Meld. St. 13 (2012–2013)

Ta heile Noreg i bruk

Til innhaldsliste

4 Infrastruktur, transport og kommunikasjonsteknologi

Figur 4.1 

Figur 4.1

Eit påliteleg transporttilbod er naudsynt for næringslivet, for verdiskapinga og for å utnytte dei menneskelege og naturbaserte ressursane som finst i landet. Kopling av arbeidsmarknader kan vere eit viktig grep både for å gjere mindre arbeidsmarknader større og for å spreie vekst frå sentrale til mindre sentrale område og slik syte for ei meir balansert regional utvikling.

Breiband er ein annan type infrastruktur, som ofte kan vere like naudsynt som eit påliteleg transporttilbod for å sikre tilgang til tenester og moglegheit for full samfunnsdeltaking over heile landet. Eit godt utbygd breiband, men òg telefoni og annan digital infrastruktur, er difor sentralt for å sikre likeverdige levekår i heile landet.

Regjeringa vil

  • følgje opp perspektivet om kopling av arbeidsmarknader i framtidige prosessar med Nasjonal transportplan

  • vurdere bruk av tilskot også i åra framover for å stimulere til utbygging av breiband med høg kapasitet i små marknader

4.1 Transportpolitikken medverkar til å nå distrikts- og regionalpolitiske mål

Det er mellom anna mykje takka vere innsatsen på samferdselsområdet at vi i Noreg har lukkast med å halde oppe eit spreidd busetnadsmønster. Det har vore ein føresetnad for å sikre næringslivet gode konkurransevilkår og busetnadene ein tilgjengeleg arbeidsmarknad og eit godt tenestetilbod. Eit godt transportsystem rundt om i landet er naudsynt for å nå dei distrikts- og regionalpolitiske måla om fridom til busetjing og likeverdige levekår.

Transporttilbodet kan både vere eit gode i seg sjølv, og ei teneste som gjev tilgang til andre gode og tenester. Eit trygt, tilgjengeleg og påliteleg transporttilbod som tek omsyn til arealressursar, miljø og universell utforming, er viktig for alle. Eit påliteleg transporttilbod er naudsynt for næringslivet, for verdiskaping og for å utnytte dei menneskelege og naturbaserte ressursane som finst i landet.

I denne meldinga til Stortinget legg departementet særleg vekt på kva verknad transportsystemet har for regionale arbeidsmarknader som grunnlag for busetnad og regional utvikling. I den samanhengen er det spesielt avstandsreduksjonar på vegsystemet som er viktig. Den heilskaplege transportpolitikken kjem i Nasjonal transportplan (NTP) for 2014–2023, og der vil også andre aspekt enn persontransporten bli lagde vekt på.

4.1.1 Kopling av arbeidsmarknader for å styrkje veksten utanfor dei største byområda

Mykje av veksten i arbeidslivet kjem i spesialiserte, kunnskapskrevjande bransjar, som i stor grad er lokaliserte i byområda. Samstundes er sysselsetjinga i industri og primærnæringar – som særleg er viktig i Distrikts-Noreg – kraftig redusert dei siste tiåra (jf. kap. 2.2.3). Kompetansearbeidsplassutvalet (NOU 2011: 3) blei sett ned for å analysere desse store strukturelle endringane i arbeidsmarknaden.

Ifølgje utvalet vil en ei større spreiing av kompetansearbeidsplassar vere viktig for å få fleire til å flytte til og bli buande i andre delar av landet enn rundt dei større byane. Analysar frå mellom anna Transportøkonomisk institutt syner at tilgangen på arbeidsplassar betyr mykje for veksten i folketalet.1 Velfungerande arbeidsmarknader speler difor ei rolle for all samfunnsutvikling, i heile landet. Ei jamnare fordeling av veksten i kompetansearbeidsplassar kan gje ein samfunnsøkonomisk gevinst gjennom betre ressursutnytting og høgare verdiskaping. Dette er naudsynt for å skape ei balansert regional utvikling.2

Fysisk og digital infrastruktur, kompetansetilgang, omstillingsevne og bransjebredde er viktige faktorar for å trekke til seg nyetableringar og arbeidstakarar med høgare utdanning. Tilgangen aukar med storleiken på arbeidsmarknaden. Kompetansearbeidsplassutvalet meiner difor det er avgjerande å leggje til rette for kopling av arbeidsmarknader (regionforstørring) og utvikling av robuste arbeidsmarknader (sjå boks 4.1).

Boks 4.1 Kva er regionforstørring?

