Meld. St. 8 (2010–2011)

Digitalisering av radiomediet

Til innhaldsliste

4 Digital radio i andre land

Utviklinga i andre europeiske land er viktig og vesentleg ved val av teknologi for digitalisering av radiomediet i Noreg. Mange land i Europa vurderer no digitalisering av radiomediet.

DAB er det bakkesende digitalradiosystemet som hittil har hatt størst gjennomslag internasjonalt, om ein ser bort ifrå USA og Japan. Dei europeiske landa er ikkje samla om éin standard for digitalisering av radio, men ulike variantar innanfor DAB-familien av standardar (Eureka 147) er dominerande. Likevel har ikkje DAB etablert seg som ein universell radiostandard. Ingen land har heller gått over, eller vedteke å gå over, frå FM til DAB eller ein annan digital radiostandard. Dei siste par åra har det likevel skjedd ei utvikling på dette området. Fleire av dei store landa i Europa har no signalisert vilje til å satse på teknologi for digitalisering av radio, og bur seg på avvikling av analoge radiosendingar.

Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av situasjonen for digital radio i eit utval europeiske land.

4.1 Storbritannia

Det blir ofte vist til Storbritannia som føregangsland for DAB. Landet var tidleg ute med å introdusere DAB, og mange lyttarar har skaffa seg digitale radioapparat. I Storbritannia har både BBC og kommersielle aktørar etablert seg på DAB-plattforma. Det første riksdekkjande sendeløyvet fekk BBC, som byrja med prøvesendingar på DAB i 1995 og deretter faste sendingar frå 1997. Det andre riksdekkjande løyvet blei i 1998 tildelt Digital One, som starta sendingar i 1999.

Dagens dekning for DAB-nettet i Storbritannia er på mellom 85 og 90 pst.

Storbritannia har 2 nasjonale, 10 regionale og 37 lokale frekvensblokker i bruk til digital radio. Også ei tredje nasjonal frekvensblokk står til rådvelde, men den er ikkje i bruk. Det er kringkastarane som er frekvensblokkoperatørar. Det totale digitalradiotilbodet er 43 offentlege og 126 kommersielle kanalar på DAB.

Det er til no selt om lag 12 millionar DAB-radioar. DAB er også tilgjengeleg som ekstrautstyr i bilar. Nokre bilprodusentar tilbyr det som standard, dvs. at bilen blir levert med DAB som radioløysing, andre tilbyr DAB som tilvalsløysing. Ford og Vauxhall reknar med å tilby digitalradio i alle nye bilar frå 2013. Totalt er no ca 60 millionar radioapparat i bruk i landet.

Ifølgje RAJARs1 radioundersøking frå 2. kvartal 2010 føregår 24 pst. av den totale radiolyttinga på digitale plattformer, og 15,8 pst. av den totale radiolyttinga føregår på DAB, dvs. at DAB er den viktigaste plattforma for digital radiolytting i Storbritannia.

Liksom Noreg har Storbritannia ei utfordring ved at vidare drift av FM-nettet vil krevje investeringar i vedlikehald. Derfor må det takast stilling til om FM-nettet skal rustast opp eller erstattast med digital kringkasting. Når det gjeld val av teknologi for digitalisering av radio, satsar britiske styresmakter vidare på DAB, blant anna fordi dei meiner denne teknologien fungerer best mobilt, og dei held DAB for å vere den einaste plattforma som kan fungere som dedikert plattform for kringkasta digitalradio. Det er også vesentleg at det alt er selt 12 millionar DAB-radioar, noko som gjer det lite aktuelt å gå bort frå DAB no. I tillegg medverkar dei mange regionale og lokale frekvensblokkene til at det ikkje er bruk for meir frekvenskapasitet til radio på lokalnivå.

Den førre britiske regjeringa la i juni 2009 fram rapporten Digital Britain, som blant anna fremma forslag om overgang frå analog til digital radio. I rapporten blei 2015 sett som måldato for avvikling av FM-sendingar for dei store kringkastarane, så sant følgjande kriterium er oppfylte to år føre:

  • Minst 50 pst. av radiolyttinga skal føregå digitalt

  • Den nasjonale DAB-dekninga skal vere samanliknbar med FM-dekninga, og lokal DAB-dekning skal dekkje 90 pst. av innbyggjarane og alle store vegar.

