Meld. St. 10 (2011–2012)

Kultur, inkludering og deltaking

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Bakgrunn

Tilgang til kultur og høve til å uttrykkje seg kreativt er viktig i eit demokratisk samfunn og legg grunnlag for ytringsfridom og likeverd. Deltaking i kulturlivet har positive verknader både for den einskilde og for samfunnet. Kunst og kultur gir opplevingar og meining i kvardagen, og legg grunnlag for utvikling og læring. Ved sida av arbeidsliv og skule er kulturlivet blant dei arenaene som bidreg mest til utvikling av skaparevne og kompetanse.

Det er eit overordna mål for regjeringa å jamne ut økonomisk og sosial ulikskap og arbeide for eit inkluderande samfunn der alle kan delta. Eit sterkt og dynamisk kulturliv som manifesterer seg i eit mangfald av kulturuttrykk er ein sentral del av eit inkluderande samfunn. God kunst og kultur set dagsorden, bidreg til meiningsdanninga i samfunnet og kan gi ei stemme til menneske som elles ikkje blir høyrt. Slik kan kunsten bidra til endring og inkludering i samfunnet.

Deltaking i kulturaktivitetar er ein måte å høyre til samfunnet på. I det moderne samfunnet er personleg og sosial identitet sterkt knytt til deltaking i kulturaktivitetar.Som følgje av at kulturtilbod og kulturaktivitet har vorte ein meir sentral del av samfunnet og at fleire deltek, kan konsekvensane av utanforskap opplevast sterkare enn tidlegare. For menneske som står i fare for å falle utanfor på grunn av arbeidsløyse, sjukdom eller anna, kan deltaking i kulturlivet bidra til at ein ikkje opplever seg totalt ekskludert og vere med på å gi meining i kvardagen, betre sjølvkjensle og høgare livskvalitet. Kunsten og kulturen difor vere open og inkluderande.

I europeisk samanheng er det etter måten mykje kulturbruk i Noreg. Vi har ein stor og aktiv kultursektor, og målretta politiske satsingar har, i samspel med den generelle velstandsutviklinga, gjort kunst og kultur tilgjengeleg for fleire. Noreg skårar jamt høgt på alle mål for sosial kapital i internasjonale samanlikningar. Eit levande og aktivt organisasjonssamfunn er mellom dei viktigaste kjeldene til sosial kapital. Som i andre land er det likevel sosioøkonomiske skilnader i bruk og deltaking både i det organiserte og det frivillige kulturlivet. Det er dei med høg utdanning og høg inntekt som deltek mest. Kulturbruksundersøkingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at mønstra i kulturbruk i det store og heile har halde seg nokså stabile dei siste tiåra, trass i innsats for utjamning.

Det er med andre ord framleis mange som ikkje har eit forhold til viktige arenaer for læring, kreativitet, oppleving, samvære og identitetsskaping. Dette er ei utfordring. Det er særleg alvorleg når barn og unge fell utanfor det fritidstilbodet og dei fellesskapsarenaene som kulturlivet tilbyr.

Det offentleg finansierte kulturlivet høyrer fellesskapen til. Gjennom Kulturløftet I og II har regjeringa sikra ein historisk auke til kultur på om lag 4 mrd. kroner. Dette økonomiske løftet har gitt kultursektoren langt betre rammevilkår og dermed også betre moglegheiter for å leggje til rette for inkludering og deltaking. Difor er det grunn til å spørje om det økonomiske løftet Kulturløftet har gitt, blir nytta på ein slik måte at alle som ønskjer det får tilgang til kulturopplevingar. Har alle reelt høve til å delta og setje sitt preg på kulturlivet? Har kulturlivet fått nye aktørar og brukarar? Har vi fått fram nye stemmer i kunsten? Speglar kultursektoren mangfaldet i folket?

Boks 1.1 Kulturbruk

Kulturbruken har auka dei siste tiåra.

Bruken av dei fleste kulturtilboda aukar med inntekts- og utdanningsnivået. Dette gjeld òg deltaking i frivillig verksemd.

