Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 10 (2018–2019)

Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig — Den statlege frivilligheitspolitikken

Til innhaldsliste

Del 3
Ein sterk og uavhengig sektor

6 Rammevilkår som fremjar frivillig aktivitet

Figur 6.1 

Figur 6.1

6.1 Innleiing

Verkemidla i den statlege frivilligheitspolitikken er i stor grad basert på økonomiske insentiv, gjennom forvalting av tilskot.

Dette kapittelet tek for seg korleis staten gjennom mellom anna breie og ubyråkratiske støtteordningar kan byggje opp under ein sjølvstendig frivillig sektor med brei deltaking og høg aktivitet.

Regjeringa vil støtte opp om frivillig sektor og styrkje rammevilkåra, men det er viktig for sjølvstendet og autonomien til frivilligheita at ho ikkje er avhengig av offentleg finansiering, og at ho framleis hentar mesteparten av inntektene sine frå andre kjelder. Kapittelet beskriv også korleis staten eventuelt kan leggje til rette for at frivillig sektor lettare kan skaffe seg andre inntektskjelder enn tilskot frå det offentlege.

Regjeringa byggjer politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapen. Dette ligg også til grunn for statens økonomiske tiltak for frivillig sektor.

6.2 Inntektene til frivillig sektor

Frivillige organisasjonar hentar inntektene sine frå fleire ulike kjelder. Frå 1997 til 2013 har prosentdelen av eigengenererte inntekter som samla sett kjem frå medlemskontingentar, deltakaravgifter og frivillig aktivitet som skal skape inntekter, gått markant ned frå 73 til 58. Private bidrag i form av sponsing, basar, gåver og innsamling, auka frå 13 til 14 prosent. Dette er i stor grad også eigengenererte inntekter, sidan det er organisasjonane sjølve som må gjere ein innsats for å få desse midlane.

Inntekter frå det offentlege auka frå 8 til 21 prosent og andre, uspesifiserte inntekter auka frå 6 til 7 prosent i same perioden. Figur 6.2 viser korleis dei ulike inntektskjeldene fordeler seg på organisasjonstypar i frivillig sektor.

Auken i dei offentlege midla må sjåast i samanheng med bortfallet av automatinntektene til organisasjonane og offentleg kompensasjon som følgje av dette, dessutan auken i momskompensasjonsordninga. Frivillig sektors totale driftskostnader auka med om lag 30 prosent frå 1997 til 2013, noko som er eit uttrykk for at frivillig sektor har vakse i økonomisk omfang.

Figur 6.2 Fordeling av inntekter etter organisasjonstypar, 1997–2013.

Figur 6.2 Fordeling av inntekter etter organisasjonstypar, 1997–2013.

Kjelde: Arnesen og Sivesind (2017).

6.3 Statlege tilskot til frivillige organisasjonar – eit oversiktsbilete

Statleg støtte til frivillig sektor har to kjelder: statsbudsjettet og overskotet frå Norsk Tipping (spelemidlar). I tillegg kjem ein del av den offentlege støtta til frivillige organisasjonar frå kommunar og fylkeskommunar.

I dag blir overskotet til Norsk Tipping fordelt først med 7 prosent til grasrotandelen. 6,4 prosent blir så trekt ut til helse- og rehabiliteringsformål. Deretter blir det resterande beløpet fordelt med 64 prosent til idrettsformål, 18 prosent til kultur og 18 prosent til humanitære og samfunnsnyttige formål.

Det er Kulturdepartementet som fordeler overskotet til Norsk Tipping i samsvar med pengespellova § 10. Hovudfordelinga av spelemidlar til idrettsformål og kulturformål blir vedteken av Kongen i statsråd i april kvart år. Speleoverskotet til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar blir fordelt i tråd med forskrift 4. mai 2018 nr. 678 om tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar frå speleoverskotet til Norsk Tipping.

Bakgrunnen for at frivillige organisasjonar er mottakarar av inntekter frå spel, er eit ønske om at overskotet frå pengespel og lotteri verken skal gå til staten eller til kommersielle aktørar med profittinteresser. Tanken er at frivillige organisasjonar og formål i praksis vil gi mindre press på å optimalisere overskotet frå pengespeldrifta. Dette vil i sin tur sikre ei meir moderat utvikling av pengespeltilbodet og dermed mindre samfunnsmessige problemstillingar i tilknyting til spelverksemda. Den norske spelpolitikken ligg fast slik han er beskriven i Meld. St. 12 (2016–2017) Alt å vinne, og vil derfor ikkje bli ytterlegare beskriven i denne meldinga.1

Statens tilskot til frivillig sektor over statsbudsjettet stadfester at frivilligheita er mangfaldig, at frivillig sektor er sentral på alle samfunnsområde, og at det er mange frivillige organisasjonar i Noreg som får statleg støtte.

13 av 15 departement har tilskotsordningar som berre frivillige organisasjonar kan søkje på, eller gir enkelttilskot til frivillige organisasjonar. Inkludert spelemidlar blei det tildelt nærare 9 milliardar kroner i tilskot til frivillige organisasjonar i 2017. Tabell 6.1 gir ei detaljert oversikt over desse. I tillegg viser tidlegare kartleggingar at frivillige organisasjonar og frivillige tiltak får meir enn 2 milliardar kroner frå tilskotsordningar som også andre aktørar som for eksempel kommunar og næringsliv kan søkje på.

Det er svært mange mottakarar av dei fordelte midlane. Den største ordninga for frivillig sektor, meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar, hadde omkring 23 500 mottakarar i 2017. Omkring 30 000 er registrerte som grasrotmottakarar. Dei andre statlege tilskotsordningane hadde til saman omkring 3000 tilskotsmottakarar i 2017.

Tabell 6.1 Tal på tilskotsordningar berre frivillige organisasjonar kan søkje på, enkelttilskot til frivillige organisasjonar og tildelte beløp (2017).

Departement

Tal på tilskotsordningar

Tildelt beløp tilskotsordningar

Tal på enkelttilskot

Tildelt beløp enkelttilskot

Totalt tildelt beløp

Kulturdepartementet

27

3 152 765 037

41

1 397 936 000

4 550 701 037

Utanriksdepartementet

2

2 062 501 868

8

5 915 000

2 068 416 868

Helse- og omsorgsdepartementet

8

361 879 898

49

268 465 006

630 344 904

Barne- og likestillingsdepartementet

6

331 706 111

27

119 761 000

451 467 111

Kunnskapsdepartementet

7

301 878 895

31

77 830 000

379 708 895

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

3

308 542 303

5

13 222 000

321 764 303

Samferdselsdepartementet

0

0

5

144 550 000

144 550 000

Klima- og miljødepartementet

3

67 067 900

21

48 838 710

115 906 610

Arbeids- og sosialdepartementet

5

105 195 000

2

3 585 000

108 780 000

Justis- og beredskapsdepartementet

2

25 311 000

31

66 406 500

91 717 500

Forsvarsdepartementet

1

26 859 000

1

29 765 000

56 624 000

Landbruks- og matdepartementet

1

30 509 000

0

0

30 509 000

Nærings- og fiskeridepartementet

0

0

2

28 100 000

28 100 000

SUM

65

6 774 216 012

223

2 204 374 216

8 978 590 227

Kjelde: Informasjon frå departementa sett saman av Lotteri- og stiftelsestilsynet.

6.4 Grunnstøtte til frivillige organisasjonar

6.4.1 Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar

Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar tok til å gjelde 1. januar 2010. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet.

Det blir gitt kompensasjon innanfor den ramma som Stortinget har bestemt for det enkelte år. Fleirtalet av søkjarane nyttar ein forenkla søknadsmodell, der dei søkjer om kompensasjon med utgangspunkt i totale driftskostnader knytte til den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av verksemda. Det er også mogleg å velje å søkje om kompensasjon basert på dokumenterte meirverdiavgiftskostnader.

Organisasjonane søkjer på bakgrunn av driftskostnadene sine med visse frådrag. Midlane kan brukast fritt i den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av verksemda som har vore grunnlag for tildelinga av kompensasjon. Ordninga skal vere enkel og ubyråkratisk, og det er ikkje krav om rapportering for bruk av midlane.

I 2017 blei det gitt 1,32 milliardar kroner i meirverdiavgiftskompensasjon. 23 500 organisasjonar fekk støtte. Dette er nærare 1000 fleire enn året før. Av desse hadde 21 900 organisasjonar i 2016 under 10 millionar kroner i søknadsgrunnlag. I 2016 var det rundt 300 organisasjonar med søknadsgrunnlag over 10 millionar kroner. Dette viser at ordninga når ut til dei små lokale organisasjonane.

Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga er innretta som ei rammestyrt tilskotsordning og er ikkje ein krone for krone-kompensasjon i form av ei rettigheitsstyrt tilskotsordning. Då ordninga blei innført i 2010, blei det sett eit mål om å trappe opp ordninga til 1,2 milliardar kroner innan 2014.

Søknadsbeløpet frå organisasjonane har stige etter kvart som ordninga har blitt betre kjend. Det same har løyvinga til ordninga. I budsjettforslaget til Kulturdepartementet for 2019 er ordninga auka med 134 millionar kroner. Ho er med dette oppe i over 1,5 milliardar kroner.

Frivillig sektor hevdar at noverande meirverdiavgiftskompensasjonsordning er for lite føreseieleg, fordi ho ikkje gir full kompensasjon, og fordi avkortinga ikkje er kjend når ein søkjer. Sektoren har kravd fullt meirverdiavgiftsfritak (nullsats). I juni 2017 vedtok Stortinget å be regjeringa om å styrkje meirverdiavgiftskompensasjonsordninga til frivillige organisasjonar gjennom ein opptrappingsplan og ei utvikling av ordninga som sikrar at midlane kjem organisasjonar til gode som er baserte på frivilligheit (jf. Dokument 8:102 S (2016–2017) og Innst. 478 S (2016–2017).

Ny forskrift for meirverdiavgiftskompensasjonsordninga er gjeldande frå 1.1.2019. Målet med endringane er å gjere ordninga endå meir treffsikker og bidra til ytterlegare forenkling for organisasjonane. Hovudendringa inneber ei endra deling av midlar slik at dei små organisasjonane samla får litt meir og dei store organisasjonane samla får litt mindre. Dette grepet er det semje om i frivillig sektor. Samtidig er målgruppa snevra litt inn for å sikre at midlane ikkje kjem privatøkonomiske interesser til gode. Dette bidreg til å sikre at midlane kjem organisasjonar som er baserte på frivilligheit, til gode i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak 1048, 20. juni 2017.

Fullt fritak for meirverdiavgift vil krevje at frivillige verksemder registrerer seg i Meirverdiavgiftsregisteret og leverer skattemelding for meirverdiavgift med krav om frådrag. Dette vil vere administrativt krevjande for frivilligheita og ikkje i tråd med ønsket frå frivilligheita om ei enkel ordning og ønsket frå regjeringa om å forenkle støtta til frivillige organisasjonar. Generell frådragsrett vil dessutan vere i strid med meirverdiavgiftssystemet.

