Høringssvar fra Høgskulen i Volda
Innspel til stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet frå Høgskulen i Volda
Innspel til stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet
Vi takkar for anledninga til å kome med innspel til den komande stortingsmeldinga om internasjonal studentmobilitet. I svaret vil vi først gjere kort greie for korleis arbeidet med internasjonalisering og studentmobilitet er organisert ved Høgskulen i Volda og deretter svare på spørsmåla som vart stilt i brevet frå departementet.
Høgskulen i Volda (HVO) er ein av dei mindre statlege høgskulane med om lag 4000 studentar og ca. 330 fagleg og administrativt tilsette. Internasjonaliseringsarbeidet ved HVO er i høg grad sentralisert til Internasjonalt kontor (i Studieadministrasjonen) som har 3 fulltidsstillingar samt 3 studentmedarbeidarar knytt til den internasjonale møteplassen «Pangaia». I tillegg er det ein Internasjonalt koordinator i 25% stilling ved dei fire avdelingane, som har jamn kontakt med Internasjonalt kontor og fungerer som bindeledd opp mot fagmiljøa. HVO har også eit Internasjonalt utval, eit rådgjevande og strategisk organ, med medlemmer frå avdelingane, Studentsamskipnaden, Studentparlamentet og leiinga ved HVO.
HVO sender årleg ut 100-150 studentar på utveksling over 3 md. og tek tilsvarande i mot 150-200 innreisande utvekslingsstudentar. Sidan så mange av våre studentar er på nett-, deltids-, og halvårs- og årsstudie, og berre studentar på gradsprogram kan reise på utveksling, så er likevel HVO sin utvekslingsandel svært høg. Av kandidatar som fullfører ein Bachelor- eller Mastergrad frå HVO har 20-25% utveksla i løpet av studia. Studentmobilitet over 3 md., samt utveksling gjennom Erasmus+ programmet, vert administrert frå Internasjonalt kontor. Medan kortare utanlandsopphald (studieturar, feltarbeid, etc.) og praksis i utlandet vert koordinert av avdeling/institutt/studieprogram.
HVO har eit høgt aktivitetsnivå innan internasjonalisering og studentmobilitet, men vi har også våre utfordringar. Ei hovudutfordring har vore at Internasjonalt kontor ikkje klarer å ha nok kontakt med fagtilsette og studentar som ikkje allereie er aktivt interessert i internasjonalisering. Dette prøver vi no å endre gjennom å legge inn eit årleg møte om internasjonalisering i årshjulet til alle institutta/seksjonar ved HVO. Dette i tillegg til informasjonsmøter om utveksling i alle studieprogram som vi allereie har tradisjon for. Slik vi ser det, vil faste møter med fagmiljøa vere av stor verdi fordi det er dei fagtilsette vi må nå ut til for å skape ein kultur for internasjonalisering og det er ikkje minst fagmiljøa vi må jobbe opp mot for å få til gode strukturar for internasjonalisering i programplanane.
Svar på spørsmål frå departementet
1. Ambisjon og kulturendring:
Vi meiner at dei fem faktorane statsråden listar opp som føresetnader for ei kulturendring er riktige. Spesielt det første punktet; at internasjonalisering og studentmobilitet må integrerast tettare i det strategiske arbeidet for kvalitet og relevans i utdanningane. Vår erfaring er at i dei tilfella der både fagmiljø og Internasjonalt kontor motiverer studentar til å reise ut, så vert mobilitetstala mykje høgare.
Dette leiar oss også til ein annan viktig faktor som statsråden nemner; at alle instansar på institusjonane må bidra til ei kulturendringa for internasjonalisering og utveksling. Vi meiner at ein nøkkel for å få til dette er at ein ikkje utelukkande fokuserer på studentmobilitet over 3 månader. Ved i større grad å motivere til, synleggjere og belønne andre former for internasjonalisering kan ein få sterkare momentum for ei slik kulturendring. Ved andre former for internasjonalisering tenker vi då på kortare mobilitetsopphald (studieturar, konferansar/workshops), praksisperiodar i utlandet av ulike varigheit, internasjonale gjesteførelesarar, osb. Slike former for internasjonalisering er ofte enklare å knytte direkte til utdanninga og vil gjere det meir naturleg å inkorporerer erfaringa frå utlandet inn i undervisninga heime. Vi ser også at fagtilsette føler meir eigarskap til desse formene for internasjonalisering enn tradisjonell studentmobiliteten, der ein lett oppfattar det som om studenten «tek ei pause» frå utdanninga under utveksling.
