Historisk arkiv

Klepp kommune - motsegn frå fylkesmannen mot eit område i kommuneplan for Klepp 2002-2013 (naturvern og landskap)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Brev til fylkesmannen i Rogaland frå miljøvernminister Børge Brende, 27. juni 2003

Klepp kommune – motsegn frå fylkesmannen mot eit område i kommuneplan for Klepp 2002-2013

Ein viser til fylkesmannen sin oversending av 8. november 2002.

Saka er i medhald av § 20-5 femte ledd sendt over til Miljøverndepartementet til avgjerd fordi fylkesmannen har fremja motsegn mot framlegg om masseuttaksområde på Nese. Motsegna er grunngjeve med dei natur- og kulturlandskapsverdiane som finst i området.

Departementet godkjenner masseuttaket på Nese i kommuneplan for Klepp 2002 –2013. Motsegna frå fylkesmannen er etter dette ikkje teke til følge. Departementet legg vekt på at det gjeld eit relativt lite tiltak, og at tiltaket ligg i eit område som til tross for at det har natur- og kulturlandskapsverdiar, ikkje framstår som direkte urørt.

Bakgrunn for saka

Saka gjeld eit åpent hauget beitelandskap på om lag 10 daa som ligg mellom fylkesveg 249 og Orrevatnet naturreservat på Nese i Klepp. Dette reservatet, som vart oppretta ved Kgl.res. 20. desember 1996, går inn i Jæren våtmarkssystem.

I 1999 søkte Ole Johan Nese om dispensasjon frå arealdelen til dagjeldande kommuneplan for planering/masseuttak på gnr. 25 bnr. 8, Nese. Området var i arealdelen merka som landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF). Søknaden gjaldt tre hauger der det skulle takast ut stein og grus. Steinen skulle selgast for bruk til steingarder. Restmassen skulle brukast til å leggje opp ein senka haugprofil, og om mogeleg fylle ut eit tilgrensande område med senkninger og fuktige partier. Teknisk styre i Klepp ga dispensasjon, men denne vart etter klage frå fylkesmannen i Rogaland omgjort av fylkesmannen i Vest-Agder som settefylkesmann. I klagen vart det vist til dei nasjonale naturverdiane i området (prioritert kulturlandskap, Orrevatnet naturreservat, verna vassdrag og vakre landskap). I samband med utarbeiding av kommuneplan for Klepp for perioden 2002 – 2013 vedtok kommuneplanutvalet/ formannskapet å leggja inn eit masseuttak på Nese i framlegget til kommuneplan.

Fylkesmannen i Rogaland fremja i uttale dagsett 1. mars 2002 motsegn mot framlegget til masseuttaksområde på Nese. I motsegna vert det vist til fylkesmannen si klage i dispensasjonssaka og avgjerda der. Etter fylkesmannen si meining kjem etablering av eit massetak i dette området framleis i konflikt med nasjonale og viktige regionale naturverdiar.

Klepp kommune peikar i si grunngjeving for sitt samrøystes vedtak i kommunestyretpå at i samband med vern av Orrevatnet naturreservat vart deler av gnr/bnr 25/8 verna etter lov om naturvern. Grunneigaren vart i det høve gitt eit økonomisk vederlag for dette.

Det foreslåtte masseuttaket grensar opp mot naturreservatet og ligg inntil fylkesveg 249. Etter kommunestyret si oppfatning vil det vere urimeleg å leggje restriksjonar grunna naturfaglege kvaliteter på areal som ligg utanfor grensa til naturreservatet. Når motsegn delvis blir grunngjeve med naboskap til eit naturreservat, må dette oppfattast som eit vern som grunneigaren ikkje får økonomisk vederlag for.

I kommuneplan for perioden 1998 – 2009 hadde arealet status som LNF-område. Ved sida av sal av masse er grunneigaren sitt føremål med uttaket å få til eit meir høgverdig jordbruksareal. Området er i dag kupert og vanskeleg å drive på ein rasjonell måte.

I slutthandsaminga av kommuneplanen vedtok kommunestyret i møte 24. juni 2002 ikkje å ta motsegna frå fylkesmannen til følgje. Området for masseuttak på Nese blei halde utanom eigengodkjenninga av planen.

Meklingsmøte i saka mellom Fylkesmannen i Rogaland og Klepp kommune blei halde den 13. september 2002, utan at det blei funne noko løysing i saka.

Kommunestyret handsama meklingsresultatet i saka i møte den 21. oktober 2002 og vedtok å sende saka til avgjerd i Miljøverndepartementet.

Fylkesmannen i Rogaland peikar i si oversending på at saka har vore drøfta med kommunen ved fleire høve, utan at ein har fått til ei semje. På denne bakgrunn fann fylkesmannen ikkje å gå vidare med spørsmålet kring ei mellomløysing i meklinga.

