Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om valet i Madagaskar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Madagaskar (14.12.06)

Den europeiske unionen seier seg glad for at den første omgangen av presidentvalet i Madagaskar 3. desember blei vel gjennomført på roleg og fredeleg vis og for den samfunnsånda som det gassiske folket viste ved dette høvet.

Den europeiske unionen rosar dei gassiske styresmaktene for ei generelt roleg organisering av valet trass i vanskane med å utarbeide ei nasjonal elektronisk valliste for første gong og med å sende ut valkort.

Den europeiske unionen seier seg nøgd med innsatsen frå dei gassiske styresmaktene for å skape større respekt for dei prinsippa som ligg til grunn for eit fritt, rettferdig og ope val. EU ser likevel gjerne at denne utviklinga held fram ved neste val, særleg når det gjeld tilgang for media, finansiering av valkampen, bruk av ein einsarta røystesetel og styrking av rolla og sjølvstendet til CNE (det nasjonale valrådet).

Den europeiske unionen seier seg glad for kunngjeringa av det førebels valresultatet. EU vil overvake den vidare valprosessen, som ikkje er avslutta før den øvste forfatningsdomstolen har kunngjort det endelege resultatet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.