Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 13 (2012–2013)

Ta heile Noreg i bruk

Til innhaldsliste

5 Rammevilkår for ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk

Figur 5.1 

Figur 5.1

Næringslivet i Distrikts-Noreg er eksportorientert i minst like stor grad som næringslivet i dei største byregionane. Difor er føreseielige og stabile konkurransevilkår særs viktig for verdiskapinga og sysselsetjinga i distrikta. Differensiert arbeidsgjevaravgift er eit særs viktig distriktspolitisk verkemiddel og kompenserer næringslivet for nokre av ulempene med låg folketettleik og lange avstandar. Ordninga er treffsikker og effektiv for å nå målet om auka sysselsetjing og busetnad i landsdelar og område med særskilde ufordringar. Regelverket for offentleg støtte er til revidering i EU. Regjeringa arbeider aktivt for å føre vidare ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift og eit stort geografisk verkeområde for investeringsstøtte.

Revidering av verkeområdet for investeringsstøtte legg også rammer for det distriktspolitiske verkeområdet. Dette kan gje endringar i fordelinga av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla over budsjettet til departementet. Målet med fordelinga skal framleis vere å kanalisere ressursane dit det er størst utfordringar.

Det er store skilnader i utfordringar og potensial i ulike delar av landet. Dette krev regional tilpassing. Difor blir hovuddelen av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla overført til fylkeskommunane. Midlane til fylkeskommunen er fordelte etter to føremål. Hovuddelen av løyvinga gjeld det distriktspolitiske oppdraget. Dette er midlar som skal nyttast i det distriktspolitiske verkeområdet. I tillegg har fylkeskommunen eit regionalpolitisk oppdrag. Midlane til dette gjeld alle fylkeskommunane.

Regjeringa vil

  • føre vidare den geografisk differensierte arbeidsgjevaravgifta og dagens kompensasjonsordningar

  • føre vidare eit stort verkeområde for investeringsstøtte

  • vurdere forenklingar i det distriktspolitiske verkeområdet og alternative måtar å fordele dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla på

5.1 Viktige internasjonale rammevilkår

Av kapittel 2 går det fram at næringslivet i distrikta er globalt og eksportorientert i minst like stor grad som næringslivet i dei største arbeidsmarknadsregionane. Ein stor del av arbeidskraftbehovet dei siste åra er dekt gjennom innvandring til heile landet. Noreg er ein del av ein internasjonal marknad av varer, tenester og arbeidskraft. Ein stor del av sysselsetjinga i Distrikts-Noreg er i eksportnæringar. Føreseielege og gode internasjonale konkurransevilkår er særs viktig for verdiskapinga og sysselsetjinga i desse næringane.

Reglane for samhandel med andre land finst i ei rad ulike avtalar. WTO, EØS-avtalen og bilaterale handelsavtalar gjennom EFTA-samarbeidet er døme på slike. Den viktigaste er EØS-avtalen frå 1994. Noregs samband med Europa er handsama i Meld. St. 5 (2012–2013) EØS-avtalen og Norges øvrige avtaler med EU.

5.1.1 Størst mogleg nasjonalt handlingsrom

I Meld. St. 5 (2012–2013) er regjeringa oppteken av at Noreg skal bruke det handlingsrommet som ligg i EØS-avtalen. Vi må vere tidleg ute, ha klare prioriteringar og drive aktiv påverknad for å fremje norske interesser. Regjeringa vil også aktivt bruke handlingsrommet i samband med implementering av regelverk, og vurdere EØS-relevans så tidleg som mogleg. Dette er viktig for å unngå presedensverknader vi ikkje ynskjer. Det er viktig at det saklege verkeområdet i EØS-avtalen ikkje blir utvida i strid med nasjonalt definerte interesser.

Regelverket for offentleg støtte legg dei ytre rammene for bruk av dei offentlege verkemidla retta mot næringslivet. Det gjeld både typen verkemiddel, maksimale støttesatsar og dei geografiske områda desse verkemidla gjeld for.