Kortvarig mobilitet tidleg i utdanningsløpet trur vi også vil inspirere studentar til lengre utvekslingsopphald seinare i utdanninga. HVO meiner difor det er uheldig at det er få støtteordningar som finansierer kortare mobilitetsopphald og at gratisprinsippet for høgare utdanning vert vurdert slik at studieturar til utlandet vert mindre vanleg.
Om det er ein faktor som ikkje er nemnd i brevet, så er det ressurssituasjonen. Dersom ein skal doble eller tredoble internasjonal studentmobilitet, så vil det vere eit klart behov for styrka økonomi og bemanning både administrativt og fagleg for å administrere og kvalitetssikre studentmobilitet. Ei sterk auke i talet på utreisande studentar vil føre til behov for inngåing og vedlikehald av fleire utvekslingsavtalar, auka tidsbruk på kvalitetssikring og oppfølging av studentar i utlandet, fleire ulykker og kriser som oppstår knytt til studentar i utlandet og auka arbeidsmengd knytt til emnegodkjenning og innpassing. Spesielt ressurskrevjande vert det å auke studentmobilitet frå rammeplanstyrte utdanningar og andre studieprogram med strenge krav til kva emne som kan godkjennast.
2. Utgåande studentmobilitet:
Ved HVO arbeider vi med utgåande studentmobilitet på seksjon/institutt-nivå (studieprogram) og i Fellesadministrasjonen (Internasjonalt kontor). Bindeleddet mellom desse nivåa er Internasjonalt koordinator på kvar avdeling. Denne modellen fungere godt ettersom det sikrar eit nivå med spesialkompetanse i form av Internasjonalt kontor, men samtidig eit nivå som er nærare studentar og tilsette i form av Internasjonal koordinator på avdelinga og programansvarleg/seksjonsleiar. Som tidlegare nemnt, vil vi ytterlegare styrkje koordineringa av internasjonaliseringsaktiveten på HVO ved å innføre faste, årlege møter mellom Internasjonalt kontor og seksjonar/institutt.
Hovudutfordringa for å auke utreisande studentmobilitet er struktur og oppbygging i studieprogramma. Mange studieprogram har obligatoriske emne i same semester som studentane kan velje utveksling og i mange tilfelle har det blitt utvikla ein streng praksis for vurdering av korleis obligatoriske emne og andre aktivitetar (t.d. praksis) kan verte erstatta i utlandet. Studentmobilitet vil alltid vere assosiert med ei viss grad av usikkerheit. Studentane vil måtte vente på resultat av nominasjon, emneoppmelding ved partnaruniversitet i utlandet kan ta tid, timeplanskollisjonar for emne vert ofte ikkje oppdaga før ved semesterstart, osb. Vi trur at mange studentar vel bort utveksling fordi dei er usikre på om dei vil få emna frå utlandet godkjend og fordi fagmiljøet ikkje oppmodar studentar om å reise ut ettersom også fagtilsette er redd for at studentane skal ta emne som ikkje kan godkjennast.
I studieprogram der studentane kan ta valfri del av utdanning i sitt utvekslingssemester ser vi klart høgare mobilitetstal. Eit godt eksempel er Bachelor i journalistikk ved HVO som har valfrie emne i 3. semester og der meir enn 50% av studentane har reist på utveksling over dei siste 5 åra. For å kunne nå målsetninga om auka studentmobilitet, trur vi det er behov for at departementet legg føringar for at utvekslingsvindauget i studieprogramma må vere knytt til valfri del (der det er mogleg) og at institusjonane vert sterkt oppmoda til å skape ein fleksibel praksis for fagleg godkjenning.
3. Innkomande studentmobilitet:
Innkomande studentmobilitet er på mange måtar enklare å styre. Dersom vi aukar talet på utvekslingsavtalar og engelskspråklege emne kan vi forvente ei auke i innreisande utvekslingsstudentar. Ved HVO ser vi at talet på innreisande utvekslingsstudentar har auka jamt sidan 2005, medan talet på utreisande studentmobilitet har halde seg meir stabilt. Dei siste åra har vi teke i mot 100-150 nye internasjonale utvekslingsstudentar, samt 30-50 internasjonale studentar på heile grader. Vi meiner det er eit passeleg nivå for HVO som gjer at vi har eit internasjonalt og spanande campus.
