Kraftsamling mot svolt – ein politikk for auka sjølvforsyning

Noregs strategi for matsikkerheit i utviklingspolitikken

Med denne strategien følgjer regjeringa opp ambisjonane frå Hurdalsplattforma. Målet med regjeringa sin utviklingspolitikk er å kjempe mot svolt og å auke den globale matsikkerheita. Arbeidet skal gje ringverknadar lokalt og globalt, for folk og miljø, skriv utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim mellom anna i føreordet..

(Strategien i pdf-format)

Illustrasjon - del 0.

Føreord av utviklingsministeren

For litt meir enn 100 år sidan stod Noreg midt i radikale samfunnsendringar. Vi kallar det gjerne «det store hamskiftet». Byane og industristadane vaks kraftig – og der skulle ein brødfø stadig fleire.

Samferdselsårer vart utbygde, og matprodusentane på bygda fekk betre tilgang til marknadene. I land- bruket vart det produsert meir på grunn av nye reiskapar, betre avlsarbeid og nye vekstar. Landet vårt gjekk ifrå å vere basert på sjølvforsyningshushald til pengehushald. Jordbruket kopla seg tettare mot marknadsøkonomien.

Landbruket var både i vekst og krise på grunn av endringane. Lysninga for bondestanden kom for alvor med gjennombrotet for samvirkemodellane på starten av 1900-talet. Primærnæringa organiserte seg i lange verdikjeder. Dette la grunnlaget for at Noreg den dag i dag har bønder og næringsmiddelindustri over heile landet.

Småbønder i utviklingsland skal gjennom eit endå større hamskifte i tida som kjem. Dei skal handtere eit grønt og eit digitalt skifte. Dei skal produsere mat for ei stadig større befolkning. Samstundes gjer klimaendringane det langt vanskelegare å produsere mat.

Småskalaprodusentane er ryggrada i lokal matsikkerheit. I Afrika sør for Sahara jobbar 70 til 80 prosent av befolkninga innan jordbruk og fiske. Småskalaprodusentar står for om lag 80 prosent av all mat som vert eten i utviklingslanda. Samstundes er det eit paradoks at storparten av familiane som svelt, er nett desse småbøndene og fiskarane.

Det er òg eit paradoks at afrikanske land importerer mat for om lag 60 milliardar dollar kvart år. Det afrikanske kontinentet har jord og folk. Afrika kan brødfø seg sjølv. Afrika ønskjer å brødfø seg sjølv. Afrikanske leiarar er tydelege: vi ønskjer å utvikle vår eiga primærnæring og auke sjølvforsyninga.

Ikkje minst ønskjer dei å skape arbeidsplassar til store ungdomskull i verdikjedene knytte til matproduksjon: sal, foredling, teknologi og infrastruktur. Nett som vi gjorde i Noreg under det store hamskiftet. Her ligg det enorme moglegheiter for utvikling av Afrika!

Med denne strategien følgjer regjeringa opp ambisjonane frå Hurdalsplattforma. For det fyrste prioriterer vi mat. Svolten i verda har auka sidan 2014. Meir enn ti prosent av verda si befolkning – omtrent 828 millionar menneske – får for lite mat kvar dag.

Kampen mot svolt handlar på kort sikt om naudhjelp. På mellomlang sikt må utviklingsland byggje sin eigen beredskap for mat. I praksis inneber det at utviklingsland må kunne styre politikken sin for å kunne fø eiga befolkning. Dei må sikre nasjonal matsuverenitet. Matsuverenitet i kvart enkelt land

gjev meir matsikkerheit i verda. Med denne strategien kraftsamlar vi den norske utviklingsinnsatsen for matsikkerheit.

For det andre integrerer vi innsatsen for utvikling og klima. Klimaendringane er ei brutal verkelegheit for bønder og fiskarar i Afrika. Dei treng investeringar i klimatilpassing. Samstundes veit vi at vi må leggje om verdas matsystem for å nå berekraftmåla og måla i Paris-avtala. Nøkkelen til berekraftig mat i framtida ligg hos småbøndene i verda. Dei treng kunnskap, teknologi og investeringar – og dei treng tilgang til lokale marknader.

Målet med regjeringa sin utviklingspolitikk er å kjempe mot svolt og å auke den globale matsikkerheita. Arbeidet skal gje ringverknadar lokalt og globalt, for folk og miljø.

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim
utviklingsminister
29. november 2022

Dei fem fasane av matmangel

I 2004 oppretta FN eit system for å kartleggje og klassifisere alvorsgraden av usikker mattilgang i eit område. Systemet vert kalla integrert klassifisering av matsikkerheitsfasar (IPC) og har blitt den globale standarden for klassifisering av akutt usikker mattilgang og av underernæring.1

Dette systemet gjer greie for fem nivå, eller fasar, av matmangel, og kvart nivå er definert av klare kriterium, til dømes talet på svoltrelaterte dødsfall i ei befolkning, eller kor mange i ei befolkning som er akutt underernærte som følgje av matmangel:

Nivå 1: Minimal matmangel.

Meir enn 80 prosent av hushaldningane klarar å vareta grunnleggjande matbehov og andre behov, utan å måtte ty til ikkje-berekraftige strategiar for å få tilgang til mat og inntekt.

Nivå 2: Pressa matsituasjon / Vedvarande usikker mattilgang.

Hushaldningane har eit redusert eller marginalt tilstrekkeleg matforbruk, men har ikkje råd til visse andre grunnleggjande utgifter som ikkje er knytte til mat, utan å ty til kriseutløyste handlingar.

Nivå 3: Svoltkrise / Akutt usikker mattilgang.

Hushaldningane har anten redusert matforbruket i ein slik grad at fleire enn normalt lir av akutt underernæring eller så vidt får tak i mat, men då ved å ty til kriseutløyste handlingar.

Nivå 4: Akutt svoltkrise / På randa av hungersnaud.

Hushaldningane opplever ekstrem matmangel, anten ved svært høgt nivå av akutt underernæring og høgare dødstal, eller dei får tak i noko mat ved å selje unna nesten alle eigedelar og å ty til kriseutløyste handlingar. På dette stadiet har befolkninga ofte ikkje lenger ressursar eller energi til å flytte seg til stader med tilgang til mat.

Nivå 5: Svoltkatastrofe / Hungersnaud.

Ordet hungersnaud vert nytta berre når ei svoltkrise har nådd eit katastrofalt stadium med ekstreme nivå av underernæring og dødstal. Hushaldningane opplever ein ekstrem mangel på mat og andre naudsynte varer, sjølv etter å ha sett i verk alle andre kriseutløyste handlingar for å handtere situasjonen.

Del I: Den globale situasjonen

Illustrasjon - del 1.

Vi står overfor ein global svoltkatastrofe utan sidestykke. Den globale matsikkerheita er blitt verre for kvart år sidan 2014.2 Nesten ti prosent av befolkninga i verda – rundt 828 millionar menneske – opplevde vedvarande usikker mattilgang i 2021,3 det vil seie at dei ikkje hadde nok, trygg og ernæringsriktig mat. Verdas matvareprogram (WFP) reknar at 345 millionar menneske i 82 land er råka av akutt usikker mattilgang, og at 50 millionar menneske i 45 land er på randa av hungersnaud4 (sjå boks 1).

Årsakene er samansette. Væpna konfliktar og klimaendringar som fører til naturkatastrofar og ekstremvêr, er dei viktigaste årsakene til matmangel og svolt. På toppen av dette kom nedstenginga og lågare økonomisk vekst etter koronapandemien i 2020 og 2021. Den folkerettsstridige russiske invasjonen av Ukraina i februar 2022 forverra den globale matsikkerheita ytterlegare. Eksporten frå

«Europas matfat» har falle dramatisk. Dei globale forsyningskjedene for gjødsel og såfrø har vist seg å vere sårbare. Vi har fått sterkt skiftande og jamt over mykje høgare prisar på mat, energi, transport og gjødsel.

Sårbarheitene i dei globale matsystema er blitt ekstra synlege under pandemien og den russiske invasjonen av Ukraina. Svært mange utviklingsland er avhengige av utanlandsk import for å vareta nasjonal matsikkerheit. I visse land ser ein at importert mat frå rikare land er billegare enn lokalprodusert mat, og at lokal produksjon difor har gått ned over lang tid. Dette gjer dei nasjonale matsystema i mange utviklingsland mindre robuste. Samstundes går landa glipp av jobbskaping og investeringsutsikter som ligg i innsatsvarer til landbruket og ikkje minst i foredling og sal av lokalproduserte matvarer.

Konsekvensane kan bli omfattande og vanskelege å føreseie. Fleire menneske vil bli fattige fordi utsikter til inntekt minskar. Mangel på mat kan føre til sosial uro, som igjen kan gje grobotn for ekstremisme og politisk ustabilitet. Desperasjon kan tvinge millionar av menneske på flukt.

Befolkninga i verda aukar. FN ventar at befolkninga i verda vil auke til rundt 8,5 milliardar menneske i 2030 og 9,7 milliardar i 2050. Befolkninga i Afrika sør for Sahara kan nesten doble seg til 2,1 milliardar i 2050.5 Heile verdikjeda av matproduksjon vil spele ei viktig rolle for å skape jobbar til ei veksande befolkning i utviklingsland. Jorda har i dag potensial til å fø slike antal,6 men det vil krevje ein matproduksjon som er meir effektiv og ein auka bruk av teknologi i heile verdikjeda, jamført med i dag.

Dei globale matsystema er ikkje berekraftige for menneske og miljø. Klimaendringane og eit forverra miljø er eit trugsmål mot jordbruk, fiskeri og akvakultur. Naturressursar som ikkje blir forvalta berekraftig, reduserer den globale kapasiteten for matproduksjon år for år.7 Samstundes kjem meir enn ein tredel av dei totale klimagassutsleppa globalt frå matsystema, sjølv om det er store variasjonar mellom land8, mellom matsystema og mellom sektorar.

Landbruket nyttar 70 prosent av ferskvassressursane og står for 70 prosent av tapet av det biologiske mangfaldet på land.9 Samstundes kan matproduksjon vere ein del av løysinga. Jordbruket kan mellom anna ha ein positiv påverknad på klima og miljø gjennom karbonbinding, god beitebruk og jordforbetring gjennom god agronomisk praksis.

