Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 11 (2017–2018)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Norden i omstilling

I meir enn 60 år har den nordiske samfunns- og velferdsmodellen vist ei unik evne til omstilling. Denne evna skal vi nytte til å møte dagens utfordringar i samspel mellom styresmakter, kunnskapsinstitusjonar og næringsliv over landegrensene.

Gjennom satsingsområdet «Norden i omstilling» ynskte regjeringa å sikre ein sentral plass for regionen i det globale grøne skiftet. Behovet for omstilling er stort i møte med auka globalisering, strengare klima- og miljøpolitikk, nye forretningsmodellar, digitalisering, ny teknologi og nye forbrukstrendar. Befolkningsendringar som fylgje av migrasjon og endra alderssamansetning er òg utfordringar som dei nordiske landa deler.

Utgangspunktet er godt. Den høge nordiske mobiliteten, den tette økonomiske integrasjonen og det sterke samarbeidet om utdanning, forsking, kultur og innovasjon er ei suksesshistorie. Saman er Norden blant dei mest kompetente, innovative og attraktive regionane i verda med ein økonomi som vert rangert blant dei 10–12 største i verda. Vi er dei viktigaste handelspartnarane til kvarandre innanfor ramma av den felles, indre marknaden i EU og EØS.

2.1 Viktigaste resultat under den norske formannskapen i 2017

For regjeringa har det vore viktig å konkretisere det politiske samarbeidet i Nordisk ministerråd. Då kan vi klarare sjå meirverdien av den nordiske innsatsen. I tillegg til eigne initiativ, har regjeringa lagt vekt på å fylgje opp prosessar som tidlegare formannskap har sett i gong. Vi har forventingar til at den svenske formannskapen i 2018 fylgjer opp prosessar som vi starta i 2017. Ministerrådets sekretariat har vore ein viktig og kompetent støttespelar under formannskapen og vil spele ei sentral rolle vidare. Viktigaste resultat:

  • Dei nordiske ministrane med ansvar for digitalisering vedtok ei nordisk-baltisk erklæring om digitalt samarbeid. Den skal styrkje regionen sin digitale transformasjon og næringslivet si konkurranseevne, og bidra til å fremje den digitale indre marknaden i regionen. Nokre medlemsland har fått leiaransvar på viktige område, mellom anna Noreg for innføring av felles e-ID og Sverige for utbreiing av 5G i regionen. Eit eige ministerråd for digitalisering er oppretta.

  • Dei nordiske næringsministrane vedtok eit nytt samarbeidsprogram for 2018–2021 for nærings- og innovasjonssektoren. Det skal styrkje vår omstillingsevne, fremje innovasjons- og konkurransekrafta og betre globale marknadsmoglegheiter. Prioriterte område er styrking av konkurranseevna til nordiske bedrifter gjennom digitalisering og samarbeid innanfor reiseliv. Nordic Innovation vil få ei sentral rolle med å fylgje opp gjennomføringa av programmet.

  • Dei nordiske energiministrane vedtok eit energipolitisk samarbeidsprogram for 2018–2021. Samarbeidet skal fremje forsyningstryggleiken og ein fungerande energimarknad, og ikkje minst sørgje for at landa når sine miljø- og klimamål. Det inkluderer samarbeid om tekniske løysingar for å oppfylle klimamåla.

  • Auka samarbeid mellom kunnskaps- og næringsklynger i Norden som bidreg til å utnytte dei ulike landa sine styrkeposisjonar innan forsking, innovasjon, teknologisk utvikling og næringsliv til å utvikle nye bedrifter som kan konkurrere på den internasjonale marknaden.

  • Dei nordiske utdanningsministrane vart samde om å utgreie utfordringar og moglegheiter for eit forsterka nordisk samarbeid innan utdanning. Rapporten vart presentert hausten 2017.

  • Dei nordiske samarbeidsministrane vart samde om å føreta ei utgreiing om behov og potensial for ei nordisk risikokapitalordning for bedrifter i ein tidleg fase (leia av administrerande direktør Idar Kreutzer i Finans Norge). Rapporten vert presentert i september 2018.

  • Nye nordiske tiltak mot framande artar i nordiske havområder, innsamling av avfall frå fiskeria og karbonlagring i havet. Vedteke samarbeidsprogram om førebygging, rydding og attvinning av plast og mikroplast.

  • Dei nordiske klima- og miljøministrane vedtok «The Oslo Declaration on Nordic Climate Leadership» der det nordiske engasjementet for og leiarskapet i oppfylginga av Paris-avtalen er understreka. Dei nordiske statsministrane gav seinare si støtte til denne deklarasjonen. Deklarasjonen vert fylgt opp under den svenske formannskapen.

2.2 Omstilling og konkurransekraft

Regjeringa si politiske plattform slår fast at ho vil føre ein politikk som styrkjer konkurransekrafta til Noreg, og skapar grøn vekst og nye grøne jobbar. Dette har òg vore eit kjernepunkt under 2017-formannskapen.

Konkurransedyktige klima- og miljøløysingar må utviklast i samspel mellom forsking, innovasjon og digitalisering, med utnytting av både nasjonale, nordiske og europeiske verkemiddel. For Norden gjev dette gode høve til å utvikle eit differensiert og konkurransedyktig næringsliv, både med offentleg og privat finansiering, som skapar framtidige arbeidsplassar og sikrar eit nyskapande og inkluderande arbeidsliv.

Digitalisering

Eit tettare regionalt samarbeid om digitalisering har vore ei hovudlinje under 2017-formannskapen. Feltet rører ved nær sagt heile fagbreidda i det nordiske samarbeidet. Digital integrasjon vil prege Europa og vår eigen region. Her møtest omstillingsagendaen og den europapolitiske agendaen med full kraft.

Boks 2.1 Elektronisk ID

Kvart år flyttar mange tusen innbyggjarar mellom dei nordisk-baltiske landa, og langt fleire ferierar i nabolanda. Dette skapar vekst, men kan òg føre til utfordringar. Difor er det eit mål å leggje til rette for bruk av personnummer og elektronisk ID, slik at det vert lettare å nytte tenester på tvers av landegrensene. Dette vil kunne lette opptaket til skular og universitetet eller bruken av banktenester. For mange verksemder vil elektroniske anbod kunne utvide marknadane og fjerne kostnader. Ein nordisk modell vil òg kunne setje ein standard for det europeiske samarbeidet på dette feltet.

