Klage på vedtak om kostnader til arkeologisk gransking på Brunstadtomta, gnr 14 bnr 166, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Saka gjeld klage på Riksantikvaren sitt vedtak om å avvise ei tidlegare klage på ei avgjerd om kven som skal gjennomføre ei arkeologisk gransking i samband med eit byggeprosjekt i Sykkylven kommune, Møre og Romsdal. Klagar ber òg om at staten dekkjer kostnadene til den arkeologiske granskinga, og meiner det ligg føre særlege grunnar. Klima- og miljødepartementet finn ikkje grunnlag for å gjere om Riksantikvaren sitt vedtak om at Universitetsmuseet i Bergen skal gjennomføre granskinga. Departementet meinar vidare at det ikkje ligg føre særlege grunnar som tilseier at staten bør dekkje kostnadene til granskinga.

Klima- og miljødepartementet viser til Dykkar brev av 3. januar 2015, med det vi oppfattar som ei klage på Riksantikvaren sitt vedtak av 15. desember 2014. I dette vedtaket har Riksantikvaren, med heimel i forvaltingslova § 33, vedtatt å ikkje ta Dykkar klage, datert 10. november 2014, til handsaming. Grunngjevinga for dette er at klagen gjeld ei prosessleiande avgjerd i samband med vedtak om kostnader til arkeologisk gransking på Brunstadtomta, gnr. 14, bnr. 166 i Sykkylven kommune. Ei prosessleiande avgjerd kan ikkje påklagast. Riksantikvaren sitt vedtak om å avvise klagen kan derimot påklagast, noko De har gjort i brev av 3. januar 2015.

I klagen av 3. januar 2015 og i Dykkar brev av 10. mars 2015, blir det også søkt om at staten dekkjer kostnadene til den arkeologiske granskinga.

Konklusjon

Klima- og miljødepartementet finn ikkje grunnlag for å omgjere Riksantikvaren sitt vedtak av 15. desember 2014 om å avvise klagen på avgjerda om at det er Universitetsmuseet i Bergen som skal gjennomføre arkeologisk gransking på Brunstadtomta, gnr. 14, bnr. 166 i Sykkylven kommune, jf. dispensasjonsvedtaket av 30. oktober 2014.

Klima- og miljødepartementet finn heller ikkje at det ligg føre særlege grunnar som tilseier at staten bør dekke kostnadene knytt til den arkeologiske granskinga, jf. kml § 10.

Klagen blir ikkje tatt til følgje.

Bakgrunn for saka

I samband med handsaminga av Strømme Eiendom AS (heretter kalt klagar) sin søknad om rammeløyve til oppføring av ein bygning med forretning og bustad på gnr. 14, bnr. 166 i Sykkylven kommune, gjennomførte Møre og Romsdal fylkeskommune ei arkeologisk registrering i perioden 3. – 6. juni 2014. Fylkeskommunen avdekte ei rekke busetnadsspor i tre av søkesjaktene i form av stolpehol, staurhol, ei mogleg veggrøft og kokegroper (id 178604). Spora er tolka som å representere minst eit større langhus, med datering til romersk jernalder (80 – 240 e.Kr.). Ein av strukturane har også gitt ei datering til yngre steinalder. Alle desse busetnadsspora er automatisk freda i medhald av lov 1978 nr. 50 om kulturminne (kulturminnelova) § 4 første ledd.

Tiltaket ligg innanfor kommunedelplan for Sykkylven sentrum i eit areal som er avsett til B/F/K (Bustad/Forretning/Kontor). Ettersom gjeldande reguleringsplan for området blei vedteken på 1970-talet, har fylkeskommunen handsama saka som ein søknad etter kulturminnelova § 8 første ledd.

Saka blei oversendt Riksantikvaren i brev av 6. oktober 2014. I fylkeskommunen si tilråding blei det informert om at tiltakshavar ønskte at fylkeskommunen skulle gjennomføre ei eventuell arkeologisk gransking. Universitetsmuseet i Bergen slutta seg til fylkeskommunen si vurdering av dispensasjonsspørsmålet i brev datert 30. oktober 2014, og tilrår at det blir gitt dispensasjon for det omsøkte tiltaket på vilkår av ei arkeologisk gransking. Museet understrekar at dei påviste busetnadsspora har stor vitskapleg verdi, og tilrår at ei eventuell gransking blir gjennomført av Universitetsmuseet i samsvar med gjeldande forskrift og praksis.

Som det framgår av brev av 30. oktober 2014 finn Riksantikvaren å kunne gi dispensasjon for gjennomføring av det omsøkte tiltaket. Riksantikvaren legg vekt på at den samfunnsmessige verdien av at tiltaket blir gjennomført er større enn verdien av eit fortsatt vern av dei aktuelle busetnadsspora. Riksantikvaren meiner likevel at den vitskaplege verdien til kulturminna er stor, og set derfor som vilkår for dispensasjonen at det skal gjennomførast ei arkeologisk gransking. Riksantikvaren viser til gjeldande forskrift og praksis, og meiner at kjeldeverdien til dei aktuelle busetnadsspora blir best sikra ved at Universitetsmuseet i Bergen gjennomfører granskinga. Kostnadene for ei slik gransking er satt til kr. 624 333,00, og seinare redusert til kr. 620 333,00.