Regionforstørring tyder utviding og styrking av lokale arbeidsmarknader og tenestetilbod gjennom investeringar i samferdsel. Regionforstørring som omgrep blir nærast utelukkande brukt i Norden. Omgrepet dukka først opp i svensk forskingslitteratur. Internasjonal litteratur om pendling og arbeidsmarknader fokuserer på korleis ein kan redusere pendling, medan regionforstørring handlar om å auke potensialet for arbeidsreiser. Målet er ikkje å auke omfanget av pendling i seg sjølv, men å integrere arbeidsmarknader slik at tilfanget av arbeidsplassar for lokalbefolkninga blir større.

Det er difor eit distriktspolitisk fordelingsperspektiv knytt til omgrepet regionforstørring. Men samstundes er det eit noko upresist omgrep, som kan tolkast vidt – som alle prosessar som gjer ein region større i ein eller annan forstand. I dette kapitlet blir omgrepet regionforstørring nytta synonymt med kopling av arbeidsmarknader gjennom investeringar i samferdsel. Tanken er å gjere mindre arbeidsmarknader større gjennom å kople dei til andre arbeidsmarknader gjennom infrastrukturinvesteringar. Dette er særleg viktig der arbeidsmarknader er små og sårbare, og der betre vegar, jernbane og anna transport kan leggje til rette for dagleg pendling og dermed ein større arbeidsmarknad.

Med eit høgare utdanningsnivå, eit meir spesialisert arbeidsliv og fleire hushald med to arbeidstakarar, er eit variert tilbod av arbeidsplassar ein viktig føresetnad for næringsutvikling og stabil vekst i folketalet. Regionar med variert næringsstruktur er mindre sårbare i nedgangstider. Busette i desse regionane har fleire arbeidsplassar å velje mellom, og næringslivet har betre tilgang til kompetanse. Transportinvesteringar kan binde saman folk og arbeidsmarknader og gje regionar større tyngd og rekkjevidd. Slik kan kopling av arbeidsmarknader motverke sentraliseringstendensane i landet vårt.

Endringar i nærings- og arbeidsliv skaper nye transportbehov. Innovasjonar og endringar i transportsektoren dei siste tiåra har medverka til at transportkostnader utgjer ein stadig mindre del av dei totale produksjonskostnadane for den einskilde verksemda. Lang avstand til eksportmarknadene gjer likevel at norsk næringsliv har høgare transportkostnader enn konkurrentane i utlandet. Kombinert med eit generelt høgt kostnadsnivå medverkar dette til at norsk eksportverksemd i stor grad fokuserer på kunnskapsintensive eller unike produkt der pris speler ei relativt mindre rolle.

Påliteleg og trygg transport i alle delar av landet er viktig. Godstransporten både inn og ut av landet aukar i omfang, og gode transportårer er naudsynt. I tillegg er kopling av arbeidsmarknader der det finst potensial for det viktig.

Transportinvesteringar er i mange tilfelle eit naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg, vilkår for vekst. Ein veg, ei jernbanelinje, eit ferjesamband eller ein kortbaneflyplass skaper i seg sjølv ingenting, men blir først viktige når dei bind noko saman. Kva dette noko er, varierer med kvar i landet vi er, og kva for potensial som finst der. Det er difor naudsynt at transportpolitikken tek omsyn til lokale og regionale variasjonar i næringsliv, arbeidsmarknader og busetnad.

4.1.2 Ein metode for å vurdere potensialet for kopling av arbeidsmarknader

Det er potensial for å kople arbeidsmarknader mange stader i landet. For å følgje opp tilrådinga frå kompetansearbeidsplassutvalet om å kople arbeidsmarknader har Transportøkonomisk institutt, på oppdrag frå departementet, undersøkt dette potensialet.

Analysen frå Transportøkonomisk institutt syner i stort at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har det største potensialet for kopling av arbeidsmarknader.3 Det vil seie at det i desse fylka er særleg mange område som kan koplast saman slik at arbeidsmarknadene blir så store at dei når ein terskelverdi (sjå avsnitt 4.1.3) der sannsynet for vekst i folketalet per se er større. Potensialet er rekna ut ved hjelp av ei simulert og hypotetisk oppgradering av vegnettet. Det er rekna på kor mange arbeidsplassar og arbeidstakarar som kan kome nærare kvarandre gjennom ei veginvestering. Utrekningane tek omsyn til at det er mindre sannsynleg å velje ein arbeidsplass jo lenger unna han ligg. Arbeidsplassar som ligg langt unna blir difor vekta ned i høve til arbeidsplassar som ligg nært.

