Meld. St. 28 (2011–2012)

Gode bygg for eit betre samfunn

Til innhaldsliste

2 Ord og uttrykk som er nytta i stortingsmeldinga om bygningspolitikk

Ansvarlege føretak: Føretak som tek på seg direkte ansvar overfor bygningsstyresmaktene, gjennom tildeling av ansvarsrett etter plan- og bygningslovgjevinga

BAE-næringa: Bygg-, anleggs- og eigedomsnæringa

Balansert ventilasjon: System som ser til at det gjennom eit kanal- og viftesystem kjem like mykje luft inn i eit bygg som det går ut gjennom avtrekket

Benchmarking: Ein metode som ein organisasjon brukar for å måle og evaluere verksemda si i forhold til andre organisasjonar i same bransje

Bygg for allmenta: Offentlege og private bygg som er opne for og i bruk av allmenta, til dømes skular, offentlege publikumsbygg, butikkar osb.

Byggherre: Den som mottek ytingar i samband med eit byggjeprosjekt og anlegg. Byggherren kan òg ha nemninga bestillar eller oppdragsgjevar. I plan- og bygningslovsamanheng blir byggherren kalla «tiltakshavar»

Byggjenæringa: Gruppe av tenesteytande næringar knytte til bygg og bygging. I denne meldinga er også eigedomsverksemder i byggjenæringa («BE-næringa») inkluderte

Byggjesaksprosess: Den offentlege sakshandsaminga av ei byggjesak, gjennom søknad, løyve og ferdigattest

Byggsektoren: Alle statlege og private aktørar og institusjonar som er involverte i bygg og bygging

ByggSøk: Verktøy for elektronisk innsending og handsaming av byggjesøknader

Detaljregulering: Reguleringsplan på meir detaljert nivå enn områderegulering. Private har rett til å få behandla innsende framlegg. Det kan leggjast gebyr på handsaming av private planar. Har gjennomføringsfrist på 5 år, som kan forlengast.

Energimerkeordninga: Eit system som skal medverke til å sikre informasjon om energitilstanden i bygningar og om det er mogleg å forbetre den. Det er krav om energimerking av bygg mellom anna ved sal. Energiattesten er samansett av ein energikarakter (bokstavskala frå A til G, som viser energibehovet i bygningen), ein oppvarmingskarakter (fargeskala grøn–rød, som fortel i kor stor grad det vil vere mogleg å dekkje varmebehovet med andre energikjelder enn elektrisitet, olje og gass) og ei tiltaksliste som skal gje oversikt over moglege energieffektiviseringstiltak

Funksjonskrav: Krav som lovgjevaren set til resultatet, eller funksjonen, utan å seie korleis ein skal oppnå dette resultatet. Når lovgjevaren stiller funksjonskrav i staden for tekniske detaljkrav/ytingskrav, blir det større rom for å kombinere teknologi, erfaring og kreativitet på ein kostnadsoptimal måte

Igangsetjingsløyve: Del to av delt byggjesøknadshandsaming, der kommunen først gjev rammeløyve som sikrar offentlege interesser, og deretter igangsetjingsløyve

Klimaskjerm/klimaskal: Dei delane av bygningen som er påverka av vêr og vind, til dømes tak og yttervegger

Kontroll: I plan- og bygningslovsamanheng bruka om uavhengig kontroll av område som er samfunnsmessig viktige, gjennomført av eigne kontrollføretak

Kostnadseffektiv: Ein måte å produsere eller drifte eit bygg på utan unaudsynleg bruk av ressursar

Kvalitet: Heilskapen av eigenskapar ved eit bygg eller bygningsdelar som går på den evna bygget har til å tilfredsstille behov og/eller krav

Levetidskostnader/livssykluskostnader/LCC (Life Cycle Costs): Kapitalkostnader til investering pluss summen av årlege kostnader til forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling (FDVU) gjennom levetida til bygget. Gjennom levetidsanalysar reknar ein ut levetidskostnader

Matrikkelen: Det offisielle registeret over fast eigedom, bygningar, bustader og adresser. Statens kartverk er sentral matrikkelstyresmakt som syter for ordning, drift og forvaltning av matrikkelen. Kommunane er lokal matrikkelstyresmakt og fører dei fleste opplysningane i matrikkelen.

Områderegulering: Reguleringsplan for eit større område. Planen utarbeidast og fremjast av kommunen. Ingen gjennomføringsfrist.

Passivhus: Eit hus som nyttar passive tiltak for å redusere energibehovet, til dømes ekstra varmeisolasjon, ekstra god tettleik og varmegjenvinning. Det totale energibehovet etter passivhus-standard er ca. 25 % av energibehovet til ein vanleg bustad. Det er utarbeidd eigen standard for bustadar som passivhus (NS 3700)

Prioritetslista: Miljøstyresmaktene si liste over dei mest helse- og miljøfarlege stoff eller stoffgrupper.

Produktivitet: Produktivitet er her definert som samla bruttoprodukt i næringa i ein periode dividert på talet på utførte timeverk i næringa i same periode

Rammeløyve: Eit løyve som stadfestar at offentlege krav er sikra. Det blir deretter gjeve eitt eller fleire igangsetjingsløyve. Rammeløyve kan gjevast ved delt søknadshandsaming (som er valfri)

Smarthus: Eit samleomgrep for styringssystem for lys, varme, ventilasjon osb. som medverkar til lågare energibruk, betre komfort, enklare betening og eit høgare tryggleiksnivå i bygg og bustad

StatRes (Statleg ressursbruk og Resultat): Eit system for utvikling og formidling av statistikk om staten. Føremålet med StatRes er å vise kor mykje ressursar staten brukar, kva denne ressursinnsatsen gjev av aktivitetar og tenester i dei forskjellige statlege verksemdene, og kva ein kan sjå som resultat av ressursinnsatsen. Siktemålet er å gje allmenta og styresmaktene betre kunnskap om verksemda til staten

Tilstandsrapport: Dokumentasjon etter ei teknisk tilstandsvurdering av eit bygg

Tiltakshavar: Etter plan- og bygningslova den som står for gjennomføringa av byggjetiltaka, eller den som tiltaket blir utført på vegner av (tilsvarande byggherre)

Tilgjengelegheit til bygg: Inneber at bygget skal vere tilgjengeleg for personar med funksjonsnedsetjing

Universell utforming av bygg: Inneber at bygget skal vere tilgjengeleg for personar med funksjonsnedsetjing, og at flest mogleg skal kunne bruke bygget på ein likestilt måte utan behov for spesiell tilpassing

U-verdi: Fortel kor god varmeisolasjonen til ein bygningsdel er. Låg U-verdi vil seie god varmeisolasjon.

Til forsida