Innanfor regionalpolitikken arbeider norske styresmakter på to ulike måtar for å sikre interessene til private og offentlege verksemder. Den eine måten gjeld utforminga av regelverket for offentleg støtte, der regjeringa ynskjer å utnytte handlingsrommet som ligg innanfor EØS-regelverket for å sikre nasjonale interesser. Den andre måten er å gjere det mogleg for norske aktørar å samarbeide over landegrensene i regionalpolitiske program.

I prinsippet er det ikkje lov å gje offentleg støtte til bedrifter, men det finst ei rekkje unntak frå dette generelle prinsippet. Regionalpolitisk grunngjeven støtte er eit viktig unntak. Alle EØS-landa har ein regionalpolitikk, men grunngjevinga og innhaldet vil variere etter kva som er utfordringane i det einskilde landet.

Det regelverket som i dag eksisterer for regionalstøtte, gjev Noreg eit klart avgrensa, men viktig handlingsrom. Det er ikkje minst ei følgje av eit langsiktig politisk arbeid for å fremje norske interesser ved å gjeninnføre differensiert arbeidsgjevaravgift.1 Regelverket gjev dermed eit handlingsrom som gjer det mogleg å oppretthalde eit høgt ambisjonsnivå i distriktspolitikken.

Regelverket blir avtalt for sju år om gongen. Gjeldande reglar for regionalstøtte gjeld ut 2013. EU-kommisjonen arbeider no med å revidere desse reglane. Etter planen skal EU-kommisjonen vedta retningslinjene før sommaren 2013. Deretter skal EFTAs overvakingsorgan, ESA, vedta reglane for dei tre EØS-landa i EFTA. Regjeringa følgjer desse prosessane tett, for å sikre eit godt handlingsrom for ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk. Etter at regelverket er vedteke, vil notifisering og forhandlingar med ESA finne stad. Departementet ventar at eit nytt verkeområde for investeringsstøtte er klart hausten 2013. Det same gjeld avgrensinga av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift.

5.1.2 Regjeringa vil føre vidare den geografisk differensierte arbeidsgjevaravgifta

Regjeringa meiner at differensiert arbeidsgjevaravgift er det viktigaste distriktspolitiske verkemidlet. Ordninga er treffsikker og effektiv for å nå målet om auka sysselsetjing og busetnad i landsdelar og område med særskilde utfordringar. Differensiert arbeidsgjevaravgift sikrar at dei menneskelege ressursane i Noreg blir nytta, og kompenserer næringslivet for nokre av ulempene med låg folketettleik og store avstandar. Ordninga er også eit ubyråkratisk verkemiddel med enkel administrasjon.

EØS-reglane gjev i første rekkje avgrensingar knytte til den geografiske storleiken på verkeområdet for differensiert arbeidsgjevaravgift. Regelverket er utforma slik at område med særs låg folketettleik kan få driftsstøtte (til dømes redusert arbeidsgjevaravgift) for å hindre eller redusere nedgang i folketalet. Slike område er definerte som landsdelar (NUTS II-nivå) med mindre enn åtte innbyggjarar per km2 og nedgang i folketalet. I tillegg kan det geografiske verkeområdet omfatte tilstøytande område dersom dei tilfredsstiller dei same kriteria. Meir enn 16 prosent av befolkninga bur i dag innanfor det området som er omfatta av redusert avgift (folketal per 1.1.2012).

Regjeringa arbeider aktivt for at dei kriteria som er nemnde ovanfor, skal førast vidare i det nye regelverket som skal gjelde frå 2014. Både i 2011 og i 2012 sende regjeringa brev til EU-kommisjonen der det blei streka under at ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift er særs viktig for å halde oppe sysselsetjinga og busetjinga i distrikta, og at dei noverande kriteria må førast vidare. Også i møte med Kommisjonen er denne bodskapen framført. Det ligg no føre eit utkast til nye retningslinjer frå Generaldirektoratet for Konkurranse, som er ansvarleg for statsstøtte i Kommisjonen. Regelverket omfattar også driftsstøtte, irekna differensiert arbeidsgjevaravgift. Regjeringa er godt nøgd med at Kommisjonen tar sikte på å vidareføre kriteria som ligg i regelverket i dag, og som er grunnlaget for det eksisterande geografiske verkeområdet. Kommisjonen tar sikte på å vedta dei endelege retningslinjene i mai 2013. Regjeringa vil arbeide aktivt for at kriteria blir vidareførte og vil ha som mål å sikre eit best mogleg resultat i forhandlingane med ESA om den differensierte arbeidsgjevaravgifta frå 2014.

