding av Hopen naturreservat på Svalbard 26. september 2003 § 6

Miljødirektoratet skal og vere klageinstans i dei tilfella Longyearbyen Lokalstyre fattar enkeltvedtak i medhald av:

  • Forskrift om miljøgifter, avfall og gebyr for avløp og avfall på Svalbard § 8 andre ledd, § 9 fjerde ledd og § 17 innanfor Longyearbyen arealplanområde.

Riksantikvaren

Riksantikvaren har det overordna faglege ansvaret for kulturminnevernet på Svalbard, jf. svalbardmiljølova kap.V Kulturminne. Riksantikvaren er vidare rådgjevar for dei andre ytre etatane i saker som gjeld kulturminneinteresser på Svalbard. Riksantikvaren har også instruksjonsmyndigheit ovanfor Sysselmannen i kulturminnesaker. Dette inneber m.a. eit ansvar for fagleg opplæring og rettleiing av dei tilsette hos Sysselmannen. Instruksjonsmyndigheita gjeld ikkje enkeltsaker.

Sysselmannen står for det daglege forvaltnings- og vernearbeidet, og førebur saker for Riksantikvaren i fredings- og dispensasjonssaker.

Miljøvernmyndigheit

Riksantikvaren skal utøve kompetansen som er lagt til miljøvernmyndigheita i svalbardmiljølova i følgjande tilfelle:

  • § 22 Dispensasjon frå fredingsvedtak i dei tilfella det er tale om å dispensere frå vedtak fatta av Riksantikvaren
  • § 57 første ledd bokstav d Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan, jf. § 44, 2.ledd.

Klageinstans

Riksantikvaren er klageinstans for vedtak fatta av Sysselmannen i medhald av:

Svalbardmiljølova:

  • § 22 Dispensasjon frå eit mellombels fredingsvedtak etter § 40
  • § 39, tredje ledd Freda kulturminne
  • § 40 Mellombels fredingsvedtak
  • § 42, andre og tredje ledd Innhaldet av fredinga
  • § 44 tredje ledd, andre punktum Tiltakshavar sine særlege plikter for å verne kulturminne
  • § 58 tredje ledd bokstav c i saker som gjeld kulturminne Verksemd i planområde med godkjend plan
  • § 59 tredje og fjerde ledd, jf. § 58 tredje ledd bokstav c i saker som gjeld kulturminne
  • § 60 andre ledd, tredje pkt. Bruk av særskilt konsekvensutgreiing på RA sitt fagområde
  • § 63 Endring, omgjering og bortfall av løyve på RA sitt fagområde
  • § 75 Ferdselsrestriksjonar i særlege område på RA sitt fagområde
  • § 89 Opplysingsplikt på RA sitt fagområde
  • § 90 første ledd Gransking på RA sitt fagområde
  • § 91 Pålegg om undersøking på RA sitt fagområde
  • § 93 Gjenoppretting på RA sitt fagområde
  • § 96 Tvangsmulkt på RA sitt fagområde
  • §96a Overtredelsesgebyr på RA sitt ansvarsområde
  • § 97 første og tredje ledd Direkte gjennomføring på RA sitt fagområde

Forskrifter:

  • Forskrift om områdefreding og ferdselsregulering i Virgohamna på Svalbard 3. mai 2000 nr. 526 III § 2.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt sitt ansvar på Svalbard er økologisk og fysisk kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking på biologiske og fysiske forhold. Når det gjeld ansvarsfordelinga knytt til overvaking av Svalbard, viser vi til dei generelle merknadene under pkt. 3 ovanfor. Instituttet er den sentrale faglege og strategiske rådgjevaren i miljøsaker på Svalbard. Dette inneber m.a. at instituttet skal frambringe og tilretteleggje miljøfagleg kunnskap som grunnlag for vidare utvikling av verkemiddel og tiltak i miljøforvaltninga på Svalbard, og for Miljødirektoratet og Sysselmannen si løpande forvaltning, og saksbehandling på miljøområdet på grunnlag av etatane sine definerte kunnskapsbehov. NP skal som feltoperatør og støtteapparat yte hjelp til miljømyndigheitene.

Sysselmannen

Sysselmannen har ansvaret for det daglege forvaltnings- og tilsynsarbeidet innan heile miljøsektoren på Svalbard, dvs. innan m.a. områdevern, artsforvaltning, kulturminne, naturinngrep og forureining, ferdsel og arealplanlegging der ansvaret ikkje er delegert til Longyearbyen lokalstyre. Dette inneber m.a. at det vil vere Sysselmannen som har ansvaret for den praktiske oppfølginga av strategiske planar og andre plandokument.