I april 2017 samla regjeringa dei nordiske og baltiske ministrane med ansvar for digitalisering til konferansen «Digital North» i Oslo. I samband med konferansen vedtok desse ministrane ei erklæring om digitalt samarbeid. Føremålet er å styrkje den digitale innovasjonen og verdiskapinga, skape samanhengande digitale tenester frå offentleg sektor på tvers av landegrensene, styrkje konkurranseevna til nordiske bedrifter innanfor digitalisering og leggje til rette for ein digitalt integrert region som er ein del av den europeiske digitale indre marknaden.

Ministererklæringa har konkrete mål og tiltak, der dei einskilde landa har fått tildelt særskilt ansvar. Til dømes har Noreg fått leiaransvar for å sikre at tenester frå offentleg sektor som krev bruk av elektronisk identitet (e-ID), kan nyttast på tvers av landegrensene. Sverige har fått hovudansvar for å sikre utbreiinga av 5G i regionen, og for å samordne denne verksemda med dei andre landa. 5G er namnet på neste generasjons mobilkommunikasjonsteknologi som ventas å verte kommersielt tilgjengeleg omkring 2020. I si fulle form vil 5G kunne endre måten mobiltenester vert skapte og leverte til brukarane på, og det vil kunne påverke samfunnet og kvardagslivet til folk.

Det er vedteke at det skal skipast eit ministerråd for det digitale området, MR-digital, som skal medverke til å sikre framdrifta på viktige område som er spesifiserte i erklæringa. Det første møtet i MR-digital fann stad i Oslo i desember 2017. Sverige har varsla at dei vil vidareføre arbeidet under sin formannskap.

I e-helsesektoren har det over fleire år utvikla seg parallelle teknologiar med element av både konkurranse og utveksling av røynsler mellom landa. Det nordiske samarbeidet er ein viktig uformell plattform for å konsolidere strategiar og posisjonar inn i EU-samarbeidet med aktiv deltaking i fleire EU-prosjekt, til dømes «Connecting Europe Facility» og «European Reference Networks».

Digitalisering er eit sentralt tema i det svenske formannskapsprogrammet for 2018. Prosjektet «Vård på distans» har som delmål å leggje til rette for tekniske løysingar for utveksling av e-reseptar i Norden gjennom ein tre-årsperiode.

Den digitale utviklinga gjev òg nye utfordringar. I 2017 vart det arrangert eit seminar der ekspertar møttes for å dele røynsler og diskutere skattemessige utfordringar ved delingsøkonomien. Regjeringa vil vidareføre dette arbeidet i 2018.

Eit område som er under særleg press er den nordiske medieøkonomien, og dermed mediemangfaldet og media sine utsikter til å utøve ei kritisk samfunnsrolle. Den auka konkurransen frå internasjonale aktørar som Facebook og Google utfordrar tradisjonelle medium. Samstundes er innbyggjarane sin tillit til medium under press frå useriøse aktørar. Regjeringa er oppteken av at mediepolitikken skal stimulere til innovasjon og nyskaping, og vil samstundes oppretthalde tradisjonane og grunnverdiane til den frie pressa i ei ny tid.

Næringsliv og innovasjon

Boks 2.2 Medieøkonomi

Mediepolitikken til regjeringa legg til rette for ytringsfridom, god nyheitsproduksjon over heile landet og ein brei offentleg samtale i det digitale mediesamfunnet. For å identifisere moglege tiltak i det nordiske mediesamarbeidet, har Noreg teke initiativ til to ulike utgreiingar som begge kan gje konkrete innspel til kva vi kan gjere for å skape rammevilkår for å medverke til at media i Norden skal kunne halde fram med å utøve samfunnsoppdraget sitt.

Ministerrådet vedtok i 2017 eit nytt samarbeidsprogram for nærings- og innovasjonssektoren for 2018–2021. Programmet vektlegg arbeid for å sikre evne til snøgg omstilling, å styrkje innovasjons- og konkurransekrafta og å betre dei globale marknadsutsiktene til dei nordiske landa. Nordic Innovation vil vere ein sentral aktør for gjennomføringa av programmet. Nokre av aktivitetane vil vere styrking av det nordiske klyngesamarbeidet, støtte til bedrifter i startfasen, vekst av bedrifter og eit nærare samarbeid mellom dei nordiske forskings- og innovasjonsaktørane. Eit viktig mål er òg å gjere Norden meir attraktiv som samarbeidspartnar med verdas leiande kunnskapsmiljø innanfor ulike sektorar. Det er difor positivt at Innovasjon Noreg har engasjert seg i samarbeidet med nordiske søsterorganisasjonar.

Boks 2.3 Innovative Nordics

Utgreiingar som er gjennomførte av BI og Handelshögskolan i Stockholm, viser potensialet for å styrkje nordisk konkurransekraft gjennom betre samarbeid mellom kunnskapsmiljø og næringsklynger over landegrensene. Under det nordiske statsministermøtet i Bergen i mai 2017 var tre norske klynger inviterte til å presentere sine røynsler med nordisk samarbeid (NCE Maritime CleanTech Bergen, Oslo Cancer Cluster og NCE Smart Energy Halden).

Dei nordiske innovasjonsdirektørane møttes i Helsingfors før det nordiske miljøministermøtet i november 2017, og deltok i diskusjonen med ministrane om korleis styrkje det nordiske samarbeidet om grøn konkurransekraft på klima og transportområdet. Innovasjonsdirektørane annonserte at det kjem eit innspel til nordisk handlingsplan om temaet i 2018. Sverige vidarefører temaet grøn konkurransekraft og transport i sin formannskap under overskrifta byutvikling og inviterer toppleiarar i nordisk grønt næringsliv til eit dialogmøte om dette i april 2018.

Etter initiativ frå den norske formannskapen er det sett i gong ei utgreiing for å analysere behov og potensial for ei nordisk finansieringsordning for risikoinvesteringar i bedrifter i ein tidleg fase, med fokus på nordisk meirverdi. Idar Kreutzer, administrerande dirkektør i Finans Norge, har ansvaret for å gjennomføre utgreiinga som skal leggjast fram for samarbeidsministrane i juni med endeleg rapport i september 2018.