5.1.3 Provenynøytralitet og kompensasjon for auka avgift

Arbeidsgjevaravgifta blei innført i 1967, og den geografiske graderinga i 1975. Etter pålegg frå ESA måtte Noreg leggje om den graderte arbeidsgivaravgifta frå 1.1.2004. Avgifta skulle aukast gradvis til ho var lik over heile landet. Det blei samstundes etablert alternative verkemiddel som kompensasjon til dei områda som var råka. Desse kompenserande verkemidla kunne Noreg føre vidare utan at det kom i strid med EØS-avtalen, og dei blei finansierte direkte over statsbudsjettet. Mellom anna blei satsane innanfor frisummen i sonene II til IV (bagatellmessig støtte) førte vidare, ein ny budsjettpost for næringsretta utviklingstiltak (kap. 551, post 61) blei oppretta, og offentleg sektor blei kompensert gjennom ulike budsjettpostar. Omlegginga var provenynøytral, det vil seie at midla som blei ført tilbake til distrikta, svarte til den auka avgifta. Stortinget slutta seg til prinsippet om provenynøytralitet. Dette er eit viktig prinsipp som medverkar til gode rammevilkår for næringslivet i distriktskommunar og kompenserer for lange avstandar til marknaden.

Dersom geografien i dagens differensierte arbeidsgivaravgift blir ført vidare, vil regjeringa også føre vidare dei alternative verkemidla. Regjeringa legg til grunn at ordninga skal vere om lag provenynøytral, og at utgangspunktet for vurdering av nivået skal vere satsane før omlegginga i 2004. Om forhandlingane med ESA fører til at det geografiske området blir endra frå 2014, blir også slike endringar tekne med i utrekninga av provenynøytraliteten. Forslag til løyvingar for å møte dei økonomiske konsekvensane av eventuelt endra verkeområde eller endra satsar for arbeidsgjevaravgift vil fremjast som ein del av den ordinære budsjettprosessen. I samband med dei årlege budsjettprosessane kan det òg vere aktuelt å gjere mindre justeringar på innretninga av kompensasjonsmidlane.

Kompensasjonsmidlar løyvde over kap. 551, post 61 blir nytta i eit nært samarbeid mellom næringslivet, kommunane og fylkeskommunane. Midlane, som fram til no er løyvde over departementet sitt budsjett, har medverka til auka innsats til infrastrukturtiltak, verdiskaping, marknadsføring og profilering. Fleire kommunar har valt å setje av midlane til samferdselsprosjekt, hamneutbygging og kulturhus. I tillegg har mange fylkeskommunar gjort store investeringar i breiband og utbygging av mobilnettet. Dette er prosjekt som ikkje ville ha blitt realiserte utan desse midlane.

5.1.4 Regjeringa vil føre vidare eit stort geografisk verkeområde for investeringsstøtte

Ein viktig del av handlingsrommet for regionalpolitikken er høvet til å gje investeringsstøtte til bedrifter i distrikta. Det er etter regelverket i dag mogleg å gje slik støtte i fylke (NUTS III-nivå) med færre enn 12,5 innbyggjarar per km2. Det er også opna for ein viss fleksibilitet i utforminga av verkeområdet slik at sterke regionar/kommunar i fylke som tilfredstiller kriteriet kan bli bytte ut med svake regionar/kommunar i fylke som ikkje tilfredsstiller kriteriet. Ein slik fleksibilitet i avgrensinga av verkeområdet er avgjerande for å kunne møte dei distriktspolitiske utfordringane ved å gje støtte der behova er størst.

Regjeringa arbeider aktivt for at desse kriteria skal førast vidare i det nye regelverket. I det ligg også den noverande fleksibiliteten for avgrensing av verkeområdet. Regjeringa har i breva til Kommisjonen i 2011 og 2012 streka under at dette er naudsynt for å oppretthalde busetjinga i distrikta. I dag bur i underkant av 25 prosent av befolkninga i område der Innovasjon Noreg kan gje investeringsstøtte til bedrifter. Det er målet til regjeringa i forhandlingane med ESA å oppnå eit best mogleg resultat for nytt verkeområde for investeringsstøtte frå 2014.

