Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Klage på tilskott frå Riksantikvaren til Lyngheisenteret på Lygra

Museumssenteret i Hordaland søkte 30.12.09 Riksantikvaren om tilskott på kr 730.000 til å skjøtte landskapet på Lygra. Riksantikvaren gav i brev av 08.04.10 (motteke 20.04.10) tilsegn om kr 100.000. Museumssenteret i Hordaland (heretter kalla klagar) klaga i brev av 10.05.10 på storleiken på tilsegna frå Riksantikvaren. Klagen er send innan klagefristen i forvaltningslova § 29.

Last ned brevet i pdf-versjon

Vi viser til brevet Dykkar av 10.05.10 med klage på storleiken på tilsegna frå Riksantikvaren om tilskott frå statsbudsjettet (kap. 1429) post 72.5 til å skjøtte heiene på Lygra.

Museumssenteret i Hordaland søkte 30.12.09 Riksantikvaren om tilskott på kr 730.000 til å skjøtte landskapet på Lygra. Riksantikvaren gav i brev av 08.04.10 (motteke 20.04.10) tilsegn om kr 100.000. Museumssenteret i Hordaland (heretter kalla klagar) klaga i brev av 10.05.10 på storleiken på tilsegna frå Riksantikvaren. Klagen er send innan klagefristen i forvaltningslova § 29.

Riksantikvaren har vurdert klagen og sendt ho til Miljøverndepartementet for behandling ved ekspedering av 01.07.10. Riksantikvaren har ikkje funne å kunne auke tilskottet for 2010. Klagar har ikkje kommentert brevet frå Riksantikvaren til departementet.

Klagar sine merknader, jf. brev av 10.05.10:

Med det låge tilskottet som tilsegna gjeld, får Lyngheisenteret berre utført litt av dei planlagde skjøtseltiltaka. For at skjøtselen skal vere til gagn for landskapet, må han vere regelmessig. Det er vanskeleg å skjøtte området dersom tilskotta frå Riksantikvaren ikkje er føreseielege.

Lyngheisenteret spelar ei viktig rolle når det gjeld opplæring i skjøtsel av lyngheier, og skjøtselarbeidet gjev òg grunnlag for forsking på utegangarsau og biologisk mangfald på heiene.

Riksantikvaren sine merknader, jf. brev av 01.07.10:

Riksantikvaren viser til at Lyngheisenteret fekk tildelt kr 300.000 for kvart av årane 2008 og 2009, og at Lyngheisenteret ved inngangen til 2010 framleis hadde igjen kr 100.000 av desse midla. Med tilskottet for 2010 vil Lyngheisenteret ha kr 200.000 å bruke i 2010.

Riksantikvaren gjer òg oppmerksam på at midla til vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap som ikkje er øyremerkte, berre utgjer kr 2.280.000 i 2010. Samstundes er det kome inn søknader på til saman kr 11 millionar. Riksantikvaren prøver å fordele midla slik at flest mogleg av dei freda kulturminna og kulturmiljøa blir sikra.

Søknaden frå Lyngheisenteret er vurdert innafor ramma av dei tilgjengelege midla og samanlikna med dei andre søknadene. Riksantikvaren har ikkje plikt til å gje Lyngheisenteret tilskott kvart år, eller til å gje ein fast sum når senteret eventuelt får tilskott.

Departementet sine merknader

Departementet viser til at det for budsjettåret 2010 totalt har vore kr 4.280.000 til fordeling som tilskott til vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap (post 72.5). Av desse er to millionar kroner bundne til høvesvis det freda kulturmiljøet Mortensnes i Finnmark og dei 20 utvalde kulturlandskapa. I fordelinga av dei resterande midla skal freda kulturmiljø prioriterast. Det kan òg gjevast tilskott til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Riksantikvaren har motteke søknader for kr 11 millionar. Det har difor vore naudsynt med ei streng prioritering.

Konklusjon

Miljøverndepartementet har gjennomgått og vurdert alle sider av saka og har ingen merknader til Riksantikvaren si handsaming av søknadene eller prioriteringane og vurderingane som er gjorde. Departementet viser òg til Riksantikvaren si grunngjeving i saka og har ikkje merknader utover dette.

Klagen blir ikkje teke til følgje.

Med helsing

Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør

Susanne Colding
seniorrådgiver

Kopi:
Riksantikvaren