Høringssvar fra Berit Røe

Dato: 18.08.2020

Høyringsnotat

Det er ein grunn til at me har genteknologilov, det blir til ein viss grad eit føre var prinsipp.

Ein har så vidt eg har forstått ikkje beviseleg kontroll over kva som skjer ved eventuelle endringar i genmateriale etter tilføring av genmodifisert materiale til levande vesen. Konsekvensane av slik tilføring kan for alt me veit vere større enn konsekvensane av covid 19 pandemien. Ein kan også sjå for seg at det kan gje skadelege bieffektar som ikkje nødvendigvis er dødelege, men kan redusere livskvaliteten til folk. Thaledomid skandalen er jo eit godt eksempel på legemiddel som blei brukt for tidlig, før ein kjende godt nok til det ein dreiv med. (Sjølv om det er stor forskjell på kva legemiddel det dreier seg om, er det eit eksempel på forhasta bruk av legemiddel.)

Så vidt meg bekjent er det hittil ikkje utprøvd vaksiner med GMO som har gitt gode resultat. Det er etter mi meining eit felt der det bør forskast tilstrekkeleg før ein i det heile vurderar å åpne opp for bruk på mennesker. Eg ser difor ikkje poenget med å åpne opp for dette i Noreg.

Ein bør heller satse på vaksinar der det ikkje er brukt genmodifisert materiale. Om det tek lenger tid med ikkje genmodifisert vaksine, har ein i hvert fall meir kontroll på det ein arbeider med. Eg vurderer det som å ta for store sjangsar på befolkningen i forhold til eventuelle bieffektar, å teste ut GMO basert vaksine på delar av befolkningen.

Det er vanskeleg å vite kva som er ekte og ikkje på nettet, men det er blitt meg fortalt at ein GMO vaksine er testa i mindre skala på heilt friske folk der 80 prosent av dei fekk biverkningar. Eg saknar rikeleg lettilgjengeleg informasjon frå staten om forskning omkring det som ligg ute på høyring. Det blir vanskeleg for vanlege folk å ta stilling til eit høyringsnotat dersom det ikkje frå regjeringa si side ligg ute påliteleg informasjon om fordelar og ulemper med det lovendringa skal omhandle.

Med tanke på seinare høyringsnotat, kan eg jo nemne at lite teknisk relevant informasjon som er aktuell for høyringa, og forslag til 100 års hemmeleghald omkring dokument frå coronakommisjonen, ikkje byggjer tillit til regjeringa i den aktuelle saka.

Vedlegg