Ordninga er i praksis ei grunnstøtte til frivilligheita i Noreg. Tildelingane er baserte på driftskostnader med visse frådrag. Dette gir ei god beskriving av frivillig aktivitet som krev kostnader hos den enkelte organisasjon, som dermed har behov for tilskot. Ordninga er enkel og ubyråkratisk og gir organisasjonane tilgang på frie midlar.

Målsetjinga med frivilligheitspolitikken er å styrke frivilligheita og støtte opp om frivillig aktivitet. Regjeringa vil derfor lage ein opptrappingsplan slik Stortinget har oppmoda til. Opptrappingsplanen varer ut stortingsperioden, med mål om at løyvinga er på 1,8 milliardar kroner i 2021.

Som tabell 6.1 viser, finst det svært mange statlege tilskotsordningar til frivillig sektor. Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga er den største av desse ordningane. Det er naturleg for regjeringa å sjå nærare på korleis denne ordninga og andre ordningar fungerer saman, med sikte på å nå frivilligheitspolitiske mål.

Tiltak:

Regjeringa vil trappe opp støtta til frivillig sektor gjennom meirverdiavgiftskompensasjonsordninga med mål om at ordninga er på 1,8 milliardar kroner i 2021. Regjeringa vil sjå nærare på korleis meirverdiavgiftskompensasjonsordninga fungerer i samanheng med andre tilskotsordningar, med sikte på å nå frivilligheitspolitiske mål.

6.4.2 Frifond

Formålet med Frifond-løyvinga er å stimulere den lokale aktiviteten og deltakinga til barn og unge og betre rammevilkåra for medlemsbasert virke på lokalt nivå i regi av frivillige organisasjonar. Frifond består av Frifond organisasjon, Frifond barn og unge, Frifond teater og Frifond musikk.

Tilskotet skal nå ut til eit breitt spekter av organisasjonar, frittståande grupper og foreiningar med ulike formål og aktivitetsgrunnlag.

Løyvinga til Frifond utgjer rundt 200 millionar kroner. Nærare 15 000 lokale lag og grupper med barn og unge får årleg støtte frå Frifond. Midlane blir fordelte av Kulturdepartementet til paraplyorganisasjonane Norsk musikkråd (NMR) og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Det er eit ansvar for paraplyorganisasjonane å fordele midlane vidare, behandle eventuelle klager og rapportere til departementet om bruken av midlane på lokalt nivå. Den prosentvise fordelinga mellom paraplyorganisasjonane blir sett kvart år med utgangspunkt i erfaringstal frå paraplyorganisasjonane.

I samband med arbeidet med denne stortingsmeldinga blei det sett i gang ein gjennomgang og ei utgreiing av Frifond-ordningane. LNU og NMR har gått gjennom Frifond barn og unge, Frifond musikk og Frifond teater. Rambøll har greidd ut moglegheitene for samanslåing/samordning av Frifond organisasjon og nasjonal grunnstøtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar.

6.4.2.1 Frifond organisasjon og nasjonal grunnstøtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar

Regjeringa ønskjer å sjå på moglegheiter for endringar og forbetringar av den statlege tilskotsforvaltinga som kan bidra til meir heilskapleg, open, effektiv og føreseieleg frivilligheitspolitikk.

Frifond organisasjon og nasjonal grunnstøtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er ordningar som begge skal leggje til rette for barn og unge si deltaking i frivillige organisasjonar, og der fleirtalet av mottakarar får støtte frå begge ordningane. Det er derfor ordningar som regjeringa har vurdert å slå saman, særleg av omsyn til forenkling for mottakarane.

Rambøll leverte ein rapport om mogleg samordning og/eller samanslåing av desse to ordningane i april 2018.2 Rapporten konkluderer med at det er både mogleg og anbefalt å slå saman dei to ordningane hos éin forvaltar. Det vil bidra til betydeleg forenkling for mottakarane, dessutan betre koordinering og samordning av tilskotsordningane. Rambøll anbefaler at forvaltinga blir samla hos eit nytt fordelingsutval med Bufdir som sekretariat. Det nye fordelingsutvalet bør bestå av forvaltingskompetanse frå LNU og NMR, for å sikre overføring av denne kompetansen til ny ordning. Midlar til sentralledd og lokallag bør leggjast i to ulike tilskotspottar. Midlane i Frifond organisasjon bør slåast saman, og fordelinga av midlar via sentralledda i organisasjonane held fram slik ho er i dag. Dei foreslår vidare at det blir etablert felles inngangskriterium – baserte på ei harmonisering av noverande inngangskriterium for Frifond organisasjon og nasjonal grunnstøtte.

Rambøll peiker på at denne modellen sikrar mangfald; små og store organisasjonar består, fleire får tilgang gjennom lågare inngangskriterium. Det fører også til forenkling for mottakar og forvaltar, dei vil i mindre grad vere avhengige av unntaksføresegner og skjønnsmessige vurderingar av retten til tilskot.

Hovudutfordringa med modellen er at enkelte musikkorganisasjonar vil falle utanfor. Dette er ei overgripande problemstilling i rapporten. NMR si forvalting av Frifond organisasjon er, i større grad enn LNUs forvalting, basert på skjønn.

LNU er einig i at ei samanslåing i utgangspunktet vil vere forenklande for mottakarane, men meiner at ei slik samanslåing ikkje må medføre dårlegare kontakt mellom forvaltar og mottakarar. LNU er førebudd på, og meiner at dei sjølve har kompetanse til, å forvalte begge ordningar. LNU meiner Rambøll undervurderer betydninga av at frivilligheita sjølv får forvalte sentrale støtteordningar for eigen sektor gjennom paraplyane, og at dialog og oppfølging bør vege tungt. Dei skriv også at ei samanslåing og flytting av Frifond til Bufdir vil få konsekvensar for LNU, som tap av forvaltarkompetanse, tap av ei viktig kontaktflate med organisasjonane og tap av administrasjonsinntekter. I tillegg vil det skape dårlegare samordning mellom dei ulike Frifond-ordningane. På bakgrunn av desse betraktningane meiner LNU at dersom ordningane skal slåast saman, må dei plasserast hos éin av eller begge paraplyorganisasjonane, framfor hos direktoratet.

Elles er LNU positive til ei samordning av kriterium.

Norsk musikkråd støttar mange av LNUs argument knytte til verdien av at frivilligheita sjølv forvaltar støtteordningar og kontakten med medlemsorganisasjonar. NMR ønskjer heller ei nærare utgreiing av moglegheitene for ein felles søkjarportal. Dei er kritiske til éin forvaltar og meiner anbefalt modell vil svekkje det frivillige musikklivet og gi lokale musikkgrupper dårlegare rammevilkår.

Fordelingsutvalet skriv i sitt innspel at dei beste alternativa for vidare utvikling av ordningane er Rambølls anbefaling om samla forvalting hos eit nytt fordelingsutval med Bufdir som sekretariat og felles søknads- og rapporteringsmal. Dette tek langt på veg vare på styrken ved ordninga slik ho er i dag. Samtidig sikrar ho kontinuitet, brukarmedverknad og organisasjons- og forvaltingskompetanse i det vidare arbeidet. Fordelen med å følgje Rambølls anbefaling er at ho inneber ei større forenkling for organisasjonane ved at dei får éin søknadsportal, eitt sett med regler og éin forvaltningsstruktur å ta omsyn til.

Regjeringa legg vekt på synspunkta til paraplyorganisasjonane som er representantar for barne- og ungdomsorganisasjonane. LNU og NMR fordeler i dag midlar frå Frifond organisasjon til barne- og ungdomsorganisasjonane og aktivitet. Denne ordninga fungerer godt, og tek omsyn til rettstryggleik i tilstrekkeleg grad. Vidare kan fleire av dei andre anbefalingane bli følgde opp utan at ordningane blir samla hos éin forvaltar. Regjeringa meiner derfor det no ikkje er nok grunnlag for å gjere endringar i forvaltinga og fordelinga av nasjonal grunnstøtte og Frifond organisasjon. Ein må likevel vurdere innretninga på tilskotsordningar regelmessig. Det er ønskjeleg å ta tak i dei største utfordringane som Rambøll peiker på i rapporten sin, og då særleg knytt til harmonisering av regelverk og kriterium for tilskot, tekniske løysingar, rapportering og tilsyn.

Tiltak:

Regjeringa vil vurdere felles kriterium for tilskot, søknadsskjema og rapporteringsrutinar for å samordne Frifond organisasjon og Nasjonal grunnstøtte, og om det let seg gjere, med ein felles søknads- og rapporteringsmal.

6.4.3 Frifond barn og unge, musikk og teater

LNU og NMR har gått gjennom dei frittståande ordningane. Dei har sett på kva behov dei dekkjer, effektar av ordningane, kor godt kjende ordningane er, kva slags kostnader som blir dekte, og om dei bidreg til å gi barn og unge som ikkje allereie er aktive, eit kultur- og fritidstilbod.3

Paraplyorganisasjonane meiner at gjennomgangen viser at dei frittståande ordningane dokumenterer eit breitt spekter av lokale aktivitetar, at støtta når ut til mange barn og unge, og at ungdom får eit læringsutbytte gjennom søknads- og gjennomføringsprosessen. Utgiftspostane som blir dekte, er sentrale utgifter knytte til dei ulike aktivitetane, og støtta er ofte avgjerande for om aktiviteten blir gjennomført. Paraplyane ønskjer ikkje å utvide ordninga til å dekkje endå fleire av utgiftene til gruppene.

Paraplyane meiner at dei har vist gjennom mangeårig administrering av Frifond at dei når ut til grupper som ikkje kan nåast av det tradisjonelle organisasjonslivet. Dette har dei mellom anna gjort gjennom felles informasjonsarbeid og kampanjar, ulike prosjekt og samarbeid med andre kulturaktørar. Paraplyane meiner også at dei har dei beste føresetnadene til å nå dei eigenorganiserte.

Behovet for informasjon og informasjonsarbeid krev ein høgare administrasjonsdel.

Gjennomgangen viser at ordninga er dominert av fylka med dei store studentbyane. Dette styrkjer teorien om at ordninga er best kjend i studentmiljøa, og at flest søknader kjem frå store studiestader der det er rimeleg å tru at det er meir aktivitet. Utanfor studentmiljøa er det mange eingongssøkjarar. Ordninga kan dermed tendere til å nå eldre ungdommar som tek høgare utdanning. Det er eit ønske frå departementet at ordninga skal nå ut breitt og mangfaldig, og at ho skal bidra til å inkludere fleire i aktivitet, uansett bakgrunn og ressursar. Det er dermed eit forbetringspotensial med tanke på å nå fleire og meir ulike grupper.