Gjennom det nordiske samarbeidet er det òg viktig å styrkje det offentlege som ein pådrivar for innovasjon og vekst ved i større grad å etterspørje og kjøpe innovative, miljøvenlege løysingar og produkt. Eit nordisk prosjekt om offentlege grøne innkjøp har vist gode resultat, og vil bli fylgt opp i 2018.

Boks 2.4 Smarte byar og regionar

Formannskapsprosjektet «Attraktive byar og byregionar» rettar merksemd mot potensialet for grøn omstilling og konkurransekraft i små og mellomstore nordiske byregionar og korleis berekraftsmåla til FN kan gjennomførast i Norden. 18 nordiske byar er med å kartleggje, utvikle og teste nye indikatorar for berekraftig utvikling. Prosjektet skal føre til ein felles nordisk strategi for å utvikle attraktivitet gjennom eit godt og inkluderande bymiljø som er miljøvenleg, økonomisk og sosialt berekraftig.

Ministerrådet har òg eit samarbeidsprogram for regional utvikling og planlegging for perioden 2017–2020. Den nordiske institusjonen Nordregio er sentral i samarbeidet, saman med innovative regionar som legg vekt på grøne investeringar og innovasjon. Dei fleste nordiske regionane utviklar no strategiar for omstilling basert på tilrådingar om smart spesialisering frå Europakommisjonen, og byggjer nettverk med regionar i dei andre nordiske landa.

Ein solid bank- og finansmarknad er viktig for å sikre ein omstillingsdyktig region som toler ulike former for økonomiske omveltingar. Styresmaktene i Norden har eit godt og velutvikla samarbeid om regulering og tilsyn, og i desember 2016 vart det underteikna eit særskilt memorandum om samarbeid med såkalla signifikante filialar om grensekryssande bankgrupper. Fleire av dei store nordiske bankgruppene driv verksemd i naboland, anten gjennom dotterbankar, filialar eller direkte frå morbanken i heimlandet. Det er eit felles mål å medverke til god soliditet, forsvarleg drift og mest mogleg like konkurransetilhøve i dei nordiske marknadane.

Klima og miljø

For miljøsektoren har miljøtilstanden i havet vore eit hovudtema i 2017 med søkjelys på reduksjon av plastavfall, mikroplast og lagring av karbon i tareskog.

Under miljøministermøtet vart det vedteke eit nordisk program for reduksjon av plastavfall, materialattvinning, effektive avfallssystem, marin ureining og mikroplast, og dessutan auka kunnskap om biobaserte og nedbrytelege alternativ til plast. Miljøministrane sende òg eit felles innspel til plaststrategien til Europakommisjonen der dei mellom anna la vekt på tiltak mot viktige kjelder til mikroplast og marin ureining.

Klimaendringane har vore eit anna sentralt tema under den norske formannskapen. På møtet i mai 2017 vedtok miljøministrane «The Oslo Declaration on Nordic Climate Leadership» der det nordiske engasjementet for oppfylginga av Paris-avtalen er understreka. Dei nordiske statsministrane slutta seg til denne erklæringa.

Som førebuing til klima og miljøministermøtet om grøn konkurransekraft, klima og tungtransport i november, var det gjennomført ei kartlegging av nordiske styrkeposisjonar og potensialet for meir nordisk samarbeid innanfor miljøvennleg transport. Nordic Innovation starta eit arbeid med å samle nordiske klynger for å styrkje samarbeidet om grøn innovasjon og skal melde tilbake til miljøministrene om framdrift i løpet av 2018.

Boks 2.5 NordGen

Samarbeidet om genressursar for landbruket er organisert under Nordisk genressurssenter (NordGen). NordGen har ei viktig oppgåve i å bevare genmateriale som kan verte viktig for matproduksjonen og mattryggleiken i framtida. Samarbeidet er òg knytt til meir spesifikke tilhøve som til dømes dei venta klimaendringane, som fører til at den biologiske produksjonen må finne stad under andre vekstvilkår enn no. NordGen har ansvaret for fagleg drift og administrasjon av frølageret på Svalbard (Svalbard Global Seed Vault) gjennom ein avtale mellom Landbruks- og matdepartementet, Global Crop Diversity og NordGen.

Hav og blå bioøkonomi

Det nordiske samarbeidet på hav er eit av dei eldste samarbeidsområda i Nordisk ministerråd, og utgjer ei god plattform for å fremje norske interesser i samarbeid med våre naboland og næraste handelspartnarar.

Regjeringa ynskjer å utvikle havnæringane og skape arbeidsplassar basert på ressursane i havet. Eit mål er å auke satsinga på forsking, innovasjon og teknologiutvikling for å vinne meir verdiar ut av kvar kilo som vert produsert. Dei nordiske landa har saman med Nordic Innovation, det nordiske fiskerisamarbeidet og industrien sjølv, bidrege til ei felles finansieringsordning på om lag 160 millionar kroner til innovasjonsprosjekt innanfor marin sektor. Programmet vert avslutta i 2018 og har medverka til utvikling av teknologiar som har gjeve betre nytting av marin biomasse. Det har fremja nettverk mellom forsking og industri i dei nordiske landa, og styrka posisjonen til nordiske produkt på dei globale marknadane.

Havmiljø og blå bioøkonomi var òg eit tema i dei norske formannskapsprosjekta. Det vart mellom anna sett i gong treårige forskings- og forvaltningsprosjekt på i alt åtte millionar kroner innanfor områder som marin ureining, framande arter, rydding etter tapte fiskereiskapar (spøkelsesfiske) og karbonlagring i havet.

Under den norske formannskapen vart det teke initiativ til ei ministererklæring mot internasjonal fiskerikriminalitet. Erklæringa vart vedteke av dei nordiske fiskeri- og landbruksministrane på eit møte i Ålesund i juni 2017, og vart seinare presentert av generalsekretær Høybråten og Fiskeriminister Sandberg på eit internasjonalt symposium i Wien.

Færøyane tok i 2017 saman med Seychellane initiativ til røynsleutveksling om innovasjon og blå bioøkonomi mellom dei nordiske landa og små øystatar. Samarbeidet vil mellom anna inkludere FNs matvareorganisasjon og ta føre seg taredyrking, bruk av marine fiber, fisketurisme og moglegheitene for næringsutvikling i havbaserte økonomiar.

