Meld. St. 8 (2010–2011)

Digitalisering av radiomediet

Til innhaldsliste

1 Innleiing, bakgrunn og samandrag

1.1 Innleiing og bakgrunn

Radio er ved sida av trykte media den einaste mediekanalen som i praksis ikkje er fulldigitalisert. Den noverande bruken av FM kviler på ein analog teknologi, og på grunn av begrensa frekvensressursar er det ikkje potensial for fleire kanalar eller nye tenester på FM-plattforma. Digitalisering vil sikre ei meir effektiv utnytting av frekvensspekteret, og ein overgang til digital radio kan gi eit betre og breiare radiotilbod i form av fleire radiokanalar og digitale tilleggstenester.

Blant kringkastarar er det ei utbreidd oppfatning at også radiomediet før eller sidan vil bli digitalisert. Det er likevel delte meiningar om når dette bør skje, og kva for tekniske standardar som bør liggje til grunn for digital radio. Internasjonalt er biletet samansett. I mange land er det lite fokus på digitalisering. I fleire land har likevel både styresmakter og kringkastarar i seinare år lagt strategiar for digitalisering.

FM-nettet, særleg den delen av nettet som blir nytta av NRK, nærmar seg slutten av si tekniske levetid. Ein reknar med at vidareføring av FM-nettet utover 2014 vil krevje store investeringar i vedlikehald og oppgradering.

Ei partssamansett arbeidsgruppe leidd av Medietilsynet laga på oppdrag frå Kulturdepartementet i 2005 ein rapport om digitalisering av radiomediet. Arbeidsgruppa foreslo at FM blir avvikla når dei analoge konsesjonane til P4 og Radio Norge går ut i 2014. Det er allereie bygt ut eit nett for digital bakkesend radio i Noreg med DAB-teknologi (Digital Audio Broadcasting). DAB-nettet er hittil bygt ut til å dekkje 80 pst. av befolkninga. I dag sender for eksempel NRK, Radio Norge og P4 og nokre storbyradioar både på FM og DAB.

Digitaliseringa av radiomediet blei sist behandla i St.meld. nr. 30 (2006–2007) Kringkasting i ei digital framtid. Gjeldande politikk på området er basert på konklusjonane i denne meldinga:

  • Digitaliseringa av radiomediet bør i hovudsak framleis vere aktørstyrt m.o.t. teknologival.

  • Det blir førebels ikkje fastsett nokon måldato for avvikling av analoge FM-sendingar. Dette blir gjort først når minst halvparten av norske hushaldningar har skaffa digitale radioapparat.

  • Den endelege avviklinga av FM-sendingane kan ikkje gjennomførast før følgjande tilleggskriterium er oppfylte: (1) heile befolkninga må ha tilgang til eit digitalt radiotilbod, (2) det digitale radiotilbodet må representere ein meirverdi for lyttarane.

Stortinget slutta seg til dette, jf. Innst. S. nr. 24 (2007–2008).

Kringkastarane har etterlyst ein revisjon av desse prinsippa, fordi dei meiner at digitaliseringsprosessen vil ta for lang tid dersom styresmaktene ikkje gir eit tydelegare signal om at digitaliseringa vil finne stad. Behovet for å bruke ressursar på å halde ved like det gamle FM-nettet, og at nokre større land i Europa no tek aktive steg i retning av å digitalisere radiomediet, dannar bakteppet for Kulturdepartementets avgjerd om å leggje fram ei eiga stortingsmelding om digital radio. Hovudtemaet for denne meldinga er om, og eventuelt på kva måte, styresmaktene meir aktivt bør medverke til å fremme digitaliseringa av radiomediet.

Som eit ledd i departementets arbeid med denne meldinga blei det arrangert eit høyringsmøte 6. oktober 2009. Før møtet fekk departementet ei rekkje skriftlege innspel til arbeidet med meldinga. Desse innspela er lagde ut på heimesida til departementet.1

1.2 Samandrag

I kapittel 2 gjer departementet greie for radiolandskapet i dag og for radiomediets plassering i mediebiletet m.o.t. publikumsoppslutning, økonomi og samfunnsrolle.