Kulturdepartementet meiner at Frifond-ordningane som skal nå frittståande grupper og eigenorganisert aktivitet, i hovudsak fungerer etter intensjonen med ordninga. Mange barn og unge frå heile landet får moglegheit til å drive sin aktivitet. Aktivitetane som er støtta, spenner frå friluftsliv til sirkus og andre framsyningar. Ordningane er i ulik grad knytte til spesielle kulturuttrykk. Diskusjonen om kor tungtvegande kulturtilknytingane i aktiviteten er, bør løftast.

Det har i tillegg vore fremja eit forslag om å reindyrke delar av ordninga som er retta mot kulturaktivitet, og lage eit tydelegare skilje opp mot anna barne- og ungdomsfrivilligheit. Dette er eit innspel som departementet vil vurdere. Departementet ønskjer å støtte opp om desse formåla og samtidig ha ei ryddig og god forvalting av Frifond. Eventuelle endringar må greiast ut i dialog og samarbeid med dei involverte paraplyane og organisasjonane.

Tiltak:

Regjeringa vil sjå Frifond-ordningane retta mot musikk, dans og andre kunst- og kulturuttrykk i samanheng med andre ordningar på kulturfeltet i den kommande barne- og ungdomskulturmeldinga.

6.5 Tilskot til frivilligheit som mål i seg sjølv

6.5.1 Driftstilskot for handlingsrom

Tilskot til frivillig sektor frå staten skal byggje opp under det sentrale frivilligheitspolitiske målet om ein fri og sjølvstendig sektor.

Tilskota til frivillige organisasjonar har hovudsakeleg to formål: tilskot for å støtte frivilligheit som mål i seg sjølv, og tilskot for at frivillige organisasjonar skal bidra til å oppnå sektormål på ulike samfunnsområde (sjå kapittel 3.2). Nokre ordningar kombinerer desse to formåla.

Tilskot til frivillige organisasjonar frå staten blir stort sett gitt som driftstilskot eller prosjekttilskot. Driftstilskot skal styrkje den daglege drifta av organisasjonen og har ofte som formål å støtte frivilligheit som mål i seg sjølv. Eksempel på driftstilskotsordningar er grunnstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonar og grunnstøtte til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar.

Prosjekttilskot vil typisk ha som formål å bidra til å nå meir konkrete sektormål på ansvarsområda til departementa og vil ha ein meir kortsiktig og avgrensa karakter. Eksempel på prosjekttilskotsordningar er tilskot til integreringsprosjekt i asylmottak og tilskot til rekruttering av blodgivarar. Nokre ordningar gir både drifts- og prosjekttilskot.

Kartlegging av tilskot til frivillige organisasjonar i 2017 viser at 53 prosent av tilskotsmidlane blei gitt som driftstilskot i 2017, 35 prosent blei gitt som prosjekttilskot, og dei resterande midlane var ein kombinasjon av driftstilskot og prosjekttilskot eller ikkje kategorisert, sjå figur 6.3.

Frivillig sektor peiker på at prosjektmidlar krev meir administrative ressursar i organisasjonane til planlegging og søknader som kan vere forgjeves dersom ikkje søknaden får positivt svar. Aktiviteten blir meir kortsiktig, og uvissa kan gjere det vanskeleg å halde på kompetanse i organisasjonane. Somme meiner at prosjektmidlar også kan føre til målforskyving ved at organisasjonane endrar aktiviteten og ressursbruken sin for å kunne søkje på midlane.

Det har dei siste åra vore ein sterk auke i dei store generelle ordningane, som meirverdiavgiftskompensasjonsordninga og spelemiddelordningane. Dette er ordningar med få føringar for korleis midlane skal brukast, og som krev inga eller avgrensa rapportering.

Figur 6.3 Prosentdel driftsmidlar og prosjektmidlar i samla tilskot frå staten til frivillige organisasjonar i 2017.

Figur 6.3 Prosentdel driftsmidlar og prosjektmidlar i samla tilskot frå staten til frivillige organisasjonar i 2017.

Kjelde: Informasjon frå departementa sett saman av Lotteri- og stiftelsestilsynet.

I ei undersøking som Frivillighet Norge gjorde våren 2017, opplyste likevel fleire organisasjonar at dei opplevde at delen driftsstøtte går ned.4 Nokre organisasjonar peiker på at dei ikkje har kapasitet til å opprette eigne prosjekt for å få tilskot, men at den ordinære drifta deira bidreg vel så bra til dei utfordringane det offentlege ønskjer å løyse med prosjekttilskot.

LNUs innspel kan illustrere dette:

Det frivillige arbeidet for bedret integrering eller god eldreomsorg styrkes ikke ved at staten vrir støtteordninger i en bestemt retning, men ved at de organisasjonene som allerede gjør viktig arbeid på disse områdene får en sterk nok grunnfinansiering til at de kan øke sin aktivitet.

Kulturdepartementets rettleiar i forenkling av tilskotsordningar for frivillige organisasjonar tilrår forvaltarar å vurdere om tilskot kan ytast som driftsstøtte framfor prosjektstøtte, mellom anna fordi dette kan vere ein meir ressurssparande måte å nå måla på.

For å klargjere frivilligheit som formål og sikre at tilskotsordningane byggjer opp under eigenarten og sjølvstendet til organisasjonane, vil regjeringa ha ein gjennomgang av alle ordningar for å følgje opp intensjonane i rettleiaren. Dette inneber å vurdere aktivt om fleire tilskot kan ytast som driftstilskot med samfunnsrolla til organisasjonen som grunngiving.

Dersom ei slik vurdering resulterer i ei omgjering av midlar frå prosjektstøtte til driftsstøtte, inneber dette i seg sjølv ingen auke i overføringane til sektoren. Auka driftsstøtte vil derfor bety at frivillig sektor får auka ansvar for å vere innovatørar og sporhundar i samfunnet og ta tak i dei samfunnsutfordringane som finst.

Tiltak:

Regjeringa vil gi tilskot til frivilligheit som formål på ein måte som underbyggjer eigenarten og den sjølvstendige stillinga som frivillige organisasjonar har. Det skal gjerast ein gjennomgang av tilskot til frivillig sektor med tanke på å vurdere om fleire tilskot kan ytast som driftstilskot.

6.5.2 Medlemsdemokrati framleis eit sentralt kriterium for statleg tilskot

I 1840-åra begynte danninga av landsomfattande organisasjonar frå allereie eksisterande lokale foreiningar. Den demokratisk oppbygde medlemsbaserte frivilligheita har seinare vore berebjelken i den norske frivilligheita både i omfang og innsats.

Frå 1980-åra har frivillig organisering og frivillig innsats i Noreg endra karakter. Eitt av kjenneteikna er ei lausare organisasjonstilknyting der talet på medlemskap i organisasjonane totalt sett går ned, samtidig som den frivillige innsatsen aukar. Talet på landsdekkjande organisasjonar med lokalledd har gått ned, mens talet på nasjonale organisasjonar utan lokal tilknyting aukar.

Samtidig melder fleire av dei etablerte medlemsbaserte organisasjonane om at dette er eit bilete dei ikkje kjenner seg igjen i. Fleire melder om auka aktivitet i lokallaga og auke i medlemstal. Dette gjeld særleg barne- og ungdomsorganisasjonar.

Sjølv om frivilligheita endrar seg, vil det vere sentralt i statens grunngiving for støtte til frivillige organisasjonar at dei fungerer som demokratiske organisasjonar. Medlemsdemokrati bidreg til legitimiteten og representativiteten til organisasjonane i utøvinga av sivilsamfunnsrolla. Funksjonen til organisasjonane som «skular i demokrati» er verdifull for Noreg som eit demokratisk samfunn.

Frivilligheit er også avgjerande for eksistensen til det som er byggjesteinane i det demokratiske systemet vårt, nemleg dei politiske partia.

Sjølv om krav til medlemsdemokrati vil vere eit kriterium som bidreg til å forme frivillig sektor, meiner regjeringa det vil vere legitimt å utvikle ordningar med formål og kriterium som bidreg til å fremje særpreget og samfunnsrollene til frivillige organisasjonar. Dette vil vere ei målsetjing som frivillig sektor og staten deler. Talet på medlemmer og lokallag i ein demokratisk organisasjon vil i denne samanhengen også kunne inngå som kriterium for fordeling av tilskot, jf. boks 6.1.

Boks 6.1 Definisjon av teljande medlem, teljande lokallag og demokratisk organisasjon

Ein teljande medlem er per 31. desember i grunnlagsåret frivillig og individuelt innmeld i organisasjonen (for barne- og ungdomsorganisasjonar: er under fylte 26 år), står i medlemsregisteret, har betalt kontingent for grunnlagsåret og har etter fylte 15 år fulle demokratiske rettar i organisasjonen.

Medlemmer under 15 år kan vere melde inn av føresett eller verge. Kontingenten skal vere på minimum 50 kroner for kvar individuell medlem og gjelde for maksimalt eit kalenderår. Ved bruk av familie- eller søskenmedlemskap tel kvar medlem som individuell medlem, og kontingenten per familie- eller søskenmedlemskap skal ikkje vere mindre enn 100 kroner. Fulle demokratiske rettar er stemme-, møte-, tale- og forslagsrett og rett til å la seg velje som representant.

Organisasjonen må kunne dokumentere kor mange teljande medlemmer som oppfyller desse krava.

Eit teljande lokallag er lågaste nivå av ei sjølvstendig, demokratisk eining i organisasjonen. Lokallaget skal ha minst fem teljande medlemmer, eit styre valt av og blant medlemmene og skal ha aktivitet i tråd med formålet for ordninga.

Fylkes- og kretslag som fungerer som lokallag, blir rekna som lokallag. Organisasjonen må kunne dokumentere kor mange teljande lokallag som oppfyller desse krava.

Ein demokratisk organisasjon er kjenneteikna ved at alle medlemmene frå og med 15 år har fullverdige demokratiske rettar i organisasjonen, det vil seie stemmerett, lik møte-, tale- og forslagsrett og rett til å la seg velje som representant.

Kjelde: Frå rettleiaren «Forenkling av statlige tilskuddsordninger for frivillige organisasjoner» (Kulturdepartementet 2016)

6.6 Sikre medverknad gjennom forskriftsfesting av regelverk

Av dei 57 tilskotsordningane som blei kartlagde i samband med arbeidet til ekspertgruppa som gjekk gjennom statlege tilskot til frivillig sektor, var berre ti av regelverka nedfelte i forskrift. Regelverka for dei ulike ordningane fastset rettar og plikter for søkjarar og tilskotsmottakarar og har dermed forskrifts innhald, men har i praksis ein lågare formaliseringsgrad enn forskrifter.

Ei forskrift skal i samsvar med forvaltingslova sendast på høyring når ho blir fastsett eller endra. Dette sikrar at frivillig sektor blir involvert og får gi innspel til regelverk for tilskotsordningane der dei er aktuelle søkjarar. At saka skal sendast på høyring, kan i seg sjølv føre til at regelverket blir betre greidd og gjennomtenkt frå byrjinga av. Høyring og involvering kan også bidra til forenkling.