Små lokalradioar («ultra local radio») skal framleis kunne sendast på FM på ubestemt tid. FM-kapasiteten er sprengd i dag, men når dei store radioaktørane går over til DAB, skal små lokalradioar, som i dag delvis blir sende på AM, flyttast over til FM. Dette vil gi rom for at fleire lokalradioaktørar kan få sendeløyve. Lokalradiobransjen i Storbritannia har stilt seg positiv til ei slik løysing.

Den nye regjeringa har slutta seg til denne strategien, men understrekar samstundes sterkt kor viktig det er at radiolyttarane sjølve viser interesse for digital radio ved å lytte digitalt, og at det ikkje er aktuelt å ta stilling til avvikling av FM for dei store kringkastarane før majoriteten av radiolyttinga er digital.

I 2010 vedtok det britiske parlamentet ei ny digitaliseringslov (The Digital Economy Bill). Måldatoen 2015 for sløkking av FM-nettet er ikkje uttrykt i lova, men den gir styresmaktene fullmakt til å fastsetje ein sløkkedato for riksdekkjande FM-radio med to års varsel dersom tilhøva ligg til rette for det (jf. kriteria ovanfor).

4.2 Frankrike

Frankrike har gjennomført mange testar av digitalradio. Dei fleste teknologiar som DRM, DAB, DAB+, DVB-T, DVB-H, T-DMB og HD-radio er blitt testa. Men i slutten av 2007 kunngjorde regjeringa at den hadde valt T-DMB for å sende digital radio i landet. Ifølgje styresmaktene var det uklart kva som ville bli situasjonen m.o.t. DAB/DAB+. Derfor valde dei DMB. Frankrike hadde ikkje noko digitalradiotilbod eller infrastruktur frå før, og var dermed ikkje bunde av dette i val av teknologi for digitalisering av radio. Oppstarten med DMB kunne derfor skje «frå botnen».

Digitalradiotilbodet skulle etter planen lanserast i Paris, Nice og Marseille i desember 2010, noko som ville gitt ein samla dekningsgrad på ca. 20 pst. Lanseringa er no utsett i påvente av ein ny rapport frå styresmaktene om implementering av digital radio. Rapporten er venta i løpet av 2011.

Frankrike har ei nasjonal, 30 regionale og to lokale frekvensblokker til rådvelde for digitalradio. Eit auka tilbod av kanalar er ikkje noko sterkt incentiv for å gå over til digitalradio i landet, sidan kanaltilbodet på FM allereie er stort. Meirverdien i urbane strok som alt har eit breitt tilbod er altså avgrensa. Det er av same grunn meir lytting på nettradio i distrikta enn i byane. For at den digitale plattforma skal gi ein reell meirverdi, har franske styresmakter vore opptekne av at den må tilby meir enn berre fleire kanalar, f.eks. video, nye tenester, interaktivitet mv. DMB blei valt fordi denne plattforma kan tilby slik meirverdi. Alle dei eksisterande FM-radiostasjonane får rett til å bli digitale.

Radioapparat for mottak av DAB/DAB+/DMB er tilgjengelege for sal i Frankrike, men det er for tidleg å seie noko om utbreiinga.

I januar 2009 blei ei ny kommunikasjonslov2 vedteken, som slo fast at det i siste delen av 2009 skulle leggjast fram ein plan for digitalradio, inkludert ein utrullingsplan. Lova fastset også eit tretrinnsprogram for integrering av digitalradio i alle radiomottakarar, inkludert bilradioar. Innan september 2010 skulle alle nye mottakarar med multimedieskjerm som i hovudsak blir nytta til radiolytting, vere DMB-kompatible (ikkje bilradioar). Kravet blir utvida til å gjelde alle nye radiomottakarar innan september 2012 (med unntak for bilradioar). Innan september 2013 skal alle radiomottakarar, også bilradioar, etter lova vere tilpassa mottak av digitalradio (DMB-kompatible).3

Ifølgje den nemnde lova er det regjeringa som skal stå for standardvalet for digitalisering av kringkasting. Dette låg til grunn då Frankrike gjekk over til digitalt bakkenett for fjernsyn (DTT), og det same gjeld altså for digitaliseringa av radio.

Det ligg enno ikkje føre vedtak om å avvikle FM-nettet i Frankrike.

4.3 Tyskland

Etter eit par års prøvesendingar starta jamlege DAB-sendingar i Tyskland i 1999.