Grøn økonomi

På sommarmøtet i Ålesund i juni 2017 vart dei nordiske ministrane for fiskeri og havbruk, jordbruk, livsmidlar og skogbruk samde om å etablere eit samarbeid om kunnskapsutvikling og identifisering av tiltak som kan bidra til auka karbonlagring i jordbruksjord. Målet er mellom anna å harmonisere metodikk for modellering og utsleppsberekningar som kan gjere synleg opptak og utslepp av karbon i nordisk jordbruksjord. Ein nordisk reknemodell må kunne anerkjennast i rapportering til FNs klimapanel (IPCC) sitt klimagassregnskap.

Boks 2.6 Nordisk kraftmarknadsforum

Ei av tilrådingane frå Jorma Ollila-rapporten var å etablere eit felles nordisk kraftmarknadsforum. Forumet skapar ein møteplass der regjeringane, forvaltninga, marknadsaktørar og andre kan drøfte aktuelle energispørsmål på tvers av landegrensene i Norden, og fremje nordiske posisjonar og interesser i den europeiske politikkutviklinga.

Energi

Stabil energiforsyning er grunnleggjande for eit moderne velferdssamfunn, og utgjer ein konkurranseføremon for norsk industri. Ein velfungerande kraftmarknad er avgjerande for ei trygg straumforsyning. Regjeringa meiner at drifta av kraftsystemet og krafthandelen i størst mogleg grad må byggje på marknadsmessige løysingar.

Under 2017-formannskapen vart det utarbeidd og vedteke eit energipolitisk program for perioden 2018-2021, som peikar på kva område som skal prioriterast i energisamarbeidet framover. Den nordiske el-marknaden ligg framleis langt framme jamført med dei fleste EU-landa, og har mykje å bidra med i utviklinga av ein felles europeisk el-marknad. Samankoplinga av dei nordiske kraftsystema har styrkt forsyningstryggleiken, betra utnyttinga av dei nordiske kraftressursane og lagt til rette for ein auka produksjon av fornybar kraft. Kraftforsyninga i landa vert òg i stor grad organisert gjennom ein felles nordisk kraftbørs, ein finansiell marknad og kraftbalansemarknad.

Boks 2.7 Nordic Green Research and Innovation Programme

Dei nordiske landa har alle som målsetjing å vere energieffektive lågutsleppssamfunn innan 2050. For å fremje omstilling og grøn nordisk konkurransekraft lanserte institusjonane Nordisk energiforsking, Nordisk innovasjon og NordForsk i 2017 eit forskings- og innovasjonsprogram med ei samla ramme på 78 millionar kroner. Programmet har tildelt midlar til prosjekt innanfor mellom anna sol- og vindenergi, bioøkonomi og teknologiar for klimavenleg gruvedrift, metallurgi og industriproduksjon.

Ei strategisk gjennomlysing av det nordiske energisamarbeidet vart presentert av finnen Jorma Ollila til energiministermøtet i Oslo i november 2017. Konklusjonane og tilrådingane i rapporten har vore ei inspirasjonskjelde for det nye samarbeidsprogrammet. Det gode samarbeidet vert vidareført innanfor den nordiske el-marknaden, fornybar energi, energieffektivisering og nordisk energiforsking, og i det nordiske samarbeidet om EU/EØS-saker.

Forsking og utdanning

Utdannings- og forskingssamarbeid i Norden byggjer på gode institusjonar, stor grad av tillit og ein tett samarbeidskultur. Samarbeidet om høgare utdanning er fokusert rundt student- og lærarmobilitet, felles utdanningsprogram og tiltak for å vidareutvikle kvalitet i utdanninga. Medan forskingssamarbeidet i dei seinare åra har lagt vekt på forskingsfinansiering, vert det no ei auka prioritering av samarbeid på forskarnivå, særleg tiltak retta mot forskarutdanning, mobilitet og nettverk for yngre forskarar.

Boks 2.8 Samarbeidsprogram for utdanning og forsking

I førebuinga til eit nytt nordisk samarbeidsprogram for utdanning og forsking har ei høgnivågruppe beståande av tidlegare gymnasie- og kunskapslyftminister Aida Hadzialic (Sverige), kansler ved Helsingfors universitet Thomas Wilhelmsson (Finland) og departementsråd Petter Skarheim (Norge) diskutert nordiske styrkeposisjonar, utfordringar og moglegheiter for samarbeid innanfor utdanningsområdet. Rapporten «Framtida nordiskt utbildningssamarbete» gjer konkrete anbefalingar knytt til seks områder, og finnes i fullversjon på http://norden.diva-portal.org/.

Ministerrådet har dei siste åra vidareutvikla den nordiske forskingsrådsmodellen, der NordForsk utgjer ein viktig samarbeidsarena for dei nordiske forskingsfinansierande organa. Dialogen med NordForsk er styrkt og ministrane har vedteke eit tydelegare strategisk mandat for institusjonen. NordForsk har på si side teke initiativ til betre samverknad med dei forskingsfinansierande organa i utforminga av sine program og eit samarbeid mellom desse organa og ministrane vart innleia i 2017.

NordForsk har arbeidd for ein digital forskingsinfrastruktur (eScience) og samarbeid mellom forsking og innovasjon. Her inngår òg «Nordic eScience Globalisation Initiative» og «Nordic e-Infrastructure Collaboration», som mellom anna støttar eit strategisk nettverkssamarbeid mellom nordiske digitale innovasjons- og forskingsmiljø.

I helsesektoren er «Nordisk samarbeid for betre helse 2017–2019» eit av dei prioriterte norske formannskapsprosjekta. Målet for arbeidet er å leggje til rette for nordisk helseforsking på område der dei aktuelle pasientgruppene i kvart enkelt land er små. Nordisk ministerråd har løyvt 7,3 millionar danske kroner til tre delprosjekt. Desse delprosjekta skal klarleggje moglege forenklingar når det gjeld etikkgodkjenning, IKT-løysingar for utveksling av helsedata og kliniske studiar for persontilpassa medisin (Nordic Trial Alliance).

Samferdsel

Samferdselssektoren er ikkje med i det formaliserte nordiske regjeringssamarbeidet. Det er likevel viktig å diskutere aktuelle transportpolitiske problemstillingar og utnytte det gode nettverket som er etablert mellom dei nordiske landa.