5.1.5 Revidert verkeområde kan gje ei anna geografisk fordeling av dei distrikts- og regionalpolitiske midlane

Det geografiske verkeområdet for investeringsstøtte dannar i stor grad ramma for det distriktspolitiske verkeområdet. Dagens geografiske verkeområde for dei distriktspolitiske verkemidla er delt i tre soner. Sone III og IV svarer til verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte og omfattar til saman 285 kommunar. Sone II er verkeområde for tilretteleggjande tiltak. Sone II omfattar 20 kommunar og 2,5 prosent av folketalet. Sone I er den delen av landet som ligg utanfor verkeområdet. Sone I omfattar 124 kommunar og litt over 71 prosent av folketalet.

Verkeområde og soner er område med særlege utfordringar. Dei samla utfordringane er definerte ved distriktsindeksen. Distriktsindeksen er sett saman av indikatorar som speglar geografi, demografi, arbeidsmarknad og levekår. Kvar indikator er vekta. Det er viktig at sonene dekkjer samanhengjande område. Sonene kan difor innehalde kommunar med noko ulikt nivå på distriktsindeksen. Departementet vil bruke dei same kriteria og indikatorane ved utrekninga av ein ny distriktsindeks, sjå boks 5.1.

Boks 5.1 Distriktsindeksen

Distriktsindeksen er eit samla uttrykk for i kva grad ein kommune eller bu- og arbeidsmarknadsregion har eit distriktsproblem, eller for graden av periferialitet knytt til ein kommune.1 Distriktsindeksen er sett saman av indikatorar som speglar strukturelle føresetnader for utvikling og den faktiske utviklinga. Indikatorane er særleg knytte til geografi, demografi, arbeidsmarknad og levekår. Dei strukturelle tilhøva er vekta høgare enn den faktiske utviklinga. Tabell 5.1 syner indikatorar og vekter i distriktsindeksen.

Tabell 5.1 Indikatorar og vekter i distriktsindeksen

Vekt

Gruppe

Indikator

Indikator

Gruppe

Geografi

Sentralitet (NIBR11)

Folketettleik

Reisetid

20

10

10

40

Demografi

Utvikling i folketalet siste ti år

Delen av befolkninga 67 år og eldre

Delen kvinner i aldersgruppa 20–39 år

20

5

5

30

Arbeidsmarknad

Sysselsetjingsvekst siste ti år (pst.)

Delen yrkesaktive etter bustad (20–64 år)

10

10

20

Levekår

Inntekt per skatteytar, 17 år og eldre

10

10

Sum vekter

100

100

Kjelde: Kommunal- og regionaldepartementet.

1 Johansen, S. mfl. (2006). Distriktspolitisk virkeområde for Norge 2006. TØI rapport 824/2006.

Det geografiske verkeområdet (sone II–IV) blir nytta til fordeling av dei distriktspolitiske verkemidla som blir løyvde til fylkeskommunane over budsjettet til departementet. Fordelinga er basert på talet på innbyggjarar i kvar sone, og der kvar sone har ei bestemt vekt.

Med eit nytt verkeområde for investeringsstøtte og ny utrekning av distriktsindeksen kan det skje endringar i soneinndelinga og dermed i fordelinga av distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel. Departementet vil nytte høvet til å vurdere forenklingar i det distriktspolitiske verkeområdet og alternative måtar å fordele dei årlege midlane til fylkeskommunane på. I dag ligg prinsippa for fordelinga fast i sju år. Dette sikrar ein langsiktig innsats i dei einskilde områda, men kan òg gje lite fleksibilitet til å fange opp endringar i løpet av perioden.

Departementet ynskjer framleis å kanalisere mest ressursar til landsdelar og område med særskilde utfordringar. Samla sett skal fordelinga av midlane gje ein klar distriktsprofil. Departementet kjem attende med ein nærare omtale av eventuelle endringar i budsjettet for 2014.