Folk med innvandrarbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Europa utanfor EØS deltek mindre både i kulturlivet og i organisert frivillig verksemd enn andre.

Barn med innvandrarbakgrunn deltek mindre i organiserte aktivitetar enn andre barn.

Mange personar med nedsett funksjonsevne opplever å møte hindringar i samband med deltaking i kultur- og fritidstilbod.

Skilnadene i kulturaktivitetsmønsteret mellom dei ulike sosiale gruppene har ikkje endra seg vesentleg dei siste tiåra.

Fleire stortingsmeldingar dei siste åra har teke opp samfunnsrolla til kultursektoren og oppgåver knytte til inkludering. Denne meldinga gir ei oppdatert oversikt over arbeidet med inkludering på kulturfeltet og foreslår strategiar og tiltak i det vidare arbeidet med å sikre breiast mogleg bruk av kulturtilbod og deltaking i kulturlivet. Meldinga vil vere sentral i Kulturdepartementets arbeid med årlege budsjett, i styringsdialog med underliggjande verksemder og tilskotsmottakarar, og i utforming av kulturpolitiske verkemiddel.

Meldinga må sjåast i samanheng med regjeringa sine meldingar om sosiale skilnader i helsevesen og utdanning, jf. St.meld. nr. 20 (2006 – 2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller og St.meld. nr. 16 (2006 – 2007) …og ingen stod igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Meldinga må òg sjåast i samanheng med Meld. St. 30 (2010 – 2011) Fordelingsmeldingen, som presenterer regjeringa sin langsiktige strategi for å jamne ut økonomiske og sosiale skilnader og nedkjempe fattigdom.

1.2 Visjon og mål for meldinga

Ein inkluderande kultursektor er ein sektor der alle har like moglegheiter til deltaking og til å utvikle sine skapande ressursar, uavhengig av faktorar som sosioøkonomisk-, kulturell- eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne.

Inkludering handlar om å byggje ned barrierar som hindrar kulturbruk og skape like moglegheiter for alle individ og grupper. Formelle rettar og moglegheiter fører ikkje alltid til at folk oppsøkjer kulturtilbod eller opplever å ha reell tilgang til deltaking. Meldinga legg difor til grunn at kultursektoren i større grad enn tidlegare skal gå aktivt ut for å trekkje med nye deltakarar og nå personar og grupper som i dag står utanfor kulturlivet. Fleire må få reelt høve til å delta, å vere skapande og å prege større delar av kunst- og kulturlivet. Dette gjeld både publikum og utøvarar.

I dag er mangfaldet i Noreg meir synleg enn før, mellom anna på grunn av globalisering og innvandring. Ved inngangen til 2011 hadde 12,2 pst. av innbyggjarane i Noreg innvandrarbakgrunn.1 Denne endringa i samansetninga av befolkninga fører med seg perspektiv og ressursar som kjem i tillegg til det kulturelle mangfaldet som til alle tider har prega landet vårt. Som forvaltarar av kulturarven, og av kulturen no og i framtida, må kulturfeltet bidra til at samfunnet kontinuerleg undersøkjer, utvidar og diskuterer kva det norske er. Dette er ei vidareføring av nasjonsbygginga, og blir skapt av dei menneska som lever i Noreg no.

Kulturlivet skal opplevast som ope og relevant for alle grupper. Det skal vere prega av gjensidig respekt og interesse for ulike menneske og kulturelle tradisjonar. Kulturlivet bør oppsøkje og sleppe til nye stemmer og det mangfaldet av historier, uttrykk og ressursar som finst i samfunnet vårt.

Det er i denne samanhengen grunn til å streke under at kunsten alltid skal vere uavhengig. Dette er eit ufråvikeleg krav. Kunsten skal vere dynamisk, utfordrande og ubunden, og målet om kvalitet skal leggjast til grunn.