Forskriftsfesting kan bidra til å gjere det tydeleg kva for kriterium som ligg til grunn for om ein får tilskot eller ikkje. Det kan også bli tydelegare kva forhold som er utan betydning for moglegheita til å oppnå tilskot. Forskrifter skal dessutan kunngjerast i Norsk Lovtidend, og dei vil vere allment tilgjengelege på Lovdata. Alt dette bidreg til at ordningane blir meir føreseielege og tilgjengelige for potensielle tilskotsmottakarar. Også forvaltinga av tilskotsordninga kan bli enklare og dermed mindre ressurskrevjande dersom forskrifta gjer det tydeleg kva for kriterium som er avgjerande for om ein kan eller skal gi tilskot. Forskrifter er meir stabile over tid, noko som igjen gjer tilskot til frivillig sektor meir føreseielege.

Fleire departement er i ferd med å gjennomføre forskriftsfesting av regelverka sine for tilskotsordningar som berre frivillige organisasjonar kan søkje på. Helse- og omsorgsdepartementet har forskriftsfesta tilskot til frivillig rusmiddelførebyggjande innsats. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har forskriftsfesta tilskot til drift av organisasjonar for nasjonale minoritetar, og vil i løpet av hausten forskriftsfeste prosjektstøtta til desse. I Justis- og beredskapsdepartementet er det i gang eit arbeid med forskriftsfesting av tilskotsregelverk, med sikte på at dei fleste av tilskotsordningane som berre frivillige organisasjonar kan søkje på, skal vere fastsette som forskrift innan utløpet av 2019. Frivillig sektor vil også kunne gi innspel om forenkling i samband med høyringa av forskriftene. Barne- og likestillingsdepartementet vil også vurdere kva tilskotsordningar som bør ha regelverk fastsett i forskrift.

Tiltak:

Regjeringa vil halde fram med arbeidet for å forskriftsfeste tilskotsordningar retta mot frivillige organisasjonar.

6.7 Frivilligheitsregisteret som objektivt inngangskriterium

Regjeringa ønskjer å klargjere kva som er frivilligheitspolitikk. Eitt av dei viktigaste politiske verkemidla er økonomiske tilskot. Kriteria som gir rett til registrering i Frivilligheitsregisteret, er uttrykk for ei avtalt forståing av kva som skal reknast som frivillig aktivitet. Frivillighet Norge viser til definisjonen i frivilligheitsregisterlova §§ 3 og 4 når dei definerer ein frivillig organisasjon som ei samanslutning av personar eller verksemder som driv aktivitet på ikkje-fortenestebasert og ikkje-offentleg basis. Sjå boks 3.1 i kapittel 3.

Retten til å registrere seg i Frivilligheitsregisteret har berre organisasjonar som driv frivillig verksemd. Krav om registrering i registeret vil vere eit objektivt kriterium som bidreg med openheit om målgruppa for ordninga.

I ordningar retta mot frivillige organisasjonar er det viktig for staten å sikre at mottakarane av tilskot til frivillige organisasjonar faktisk er «frivillig verksemd», slik at pengane ikkje kan fordelast vidare til privatpersonar, føretak eller andre utanforliggjande formål. Bruken av registrering i Frivilligheitsregisteret som inngangskriterium for å kunne søkje tilskot vil også bidra til å sikre dette.

Tiltak:

Regjeringa vil gjennomgå tilskotsordningar for å vurdere kva for tilskotsordningar for frivillige organisasjonar som eigner seg for å bruke Frivilligheitsregisteret som inngangskriterium, og implementere dette der det er hensiktsmessig.

6.8 Open og kriteriebasert tildeling av tilskot

Større openheit i bruken av skjønnsmessige kriterium og openheit om politisk grunngivne tilskot for å bidra til legitimitet i tilskotsforvaltinga er eit ønske som har kome fram både i innspel frå frivillig sektor og i rapporten frå ekspertgruppa som har vurdert statlege tilskot til frivillig sektor. Ekspertgruppa foreslår at ein avgrensar bruk av enkelttilskot, og at der det er fleire organisasjonar som jobbar på same felt, bør tilskot som ein hovudregel ytast gjennom kriteriebaserte ordningar.

Bruken av skjønnsmessige kriterium viser seg å vere utbreidd. For statlege tilskotsordningar totalt reknar ein med at skjønnsmessige kriterium utgjer halvparten av kriteria som blir brukte når ein skal tildele tilskot. Dette kan vere nødvendig for å sikre ei fagleg vurdering og treffsikkerheit i ordningane. Reint kvantitative kriterium vil ofte ikkje vere nok.

For å sikre openheit om tildelingar vil Kulturdepartementet bidra til ei årleg oversikt over tilskotsordningar og enkelttilskot, tildelte tilskotsbeløp og tilskotsmottakarar. Sjå meir om digitale løysingar for tilskotsforvalting i kapittel 10.

Tiltak:

Regjeringa vil gjennomgå tilskotsordningar for å sikre openheit om skjønnsmessige kriterium og at tilskot i størst mogleg grad blir tildelte frå kriteriebaserte tilskotsordningar.

6.9 Andre statlege økonomiske verkemiddel

6.9.1 Fritak for skatt

Tilskot er den vanlegaste forma for støtte til frivillig sektor. Støtte blir også gitt gjennom skatte- og avgiftstillempingar – både direkte retta mot organisasjonane sjølve og for å stimulere private givarar.

I utgangspunktet er frivillige organisasjonar som «ikkje har erverv» til formål, fritekne for formues- og inntektsskatt (skattelova § 2-32). Skattefritaket gjeld ikkje formue i og inntekt frå økonomisk verksemd. Dette gjeld også bortleige av fast eigedom som går ut over det å realisere det ikkje-ervervsmessige formålet. Slik inntekt og formue er skattepliktig dersom den årlege omsetninga frå denne økonomiske verksemda overstig 70 000 kroner. For velgjerande og allmennyttige organisasjonar er den tilsvarande beløpsgrensa 140 000 kroner.

Om ein organisasjon er rekna for å ha eit ikkje-ervervsmessig formål etter skattelova § 2-32, er avhengig av ei konkret heilskapsvurdering.

Sentralt i vurderinga er om organisasjonen er oppretta med sikte på å oppnå økonomiske fordelar for seg sjølv eller andre. Ved vurderinga av om ein organisasjon eller ei innretning er skattefri, legg ein mellom anna vekt på eigenarten til verksemda, det vedtektsbestemte formålet, ordlyden i vedtektene om disponering av overskot og bruk av overskot ved oppløysing, oppbygging av organisasjonen og den verksemda som faktisk blir driven. Har organisasjonen fleire formål, er det hovudformålet som er avgjerande. At organisasjonen eller innretninga driv aktivitetar som kan gi overskot, fører ikkje åleine til skatteplikt om hovudpreget er å fremje andre interesser enn inntektserverv. Eksempel på organisasjonar eller innretningar som i praksis har vore vurderte til å ha eit ikkje-ervervsmessig formål og dermed omfatta av skattefritaksavgjerda, er idrettslag, kor, korps, humanitære organisasjonar og trussamfunn.

Også vurderinga av kva for organisasjonar som er velgjerande og allmennyttige, er skjønnsbasert. Eksempel på institusjonar og organisasjonar som skattemyndigheitene har vurdert til å vere velgjerande og samfunnsnyttige, er humanitære og sosiale organisasjonar, idrettslag, hobbyforeiningar, natur-, frilufts- og miljøvernorganisasjonar, velforeiningar, grendelag og spontane aksjonsgrupper. Nærings-, yrkes- og arbeidsorganisasjonar, blant dei fagforeiningar, politiske parti og partitilknytte organisasjonar, vitskapelege organisasjonar og studentorganisasjonar, er eksempel på organisasjonar som ikkje blir vurderte som velgjerande og allmennyttige.

Dei enkelte organisasjonane har sjølve ansvar for å vurdere om dei oppfyller vilkåra for skattefritak. Organisasjonar som er skattepliktige, skal levere skattemelding. Dersom dei ikkje leverer skattemelding, kan inntekt og formue bli fastsett ved skjønn. Skattekontoret kan overprøve den vurderinga organisasjonane gjer av om dei har ikkje-ervervsmessig formål, og av om dei er velgjerande og allmennyttige.

I tråd med auka bruk av Frivilligheitsregisteret som inngangskriterium i ordningar og felles bruk av omgrep i tilskotsordningar vil regjeringa vurdere moglegheita å bruke Frivilligheitsregisteret som verktøy også i ordninga med skattefritak. Dette skal gjerast gjennom at ein greier ut i kva grad registrering i Frivilligheitsregisteret kan takast inn i vurderinga av om organisasjonen har eit ikkje-ervervsmessig formål og om han kan bli vurdert som allmennyttig og velgjerande.

6.9.2 Fritak for arbeidsgivaravgift

Sidan 1998 har det ikkje vore betalt arbeidsgivaravgift for lønt arbeid for velgjerande eller allmennyttige institusjonar eller organisasjonar for lønnsutgifter som ikkje er knytte til næringsverksemda deira. Men fritaket gjeld berre dersom dei totale lønnsutgiftene til institusjonen eller organisasjonen er under 800 000 kroner (frå 2019), og berre for lønnsutgifter opp til 80 000 kroner (frå 2019) per tilsett.

Berekningseining for grensebeløpa for skatteplikt og arbeidsgivaravgift etter høvesvis skattelova § 2-32 (2) og folketrygdlova § 23-2 (8) knyter seg til kvar sjølvstendige, juridiske eining som utgjer eit sjølvstendig skattesubjekt. Underavdelingar eller -grupper til det sjølvstendige skattesubjektet vil såleis ikkje kunne nyttiggjere seg av kvart sitt grensebeløp. Denne rettsforståinga blei bekrefta i ei fortolkingsfråsegn frå Skattedirektoratet i desember 2016.

Dette har vist seg som ei utfordring mellom anna i fleiridrettslag, der det har vore ein annan praksis enn den som blei lagd til grunn i Skattedirektoratets fortolkingsfråsegn.

Finansdepartementet er i ferd med å greie ut om ei lovendring som for eksempel fjernar/hevar gjeldande beløpsgrense for arbeidsgivaravgiftsfritak etter folketrygdlova § 23-2 (8), eventuelt endrar berekningseining frå organisasjonsnivå til undereiningar som ikkje er eigne rettssubjekt. Noko av målet med dette er å lempe på dei utfordringane som gjeldande reglar fører med seg mellom anna for fleiridrettslaga.

6.10 Inntektene til frivilligheita sjølv

6.10.1 Innleiing

Meir enn tre fjerdedelar av inntektene til organisasjonane kjem frå andre kjelder enn det offentlege.5 Eigengenererte inntekter som medlemskontingentar, arrangement, basarar, lotteri, julemarknader, dugnadsinnsatsar og loppemarknader har vore og er enno kjernen i finansieringa til frivillig sektor. Midlar frå næringsliv, pengegivande stiftelsar og gåver er også viktige inntekter.