I brev av 10. november 2014 blir Riksantikvarens vedtak påklaga. Klagen gjeld vilkåret om at Universitetsmuseet i Bergen skal gjennomføre den arkeologiske granskinga. Riksantikvaren legg til grunn at dette er ei prosessleiande avgjerd som det ikkje kan klagast på. I brev av 15. desember 2014 blir klagen derfor avvist, samstundes gjer Riksantikvaren merksam på at  avvisingsvedtaket kan påklagast. I brevet blir det også gjort merksam på at utgifter til arkeologisk gransking skal dekkjast av staten, heilt eller delvis, dersom det ligg føre særlege grunnar. Dersom klagar meiner at det ligg føre slike grunnar, ber Riksantikvaren om å få tilsendt eventuell dokumentasjon på dette.

Riksantikvaren sitt avvisingsvedtak blir påklaga i brev av 3. januar 2015, og utdypa i brev av 10. mars 2015.

Merknadene i klagen

Klagen er å oppfatte som ei klage på Riksantikvaren sitt vedtak om å avvise klagen på vedtaket om kven som skal gjennomføre den arkeologiske granskinga, jf. Riksantikvaren sitt brev av 15. desember 2014. I tillegg har klagar oversendt dokumentasjon på økonomien i prosjektet.

Klagen inneheld følgjande merknader:

  1. Klagar viser til dialog med Møre og Romsdal fylkeskommune, der det mellom anna er gitt eit inntrykk av at fylkeskommunen kan gjennomføre dei arkeologiske granskingane både raskare og til ein lågare pris enn det Universitetsmuseet i Bergen kan gjere. Klagar viser til avvisingsvedtaket, og ber Riksantikvaren ta dette opp til ny vurdering i dialog med fylkeskonservatoren.

    I brev av 10. mars 2015 blir det også lagt til at ressursbruken, etter klagars oppfatning, ikkje står i forhold til det faglege utbyttet av ei restutgraving. Her viser klagar mellom anna til at området er lite, berre 2-300m², og at området er godt dokumentert i samband med dei mange undersøkingane som tidlegare er gjennomførte i tilgrensande areal. Klagar ber om at Riksantikvaren fråfell kravet om gransking, slik at ein kan kome vidare med byggeprosjektet.
  2. I klagen blir det understreka at byggeprosjektet ikkje kan gjennomførast med ei kostnadsoverskriding som ei arkeologisk gransking vil medføre. Klagar ber difor Riksantikvaren vurdere å dekke kostnadene for granskinga.

Riksantikvaren si vurdering av klagen

Til pkt. 1. Når det gjeld spørsmålet om kven som skal gjennomføre den arkeologiske granskinga, viser Riksantikvaren til etablert forvaltningspraksis. Riksantikvaren understrekar at fylkeskommunen ikkje har løyve til å gjennomføre ei så omfattande gransking, og peikar vidare på at det er beklageleg dersom representantar frå fylkeskommunen har gitt inntrykk av at ei slik løysing er mogleg.

Sjølv om det omsøkte arealet er relativt lite, meiner Riksantikvaren at dei aktuelle kulturminna har stor vitskapleg verdi, og viser til dei faglege tilrådingane frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Universitetsmuseet i Bergen.

Til pkt.2. Riksantikvaren viser til brev frå klagar av 3. januar, der det framgår at økonomien i prosjektet er vanskeleg, mellom anna som følgje av nye byggtekniske forskrifter. Dette har gitt ein kostnadsauke på om lag 20%. Kostnadene knytt til den arkeologiske granskinga utgjer om lag 1,6% av dei samla byggekostnadene. Riksantikvaren understrekar at det gjennom forvaltningspraksis er lagt til grunn at kostnadene til arkeologiske granskingar må overstige 10% av dei samla byggekostnadene, for at utgiftene skal vurderast som urimeleg tyngande. Riksantikvaren finn derfor ikkje at det ligg føre særlege grunnar som medfører at staten skal dekke kostnadene.

Riksantikvaren legg også til at det er ein liten trykkfeil i budsjettet frå Universitetsmuseet i Bergen, som kan gi inntrykk av at andelen etterarbeid utgjer 50% av feltarbeidet. Det riktige skal vere 60%. Riksantikvaren understrekar at dette ikkje får konsekvensar for totalbudsjettet, då riktig forholdstall er brukt i budsjettoversikten.

Departementet sine merknader

I vurdering av klagen kan departementet vurdere alle sider av saka. Departementet kan òg ta omsyn til nye omstende, jf. forvaltingslova § 34 andre ledd. Departementet skal i handsaminga av klagen vurdere dei merknadene som blir fremja av klagaren.