Småbrukarar spelar ei avgjerande rolle for matsikkerheita. Om lag to tredelar av folk som opplever usikker mattilgang, bur på landsbygda og er småbrukarar, det vil seie at dei har gardar på 20 mål eller mindre.10 Slike småbruk produserer ein stor del av maten som folk i utviklingsland et.

Småbrukarane har ein produksjon som ikkje alltid er tilstrekkeleg for å fø si eiga hushaldning, men som med litt støtte, opplæring i produksjonsmetodar og tilgang til marknadene kan få eit overskot for sal og skaffe inntekter. Småbrukarane manglar ofte tilgang til god agronomisk kompetanse og naudsynte innsatsfaktorar som gjødsel, såfrø, plantevernmiddel, vatn og vatningssystem, som er tilpassa deira behov og preferansar.

Vi kan få mykje meir mat og ernæring frå hav, vatn og elvar. Fisk er ei av dei viktigaste proteinkjeldene for befolkninga i utviklingsland. Akvatisk mat medverkar til rundt 23 prosent av animalsk protein i utviklingsland og til å sikre inntaket av heilt nødvendige næringsstoff og mikronæringsstoff.11) Over 775 millionar menneske er avhengige av akvatisk mat for tilstrekkeleg ernæring og velstand.12) Globalt står småskalafiskarar for om lag halvparten av det totale fangstvolumet, og 90–95 prosent av dette konsumerer folk lokalt

på landsbygda.13 Vi må sikre auka forståing for fisken si unike rolle for matsikkerheit og ernæring. Sjømat kan spele ei viktig rolle for å redusere mangel på viktige mikronæringsstoff, som ofte vert kalla den skjulte svolten. Fiske og oppdrett globalt er dominert av store kommersielle aktørar, og produksjon og berekraft er truga av klimaendringar og overutnytting av naturressursane. For mange tradisjonelle og kystnære småskalafiskeri og småskalafiskeoppdrettarar vil det vere mogleg med ei meir økologisk og økonomisk berekraftig forvalting, dersom forsking, regelverksutvikling og kontroll vert styrkte (sjå boks 2).

Organisering gjev auka inntekt. Småbrukarar og småskalafiskarar er ofte utelatne frå teknologisk innovasjon og politiske avgjerder. Samstundes er desse matprodusentane blant dei som er mest sårbare for klimaendringar og andre naturhendingar. Småskalaprodusentar lir mellom anna under manglande organisering og forhandlingskraft i marknader. Organisering er eit verkemiddel som kan gje auka inntekt, vere meir føreseieleg, gje ei meir balansert maktfordeling i matsystema og større lokal verdiskaping. Studiar har mellom anna vist at medlemskap i bondeorganisasjonar og samvirke kan ha ein positiv effekt på bøndene sine inntekter.14 I god organisering ligg det òg eit stort potensial for meir effektiv klimatilpassing, kunnskapsbygging, rådgjeving, meir tilpassa kredittilgang, med meir.

Overskotet av mat når ikkje alltid marknadene. Mangel på velfungerande lokale verdikjeder er eit hinder for at produkta når dei lokale marknadene. Det er utilstrekkelege investeringar i infrastruktur som til dømes lagring, kjøling, foredling, transport og energi. Usikker tilgang på stabile marknader medverkar til utilstrekkeleg og dyr finansiering av føretak som foredlar mat frå småskalaprodusentane.

God dyrehelse og dyrevelferd er viktig. Førekomst av smittsame sjukdomar, feilernæring eller dårleg dyrevelferd påverkar produksjonsdyra sin produktivitet direkte. Kunnskap om god dyrehelse, førebygging og nedkjemping av viktige smittestoff, hygienetiltak og biotryggleik er ein føresetnad for sunn og trygg mat.

Mattap og matsvinn er ei stor utfordring. FN reknar at 30–40 prosent av all mat som blir produsert, går tapt eller blir kasta før han når forbrukarane.15 16 Dette skjer i alle delar av verdikjeda. I utviklingsland skjer ein stor del av tapet i den første delen av verdikjeda, det vil seie frå hausting og fangst, men før maten når fram til marknaden. Svinnet er ei stor miljøbelasting, gjer at fleire menneske får usikker mattilgang og representerer eit stort økonomisk tap for småskalaprodusentane som lever av marginale ressursar.

Feil- og underernæring påverkar barns fysiske og kognitive utvikling. Eit sunt kosthald er grunnlaget for god ernæring og helse, men utviklinga går i feil retning. I Afrika var det i 2020 meir enn éin milliard menneske som ikkje hadde råd til å kjøpe sunn mat.17 Det er særleg viktig at kvinner i fertil alder og små barn har tilgang til nok, trygg og ernæringsriktig mat. Frå unnfanginga av eit barn er det eit vindauge på tusen dagar der det er avgjerande med tilstrekkeleg balansert og ernæringsriktig kosthald for å unngå at underernæring fører til irreversibel svekking av den kognitive og fysiske utviklinga. 22 prosent av alle barn under fem år i verda var veksthemma i 2021.18 Ikkje alle hushaldningar har tilgang på næringsrik og sunn mat, på grunn av pris, sesongvariasjonar, dårleg infrastruktur eller manglande informasjon og kunnskap om rett kosthald.

Utfordringar i kosthaldet fører til dobbel sjukdomsbyrde. Det er ei utfordring og eit fattigdomsproblem at eit kosthald basert på industriframstilt mat både kan vere meir usunt og ha ein lågare pris enn eit kosthald basert på lokale råvarer og mattradisjonar. Dette kan føre til at folk blir råka av både overvekt, fedme og underernæring. Dette er ei dobbel sjukdomsbyrde og fører til aukande førekomst av ikkje-smittsame sjukdomar som til dømes diabetes i utviklingsland.

Tradisjonell matlaging forkortar livet. Korleis maten blir tillaga er òg viktig for helsa vår. I mange utviklingsland blir det nytta tradisjonelle omnar og open eld som har ved, trekol og tørka kumøkk som energikjelde. Slike omnar gjev frå seg helsefarleg røyk og sot, noko som har store helsemessige følgjer. Som regel er det kvinner og jenter som lagar maten, og som dermed er mest utsette. Overforbruk av biomasse som energikjelde til matlaging medverkar samstundes til auka avskoging og dårlegare økosystemtenester som er viktige for matproduksjon.

Havpanelet

Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet) er samansett av statsleiarar frå 17 land som arbeider saman for ein berekraftig havøkonomi, og har utarbeidd ein handlingsplan for dette. Panelet vart oppretta på norsk initiativ. Den norske statsministeren og presidenten i Palau leiar panelet. Handlingsplanen til panelet byggjer på rundt 20 vitskaplege rapportar, mellom anna «The Future of Food from the Sea». Havpanelet sin handlingsplan for utvikling av berekraftige havøkonomiar legg vekt på kor viktig havet er for å sikre nok mat til ei aukande befolkning, gjere det lettare å møte kriser, og sikre betre matsikkerheit. Havpanelet har rekna ut at vi kan seksdoble produksjonen av mat frå havet fram til 2050.19 Mesteparten vil kome frå akvakultur, men dette vil krevje forsking og store investeringar.

***

2 FAO, Ifad, Unicef, WFP og WHO (2022) The State of Food Security and Nutrition in the World 2022. Repurposing food and agricultural policies to make healthy diets more affordable. Roma, FAO.The state of Food Security and Nutrition in the World 2022 (fao.org)

3  WHO (2022) UN Report: Global Hunger Numbers Rose to as Many as 828 million in 2021. The latest State of Food Security and Nutrition report shows the world is moving backwards in efforts to eliminate hunger and malnutrition. Article on the webpage of WFP on 6 July 2022. UN Report: Global hunger numbers rose to as many as 828 million in 2021 (who.int)

Anthem, P. (2022) WFP and FAO sound the alarm as global food crisis tightens its grip on hunger hotspots.

Urgent humanitarian action needed as record numbers face starvation. Artikkel på nettsida til WFP 21. september 2022. WFP and FAO sound the alarm as global food crisis tightens its grip on hunger hotspots | World Food Programme

5  UN Department of Economic and Social Affairs, Population Division (2022). World Population Prospects 2022:

Summary of results. UN DESA/POP/2022/TR/NO. 3. New York, UN. World Population Prospects 2022: Summary of Results (un.org)

6  Cornell University, IFPRI og IISD (2020) CERES2030: Sustainable Solutions to End Hunger. Summary Report. ceres2030_en-summary-report.pdf (iisd.org)

7  WWF (2021) Farming with Biodiversity. Towards nature-positive production at scale. Gland, WWF International. farming-with-biodiversity_wwf-report-2021_spreads.pdf

8  IPCC (2019) Summary for Policymakers. In: Climate Change and Land: An IPCC special report on climate change, desertification, land degradation, sustainable land management, food security, and greenhouse gas fluxes in terrestrial ecosystems [P.R. Shukla, Skea, E. Calvo Buendia, V. Masson-Delmotte, H.- O. Pörtner, D. C. Roberts, P. Zhai, R. Slade, S. Connors, R. van Diemen, M. Ferrat, Haughey, S. Luz, S. Neogi, M. Pathak, J. Petzold, J. Portugal Pereira, P. Vyas, E. Huntley, K. Kissick, M. Belkacemi, J. Malley, (eds.)]. Cambridge University Press, Cambridge, UK and New York, NY, USA. SPM_Updated-Jan20.pdf (ipcc.ch)

9  Ibid.

10 Lowder, S.K., Skoet, J. og Raney, T. (2016) The Number, Size, and Distribution of Farms, Smallholder Farms, and Family Farms Worldwide. World Development 87:16-29. https://doi.org/10.1016/j.worlddev.2015.10.041

11  FAO (2022) The State of World Fisheries and Aquaculture 2022. Towards Blue Transformation. Roma, FAO. The State of World Fisheries and Aquaculture 2022 (fao.org)

12 Tilley, A., Cohen, P.J., Akester, M., et al. (2021) Increasing Social and Ecological Resilience of Coastal Fisheries. Penang, Malaysia: CGIAR Research Program on Fish Agri-Food Systems. Program Brief: FISH-2021-24.

1eb440b06cf8769f21232b1a44df2fee.pdf (worldfishcenter.org)

13 Ibid., fotnote 11

14 Cornell University, IFPRI og IISD (2020) CERES2030: Sustainable Solutions to End Hunger. Summary Report. ceres2030_en-summary-report.pdf (iisd.org)

Del II: Måla for strategien

Illustrasjon - del 2.