I norsk kulturpolitikk søkjer vi ikkje å jamne ut ulikskapar eller interessemotsetnader. Tvert i mot vil meir inkludering skape større kunstnarleg mangfald. Ein kultursektor som speglar samtida og mangfaldet og nyttar alle dei ressursane som er tilgjengelege, dannar grunnlag for eit rikare kunst- og kulturliv. Debatten og meiningsbrytinga skal ha sin naturlege plass. Å leve med skilnader er eit kjenneteikn på mangfaldige samfunn. Likevel skal arbeidet med inkludering og mangfald alltid vere forankra i menneskerettane og demokratiske prinsipp.

Samarbeid mellom departement vil vere viktig for å nå målet om at flest mogleg skal få tilgang til eit rikt og mangfaldig kulturtilbod. Kulturformidling og kulturaktivitetar til dømes på skulen, på arbeidsplassar eller i helse- og omsorgsinstitusjonar kan medverke til å demokratisere tilgangen til kunst- og kulturtilbod og minske barrierar for å oppsøkje slike tilbod på eiga hand. Samstundes kan kulturen bidra positivt til å nå mål på andre politikkområde, til dømes innan helse og omsorg, kriminalomsorg, inkluderande arbeidsliv, opplæring og utdanning, innovasjon og næringsutvikling. Gjennomgangen i kapittel 9 illustrerer nokre av dei måtane andre departement nyttar kunst og kultur for å nå mål på sine område. Regjeringas politikk skal leggje til rette for at dette samspelet framleis kan finne stad.

1.2.1 Oppsummering av strategiar og tiltak

Gjennomgangen i denne meldinga vil vise at det allereie i dag blir jobba mykje og godt med inkluderingsspørsmål på kultursektoren. For å kome vidare i dette arbeidet er det likevel nødvendig med ei meir systematisk satsing og meir systematisk kunnskap om gode metodar og arbeidsmåtar.

Det sentrale tiltaket i meldinga knyter seg til ein styrka styringsdialog med offentleg finansierte kulturinstitusjonar og aktørar. Desse vil vere sentrale i regjeringas visjon om å nå enkeltpersonar og grupper som i dag nyttar seg lite av det kulturtilbodet som finst. I tillegg vil regjeringa setje i gang og vidareføre fleire meir spesifikke tiltak med sikte på å setje fart i utviklinga.

Arbeidet med inkludering og mangfald i kulturlivet blir ordna i fire satsingsområde i meldinga. Det må likevel understrekast at det ikkje er tette skott mellom områda; dei grip inn i kvarandre, føreset kvarandre og bidreg til gjensidig utvikling.

Satsingsområde 1: Inkludering og nye stemmer i kultursektoren

Kulturinstitusjonar, det frie kunstfeltet og frivillige kunst- og kulturorganisasjonar har stort potensial i å tilby møtestader og fellesskapsarenaer som kan bidra til inkludering. I kraft av sine roller, sine kjerneoppgåver og sin kapasitet skal kulturinstitusjonane vere sentrale drivkrefter på sine område. Inkluderingsarbeid skal vere ein integrert og synleg del av strategi- og programarbeid, personalpolitikk og publikumsarbeid i alle kulturverksemder som får statleg støtte.

Institusjonane lyt orientere seg i samtida og samfunnet, kjenne faktiske og potensielle målgrupper og vurdere korleis dei kan nå fleire. Departementet legg til grunn at desse oppgåvene i hovudsak skal løysast innanfor verksemdene sine ordinære budsjettrammer.

Kulturdepartementet vil i styringsdialogen med tilskotsmottakarar og underliggjande verksemder leggje stor vekt på systematisk oppfølging av institusjonane sitt arbeid med inkludering og mangfald.

