Meld. St. 12 (2016–2017)

Alt å vinne— Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk

Til innhaldsliste

17 Økonomiske og administrative konsekvensar

Innleiing

Kapittel 1 inneheld innleiing og samandrag av meldinga. Kapittel 2 beskriv utviklinga av det rettslege rammeverket for den norske lotteri- og pengespelmarknaden dei siste åra. Kapittel 3 beskriv dagens pengespel- og lotterimarknad i Noreg. Kapittel 4 presenterer tilgjengeleg kunnskap om konsekvensane av pengespel, inkludert speleåtferd og speleproblem i befolkninga. Kapittel 5 gjer greie for kva tiltak som per i dag er sette i verk for å sikre ein ansvarleg pengespelpolitikk. Kapittel 6 beskriv den teknologiske utviklinga i pengespelmarknaden dei siste tiåra. Kapittel 7 gjer greie for EØS-retten sine hovudprinsipp for pengespelregulering og gir ei kort oversikt over arbeidet med pengespelpolitikk i EU.

Vidareføring av einerettsmodellen

I kapittel 8 foreslår departementet å vidareføre einerettsmodellen, og forslaget har såleis ingen direkte økonomiske eller administrative konsekvensar samanlikna med i dag.

Under dagens marknadssituasjon vil ei lisensordning og ein einerettsmodell gi omtrent like mykje direkte inntekter til det norske samfunnet. Dersom utanlandske spelselskap i framtida tek ein større prosentdel av marknaden for spela som er aktuelle å lisensiere, vil ei lisensordning kunne gi større direkte inntekter til det norske samfunnet. Under ein lisensmodell vil likevel inntektene inngå i statsbudsjettet og dermed utgjere ei mindre føreseieleg inntektskjelde for frivilligheita.

Styrkje heilskapen i politikken

I kapittel 9 drøftar departementet behovet for å styrkje heilskapen i pengespelpolitikken. Departementet vil utarbeide forslag til éi felles lov for lotteri, pengespel og totalisatorspel. Departementet vil samtidig gjennomgå alle forskrifter som er heimla i dagens tre lover. Målet er å skape ein reguleringsstruktur som er oversiktleg og tilgjengeleg, og som bidreg til å vareta ein heilskapleg og konsistent pengespelpolitikk. Tiltaket vil skape administrativ forenkling. Det vil ikkje ha større økonomiske konsekvensar.

Regjeringa vil samle ansvaret for all pengespelpolitikk under Kulturdepartementet. Det vil seie at departementet overtek ansvaret for å regulere spel som Norsk Rikstoto tilbyr. Tiltaket vil vareta omsynet til effektiv utnytting av dei administrative ressursane til staten. For Lotteritilsynet som tilsyns- og forvaltingsorgan vil det vere ein fordel å berre ha med eitt departement å gjere. Det vil gi ei meir effektiv forvalting og ei meir ressurseffektiv rapportering. Kulturdepartementet bruker i dag inntil fire årsverk på pengespel, mens Landbruks- og matdepartementet bruker om lag 0,1 årsverk. Kulturdepartementet vil handtere overføringa av meir ansvar for pengespel innanfor dei gjeldande budsjettrammene.

Rollefordeling og reguleringsform

I kapittel 10 drøftar departementet reguleringsform og rollefordeling mellom departement og tilsynsorgan. For å sikre openheit og legitimitet skal det fastsetjast i forskrift kva for spelkategoriar Norsk Tipping og Norsk Rikstoto skal kunne tilby. Lotteritilsynet si myndigheit til å godkjenne nye enkeltspel innanfor ramma av eksisterande spelkategoriar bør vere fastsett i forskrift. Heimelen vil gjelde både pengespel og totalisatorspel. Lotteritilsynet bør få heimel til å godkjenne tidsavgrensa pilotprosjekt i regi av einerettsaktørane. Sentrale, overordna reglar som er nødvendige for å førebyggje negative konsekvensar av pengespel, skal vere fastsette i forskrift. Norsk Tipping får myndigheit til å fastsetje detaljerte, utfyllande spelereglar for speltilbodet sitt innanfor ramma av forskriftsfastsette reglar. Den sjølvpålagde «Nei takk»-lista til Norsk Tipping bør bli fastsett som myndigheitskrav og vil gjelde både for pengespel i regi av Norsk Tipping og totalisatorspel i regi av Norsk Rikstoto. Det vil gi ei meir formålstenleg rollefordeling mellom departementet og selskapet og bidra til at ressursane til departementet i størst mogleg grad blir nytta på oppgåver som er viktige for å sikre ein ansvarleg pengespelpolitikk. Rollefordelinga mellom Kulturdepartementet og Lotteritilsynet blir reindyrka og tydeleggjort. Departementet skal ikkje vere klageinstans i enkeltsaker. Lotterinemnda blir klageinstans for alle enkeltvedtak som Lotteritilsynet gjer på pengespelområdet. Det dreier seg om nokre få saker. Administrativt vil tiltaka i kapittelet innebere auka bruk av forskrift som reguleringsform, med dei krava til avgjerdsprosessar som følgjer av dette. Tiltaka vil ikkje ha større økonomiske konsekvensar.