Den tyske forbundsstaten tildeler ikkje frekvensar. Dette ansvaret ligg i den einskilde delstaten. Som ein konsekvens av dette har det ikkje tidlegare vore noka riksdekkjande frekvensblokk for digitalradio. Sendingane har føregått regionalt i alle delstatane, med varierande dekning. Marknadspenetrasjonen har også vore nokså låg.

I perioden 2007–2008 bestemte KEF4, som gjer vedtak i finansielle spørsmål for radio- og tv-selskap, bl.a. ved å gi lisensmidlar til allmennkringkastarane, å vente med meir støtte til digitalradio til 2009.

I 2008 gjennomførte Tyskland testar med DRM+ og DAB+. Tidlegare er det også blitt gjort HD-radiotestar.

DAB-nettet i Tyskland når 70 pst. av befolkninga. Landet har 16 regionale og fire lokale frekvensblokker i bruk til digitalradio, i tillegg til tre frekvensblokker for prøvesendingar med lokalradio. Tilbodet inneheld meir enn 60 DAB-kanalar, både offentleg finansierte og kommersielle. Dei fleste kanalane blir sende parallelt i FM og DAB, men eit aukande tal kanalar blir sende berre digitalt. Mobil-TV med DMB, som også kan formidle digitalradiokanalar, finst no i 16 tyske byar.

Det føreligg inga marknadsundersøking for kor mange digitale radiomottakarar som er selde i Tyskland.

I Tyskland kjem det no ei lansering av rikstekkjande digital radio med DAB+. KEF skal syte for finansiering for å lette utrullinga av riksdekkjande DAB+. KEF stilte som krav at både private og offentlege kringkastarar måtte teikne kontrakt på utbygging av eit riksdekkjande digitalt nett før KEF ville overføre lisensmidlane som trengst til dei offentlege radiostasjonane. Dette vart gjort 15. desember 2010. Nettet er venta å vere på lufta frå september 2011, og gir Tyskland sitt første nasjonale radionettverk på 65 år.

Tyske styresmakter kunngjorde ei riksdekkjande frekvensblokk med rom for anslagsvis 35 kringkastarar våren 2010, og ei rekkje aktørar søkte om kapasitet. Dette opnar som nemnt for første gong i nyare tid for nasjonale radiokanalar i Tyskland. Ein tredjedel av kapasiteten var førehandstildelt den offentleg eigde kringkastaren Deutschlandradio.

Dei riksdekkjande digitalradiokanalane vil bli supplerte med opp til tre frekvensblokker i kvar av dei 16 delstatane for å tilby regional og lokal radio frå allmennkringkastaren ARD og private kringkastarar. Mellom 30 og 40 digitale radiokanalar, ei blanding av lokale og riksdekkjande, private og offentlege radiokanalar, vil bli tilgjengelege i alle tyske regionar. Etter planen skal størstedelen av tyskarane ha tilgang til desse tenestene innan 2012.

Det føreligg enno ingen vedtak om å avvikle FM-nettet i Tyskland.

4.4 Nederland

I 2003 fekk den nederlandske allmennkringkastaren Nederlandse Publieke Omroep (NPO) løyve til å disponere ei frekvensblokk. NPO har ordinære DAB-sendingar i delar av landet, men oppslutninga om desse sendingane er lita. NPO vil derfor vente med vidare digitalradiosatsing til dei kommersielle kringkastarane lanserer DAB+. Dei noverande DAB-sendingane held fram inntil vidare.

DAB-nettet i Nederland når 70 pst. av befolkninga. I Nederland er det totalt sett av 5 frekvensblokker for DAB/ DAB+/DMB. Éi nasjonal frekvensblokk er i bruk til NPOs prøvesendingar. Tilbodet inneheld 9 kanalar som går parallelt på DAB og FM, og 3 «data services» som berre blir sende på DAB.

Våren 2009 blei ei frekvensblokk i høvesvis band III og L-bandet tildelt MTV NL (Mobiele TV Nederland) og CallMax til bruk for DMB. MTV NL driv no prøvesendingar med mobil-tv, medan CallMax enno ikkje har konkrete planar om utrulling i L-bandet. DMB-lisensane opnar også for digitalradio.

Nokre få spesialforhandlarar sel DAB-mottakarar. Marknadspenetrasjonen har vore svært låg for DAB i Nederland, med berre om lag 20 000 selde mottakarar.