I tillegg vil regjeringa:

  • stimulere til kunstnarleg utvikling og kulturell brubygging gjennom støtte til samarbeidsprosjekt mellom institusjonar og frivillig sektor/frie grupper

  • etablere ei aspirantordning i kulturinstitusjonar

  • bidra til mangfald i statleg oppnemnde styre og utval

  • opprette eit nettverk for personar med minoritetsbakgrunn i styrande posisjonar

  • etablere ei ordning med elevbesøk i kunst- og kulturinstitusjonar

  • etablere ei innkjøpsordning for film i biblioteka

  • utvikle program for publikumsutvikling i ulike delar av norsk kulturliv

  • auke talet på skodespelarar med innvandrarbakgrunn

  • at Statens utstillingsstipend skal fordelast av regionale kunstnarsenter

  • leggje til rette for ein meir mangfaldig norsk dansekultur

  • auke støtta til teiknspråkteater

  • auke medverknad og tilgang til visuell kunst gjennom tilskotsordningar for kunst i offentlege rom

  • etablere nettverk for medverknad i museum

Satsingsområde 2: Sikre tilgang ved å byggje ned fysiske og økonomiske barrierar

Regjeringa har ein visjon om at samfunnet skal vere universelt utforma innan 2025. Å leggje universell utforming til grunn for samfunnsutviklinga gir betre og meir likestilte omgjevnader for personar med nedsett funksjonsevne. Det må arbeidast systematisk med universell utforming og tilrettelegging av kulturtilbod for å minimere barrierar for kulturbruk.

Regjeringa vil:

  • leggje vekt på universell utforming og tilrettelegging i styringsdialogen med institusjonar på kulturfeltet

  • støtte Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) si publisering av aviser i lydformat

  • støtte teiknspråktolking av teater

  • gi Norsk filminstitutt i oppgåve å utgreie ei ordning for synstolking av norsk film

  • i samråd med SSB vurdere om funksjonsevne kan takast inn som variabel i kulturbruksundersøkingar

Statlege løyvingar til kulturfeltet bidreg til å halde prisane på kulturtilbod nede. Likevel utgjer prisnivået heilt reelle barrierar for ein del menneske. Regjeringa vil bidra til å sikre tilgang til kulturtilbod til barn og unge i familiar med låg inntekt.

Regjeringa vil:

  • bidra til ei prøveordning for opplevingskort for barn og unge

  • etablere eit program for kultur under tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn (storbyordninga)

Satsingsområde 3: Oppsøkjande kulturformidling og formidlingsordningar

Gjennom justering av eksisterande, og ved å etablere nye formidlingsordningar vil regjeringa leggje til rette for at kulturtilbodet i større grad når fleire ved å treffe publikum utanfor institusjonane, som til dømes i distrikta og på arenaer der folk ferdast til dagleg. Det skal også arbeidast for å utnytte dei moglegheitene for spreiing og formidling av kulturuttrykk som digital teknologi gir.

Regjeringa vil:

  • etablere ei ordning for kulturformidling på arbeidsplassen: Den kulturelle nistepakka

  • setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet

  • styrkje tilskotsordningane for arrangørar og musikarar for å få meir musikk ut på fleire arenaer

  • stille krav til at verksemder og institusjonar på kulturfeltet nyttar nye digitale verktøy i arbeidet for å nå fleire

  • understreke overfor fylkeskommunane at det skal takast omsyn til elevar med nedsett funksjonsevne/særskilte behov i utforminga av tilbodet i Den kulturelle skulesekken

Satsingsområde 4: Inkludering gjennom samarbeid med og deltaking i frivillig kultursektor

Regjeringa støttar aktivt opp om frivillig sektor og utviklinga av eit levande sivilsamfunn gjennom eit nært samarbeid med frivillige organisasjonar, og ved å støtte og leggje til rette for frivillig engasjement. Regjeringa legg vekt på ei styrking av rammevilkåra for frivillig sektor, som kjem heile frivillig sektor til gode. Ei rekkje tiltak som er viktige for frivillig kultursektor er allereie sett i verk og vil bli følgde opp vidare. Det vil bli lagt til rette for auka samarbeid og kulturell brubygging mellom profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar og frivillig sektor. I tillegg skal det rettast auka merksemd mot deltaking og representasjon frå grupper som fell utanfor det tradisjonelle organisasjonssamfunnet, og mot betydninga av møteplassar og brubyggjarar for inkludering og integrering i frivillig kultursektor.