Boks 4.2 Fleirkjerna byutvikling

Fleirkjerna, eller polysentrisk, byutvikling er eit omgrep som òg inneber kopling av arbeidsmarknader, men det er ikkje det same som regionforstørring. Målet med ei fleirkjerna byutvikling er ikkje større pendlingsomland, men å spreie vekst frå storbyane til dei mindre byane ved at det blir lagt til rette for større samhandling mellom stadene. Til dømes kan raske togsamband gje grunnlag for dette. Det kan avlaste storbyen og syte for at småbyane blir vekstområde med eigne omland.

Tidlegare var det ei nærare kopling mellom arbeidsplassar og busetnad. I dag er det større mobilitet og fleksibilitet i samfunnet. Årsaka er nye former for organisering av arbeidslivet og nye teknologiske moglegheiter. Resultatet er større krav til og potensial for samhandling mellom folk, bedrifter og organisasjonar på ulike stader. Det er i eit slikt perspektiv fleirkjerna byutvikling er viktig.

Ei fleirkjerna byutvikling krev ein viss avstand mellom arbeidsmarknadene, medan regionforstørring føreset at avstanden ikkje er for stor. Ei fleirkjerna byutvikling er ein god strategi i pressområde, som til dømes i Oslofjordregionen. Ei fleirkjerna byutvikling kan utviklast som eit samarbeid mellom bykommunar og fylkeskommunar.

Eit slikt samarbeid eksisterer til dømes i Samarbeidsalliansen Osloregionen, som består av 67 kommunar og 3 fylkeskommunar i hovudstadsområdet.1 Målet for Samarbeidsalliansen er å styrkje Osloregionen som ein konkurransedyktig og berekraftig region i Europa.

Tanken bak samarbeidet er at større global konkurranse krev større og meir effektive regionale arbeidsmarknader. Meir merksemd rundt jordvern, miljø og klima skaper samstundes behov for nye og meir miljøvennlege løysingar når det gjeld areal og transport. Samarbeidsalliansen går inn for eit utbyggingsmønster der byar og tettstader blir knytte saman i eit nettverk av raske transportløysingar med jernbanen som ryggrad.

For å fremje ei fleirkjerna byutvikling er det naudsynt å sjå areal- og transportplanlegging i samband med tilrettelegging for næringsliv og deling av funksjonar, noko som krev samarbeid mellom ulike aktørar og forvaltningsnivå. Staten kan medverke til dette mellom anna ved å stimulere til vekst utanfor Oslo gjennom retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar.

1 Oslo kommune, Akershus, Buskerud og Østfold fylkeskommunar, alle kommunane i Akershus og Østfold, 11 kommunar i Buskerud, fem i Vestfold, tre i Oppland og sju i Hedmark.

Felles for dei områda som ifølgje analysen har størst potensial for kopling av arbeidsmarknader, er at veginvesteringar gjev klare reduksjonar i reisetid til tilstrekkeleg mange arbeidsplassar slik at grunnlaget for vekst blir monaleg styrkt. Utslaget er sterkast i fjordområde der ferjesamband blir skifta ut med bruer eller tunnelar.

Analysen syner at fleire sentrale område har lågt potensial for ytterlegare vekst som følgje av kopling av arbeidsmarknader. Hovudårsaka er at dei alt har god tilgang på arbeidsplassar innanfor attraktive pendlingsavstandar.

Det er også nokre dalføre og innlandsområde som har lågt potensial for kopling av arbeidsmarknader. Dei låge utslaga i desse tilfella kjem av at områda etter ei oppgradering av vegnettet framleis vil liggje for langt unna eit større tilbod av arbeidsplassar.

Transportøkonomisk institutt har laga ein metode for å måle verknader av slike koplingar av arbeidsmarknader. Potensial for kopling av arbeidsmarknader er eit døme på ei meirnytte av investeringar som i liten grad blir synleggjord i dag. For å vurdere det reelle potensialet for regionforstørring må ein gjere nærare vurderingar og ta høgd for ulike næringsstrukturar og kompetansebehov i regionane. Det såkalla Hagen-utvalet (NOU 2012: 16) har greidd ut om rammeverket for samfunnsøkonomiske analysar, der mellom anna ringverknader av samferdselsprosjekt blir drøfta. Utvalet tilrår at dei samfunnsøkonomiske analysane i særskilde tilfelle kan utvidast med ei drøfting av denne type verknader, men då som ein supplerande analyse og ikkje som ein del av nytte-kostberekningar.