Ein stor grad av eigenfinansiering i frivillig sektor er avgjerande for å bevare eigenarten til sektoren som ei motvekt til staten og marknaden. Samtidig er det viktig at jakta på inntekter ikkje trengjer unna primæroppgåva til organisasjonane som arena for deltaking og aktivitet. Det er derfor eit mål for den statlege frivilligheitspolitikken å bidra til at frivilligheita kan skaffe seg eigne inntekter.

6.10.2 Skattefrådrag for gåver

Prosentdelen av befolkninga som seier at dei gir pengar til frivillige organisasjonar, har auka frå 51 i 1998 til 74 i 2017.6 Meir profesjonelle innsamlingsorganisasjonar som satsar på rekruttering av fadrar og faste givarar, blir trekte fram som ei hovudforklaring på auken. Auka disponibel inntekt i hushalda er ei anna sannsynleg forklaring. Stadig fleire opplyser at dei føler ei moralsk plikt til å hjelpe frivillige organisasjonar med pengar fordi dei har råd til det.

Sidan år 2000 har det vore mogleg for enkeltpersonar som har gitt ei pengegåve på minst 500 kroner og opp til 50 000 kroner (2019) til visse frivillige organisasjonar og/eller trus- og livssynssamfunn, å trekkje dette frå den skattbare inntekta. Formålet med ordninga er å stimulere befolkninga til å gi gåver til frivilligheita.

Organisasjonen som får gåva, må vere førehandsgodkjend. Det er det lokale skattekontoret som gjer ei individuell vurdering av om organisasjonen skal bli godkjend, etter å ha sett på formålet til og aktiviteten i organisasjonen og kor utbreidd han er. Kva organisasjonar som er godkjende, blir publisert på nettstaden til skatteetaten.7

Sjølv om maksimalbeløpet som kan trekkjast frå, har auka kraftig frå 12 000 i 2013 til 40 000 i 2018, har det berre vore ein svak auke i gjennomsnittleg gåvebeløp og i kor mange som gir.8 Forskarane knyter dette til at dei fleste ikkje gir beløp som kjem i nærleiken av maksimalbeløpet for frådrag.

I dag er frådragsretten lik for næringsdrivande og privatpersonar. Det har kome innspel frå frivillig sektor om at det bør innførast ei høgare beløpsgrense på gåver til frivillige organisasjonar frå næringslivet.

I 2016 nytta om lag 9600 organisasjonar og bedrifter seg av ordninga med frådrag for gåver til frivillige organisasjonar. Prosentdelen av totalt innrapporterte gåvebeløp i 2016 frå bedrifter og organisasjonar var om lag 5. Tala inneheld gåvebeløp som ved likninga ikkje kan få frådrag fullt ut fordi dei overgår maksimalbeløpet for frådrag.

Det vi veit om effekten av ordninga per i dag, baserer seg på Skattedirektoratets tal og rapporten Verdifulle bidrag, som Frivillighet Norge har utarbeidd i fleire år (siste er frå 2017).9 I rapporten har dei gjennomgått opplysningar frå Skattedirektoratet og gjort ei spørjeundersøking blant eigne medlemmer om ordninga. Tala viser at storleiken på gåver har auka, men ikkje i takt med auka frådragsgrense. Frivillighet Norge viser samtidig til at andre land som Nederland, New Zealand, USA, Canada, Storbritannia og Italia har ordningar der bedrifter får betydeleg skattefrådrag, og at bedrifter der gir betydeleg meir til frivillig sektor enn dei gjer i Noreg.

Det finst per i dag ikkje undersøkingar av i kva grad ei auka frådragsgrense vil ha ønskt effekt, nemleg å auke givargleda hos næringslivet. Med bakgrunn i dette går regjeringa ikkje inn for å heve skattefrådragsgrensa for bedrifter. Men det er ønskjeleg å få meir kunnskap om kva tiltak som kan stimulere til auka støtte frå næringslivet til frivillig sektor. Dette bør sjåast i samanheng med det vidare arbeidet med forskings- og utviklingsarbeidet som er beskrive i kapittel 11.

6.10.3 Samarbeid med næringslivet og stiftelsar

Det er eit mål for regjeringa å bidra til at frivillig sektor får eit variert inntektsgrunnlag, og at inntektene frå næringslivet aukar.

Det finst fleire eksempel på samarbeid mellom næringslivet og frivilligheita i dag som varierer frå pro bono-arbeid og reine pengegåver, via sponsing til tett samarbeid om konkrete prosjekt. Men det er stor variasjon i kva organisasjonar som nyt godt av samarbeid med næringslivet, og som dermed har fått auka inntektene sine som følgje av dette.

Pengeutdelande stiftelsar er ei forholdsvis ny, men aukande inntektskjelde for frivilligheita. Ein stiftelse er ein formuesverdi som er stilt sjølvstendig til rådvelde for eit bestemt formål av ideell, kulturell, økonomisk eller annan art. Dei fleste som opprettar ein stiftelse, gjer det for å realisere eit formål som dei brenn for, og som ikkje allereie er dekt av staten eller andre aktørar.

Per 25. september 2018 var det registrert 6747 stiftelsar i Stiftelsesregisteret. Utviklinga går i retning av fleire store og færre små stiftelsar. Frå 2005 til 2016 auka den bokførte eigenkapitalen i stiftelsane frå 43 milliardar kroner til 160 milliardar kroner.10 Den store auken i bokført eigenkapital kjem i stor grad av enkelte nye store stiftelsar, for eksempel finans- og sparebankstiftelsar, og ikkje ein generell vekst i andre stiftelsar.11

Frivillig sektor og kulturlivet blir i dag tilført betydelege midlar gjennom utdelingar frå stiftelsar. I ei særstilling står sparebankstiftelsane, som årleg tilfører ulike delar av kulturlivet og frivilligheitssektoren store midlar. Basert på undersøkingar anslår Stiftelsestilsynet at norske stiftelsar delte ut 4 milliardar kroner til ulike formål i 2014.12

At ein stiftelse er sjølvstendig og sjølveigande, gjer at det er det vedtektsfesta formålet som er eigaren av stiftelsen. Dette gjer stiftelsane til ei organisasjonsform der privat og offentleg kapital kan møtast for å realisere formålet best mogleg.

Stiftelsesfeltet blei lovregulert først ved stiftelseslova av 1980. Gjeldande stiftelseslov tredde i kraft i 2005, og ei ny stiftelseslov er under utarbeiding. Utviklingstrekk i lovgivinga er at ein går i retning av sterkare vern om den uavhengige posisjonen til stiftelsane, og av reglar som skal sikre at midlane til stiftelsane går til det vedtektsfesta formålet.

Tiltak:

Regjeringa vil i samarbeid med frivillig sektor, pengeutdelande stiftelsar og næringsliv greie ut barrierar og drivarar for auka støtte frå næringsliv og stiftelsar til frivillige organisasjonar, dessutan nye former for samarbeid mellom frivillige organisasjonar og næringslivet.

Boks 6.2 «Saman reddar vi liv»

Eit eksempel på korleis offentleg, privat og frivillig sektor samarbeider, er den nasjonale førstehjelpsdugnaden «Saman reddar vi liv».

Potensialet for å redde fleire liv ved akutt sjukdom og skade ligg først og fremst i å mobilisere publikum som akuttmedisinsk ressurs. Ei slik mobilisering skal mogleggjerast gjennom ein modell for livslang førstehjelpsopplæring som startar i barnehagen, blir vidareført i skulen, i arbeidslivet, og sist men ikkje minst også etter at ein går ut av arbeidslivet. Mobiliseringa vil krevje ei kraftsamling av ressursar frå både styresmaktene, helsetenesta, frivillige og humanitære organisasjonar, industri og næringsliv. Gjensidigestiftelsen har så langt gitt nesten 65 millionar kronar til dugnaden gjennom mellom anna frivillige organisasjonar som Røde Kors, Landsforeningen for hjarte- og lungesjuke (LHL), Norske Kvinners Sanitetsforening, Norsk Folkehjelp og speiderne. Fleire andre frivillige organisasjonar, som Stiftelsen Norsk Luftambulanse og Redningsselskapet, deltek også i dugnaden.

Dugnaden har som mål at publikum skal kunne

  • Kjenne att mogelege teikn på tidskritiske sjukdoms- og skadetilstandar

  • Forstå verdien av rask kontakt med medisinsk naudnummer 113 for tilkalling av hjelp og rettleiing

  • Setje i verk livreddande førstehjelpstiltak fram til kvalifisert helsepersonell kan overta behandlinga.

For enkeltmennesket betyr det liv eller død. For samfunnet betyr det auka tryggleik og eit betre totalforsvar.

6.10.4 Innsamlingar

Pengeinnsamlingar er eit sentralt verkemiddel for frivillig sektor og gir betydelege frie inntekter til arbeidet til organisasjonane.13

Konkurransen på innsamlingsmarknaden bidreg til å auke profesjonaliseringa i frivillig sektor, og også små organisasjonar bruker mykje tid på inntektsskapande arbeid. Nye former for innsamlingar som dør-til-dør-verving, fadderordningar, gateverving og folkefinansiering kjem stadig til. Sosiale medium og andre digitale verktøy har blitt viktige i det inntektsskapande arbeidet.

I 2015 blei lov om innsamlingar oppheva. Då lova blei vedteken i 2007, var intensjonen å bidra til større tillit mellom givarar og innsamlingsaksjonar. Ei evaluering i 2013 viste at lova ikkje fungerte. I staden for at staten skulle innføre registreringsplikt og eit omfattande statleg kontrollorgan, blei det vedteke å leggje til rette for at organisasjonane på sjølvstendig grunnlag kunne føre vidare arbeidet med å skape tryggleik og tillit hos givarane.

Dette arbeidet blir best gjort av bransjen sjølv, nettopp fordi det er i eigeninteresse for sektoren å styrkje tilliten mellom givarar og organisasjonane. For innsamlingsorganisasjonane er det avgjerande å bevare tilliten mellom givarar og organisasjonane.

Staten har all grunn til å stole på at dei som arbeider frivillig, og som er avhengige av innsamla midlar, er opptekne av å bruke mest mogleg av midlane til formålet. Dei er opptekne av og avhengige av å ha tillit hos befolkninga for å kunne samle inn pengar. Det er derfor organisasjonane sjølve via sine organ som Innsamlingsrådet og Innsamlingskontrollen er nærast til å lage sine etiske retningslinjer og krav til innsamlingsprosent og administrasjonsprosent.

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for å følgje opp Noregs internasjonale forpliktingar i arbeidet mot kvitvasking og terrorfinansiering. I denne samanhengen har pengeinnsamlingar blitt identifiserte som ein mogleg trussel, ved at givarane og andre blir misleidde til å tru at pengane går til humanitære formål.14

Norges Innsamlingsråd og Innsamlingskontrollen har også over fleire år samarbeidd om etiske retningslinjer og bransjenormer for innsamling som byggjer på internasjonale standardar, og som det er brei oppslutning om.15

Staten ønskjer derfor å føre vidare den politikken som er på innsamlingsfeltet i dag.