I 2011 vil dei eksisterande sendeløyva for analog radio bli utvida med 6 år. Dei noverande radiokringkastarane kan få denne utvidinga av konsesjonen dersom dei bind seg til å sende dei same kanalane i DAB+. Ei frekvensblokk vil bli brukt til kommersiell riksdekkjande radio, og ei vil bli brukt til lokal kommersiell og offentleg radio. Innanfor desse DAB+-konsesjonane er det ikkje tillate å bruke frekvenskapasiteten til mobil-tv-tenester. Den tredje frekvensblokka for digitalradio er alt tildelt NPO, som i dag brukar den til DAB. NPO kan skifte over frå DAB til DAB+ eller DMB.

I 2017 vil regjeringa evaluere satsinga på DAB+, basert på kriterium som tal på selde mottakarar, utbreiing i bil, talet på lyttarar, dekningsgrad, DAB+/DMBs suksess internasjonalt, nye teknologiar for digitalradio, graden av suksess på konkurrerande digitalradioplattformer som Internett mv.

Dersom styresmaktene i 2017 konkluderer med at DAB+ er ein suksess, vil sendeløyva bli utvida med 6 år til. Dessutan vil det bli fastsett ein dato for avvikling av FM. Dersom styresmaktene i 2017 konkluderer med at DAB+ ikkje er ein suksess, vil kommersielle kringkastarar truleg returnere dei digitale konsesjonane sine. Det analoge frekvensspekteret vil truleg bli auksjonert ut.

4.5 Sveits

Sveits lanserte digitalradio via DAB i 1999, då den offentlege kringkastaren SRG SSR idée suisse kom på lufta. Lokale prøvesendingar med DAB+ blei lanserte i Bern og Zürich i slutten av 2007. Det har også vore DMB-prøvesendingar på lufta.

Dekningsgraden for digital radio på DAB eller DAB+ i Sveits er på ca. 93 pst.

Det er fem ordinære regionale frekvensblokker i bruk for digital radio. Dei dekkjer alle store språkområde i landet (tysk, fransk og italiensk), med ei blanding av offentlege og kommersielle radiostasjonar. I frekvensblokkene blir DAB og DAB+ sende om kvarandre. Det totale sendetilbodet er 72 DAB/DAB+-tenester.

Ved midten av 2010 blei det estimert at det var selt ca. 500 000 digitalradiomottakarar.

SRG SSR planlegg ein overgang frå DAB til DAB+ for alle sine kanalar i perioden 2012–2015. Dette er godkjend av dei sveisiske mediestyresmaktene i Ofcom. Det er enno ikkje gjort vedtak om å avvikle FM-nettet i Sveits.

4.6 Danmark

I Danmark blei prøvesendingar på DAB starta i 1996. Danmarks Radio (DR) har vore drivkrafta for DAB i landet, både teknologisk og innhaldsmessig.

Utandørsdekninga for DAB i Danmark er meir enn 90 pst.

To nasjonale frekvensblokker er i bruk til digital radio, og innhaldstilbodet er 14 offentlege kanalar (DR-kanalar) og 3 kommersielle kanalar på DAB.

Det er hittil selt i overkant av 1,5 millionar DAB-mottakarar i Danmark. Om lag 300 spesialforretningar sel DAB-radioar, og elles er radiomottakarane tilgjengelege i supermarknader mv, som ofte har tilbodskampanjar på slikt utstyr. Meir enn kvar tredje husstand i Danmark har no ein DAB-mottakar, noko som gjer Danmark til det landet i verda med høgast DAB-penetrasjon per capita. Lyttinga på DAB-plattforma er likevel låg, med i gjennomsnitt ca. 7 pst. dagleg dekning. Få bilar i Danmark har DAB-radio.

Medieforliket 2011–2014 presiserer rammene for programverksemda i DR, blant anna for å fremme utviklinga av DAB. I forliket står det at utbygginga av DAB-blokk 3 skal byrje så snart det er frekvensmessig mogleg (truleg mellom 2013 og 2015). Denne blokka skal brukast til DRs regionalradioar og kommersielle lokale og regionale radioar.

Vidare skal det lagast ein langsiktig plan for digitalisering av radio som blant anna omfattar overgang frå DAB til DAB+.

Danske styresmakter avgjorde i 2009 at fornying eller replanlegging av FM-nettet ikkje skal gjennomførast, men det er ikkje gjort vedtak om endeleg FM-avvikling.