5.2 Fylkeskommunen er ein viktig aktør for regional utvikling

I St.meld. nr. 12 (2006–2007) Regionale fortrinn slo regjeringa fast at fylkeskommunane skal vere dei sentrale regionale utviklingsaktørane. Gjennom forvaltningsreforma fekk fylkeskommunane nye oppgåver og verkemiddel for å styrkje arbeidet med regional utvikling. Ein del av oppdraget til fylkeskommunane er knytt til dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla over programkategori 13.50.

5.2.1 Regionale utfordringar krev regionale løysingar

Føremålet med arbeidet for regional utvikling er å fremje ei heilskapleg og vilja samfunnsutvikling i eigen region. Korleis kvar einskild fylkeskommune vel å leggje til rette for regional utvikling, varierer med dei konkrete utfordringane i regionen. Fylka har ulike behov, og fylkeskommunane har difor ulike prioriteringar. Behova vil òg variere mellom område internt i fylka og over tid. Det er til dømes store variasjonar i næringsstruktur og befolkningsstruktur. Det gjer at fylka har ulike føresetnader for næringsverksemd og sysselsetjing. Næringsverksemd og arbeidsplassar blir òg påverka av konjunkturar både nasjonalt og internasjonalt. Fylkeskommunane vil difor ha ulike mål og strategiar for politikken og planlegginga for regional utvikling.

Med utgangspunkt i at ulike regionale utfordringar og potensial krev regional tilpassing, blei hovuddelen av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla i programkategori 13.50 overført til fylkeskommunane i 2003. På nasjonalt nivå er målet med løyvinga at summen av det regionale utviklingsarbeidet til fylkeskommunane skal gje ei balansert nasjonal utvikling som medverkar til å nå dei distrikts- og regionalpolitiske måla.

5.2.2 Eit distrikts- og regionalpolitisk oppdrag

For å bidra til dei overordna måla for distrikts- og regionalpolitikken er midlane frå departementet i hovudsak retta mot område og landsdelar med særlege utfordringar. Desse områda er definerte som det distriktspolitiske verkeområdet, som er nærare omtalt i avsnitt 5.1.5. Innsatsen er vidare retta inn mot auka verdiskaping, sysselsetjing, eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv, gode lokale og regionale rammevilkår for næringslivet og kompetanseheving i befolkninga, og det å utvikle attraktive regionale og lokale senter for innbyggjarane og næringslivet. Desse midla utgjer den distrikts- og regionalpolitiske ekstrainnsatsen.

Det distriktspolitiske oppdraget

Innanfor det distriktspolitiske verkeområdet har fylkeskommunane fått i oppdrag å finansiere tilskot, lån og garantiar til bedrifter og entreprenørar gjennom Innovasjon Noreg. Oppdraget går vidare ut på å løyve midlar til kommunale grunnlagsinvesteringar for næringsverksemd som til dømes kaier og vassverk. Der marknaden ikkje er stor nok for kommersielle aktørar, har fylkeskommunane fått midlar til utbygging av breiband og mobildekning (jf. kap. 4.2). Departementet har òg lagt til rette for at fylkeskommunane skal kunne bidra til å utvikle kompetansetiltak utanfor større byregionar, og for finansiering av tiltak for lokal samfunnsutvikling. Fylkeskommunane får òg midlar til kommunale og regionale næringsfond.

For å sikre effektiv bruk av midlane må fylkeskommunane ha eit relativt stort handlingsrom både når det gjeld kva føremål som kan støttast og kor i fylket innanfor verkeområdet midlane kan nyttast. Midlar kan nyttast utanfor verkeområdet når dette ikkje bryt med notifiserte vilkår, dersom tiltaket gjev positive resultat for næringsliv eller befolkning innanfor verkeområdet. Det må vere konsensus i den regionale partnarskapen dersom midlane skal ha eit anna geografisk nedslagsfelt enn det distriktspolitiske verkeområdet.

Det regionalpolitiske oppdraget

Sjølv om størsteparten av midlane er retta inn mot dei områda som har dei største utfordringane, har alle fylkeskommunane eit oppdrag knytt til programkategori 13.50. Nokre av midlane kan difor nyttast utanfor verkeområdet for å utløyse det regionale verdiskapingspotensialet og for å utvikle attraktive regionar og senter for folk og næringsliv i alle delar av landet. Alle fylkeskommunane får dermed midlar til regional utvikling over programkategori 13.50, også dei som har få eller ingen kommunar innanfor verkeområdet i det heile.