Regjeringa har gjort matsikkerheit og kampen mot svolt til ei hovudprioritering i den norske utviklingspolitikken. Strategien «Kraftsamling mot svolt – ein politikk for auka sjølvforsyning» representerer ein viktig del av regjeringa sine mål for utviklingspolitikken om å medverke til samfunns- endring gjennom å kjempe mot ulikskap og å fremje økonomisk utvikling og velferd i utviklingsland.

Strategien er også å lese som eit element i ønsket om å endre dei breiare matsystema som brødfør store delar av befolkninga i verda i dag, men som skapar store utfordringar for samfunnet. Han peikar mellom anna på behovet for meir robuste matsystem som i større grad baserer seg på lokal og nasjonal produksjon.

Vår visjon er, innanfor berekraftige rammer, å fremje ernæringsriktig, lokalprodusert mat som blir foredla og selt lokalt og regionalt, og som medverkar til å auke inntektene til småskalaprodusentar av mat, lokal jobbskaping i verdikjedene og tilgang til sunn mat for folk.

Noreg skal medverke til at ingen blir utelatne. Dette kan vi gjere ved å snu den negative utviklinga for berekraftsmål 2 om å utrydde svolt, oppnå matsikkerheit, betre ernæring og fremje berekraftig landbruk. Det er ein klar samanheng mellom dette målet og dei andre berekraftsmåla.

Utan framgang for målet om å utrydde svolt i verda er det ikkje mogleg å utrydde fattigdom (mål 1), sikre god helse (mål 3), sikre utdanning for alle (mål 4) eller redusere ulikskap (mål 10). Samstundes må vi auke matproduksjonen på ein måte som tek omsyn til bereevna til kloden, mellom anna gjennom fokus på ansvarleg produksjon og forbruk (mål 12), klima (mål 13), livet i havet (mål 14) og livet på land (mål 15). Eit robust klima og mindre øydelegging av miljøet er òg utgangspunktet for å sikre matproduksjonen.

For å oppnå framgang i arbeidet for å utrydde svolt, treng vi òg framgang for andre berekraftsmål, som likestilling (mål 5), reint vatn (mål 6), rein energi (mål 7), anstendig arbeid (mål 8) og innovasjon og infrastruktur (mål 9).

Strategien vil vere eit særleg viktig bidrag til berekraftsmål 1 om å utrydde fattigdom. Vekst i landbruket i utviklingsland er tre gongar meir effektivt for å redusere ekstrem fattigdom enn vekst i andre sektorar, og i Afrika sør for Sahara kan veksten i landbruket vere opptil elleve gongar meir effektiv for å redusere ekstrem fattigdom enn vekst i andre sektorar.20 For å oppnå dette er det sentralt med fungerande marknadsmekanismar og investeringar i privat sektor.

«Kraftsamling mot svolt» utgjer difor ein viktig del av den breie norske satsinga på 2030-agendaen for berekraftig utvikling. Menneskerettane, Parisavtala om klima, Sendai-rammeverket for katastrofeførebygging og det komande nye

FN-rammeverket for biologisk mangfald utgjer den internasjonale ramma for denne strategien.

Strategien skal medverke til å nå dei følgjande måla:

  • Lokal klimarobust matproduksjon er auka
  • Lokal verdiskaping og auka inntekt for matprodusentar er oppnådd
  • Feil- og underernæring er redusert
  • Omfanget av svoltkriser er redusert

I gjennomføringa av strategien skal vi sjå til relevante styringsdokument som har skjeringspunkt med «Kraftsamling mot svolt». Følgjande strategiar og handlingsplanar er særleg viktige:

  • Klima, sult og sårbarhet: Strategi for klimatilpasning, forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse
  • Strategi for norsk humanitær politikk: Handlekraft og helhetlig innsats
  • Strategi for norsk innsats i Sahelregionen
  • Handlingsplanen for kvinner, fred og sikkerhet
  • Likestilling for alle: Styrket innsats for inkludering av personer med nedsatt funksjonsevne i utviklingspolitikken.

Den planlagde nye handlingsplanen for kvinners rettar og likestilling i utanriks- og utviklingspolitikken og den komande Afrika-strategien blir viktige å sjå til.

Dei globale matsystema er ikkje berekraftige i dag, verken når det gjeld sosial berekraft, klima og miljø eller folke-, dyre- og plantehelse. Denne strategien støttar opp under eit breiare globalt arbeid med å endre måten matsystema våre fungerer på. Strategien utgjer regjeringa sin spissa innsats for å endre matsystema i utviklingsland.

Noreg skal medverke til auka matsikkerheit gjennom ein spissa innsats, der vi knyt saman norsk kompetanse på ulike felt (sjå boks 3).

Kunnskapsprogram

Kunnskapsbanken har som føremål å styrkje kompetansen og kapasiteten i offentlege institu- sjonar gjennom langsiktig kunnskapssamarbeid. Fleire av kunnskapsprogramma er særleg viktige for å følgje opp denne strategien.

Landbruk for utvikling tek formell plass som eit nytt program i Kunnskapsbanken tidleg i 2023. Norske offentlege institusjonar er sentrale partnarar i samarbeidet, men desse vil bli sup- plerte med andre kunnskapsmiljø for å kunne tilby ein brei kompetansebase i samarbeidet med partnarland. Kunnskapsbanken vil òg kunne trekkje på kompetanse i multilaterale organisasjonar, internasjonale forskingsinstitutt, sivilsamfunnsorganisasjonar, bondeorganisasjo- nar og private selskap.

Fagfelt og innsatsområde er baserte på behov og etterspurnad i kvart land, men dei følgjande innsatsområda vil bli prioriterte i første omgang:

  • Rammevilkår: Utforming og handheving av lover og reguleringar, organisering og sosial dialog, tilrettelegging for organisering av bøn- der, oppretting av samvirke og rettar knytte til bruk av eigne såfrø. Tilrettelegging for lokale, nasjonale og regionale verdikjeder på måtar som varetek lokale matprodusentar.
  • Kompetansebygging med vekt på fagfelt innanfor Éi helse. Dette omfattar klimarobust landbruk, varsling og respons på dyre- og plantesjukdomar og skadedyr, integrert plantevern, antimikrobiell resistens, veterinær- tenester knytte til matproduksjon, jord-, vatn-, og økosystemhelse, mattryggleik og ernæring.
  • Betre kunnskapsgrunnlag gjennom styrkt nasjonal kapasitet til innsamling, analyse og bruk av data knytte til landbruk og matsikker- heit.

Fisk for utvikling blei etablert i 2016 og skal hjelpe utviklingsland med å sikre berekraftige fiskeri og økosystem gjennom å dele norske røynsler og norsk kompetanse.

Hav for utvikling blei etablert i 2019 og har som overordna mål å medverke til ein styrkt, berekraftig og inkluderande havøkonomi i utviklingsland.

Småskalaprodusentar av mat er ryggrada i lokal matsikkerheit. Men paradoksalt nok er denne gruppa mest utsett for svolt og feilernæring. Difor vil Noreg fokusere på småskalaprodusentar av mat.

Vi vil særleg fokusere på følgjande:

  • Å identifisere dei mest relevante samarbeids- partnarane for ulike satsingar, og å byggje relevante
  • Å støtte opp under nasjonale planar og strategiar for matsikkerheit, berekraftig utvikling, utvikling av jordbruk, fiskeri og oppdrett. Dette omfattar FNs nasjonale rammeverk, pan-afrikanske strategiar som Malabo-deklarasjonen om landbruksvekst frå 2014 og nasjonale strategiar og handlingsplanar for matsikkerheit eller matsystem.
  • Å arbeide for at ulike tematiske satsingar støttar opp om Der til dømes manglande energitilgang hindrar effektiv matproduksjon og lokale verdikjeder, vil vi arbeide for å kople investeringar i energi med tiltak for matsikkerheit. Gjennomføringa av strategien skal òg medverke til å fremje kvinners rettar og likestilling i tråd med den nye handlingsplanen på feltet.
  • Å styrkje ein heilskapleg innsats og førebygging i arbeidet med I dei seinare åra har Noreg styrkt den tidlege varslinga av ekstremvêr og den varslingsbaserte innsatsen. Likevel er det framleis behov for å skalere opp og auke kvaliteten på slik innsats, og for å kople humanitær assistanse og langsiktig bistand betre i praksis.
  • Å leggje til rette for auka samarbeid med sivilsamfunnet og den private Når det gjeld sivilsamfunnet, vil vi ta sikte på eit tettare samarbeid for å oppnå dei ønskte resultata. Når det gjeld den private sektoren, vil vi opne for risikoreduserande tiltak for å leggje til rette for private investeringar på område som er viktige for å gjennomføre strategien. Vi vil òg arbeide for å styrkje dei førnemnde aktørane si rolle i Komiteen for global matsikkerheit (CFS).
  • At strategien skal gje synlege For å kunne dokumentere resultat og justere innsatsen vil vi integrere følgjeforsking og effektevaluering i sentrale satsingar der dette er relevant.

Strategien vil vere førande for den breie norske innsatsen gjennom FN, utviklingsbankane og globale fond. Han vil bli lagt til grunn for det bilaterale engasjementet vårt for matsikkerheit i partnarland21 og andre utviklingsland med matsikkerheitsutfordringar og i engasjementet vårt med næringslivet og sivilsamfunnet.

Det norske samarbeidet med Den afrikanske unionen (AU) står sentralt i gjennomføringa av strategien.

AU er ein viktig regional aktør, og avgjerder i AU spelar ei stadig viktigare rolle for normsetjing og politikkutvikling på landnivå. Dette gjeld òg innanfor matsikkerheit og ernæring. Noreg vil medverke til å følgje opp strategiar og planar som er vedtekne i AU, til dømes Malabo-deklarasjonen. Noreg vil òg vidareutvikle dialogen om matsikkerheit og ernæring med AU og med utviklingskontoret til AU (AUDA-Nepad).

Regjeringa vil kraftsamle innsatsen og etablere fem særskilte satsingsland for matsikkerheit i Afrika sør for Sahara: Ghana, Malawi, Mosambik, Sør-Sudan og Tanzania.

Satsingslanda er valde ut fordi dei har store matsikkerheitsutfordringar og er partnarland der vi alt har eit godt utgangspunkt, mellom anna gjennom omfattande samarbeid innanfor landbruk og/eller fiske/akvakultur. Det finst òg ein godt etablert dialog med nasjonale styresmakter og med lokale og multilaterale aktørar, og det er mogleg å styrkje innsatsen.