I kapittel 3 omtalar departementet dagens tilbod av digital radio i Noreg, med ein presentasjon av ulike standardar for digital radio og kva slags tilbod folk har innanfor digital radio i dag.

Kapittel 4 handlar om utviklinga av digital radio i nokre andre land. Oversikta viser at det i fleire land er lagt strategiar for digitalisering både frå styresmaktene og kringkastarane si side. Per i dag er ikkje dei europeiske landa samla om éin standard for digitalisering av radio, men har valt ulike variantar innanfor DAB-familien av standardar.

I kapittel 5 vurderer departementet kva kostnads- og nytteeffektar ei digitalisering av radiomediet vil kunne tenkjast å ha. Denne vurderinga tek utgangspunkt i to sentrale føresetnader. Den første er at radiomediet før eller sidan vil bli digitalisert. For det andre reknar ein med at det digitale radiotilbodet i framtida ikkje berre blir formidla via DAB, men vil bli prega av at ulike teknologiar lever side om side. Departementet konkluderer med at overgangen til digital radio framleis bør vere aktørstyrt. Digitalisering av radiomediet inneber like fullt fordelar for både lyttarar og kringkastarar, og styresmaktene bør derfor aktivt stimulere digitaliseringsprosessen ved å utvikle ein plan for overgangen.

I kapittel 6 gjer departementet greie for planen styresmaktene har for overgangen til digital radio. Departementet tilrår å ta sikte på at FM-sendingane blir avvikla i 2017. Departementet fastset fem kriterium som må vere oppfylte for at FM-nettet kan avviklast på dette tidspunktet. Det bør vere ein absolutt føresetnad for FM-avvikling at NRKs radiotilbod får ei digital dekning som svarar til dagens P1-dekning i FM-nettet. Den kommersielle delen av DAB-nettet (Riksblokka2) må byggjast ut til minst 90 pst. befolkningsdekning. Vidare må det digitale radiotilbodet representere ein meirverdi for lyttarane. Desse føresetnadene må vere oppfylte per 1. januar 2015.

Ei avgjerd om avvikling av FM i 2017 vil gi lyttarane nærmare seks års omstillingstid. For at ei FM-avvikling kan skje i 2017, må ytterlegare to kriterium vere oppfylte per 1. januar 2015. For det første må det finnast rimelege og teknisk tilfredsstillande løysingar for radiomottak i bil. For det andre må minst halvparten av radiolyttarane dagleg lytte til ei digital radioplattform. Dersom desse to kriteria ikkje er oppfylte i 2015, kan FM-sløkking likevel skje i 2019, så sant krava om høvesvis befolkningsdekning og digital meirverdi er oppfylte. Departementet vil i 2013 konkretisere kva som ligg i kravet om rimelege og teknisk tilfredsstillande løysingar for radiomottak i bil.

I kapittel 6 drøftar departementet teknologival og det framtidige konsesjonsregimet for radio, og dessutan korleis fordeling av frekvensressursane bør handterast regulatorisk. Departementet vil vidareføre gjeldande politikk om at teknologival bør vere aktørstyrt. Styresmaktene stiller seg likevel positive til ein eventuell overgang til DAB+ fordi dette er ein meir effektiv radiostandard enn den opphavlege DAB-standarden. Når det gjeld fordeling av frekvenskapasitet, konkluderer departementet med at NRK bør disponere all kapasitet i Regionblokka. Innehavar av frekvensløyve/anleggskonsesjon i Riksblokka bør i utgangspunktet stå fritt m.o.t. kva kringkastarar som skal sende i nettet. Departementet reknar målet om mediemangfald som oppfylt gjennom utbygging av Regionblokka og Riksblokka, og ser derfor ikkje behov for å bruke konsesjonsinstituttet for å fremme kulturpolitiske mål. Departementet foreslår vidare at kapasiteten i Riksblokk II blir kunngjort så snart som råd, og at det her ikkje blir fastsett krav til innehavar av anleggskonsesjon/frekvensløyve utover standardiserte, generelle vilkår om bruk av frekvensane og føresetnader om at transmisjonskapasitet i hovudsak skal nyttast til kringkasting. Det blir i tillegg lagt opp til at Post- og teletilsynet tek endeleg stilling til korleis DVB-T-blokka i band III skal utnyttast, på grunnlag av ei ekstern kunngjering.