Det er ein del av det regionalpolitiske oppdraget å ta initiativ til samarbeid mellom sektorinnsatsar og eigne innsatsar. Fylkeskommunane har òg som oppgåve å hjelpe kommunane i arbeidet med næringsutvikling, samfunnsutvikling og attraktivitet. Næringsutvikling er ein sentral del av det regionale utviklingsarbeidet og departementet er oppteke av at fylkeskommunane støttar opp om entreprenørskaps- og innovasjonsarbeidet i næringslivet, til dømes gjennom styring og medfinansiering av regionale forskingsfond og statlege program for innovasjon. Som oppdragsgjevarar for Innovasjon Noreg kan dei finansiere etablerartilskot og inkubatorstipend, og løyve midlar til omstilling i heile landet. Innanfor regional utvikling har fylkeskommunane ei viktig oppgåve i å støtte utviklingsarbeid over landegrensene gjennom Interreg (jf. avsnitt 5.2.3).

I St.meld. nr. 25 (2008–2009) Lokal vekstkraft og framtidstru streka regjeringa under at det var naudsynt å styrkje den regionale utviklingsrolla til fylkeskommunane med få eller ingen kommunar innanfor verkeområdet, og å gjere dei betre i stand til å møte regionale utfordringar. Dette blei følgt opp i budsjettet for 2010 då botnplanken blei auka frå 2 millionar til 3 millionar kroner.

5.2.3 Regionalt utviklingsarbeid –partnarskap, samarbeid og planlegging

Alle fylkeskommunane har fått eit oppdrag knytt til dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla. Oppdraget varierer mellom fylka. Rolla fylkeskommunane har som regionale utviklingsaktørar er vidare enn dette oppdraget, og er nærare omtalt i Meld. St. 12 (2011–2012) Stat og kommune – styring og samspel.

Samfunnet er prega av eit mangfald av verdiar og kryssande interesser. Det er mange offentlege og private aktørar med makt til og ansvar for å påverke samfunnsutviklinga. Distrikts- og regionalpolitikken tek opp i seg politikkområde som samferdsel, utdanning, forsking, nærings- og landbrukspolitikk, arbeids- og velferdspolitikk og miljø- og kulturminneforvaltning. Det stiller høge krav til samarbeid mellom ulike aktørar.

Regjeringa legg vekt på at fylkeskommunane skal vere med på å utvikle ei felles forståing for arbeidet med regional utvikling, gjennom partnarskap, samarbeid og samhandling med aktuelle aktørar. Regionalt utviklingsarbeid handlar om å sjå koplingar mellom ulike sektorar og utvikle strategiar for å fremje den samfunnsutviklinga ein ynskjer i sitt eige fylke. For fylkeskommunane inneber det å sjå eigne og andres ansvarsområde i samanheng og å utvikle partnarskap der ulike sektorar og forvaltningsnivå inngår. Viktige samarbeidsaktørar for fylkeskommunane er Innovasjon Noreg, fylkesmannen, kommunane, næringslivet, frivillige organisasjonar, Sametinget og andre offentlege aktørar. Samarbeid og ansvarsdeling mellom aktørar for næringsutvikling er nærare omtalt i kapittel 6.3, medan samarbeid knytt til utdanning er omtalt i kapittel 7.

Plan- og bygningslova er ein viktig reiskap for fylkeskommunane i innsatsen for å styre utviklinga i den retninga dei ynskjer. Lova legg til rette for eit langsiktig og heilskapleg arbeid, på tvers av sektorar og politikkområde. Fylkeskommunane har ansvar for å koordinere dette arbeidet. Dette er no delegert til det einskilde fylkestinget. Dette styrkjer fylkeskommunen som folkevald organ. Etter den nye plan- og bygningslova er det berre dei regionale planstrategiane som blir godkjende av Kongen i statsråd.