Utfordringar for innreisande studentmobilitet er å utvikle og halde på eit variert engelskspråkleg emnetilbod på tvers av fagområder. Utvikling og drift av engelskspråklege emne utgjer ofte ein ekstrakostnad for fagmiljøa og vi manglar nasjonale støtteordningar for dette, noko som betyr at ved HVO har ein brukt interne midlar for å gi insentiv til oppretting av engelskspråklege emne. I internasjonaliseringa sin barndom var det vanleg å opprette engelske emne som berre retta seg mot internasjonale studentar, og vi har hatt ei utfordring knytt til å fase ut slike emne og utvikle engelskspråklege emne som rekrutterer både lokale og internasjonale studentar.
Det er også ei utfordring for HVO at vi får færre og færre studentar frå land utanfor Europa som følgje av strengare immigrasjonsregelverk og nedlegginga av Kvoteprogrammet. Vi jobbar no med målretta tiltak for å auke talet på internasjonale studentar frå land utanfor EU/EØS og ser at det hadde vore veldig positivt om ein kunne redusere kostnaden ved søknad og fornying av studentopphaldsløyve. Det er også ynskjeleg med stipendprogram for studentar frå t.d. BRICS-land for å auke utveksling til/frå strategisk viktige samarbeidsland utanfor Europa.
Eksempel på vellykka tilnærming til innkomande studentmobilitet ved HVO er den tette oppfølginga og gode sørvisen vi tilbyr til internasjonale studentar. Vi er svært stolt over arbeidet vi legg ned for å ivareta og integrere internasjonale studentar, spesielt gjennom «Pangaia», vår internasjonale møteplass på campus som også arrangerer ulike sosiale aktivitetar. Pangaia samarbeider tett med Fadderveka og Studentparlamentet for å skape møteplassar for internasjonale og lokale studentar.
4. Strategisk samarbeid:
Ved HVO har gjer vi kontinuerleg revisjon av vår utanlandske avtaleportefølje. Avtalar vert først og fremst vurdert ut i frå reelle moglegheiter for studentutveksling og fagleg samarbeid. Dernest ser vi på strategisk og geografisk verdi av partnarinstitusjonen. Vi har erfart at det viktigaste ved utvekslingsavtalar ofte ligg på detaljnivå: kva emne vert tilbydt på engelsk, i kva semester, med kva førkunnskapskrav – og kva emne vil studentar ved partnaruniversitet ta hos oss? I mange tilfelle fungerer ikkje avtalane fordi semesterdatoar eller emnetilbodet ikkje gjer studentutveksling attraktivt, og då må vi i nokre tilfelle terminere avtalar med elles fagleg sterke universitet.
Hovudutfordringa med utvekslingsavtalar er å få student- og tilsettmobilitet til å vere balansert. Grovt forenkla kan ein sei at norske studentar som oftast vel utveksling til Storbritannia, Australia, USA, medan vi får flest studentar inn frå Tyskland, Frankrike og Nederland. Vi prøver difor å fokusere på avtalar som kan gi balansert utveksling, og har t.d. lukkast med å få fleire innreisande studentar frå Storbritannia og har i det siste jobba for å få til gjensidig utveksling med danske partnaruniversitet.
Det er også ei utfordring å utvikle partnarskap som kombinerer forskingssamarbeid og studentutveksling. I den grad avtalar inneheld begge former for samarbeid, er det ikkje dermed sagt at desse to komponentane spelar på kvarandre. Forskingssamarbeid har tradisjonelt vore basert på personlege kontaktar og føl forskaren meir enn institusjonen han/ho jobbar ved. Derimot har det i seinare tid vore fokusert meir på forskargrupper og forankring av forskingssamarbeid i institutt/seksjonar, noko som no gjer det meir institusjonalisert og dermed lettare let seg kople med studentutveksling. Igjen er det kanskje lettare å knytte kortare mobilitet til fagleg samarbeid, t.d. gjennom å sende både tilsette og studentar på konferansar/ workshops i utlandet. Ved HVO ser vi spesielt verdien av Erasmus+ tilsettstipend som vi brukar målretta for å kople student- og tilsett-utveksling til same institusjonar i utlandet.