Regjeringa vil:

  • støtte samarbeid mellom bibliotek og frivillig sektor for å inkludere grupper som i mindre grad deltek i kultur- og organisasjonslivet

  • støtte opp under initiativ som bidreg til å fremje kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling mellom dei tradisjonelle kunst- og kulturorganisasjonane og ulike typar etniske og fleirkulturelle organisasjonar

  • utvikle eit pilotprosjekt i samarbeid med frivillig sektor der målsetjinga er å finne fram til eigna tiltak for å auke talet på personar med etnisk minoritetsbakgrunn i styre og leiande posisjonar i frivillige kunst- og kulturorganisasjonar

  • auka merksemd om samarbeid mellom knutepunktinstitusjonar og frivillig sektor for å fremje mangfald, inkludering og deltaking

  • bidra til auka merksemd om kva som fungerer og korleis ein kan byggje vidare på dei gode erfaringane i deler av frivillig kultursektor, til dømes i musikkorganisasjonane

  • vidareutvikle frivilligsentralane som møteplass og arena for samhandling lokalt mellom enkeltpersonar, foreiningar/lag og det offentlege

1.3 Avgrensingar

Denne meldinga avgrensar seg til kultursektoren forstått som profesjonelle kulturinstitusjonar med offentleg støtte, fri kunstnarleg verksemd utanfor institusjonane og frivillig kultursektor. Mediefeltet blir behandla i nokon grad. Feltet er særleg relevant fordi den teknologiske utviklinga bidreg med verktøy som er sentrale i arbeidet med å nå nye grupper.

Når det gjeld frivillig sektor omhandlar meldinga først og fremst dei frivillige kunst- og kulturorganisasjonane, og ikkje idrett eller kulturaktivitet i religiøse organisasjonar. I frivillig kultursektor finn vi mellom anna kor og korps, venneforeiningar, historielag, kunstforeiningar, grupper innan musikk og scenekunst, festivalar og spel.

Inkludering i kultursektoren er nært knytt til både utdanning og rekruttering, og meldinga vil i nokon grad kome inn på desse tema. Dette er likevel ikkje ei utdanningsmelding eller ei melding om kunstnarpolitikken.

1.4 Sentrale omgrep

1.4.1 Inkludering

Inkludering går ut på å fjerne barrierar for deltaking, anerkjenne ulike stemmer og å skape like moglegheiter for alle individ og grupper på alle samfunnsområde.

Inkluderingspolitikken, slik han har vorte definert av regjeringa dei siste åra, handlar om at alle som bur i Noreg skal ha like moglegheiter og plikter til å bidra og til å delta i fellesskapen, og korleis samfunnet lyt organiserast for å oppnå dette. Inkluderingsomgrepet blir også nytta om ulike grupper som på grunn av sin bakgrunn, seksuelle orientering, funksjonshemming, kjønn, alder eller andre eigenskapar i ulike samanhengar kan oppleve å bli marginaliserte og falle utanfor.2

I denne meldinga er begge tydingane relevante. Kultursektoren skal i større grad arbeide for å nå personar og grupper som i dag står utanfor kulturlivet. Deltaking i kultursektorens fellesarenaer kan vidare leggje grunnlaget for identitetsskaping, tilhøyrsle og deltaking i samfunnet.

1.4.2 Kunst og kultur

I denne meldinga nyttast kunstomgrepet om skapande, utøvande, tolkande eller anna estetisk verksemd, til dømes innan dans og annan scenekunst, musikk, litteratur og visuell kunst. Kunstnarleg verksemd nyttast når det i meldinga er snakk om kulturlivet/kultursektoren. Institusjonar blir ikkje delte opp i kunst- og kulturinstitusjonar; alle institusjonar som ligg innanfor Kulturdepartementets ansvarsområde blir i denne samanhengen rekna som kulturinstitusjonar.

Kulturomgrepet blir nytta på to måtar i meldinga. Kulturomgrepet blir for det første nytta om dei ulike aktivitetane innanfor kulturlivet, forstått som ein eigen sektor og eige politikkområde. Kva som blir definert innanfor og utanfor denne sektoren er historisk og politisk avhengig, jf. gjennomgang i kapittel 2.