Boks 6.3 Innsamlingskontrollen (IK)

Innsamlingskontrollen (IK) er oppretta av humanitære organisasjonar. Dette er eit frivillig organ for sjølvkontroll i innsamlingsbransjen som blei etablert i 1992.

Innsamlingskontrollen har på sjølvstendig grunnlag ført vidare ordninga med kontroll av pengeinnsamlingar frå organisasjonane. På nettstaden til Innsamlingskontrollen kan alle som ønskjer det, få innsyn i alle organisasjonar som har valt å registrere seg. Godkjende organisasjonar aksepterer ekstern kontroll, og dei har IK-merket på materiellet sitt. Skal ein bli godkjend organisasjon, er det krav om at minimum 65 prosent av innsamla midlar uavkorta går til det oppgitte formålet.

For å varsle givarar om organisasjonar som det er grunn til å vere merksam på, har Innsamlingskontrollen laga ei OBS-liste. Dette har gjort sitt til å setje søkjelyset på moglege useriøse aktørar.

Kjelde: www.innsamlingskontrollen.no

Boks 6.4 Norges Innsamlingsråd

Norges Innsamlingsråd er ein interessepolitisk og fagleg aktør som støttar norske organisasjonar og institusjonar som regelmessig skaffar midlar til verksemda si gjennom innsamlingar.

Formålet er å arbeide for betre rammevilkår og eit betre omdømme for organisasjonar som arbeider med innsamling.

Norges Innsamlingsråd blei stifta i 1994 og er partipolitisk nøytralt.

Kjelde: www.innsamlingsradet.no

6.11 Regjeringa vil

  • Trappe opp støtta til frivillig sektor gjennom meirverdiavgiftskompensasjonsordninga med mål om at ordninga er på 1,8 milliardar kroner i 2021. Regjeringa vil sjå nærare på korleis meirverdiavgiftskompensasjonsordninga fungerer i samanheng med andre tilskotsordningar, med sikte på å nå frivilligheitspolitiske mål.

  • Sikre ei god Frifond-ordning for barne- og ungdomsorganisasjonar og uorganisert frivillig aktivitet vidare ved å:

    • Vurdere felles kriterium for tilskot, søknadsskjema og rapporteringsrutinar for å samordne Frifond organisasjon og Nasjonal grunnstøtte, og om det let seg gjere, med ein felles søknads- og rapporteringsmal.

    • Sjå Frifond-ordningane retta mot musikk, dans og andre kunst- og kulturuttrykk i samanheng med andre ordningar på kulturfeltet i den kommande barne- og ungdomskulturmeldinga.

  • Gi tilskot til frivilligheit som formål på ein måte som underbyggjer eigenarten og den sjølvstendige stillinga som frivillige organisasjonar har. Det skal gjerast ein gjennomgang av tilskot til frivillig sektor med tanke på å vurdere om fleire tilskot kan ytast som driftstilskot.

  • Halde fram med arbeidet for å forskriftsfeste tilskotsordningar retta mot frivillige organisasjonar.

  • Gjennomgå tilskotsordningar for å vurdere kva for tilskotsordingar for frivillige organisasjonar som eigner seg for å bruke Frivilligheitsregisteret som inngangskriterium og implementere dette der det er hensiktsmessig.

  • Gjennomgå tilskotsordningar for å sikre openheit om skjønnsmessige kriterium og at tilskot i størst mogleg grad blir tildelte frå kriteriebaserte tilskotsordningar.

  • I samarbeid med frivillig sektor, pengeutdelande stiftelsar og næringsliv greie ut barrierar og drivarar for auka støtte frå næringsliv og stiftelsar til frivillige organisasjonar, dessutan nye former for samarbeid mellom frivillige organisasjonar og næringslivet.

7 Lokale til frivillig aktivitet

Figur 7.1 

Figur 7.1

7.1 Innleiing

Tilgang til lokale er eit viktig rammevilkår for frivillig sektor. Barne- og ungdomsorganisasjonane treng rimelege lokale til helgesamlingar, idrettslaga treng lokale tilpassa den lokale aktiviteten, musikkorganisasjonar treng gode øvingslokale til korps og kor, og universell utforming er avgjerande skal ein gjere det mogleg for alle å delta i frivillig aktivitet.

Utfordringa er altså todelt: Frivilligheita treng tilgang på nok lokale og på eigna lokale.

Fordi frivilligheita er lokal, er det kommunane og fylkeskommunane som eig dei fleste av lokala som er aktuelle for frivillig aktivitet. Dette kapittelet beskriv dei statlege verkemidla for å betre tilgangen på lokale for frivilligheita.

7.1.1 Frivilligheit i kommunale og fylkeskommunale bygg

Når klokka ringjer ut for siste gong på skulane og arbeidsdagen er over for dei tilsette, betyr ikkje det det same som at lokala blir tømde. Då flyttar frivilligheita inn. I det eine klasserommet øver korpset, i det andre er det kurs i hardangersaum. Gymsalen blir brukt til barneturn, mosjonistar og amatørteatergrupper, og dersom skulen har idrettshall, blir han nytta av idrettslag. I rådhuskantina speler dei bridge, og på biblioteket er det norsktrening.

At det blir lagt til rette for fleirbruk av offentlege lokale, er heilt avgjerande for frivilligheita. Det er også ein stor fordel for storsamfunnet. Liv i lokala på kveldstid fører til mindre hærverk og større eigarskap til bygningane.

Boks 7.1 Biblioteket som møteplass

Ein viktig møteplass for frivilligheita lokalt er biblioteket. I nasjonal bibliotekstrategi 2015–2018 blir det slått fast at folkebiblioteka skal vere aktuelle og uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt. Staten har gitt tilskot til lokale og aktivitetar for å auke den rolla biblioteka har som møteplass. Fleire og fleire bibliotek er meiropne.

7.1.2 Frivilligheit i statlege bygg

Fordi frivillig aktivitet stort sett skjer lokalt, er det naturleg at det er kommunale bygg som i størst grad er i bruk av frivilligheita. Men det finst også mange bygg som er eigde av staten, som er potensielle øvingslokale og møteplassar.

Universiteta er eitt eksempel. Mykje studentfrivilligheit bruker desse lokala på kveldstid. Men ut over dette er det lite kunnskap om kva andre statlege bygg som kunne dekkje nokre av dei behova for lokale som frivilligheita etterspør.

Statsbygg forvaltar mykje av den eigedomsmassen som husar statlege verksemder. Målt i areal er det bygg til undervisningsformål som er størst, etterfølgde av bygg til justisformål (politi, domstol, fengsel osb.). Ein del kulturbygg blir også forvalta av Statsbygg. Det er den som leiger bygget, som er ansvarleg for og har myndigheit til å gi tilgang på lokale til frivilligheita så lenge tryggleik og vedlikehald og andre forhold i leigekontrakten blir sikra. Eventuell framleige til andre enn statlege verksemder krev godkjenning frå Statsbygg.

Det er laga ein database, statenslokaler.no, som gir ei oversikt over alle eigedommar som staten eig. Frå og med 2018 skal også lokale som staten leiger i marknaden, inkluderast i databasen. Denne oversikta er utelukkande ein database over bygg, og gir ikkje informasjon for eksempel om tilgjengelegheit for utleige eller om bygningen er tilrettelagd for alle.

Statsbygg har derfor ein eigen nettstad der ein finn informasjon om tilgjengelegheit til offentlege bygningar på ein strukturert måte. Byggforalle.no er ein nettstad som skal gjere det enklare for menneske med behov for spesiell tilrettelegging å sjå om bygga dei skal til, er tilrettelagde. Førebels er det berre bygningar forvalta av Statsbygg og Hordaland fylkeskommune som er søkbare.

Det finst ikkje noko samla oversikt over i kva grad lokale i statleg eigde bygg blir nytta av frivilligheita. Det er derfor ikkje mogleg å seie noko om potensialet for auka bruk av desse lokala.

Tiltak:

Regjeringa vil kartleggje kva statleg eigde bygg som eignar seg for bruk av frivilligheita, og i kva grad dette skjer allereie.

Boks 7.2 Levande lokale

Design og arkitektur Norge (DOGA) gjennomførte i perioden 2016–2018 eit prosjekt med mål om å arbeide for å forhindre sentrumsdød. Tre pilotkommunar arbeidde strategisk med å fylle tomme sentrumslokale, mellom anna av frivillige organisasjonar. DOGA gav råd undervegs, og Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) har skrive ein kunnskapsrapport i etterkant.

Kjelde: www.doga.no/aktiviteter/levende-lokaler

7.2 Frivilligeigde bygg

For mange frivillige organisasjonar er huset eller hytta i sentrum for den frivillige aktiviteten. Noregs Ungdomslags forsamlingshus, KFUK-KFUMs leirstader, Den Norske Turistforeinings hytter, og ikkje minst idrettsanlegg eigde av idrettsklubbane, er eksempel på korleis frivilligheita sjølv har mykje eigedom og i stor grad husar frivillig aktivitet. Det er ein stor grad av samarbeid lokalt om bruk av frivilligeigde lokale. Det vil vere lokale behov og lokale samarbeid som er avgjerande for god utnytting. Regjeringa vil rose frivilligheita for tiltak sektoren sjølv har sett i gang for å sikre at bygg som eignar seg for frivillig aktivitet, blir kartlagde og tilgjengeleggjorde. Eit eksempel på dette er kartleggingsverktøyet som Kulturalliansen har laga for dei lokala som kulturfrivilligheita nyttar. Ambisjonen er at ein i framtida skal kunne gi ei oversikt over alle relevante lokale for kulturfrivilligheita.16

Det har kome innspel om at innføring av eigedomsskatt har ført med seg nye utgifter og meir papirarbeid for frivillige organisasjonar som eig bygg. Frivillighet Norge gjennomførte i 2017 ei undersøking blant Noregs kommunar om bruk av eigedomsskatt. Av kommunane som svarte at dei hadde eigedomsskatt på næringseigedom, svarte 94 prosent at dei hadde unnateke nokre eller alle frivillige organisasjonar for eigedomsskatt.

Kommunar er gitt lov til å frita frivillige organisasjonar frå eigedomsskatt etter lov om eigedomsskatt til kommunane § 7. Unnataket blir oftast gitt på bakgrunn av skriftleg søknad, anten éin gong eller kvart år. Regjeringa meiner problemstillingar knytte til utgifter til eigedomsskatt best kan løysast i ein dialog mellom dei konkrete kommunane og organisasjonane.