Spørsmålet om sløkking av analoge sendingar vil bli teke opp når halvparten av husstandane har DAB-mottakar.

4.7 Sverige

Sveriges Radio (SR) har hatt prøvesendingar med digitalradio i DAB sidan 1995 i visse område av Sverige med ei riksblokk og eit regionnett. SR og Sveriges Utbildningsradio var åleine om å sende. Dei private, kommersielle kringkastarane valde å ikkje delta, med den grunngivinga at dei økonomiske vilkåra ikkje var attraktive nok. I 2005 blei vidare utvikling og utbygging av DAB lagd på is i påvente av at framtida til digitalradioen skulle utgreiast. Radio- og TV-verket fekk i oppdrag å rapportere til styresmaktene om teknikkutviklinga innan digital radio, og å leggje fram ein sluttrapport i juni 2008. SR fekk i mellomtida forlenga sendeløyve for DAB i ytterlegare tre år. I sluttrapporten tilrådde Radio- og TV-verket DAB+ som standard for digitalradioutviklinga.

DAB-sendingane dekkjer no Stockholm– Göteborg– og Luleåregionen, og sendingane når ca. 35 pst. av folkesetnaden.

Sverige har tilgang til fire DAB-frekvensblokker. Av desse er éi nasjonal frekvensblokk og éi regional prøvefrekvensblokk tekne i bruk for digital radio. SR sender 8 kanalar på DAB. To av dei går parallelt i FM/DAB. Dei andre er reine digitalradiokanalar som ikkje får plass i FM-nettet.

Etter det departementet kjenner til finst ikkje tilgjengelege salstal for digitalradiomottakarar i Sverige.

Teracom byrja prøvesendingar med DAB+ i mai i 2009. I første omgang blei seks kanalar – fire SR-kanalar og to MTG-kanalar – sende i Stockholmsområdet5 med den nye teknologien. Kanaltilbodet er blitt utvida undervegs, og har innehalde opp til 15 kanalar. Teracom har nyleg publisert ein rapport om prøveprosjektet, og konkluderer med at det tekniske dekningsresultatet er godt og at lyttarane er godt nøgde.

Den nye radio- og tv-lova i Sverige trådde i kraft 1. august 2010. Den opnar for at kommersielle radioar kan søkje om konsesjon for digital radio. Myndigheten för radio och tv vil om kort tid kunngjere konsesjonar for kommersiell digital radio.

Det føreligg enno ingen vedtak om å avvikle FM-nettet i Sverige.

4.8 Finland

Finland har tidlegare hatt éi nasjonal frekvensblokk og dessutan regionale blokker for DAB. Den statlege allmennkringkastaren YLE starta nasjonale prøvesendingar for DAB i 1998, men valde i 2005 å stoppe alle radiosendingar i DAB-nettet inntil vidare. Årsakene var blant anna økonomiske, av di kommersielle kringkastarar ikkje fann det attraktivt å gå over til DAB. Med berre YLE som innhaldsleverandør har DAB-tilbodet vore avgrensa. Finland melde ikkje inn krav om DAB-dekning til RRC066, og har etter frekvenskonferansen ingen koordinerte blokker for DAB, berre for DVB. Etter dette er Finland det einaste vesteuropeiske landet som ikkje har koordinert frekvensressursar for DAB.

YLE har i staden auka den riksdekkjande distribusjonen av kanalane sine via det digitale bakkenettet (DVB-T). To kommersielle aktørar nyttar også denne teknologien, medan dei andre radiokringkastarane berre nyttar analog distribusjon. Dette tyder at over 99 pst. av folket kan høyre digitalradio over fjernsynsnettet. Sidan slutten av 2006 har ein også kunna lytte på YLEs radiokanalar via det nye digitale mobil-tv-nettet (DVB-H). YLE undersøkjer no kva slags distribusjonsteknologi for multimedia som er mest tenleg for dei digitale radiosendingane.

4.9 Andre land

4.9.1 India

I 2010 godkjende indiske styresmakter planen til allmennkringkastaren All India Radio (AIR) om å flytte kanalane sine til DRM innan 2013, med mogleg FM-sløkking i 2015. Den største utfordringa i India er å sikre tilgang på mottakarar, og at dei får eit realistisk prisnivå for indiske forbrukarar.