Jernbanedirektoratet samhandlar med svenske, finske og danske transportstyresmakter om å utvikle jernbana på tvers av landegrensene. Ein studie om eit mogleg jernbanesamband mellom Nord-Finland og isfri hamn i Nord-Noreg er venta ferdig i 2018. Dei siste åra har det vorte gjennomført studiar om utviklinga av sambandet mellom Oslo og Stockholm og mellom Oslo og Gøteborg. I samsvar med Jeløy-erklæringa vil regjeringa ta initiativ til ein skandinavisk jernbanestudie i samarbeid med Sverige og Danmark.

I september 2017 underteikna samferdselsministeren ei felleserklæring med Sverige og Finland om samarbeid om og tilrettelegging for autonome og kommuniserande køyretøy, og ei eiga erklæring med Finland om slik testing på E8. Formålet er å gjere transporten tryggare, meir effektiv og meir miljøvenleg. Strekninga på E8 mellom Noreg og Finland er godt egna til å teste ut teknologi for autonome køyretøy og er difor utpeikt av Europakommisjonen som korridor for testing av intelligente transportsystem og løysingar (ITS).

Regjeringa ynskjer å skape eit trygt og fleksibelt arbeidsliv for arbeidstakarane. Å motverke arbeidslivskriminalitet i transportsektoren er ein viktig del av dette arbeidet. Internasjonalt samarbeid på området må styrkast. I det noverande arbeidet «langtransport på veg» er det lagt vekt på å etterleve det eksisterande regelverket, mellom anna innanfor trafikktryggleik og arbeidstakarrettar.

Nordisk samekonvensjon

I Jæløy-erklæringa slår regjeringa fast at ho vil arbeide for å få underteikna og ratifisert Nordisk samekonvensjon. Forhandlingane mellom Noreg, Sverige og Finland og dei tre nordiske sametinga om ein nordisk samekonvensjon byrja i mars 2011. Eit forslag til konvensjon er no til behandling hjå regjeringane og sametinga i landa. Først etter at sametinga har tilslutta seg til konvensjonen, vil regjeringane ratifisere han.

2.3 Eit inkluderande Norden

I Norden har vi eit verdi- og interessefellesskap med ei felles forståing av overordna samfunnsutfordringar. Vi deler eit ynskje om å bruke det nordiske samarbeidet til å bygge trygge, inkluderande og berekraftige velferdssamfunn.

Språk og kultur

Eit av måla for den norske formannskapen var å medverke til auka merksemd om nordisk språkforståing i kultur og utdanning, mellom anna gjennom samarbeid med Nordisk språkkoordinasjon, Norden i skulen og Foreininga Norden.

Boks 2.9 Nordisk råd sin borne- og ungdomslitteraturpris

Under formannskapen i 2012 var Noreg ein sterk pådrivar for å etablere Nordisk råd sin borne- og ungdomslitteraturpris. Prisen vart delt ut første gongen i 2013. Interessa for prisen har vore stor, og vinnarane er vortne presenterte på bokmesser og litteraturfestivalar i inn- og utland. Prisen har gjort borne- og ungdomslitteraturen meir synleg og gjeve han høgare prestisje.

Boks 2.10 Utdanningsprogrammet Nordplus

Nordplus er det største utdanningsprogrammet til Nordisk ministerråd innanfor livslang læring. Programmet er eit godt etablert samarbeid mellom Norden og dei baltiske landa Estland, Latvia og Litauen. Kvart år reiser om lag 7000 elevar og studentar og om lag 1500 undervisarar på utvekslingsopphald til eit anna nordisk eller baltisk land. I alt deltek om lag 2800 utdanningsinstitusjonar og organisasjonar i Nordplus-aktivitetar kvart einaste år. Programmet fyller 30 år i 2018, og har samstundes tiårs jubileum for baltisk deltaking i programmet. I 2018 vert det lansert ein ny femårig programperiode for Nordplus.

Den nordiske språkforståinga er viktig for nordisk identitet og mobilitet, og legg til rette for ein godt integrert arbeidsmarknad og eit kultur- og utdanningsfellesskap. Kunst og kultur spelar ei viktig rolle som brubyggjar. Serien «SKAM», som førte til auka interesse for og refleksjon rundt nordisk språkforståing, særleg blant born og unge, er eit godt døme på dette. På initiativ frå Noreg vart «Volt», kultur- og språkprogrammet for born og unge, oppretta i 2017.

Kunst og kultur profilerer Noreg og Norden som region, og skapar merksemd om den nordiske samfunnsmodellen og verdiar som likestilling, demokrati og berekraft. I heile 2017 fann den nordiske kulturmønstringa «Nordic Matters» stad på Southbank Centre i London, som er det største kultursenteret i Storbritannia. Kunstnarar, artistar og kulturaktørar frå heile Norden medverka gjennom heile året.

Arbeidsmarknad og integrering

Globalisering og omstilling i arbeidslivet gjev store gevinstar i form av høgare produktivitet og materiell velstand. Eit særleg kjenneteikn ved den nordiske arbeidsmarknaden er høg yrkesdeltaking frå både kvinner og menn. Dette fører til høg produktivitet og berekraftige velferdsstatar. Samstundes er det krevjande å sikre tilstrekkeleg arbeidskraft og møte dei veksande behova for velferdsytingar. Ungdom, personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn kan ha problem med å kome inn i arbeidslivet eller med å behalde arbeid. Ei anna utfordring ved den nordiske arbeidsmarknaden er at han er kjønnsdelt.

Boks 2.11 Godkjenning av yrkeskvalifikasjonar

Det fins store vinningar av å gje personar moglegheit til arbeide med kvalifikasjonar dei har i staden for å ta utdanninga si på nytt. På norsk initiativ vart nordiske godkjenningsordningar for utanlandske utdanningar kartlagt i 2017. Formålet var å medverke til eit betre samarbeid og nedbygging av grensehinder i Norden. Den svenske formannskapen tek arbeidet med dette vidare i 2018. Kunnskapsdepartementet følgjer opp prosjektet og ser dette i samanheng med den nasjonale satsinga på området.

Det nye nordiske programmet for arbeidslivssektoren vart vedteke i november 2017. Programmet framhevar sentrale utfordringar og inneheld ein overordna strategi for regjeringssamarbeidet på arbeidslivsområdet for perioden 2018–2021. Programmet har tre delområde: arbeidsmarknad, arbeidsmiljø og arbeidsrett. Integrering av flyktningar og personar med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet, og spørsmål knytte til arbeidsliv i framtida og om teknologisk utvikling har fått ein meir framståande plass i det nye programmet.