Også område med små arbeidsmarknader og lite potensial for regionforstørring kan ha nytte av at tilstøytande arbeidsmarknader blir større. Større økonomisk aktivitet og større tenestetilbod kan dermed kome nærare også den mindre arbeidsmarknaden. Men ein slik effekt kjem ikkje av seg sjølv. Difor er mange av verkemidla i distrikts- og regionalpolitikken, som til dømes differensiert arbeidsgjevaravgift og midlar til regional utvikling, innretta mot nettopp å treffe dei områda som er ein del av mindre arbeidsmarknader. Dette blir omtalt nærare i kapittel 8.

Boks 4.3 Døme på kopling av arbeidsmarknader

Trekantsambandet har gjort at kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio er blitt betre integrerte og har fått større tyngd i konkurransen med Haugesund om arbeidsplassar og arbeidstakarar. Opplevinga av ein større region med eit breiare tilbod har òg gjort området meir attraktivt for busetjing og tilflytting.

Både Florø og Førde fekk fleire inn-pendlarar etter oppgraderinga av riksveg 5 og ny tunnel. Ulik næringsstruktur i dei to arbeidsmarknadene har vore ei drivkraft for pendling, og med vegen er det lagt til rette for ein meir variert arbeidsmarknad for befolkninga i området. Vegen har òg vore viktig for velferd og trivsel for innbyggjarane i regionen, som har fått eit større kultur- og tenestetilbod innan rekkjevidd.

Korgfjelltunnelen i Nordland gav ein auke i pendlinga på 70 prosent mellom 2004 og 2007. Likevel utgjer pendlarane ikkje meir enn nokre få prosent av dei sysselsette i tettstadene rundt tunnelen. På grunn av lange avstandar har tunnelen førebels ikkje hatt nokon innverknad på den regionale fordelinga av busetnad, arbeidsplassar og handelsverksemd. Regionen har vore prega av stagnasjon. Dette dømet syner at dersom ei veginvestering skal styrkje regionale arbeidsmarknader, kan ikkje den daglege pendlingsavstanden vere for stor.

Kjelde: Engebretsen, Ø. og Gjerdåker, A. (2010). Regionforstørring: Lokale virkninger av transportinvesteringer. TØI-rapport 1057/2010.

4.1.3 Storleik, avstand og kritiske tersklar

Til grunn for analysen til Transportøkonomisk institutt ligg ein idé om kritiske tersklar. Dette er relevant med tanke på prioritering av veginvesteringar ut frå målet om regionforstørring og gjeld både pendlingsavstand og storleik på arbeidsmarknadane.

Kompetanseplassutvalet skriv at arbeidsmarknaden må ha ein kritisk masse for å trekkje til seg kompetansearbeidsplassar. Også i forskingslitteraturen om regionforstørring er tanken om kritisk masse i dei kopla arbeidsmarknadene sentral. I denne litteraturen er det gjerne tale om ein kritisk terskel for kva som er ein akseptabel dagleg pendlingsavstand. Det har vist seg empirisk at grensa for kor langt personar er villige til å pendle éin veg, går ved 45 minutt. Det er vanlegare med lengre pendlingsavstandar rundt dei større byane enn andre stader. Det er òg større vilje til å pendle lenger dersom ein jobbar på ein kompetansekrevjande arbeidsplass.

Kva som er stort nok, eller kva som er terskelverdiane for ein kritisk masse av arbeidsplassar og arbeidstakarar, er det ikkje eitt svar på. Analysen til Transportøkonomisk institutt syner at det er ein empirisk samanheng mellom utvikling i folketal og storleiken på arbeidsmarknaden. I 2011 budde 84 prosent av Noregs innbyggjarar i område der tilgangen på arbeidsplassar truleg ligg over ei kritisk grense for folketalsvekst. Simulert oppgradring av vegnettet syner at det er potensial for auke i denne prosentdelen. Sjølv om ei veginvestering ikkje vil bidra til ei stor prosentvis auke på nasjonalt nivå, er investeringa viktig for folketalsutviklinga i det aktuelle området.

Analysen syner også ein tendens til at mange område med under 4 000 arbeidsplassar innanfor ein pendlingsavstand på 45 minutt har hatt nedgang i folketalet, medan dei fleste områda med meir enn 10 000 arbeidsplassar har hatt vekst.

Innanfor desse overordna samanhengane er det sjølvsagt store variasjonar. Det er ikkje slik at det finst ein absolutt terskel for vekst. Dynamikken i arbeidsmarknadene og næringsutviklinga heng saman med kva type arbeidsplassar og næringsliv som finst der. Men sjansane for vekst synes å vere høgare i større arbeidsmarknader når alt anna er likt.

