Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 8 (2010–2011)

Digitalisering av radiomediet

Til innhaldsliste

3 Forkortingar, ord og uttrykk

3G

Nemning for eit tredjegenerasjons mobilnettverk, som har til kjennemerke at det samstundes kan overføre taledata og andre datatenester.

AAC+

Advanced Audio Coding, komprimeringsalgoritme som i stor grad reduserer mengda av data som trengst for å gjengi lyd blant anna ved å fjerne lydelement som er overflødige eller som ikkje kan oppfattast.

AM-bandet

Elektromagnetisk frekvensband som strekkjer seg frå 0–30 MHz.

Bitrate

Farten som digital informasjon blir send med over ein bestemt kommunikasjonskanal.

Bit/s

Bit per sekund, måleeining for dataoverføring. Står for mengde informasjon som blir overført per tidseining i eit digitalt system. Blir ofte oppgitt i kbit/s (1 kbit/s =1000 bit/s) eller Mbit/s (1 Mbit/s=1 000 000 bit/s).

Breiband

Kommunikasjonslinje med høve til overføring av større datamengder per tidseining enn for eksempel ISDN-linjer eller oppringt samband.

Bandbreidde

Bandbreidda viser storleiken på overføringskapasitet. Di større bandbreidde di raskare overføring.

DAB

Digital Audio Broadcasting, teknologi for kringkasting av lyd som blir nytta til overføring av digital radio.

DAB+

Nyare versjon av DAB med MPEG-4-basert komprimeringssystem og betre koding for feilkorrigering. Gir betre frekvensutnytting enn vanleg DAB.

Digitalisering

Omgjering av informasjon som finst i analogt format til eit digitalt format med sikte på bearbeiding, distribusjon eller lagring.

Distribusjonsplattform

Fellesnemning for ulike infrastrukturar som kan formidle bl.a. digitalt radioinnhald, dvs. bakkesendarnett, satellittdistribusjon, kabel-tv-nett, breibandsnett.

DMB

Digital Multimedia Broadcasting, standard for kringkasting av multimedia (radio, fjernsyn og data) til mobile einingar. DMB kan distribuerast i bakkenett (T-DMB) eller satellitt (S-DMB).

DRM

Digital Radio Mondiale, system for digital radio som nyttar frekvensområdet under 30 MHz.

DTT

Digital Terrestrial Television, nemning for bakkesend, digital kringkasting av fjernsyn. Det digitale bakkenettet for fjernsyn blei lansert i Noreg i perioden 2007–2009 og erstatta det analoge bakkesende kringkastingsnettet.

EKOM

Elektronisk kommunikasjon. Noreg er gjennom EØS-avtala bunde av EU-direktiv om elektronisk kommunikasjon. Det er innført i norsk lov gjennom lov om elektronisk kommunikasjon.

EPG

Elektronisk programguide. Sendeinformasjon og tilleggsinformasjon på skjermen (mogleg både for radio og TV) om pågåande og komande program. Gir brukaren høve til å orientere seg og navigere på skjermen innanfor tilbodet av program og tilleggstenester.

Eureka 147

Familie av standardar opphavleg utvikla for å bere lyd. Seinare utvida til å omfatte kringkasting av levande bilete (DMB).

FM-bandet

Elektromagnetisk frekvensband som strekkjer seg frå 87,5–108 MHz. FM-bandet blir no hovudsakleg nytta til radiosendingar i FM.

Frekvensblokk

Nemning for dei kanalane som blir pakka saman i ein multiplekser eller den kapasiteten ein multiplekser kan bere. Begrepet «signalpakke» tyder det same.

Ikkje-lineære tenester

Tenester der brukaren avgjer tidspunktet for når eit program skal sendast, basert på eit innhaldstilbod frå tenestetilbydaren.

IKT

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

Internett

Eit stort og ope internasjonalt datanettverk med tusenvis av mindre nettverk over heile verda. Kommunikasjon over Internett føregår ved hjelp av pakkesvitsjing, dvs. at informasjon blir delt opp i pakker som blir sende ulike vegar mellom knutepunkt i eit nettverk. Ei rekkje ulike tenester blir tilbodne via Internett, m.a. overføring av datafiler (FTP), elektronisk post, World Wide Web mv.

Kringkasting

Samtidig utsending av programinnhald frå éin avsendar til fleire mottakarar (tradisjonell radio- og fjernsynsdistribusjon).

L-band

Frekvensområdet 1452–1492 MHz. Noreg har fått koordinert ei frekvensblokk (lokaldekning) for DAB i L-bandet (gjennom Maastricht-avtala frå 2002).

LTE-nett LTE (Long Term Evolution)-teknologi vil bli nytta ved utbyggjing av 4G-mobilnett (fjerde generasjons mobilnett). Dette gir eit mykje raskare mobilt Internett enn 3G-nettet i dag.

MPEG

Moving Pictures Experts Group. Arbeidsgruppe underlagd den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO og IEC (International Electrotechnical Commission) som utviklar standardar for bilet- og lydkomprimering ved digital overføring.

MPEG4

Komprimeringsstandard innanfor MPEG-systemet. Den hittil nyaste og mest frekvenseffektive komprimeringsstandarden innanfor MPEG.

MP3

Digital musikkberar/spelar.

Multiplekser

Utstyr som samlar fleire inngåande signal (radio og anna innhald), pakkar og formidlar dei vidare i eit enkelt utgåande signal.

Multipleksoperatør

Multipleksoperatøren er den aktøren som har ansvar for samansetjnga av kanalar og tenester innanfor ei frekvensblokk (multipleks). Kringkastarane må inngå avtale med multipleksoperatøren om distribusjon og fordeling av sendekapasitet.

Plattformoperatør

Aktør som er ansvarleg for ei distribusjonsplattform.

Podkasting

Ein podkast er eit program som blir publisert på Internett, og som er tilgjengeleg til nedlasting for alle.

PPM

Portable People Meter. Målemetode nytta for å måle radioeksponering. Eit utvalt panel ber elektroniske måleapparat som registrerer eksponering for ulike radiokanalar. Systemet måler dermed både aktiv og passiv lytting.

RDS

Radio Data System. Standard for å sende små mengder digital informasjon, slik som trafikkinformasjon, tidsanvising og identifisering av radiostasjon mv., over konvensjonelle FM-sendingar.

Simulcast

Parallellsending/dobbeldistribusjon. Same program blir sendt samstundes over meir enn éin overføringsteknologi, f.eks. både analogt og digitalt.

Streaming

Kontinuerleg datastraum. Nedlasting av tenester frå Internett utan at det blir lagra ein varig kopi av innhaldet lokalt hos brukaren.

Tilgjengelegheit

Trygging for at ei teneste oppfyller bestemte krav til stabilitet, slik at aktuell informasjon er tilgjengeleg ved behov.

UHF

Ultra High Frequency (frekvensbandet 300–3000 MHz).

Til toppen
Til forsida av dokumentet