Samarbeidet om å utvikle regionale planar og strategiar må vere basert på ei felles forståing av dei ulike rollene til aktørane. Fylkeskommunane og kommunane er eigne politiske forvaltningsnivå, medan regionale statlege aktørar arbeider etter retningslinjer frå overordna styresmakter. Det er viktig at dei statlege aktørane klargjer og nyttar dei handlingsromma som finst for regional tilpassing av innsatsen på sine område. Her har fylkesmannen eit særleg ansvar for å bidra til å samordne regional stat. Fylkeskommunen har også ei viktig ombodsrolle på vegner av innbyggjarane i fylket. Fylkeskommunane har både eit ansvar for å rettleie og for å vere sparringspartnar for kommunane, særleg når det gjeld lokal samfunnsutvikling og tilrettelegging for næringsutvikling ( jf. kap. 3.1.6).

Internasjonalt samarbeid som del av regionalt utviklingsarbeid

Internasjonalt samarbeid på tvers av landegrenser er viktig for å løyse felles utfordringar, og for å medverke til læring, kompetanseutvikling, erfaringsutveksling, nettverksbygging og politikkutvikling. Det internasjonale samarbeidet, til dømes gjennom EU-programmet Interreg, kan vere ei god tilnærming. Noreg deltek i tolv Interreg-program i perioden 2007–2013. Desse programma dekkjer mange område som er viktig for regional og lokal utvikling. Det gjeld innovasjon, FoU, entreprenørskap, stadutvikling, reiseliv, miljø, klima, energieffektivisering, tryggleik, risikoførebygging, utdanning, kommunikasjon og institusjonsbygging.

Innsatsen frå fylkeskommunane i dette arbeidet er viktig, særleg i det grenseregionale samarbeidet med dei nordiske nabolanda våre. Dei regionale utfordringane varierer og dei einskilde programma har difor ulik tematisk vekt. Så langt i perioden har norske aktørar delteke i om lag 450 prosjekt.2 Fylkeskommunane har i inneverande periode engasjert seg sterkt i ei rekkje prosjekt som regional utviklingsaktør i samverknad med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Arbeidet medverkar til ei utvikling der ein ser ressursar over grenser i samanheng slik at grenser ikkje blir til barrierar, og der felles utfordringar finn ei løysing gjennom samarbeid. Prosjekta har, gjennom samarbeid med andre land og regionar, sett spor etter seg.3 Dei har gjeve auka kompetanse og utvida faglege nettverk. Eit fleirtal av prosjekta blir følgde opp gjennom løyvingar, tilbod om tenester og infrastrukturtiltak. I ein del tilfelle har prosjekta ført til nye politiske vegval.

Noreg har delteke i Interreg sidan 1995. Arbeidet med å utvikle nye program for perioden 2014–2020 er i gang. Departementet har lagt opp til eit nært samarbeid og dialog med fylkeskommunane. Dette er også noko som fylkeskommunane har ynskt for å sikre ei god nasjonal og regional koordinering i både utviklinga og gjennomføringa av programma. EU-kommisjonen la fram utkast til regelverk for den nye programperioden hausten 2012, men regelverket er ikkje endeleg vedteke.

Noreg deltek i inneverande periode i tolv Interreg-programm: Nord (inkludert Sapmi), Kolarctic (ENPI), Botnia Atlantica, Sverige-Noreg, Øresund-Kattegat-Skagerrak, Østersjøen, Nordleg Periferi, Nordsjøen, Interreg IVC, ESPON, Interact og Urbact. Regelverket for den nye programperioden legg stor vekt på at programma skal ha klare prioriteringar og betre strategisk tilnærming. Det einskilde program kan no ikkje prioritere meir enn fire ulike tema. Dette skal gje ein meir målretta innsats og fleire konkrete og synlege resultat. Det er viktig at resultata blir formidla på måtar som kjem andre regionar og kommunar til gode. Departementet vil streke under at det er naudsynt med ei god politisk forankring lokalt og regionalt. Departementet legg i denne samanhengen også vekt på at fylkeskommunane må sikre ei god kopling til andre regionale, nasjonale og internasjonale program dei deltek i.

Fotnotar

1.

Dette er nærare omtalt i boks 6.3 i Meld. St. 5 (2012–2013).

2.

Oppdatert prosjektbank finst på www.interreg.no.

3.

Leknes, E. mfl. (2011). Interregs betydning for norsk regionalt utviklingsarbeid. Rapport Iris 2011/067.

Til toppen
Til forsida av dokumentet