Korleis sikre ansvarleg spel

I kapittel 11 drøftar departementet tiltak for å sikre ansvarleg spel. Det er eit mål at flest mogleg av spela hos Norsk Rikstoto skal skje registrert, på same måte som hos Norsk Tipping. Departementet vil vente på Norsk Rikstoto si risikovurdering og vurdering av tiltak for å avgrense risiko rundt banespel, som skal liggje føre innan 1. januar 2018. Departementet ser per i dag ingen grunn til å innføre krav om registrert spel for Flax-lodd. Norsk Rikstoto og Norsk Tipping skal framleis ha fridom til å fastsetje storleiken på marknadsføringsbudsjetta sine. Dei må kunne grunngi omfanget av marknadsføringa ut frå kanaliseringsomsyn. Det skal framleis vere eit fast element i eigarstyringa av Norsk Tipping å følgje opp måloppnåinga med omsyn til ansvarlegheit. Oppfølginga av selskapet skal vere basert på kvalitative og kvantitative vurderingar av dei årlege rapportane frå selskapet og tilsynsrapportar frå Lotteritilsynet. Tiltaka i kapittelet vil ikkje ha større administrative eller økonomiske konsekvensar.

Sosiale nettverksspel

Kapittel 12 drøftar framveksten av sosiale nettverksspel. Lotteritilsynet skal følgje utviklinga av sosiale nettverksspel, men departementet meiner at det er for tidleg å ta stilling til om nokon former for slike spel skal regulerast som pengespel. Det får såleis ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.

Vern av regulerte aktørar

I kapittel 13 drøftar departement ulike tiltak for å styrkje vernet av dei regulerte aktørane i Noreg. Departementet vil sende på høyring forslag om regelverksendringar som kan gjere forbodet mot betalingsformidling meir effektivt. Departementet vil greie ut om det er mogleg med særnorske tiltak mot pengespelreklame i TV-sendingar frå andre EØS-land, og parallelt arbeide for at det blir teke inn eit eksplisitt unntak for pengespelreklame i AMT-direktivet. Dagens regelverk knytt til marknadsføringsforbodet dekkjer òg medverknadsansvaret i stor nok grad, og det er ikkje foreslått nokon endringar. Departementet vil greie ut om det er mogleg med «DNS-varsling» som informasjonstiltak for å avgrense spel hos uregulerte pengespelselskap på nett. Det er behov for å greie ut praktiske, administrative og juridiske sider ved dette tiltaket, mellom anna for å sikre at løysinga er enkel å administrere, og at det blir teke omsyn til personvernet. Eventuelle administrative og økonomiske konsekvensar vil vere avhengige av korleis dei skisserte høyrings- og utgreiingsprosessane blir følgde opp. Økonomiske konsekvensar for det offentlege vil bli handtert innanfor gjeldande budsjettrammer. Konsekvensar for private vil bli utgreidd som del av departementet si vurdering av aktuelle tiltak.

Effektiv drift og overskot til gode formål

I kapittel 14 drøftar departementet mellom anna krav til effektiv drift. Kulturdepartementet si eigarstyring av Norsk Tipping er tilpassa eigenarten til selskapet. Departementet skal halde fram med å vidareutvikle målstyringa av Norsk Tipping for å sikre at selskapet blir drive på ein effektiv måte. Oppfølginga baserer seg på både kvalitative og kvantitative vurderingar. På denne måten kan departementet følgje opp om selskapet til kvar tid har effektiv drift, samtidig som målet om ansvarleg spel blir nådd. Sponsorverksemda til Norsk Tipping skal vere basert på forretningsmessige vurderingar og sikre så god sosialpolitisk måloppnåing som mogleg. Grasrotdelen bør vidareførast. Departementet vil sende på høyring forslag om at prosentsatsen aukast frå 5 til 7 prosent av spelinnsatsen. For spela Multix og Instaspill vil departementet foreslå at prosentsatsen blir auka frå 10 til 14 prosent av spelinnsatsen etter frådrag for gevinstar. Ordninga bør framleis vere ubyråkratisk. Det blir ikkje innført særskilde effektivitetskrav for private lotteri. Auken av prosentsatsen til grasrotdelen vil medføre at om lag 2 prosent av tippeoverskotet ikkje vil bli fordelt via tippenøkkelen, men gå direkte til lag og foreiningar som spelarane har valt. Basert på tal frå 2015 vil auken utgjere rundt 157 millionar kroner.

Fordelinga av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar

I kapittel 15 drøftar departementet ei omlegging av fordelinga av Norsk Tipping sitt overskot til humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar. Dei tre beredskapsorganisasjonane Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp skal få ein fast årleg prosentdel som svarer til det kronebeløpet dei fekk i tilskot i 2015. Andre organisasjonar søkjer på like vilkår i tråd med kriteria for å delta i ordninga og avgrensingar som departementet har fastsett. Omlegginga av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar får ingen økonomiske konsekvensar for staten.

Bingopolitikken

I kapittel 16 drøftar departementet korleis bingomarknaden er regulert. Departementet foreslår at 30-sekundsregelen for databingo blir endra. Det blir opna for at spelarar kan delta i hovudspel i bingohallar via Internett. Fordelingsnøkkelen for Belago blir endra slik at delen til Norsk Tipping blir redusert frå 40 til 35 prosent, mens formålsdelen blir auka frå 25 til 30 prosent. Ei endring i fordelingsnøkkelen for Belago kan gi Norsk Tipping ein inntektsreduksjon på om lag 11 millionar kroner og ein tilsvarande auke i inntektene til lokale formål. Ein føreset at inntektsreduksjonen for Norsk Tipping i hovudsak blir kompensert gjennom effektiviseringstiltak.

Til forsida