Dei nordiske landa har behov for auka kunnskap om korleis den nordiske arbeidslivsmodellen kan fungere i eit framtidig arbeidsliv med store endringar og omstillingar. I 2017 vart det difor arrangert ein nordisk konferanse i Oslo om den veksande delingsøkonomien, som omhandla korleis denne kan påverke arbeidsmarknaden og arbeidslivsrelasjonane i Norden. I regi av arbeidslivssektoren er det òg sett i gong eit omfattande forskingsprosjekt om korleis arbeidslivet i Norden kan kome til å sjå ut rundt år 2030. Prosjektet har som mål å generere ny kunnskap og tilrådingar til nordiske politikarar, styresmakter og partane i arbeidslivet.

Den internasjonale migrasjonen er uføreseieleg, og det er behov for å ha ein snøgt beredskap for raske skiftingar. Målet om å sikre at flyktningar kjem i arbeid og er i stand til å forsørgje seg sjølve vart tema då dei nordiske integreringsministrane møttes i Oslo i september 2017. Ministerrådet har løyvt midlar til ulike prosjekt som vil generere ny kunnskap om integrering. Eit prosjekt som dei nordiske statistikkbyråa gjennomfører, er å harmonisere integreringsstatistikken i Norden. Statistikk er ein viktig reiskap for å kunne samanlikne utviklinga på integreringsområdet mellom dei nordiske landa. Nordisk ministerråd og Justis- og beredskapsdepartementet har løyvt midlar til eit forskingsprosjekt om utvikling av statsborgarretten i dei nordiske landa. Rapporten frå oppdraget, som er utarbeidd av Institutt for samfunnsforskning, kjem våren 2018.

Utdanning og kultur

Dei nordiske demokratia byggjer på ytringsfridom og deltaking frå alle lag i befolkninga. Ekstra viktig er det at unge jenter og gutar veks inn i demokratia og deltek aktivt i det offentlege ordskiftet. Samstundes veit vi at stadig fleire diskusjonar er flytte over på sosiale plattformer utanfor dei tradisjonelle media. Hatefulle ytringar vert lett spreidde på nettet, og medverkar til at viktige røyster tagnar i det offentlege ordskiftet.

Inkludering har difor vore eit gjennomgåande tema i utdannings- og kultursektoren. Gjennom ei rekkje konferansar og seminar har ein lyfta fram fylgjande tema: barnehagen og skulen som sentrum for inkludering og demokratisk medborgarskap; vaksne si læring og inkludering i arbeids- og samfunnsliv; likestilling og etnisk mangfald; nykomne i barnehage og skule; rolla til kultur og frivillig innsats.

Vi ser at jenter og kvinner er meir utsett for seksualiserte ytringar som rettar seg mot kropp og utsjånad. Difor har dei nordiske likestillingsministrane over fleire år arbeidd med denne tematikken. I 2017 arrangerte Noreg ein stor konferanse om dette temaet der ein omfattande forskingsrapport om saka vart lansert, og der eit felles informasjonsmateriale for alle dei nordiske landa vart synt fram første gongen.

Boks 2.12 Inkluderande kulturliv i Norden

Gjennom prosjektet Inkluderande kulturliv i Norden (2017–2019) har Kulturdepartementet tatt initiativ til eit nordisk samarbeid om korleis kulturlivet kan bidra som arena og møteplass for integrering og inkludering. Inkluderande offentlegheit, inkluderande institusjonar og inkluderande lokalsamfunn er sentrale innsatsområder.

Skal vi lykkast med integrering og inkludering er det viktig at elevar får opplæring i demokratisk medborgarskap og menneskerettar. Utdanningssektoren sitt DIS-nettverk (demokrati, inkludering og tryggleik) har medverka til erfaringsutveksling og kompetansebygging mellom landa på dette området. Det er gjennomført ei utprøving og tilpassing av to læringsressurs frå Europarådet: «Teaching Controversial Issues» retta mot lærarar og «Managing Controversy» retta mot skuleleiingar. Desse handbøkene, som ligg føre på alle dei nordiske språka skal gje lærarar og skuleleiingar i Norden kompetanse og konkrete reiskapar for å engasjere unge menneske i dialog og diskusjon om kontroversielle og utfordrande tema. Arbeidet vert fylgt opp i 2018 under den svenske formannskapen.

Innan utdanningssektoren har Kunnskapsdepartementet sett i gong eit nordisk prosjekt kalla «0-24 – tverrsektoriell samhandling om utsette born og unge». Målet er å stimulere til betre organiserte og koordinerte kommunale tenester for utsette born og unge i Norden, der barnehage, skule, helsetenester, barnevern, busetnad, sysselsetjing og integrering vert sett i samanheng. Prosjektet skal halde på fram til 2019, og alle dei nordiske land og sjølvstyrte områda deltek.

Helse og sosial

Sosial tryggleik, førebyggjande tiltak og tilrettelegging for innovasjon og forsking er blant dei viktigaste satsingsområda for det nordiske samarbeidet på sosial- og helseområdet.

Boks 2.13 Nøkkelholsmerking

Noreg, Sverige og Danmark innførte den felles nordiske ernæringsmerkeordninga Nøkkelholet som ei felles frivillig merkeordning for sunne matvarer i 2009. Island slutta seg til ordninga i 2013. Det er utarbeidd felles kriterium for bruk av merket. Landa har òg samarbeidd tett om kommunikasjon rundt ordninga og utviklar no ein strategi for å vidareutvikle ordninga i Norden. Det vert vurdert om nøkkelholordninga òg skal innførast i serveringsmarknaden.

Det har vore eit unikt samarbeid mellom dei nordiske landa om felles nordiske næringsstoffanbefalingar sidan 1980-talet. Etterspurnaden internasjonalt etter desse publikasjonane er stor. Anbefalingane skal no reviderast for sjette gong, og skal no i større grad inkludere berekraft og miljøperspektivet i kosthaldet. Det overordna målet er å redusere sjukdomsburda og betre folkehelsa i dei nordiske landa ved å betre kosthaldet. Denne dokumentasjonen er avgjerande for ein kunnskapsbasert ernæringspolitikk.

