Oppfølging av kyrkjeforliket – endringar i Grunnlova og konsekvensendringar i underliggjande regelverk

Departementet har med bakgrunn i endringane i Grunnlova og kirkeloven gjort enkelte tekniske endringar i tenesteordningane for prest, prost og biskop.

Adressatar etter liste 

 

Nr.
P-6/2012
Vår referanse
2012001750
Dato:
04.07.2012


  

Endringar i paragrafane om statskyrkjeordninga i Grunnlova og konsekvensendringar i kirkeloven

I tråd med kyrkeforliket (avtale 10. april 2008 mellom dei politiske partia på Stortinget om det framtidige forholdet mellom stat og kyrkje) vedtok Stortinget 21. mai 2012 endringar i Grunnlova §§ 2, 4, 12, 16, 21, 22 og 27. Endringane avviklar Kongens serskilde kyrkjestyre. Grunnlovsendringane tok til å gjelde straks.

Som ein konsekvens av dette, har Stortinget også gjort vedtak om nokre endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kirkeloven), jf. endringslov 8. juni 2012 nr. 30. Lovendringane trer i kraft 1. juli 2012.

Gjennom endringar i kirkeloven §§ 23 og 25 har bispedømmerådet fått mynde til å tilsetje prostar og Kyrkjerådet til å tilsetje biskopar. Kyrkjerådet har også fått høve til å reise læresak knytt til biskop for Lærenemnda i Den norske kyrkja, jf. kirkeloven § 27 nytt tredje ledd. 

Kyrkjemøtet har lenge hatt delegert mynde til å vedta liturgiar til bruk i Den norske kyrkja. No følgjer det av kirkeloven § 24 andre ledd nytt andre punktum at Kyrkjemøtet som det øvste representative organet i kyrkja, kan fastsetje gudstenstlege bøker til bruk i kyrkja. Kyrkjemøtet kan også framleis vedta reglar for bruk av kyrkjene, no med heimel direkte i kirkeloven § 20 tredje ledd.

Også etter endringane i Grunnlova vil departementet måtte handsame nokre saker som kan ha meir eller mindre tydelege læremessige føresetnader eller implikasjonar. Den tidlegare regelen i kirkeloven § 38 tredje ledd bokstav c om at ein embetsmann som ikkje er medlem av Den norske kyrkja, ikkje kan førebu eller avgjere visse kyrkjesaker, er no oppheva. I staden er det tatt inn ein ny regel i kirkeloven § 38 tredje ledd om at Kongen eller departementet skal søkje å klargjere det læremessige grunnlaget for avgjerda ved å innhente uttale frå vedkommande biskop og det ansvarlege kyrkjelege organet, eventuelt frå Lærenemnda, når ein avgjer saker som gjeld den evangelisk-lutherske læra.

Prop. 71 L (2011–2012) og Innst. 292 L (2011–2012) gir meir informasjon om lovendringane, og departementet viser til desse dokumenta, som ein kan finne på www.stortinget.no.

 

Endringar i tenesteordningar og reglar om tilsetting av prestar

Departementet har med bakgrunn i endringane i Grunnlova og kirkeloven gjort enkelte tekniske endringar i tenesteordningane for prest, prost og biskop. Tenesteordningane er tilpassa ein situasjon der nye prostar og biskopar vil vere tenestemenn. Dei som allereie er embetsmenn, vil ha denne statusen så lenge dei er i det same embetet.  

Også forskrift 17. juni 1988 nr. 3361 om tilsetting av menighetsprest er teknisk tilpassa den nye situasjonen.

Det gjeldande visitasreglementet er fastsett ved kongeleg resolusjon. Formålet med slike reglar er no primært å ta vare på visitasen som ei einsarta ordning. Departementet har vurdert det som naturleg at Bispemøtet får mynde til å fastsetje føresegner om visitas. Bispemøtet skal virke for samordning av biskopane sine oppgåver, jf. kirkeloven § 26 andre ledd. Myndet til å gi reglement for visitasane er lagt til Bispemøtet gjennom ei endring i § 7 i tenesteordninga for biskopar.

I tillegg er det forhandla fram naudsynte endringar i personalreglementet for prestar i Den norske kyrkja, som mellom anna for fastset ei ny ordning for tilsetjing av prostar. Det blir sendt ut eit eige rundskriv om dette. Kyrkjemøtet har vedteke reglar om framgangsmåten for tilsetjing av biskop.

Desse endringane i underliggjande regelverk trer i kraft samstundes med lovendringane, 1. juli 2012. Oppdaterte forskrifter mv. er tilgjengelege i Lovdata (www.lovdata.no).

For ordens skuld gjer departementet  merksam på at staten og kommunane sitt ansvar for finansiering av den kyrkjelege verksemda ikkje er endra som følgje av regelendringane som det er gjort greie for i dette rundskrivet.  

 

Med helsing

 

Torbjørn Backer Hjorthaug (e.f.)
avdelingsdirektør

Marianne T. Brekke
seniorrådgjevar

 

Mottakarar:

Presteskapet
Prostane
Biskopane
Bispedømmeråda
KA
Kyrkjerådet
Dei kyrkjelege fellesråda