Status som satsingsland inneber auka politisk dialog og samarbeid, både med nasjonale styresmakter, internasjonale organisasjonar og lokale sivilsamfunnsorganisasjonar. Ambassadane vil følgje opp strategien gjennom bistandsprosjekt og -program. I satsingslanda vil vi leggje særleg vekt på samanheng mellom dei ulike innsatsane våre. Det gjeld både bilateral bistand, støtte gjennom FN og utviklingsbankane, samarbeid med sivilsamfunnet og bruk av norsk kompetanse. I satsingslanda skal ambassadane våre ha god landbruks- og/eller fiskeri- og akvakulturfagleg utviklingskompetanse. Vi vil opprette ei eiga stilling som diplomatisk utsending for å fremje matsikkerheit i Afrika, knytt til ein ambassade i regionen.

Vala av satsingsland utelukkar likevel ikkje at vi òg vil jobbe tematisk i tråd med satsinga i andre land der dette er relevant.

Generelle føringar for strategien

Utviklingspolitikken til regjeringa skal vere forankra i berekraftsmåla, klimamåla og menneskerettane. Dei tverrgåande omsyna i norsk utviklingspolitikk skal liggje til grunn i gjennomføringa av strategien:

  • Menneskerettar
  • Kvinners rettar og likestilling
  • Klima og miljø
  • Antikorrupsjon

Strategien skal ha ei menneskerettsbasert tilnærming, der det vert lagt til rette for at rettshavarane skal kunne krevje rettane sine, og at styresmaktene skal oppfylle desse.

Retten til mat for alle menneske ligg til grunn for arbeidet med gjennomføringa av denne strategien. Retten til mat er uttalt i FNs verdsfråsegn om menneskerettane frå 1948. Retten til mat vart teken opp att i konvensjonen for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar frå 1966. Partane til konvensjonen har plikt til å respektere, fremje og verne retten til mat og til å ta eigna steg for gradvis å innfri retten til tilstrekkeleg mat fullt ut.

Mat som ein menneskerett tilseier at styresmaktene i land der folk svelt, må oppfylle pliktene sine til å sikre mat til innbyggjarane i landet, men det inneber òg at landa må ha føresetnader for å kunne oppfylle desse pliktene. Det er ei rekkje underliggjande årsaker og barrierar som gjer at retten til mat ikkje vert oppfylt i mange land.

Diskriminering og ekskludering av utsette grupper er ofte ei av årsakene. Difor må menneskerettsprinsipp som inkludering, ikkje-diskriminering, ansvarleggjering og deltaking gjennomsyre utviklingssamarbeidet. Dette vil krevje konkrete tiltak for å realisere retten til mat gjennom arbeid mot diskriminerande lover og praksis som ofte fører til skeivfordeling av ressursar. Urfolks rettar, kvinners rettar, arbeidstakarrettar, barns rettar og rettane til personar med nedsett funksjonsevne er sentrale omsyn i gjennomføringa av strategien.

Kvinner står for ein stor del av matproduksjonen til hushaldningane på landsbygda i utviklingsland, spesielt i jordbruket. Difor skal vi ha eit særskilt fokus på kvinners rettar og likestilling i gjennomføringa av strategien (sjå neste underkapittel).

Den globale klimakrisa og konsekvensane for matproduksjon blir rekna for å vere ein vesentleg faktor for konfliktar i åra som kjem. Vi vil legge til grunn handlingsplanen for kvinner, fred og sikkerheit for målsetjingar om inkluderande kunnskap i krisehandtering og i konfliktdemping, der lokale kvinnenettverk og organisasjonar er sentrale.

Klimaendringane gjer det vanskeleg å gjennomføre ei berekraftig utvikling. Dette gjeld ikkje minst for matproduksjon. Øydelegging av miljøet og det biologiske mangfaldet er òg eit trugsmål mot matproduksjon frå jord, vatn og hav. Samstundes kan landbruk, fiskeri og akvakultur òg medverke til å gjere klimaet og miljøet dårlegare.

Ein god del av oppfølginga av strategien vil vere direkte klimaspesifikk. Det gjeld innsatsar som skal medverke til tilpassing til eit endra klima og meir ekstremvêr, og innsatsar som kan førebyggje konsekvensane av klimaendringane. Vi vil prioritere tiltak som støttar opp under det norske målet om å seinast innan 2026 minst tredoble finansieringa til klimatilpassing frå 2020-nivået.

For alle tiltak som er finansiert av norske bistandsmidlar, skal mottakar kunne dokumentere at ei vurdering av moglege miljø- og klimapåverknader, korleis desse eventuelt er tekne hand om, og at matprodusentane kan tilpasse seg eit endra klima, som auka temperatur, tørke og flaum. Vi vil medverke til tiltak som gjer matproduksjonen meir robust i møte med klimaendringar, og som fremjar løysingar som er berekraftige for klima og miljø.

Korrupsjon undergrev berekraftig utvikling. Difor har Noreg nulltoleranse mot korrupsjon. Dette inneber mellom anna at vi og partnarane våre skal vurdere risiko for korrupsjon i kvart einskilt bistandstiltak, og risiko for allmenn utbreiing av korrupsjon.

Private sektor er ein viktig aktør i verdikjeda. Åpenhetsloven22 stiller krav til at større verksemder skal utføre aktsemdsvurderingar med omsyn til grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Dette gjeld òg overfor forretningspartnarar og i heile leverandørkjeda.23 Varetaking av menneskerettane og anstendige arbeidstilhøve er ein føresetnad for berekraftig verdiskaping og for å nå fleire av berekraftsmåla.

Kvinners rolle i matproduksjon

Minst 150 millionar fleire kvinner enn menn opplevde matmangel i 2021.24) Dette er eit aukande gap.25) Kriser rammar særleg kvinner og jenter hardt.

Kvinner og jenter over heile verda står overfor mange kjønnsrelaterte utfordringar. Diskriminering kan følgje av kulturelle normer og praksis, men òg av lover og reglar som påverkar tilgangen dei har til mat og om det er mogleg for dei å amme og produsere mat.

Globalt representerer kvinner 43 prosent av arbeidsstyrken innanfor jordbruk i utviklingsland – dette talet er 50 prosent i det austlege og sørlege Afrika.26) 21 prosent av dei som er sysselsette innanfor fiske og akvakultur globalt, er kvinner, og talet aukar til over 50 prosent når resten av verdikjeda blir inkludert.27) Manglande datagrunnlag om kvinners deltaking i matsektoren inneber at talet truleg er høgare.28) Kvinner har fleire sentrale roller i matproduksjonen, frå foredling og sal av produkt til matlaging og distribusjon i hushaldninga. Likevel blir ikkje kvinnene si rolle i verdikjeda anerkjend på lik linje med rolla til menn. Gjennom eit sterkare fokus på kvinner vil vi òg medverke til at menneske på landsbygda i utviklingsland får auka matsikkerheit og betre ernæring. 

Kvinner sin avgrensa tilgang til produktive ressursar (til dømes land, kreditt og innsatsfaktorar) og tenester fører til lågare produksjon. FAO vurderte i 2010 at dersom kvinner hadde den same tilgangen til slike ressursar og tenester som menn, kunne avlingane ha auka med 20–30 prosent. Likestilling av kvinnelege småbrukarar kunne potensielt ha redusert talet på svoltne menneske i verda med 12–17 prosent.29)

Ikkje alle tiltak som er retta mot småskalaprodusentar av mat, vil automatisk kome kvinner til gode. Vi vil leggje til grunn at kvinner blir høyrde og får ta del i planlegging og gjennomføring av tiltak på lik linje med menn. Vi vil arbeide for at alle våre partnarar har kunnskap om korleis tiltaka verkar på både situasjonen for kvinner og menn. Vi vil krevje data og rapportering om dette.

Vi vil òg investere i målretta tiltak som styrkjer kvinners stilling som matprodusentar.

Amming er eit av dei mest effektive tiltaka for å fremje helse og førebyggje sjukdom, både for barn og mor.30 Amming er berekraftig matproduksjon og medverkar til å nå fleire av berekraftsmåla, og til matsikkerheit. WHO-koden31 for marknadsføring av morsmjølkerstatning og tilskotsblandingar skal bli følgt. Vi vil arbeide for at kunnskap om amming blir del av rettleiinga om ernæring og matsikkerheit.

Rolla til personar med funksjonsnedsetjingar

Klimaendringar, miljøøydeleggingar og redusert matsikkerheit råkar personar med nedsett funksjonsevne særleg hardt. Stigma og fysiske, sosiale og økonomiske barrierar gjer at funksjonshemma ikkje har like gode høve som andre til å ta del i matproduksjonen. Dette råkar funksjonshemma kvinner ekstra hardt. Vi vil arbeide for at personar med funksjonsnedsetjingar og hushaldningane deira får oppfylt rettane sine til nok, trygg og ernæringsriktig mat, og får høve til å ta del i matproduksjonen på lik linje med andre.

Vi vil arbeide med partnarane våre for å inkludere personar med funksjonsnedsetjingar i norskstøtta program.

Rolla til ungdom og unge vaksne

Befolkninga i utviklingsland er mellom anna kjenneteikna av store ungdomskull. I Afrika er mellom 10 og 12 millionar unge vaksne klare for arbeidslivet kvart år, samstundes som det berre kjem til litt over tre millionar nye arbeidsplassar årleg.32 Dette gapet medfører at mange ikkje vil få realisert dei framtidsutsiktene dei ønskjer seg. Mange ønskjer heller ikkje å starte som småskalaprodusentar av mat. For å nytte denne verdifulle arbeidskrafta og medverke til økonomisk vekst kan mellom anna investeringar og støtte til etablering av nye arbeidsplassar i matsektoren gjere matproduksjon meir attraktivt for unge menneske.

Noreg vil arbeide for at ungdom og unge vaksne blir høyrde og inkluderte i prosessar som omfattar dei og framtida deira.