5. Nasjonale tiltak og regelverk:
Vi trur det er behov for enkelte nasjonale tiltak for å få til denne kulturendringa departementet viser til. Som tidlegare nemnt, meiner vi det er viktig å ikkje berre synleggjere og finansiere utveksling over 3 månader. Vi trur at mange fagtilsette vil kjenne meir eigarskap og sjå meir verdi i kortare mobilitetsopphald og andre former for internasjonalisering, noko som på sikt kan auke forståinga av at også lengre mobilitetsopphald er verdifulle.
Vi trur ikkje at dei fleste studentar vel bort utveksling på grunn av finansielle problem eller usikkerheit, då vi kan tilby eit vidt spekter av avtalar med og utan ekstra stipend (t.d. Erasmus+). Men vi trur det vil påverke studentmobilitet negativt om ein innfører endringar i Lånekasse-støtte slik at omgjering av lån til stipend vil vente til fullført grad. Studentar som reiser på utveksling har ofte dei høgste låna og vil kanskje vegre seg for å ta opp store lån på eit tidspunkt der dei ikkje veit om dei vil fullføre graden.
Som nemnt tidlegare er eit hovudproblem at mange studieprogram krev at studentane erstattar obligatoriske emne under utveksling. Ein effektiv måte å auke studentutvekslinga på vil difor vere å krevje at studieprogram (der det er mogleg) skal legge mobilitetsvindauget til semester der ein elles har valfrie emne. Eventuelt, kan ein sjå for seg å etablere eit Bachelor Honors system der studentar får ein honorsgrad dersom dei fullfører eit obligatorisk studieår i utlandet (graden vert då 4-årig).
Eit anna tiltak kan vere å etablere nasjonale forum for studentutveksling der fagleg og administrativt tilsette ved ulike institusjonar kan lære av kvarandre. Vi har allereie etablerte møteplassar og konferansar t.d. arrangert av Diku, men vi har ikkje forum for studentmobilitet knytt til spesifikke fagområder eller studieprogram.
Vi meiner også at departementet kan gi endå tydelegare signal om at institusjonar og fagmiljø må vere fleksible i godkjenning og innpassing av emne og praksis frå utlandet. På HVO høyrer vi ofte at «ein ikkje kan» godkjenne utanlandsopphald på grunn av nasjonale rammeplanar etc. medan vi ser at andre institusjonar tolkar regelverket ulikt.
6. Godkjenning:
Vi er usikre på kva ein her meiner med «automatisk godkjenning», så vi veit ikkje om det er noko vi vil argumentere for. Ved HVO har vi få utfordringar med sjølve godkjenningssakene, men det vi ser er at usikkerheit på førehand om kva som kan godkjennast/innpassast fører til at nokre studentar vegrar seg for å velje utveksling.
7. Arbeids- og næringsliv:
HVO har lenge hatt praksismobilitet i vår sosionom/barneverns-utdanning. Dei siste åra har 30 eller fleire av studentane fullført sin klientretta praksisperiode ved ein organisasjonspartnar i Europa, India, Tanzania/Kenya. I det siste har vi også jobba meir intensivt for å få våre mange mediestudentar til å velje praksis i utlandet og har kopla oss opp mot leiande mediebedrifter i spesielt Storbritannia og USA. Utfordringa med praksismobilitet er som oftast at studentane får lite ekstra støtte, men store ekstra utgifter (spesielt til bustad i utlandet) og at praksisperiodane i ein 3-årig bachelorgrad som oftast er såpass korte at vertsbedrifta kanskje ikkje ser seg heilt tent med å ta i mot studenten.
Vårt inntrykk er at studentane ikkje vel utveksling for å auke sjansane for jobb seinare, det må i så fall vere om dei ser for seg ei internasjonal karriere. Journaliststudentar vil normalt velje praksis i ei norsk mediebedrift dei ynskjer å jobbe for, og ein lærarstudent prøver å få mest mogleg praksis på den skulen ein ynskjer å få jobb. I informasjon til studentane har vi vektlagt dei kompetansane som ein får ved utveksling; spesielt då knytt til språk- og kulturkunnskap, snarare enn å fokusere på auka moglegheit for jobb i framtida. For å synleggjere den auka kompetansen har vi bestemt oss for å dele ut eit «Certificate of Internationalization» til studentar som har vore på utveksling, som har vore fadder for internasjonale studentar i Volda og som har presentert si utvekslingserfaring på Internasjonal dag. Eit handfast diplom og ein konkret merknad på CV-en er kanskje noko som i større grad synleggjer verdien av utveksling for framtidige arbeidsgjevarar.