Departementet vil i 2013 ta stilling til om dekningskravet for NRK-sendingane skal knytast til DAB-nettet åleine, eller om kravet kan oppfyllast ved bruk av andre teknologiar. For å bevare styresmaktenes fridomsgrader må frekvensstyresmaktene fram til 2015 reservere frekvensressursar i band I og II for kringkastingsføremål.

Ein viktig føresetnad for ein vellykka overgang til digital radio er at interessene til lokalradioane blir ivaretekne på ein fullgod måte. Departementet foreslår at dei fleste lokalradioane bør ha høve til å sende på FM også etter 2017. Departementet vil i 2015 avklare konkret kva grupper lokalradioar som skal ha denne moglegheita. Dei lokalradioane som ønskjer å sende i Lokalradioblokka i DAB-nettet, må få høve til det. Departementet vil i 2015 lage eit konkret opplegg som tek vare på interessene til lokalradioane. Departementet foreslår samstundes at Post- og teletilsynet og Medietilsynet legg til rette for at aktørar som alt no ønskjer å byggje ut delar av Lokalradioblokka, skal få høve til det. Ingen løyve bør gå utover januar 2017, sidan departementet førebels ikkje har teke stilling til korleis interessene til lokalradioane skal ivaretakast i DAB-nettet.

Departementet vil leggje opp til at P4 og Radio Norge allereie no får tilbod om å forlengje dei analoge konsesjonane sine for riksdekkjande, kommersiell radio i FM-nettet fram til 2017. Tilbod om forlenging blir gitt under føresetnad av at P4 og Radio Norge forpliktar seg til å vidareføre den allmennkringkasterprofilen som er nedfelt i gjeldande konsesjonar, betalar konsesjonsvederlag og dessutan støttar utbygging av ei kommersiell frekvensblokk (Riksblokka) til minst 90 pst. befolkningsdekning.

I kapitlet drøftar departementet også avfallshandtering ved digitalradioovergangen og behovet for informasjonsarbeid i samband med digitalradioovergangen.

Kapittel 7 handlar om dei økonomiske og administrative konsekvensane av departementet sine vurderingar og framlegg i meldinga.

Figur 1.1 identifiserer nokre sentrale milepælar i digitaliseringsprosessen:

Figur 1.1 Sentrale milepælar for digitalisering av radio 2011–2019

Figur 1.1 Sentrale milepælar for digitalisering av radio 2011–2019

Fotnotar

1.

Invitasjonen og ei oversikt over skriftlege innspel til høyringsmøtet er tilgjengelege på Kulturdepartementets nettside. Det blir gjort merksam på at departementet gav tilgang til å kome med skriftleg innspel, men at dette ikkje var ein føresetnad for å delta i høyringsmøtet. Dei fleste av dei større aktørane valde å kome med skriftleg innspel.

http://www.regjeringen.no/nb/dep/kud/dok/hoeringer/hoeringsdok/2009/horingsmote-om-stortingsmelding-om-digit/horingsbrev---invitasjon-til-horingsmote.html?id=579097

2.

Riksblokka er ein del av DAB-nettet. Sjå kap. 3.3 for nærmare omtale av oppbygginga av DAB-nettet.

Til forsida