***

20 FAO (2016) The State of Food Insecurity 2015 | The State of Food and Agriculture 2016 | Food and Agriculture Organization of the United Nations (fao.org)

21 Prop. 1S (2022-2023) Proposisjon til Stortinget (framlegg til stortingsvedtak) For budsjettåret 2023. Prop. 1 S (2022–2023) (regjeringen.no)

22 Åpenhetsloven. Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven). (LOV-2021-06-18-99) Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2021-06-18-99

23 Regjeringen.no (2021) Ansvarlig Næringsliv. [Artikkel på nettsida, sist oppdatert: 16.11.2021] Ansvarlig næringsliv - regjeringen.no

24 Bryan, E., Ringler, C. og Lefore, N. (2022) To Ease the World Food Crisis, Focus Resources on Women and Girls. Nature 609: 28-31. To ease the world food crisis, focus resources on women and girls (nature.com)

25 FAO, Ifad, Unicef, WFP og WHO (2022) The State of Food Security and Nutrition in the World 2022. Repurposing food and agricultural policies to make healthy diets more affordable. Rome, FAO. The State of Food Security and Nutrition in the World 2022 (fao.org)

26 FAO (2011) The State of Food and Agriculture. Women in agriculture. Closing the gender gap for development. Roma, FAO. i2050e.pdf (fao.org)

27 FAO (2022) The State of World Fisheries and Aquaculture 2022. Towards Blue Transformation. Rome, FAO. The State of World Fisheries and Aquaculture 2022 (fao.org)

28 Ibid.

29 Ibid., fotnote 26

30 Victora CG, Bahl R, Barros AJ, Franca GV, Horton S, Krasevec J, et al. Breastfeeding in the 21st century: epidemiology, mechanisms, and lifelong effect. Lancet. 2016;387(10017):475-90.

31 World Health Organization. (1981). International code of marketing of breast-milk substitutes. World Health Organization. https://apps.who.int/iris/handle/10665/40382

Del III: Gjennomføring

Illustrasjon - del 3.

«Kraftsamling mot svolt – ein politikk for auka sjølvforsyning» har fire hovudprioriteringar:

  • Betre produktivitet, medrekna redusert produksjonstap, for småskalaprodusentar av
  • Velfungerande lokale verdikjeder og marknader som styrkjer posisjonen til småskalaprodusentar av mat i verdikjeda og legg til rette for små og mellomstore bedrifter.
  • Betre tilgang på sunn, variert og trygg
  • Førebygging og rask heilskapleg

Desse prioriteringane vil leggje føringar for innretninga av dei tiltaka som vi vil støtte for å nå måla i strategien.

Innsatsområde

Produktivitet og produksjonstap

Matproduksjon må vere berekraftig og klimarobust. Vi vil

  • fremje produksjonsmåtar som er tilpassa eit klima i endring, og som tek omsyn til både klima og miljø,
  • prioritere støtte til god agronomi og agroøkologiske tilnærmingar, som fremjar jordkvalitet, jordhelse og berekraftig bruk av jordbruksareala på lang sikt,
  • styrkje både rettleiingstenester, plante- og dyrehelse og veterinærtenester. Arbeid med Éi helse og antimikrobiell resistens og forbruk av antimikrobielle middel er viktige aspekt her (sjå boks 4),
  • fremje innovasjon som medverkar til auka klimarobust produktivitet innanfor landbruk, fiskeri og akvakultur i utviklingsland,
  • medverke til å avgrense utslepp av klimagassar frå matproduksjonen

Innsatsfaktorar, som til dømes såvarer, gjødsel, jordhelse og fôr, er grunnleggjande for å auke produktiviteten. Vi vil

  • ta eit politisk leiarskap for å støtte tilgangen småbrukarar har til gjødsel og effektiv bruk av gjødsel, og kunnskapen om andre tiltak for å betre jordhelsa,
  • styrkje offentleg-private samarbeid, mellom anna i samarbeid med multilaterale partnarar som medverkar til å gjere innsatsfaktorar tilpassa bøndene sine ulike behov meir tilgjengelege,
  • styrkje lokale frøsystem og fremje sortsutvikling, slik at småbrukarar får betre tilgang på frø av god kvalitet, og styrkje rettane deira, mellom anna ved å vidareføre arbeidet med det norske initiativet til FNs toppmøte om matsystem i 2021, som tok utgangspunkt i frøsystemet til småbrukaren,
  • gje det globale frøkvelvet på Svalbard ein sentral plass i det norske bidraget til global matsikkerheit,
  • styrkje arbeidet med planteforedling, husdyravl og forvalting av genetisk mangfald for å auke småskalaprodusentane sin kunnskap om og tilgang til eit større mangfald av sortar og artar for klimarobust matproduksjon,
  • styrkje arbeidet med å redusere helse- og miljørisiko i samband med bruk av kjemiske plantevernmiddel, blant anna ved å leggje vekt på integrert plantevern og alternative metodar.

Éi helse og det multilaterale systemet

FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO), Verdsorganisasjonen for dyrehelse (WOAH), FNs miljøprogram (Unep) og Verdshelseorganisasjonen (WHO) har inngått ei avtale om å styrkje samarbeidet om Éi helse, for å balansere og optimalisere helsa til menneske, dyr, planter og miljø på ein berekraftig måte.

Desse fire organisasjonane er likeverdige partnarar i Éi helse-samarbeidet. Avtala gjev eit juridisk og formelt rammeverk for at dei fire organisasjonane kan arbeide samordna og

integrert i grensesnittet mellom menneske, dyr, planter og økosystem. Eit viktig aspekt i arbeidet er å redusere forbruket av antimikrobielle middel som antibiotika for å førebyggje antimikrobiell resistens.

Mattapet til småskalaprodusentane må reduserast. Vi vil

  • støtte tiltak som spreier kunnskap om plante- og dyrehelse og korleis sjukdom og skadegjerarar best bør bli handtert, mellom anna gjennom digitale løysingar på mobiltelefon,
  • arbeide med partnarar for at kunnskap om og tiltak mot mattap blir inkluderte i rettleiingstenester,
  • medverke til betre kunnskap om klimarobust produksjon, ettersom klimaendringane fører til

Akvatisk mat står sentralt for framtidig matsikkerheit. Vi vil

  • fremje havet som eit viktig matfat og som ein viktig bidragsytar til berekraftige matsystem og matsikkerheit i det internasjonale arbeidet vårt,
  • medverke til at småskalafiskarar kan få eit berekraftig utbyte, og halde fram innsatsen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske,
  • halde fram med å styrkje fiskeri- og akvakulturforvalting og integrert havforvalting i partnarland, mellom anna gjennom kunnskapsprogramma Fisk for utvikling og Hav for utvikling,
  • medverke til at eit oppdatert kunnskapsgrunnlag blir lagt til grunn for ressursforvalting, mellom anna gjennom Nansen-programmet i FAO og arbeidet til Havpanelet (sjå boks 2 og 3),
  • styrkje den norske innsatsen innanfor småskala- akvakultur og tilhøyrande verdikjeder, mellom anna gjennom auka samarbeid med og involvering av norsk næringsliv og norske kompetansemiljø.

I dette arbeidet vil Noreg fremje rettane til og vilkåra for kvinnelege småskalaprodusentar av mat. Vi vil mellom anna støtte opp om endringar i rammevilkåra for kvinner og tilgangen deira til naudsynte ressursar, særleg retta mot tilgang til innsatsfaktorar, finansiering og tilpassa teknologi.

Noreg vil halde fram med å støtte kunnskapsutvikling. Vi vil mellom anna støtte forsking ved universitet og forskingsinstitusjonar i partnarland og gjennom det internasjonale konsortiet for landbruksforsking (CGIAR).

Verdikjeder og marknader

Noreg vil arbeide for å styrkje deltakinga frå småskalaprodusentar i verdikjeda for mat. Dette inneber at vi vil

  • medverke til å auke kunnskapen om og tilgangen til teknologi og foredlingsprosessar,
  • arbeide for å leggje til rette for gode finansieringsordningar for små og mellomstore bedrifter som tek del i verdiskapinga frå hausting og fangst til lokale og regionale marknader,
  • leggje til rette for innovasjon og finansiering som kan gje lokal jobbskaping rundt småskalaproduksjon og -foredling av mat,
  • støtte tiltak som kan betre informasjonsflyten mellom ledda i verdikjeda og støtte utviklinga av matmarknader gjennom digitale verktøy som gjev tilgang til grunnleggjande Dette omfattar òg organisering av produsentsamarbeid og samvirke som medverkar til å auke fortenesta til matprodusenten,
  • medverke til å styrkje posisjonen til småprodusentane i marknaden i møte med uheldig handelspraksis og liknande,
  • leggje til rette for fornybar energi i verdikjedene for å lukkast med ei klimarobust utvikling,
  • engasjere oss i andre initiativ som òg medverkar til å redusere klima- og miljøavtrykket i lokale matverdikjeder.

Organisering av matprodusentar i samvirke og produsenteigde bedrifter kan gje auka inntekt, vere meir føreseieleg og føre til større verdiskaping. Vi vil

  • bidra med støtte til organisering av småskalaprodusentar i større einingar, som bondeorganisasjonar, fiskarorganisasjonar eller samvirke og innkjøpsfellesskap, innanfor ramma av nasjonal Programmet Landbruk for utvikling er eitt verkemiddel,
  • støtte og medverke til tilrettelegging for å opprette kvinneleidde samvirke eller bondeorganisasjonar og fiskarorganisasjonar,
  • fremje sosial dialog som kan gje deltaking og medverknad, og som legg vekt på rammevilkåra for småskalaprodusentar. Dette er ein viktig del av ei menneskerettstilnærming. Bondeorganisasjonar har til dømes ei viktig rolle både som bøndene si lokale røyst overfor styresmakter og gjevarar, og for å spreie kunnskap om lokalt tilpassa dyrkingsmetodar og andre landbruksfaglege spørsmål.
Illustrasjon - matsikkerheit.

Bønder er sjølvstendig næringsdrivande, og private investeringar i landbruket er avgjerande for matsikkerheita. Vi vil

  • medverke til at utviklingsbistanden blir nytta katalytisk for å mobilisere privat kapital,
  • styrkje verkemidla som legg til rette for næringsutvikling og målretta innsats med risikoreduserande tiltak for auka kommersielle og berekraftige investeringar i matsektoren, mellom anna gjennom Norfund (sjå boks 5),
  • leggje til rette for at norsk teknologi og kompetanse og norske løysingar innanfor jordbruk, fiskeri og oppdrett kan spele ei rolle for lokal matproduksjon og foredling, der det er føremålstenleg og er eit ønskje lokalt,
  • stimulere til eit meir effektivt offentleg-privat Noreg vil mellom anna støtte eit offentleg-privat partnarskap for å kartleggje jordsmonnet i utviklingsland og gjere resultatet ope tilgjengeleg på digitale plattformer. Dette for å medverke til ein meir effektiv bruk av ulike typar gjødsel, betre jordhelse og regenerativt landbruk.