Til pkt. 1. i klagen

I kulturminnelova § 1, heiter det mellom anna at det er eit nasjonalt ansvar å ivareta dei ressursane kulturminne og kulturmiljø representerer som vitskapleg kjeldemateriale og som varig grunnlag for nålevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvkjensle, trivsel og verksemd. For at dette vitskaplege kjeldematerialet skal kunne forvaltas på ein best mogleg måte, har ein valt å sjå utgravingsverksemd og forsking i nær samanheng. Dette er synleggjort i forskrift om fagleg ansvarsfordeling mv. etter kulturminnelova der dei fem universitetsmusea, tre sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) har fått ansvar for å gjennomføre arkeologiske granskingar innafor sine faglege og geografiske ansvarsområde.

Departementet er einig med Riksantikvaren i at det er uheldig at representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt inntrykk av at fylkeskommunen kan gjennomføre slike granskingar, både raskare og til ein lågare pris enn det Universitetsmuseet i Bergen kan gjere. Med utgangspunkt i målet om ein best mogleg sikring av det vitskaplege kjeldematerialet, meiner departementet at det ikkje er grunnlag for å gjere unntak frå gjeldande forskrift. Vi finn derfor ikkje å kunne imøtekomme klagar sitt ønskje om at Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjennomføre den aktuelle granskinga.

Departementet sluttar seg til Riksantikvaren si vurdering av at avgjerda om kven som skal gjennomføre den arkeologiske granskinga baserer seg på gjeldande forskrift. Denne avgjerda er å oppfatte som prosessleiande og kan ikkje påklagast. Departementet finn ikkje grunnlag for gjere om Riksantikvaren sitt vedtak om å avvise klagen.

Departementet meiner óg at det vitskaplege grunnlaget for omfanget av granskinga er godt gjort greie for.

Til pkt. 2 i klagen

Utgangspunktet og hovudregelen i kml § 10 er at tiltakshavar skal dekke naudsynte kostnader knytt til ei særskild gransking av automatisk freda kulturminne på grunn av tiltak som nemnd i kml §§ 8 og 9. Etter kml § 10, andre ledd, kan ein gjere unntak frå tiltakshavar si dekningsplikt dersom det ligg føre særlege grunnar.

Kulturminne og kulturmiljø blir vurdert som ein ikkje-fornybar ressurs. Det vil mellom anna seie at dersom dei blir fjerna eller går tapt, er informasjonsverdien deira borte for alltid. Ei arkeologiske gransking som følgje av eit utbyggingstiltak, til dømes, blir først og fremst gjennomført på grunnlag av tiltakshavar sine interesser knytt til den aktuelle utbygginga og ikkje på grunnlag av kulturminneforvaltninga sine vitskaplege prioriteringar. Dette betyr vidare at utgifter til arkeologisk arbeid er normale kostnader ein tiltakshaver må innkalkulere i prosjektet, på lik linje med andre utgifter.

Når det gjeld spørsmålet om det ligg føre særlege grunnar etter kml § 10, gir ikkje lova klare føringar for kva tilhøve som kan gi grunnlag for unntak etter denne regelen. Forvaltningspraksis visar likevel at det er stilt relativt strenge krav til dei særlege grunnane som må ligge føre. Utgangspunktet er, som nemnd ovanfor, at utgifter til arkeologisk arbeid er normale kostnader i eit byggeprosjekt, men at forholdet mellom dei totale byggekostnadene i prosjektet og utgiftene til arkeologisk arbeid må tas med i vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar. Etter forvaltningspraksis må i så fall utgiftene til arkeologisk arbeid utgjere meir enn 10% av dei totale prosjektkostnadene. I dette tilfellet utgjer utgiftene til den arkeologiske granskinga om lag 1,6% av dei totale kostnadene i prosjektet. Vi sluttar oss til Riksantikvaren si vurdering.

Konklusjon

Klima- og miljødepartementet finn ikkje grunnlag for å omgjere Riksantikvarens vedtak av 15. desember 2014 om å avvise klagen på avgjerda om at det er Universitetsmuseet i Bergen som skal gjennomføre arkeologisk gransking på Brunstadtomta, gnr. 14, bnr. 166 i Sykkylven kommune, jf. dispensasjonsvedtaket av 30. oktober 2014.

Klima- og miljødepartementet finn heller ikkje at det ligg føre særlege grunnar som tilseier at staten bør dekke kostnadene knytt til den arkeologiske granskinga, jf. kml § 10.

Klagen blir ikkje tatt til følgje.

 

Med helsing

 

Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør

Terje Birkrem Hovland
seniorrådgjevar        

Kopi til:      

Riksantikvaren  

Postboks 8196 Dep  

0034  

OSLO  

Riksantikvaren

Postboks 8196    Dep

0034

OSLO

Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkeshuset

6404  

MOLDE

Universitetsmuseet i Bergen,   SFYK Universitetet i Bergen

Postboks 7800

5020

BERGEN