Lyngreneset Grunneigarlag

Vi viser til klage datert 9. oktober 2012 som er send med brev frå Einingsregisteret 19. november 2012. Vi viser også til brev frå Nærings- og handelsdepartementet til Lygreneset Grunneigarlag datert 27. november 2012 og 11. juli 2013. Vi seier oss leie for at sakshand­saminga har teke lang tid.

 

Klaga gjeld vedtak fatta av Einingsregisteret 1. oktober 2012 om å nekte registrering av Lygreneset Grunneigarlag som foreining. Meldinga vart nekta fordi Einingsregisteret fann at punkt 9 i vedtektene ikkje samsvarer med foreiningsrettslege prinsipp.

 

Nærings- og handelsdepartementet er kome til at klaga ikkje kan takast til følgje. Den nærare grunngivinga for vedtaket følgjer nedanfor.

 

Klagaren si framstilling av sakstilhøvet

Klagaren skriv at grunneigarlaget består av omtrent 20 grunneigarar og at laget held årsmøte ein gong i året. Årsmøtet tek avgjerder om formue, overskot og gjeld. Klagaren kan ikkje sjå at dette strir mot foreiningsprinsippa.

 

Rettsleg grunnlag

I samsvar med lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret (einingsregisterlova) § 17 første ledd skal registerføraren prøve om innsende opplysningar og dokumentasjon er i samsvar med reglane i lova eller føresegner gitte i medhald av lova. Einingsregisteret sin kontroll vert utført på grunnlag av dei innsende dokumenta, og kontrollen av meldinga er altså reint administrativ og utan høve til å kontrollere faktiske omstende. Straks opplysningane er funne i orden, skal dei innførast i registeret, jf. § 17 første ledd tredje punktum. Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, skal registrering nektast, jf. einingsregisterlova §§ 17 og 19.

 

Ved førstegongsregistrering av ei juridisk eining må føretaket velje organisasjonsform. Valet av organisasjonsform får stor tyding for ansvar, skatt, rettar og plikter samt kva fridom ein har til å disponere over føretaket sine middel.

 

I utgangspunktet er det opp til eininga sjølv å velje organisasjonsform, men dette er innskrenka av fleire sett lovreglar som må følgjast avhengig av kva slag organisasjonsform ein vel. Utgangspunktet for ei riktig registrering i Einingsregisteret og/eller Føretaksregisteret, er kva organisasjonsform eininga reelt sett har. Det er til dømes ikkje høve til å registrere eit AS som ikkje følgjer aksjelova eller eit SA som ikkje følgjer samvirkelova. Omvendt vil det heller ikkje vere mogleg å registrere eit ANS eller eit BA dersom vedtekter og driftsform viser at selskapet er eit AS.

 

Ei foreining er ei sjølveigande samanslutning som skal fremje eitt eller fleire særskilde føremål av humanitær, sosial eller liknande art. Foreiningar kan vere både opne og lukka for ålmenta. Vi har inga foreiningslov som omfattar foreiningar, lag og frivillige organisasjonar, og derfor har vi heller ingen legaldefinisjon av ei foreining. Foreiningar følgjer dermed generelle ulovfesta prinsipp. I Foreningsrett punkt 2.8.1. (2. utgåve) av Geir Woxholt, står det mellom anna: Ved løsning av foreningsrettslige spørsmål vil man ikke sjelden stå uten noen veiledning i lov og rettspraksis. Ofte vil heller ikke vedtektene gi noe klart svar. Vidare i den same boka står det i punkt 2.83: Vi har imidlertid ingen alminnelige, preseptoriske [ufråvikelege] regler som eksklusivt gjelder foreningene.

 

I utgangspunktet er det ingen lovfesta reglar som regulerer ei foreining sitt ”indre liv”. Vedtektene dannar dermed grunnlaget for verksemda til foreininga og arbeidet til styret. I Woxholt Foreningsrett i punkt 2.851 står det: Det sentrale normgrunnlag i foreningsretten er vedtektene («loven»). Disse kan sies å utgjøre foreningens «forfatning», dvs den sentrale «privatiserte» rettkildefaktor i foreningsretten. Trass i små formalkrav må det mellom anna kome fram av vedtektene at det er ei foreining, og vedtektene kan ikkje ha føresegner som strir mot foreiningsforma. Foreininga må ha minst to medlemmar som sameiner seg om eit særskilt føremål. Medlemmane deltek i avgjerder som vert tekne, men er ikkje eigarar av formuen i foreininga. Foreiningar er altså personsamanslutningar utan eigarar og er sjølveigande.

 

Ei foreining har vanlegvis ikkje noko økonomisk føremål, dei er såkalla ideelle foreiningar. Det finst likevel også foreiningar som har eit økonomisk føremål. I den ulovfesta foreinings­retten er det eit grunnleggjande skilje mellom økonomiske og ikkje-økonomiske foreiningar. Woxholt skriv om dette i Foreningsrett i punkt 2.5: Foreningene deles tradisjonelt i to grup­per, de økonomiske (foreninger med økonomisk føremål) og de ikke-økonomiske (foreninger med ikke-økonomisk føremål). Innen gruppen økonomiske foreninger nevnes ofte samvirkelaget og boligsamvirket som to praktiske eksempler. I dei tilfella der foreininga driv ei verksemd med økonomisk føremål som gir inntekter, til dømes utleige av fast eigedom, vil inntektene verte skattepliktige.

 

Foreiningsformuen er knytt til føremålet og vert ikkje eigd av medlemmane, som f.eks. tilfellet er for aksjonærane i eit aksjeselskap. Foreiningar eig altså seg sjølve. Ved oppløysing av foreininga vil midla som måtte vere igjen, ikkje gå til medlemmane, på tilsvarande måte som medlemmane heller ikkje er ansvarlege for eventuell gjeld. Med mindre styret har opptredd på ein måte som gir grunnlag for skadebot, er styret heller ikkje ansvarleg for eventuell gjeld. Dei midla som vert til overs ved oppløysing av foreininga, går normalt til ei liknande foreining, ei hovudforeining eller til eit føremål som er fastsett i vedtektene.

  

Departementet si vurdering

I punkt 9 i vedtektene til laget står det at eigedelar skal delast likt mellom medlemmane ved oppløysing av laget. Dette er ikkje i tråd med dei foreiningsrettslege prinsippa, der eventuelle attverande middel ved oppløysing ikkje kan delast ut til medlemmane.

 

Laget kan dermed ikkje godkjennast som foreining. For å verte registrert som foreining må vedtektene til laget endrast, slik at dei samsvarar med dei ulovfesta foreiningsrettslege prinsippa også kva gjeld utdeling av eventuelle middel ved oppløysing. Eir anna alternativer at laget søkjer registrering med ei anna organisasjonsform dersom det viser seg at laget reelt sett ikkje er ei foreining. Einingsregisteret kan eventuelt hjelpe til med å finne ut kva organisasjonsform laget reelt sett har.

 

Vedtak

Med heimel i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 34 og lov
3. juni 1994 nr.
15 om Enhetsregisteret, gjer departementet følgjande vedtak:

 

Klaga vert ikkje teken til følgje. Einingsregisteret sitt vedtak datert 1. oktober 2012 vert oppretthalde. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. forvaltningslova § 28, tredje ledd.

 

Vi publiserer rutinemessig alle vedtak på nettsida til departementet: www.nhd.no/enkeltvedtak. Vi ber om at eventuelle synspunkt på dette vert sende oss innan 14 dagar.