Meld. St. 30 (2012–2013)

Finansmarknadsmeldinga 2012

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram Finansmarknadsmeldinga 2012.

Kapittel 2 handlar om utsiktene for finansiell stabilitet i Noreg. I kapitlet er det mellom anna greidd ut om det makroøkonomiske biletet, tilhøva på finansmarknadene, risikoutviklinga for finansinstitusjonane og soliditeten og resultata i institusjonane. Det er òg teke med eit oversyn over arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet i Noreg. Framstillinga gjeld for det meste året 2012, men somme punkt er oppdaterte med tal for dei fyrste månadene av 2013.

Kapittel 3 gjev eit oversyn over nokre sentrale initiativ til regelverksendringar som har kome mellom anna som følgje av røynslene frå finanskrisa. Blant dei omtala prosessane er arbeidet med å gjennomføra dei nye kapitalkrava for bankane (CRR/CRD IV-regelverket) i norsk rett, og oversikt over ulike initiativ om særskilte krav til systemviktige institusjonar. Kapitlet inneheld òg på ein del punkt merknader om korleis departementet stiller seg til og arbeider med desse regelverksinitiativa.

I kapittel 4 er det ei omtale av organiseringa og verksemda i Finansklagenemnda. Stortinget vedtok i juni 2012 å be regjeringa vurdera om organiseringa av og verksemda i Finansklagenemnda kan endrast med sikte på å styrkja rettstryggleiken til klagarane. Departementet gjer i kapitlet greie for korleis regjeringa følgjer opp oppmodingsvedtaket.

Kapittel 5 gjer eit oversyn over hovuddraga med den finansielle infrastrukturen i Noreg og skildrar sårbarheit knytt til svikt i systema, kriminalitet og trugsmål utanfrå. Kapitlet handlar òg om kva ein kan gjera for å minske sårbarheita.

Kapittel 6 handlar om hovuddraga i dei gjennomførte regelverksendringane i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet i 2012.

Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs Bank i 2012 og ei vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvd. Omtala av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 8 omtalar verksemda til Finanstilsynet i 2012. Kapittel 7 og 8 byggjer i stor mon på årsmeldingane frå institusjonane.

Kapittel 9 inneheld ei omtale av verksemda til Folketrygdfondet i 2012, med omtale av Statens pensjonsfond Noreg i kapittel 9.3 og Statens obligasjonsfond i kapittel 9.4. Verksemda i Statens finansfond er omtala i kapittel 10.

Ein artikkel kalla «Banking on Experiments?» utarbeida av professor Martin Dufwenberg på oppdrag frå departementet, jf. vedlegg 2 følgjer som vedlegg til denne meldinga. Årsmeldingane frå Noregs Bank, Finanstilsynet og Statens finansfond for 2012 følgjer som uprenta vedlegg. Det gjer òg artikkelen «Experimental Economics and Financial Market Regulation» av professor Torsten Henz og Amelie Brune (2012).

Til forsida