Norfunds investeringer i landbruk

Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland (Norfund) investerer mellom anna i matproduksjon og landbruk. Å lukkast med investeringar i landbruk er med på å motverke fattigdom gjennom nye jobbar, auka inntekter, klimatilpassing og betre matsikkerheit. Dette er ein krevjande sektor der risikoen er høg, samstundes som den finansielle avkastinga ofte er mindre. Difor er det eit stort behov for meir risikovillig kapital enn det som er tilgjengeleg i marknaden.

Gjennom direkte investeringar i bedrifter som produserer og foredlar mat, medverkar Norfund til meir effektiv produksjon og lettare tilgang til lokale marknader og/eller eksport. Ofte blir det innført kontraktsdyrking for småbrukarar i kombinasjon med eigen produksjon, noko som gjev ein sikrare marknadstilgang. Dei siste åra har Norfund i større grad investert i bedrifter som skapar marknad for småbrukarar og fiskeoppdrettarar. I tillegg når Norfund fram til mindre bedrifter gjennom fondsinvesteringar. Lokale fondsforvaltarar har eit tettare tilhøve til småbrukarane enn det Norfund sjølv har. Dei kan dessutan gje lån til småbønder. Dette gjer at småbøndene kan investere i alt frå nye reiskapar og frøsortar til kunstgjødsel og vatning. Dermed kan småbøndene auke produktiviteten og gjere produksjonen meir klimarobust. Ved hjelp av eigarskap i og lån til bankar og mikrofinansinstitusjonar medverkar Norfund til å utvikle låneprodukt som er retta direkte mot landbruket.

Feil- og underernæring

Det er viktig med meir kunnskap om variert og ernæringsriktig matproduksjon. Dette er mellom anna i tråd med Roma-erklæringa om ernæring33 og FNs ernæringstiår34. Vi vil bidra til dette, mellom anna gjennom lokale rettleiingstenester. Innsatsen for at småprodusentar kan produsere nok, trygg og sunn mat vil kunne føre til betre ernæring, både for hushaldningane og for at meir ernæringsriktig mat blir tilgjengeleg på marknaden.

Auka inntak av akvatisk mat vil føre til både betre ernæring og til matsikkerheit generelt.35 Vi vil difor arbeide aktivt for å auke forbruket av akvatisk mat som er lokalt fanga og produsert, mellom anna gjennom den norske leiarrolla i Det globale handlingsnettverket for berekraftig mat frå hav- og innlandsvatn for matsikkerheit og ernæring.

Auka mattryggleik er eit viktig ernæringstiltak. Det er eit stort behov for å etablere og oppdatere regelverka for mattryggleik i utviklingsland. Vi vil arbeide for å styrkje regelverk og nasjonale mattilsyn, mellom anna gjennom Landbruk for utvikling.

Kvinner har den sentrale rolla når det gjeld å sikre god ernæring for dei yngste barna og resten av hushaldninga. Kvinner kan bryte mønsteret der feilernæring går i arv gjennom generasjonar. Sjølv om hovudproblemet i utviklingsland er mangel på nok og sunn mat, går utviklinga her òg meir og meir i retning av eit usunt kosthald. Difor vil vi særleg arbeide for at partnarane våre inkluderer kunnskap om amming og ernæringsriktig mat.

Sosiale tryggingsnett er viktig for å styrkje ernæringa blant dei mest utsette gruppene. Difor vil Noreg styrkje sosiale tryggingsnett som til dømes ernæringstiltak som er spesifikt retta mot barn, medrekna barn med funksjonsnedsetjingar. Vi vil òg vidareføre støtta til program for lokalt produsert skulemat (sjå boks 6). Det er òg eit mål at norsk støtte til slike skulematprogram skal innehalde komponentar for å rettleie og spreie kunnskap og informasjon om sunt kosthald. Sosiale tryggingsnett kan i tillegg vere eit tiltak som kan bidra til å skape lokal etterspurnad etter variert og sunn mat.

Barn og vaksne med funksjonsnedsetjingar og andre marginaliserte menneske blir råka særleg hardt ved manglande matsikkerheit. I tillegg kan manglande tilgang på tilstrekkeleg og sunn mat føre til underernæring, noko som kan føre til veksthemming og funksjonsnedsetjingar. Vi bør innrette vår innsats i kampen mot feil- og underernæring slik at han sikrar at desse gruppene vert inkluderte. Vi vil òg medverke til å redusere veksthemming blant barn ved å vidareføre støtta til utvikling av nasjonale ernæringsplanar.

Ernæring krev tverrsektorielle tilnærmingar. Mat, folke-, dyre- og plantehelse, likestilling, og utdanning er relevant for ernæringsarbeidet. Difor vil vi styrkje koplinga mellom anna mellom arbeid med feil- og underernæring og satsinga vår på global helse og arbeidet med å styrkje nasjonale helsesystem.

Skadeleg luftforureining i samband med matlaging må reduserast. Vi vil vidareføre støtta til tiltak som kan erstatte bruken av tradisjonelle omnar og open eld til matlaging, som forureinar mykje. Vi vil sjå tiltak på dette området i samanheng med innsatsen vår for god helse og fornybar energi.

Sosiale tryggingsnett

Sosiale tryggingsnett er ordningar som skal medverke til å gje befolkninga betre levekår og gjere dei mindre sårbare, både økonomisk og sosialt. Slike ordningar er viktige verkemiddel i langsiktige strategiar for utvikling og fattigdomsreduksjon. Samstundes er sosiale tryggingsnett element i ein tidleg og førebyggjande innsats og i kriserespons.

For matsikkerheitsarbeidet spelar sosiale tryggingsnett ei rolle både for produksjon, ernæring og i ein heilskapleg innsats. Fleire studiar viser at sosiale tryggingsnett kan føre til auka tilgang på mat og medverke til matstabilitet og matkonsum. Kontantutbetalingar kan vere ein del av sosiale tryggingsnett. Andre studiar viser at kontantoverføringar har ein positiv effekt på svolt og matsikkerheit.36 37

Skulematprogram utgjer eit sosialt tryggingsnett som er særleg viktig for fattige og sårbare barn og familiar. Slike program fører til gode resultat i samband med læring, ernæring og helse for barn:38

  • Når barn får eit fast måltid med ernæringsriktig mat på skulen, er dette til hjelp for å førebyggje feil- og underernæring.
  • Skulemat fører til auka deltaking i skulen, og til at fleire barn byrjar og held fram på Dette er særleg viktig for jenter, som ofte er dei første som vert tekne ut av skulen. Betre ernæring kan òg føre til auka læringsutbyte.
  • Skulemat medverkar til stabilitet og auka motstandskraft under og etter kriser, og er spesielt viktig for jenter og for barn med 39Pandemien synte kor avhengige mange barn er av maten dei får på skulen. Då skulane stengde, gjekk ikkje barna berre glipp av undervisning og oppfølging frå skulen. For svært mange innebar det òg at dei mista dagens einaste måltid.
  • Skulematprogram med lokalprodusert mat gjev lokale matprodusentar ein føreseieleg marknad for produkta sine, noko som gjev stabil inntekt, fleire investeringar og høgare Denne typen program fremjar dessutan god ernæring, utdanning og betre matvanar, og oppmuntrar til spreiing i produksjonen med spesiell vekt på lokale avlingar, slik at bøndene får større motstandskraft mot konsekvensane av klimaendringar.

Førebygging og heilskapleg innsats for matsikkerheit

Den politiske og miljømessige situasjonen påverkar matsikkerheita. Mykje av innsatsen vil gå føre seg i land som er særleg sårbare. Det kan dreie seg om land som er prega av både konflikt og klimaendringar, som til dømes Sør-Sudan, eller land som er særleg utsette for klimaendringar, som Malawi. Vi vil difor tilpasse bruken av verkemiddel og val av partnarar avhengig av kontekst.

Det trengst betre samspel mellom humanitær innsats og langsiktig bistand. Noreg vil styrkje eit slikt samspel i vår eigen innsats og vere ein pådrivar for dette internasjonalt. Vi skal òg vere ein pådrivar for auka samhandling mellom FN-organisasjonane og dei multilaterale utviklingsbankane for å sikre koordinering og synergiar mellom humanitær innsats og langsiktig utviklingsinnsats. Medan humanitær innsats skal redde liv og lindre naud i tråd med dei humanitære prinsippa, har langsiktig utviklingsarbeid og fredsinnsats som føremål å gjere noko med dei grunnleggjande årsakene til konflikt og sårbarheit.

Dette er avgjerande for å redusere dei humanitære behova over tid (sjå boks 7). Den humanitære innsatsen må i større grad medverke til å støtte opp om langsiktig matproduksjon og lokale leverandørar der det er mogleg.

Heilskapleg innsats

Matassistanse og kamp mot svolt utgjer ein stor del av den norske humanitære bistanden. Vi gir mykje av denne støtta til Verdas matvareprogram (WFP), som i stadig større grad legg opp til å sjå humanitær matvareassistanse i samanheng med førebygging og bygging av motstandskraft på landnivå, og kjøpe inn råvarer og mat frå lokale produsentar. I 2021 kjøpte WFP inn 117 000 tonn mat og råvarer frå småskalabønder i 27 land – tre gongar meir enn i 2019.

Sidan 2014 har WFP samarbeidd med styresmakter, næringsliv, akademia og lokale organisasjonar om eit omfattande program for bygging av motstandskraft i 2000 landsbyar i Niger. Programmet når ut til 1,8 millionar menneske med usikker mattilgang. Betre utnytting av landbruksjord, kompostering, varslingstenester, klimatilpassingar og lokal marknadstilgang skapar auka matproduksjon og levebrød for befolkninga. Då den største svoltkrisa i nyare tid råka Niger i 2022, klarte 80 prosent av landsbyane som tok del i programmet, seg heilt utan humanitær bistand, i motsetnad til landsbyar i dei same områda som ikkje hadde teke del i programmet. Om lag 500.000 menneske i Niger unngjekk svoltkrise i 2022 takka vere dette programmet

Vi vil styrkje synergien i vår bruk av verkemiddel. Utanriksdepartementet samlar ansvaret for dei tre sentrale FN-organisasjonane for matsikkerheit, FAO, Ifad og WFP, under utviklingsministeren sitt konstitusjonelle ansvar. Dette vil leggje til rette for styrka samhandling og synergi på matsikkerheitsfeltet.