Ei investering i transport som utvidar arbeidsmarknaden til 5 000 arbeidsplassar kan vere nok til å gje arbeidsmarknaden ein eigendynamikk, som gjev betre grunnlag for framtidig utvikling og folketalsvekst. Ei investering som utvidar arbeidsmarknaden over ein viss kritisk terskel vil difor også lettare bidra til ei balansert regional utvikling enn ei investering som utvidar dei største arbeidsmarknadene med nokre prosent. Det er difor viktig at også storleiken på arbeidsmarknaden og omsynet til kritiske tersklar blir vurderte i investeringsspørsmål.

4.1.4 Ein politikk for framtidas arbeidsmarknader

Transportpolitikken er viktig for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Her er kopling av arbeidsmarknader ein viktig strategi saman med ein påliteleg og trygg transport i alle delar av landet. Større og meir varierte arbeidsmarknader fleire stader i landet er naudsynt for å motverke sentralisering og skape meir balansert vekst og regional utvikling. Ikkje minst er dette viktig for å dempe presset på storbyområda.

Det at Noreg er eit langstrekt land med variert topografi skaper utfordringar på samferdselsområdet. Lange avstandar gjev store behov for investeringar i ein påliteleg og trygg transport. Samstundes er kopling av arbeidsmarknader også viktig.

Samferdselsdepartementet vil følgje opp perspektivet om kopling av arbeidsmarknader i framtidige prosessar med Nasjonal transportplan. Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vil samarbeide om å utvikle metodar og verktøy for å vurdere i kva grad ei investering bidreg til kopling av arbeidsmarknader.

4.2 Den digitale allemannsretten

Eit godt utbygd breiband, telefoni og annan digital infrastruktur er sentrale føresetnader for å sikre tilgang til tenester og moglegheit for full samfunnsdeltaking og bulyst i heile landet.

Mobildekninga i Noreg er god, men det er framleis område utan dekning, og som difor svekkjar grunnlaget for næringsverksemd og busetnad. Regjering vil forsett bidra til å auke mobildekninga. Velfungerande konkurranse i telebransjen er naudsynt for å sikre best mogleg mobildekning. Regjeringa er vidare positiv til spleiselaga som finst mellom teleselskapa og lokale myndigheiter for å etablere nye basestasjonar, inklusive bruk av regionale utviklingsmidlar. For breiband har også dekninga blitt betre, men det er naudsynt med medviten politikk for å sikre at alle delar av landet får tilgang til tilstrekkeleg kapasitet, slik at vi unngår for store geografiske skilnader i tilgang på breiband. I tida framover treng også næringslivet tilgang til ein digital infrastruktur med stadig større kapasitet. Breiband er ein type infrastruktur som ofte vil vere like naudsynt som veg, telefoni og straum.

4.2.1 Nye tenester og ny bruk fører til større behov for kapasitet og stabilitet i nettet

Internett er eit fleksibelt, raskt og kostnadseffektivt system for å frakte digitalt innhald og tenester. Tenester på Internett har erstatta fysiske tenester som posttenester og andre tenester som før kravde personleg frammøte. I tillegg har Internett lagt til rette for ei rekkje nye og meir avanserte tenester. Utviklinga av den digitale kommunikasjonsinfrastrukturen har difor gjeve grunnlag for auka produktivitet, jf. utgreiingar frå mellom anna OECD.4

Undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå syner at 86 prosent av befolkninga i Noreg bruker Internett kvar dag eller nesten kvar dag. Det er berre befolkninga på Island som bruker Internett like ofte. Internett er mykje brukt særleg til nettbank, lesing av nettaviser, søk etter informasjon om varer og tenester og til sosiale medium. Alder er den viktigaste forklaringsvariabelen for digital deltaking. Medan 99 prosent av befolkninga mellom 16 og 54 år har brukt Internett dei siste tre månadene, har 47 prosent av befolkninga mellom 75 og 79 år gjort det same. Det er små geografiske skilnader i bruken. Dei skilnadene vi ser, kan i tillegg til alderssamansetnaden i hovudsak forklarast med yrkesdeltaking og utdanningsnivå.

Talet på brukarar av Internett har auka dei siste åra, og Internett blir brukt både oftare og til fleire føremål enn tidligare. Nexia hevdar at denne utviklinga vil halde fram i åra som kjem sjølv om det finst hindringar.5 Den største veksten i etterspurnaden etter kapasitet kjem truleg i mobilnettet, men òg i breiband med trådbunden tilkopling er det venta ein auke i etterspurnaden.