Fylkesmannen peikar på at verdiane på arealet tilseier at fylkesmannen gjerne skulle ha teke det inn i Orrevatnet naturreservat. Då reservatet vart oppretta for å verne denne våtmarks-biotopen, var det grenser for kor langt ein kunne strekke definisjonen "våtmark". Å strekke vernet til og å omfatte dette omstridte arealet som ikkje er fuktmark, fann ein altså ikke grunnlag for i verneprosessen.

Om området ikkje kan vernast som våtmark, er det likevel ingen tvil om at det er registrert ei rekkje vesentlege verneinteresser i området. Uttaksområdet utgjer ein del av eit større område som er klassifisert som eit nasjonalt verneverdig kulturlandskap, jf. rapporten Verdifulle kulturlandskap i Norge. Kulturlandskapet ved Nese er ein av dei aller siste restane

av slettelandskap på Låg-Jæren, eit område med lang kontinuitet og stor artsrikdom. Området er eitt av dei sju prioriterte kulturlandskapa i Rogaland.

Fylkesmannen kan sjå føremonene tiltaket utgjer for grunneigaren, men finn ikkje at dette i denne saka kan vege så tungt at det kan setje verneinteressane til sides. Her legg fylkesmannen og vekt på at grunneigaren tidlegare har fått ta ut ein god del masse på eigedomen.

Sjølv om fylkemannen ikkje kan tilrå ei slik løysing, finn likevel fylkesmannen å gjere departementet merksam på den "mellomløysing" som ligg i at den såkalla haug 1 kan bli teken ut. Fylkesmannen viser her til uttale frå miljøvernleiar i kommunen.

Fylkesmannen finn, ut frå dei dokumenterte verdiane som er i området, ikkje at omsynet til grunneigaren sine økonomiske og driftsmessige ønske her kan få gjennomslag. Fylkesmannen tilrår derfor at motsegna blir teken til følge.

Synfaring og møte i saka blei halde den 6. februar 2002, der representantar frå Nærings- og handelsdepartementet, Bergvesenet, Direktoratet for naturforvaltning, fylkesmannen i Rogaland, kommunen, grunneigar og Miljøverndepartementet var til stades.

På møtet og synfaringa blei det mellom anna gjort nærare greie for kommunen og grunneigaren sine synspunkt i saka. Ein fekk og sjå det areal grunneigaren ønskte å planere.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) ga uttale til saka i brev hit av 17. februar 2002. I si uttale gjer DN nærare greie for vurderingsgrunnlaget, naturmiljø og kulturlandskap.

DN peikar mellom anna på at etter at motsegna vart sendt har Orrevatnet naturreservat, som utgjer det største av til saman 19 delområder innan Jæren våtmarksystem, fått internasjonal status som naturvernområde. Reservatet blei 6. august 2002 registrert som Ramsar-område.

Områda ved Orrevatnet representerer svært store naturverdiar. Dei delane av områda som formelt er verna etter naturvernlova utgjer områda med dei største verdiane. Men det strenge vernet for desse områda er ikkje nok til å ta vare på naturmiljøet.

Når det gjeld kulturlandskapet peikar DN på at det omstridte området er ein del av eit avgrensa kulturlandskap på Nese som framleis er i behald som eit tradisjonelt kystlyngheilandskap. Området er omkransa av moderne fulldyrkingslandskap på alle kanter og utgjer eit heilt avgrensa minne om korleis jordbrukslandskapet på Låg-Jæren framsto fram til det moderne jordbruket tok over. Området er bekrefta å ha stor regional og nasjonal verdi.

Det omstridte området er mellom ca 270 høgt prioriterte særleg verdfulle kulturlandskap i Noreg. Til saman 14 område i Rogaland er prioritert mellom dei mest verdfulle i landet, og Nese et eitt av desse. I ein oversikt over dei mest verdfulle kulturlandskapsområde i landet vert det peika på at

"Nese har fått stor prioritet ved at det utgjer eit av dei siste restareala av tradisjonell (og sterkt trua) lyngmark innafor Låg-Jæren slettelandskap. Det er såleis både sjeldsynt og særs representativt for ei usedvanleg gamal driftsform. Lyngmarka, dei urørte istidsformene og kontrasten til det omkringliggjande fulldyrkingslandskapet gir Nese ein symbol- og identitetsverdi av høg karakter. Under ein vidopen himmel gir dette karakterlandskapet ein heilskap og intensitet av dei sjeldne."

DN konkluderar med at det 10 daa store omstridte området er ein del av eit kulturlandskap med sers store natur- og kulturverdiar. Det planlagte masseuttaket og planeringa er i strid med og vil redusere desse verdiane vesentleg. I tillegg til å endre landskapsformene, vil terrengavslutninga framstå på ein annan måte enn det opprinnelege etter ei senking og utplanering.

Nærings- og handelsdepartementet (NHD) ga uttale i brev hit av 5. mars 2003. I brevet syner NHD mellom anna til uttale 19. februar 2002 frå Bergvesenet der det gjeng fram at Bergvesenet er samd med Klepp kommune i at det er urimeleg at eit naturreservat på tilgrensande areal skal kunne gje restriksjonar for landbruksdrift på eit område som ligg utanfor reservatet. Dette vil i realiteten seie at vernet ikkje berre omfattar det området som er definert som naturreservat, men også strekkjer seg inn på tilliggjande område.