Det er behov for raske avgjerder og samhandling med humanitær innsats. Det er ønskjeleg å raskt kunne innrette ein langsiktig innsats for matsikkerheit i humanitære svoltkriser. Døme på dette kan vere å bidra med tilpassa såfrø, fôr, veterinærtenester, osv. for å halde den lokale matproduksjonen i gang og redusere omfanget av framtidige humanitære kriser. For å kunne vareta desse omsyna, vert det sett av midlar frå matsikkerheitsløyvinga til innsats innanfor matsikkerheit som støttar opp om den humanitære innsatsen vår. Departementet vil avgjere bruk av desse midlane, som Norad skal forvalte. 

Det er avgjerande å kunne føresjå svoltkriser og handle tidleg. Dei fleste svoltkriser er det mogleg å varsle om på førehand, og den beste responsen er som oftast førebygging og tidleg innsats. Vi vil medverke til å førebyggje svoltkatastrofar og svoltkriser ved å styrkje mekanismar for tidleg varsling og tidleg handling.

Førebygging, beredskap og tidleg respons er avgjerande for å redusere konsekvensar av svoltkriser. Vêrvarsling kan medverke til utviklinga av framtidsanalysar og prognosar for å varsle kriser og moglege effektar av dei.

Samarbeidspartnere

Sivilsamfunnsorganisasjonar arbeider ofte direkte med matprodusentar, og er difor sentrale i å få bistanden fram til matprodusentane. Dei kan ofte vere gjennomføringspartnarar for multilaterale organisasjonar, og dei har evne til å nå grupper som ikkje andre aktørar når. Noreg gjev støtte både til norske og internasjonale organisasjonar. Fleire organisasjonar har representasjon eller søsterorganisasjonar i dei norske partnarlanda og satsingslanda, og fleire har separate avtaler med utanriksstasjonane.

Bondeorganisasjonar og fiskarorganisasjonar spelar fleire viktige roller. Dei er både interesseorganisasjonar overfor styresmakter og andre aktørar, og dei yter tenester til produsentane i form av til dømes rådgjeving, og ikkje minst, dei har felles forhandlingskraft i verdikjeda. Produsentorganisasjonar og samvirke spelar ei sentral rolle i å styrkje bøndene si stilling i verdikjedene.

Den private sektoren er instrumentell i verdikjedene rundt matprodusentane. Private bedrifter leverer innsatsfaktorane som matprodusentane treng, og dei medverkar til å foredle og omsetje varene deira. Leverandørar av innsatsmiddel som såfrø, plantevernmiddel, gjødsel, fôr, vaksinar og annan infrastruktur kan vere store internasjonale selskap, men handelsledda ned til produsentane kan vere samansette av nasjonale eller lokale aktørar.

I utviklingsland omfattar verdikjedeaktørane hovudsakleg små og mellomstore lokale bedrifter. Samarbeid med den private sektoren i bistandsarbeidet kan føre til betre vilkår både for produksjon og sal av mat.

Dei norske utanriksstasjonane er viktige for fremje politikk overfor og dialog med nasjonale styresmakter og multilaterale organisasjonar. I tillegg har stasjonane dialog med sivilsamfunnet, bonde- og fiskarorganisasjonar, samvirke, næringsliv og akademia lokalt. Ambassadane våre har ei sentral rolle når det gjeld å følgje opp strategien og medverke til å få fram resultat på bakken, både i dei norske satsingslanda og i andre partnarland der vi har tiltak for matsikkerheit.

Gjennom multilaterale partnarar tek Noreg del i eit globalt fellesskap som kan medverke til å løfte ein felles og heilskapleg innsats. FN og utviklingsbankane er kunnskapssenter som legg grunnlaget for politikkutvikling og har tett dialogmed styresmaktene i landa. FN-organisasjonane er dessutan berarar av viktige normer og standardar. Dei viktigaste organisasjonane som hovudsakleg arbeider med matsikkerheit, er dei tre FN-organisasjonane i Roma, FAO, Ifad og WFP (sjå boks 8). Verdshelseorganisasjonen (WHO), FNs utviklingsfond (UNDP) og FNs barnefond (Unicef) er andre FN-organisasjonar som arbeider med ernæring og matsikkerheit innanfor sine mandat.

Dei multilaterale utviklingsbankane står for ein viktig del av den kollektive internasjonale innsatsen for matsikkerheit i utviklingsland. Verdsbanken sitt fond for dei fattigaste landa (IDA) medverkar til regionale og landspesifikke innsatsar innanfor landbruk, sosiale tryggingsnett og andre prosjekt som påverkar matsikkerheita. På det afrikanske kontinentet er Den afrikanske utviklingsbanken og organisasjonar under Den afrikanske unionen (AU) viktige samarbeidspartnarar.

I tillegg støttar Noreg store innsatsar gjennom ei rekkje globale fond, som Det grøne klimafondet (GCF), Det globale programmet for landbruk og matsikkerheit under Verdsbanken (GAFSP) og Det globale miljøfondet (GEF).

FNs matorganisasjonar med hovudkvarter i Roma

FAO – FN-organisasjonen for ernæring og landbruk – skal medverke til å betre ernæringa, auke produktiviteten og berekrafta i jordbruk og fiskeri, heve levestandarden til befolkninga på landsbygda og medverke til global økonomisk vekst. FAO er primært ein normativ organisasjon som utviklar rettleiarar og standardar for alle land i verda og hjelper landa med å setje i verk kunnskapsbasert nasjonal politikk.

Organisasjonen har om lag 125 landkontor og gjennomfører program saman med dei nasjonale styresmaktene i samband med matsikkerheit. FAO tek òg del i humanitære situasjonar der organisasjonen yter hjelp med til dømes såfrø og fôr som held matproduksjonen i gang når krig eller naturkatastrofar råkar.

Ifad – Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling – skal medverke til å sikre at menneske på landsbygda i låg- og mellominntektsland har betre matsikkerheit, ernæring og inntekt. IFAD gjev både lån og gåvebistand til dei nasjonale styresmaktene for å gjennomføre utviklingsprosjekt innanfor landbruk. Organisasjonen har eit klart fokus på dei fattigaste og mest sårbare landa og befolkningane.

WFP – Verdas matvareprogram – skal medverke til å redde liv og endre liv gjennom å gje matbistand og hjelpe lokalsamfunn og nasjonale styresmakter med å byggje kapasitet for betre motstandskraft. Organisasjonen er den største humanitære organisasjonen i verda. Organisasjonen har eit mandat som dekkjer både humanitær innsats og langsiktig utvikling.

Om lag 80 prosent av ressursane til WFP går til humanitær respons, medan 20 prosent vert nytta til å byggje motstandskraft og motverke underliggjande årsaker til svolt.

CFS – FNs komité for global matsikkerheit – er eit sentralt forum for politikkutvikling og ein møteplass for deltakarar frå sivilsamfunn, næringsliv, multilaterale organisasjonar og forskingsinstitusjonar. CFS held hus i FAO og har mellom anna utarbeidd frivillige retningslinjer for politikkutforming på område som retten til mat, landrettar, landbrukssystem, fiskeriforvalting og berekraftige matsystem.

Den offentlege sektoren i utviklingsland er sentral. Offentlege styresmakter utformar rammevilkåra for matsektoren og står for andre politiske avgjerder.

Gjennom Kunnskapsbanken vil norske offentlege institusjonar og andre fagmiljø tilby kunnskap og røynsle for å styrkje offentlege partnarar i land som vi samarbeider med (sjå boks 3).

Akademia og forskingsinstitusjonar i Noreg og i utviklingsland utviklar ny og relevant kunnskap for gjennomføringa av strategien. Som del av bistandsinnsatsen har Noreg hatt samarbeidsprogram mellom norske og utanlandske universitet i over femti år, mellom anna landbruksuniversitet. CGIAR og andre sentrale landbruksforskingsinstitusjonar medverkar til kunnskapsgrunnlaget for utforming av politikk innanfor matsikkerheit, landbruk, fiske og skog.

CGIAR-institutta har forgreiningar i fleire land og medverkar til å utvikle og formidle ny relevant kunnskap.

***

33 FAO og WHO (2014) Second international conference on nutrition, Rome, 19-21 November 2024, Conference outcome document: Rome Declaration on nutrition, FAO. ml542e.pdf (fao.org)

34 FNs ernæringstiår. Decade of Action on Nutrition | (un.org).

35  HLPE 2014: Sustainable fisheries and aquaculture for food security and nutrition. A report by the High Level Panel of Experts on Food Security and Nutrition of the Committee on World Food Security, Rome 2014

36 FAO, Ifad, Unicef, WFP og WHO (2022) The State of Food Security and Nutrition in the World 2022. Repurposing food and agricultural policies to make healthy diets more affordable. Roma, FAO. The State of Food Security and Nutrition in the World 2022 (fao.org)

37 FAO, Ifad, Unicef, WFP og WHO (2018) The State of Food Security and Nutrition in the World 2018. Building climate resilience for food security and nutrition. Roma, FAO. The State of Food Security and Nutrition in the World 2018 (fao.org)

38 Aurino, E., Gelli, A., Adamba, C., Osei-Akoto, I. og Alderman, H. (2020) Food for Thought? Experimental Evidence on the Learning Impacts of a Large-Scale School Feeding Program. Journal of Human Resources. Food for thought? Experimental Evidence on the Learning Impacts of a Large-Scale School Feeding Program (uwpress.org)

39 ECW (2022) Achieving Results: A New Way of Working. Strategic plan 2023-2026. New York, ECW. f_ecw1016_strategic_report.pdf (educationcannotwait.org)

Del IV: Regjeringa si kraftsamling mot svolt

Illustrasjon - del 4.

Denne strategien for matsikkerheit fortel korleis regjeringa vil prioritere i kampen mot svolt i utviklingspolitikken. Noreg kan ikkje gjere alt, men vi skal samle oss om område der vi har føremonar og kan medverke til at fleire menneske får nok, trygg og ernæringsriktig mat. Her oppsummerer vi dei viktigaste, overordna grepa i denne kraftsamlinga. 