Det er videotenester som er årsaka til den største auken i etterspurnaden etter kapasitet. Det vil bli meir bruk av skyteneste (det vil seie prosessering og lagring av data via Internett) til å lagre bilete, dokument og film både i arbeidslivet og i heime. Verksemder både i privat og offentleg sektor vil trenge høgare kapasitet for å kunne ta i bruk videomøte og andre former for staduavhengig kommunikasjon.

Kravet om eit robust og stabilt nett med høg kvalitet er òg ein viktig faktor i andre samanhengar. Dette gjeld for tenester som krev kontinuerleg samband, som til dømes fjernstyring og overvaking av anlegg, nye e-helsetenester og oppgåver knytte til beredskap og tryggleik. Også det at stadig fleire samfunnstenester føreset nettbruk, og at stadig fleire nyttar Internett, aukar behovet for stabile og sikre nett som er oppe heile tida.

Boks 4.4 Breiband – døme på bruksområde som krev ulik kapasitet

Tabell 4.1 gjev eit oversyn over ulike bruksområde og tenester som krev ulik kapasitet i breibandet. Merk at eit slik oversyn i nokon grad er tidsavhengig, all den tid tenester, bruksområde og teknologi er i kontinuerleg endring.

Tabell 4.1 Bruksområde og breibandskapasitet

Kapasitet

Bruksområde

500 kbit/s — 1 Mbit/s

  • Breibandstelefoni

  • E-post

  • Grunnleggjande nettsurfing

  • Musikkstrøyming

  • Video med låg kvalitet

  • 1 Mbit/s — 5 Mbit/s

  • E-post med store vedlegg

  • Fjernovervaking

  • IP-TV med middels kvalitet

  • Musikkstrøyming med høg kvalitet

  • 5 Mbit/s — 10 Mbit/s

  • Fjernarbeid

  • IP-TV med middels kvalitet (fleire kanalar samstundes)

  • Video med høg kvalitet

  • Nettspel

  • Medisinske applikasjonar — fildeling og fjerndiagnostikk (grunnleggjande)

  • Fjernundervising

  • Smarthusløysingar

10 Mbit/s — 50 Mbit/s

  • Telemedisin

  • Undervisingstenester (video med høg kvalitet)

  • IP-TV med høg kvalitet (2—3 kanalar samstundes)

  • Avanserte nettspel

  • Fjernarbeid med video av høg kvalitet

  • Fjernovervaking med høg kvalitet

  • Avanserte smarthusløysingar

Kjelde: Commerce Commission New Zealand (2012). High speed broadband service demand side study. Project no. 13.07/12813

4.2.2 Breibandsdekninga aukar stadig – men det er store regionale skilnader i tilgangen til dei høgaste kapasitetane

Tilbodet av breiband har vore i sterk vekst dei siste åra. Kapasiteten har dobla seg kvart anna år, men det er stor skilnad i kapasitet og talet på tilbydarar mellom dei største og dei minste arbeidsmarknadene.

Tabell 4.2 Breibandsdekning i hushalda i ulike regiontypar.1 Tal i prosent per 2012

Osloregionen

Storbyregionar utanom Oslo

SMBy utanfor DPV

SMBy innanfor DPV

Småsenter regionar

Spreiddbygde område

Noreg

Dekningsgrad ≥4/0,5

100,0

99,9

99,9

99,3

99,0

96,7

99,7

Dekningsgrad ≥12/0,8

94,1

91,9

81,5

76,3

65,9

50,3

85,4

Dekningsgrad ≥25/1

87,6

82,1

67,2

58,8

41,7

25,3

73,0

1 Sjå boks 2.1 for omtale av inndeling i regionar.

Kjelde: Nexia (2012). Dekningsundersøkelsen 2012. Utrekningar av departementet.

Dekningsundersøkinga for 2012 syner at det er god dekning av lågare breibandskapasitet over heile landet.6 Dekningsundersøkinga syner at 99,9 prosent av hushalda har tilgang til breiband med lågast kapasitet (640/128 kbit/s). For brukarar med normal nettbruk og lågt behov for oppstraums kapasitet har dekninga òg blitt betre. I 2012 har dekninga for 4/0,5 Mbit/s kapasitet kome opp i heile 99,7 prosent (jf. tabell 4.2). Det kjem av at kvaliteten på breibandstenester over satellitt er blitt god nok til å reknast inn i dekninga. Tilgangen over satellitt er framleis noko avgrensa for tenester som krev tovegskommunikasjon, på grunn av at signala har lang veg å gå.