Kulturomgrepet blir også nytta som omgrep på ein kompleks heilskap av kunnskapar, trudomsformer, kunst, moral, jus, skikkar, vanar og dugleikar eit menneske tileignar seg som medlem av eit samfunn.3 Individ blir knytt til små og store meiningsfellesskap som blir etablerte og endra gjennom handling og samhandling. Kulturen blir i høg grad overført frå generasjon til generasjon, samstundes som han forandrar seg. I dag endrar kulturen seg raskt, mellom anna som følgje av globalisering.

Forståing av kulturomgrepet i denne tydinga har også innverknad på kulturpolitisk tenking. Gjennom historia har skiftande måtar å forstå kultur på vore med å leggje premissar for kulturpolitikken. Kulturpolitikken i Noreg har vore nært knytt til nasjonsbygging og ein likskapsorientert velferdspolitikk. Ei grunnleggjande legitimering av kulturpolitikken har vore å dyrke fram ein særeigen nasjonal identitet forankra i ein einskapleg felles nasjonalkultur. I dag blir ideen om eit samfunn med éin felles kulturell identitet og tradisjon utfordra frå fleire hald; mangfald som følgje av migrasjon, global utveksling av varer, informasjon og tenester, individualisering, framvokster av nye subkulturar og auka valfridom.

1.4.3 Kulturelt mangfald

Kulturelt mangfald er eit sentralt omgrep i kulturpolitikken. Omgrepet er vidt og blir brukt i mange tydingar. Offentleg støtte til kultursektoren blir til dømes sett på som ein føresetnad for mangfald fordi det legg til rette for demokratisk fordeling og kulturuttrykk, nyskaping og sjangerblanding som ikkje på eiga hand kan konkurrere i ein kommersiell marknad. Mangfald kan også bety at publikum over heile landet har fridom til å velje frå eit godt og variert kulturtilbod.

I daglegtalen blir ofte kulturelt mangfald nytta i meininga etnisk mangfald. I denne meldinga blir det nytta ei breiare forståing av omgrepet. Det kulturelle mangfaldet omfattar alle uttrykk, idear, kompetanse og kulturarv som finst hos enkeltmenneske og i ulike fellesskapar i samfunnet. Kulturelt mangfald i kulturlivet handlar såleis om å fremje mangfald i idear, tankar og haldningar, om å fremje eit estetisk mangfald, og om å fremje deltaking på tvers av sosial og kulturell bakgrunn. Av dette følgjer det også at kulturelt mangfald ikkje berre er eit kjenneteikn ved andre etniske grupper og innvandrarbefolkninga, men at mangfald er ein eigenskap ved eit kvart samfunn.

1.4.4 Innvandrar/-bakgrunn

Innvandrar viser til personar som er fødd i utlandet av to utanlandsfødde foreldre, og som på eit tidspunkt er innvandra til Noreg.4Norskfødde med innvandrarforeldre er fødde i Noreg, men har to foreldre som er innvandrarar. Der ein omtalar innvandrarar og etterkomarar etter innvandrarar, blir personar med innvandrarbakgrunn nytta.5

1.5 Samandrag

Kapittel 1 omtalar føremålet med meldinga og oppsummerer sentrale tiltak under fire satsingsområde. Meldinga avgrensar seg til desse delane av kultursektoren: Profesjonelle kulturinstitusjonar med offentleg støtte, fri kunstnarleg verksemd utanfor institusjonane og frivillig kultursektor. Ein inkluderande kultursektor blir definert som ein sektor der alle har like moglegheiter til deltaking og til å utvikle sine skapande ressursar, uavhengig av faktorar som sosioøkonomisk-, kulturell- eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne. Inkludering handlar om å byggje ned barrierar som hindrar kulturbruk, sleppe til ulike røyster og å skape like moglegheiter for alle individ og grupper.

Kapittel 2 omhandlar ulike strategiar for å nå politiske mål om demokratisering av kultur i eit historisk og internasjonalt perspektiv. Framveksten av den nye kulturpolitikken i Noreg blir sett i samanheng med utviklinga i Europa, med vekt på Frankrike og Storbritannia.