I Könberg-rapporten vart det gjort framlegg om eit nærare nordisk samarbeid på lækjemiddelområdet, og hausten 2017 vart det skipa ei arbeidsgruppe for å fremje informasjons- og erfaringsutveksling om pris og refusjon. Mandatet til gruppa framhevar områda nye dyre lækjemiddel, «horizon scanning», forsyningstryggleik, lækjemiddelprisar og generell erfaringsutveksling om effektiv administrasjon og beredskap både på vaksine- og lækjemiddelfeltet.

For å nå måla om eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv, vil regjeringa betre vilkåra for ideelle organisasjonar og sosiale entreprenørar slik at dei kan medverke til å løyse sosiale utfordingar i samfunnet, særleg ved å få fleire inn i arbeidslivet. Frivillige organisasjonar gjer eit viktig arbeid for å hindre at menneske fell utanfor sosiale arenaer.

«Folkehelseplattforma» som er etablert av Nordisk ministerråd, har som mål å styrkje det nordiske folkehelsesamarbeidet og utjamne ulikskapar som gjeld helse. Barnehage, skule og andre teneste for born og unge for å utjamne helseulikskapar for den neste generasjonen vert vektlagt. Regjeringa ynskjer særleg å styrkje arbeidet innanfor psykisk helse og betre samarbeidet mellom heim og skule. Den nordiske folkehelseplattforma utgjer ein effektiv arena for erfaringsutveksling på dette feltet.

Boks 2.14 Antibiotikaresistens

Antibiotikaresistens er ei av dei største helseutfordringane vi står overfor. Noreg og dei nordiske landa er i dag internasjonale pådrivarar i kampen mot antimikrobiell resistens. Under EU-programmet for forsking og innovasjon, Horisont 2020, har norske fagmiljø fått finansiering til prosjekt knytt til antibiotikaresistens. Dette styrkjer kompetansen og kunnskapen til dei norske fagmiljøa.

På tobakksområdet har helsestyresmaktene i dei nordiske landa oppretta to uformelle nettverk. Det eine omhandlar tobakksførebygging generelt og det andre er eit nettverk for ansvarlege styresmakter jamfør tobakksdirektivet til EU. Nordisk Ministerråds tenestemannsgruppe for alkohol møtes halvårleg for å koordinere politikken overfor internasjonale organ som EU og WHO. Nordisk narkotikaforum er eit uformelt samarbeid på narkotikaområdet.

Kompetanse innanfor smittevern er eit sentralt tiltak for å førebyggje spreiing av smittsame sjukdommar og antibiotikaresistens. Etter at Nordiska Högskolan för Folkhälsovetenskap vart avvikla i 2013 vart det bestemt å halde fram med eit nordisk samarbeid innanfor folkehelse og smittevern. Gøteborgs Universitet vil frå januar 2019 tilby ei nordisk utdanning i smittsame sjukdommar og hygiene via tilskot frå Nordisk ministerråd.

Inkludering av personar med nedsett funksjonsevne er viktig i det nordiske samarbeidet. Dette vert teke hand om av «Rådet for nordisk samarbeide om funksjonshinder». Rådet er oppnemnt av dei nordiske samarbeidsministrane, og møtest to gonger i året. Rådet er forankra i Nordisk ministerråd for sosial- og helsepolitikk, men skal ha ei rådgjevande rolle overfor alle sektorane i Nordisk ministerråd. Noreg har under det norske formannskapet leia arbeidet med ny handlingsplan for funksjonshindersamarbeidet 2018–2022, som særlig skal fokusere på menneskerettar, berekraftig utvikling og mobilitet.

I 2016 vart det vedteke ein ny nordisk borne- og ungdomsstrategi. Dei overordna måla for strategien er at Ministerrådet i større grad skal integrere eit perspektiv om borne- og ungdomsrettar i arbeidet sitt og ta meir omsyn til born og unge sine røyster. Sterk støtte til og inkludering av utsette born og unge er eit viktig innsatsområde.

Boks 2.15 Utveksling av erfaringar på helseområdet

Ideen om såkalla «pakkeforløp» for kreft, som er henta frå Danmark, viser kor viktig det er å utveksle røynsler mellom dei nordiske landa. «Pakkeforløp» og diagnoserettleiarar for kreft skal gje svar på kor lenge pasienten kan vente i dei ulike stadia i eit sjukdomsløp, og bidreg til at kreftpasientar kan kome raskare til utgreiing og behandling. Noreg har òg henta erfaringar frå Danmark for start av «pakkeforløp» for psykiske helsetenester og rusavhengighet.

Det er vedteke ein eigen oppfylgingsplan for den nordiske borne- og ungdomsstrategien. I 2017 vart det sett i gong eit prosjekt om forsking, statistikk og anna utviklingsarbeid i alle dei nordiske landa for å styrke oppvekstvilkåra for born og unge, sikre utsette born og unge og hindre utanforskap. Føremålet med prosjektet er mellom anna å få betre utvekslinga av røynsler mellom landa, og å få auka formidlinga av nordiske indikatorar om og statistikk over levekåra for born og unge i landa. Ansvaret for dette prosjektet er lagt til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). I samband med formannskapsåret arrangerte Bufdir eit seminar om arbeidet med felles indikatorar om utsette born og unge.

2.4 Samarbeidet i Nordisk ministerråd

I dei siste åra har Nordisk ministerråd gått gjennom ein omfattande moderniseringsprosess. Målet har vore å gjere organisasjonen endå meir politisk aktuell og relevant, og i stand til å levere gode resultat når det gjeld dei samfunnsutfordringane som dei nordiske regjeringane er opptekne av.

Nytt Norden 2.0 og budsjett 2018–2019

Under 2017-formannskapen i Nordisk ministerråd har Noreg lagt vekt på å gjennomføre reforma «Nytt Norden 2.0», som vart vedteken under den finske formannskapen året før. Nordisk ministerråd har innført eit meir dynamisk budsjett som gjev større høve til å fokusere på politiske prioriteringar, og det er introdusert eit meir effektivt samarbeid mellom Nordisk råd og Nordisk ministerråd. Ministerrådet legg òg større vekt på strategiske gjennomlysingar med tilhøyrande budsjett for å fylgje opp tilrådingar i tråd med politiske prioriteringar.