For høgare kapasitetar er det større geografiske skilnader. Medan drygt 90 prosent av hushalda i dei største arbeidsmarknadene har tilgang til 12/0,8 Mbit/s kapasitet, har berre halvparten av hushalda i dei minste arbeidsmarknadene slik tilgang. Ser vi på tilgang til 25/1 Mbit/s kapasitet, er skilnadene svært store. Tal frå Nexia syner likevel at det har vore ein stor auke i høgare kapasitet i alle delar av landet sidan 2010.

Det er ulike årsaker til at det er i dei større arbeidsmarknadene ein nyt godt av tilbod om dei høgaste kapasitetane. I desse områda har det vore mogleg å få høg breibandskapasitet med låge kostnader gjennom det eksisterande kabel-tv-nettet. På grunn av små avstandar mellom hushalda er det òg billegare å byggje ut fibernett, og det er ofte kortare avstand til sentralane i det koparbaserte nettet, slik at det er mogleg å levere breiband med stor kapasitet over telelinjene.

I dei minste arbeidsmarknadene er det mindre konkurranse om kundane, og mange føretak finn det ikkje lønsamt å byggje eit breiband som er godt nok, og som dekkjer behovet til alle hushalda. Større marknader har fleire tilbydarar, som ofte tilbyr den høgast moglege kapasiteten for å vinne konkurransen om kundane.

Innhaldsleverandørane tilpassar seg den kapasiteten brukarane har, og nye tenester blir utvikla, noko som krev stadig større bandbreidd. Samstundes jobbar tilbydarane kontinuerleg med å gjere tenestene enklare tilgjengelege på mobilplattformer. Det har over tid konsekvensar for nettbrukarar som ikkje får tilgang til den auka kapasiteten. Denne utviklinga går fort og krev aktive verkemiddel for å motverke at vi framover ser eit tydelegare geografisk klasseskilje mellom ulike delar av landet.

4.2.3 God kapasitet på breiband er viktig for bulyst og næringsetableringar

Regjeringa legg vekt på den digitale allemannsretten. Ein godt utbygd digital infrastruktur er ein sentral føresetnad for å sikre tilgong til tenester og moglegheiter for full samfunnsdeltaking og bulyst i heile landet.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å sikre tilgang til breiband med tilstrekkeleg kapasitet til å møte framtidige behov i skule, helse, næringsliv og private hushald i heile landet. Regjeringa vil leggje fram ei melding om IKT-politikken, leggje til rette for utbygging av mobilt breiband og vurdere bruk av tilskot også i åra framover for å stimulere til spreiing av breiband med høg kapasitet i små marknader. Noreg ligg over gjennomsnittet i Europa både når det gjeld tilbod og bruk av breiband. Det bør leggjast til rette for at Noreg skal ha sikre og robuste breibandsnett av god kvalitet. Marknadsbasert utbygging vil framleis være hovudelementet i breibandspolitikken. Offentlege styresmakter vil legge til rette for konkurranse, og har ei viktig rolle i å syte for kostnadseffektiv utbygging av breiband over heile landet.

Som nemnt ovanfor er det i Noreg god dekning på kapasitetar opp til 4/0,5 Mbit/s. Dette kjem av både teknologisk utvikling, marknadsstyrt utbygging, offentleg tilrettelegging og tilskot og lokalt dugnadsarbeid. Stortinget har sidan 2006 løyvd over 1 milliard kroner i tilskot til utbygging av breiband. Om lag 750 millionar kroner er løyvde over Kommunal- og regionaldepartement sitt budsjett og overført til fylkeskommunane. Desse midlane har vore øyremerkte til utbygging av breiband innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Resultatet av innsatsen i fylkeskommunane blei hausten 2012 kartlagt og vurdert av konsulentselskapet Nexia. Kartlegginga syner at tilskota har medverka til mindre skilnader i breibandsdekninga mellom kommunane. Rapporten syner at fylkeskommunane så langt har nytta 485 millionar kroner av tilskota til gjennomførte breibandsprosjekt, og at dei har utløyst totalt 1,1 milliarder kroner i breibandsinvesteringar etter med finansiering på andre private og offentlege aktørar. Fylkeskommunane har nytta ulike arbeidsformer for å få god nytte av midlane. I Agder har til dømes samarbeidet om breiband mellom 30 kommunar og 2 fylkeskommunar skapt sterk forhandlingsmakt, god organisering av arbeidet og gode resultat. Fylkeskommunen i Nord-Trøndelag er prosjektorientert og har mellom anna teke i bruk dugnad for å få realisert høghastigheitsbreiband. Sør-Trøndelag fylkeskommune har ei eiga gruppe som arbeider med breiband og IKT, og har eit utstrekt samarbeid med kommunar, næringsliv og utbyggjarar.