4.9.2 Australia

Australia har satsa på DAB+ som standard for digital radio. DAB+ er hittil bygd ut i fem delstatar og har ein dekningsgrad på 60 pst. av folket. 9 ordinære regionale frekvensblokker og 6 regionale prøvefrekvensblokker er tilgjengelege for digital radio i landet. Commercial Radio Australia rapporterer om 65 kanalar på DAB+, av dei er 16 reine DAB+ -kanalar. Etter 12 månader på lufta ligg lyttartala på ca. 500 000 lyttarar, og det er i same perioden selt nærmare 200 000 digitalradiomottakarar. På grunn av dei høge dobbeltdistribusjonskostnadene for FM og DAB+ er det vedteke at det i dei første seks åra ikkje skal opnast for nye, reine digitalradioaktørar på digitalradioplattforma. Dette er meint å motivere kringkastarane til å halde fram med digital utbygging. Det er enno ikkje gjort vedtak om å avvikle FM-nettet i Australia.

4.9.3 USA

USA har ikkje satsa på digitalradio basert på Eureka 147-standardane, men i staden på Hybrid Digital Radio (HD Radio), som er ein type IBOC-teknologi, og digital satellittradio.7 HD Radio blei lansert i USA i 2003, men har ikkje vore nokon stor suksess så langt. Satellittradio blei lansert først på 2000-talet av to konkurrerande selskap, Sirius og XM. Desse fusjonerte i 2008. Satellittradio har drygt 20 millionar abonnentar og er særleg populær for mottak i bil.

Det er enno ingen vedtak om å avvikle FM-nettet i USA.

4.10 Skjematisk oversikt over situasjonen i nokre andre land

Tabell 4.1 viser på ein skjematisk måte situasjonen for digital radio i nokre andre land.

Tabell 4.1 Digital radio i utvalde land

Storbritannia

Frankrike

Tyskland

Nederland

Danmark

Sverige

Standardval for digital radio

DAB

DMB

DAB/DAB+

DAB/DAB+

DAB

DAB/DAB+

Lansering

1995

2010**

1999 (DAB)

2003

1996

1995

Dekningsgrad

85-90 %

-

70 %

70 %

90-95 %

35 %

Tilgjengeleg kapasitet (mux)*

2 nasj.

10 reg.

37 lok.

1 nasj.

30 reg.

2 lok.

1 nasj.

16 reg.

4 lok.

3 prøvelok.

5 mux

3 mux

4 mux

Innhaldstilbod

169 kanalar

-

60 kanalar

9 kanalar

17 kanalar

8 kanalar DAB

15 kanalar DAB+

Selde mottakarar

12 mill.

-

-

20 000

1,5 mill

-

Vedtak om FM-avvikling?

Nei, men måldato 2015, under gitte føresetnader

Nei

Nei

Nei, men tek sikte på å setje dato i 2017

Nei, men vil bli vurdert når 50 % av husstandane har digital mottakar

Nei

* Mux (forkorting for multipleks) viser her til tal og type frekvensblokker som er avsette/tekne i bruk til digital radio

** Planlagd lansering i Paris, Nice og Marseille ved utgangen av 2010. Lanseringa er no utsett.

Fotnotar

1.

RAJAR (Radio Joint Audience Research) er den offisielle institusjonen for måling av radiolytting i Storbritannia. Den er eigd saman av BBC og RadioCentre (som representerer den kommersielle radiobransjen). Undersøkinga dekkjer ca. 320 individuelle radiostasjonar og blir utført kvartalsvis.

2.

Loi relative à la liberté de communication (Freedom of Communications Act)

3.

Det er enno få DMB-mottakarar i sal i Frankrike, og det er uklart om alle nye radiomottakarar med multimediaskjerm er DMB-kompatible. Franske styresmakter opplyser at dei arbeider med å modifisere lovteksta, også den om milepælane knytte til utbreiing av digitale mottakarar.

4.

Die Kommission zur Ermittlung des Finanzbedarfs der Rundfunkanstalten («Kommisjonen for finansiering av tyske kringkastarar»)

5.

Stockholm, Uppsala og Gävle

6.

Frekvenskonferansen i Genève 2006, RRC06, som resulterte i frekvensplanen GE-06 for digital kringkasting (radio og fjernsyn).

7.

For nærmare omtale av HD Radio/IBOC og satellittradio sjå vedlegg 1.

Til forsida