7.3 Tilskot til lokale

7.3.1 Innleiing

Frivillig aktivitet skjer primært i bygg som er eigde av frivilligheita sjølv, eller i lokale som er eigde, leigde eller drifta av kommune og fylkeskommune. Dette betyr at det også er kommunane og fylkeskommunane saman med frivilligheita sjølv som har dei viktigaste nøklane til betre fysiske møteplassar og tilhaldsstader for frivilligheita. Staten bidreg med medfinansiering for eksempel på idrettsanlegg, men det er kommunane og fylkeskommunane som kjenner dei lokale behova, og som bør vere pådrivarar i å leggje til rette for at den lokale frivilligheita har gode lokale.

Dette avsnittet vil gi ein gjennomgang av dei tilskota staten gir til lokale.

7.3.2 Tilskot til idrettsanlegg

Statens hovudgrep overfor idrettssektoren er å understøtte bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Det overordna målet kan samanfattast i visjonen idrett og fysisk aktivitet for alle.

Idrett og fysisk aktivitet for alle inneber at staten gjennom verkemiddelbruken sin skal leggje til rette for at alle som ønskjer det, skal kunne delta i idrett eller drive eigenorganisert fysisk aktivitet.

Det offentlege har likevel ikkje ansvar for å etablere anlegg for alle typar særidrettar og ferdigheitsnivå i alle lokale samanhengar. Det er viktig og nødvendig at det blir gjort behovsvurderingar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. I samband med det er det viktig for staten å framheve at dei viktigaste målgruppene for bruk av spelemidlar til idrettsformål er barn (6–12 år) og ungdom (13–19 år). I tillegg vil staten leggje til rette for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i idrett og fysisk aktivitet ut frå sine ønske og føresetnader. Det er også eit mål å leggje til rette for at personar som i dag er fysisk inaktive, kjem i gang med aktivitet.

Anlegg i lokalmiljøet som stimulerer og tilfredsstiller det behovet barn har for fysisk aktivitet i organiserte eller eigenorganiserte former, blir særskilt prioriterte. Når det gjeld ungdom, er det eit mål å utvikle anlegg som tilfredsstiller behovet deira for utfordringar og variasjon. Ungdom må ha moglegheit til å medverke i utforminga av anlegg. Anlegga bør fungere som gode sosiale møteplassar i lokalsamfunna.

I 2018 er ordninga til kommunale idrettsanlegg (spelemidlar til idrettsformål) på meir enn 1,4 milliardar kroner. Frå denne ordninga blir det gitt tilskot både til tradisjonelle idrettsanlegg, anlegg for eigenorganisert aktivitet og friluftsliv. For å bidra til at ein endå større del av befolkninga blir fysisk aktive, har regjeringa sett av midlar til tilskotsordninga for nyskapande aktivitetsarenaer. Ordninga skal stimulere kommunar til nytenking og kreativitet når det gjeld utforming av anlegg og friluftsanlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet.

Kommunal planlegging og idrettsleg bruk av anlegget

Tilskotsordningane til idrettsanlegg set høge krav til kvalitet i anleggsbygginga. Staten har sett fleire vilkår og kriterium for tilskota som blir ytt – knytte til formelle og finansielle forhold i prosjektet, til planar for utforming av anlegg, i tillegg til fleire føringar og plikter knytte til korleis anlegget skal drivast for å oppnå målet med tilskotet. Mellom anna er det krav om drift av anlegga i 30 år.

Eit anna sentralt vilkår er at anlegg som skal tildelast midlar, må vere omtalte i planarbeidet til kommunen, uavhengig av om det er eit kommunalt anlegg eller for eksempel eit anlegg eigd av idrettslag. Dette fordrar at kommunen har eit aktivt forhold til den utviklinga som skjer når det gjeld utbygging av idrettsanlegg, og at det blir gjort vurderingar av behov for utvikling av anlegg i eit kommunalt perspektiv. Planarbeid utløyser også medverknad blant involverte aktørar, og opprettar dialog mellom idretten og kommunen om bygging og bruk av anlegg.

Eit anna viktig vilkår for tilskota er at anlegga blir stilte til disposisjon for idrettsleg verksemd, og at dei berre heilt unntaksvis og i korte periodar blir stilte til disposisjon for annan type bruk. Det blir i relativt liten grad bygd idrettsanlegg utan desse statlege tilskota, og derfor er desse reglane noko som sikrar ein stor grad av idrettsleg tilgang til anlegg.

7.3.3 Støtte til lokale kulturbygg

Tilskotsordninga til lokale kulturbygg er statlege midlar (spelemidlar til kultur). I 2018 er ordninga på 63,7 millionar kroner. Ordninga skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd. Tilskot kan ytast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst.

Bygningane skal i størst mogleg grad fungere som kulturelle møtestader for alle grupper. Lokala skal vere opne for all lovleg kulturverksemd. Det følgjer ei plikt om drift av bygga for formålet i minst 20 år etter fullføring, som skal sikre at midlane kjem formålet til gode.

Staten har fastsett eit overordna regelverk med kriterium og prinsipp for tildeling, mens det er fylkeskommunane som deretter behandlar og fordeler midlar, og som kan fastsetje eigne detaljvilkår for tildelingar i sitt område.

Tiltak:

Regjeringa vil, slik det står i Jeløyerklæringa, vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg og frivilligeigde bygg innanfor ramma av tippenøkkelen.

7.3.4 Støtte til andre kulturbygg

Regjeringa legg til rette for eit aktivt og profesjonalisert kulturliv gjennom ulike ordningar for oppføring av kulturbygg. Tilskotsordninga til lokale kulturbygg blir henta frå spelemidlane og går til fylkeskommunen for prioritering og fordeling regionalt. Posten Nasjonale kulturbygg på statsbudsjettet gir moglegheit for oppføring av bygg til formål og institusjonar som har eit nasjonalt ansvar eller ein viktig landsdelsfunksjon. I tillegg har vi statlege kulturbygg som blir oppførte av Statsbygg over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett.

Alt dette bidreg til å skape ein flora av ulike kulturarenaer, både for produksjon og visning/framføring av kunst og kultur. Det er tiltak som gjer det meir attraktivt å drive med kunst- og kulturverksemd, og som i neste omgang kjem svært mange frivillige til gode.

7.3.5 Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for bygg

I 2010 blei det innført ei rammestyrt ordning for kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Bygging av anlegg utgjer eit stort økonomisk løft for mange lag og foreiningar. Formålet med ordninga er å lette finansieringa av anleggsinvesteringar og stimulere til ei vidare brei utbygging av idrettsanlegg. Ordninga omfattar alle som søkjer og oppfyller vilkåra for å få spelemidlar gjennom Kulturdepartementets tilskotsordningar for bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, med unnatak av kommunar/fylkeskommunar og kommunale føretak. Dersom løyvinga til ordninga ikkje rekk til full kompensasjon, vil den prosentvise avkortinga vere lik for alle godkjende søkjarar. Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar ordninga.

Det har i mange omgangar komme krav frå frivillig sektor utanfor idretten om at ei tilsvarande ordning må innførast for bygg eigde av alle slags frivillige organisasjonar. Mange har også teke til orde for at den generelle meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar bør opne for å gi kompensasjon for nybygg og rehabilitering.

Det ligg ikkje føre ei fullstendig oversikt over bygg og anlegg som er eigde av frivillige organisasjonar. Mange organisasjonar eig sine eigne lokale, mens andre er avhengige av å leige. Ei større utgreiing må til for å spesifisere kva konsekvensar det vil ha å gi meirverdiavgiftskompensasjon for nybygg, rehabilitering og ombyggingskostnader til organisasjonseigde bygg, og kva kategoriar organisasjonar som vil ha nytte av ei slik ordning. Det vil vidare vere ein diskusjon knytt til kva typar organisasjonseigde bygg som skal omfattast.

I gjeldande meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar blir det ytt kompensasjon for drifts- og vedlikehaldskostnader for bygg og annan fast eigedom knytt til den frivillige og ikkje fortenestebaserte delen av verksemda. Formålet med meirverdiavgiftskompensasjonsordninga til frivillige organisasjonar er å leggje til rette for lokal aktivitet og deltaking. Dersom ordninga skal utvidast til å gjelde alle kostnader knytte til nybygg og påkostingar, vil ein betydeleg del av løyvinga gå til dette formålet på kostnad av aktivitetsformål.

Vidare vil eit slikt forslag komme dei store organisasjonane som allereie har ein stor bygningsmasse og/eller har ei omsetning som gjer dei i stand til å investere i nybygg, til gode. Dette vil gå på kostnad av parten til mellomstore og små organisasjonar og bidra til ei skeivdeling av midlar.

På bakgrunn av dette meiner regjeringa at det ikkje finst nok kunnskap til at ein kan utvide meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for idrettsanlegg eller den generelle meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar for nybygg og rehabilitering.

Regjeringa meiner samtidig at det er behov for å setje i gang ei kartlegging av organisasjonseigde bygg og rehabiliteringsbehov knytte til desse. Denne kartlegginga bør sjåast i samanheng med Kulturalliansens kartlegging av lokale eigna for kulturfrivilligheit.

Tiltak:

Regjeringa vil setje i gang ei kartlegging av organisasjonseigde bygg. Dette tiltaket skal sjåast i samanheng med Kulturalliansens kartleggingsverktøy for dei lokala som kulturfrivilligheita nyttar seg av.

7.4 Dialog om tilgang til offentlege bygg

Frivillig sektor har i innspel til denne meldinga teke til orde for nasjonale føringar for utlån og utleige av offentlege lokale til frivilligheita. Særleg kulturfrivilligheita er oppteken av at det må finnast retningslinjer for godkjende standardar som gjer eksisterande og framtidige offentlege bygg meir tilgjengelege for frivillige lag og foreiningar.

Stortinget har bede regjeringa gå i dialog med KS og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar med sikte på å sikre barne- og ungdomsorganisasjonar tilgang til skular og andre offentlege bygningar lokalt og unngå at skuleeigarane bidreg til usakleg forskjellsbehandling ved utlån, jf. Dokument 8:176 S (2017–2018), Innst. 347 S (2017–2018).

Frivillig aktivitet blir driven i lokalsamfunna. Lokale til frivillig aktivitet er oftast eigde og drifta lokalt. Derfor må løysingane også finnast lokalt. Regjeringa meiner det er dei lokale behova og lokalt ansvar som må leggje premissane for korleis ulike kommunar og fylkeskommunar gjennomfører bruk av lokale i praksis. Dette blei også understreka då undervisningskomiteen på Stortinget behandla tilgang på lokale for barne- og ungdomsorganisasjonar, jf. Innst. 347 S (2017–2018). Komiteen peiker på at verken departement eller Stortinget har heimel til å påleggje skular å låne ut lokale til barne- og ungdomsorganisasjonar. Eit unnatak her er den retten studieforbund har, fordi denne er lovheimla i § 7 i vaksenopplæringslova, som er teken opp i avsnitt 6.5.1. Vidare er det i spelemiddelordninga for idrettsanlegg og føresegnene til desse føringar for bruk av kommunale og fylkeskommunale idrettsbygg/-anlegg til idrettsformål, jf. avsnitt 6.4.2.