Bruk av kapasitet varierer mykje mellom enkeltindivid og verksemder, og bruk og behov heng saman med tilbod av tenester. Eit interessant mål er likevel medianverdien for kapasitet blant breibandsabonnentane. Medianverdien er i rask vekst. I tredje kvartal 2012 var medianverdien på eit breibandsabonnement 7,9 Mbit/s. Eit år tilbake i tid var medianverdien 5,7 Mbit/s og to år tilbake 3,9 Mbit/s. Medianverdien ligg altså på det dobbelte av tilbodet på minimum 4 Mbit/s som 99,7 prosent av innbyggjarane i dag har tilbod om.

Av dekningsundersøkinga ser vi at tilbodet av høge kapasitetar har auka raskt dei siste åra. Nytta av høghastigheitsbreiband er enno låg fordi få spør etter kapasitetar frå 20 Mbit/s og oppover, men behovet for kapasitet er i vekst. Eit sentralt spørsmål er korleis tilbodet vil utvikle seg i små marknader. Det er ikkje lett å svare på. Den teknologiske utviklinga går raskt. Tidlegare var faste linjer den einaste måten å få fram breiband med høg kapasitet på, men innan både mobilteknologi og satellittsamband går utviklinga mot stadig høgare kapasitetar raskt. I denne samanhengen er utlysinga av ledige radiofrekvensar ein viktig faktor. Når auksjonen av dei ledige frekvensane etter slokking av det analoge kringkastingsnettet er gjennomført, ligg det til rette for at teleaktørane kan tilby eit langt betre tilbod av mobilt breiband, også i område med små marknader og store avstandar.

Ei viktig utfordring i tida framover ligg likevel i å betre dekningsgraden for dei minste arbeidsmarknadene. Ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk krev gode vilkår for å stimulere bulyst og næringsetableringar og gje gode teneste- og underhaldningstilbod over heile landet. Då vil også breiband med tilstrekkeleg kapasitet og til same pris som i dei store arbeidsmarknadene vere ein faktor. I somme område vil det krevje så høge investeringar i infrastruktur at kommersielle aktørar ikkje finn det lønsamt å byggje ut, uavhengig om det gjeld mobilt eller fast breiband. Utviklinga innan satellittbreiband gjev stadig høgare kapasitetar, men satellittskugge blir eit problem nokre stader. Satellittbreiband kan heller ikkje nyttast til all nettaktivitet, verken privat eller i næringslivet, på grunn av forseinka overføring.

Kommunal- og regionaldepartementet vil difor, i samarbeid med Samferdselsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, vurdere bruk av tilskot også i åra framover for å stimulere til utbygging av breiband med høg kapasitet i små marknader. Det er viktig at offentlege tilskot ikkje seinkar eller reduserer investeringar hjå andre aktørar, men tvert om sikrar utbygging av breiband som elles ikkje hadde blitt realisert. Moglege tilskot må difor berre rettast mot område der det ikkje vil kome eit tilstrekkeleg marknadsbasert tilbod. Tilskota bør òg vere teknologinøytrale. Slike prosjekt vil ikkje berre utløyse utbygging i dei minste marknadene, men kan òg stimulere til ei raskare fornying av breibandsnettet i område mellom utkantane og dei større arbeidsmarknadene. Tilskot til breiband blir gjevne av kommunar og fylkeskommunar, og det er viktig å sikre at slike tilskot er i samsvar med reglane for offentleg støtte.

Fotnotar

1.

Engebretsen, Ø. og Gjerdåker, A. (2012). Potensial for regionforstørring. TØI-rapport 1208/2012.

2.

NOU 2011: 3

3.

Engebretsen, Ø. og Gjerdåker, A. (2012). Potensial for regionforstørring. TØI-rapport 1208/2012.

4.

Sjå til dømes OECD (2003). ICT and Economic Growth: Evidence from OECD Countries, Industries and Firms og Czernich et al. (2011). Broadband Infrastructure and Economic Growth.

5.

Nexia (2011). Bredt nok? Kapasitetsbehov og utviklingstrender innen bredbåndskommunikasjon.

6.

Nexia (2012). Dekningsundersøkelsen 2012.

Til forsida