Sysselmannen har i svalbardmiljølova § 63 fått kompetanse til å endre eller trekke tilbake "en tillatelse etter denne lov eller vilkårene for den…" Kompetansen kan òg utøvast av Klima- og miljødepartementet eller direktorata på deira fagområde dersom det er påkrevd, jf. svalbardmiljølova § 4 andre ledd. I tillegg kjem den kompetansen organa har til å omgjere sine eigne vedtak etter reglane i forvaltningslova. I dei tilfella der Sysselmannen vurderer å bruke sin kompetanse etter § 63 til å omgjere eit vedtak fatta av eit overordna organ, bør ei evt. omgjering skje i samråd med vedkomande organ.

Sysselmannen skal, så langt det let seg gjere, sende kopi av sine vedtak til det direktoratet som har fagansvar på området.

Miljøvernmyndigheit

Sysselmannen skal utøve kompetansen som er lagt til miljøvernmyndigheita i svalbardmiljølova i følgjande tilfelle:

  • § 22 Dispensasjon frå mellombels fredingsvedtak etter § 40
  • § 57 bokstav a i saker der kompetansen ikkje er lagt til Miljøverndepartementet, bokstav b i mindre forureiningssaker, bokstav c, bokstav f og bokstav g Krav om løyve utanfor planområde og i planområde utan godkjend plan
  • § 65 andre ledd Alminnelege reglar om forureining Kompetansen gjeld berre i mindre forureiningssaker. Kompetansen gjeld ikkje i den utstrekning det har oppstått akutt forureining, jf. § 70 eller fare for akutt forureining.

Delegering til Sysselmannen

Klima- og miljødepartementet delegerer med dette, og i samsvar med det som er sagt ovanfor sin kompetanse etter:

Svalbardmiljølova:

  • § 54, tredje punktum Mellombels forbod mot verksemd og frådeling
  • § 69 andre punktum Tilkytingsplikt til avløpsanlegg og driftsansvar

Klageinstans

Sysselmannen er klageinstans i dei tilfella Longyearbyen lokalstyre fattar enkeltvedtak i medhald av svalbardmiljølova:

  • § 52 andre ledd, jf. fjerde ledd Vedtaking av plan for Longyearbyen arealplanområde
  • § 54 Mellombels forbod mot verksemd og frådeling
  • § 69 Tilknytingsplikt til avløpsanlegg og driftsansvar.

Longyearbyen lokalstyre

Instruksen gjeld for Longyearbyen lokalstyre i dei tilfella lokalstyret nyttar den kompetansen som dei har fått tildelt etter svalbardmiljølova, jf. brev til Longyearbyen lokalstyre av 9. juli 2002. Dette inneber at lokalstyret skal leggje til grunn dei miljøpolitiske måla for Svalbard som er nemnde i instruksen punkt 2 som retningslinjer for utøvinga av den kompetansen lokalstyret er tildelt etter svalbardmiljølova med forskrifter.

I brev av 9. juli 2002 fekk Longyearbyen lokalstyre tildelt kompetanse etter følgjande føresegner i svalbardmiljølova:

  • § 48 Ansvar for utarbeiding av arealplan for Longyearbyen arealplanområde
  • § 52 første og andre ledd Vedtaking av planen for Longyearbyen arealplanområde
  • § 54 Mellombels forbod mot verksemd og frådeling for Longyearbyen arealplanområde
  • § 58 første ledd Verksemd i planområde med godkjend plan for Longyearbyen arealplanområde
  • § 69 første punktum Tilkytingsplikt til avløpsanlegg og driftsansvar for Longyearbyen arealplanområde
  • § 72 første ledd Avløps- og avfallsgebyr m.v. for Longyearbyen arealplanområde

Vidare blei departementet sin kompetanse etter §§ 15 og 17 i forskrift om miljøgifter, avfall og gebyr for avløp og avfall på Svalbard delegert til Longyearbyen lokalstyre når det gjeld Longyearbyen arealplanområde. Longyearbyen lokalstyre har også fått delegert kompetanse etter forskrift om miljøgifter, avfall og gebyr for avløp og avfall på Svalbard §§ 8 andre ledd og 9 fjerde ledd innanfor Longyearbyen arealplanområde i brev av 19.12.2016.

5. Avslutning

Delegasjonen av kompetanse etter svalbardmiljølova med forskrifter tek til å gjelde 1. januar 2017.