Ein levande frivillig sektor kjem heile lokalsamfunnet til gode. Ved å gi frivillig sektor tilgang til lokaler er kommunar og fylkeskommunar med på å gi frivilligheita gode arbeidsvilkår. I mange tilfelle er dette også ei investering som lønner seg for kommunen og fylkeskommunen.

Regjeringa vil understreke at det er viktig å sleppe barne- og ungdomsfrivilligheita til i skulelokale og andre offentlege bygg der det er mogleg. I november 2018 skreiv kunnskaps- og integreringsministeren og leiaren i LNU eit felles brev til alle kommunar der dei oppfordrar kommunane til å gi barne- og ungdomsorganisasjonane tilgang til skulelokale.17

7.4.1 Reglar for rett til gratis bruk av offentlege bygg

Den einaste lovfestinga av rett til bruk av offentleg eigde lokale til frivillig aktivitet finst i dag i vaksenopplæringslova:

§ 7. Gratis bruk av undervisningslokaler
Undervisningslokaler der driftsutgiftene dekkes av det offentlige, skal etter søknad stilles vederlagsfritt til disposisjon for studieforbund og medlemsorganisasjoner ved avholdelse av kurs med tilskudd etter kapittel 2 i loven. Departementet gir nærmere forskrifter.

Denne føresegna gjeld berre (vederlagsfri) tilgang til lokale ved gjennomføring av kurs/opplæring som er godkjend etter vaksenopplæringslova – ikkje til andre aktivitetar i regi av studieforbund eller frivilligheita generelt. Nærare reglar om bruk, vilkår og tidsrom for utlån er gitt i forskrift om studieforbund og nettskular § 10.

7.4.2 Deling av gode tiltak

Ut over føresegna i vaksenopplæringslova er det byggeigaren, anten det er stat, fylkeskommune eller kommune, som avgjer om og korleis lokale skal stillast til disposisjon for frivillig aktivitet. Mange kommunar har nedfelt retningslinjer for utlån og utleige av lokala sine. Oslo kommune har ei eiga forskrift om utlån og utleige av skulelokale og andre kommunale lokale til frivillige organisasjonar.

Under arbeidet med denne stortingsmeldinga har fleire kommunar meldt at dei jobbar aktivt med å leggje til rette for frivillig aktivitet i lokala sine. Bergen kommune har for eksempel nedfelt i sin plan for frivilligheit at Bergen kommune skal auke tilgjengelegheita til kommunale lokale for frivillige organisasjonar og lag. Stavanger kommune har éi ordning for bydelshus (gratis for frivillige organisasjonar) og éi for skular og idrettsanlegg (skulane er gratis for organisasjonar, men dei betaler leige for idrettsanlegg).

Drammen kommune har nedfelt i den frivilligheitspolitiske plattforma si at kommunen skal stille skulelokale vederlagsfritt til rådvelde for frivillige organisasjonar.18 Dei har ei eiga bookingløysing på nett som alle skulane i kommunen bruker.19 I tillegg bruker Drammen bibliotek LEDi, som er ei vidareutvikling av bookingtenesta som skulane bruker.20 Kommunen planlegg å gjere fleire lokale tilgjengelege for frivillige organisasjonar.

Trondheim kommune har utvikla Bookingbasen for lån og leige av kommunale lokale.21 Der kan frivillige organisasjonar søkje både om fast leige, lån på vekebasis eller leige for enkeltarrangement.

LNU har bede om at det blir laga ei nasjonal oversikt over lokale som er tilgjengelege for frivillige organisasjonar.

Gitt at det allereie er ei stor bevisstheit om behovet frivilligheita har for lokale i kommunane, og at det allereie er mange kommunar som har digitale løysingar for utlån og utleige av lokale, ser regjeringa det som mest formålstenleg å oppfordre til meir samarbeid mellom kommunane for å oppnå det som er det overordna målet: å sikre at frivilligheita har tilgang på eigna lokale til aktiviteten sin. Det er kommunane som har oversikt over eigne og eigna lokale, og det vil vere mest effektivt med samarbeid mellom kommunane om dette.

7.4.3 Medverknad i utforming av bygg

For å leggje til rette for bruk av offentlege bygg for frivilligheita er det viktig å inkludere kveldsbrukarane i planlegging av nye bygg og i renovering av eksisterande bygg.

Medverknaden frå sivilsamfunnet i planprosessar er regulert i kapittel 5 i plan- og bygningslova.

§ 5-1. Medvirkning
Enhver som fremmer planforslag, skal legge til rette for medvirkning. Kommunen skal påse at dette er oppfylt i planprosesser som utføres av andre offentlige organer eller private.
Kommunen har et særlig ansvar for å sikre aktiv medvirkning fra grupper som krever spesiell tilrettelegging, herunder barn og unge. Grupper og interesser som ikke er i stand til å delta direkte, skal sikres gode muligheter for medvirkning på annen måte.

Lokale bør derfor vere eitt av dei punkta som inngår i ein lokal frivilligheitspolitikk.

Lokale kan også vere eit godt tema for auka samarbeid mellom kommune, frivilligheit og lokalt næringsliv. Mange kantiner og møterom står ledige etter arbeidstid og i helger. Å gi tillit til frivillige brukarar av lokala vil kunne minske behovet for vakthald på kveldstid, auke kontakten bedrifta har med lokalsamfunnet, og gi frivilligheita tilgang på lokale til aktivitetar.

Regjeringa vil også oppfordre til å tenkje fleirbruk når nye bygg blir reiste. Vi veit for eksempel at det er mangel på små scenar til bruk for det frivillige kulturlivet. Då er det viktig å tenkje seg moglegheita for permanent scene eller oppbevaringsstad for scenemodular når kommunen byggjer og rehabiliterer skular. Eit anna poeng er å prøve å leggje lokale og anlegg for frivillig aktivitet nær kvarandre. Slik skaper ein endå større arenaer for aktivitet, og ein gjer det lettare for dei som kanskje har lyst til å delta på tvers av aktivitetar.

7.5 Regjeringa vil

  • Oppfordre kommunar og fylkeskommunar så langt det er mogleg, til å gjere lokale som står ledige på kveldstid og i helger, tilgjengelege for frivilligheita der det er behov lokalt.

  • Kartleggje kva statleg eigde bygg som eignar seg for bruk av frivilligheita, og i kva grad dette skjer allereie.

  • Setje i gang ei kartlegging av organisasjonseigde bygg. Dette tiltaket skal sjåast i samanheng med Kulturalliansens kartleggingsverktøy for dei lokala som kulturfrivilligheita nyttar seg av.

  • Vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg og frivilligeigde bygg innanfor ramma av tippenøkkelen.

8 Det frivillige opplæringstilbodet

Figur 8.1 

Figur 8.1

Studieforbunda bidreg til læring og kompetanse som kjem enkeltmenneske og samfunnet til gode. Gjennom studieforbunda blir eit viktig grunnlag lagt for utvikling og kompetansebygging i frivillige organisasjonar og innanfor kultur- og fritidsfeltet.

Studieforbunda har lange tradisjonar for å tilby opplæring i kultur, demokrati og folkeopplysning, dei tilbyr også vaksenopplæring i meir tradisjonell forstand. Det er stor variasjon i nivå og innhald, og dermed også i opplæringstilbodet frå forbund til forbund. Fleire utgreiingar og rapportar har sett på moglegheitene for å utvikle ordninga, med tanke på formål og forvaltning.

I NOU 2013: 4 Kulturutgreiinga blei Studieforbunda si rolle som sentrale leverandørar av kulturrelatert opplæring og kurs drøfta. Utgreiinga drøftar om det er formålstenleg å splitte opp forvaltinga og ansvaret for studieforbundsordninga, slik at dei organisasjonsrelaterte studieforbunda får kontaktpunktet sitt i Kulturdepartementet. Ei deling av ordninga er også ei tilråding frå Kompetanse Norges evalueringsrapport av ordninga frå 2018. I tillegg har Hagen-utvalet foreslått å flytte ordninga til fylkeskommunane.

Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet samarbeider no om ei utgreiing der moglegheitene for å overføre delar av studieforbundsordninga til Kulturdepartementet blir vurdert. Dette blir sett i samanheng med ei eventuell flytting av studieforbund til fylkeskommunen. Både lovmessige og budsjettmessige forhold vil bli greidd ut. Formålet for ordninga(ne) vil òg bli vurdert.

Studieforbunda driv opplæringsaktiviteten sin på grunnlag av seks overordna mål, § 4 i vaksenopplæringslova. Formålet til lova er å fremje livslang læring ved å leggje til rette for organiserte læringsaktivitetar på sida av det formelle utdanningssystemet. Lova skal føre til motivasjon og tilgang til kunnskap og kompetanse for alle, og slik fremje utviklinga til den einskilde og møte behova i samfunns- og arbeidslivet.

Ved ei eventuell deling vil ein sjå på korleis opplæringa i studieforbunda kan forankrast både i frivilligheitspolitikken og kulturpolitikken for ordninga under Kulturdepartementet. Formålet vil vere knytt til brei deltaking i frivillige organisasjonar, å styrkje kulturelt mangfald og bevare den immaterielle kulturarven gjennom læring. Forenkling vil vere eit sentralt mål for forvaltninga av ei eventuell ordning under Kulturdepartementet.

Fotnotar

1.

Pengespelpolitikken er nærare beskriven i Meld. St. 12 (2016–2017) Alt å vinne.

2.

Rambøll (2018)

3.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar og Norsk musikkråd (2018)

4.

Brev frå Frivillighet Norge til Kulturdepartementet av 5. juli 2017

5.

Arnesen, Daniel & Sivesind, Karl Henrik (2017)

6.

Fladmoe, Audun; Sivesind, Karl Henrik & Arnesen, Daniel (2018)

7.

https://www.skatteetaten.no/satser/gaver-til-frivillige-organisasjoner/?year=2018#rateShowYear

8.

Fladmoe, Audun; Sivesind, Karl Henrik & Arnesen, Daniel (2018)

9.

Frivillighet Norge (2017)

10.

https://lottstift.no/stiftelsar/statistikk-stiftelsessektoren-Norge/

11.

NOU 2016: 21

12.

Stiftelsestilsynet (2017)

13.

Sivesind,K.H (2016)

14.

Justis- og beredskapsdepartementet (2017)

15.

http://www.innsamlingsradet.no/aktuelle-tema/ etiske-retningslinjer/

16.

http://www.kulturalliansen.no/lokaler/

17.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/vil-gjore-det-enklere-for-frivillige-barne-og-ungdomsorganisasjoner-a-bruke-skolelokaler/id2619270/

18.

https://www.drammen.kommune.no/frivillighet/frivillighet/kommunens-frivillighetspolitikk/

19.

https://booking.drammen.kommune.no

20.

www.ledi.no

21.

https://www.trondheim.kommune.no/tema/kultur-og-fritid/lokaler1/lokaler/

Til toppen
Til forsida av dokumentet