" Etter Bergvesenets vurdering vil en senking av landskapet i henhold til skissene som ble utdelt på møtet være fornuftig, blant annet med hensyn til tilrettelegging for senere utnyttelse til jordbruk. Imidlertid vil en senking av landskapet i første rekke bidra til at man fjerner sårene etter tidligere massetak i den såkalte "Haug 1".

Til slutt vil Bergvesenet vise til at det er kommunene som har ansvaret for å utarbeide arealplaner ut fra lokale forhold i henhold til plan- og bygningslovens bestemmelser. Innsigelsen berører et lite areal i uttakssammenheng, ca. 10 daa, hvor det planlagte uttaket både vil bidra til å fjerne sår fra tidligere massetak ved siden av at det bidrar til at grunneieren på en rasjonell måte kan nytte området til dyrkingsareal. Etter Bergvesenets vurdering er tiltaket mer å betrakte som en arrondering av området til dyrkingsareal enn et massetak. Vi ser derfor ingen grunn til å overprøve kommunestyrets vedtak.

Bergvesenet finner med bakgrunn i det som går frem ovenfor å støtte kommunens vedtak om å legge ut det omstridte området til område for råstoffutvinning. Bergvesenet er videre av den oppfatning at innsigelsen ikke bør tas til følge."

NHD slutter seg til Bergvesenet si vurdering av saken. NHD legg og vekt på at det er kommunen som har hovedansvaret for arealdisponeringa og at denne saka har hatt ei grundig kommunal sakshandsaming. NHD kan ikkje sjå at det ligg føre vesentlege nasjonale omsyn som tilseier at sentrale myndigheter skal overprøve eit samrøystes lokaldemokratisk vedtak i Klepp kommune. I tillegg legg NHD vekt på at bruken av eigedomen utanfor naturreservatet ikkje grip fysisk inn i sjølve naturreservatet. NHD meiner derfor at motsegna frå fylkesmannen i Rogaland ikkje skal takast til følge, og at planen vert å godkjenna i samsvar med kommunen sine ønsker.

Miljøverndepartementet si vurdering

Konflikten i denne saka gjeld om eit område på ca. 10 daa av eigedomen gnr. 25 bnr. 8 på Nese i Klepp kommune skal kunne nyttast til eit mindre masseuttak, og samstundes planerast for å betre tilhøva for eit rasjonelt jordbruk. Området er i dag landbruksareal, nytta til beite.

Området ligg i vest inntil Orrevatnet naturreservat, som er ein del av Jæren våtmarksystem. Det omstridte beiteområdet utgjer ein del av eit avgrensa kulturlandskapsområde på Nese som framleis er i behald som eit tradisjonelt kystlyngheilandskap. Planområdet fell imidlertid utanfor naturreservatgrensa, då det ikkje er naturleg å sjå dette arealet som ein del av reservatet.

Det aktuelle arealet ligg i aust inntil fylkesveg 249 og i haugen som grensar opp til fylkesvegen er det allereie gjort uttak. Like i nærleiken og i grensa mot det planlagte massetaket ligg det eit mindre igangverande uttak for stein og grus. Kring området er det elles eit moderne fulldyrkingslandskap. Området er såleis ikkje urørt av tekniske inngrep.

Innafor det aktuelle arealet er det i dag ikkje attende noko lyngmark, då denne er beita ned.

Terrenginngrepet som er planlagt er i seg sjølv relativt lite og må mest sjåast på som ei arrondering av jordbruksareal med sikte på å leggje til rette for maskinell drift. Etter opplysningane i saka er det planen at området etter uttaket av stein skal gå attende til jordbruksareal. Det er ikkje heimel i plan- og bygningslova til å hindre grunneigaren i å

nytte den eksisterande beitemark til anna jordbruksproduksjon.

Miljøverndepartementet finn derfor etter ei samla vurdering at dei tiltaka som er planlagt på det aktuelle området ikkje er av ein slik karakter at det ut frå nasjonale eller viktige regionale omsyn er grunn til å nekte det. Departementet syner i den samanheng og til at kommunestyret samrøystes har tilrådd planen.

Motsegna frå fylkesmannen vert ikkje teke til følge.

Vedtak

I medhald av § 20-5 femte ledd i plan- og bygningslova finn Miljøverndepartementet å kunne godkjenna vedtak i Klepp kommunestyre den 24. juni 2002 om å leggje ut eit område for massetak på Nese i arealdelen til Klepp kommuneplan for 2002-2013.

Kommuneplankart med departementet si påteikning om godkjenning følger vedlagt.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.

Saksdokumenta følger i retur.

Med helsing

Børge Brende

Kopi:

Klepp kommune
Nærings- og handelsdepartementet
Bergvesenet
Direktoratet for naturforvaltning
Rogaland fylkeskommune

Vedlegg: Godkjent plankart og dokumenta i saka