Kapittel 3 tek for seg mønster i bruk og deltaking innanfor tre felt på kultursektoren; bruk av offentlege kulturtilbod, mediebruk og deltaking i frivillig kulturliv. Merksemda blir retta mot samanhengen med variablar som utdanningsnivå, inntektsnivå, innvandrarbakgrunn og funksjonsevne. Deretter blir det sett søkjelys på barrierar for kulturbruk, og årsaker til at folk vel eller ikkje vel å delta i kulturtilbod.

Kapittel 4 skisserer rammeverket for norsk kulturpolitikk i dag, med vekt på allmenne utjamningselement, ansvars- og oppgåvefordeling, økonomisk støtte, geografisk fordeling av kulturtilbod, utforming av lovverk og styringssignal frå departementet.

Kapittel 5 gir eit oversyn over kulturpolitiske oppgåver og mål knytte til inkludering og mangfald innan museum, arkiv, bibliotek, litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst, film og media. Deretter presenterer departementet satsingar og tiltak for inkludering og nye stemmer i kultursektoren. Det sentrale tiltaket knyter seg til ein styrka styringsdialog med offentleg finansierte kulturinstitusjonar og -aktørar. Desse vil vere sentrale i regjeringas visjon om å nå enkeltpersonar og grupper som i dag nyttar seg lite av det kulturtilbodet som finst. I tillegg vil regjeringa setje i gang og vidareføre fleire meir spesifikke tiltak med sikte på å setje fart i utviklinga.

Kapittel 6 omhandlar arbeidet med universell utforming og tilrettelegging i kultursektoren. Kapitlet gir eit oversyn over fysiske og økonomiske faktorar som utgjer barrierar for deltaking i nokre kulturtilbod. I tillegg til å leggje vekt på universell utforming og tilrettelegging i styringsdialogen med institusjonar på kulturfeltet, vil regjeringa støtte ulike tiltak som bidreg til betre tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, som publisering av aviser i lydformat, synstolking av norsk film og teiknspråktolking av teater. Regjeringa vil også bidra til å sikre tilgang til kulturtilbod for barn og unge i familiar med lav inntekt.

Kapittel 7 omhandlar oppsøkjande kulturformidling og formidlingsordningar. For å nå målet om størst mogleg deltaking i kulturlivet vil regjeringa at det faste tilbodet i institusjonane i større grad skal supplerast med oppsøkjande verksemd, turnéverksemd, særskilte formidlingsordningar og nye formidlingsmåtar, til dømes ved hjelp av digital formidling. Regjeringa vil mellom anna etablere ei ordning for kulturformidling på arbeidsplassen; Den kulturelle nistepakka. Regjeringa vil òg setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet og styrkje tilskotsordningane for arrangørar og musikarar for å få meir musikk ut på fleire arenaer.

I kapittel 8 blir det presentert nokre døme på mangfalds- og inkluderingsarbeid i frivillig sektor, med særleg vekt på dei tradisjonelle organisasjonane og samarbeid med det offentlege. Deretter presenterer departementet satsingar og tiltak for vidare arbeid innan tre hovudområde: partnarskap og brubygging mellom profesjonelle og frivillige i kultursektoren, auka deltaking og representasjon frå underrepresenterte grupper, og kontakt og samarbeid mellom tradisjonelle kunst- og kulturorganisasjonar og etniske og fleirkulturelle organisasjonar.

Kapittel 9 synleggjer gjennom ulike døme korleis kultur kan vere av betydning innan ulike samfunnsområde og illustrerer korleis andre departement nyttar kunst og kultur aktivt for å søkje å nå mål innan sine område. I kapittel 10 gjer departementet greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaga i denne meldinga.

Fotnotar

1.

http://www.imdi.no/no/iFAKTA/Innvandrerbefolkningen/Fakta om innvandrerbefolkningen. Tala omfattar innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

2.

NOU 2011: 14

3.

Edward Taylor i Eriksen (2011)

4.

http://www.ssb.no/innvandring/

5.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet (2007)
Til toppen
Til forsida av dokumentet