Den totale ramma for budsjettet er ikkje endra, noko som fordrar at dei ulike sektorane tek initiativ til å rette sektorspesifikke tiltak inn mot politiske prioriteringar. Konsultasjonar med dei ulike sektorane inngår som ein viktig del av budsjettprosessen.

Budsjettet for 2018 legg i større grad vekt på nordisk samarbeid om sosial- og helserelaterte spørsmål og grøn omstilling. Budsjettet vil òg leggje vekt på å kunne finansiere statsministerinitiativet om nordiske løysingar på globale utfordringar, og det nordiske samarbeidsprogrammet om integrasjon av flyktningar og innvandrarar. I tråd med «Nytt Norden 2.0» vart budsjettprosessen for 2019 sett i verk hausten 2017, under den norsk formannskapen. Det er gjort framlegg om mobilitet, digitalisering og internasjonal profilering av Norden som fokusområde for 2019.

Grensehinderrådet

Norden er blant dei mest integrerte regionane i verda, med høg mobilitet i befolkninga. Nordbuarar studerer, handlar, pendlar, ferierer og arbeider i stor grad på tvers av landegrensene, noko som er i tråd med dei nordiske statsministrane sin visjon om at Norden skal vere «verdas mest integrerte region». Likevel fungerer ikkje alt smertefritt i praksis, og nordbuarar opplever tidvis praktiske og byråkratiske hinder når personar, varer, tenester eller kapital skal passere ei nordisk landegrense.

Dette arbeider Ministerrådet målretta med å utbetre, og difor etablerte landa i 2014 det mellomstatlege Grensehinderrådet for å fremje mobilitet i Norden for både enkeltpersonar og næringsliv. Rådet har i alt ti representantar, åtte frå dei respektive medlemslanda og dei sjølvstyrte områda, éin representant frå Nordisk råd, og generalsekretæren i Nordisk ministerråd. Etter at Rådet vart oppretta har det medverka til å klarleggje 36 hinder. Av desse er 27 løyste og ni avskrivne som «uløyselege» grunna ulik avgift- og skattepolitikk, regelverk om arbeidsløysepengar eller politiske vedtak om foreldrepermisjon.

Gjennom formannskapsåret 2017 har Ministerrådet gjennomført ei ekstern evaluering av Grensehinderrådet. Hovudkonklusjonen er at Rådet fungerer tilfredsstillande og etter intensjonen i mandatet, men at det er rom for betringar.

Samarbeidsministrane vedtok hausten 2017 eit revidert mandat om at Rådet skal leggje større vekt på kvalitative kriterium i utveljinga av grensehinder som skal løysast, ikkje berre kvantitative, og at rolla til dei nasjonale medlemmane i Rådet skal styrkast.

2.5 Nordisk omstilling – Regjeringa sine mål fram mot 2020

Regjeringa ynskjer å støtte opp om prioriteringane til den svenske formannskapen i 2018 om eit inkluderande, berekraftig, innovativt, trygt og ope Norden. Dette vidarefører i stor grad prioriteringane til den norske formannskapen i 2017, og reflekterer viktige fokusområder i den politiske plattforma til regjeringa.

Regjeringa vil fram mot 2020:

  • Fylgje opp Nordisk-baltisk ministererklæring og gjennomføre handlingsplanen for digitalt samarbeid på konkrete innsatsområder, derunder felles bruk av e-ID og utbreiing av 5G i regionen.

  • Setje i gong det nye samarbeidsprogrammet for 2018–2021 for nærings- og innovasjonssektoren i nært samarbeid med det svenske formannskapet som vil prioritere relevante prosjekt som digitalisering, harmonisering av regelverk og samarbeid om reiseliv.

  • Halde fram arbeidet med den nordiske språkforståinga.

  • Bruke det nordiske samarbeidet aktivt for å fremje Norden og Noregs profil som havnasjon. Utvikle og gjennomføre konkrete innovasjonsprosjekt innanfor blå bioøkonomi i tråd med den norske og nordiske bioøkonomistrategien.

  • Styrkje røynsleutvekslinga om ulike nordiske forvaltningsmodellar for fiskerisektoren.

  • Styrkje samarbeidet mellom dei nordiske kunnskaps- og næringsklyngene gjennom Nordic Innovation og dei nasjonale forskings- og innovasjonsorgana, og med bruk av nasjonale, nordiske og europeiske verkemiddel for å fremje forsking, innovasjon og nyskapande næringsliv.

  • Vurdere rapporten om behov og potensial for ei nordisk ordning for risikokapital til bedrifter i ein tidleg fase (Idar Kreutzer-rapporten) når denne er klar.

  • Fylgje opp den strategiske gjennomlysinga på klima- og miljøområdet (Tine Sundtoft-rapporten) med sikte på at Norden skal verte ein føregangsregion når det gjeld klima og berekraft.

  • Vidareføre eit nært nordisk samarbeid om havmiljø, både nasjonalt, regionalt og globalt. Vidareutvikle det nordiske plastprogrammet og samarbeidet om blå skog og marint vern.

  • Fylgje opp samarbeidsprogrammet for regional utvikling og planlegging for perioden 2017–2020, mellom anna med å støtte opp om den svenske formannskapen si satsing på levande og berekraftige byar som vil supplere det norske formannskapsprosjektet «Attraktive byar – grøn omstilling og konkurransekraft i nordiske byregionar».

  • Gjennomføre programmet for arbeidslivsektoren, på områda arbeidsmarknad, arbeidsmiljø og arbeidsrett, med ein meir framståande plass for integrering av flyktningar og personar med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet og spørsmål knytt til arbeidsliv og teknologisk utvikling i framtida.

  • Ta initiativ til skandinavisk/nordisk jernbaneutgreiing i samarbeid med Sverige og Danmark. Samarbeide om testing av autonome køyretøy under arktiske tilhøve for å gjere nordisk samferdsel meir effektiv, tryggare og meir miljøvenleg.

  • Fylgje opp rapporten om framtidig nordisk utdanningssamarbeid og forskingspolitisk utgreiing, og starte arbeidet med eit nytt samarbeidsprogram for utdanningssektoren, som skal gjelde frå 2019.

  • Gjennomføre samarbeidsprogrammet 2018–2021 på energiområdet for å bidra til stabil og sikker energiforsyning, auka produksjon av fornybar energi, energieffektivisering og ein fungerande energimarknad.

Til toppen
Til forsida av dokumentet