Regjeringa vil:

  • Ta ei internasjonal leiarrolle for matsikkerheit, auka sjølvforsyning og nasjonal matsuverenitet og småskalaprodusentane si rolle i å styrkje berekraftige Vi vil medverke til høgare internasjonal politisk merksemd, mobilisere ressursar og fremje måla i strategien i det multilaterale engasjementet vårt.
  • Fokusere på småskalaprodusentane av mat. Vi vil medverke til at småbrukarar, småskalafiskarar og -oppdrettarar kan organisere seg betre, at dei har tilgang til betre innsatsfaktorar og teknologi i møte med klimaendringar, og at vi styrkjer verdikjedene til lokale marknader.
  • Fremje klimarobust matproduksjon, medrekna naturbaserte løysingar for karbonopptak og lagring. Småbønder og småskalafiskarar og -oppdrettarar skal få tilgang til kunnskap om klimatilpassing, genetiske ressursar og teknologi, slik at dei kan produsere under endra klimatilhøve.
  • Forankre arbeidet vårt i menneskerettane. Vi vil leggje til rette for at rettshavarar skal kunne krevje rettane sine, og at styresmaktene skal kunne oppfylle desse og realisere retten til mat.
  • Styrkje kvinnene som matprodusentar og som aktørar i heile verdikjedene og i matsystema. Vi vil krevje at det vert lagt vekt på likestilling ved gjennomføringa, og at partnarane våre rapporterer på korleis innsatsen verkar inn på kvinner og menn.
  • Arbeide globalt, men konsentrere innsatsen som er geografisk innretta i Afrika sør for Sahara. Vi vil fokusere på Ghana, Malawi, Mosambik, Sør-Sudan og Tanzania som særlege satsingsland og styrkje kompetansen for matsikkerheit i Afrika og ved ambassadane våre i desse fem landa. Vi vil styrkje den politiske dialogen med styresmaktene, med FN og med utviklingsbankane i desse landa. I gjennomføringa av strategien vil det òg bli lagt vekt på andre samarbeidsland som har usikker mattilgang.
  • Auke verdiskaping og næringsutvikling. Vi vil styrkje dei lokale verdikjedene, slik at overskot kan bli selt på dei lokale Vi vil leggje til rette for private investeringar som elles ikkje ville vore moglege på grunn av høg risiko, mellom anna gjennom investeringane til Norfund i landbruksnæringa, tilskotsordningane til Norad og dei risikoreduserande tiltaka til utviklingsbankane.
  • Samarbeide meir systematisk med sivilsamfunnet og med bonde- og Vi vil setje av særskilte budsjettmidlar for at norske og internasjonale sivilsamfunnsorganisasjonar kan følgje opp måla i strategien.
  • Føre saman norsk kompetanse som er Gjennom Landbruk for utvikling vil vi betre rammevilkåra, byggje kompetanse og styrkje kunnskapsgrunnlaget i utvalde land. Strategien vil òg følgjast opp i Fisk for utvikling og andre relevante program i Kunnskapsbanken.
  • Støtte opp under digitale løysingar og tilpassa Vi vil mellom anna leggje til rette for betre og meir tilgjengelege system for vêrvarsling og analyse av jordsmonn, marknader og dyre- og plantehelse.
  • Fremje sosiale tryggingsnett. Vi vil vere pådrivarar for å auke bruken av kontantoverføringar og støtte program for lokalprodusert skulemat for betre ernæring.
  • Førebyggje Vi vil styrkje ordningar for tidleg varsling. Vi vil støtte innovative finansieringsordningar, til dømes gjennom varslingsbasert finansiering og forsikringar. Slike ordningar kan sikre at småskalaprodusentar av mat får rask og føreseieleg betaling, til dømes ved skade og ekstremvêr.
  • Samle arbeidet med matsikkerheit. Vi vil samle ansvaret for oppfølginga i Utanriksdepartementet av alle FN-organisasjonane for matsikkerheit ved at utviklingsministeren tek over det konstitusjonelle ansvaret for Verdas matvareprogram (WFP).
  • Styrkje rask og heilskapleg matinnsats. Vi vil leggje til rette for eit godt samspel mellom humanitære innsats og langsiktige bistand. Vi vil setje av eigne midlar slik at vi kan reagere raskt og på ein heilskapleg måte for å avverje varsla svoltkriser. Vi vil vere pådrivarar for at humanitære aktørar støttar opp om langsiktig matproduksjon og lokale leverandørar der det er mogleg.
  • Ha dialog om oppfølginga av strategien med sivilsamfunnet, bonde- og fiskarorganisasjonar, næringslivet og Utviklingsministeren har oppretta eit eige dialogforum for matsikkerheit, som vil bli nytta til å ha jamleg dialog om korleis strategien og relaterte tema skal følgjast opp framover.
  • Styrkje det interdepartementale Vi vil jamleg samle relevante departement til diskusjon om gjennomføringa av denne strategien, spesielt med tanke på å sikre koplingar mellom norsk engasjement i mellomstatleg samarbeid og utviklingspolitikken.

Sentrale omgrep

Agronomi er landbruksfagleg kunnskap om jordbruk og jordkultur.

Agroøkologiske tilnærmingar byggjer på 13 økologiske, sosiale og økonomiske prinsipp 40) som hjelp til at jordbruk og matproduksjon kan bli meir robust. Prinsippa er opne for å tilpassast ut ifrå føresetnadene for den einskilde staden, og er relevante for fleire typar matproduksjon, medrekna åkerbruk, husdyrhald og beitebruk, akvakultur og fiskeri.

Akutt usikker mattilgang er ein tilstand der ein person ikkje får tilgang til nok, trygg og sunn mat for normal vekst, normal utvikling og eit aktivt og sunt liv.

Akvakultur omfattar oppdrett og dyrking av alle slags organismar i vatn.

Akvatisk mat er all mat frå hav, elvar, innlandsvatn og akvakultur.

Antimikrobiell resistens / Antimikrobielle middel er når bakteriar utviklar motstand mot antibiotika. Overforbruk og feil bruk av antibiotika kan føre til utvikling av resistente bakteriar.

Éi helse er eit samleomgrep om samanhengane og den innbyrdes avhengigheita mellom menneske, dyr, planter og deira felles miljø. Antimikrobiell resistens er ein viktig del under Éi helse. 

Feilernæring viser til ein tilstand som er resultat av for lågt, for høgt eller ubalansert inntak av energi og/eller mikronæringsstoff. Feilernæring omfattar underernæring (veksthemming, avmagring og undervekt), mangel på mikronæringsstoff og overvekt/fedme.

Heilskapleg innsats viser til at samansette kriser krev meir heilskaplege tilnærmingar og betre koordinering mellom ulike aktørar og verkemiddel – og er i denne strategien knytt til samspelet mellom humanitær innsats og langsiktig utvikling i kampen mot svolt.

Klimarobust matproduksjon tyder i denne strategien at matproduksjonen skjer på ein måte som er tilpassa klimaendringane, og som kan stå imot ekstreme vêrhendingar.

Landbruk omfattar jordbruk, skogbruk, hagebruk, husdyrbruk, pastoralisme og akvakultur.

Matprodusentar er i denne strategien ei samlenemning på bønder, fiskarar, pastoralistar og personar som driv med akvakultur.

Matsikkerheit tyder at alle menneske, til alle tider, har fysisk og økonomisk tilgang til nok, trygg og ernæringsriktig mat som dekkjer dei ernæringsmessige behova og matpreferansane deira, slik at dei kan leve eit aktivt og sunt liv.

Matsuverenitet tyder at folk og land må ha rett til å avgjere sin eigen politikk for å brødfø seg og si eiga befolkning.

Matsvinn oppstår oftast i dei siste ledda av matverdikjeda, som omfattar distribusjon, matvarehandel, restaurantar og hushaldningar.

Matsystem knyter faktorar som klima, miljø, folke-, dyre- og plantehelse, infrastruktur og institusjonar saman med verdikjeda for mat. Det omfattar matproduksjon, vidareforedling, distribusjon, sal og konsum, i tillegg til den sosioøkonomiske effekten systemet har på omgjevnadene.

Mattap oppstår gjerne i dei første ledda i matverdikjeda og er ofte eit resultat av dårlege avlingar, dårlege anlegg for lagring og kjøling, og avgrensa tilgang på marknader.

Mattryggleik/trygg mat viser til fråvær av smittestoff, miljøgifter, biotoksin og andre uønskte stoff, for å sikre at maten ikkje er helseskadeleg.

Retten til mat er retten til å ha jamleg, permanent og uhindra tilgang til nok mat som òg har tilstrekkeleg kvalitet og svarar til kulturelle tradisjonar som tilhøyrer folkegruppa, og som sikrar fysisk og mental, individuell og kollektiv oppfylling av eit verdig liv fritt for frykt.

Samvirke er ein samanslutning som har til hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmene ved at dei tek del i verksemda som kjøparar eller tilbydarar av varer eller tenester.

Småskalaprodusentar av mat produserer mindre volum som hovudsakleg vert omsette lokalt.

Sosiale tryggingsnett er ordningar som skal medverke til betre levekår og gjere menneska mindre sårbare, både økonomisk og sosialt. Desse ordningane omfattar til dømes skulematprogram og kontantutbetalingar.

Svoltkrise inntreffer når matmangelen i eit område er så stor at det inneber akutt usikker mattilgang, akutt svoltkrise eller hungersnaud. Det vil seie nivå 3, eller over på FN sin integrerte klassifisering av matsikkerheitsfasar (IPC) (sjå boks 1).

Underernæring er ei samlenemning for ulike typar feilernæring som er knytte til inntak av for lite energi jamført med behov, og omfattar mellom anna veksthemming, undervekt og avmagring.

Varslingsbasert (prognosebasert) finansiering inneber finansiering av tidleg innsats, førebygging, og beredskapsarbeid før ei varsla hending skjer.

Veksthemming er definert som for låg høgd for alderen. Dette er resultatet av kronisk eller gjentakande underernæring, gjentekne episodar med infeksjonssjukdom som fører til manglande opptak av næringsstoff og/eller utilfredsstillande psykososiale stimuli tidleg i livet.

Verdikjeder omfattar ressursar, prosessar og aktivitetar som er ein del av produksjonen frå jord, hav og vatn til bord, og som dermed tilfører verdi til ei vare. Verdikjedene til småskalaprodusentar av mat er ofte lokale og omfattar vanlegvis ikkje produkt som vert distribuerte vidt eller er meinte for eksport.

***

40 HLPE. 2019. Agroecological and other innovative approaches for sustainable agriculture and food systems that enhance food security and nutrition. A report by the High Level Panel of Experts on Food Security and Nutrition of the Committee on World Food Security, Rome.