Meld. St. 12 (2016–2017)

Alt å vinne— Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk

Til innhaldsliste

4 Ein ansvarleg pengespelpolitikk – Dette veit vi om konsekvensane av pengespel

4.1 Innleiing

Eit viktig mål med dagens pengespelpolitikk er å sikre at så få personar som mogleg får problem med spel. For å nå dette målet må myndigheitene ha kunnskap om speleåtferd og speleproblem i befolkninga. Det er òg viktig å kjenne til kva for spel og eigenskapar ved spel som utgjer ein risiko for at sårbare grupper utviklar problematisk speleåtferd.

Kunnskap som myndigheitene får gjennom regulatorisk arbeid, forsking og annan informasjon bidreg til ei ansvarleg regulering av den norske spelmarknaden.

To viktige kjelder til kunnskap om konsekvensar av pengespel er befolkningsundersøkingane som Universitetet i Bergen gjennomførte i 2013 og 20151, og statistikk frå Hjelpelinja for speleavhengige. Funn frå desse kjeldene blir omtalte nedanfor.

Befolkningsundersøkingane har gitt norske myndigheiter ny kunnskap om utvikling av speleproblem. Data frå Hjelpelinja for speleavhengige gir myndigheitene kontinuerlege indikasjonar på korleis ulike spel fører til problem. Befolkningsundersøkingane viser eit større bilete, men kan i mindre grad fange opp raske endringar. Det er lettare å generalisere frå funna i befolkningsundersøkingane, men data frå Hjelpelinja underbyggjer det same mønsteret. Data frå Hjelpelinja kan òg vere ein indikator på tilstanden i pengespelmarknaden.

Det har elles vore lite forsking på konsekvensar av pengespel. Det trengst då longitudinelle studiar, bruk av registerdata eller kvalitative studiar. Forsking på konsekvensar av pengespel er eit av tiltaka i regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem.

4.2 Speleproblem i Noreg i dag

4.2.1 Befolkningsundersøkingar

4.2.1.1 Om befolkningsundersøkingane

Universitetet i Bergen (UiB) gjennomførte befolkningsundersøkingar i 2013 og 2015. Den første skulle gi oppdatert kunnskap om speleproblem før Norsk Tipping lanserte interaktive nettspel (online kasino, skrapespel og bingo) i 2014. Undersøkinga blei gjennomført på nytt hausten 2015. Den same typen spørsmål blei brukt for å kunne samanlikne resultata. Svarprosenten var 43,6 i 2013 og 40,8 i 2015.

Figur 4.1 Befolkningsundersøkinga i 2015 viste at 58 prosent av befolkninga har delteke i pengespel det siste året. Lotto og andre talspel er dei spela som flest deltek i.

Figur 4.1 Befolkningsundersøkinga i 2015 viste at 58 prosent av befolkninga har delteke i pengespel det siste året. Lotto og andre talspel er dei spela som flest deltek i.

Foto: Norsk Tipping.

Dei to befolkningsundersøkingane viser at i underkant av 60 prosent i alderen 16–74 år har delteke i pengespel det siste året: 59 prosent i 2013 og 58 prosent i 2015. I 2015 utgjer det 2 200 000 personar.

4.2.1.2 Kategorisering av risiko- og problemspelarar

Canadian Problem Gambling Index (CPGI), som blei brukt for å kartleggje omfanget av problem knytte til pengespel, består av ni spørsmål.2 Deltakarane i undersøkingane blei grupperte som ikkje-problemspelarar, risikospelarar eller problemspelarar etter korleis dei sjølve rapporterte om omfang av problem i spørjeskjemaet. Fem av spørsmåla måler problematisk pengespelåtferd, mens fire spørsmål måler negative konsekvensar av pengespeldeltaking. Her er nokre døme på spørsmål:

  • Har spelarane satsa meir enn dei hadde råd til?

  • Har dei gått tilbake ein annan dag for å vinne tilbake det tapte?

  • Har dei lånt pengar eller selt ting for å skaffe pengar til å spele?

  • Har spelinga ført til økonomiske problem for personen eller familien?

Av respondentane som speler, rapporterer 0,6 prosent at dei for det meste eller alltid har satsa meir enn dei hadde råd til å tape. 1,1 prosent seier at dei for det meste eller alltid har gått tilbake ein annan dag for å vinne tilbake det tapte, mens 0,4 prosent for det meste eller alltid har lånt pengar eller selt ting for å skaffe pengar til å spele. 0,6 prosent seier at eige pengespel for det meste eller alltid har ført til økonomiske problem for personen sjølv eller familien.

I alt 1,6 prosent av spelarane rapporterer minst éi av dei nemnde økonomiske følgjene av pengespel. Blant moderate risikospelarar eller problemspelarar er det heile 29,3 prosent som rapporterer at dei for det meste eller alltid opplever negative økonomiske konsekvensar av pengespel. Blant dei andre spelarane er det tilsvarande talet 0,1 prosent.

Analysar blant spelarar viser at dei negative økonomiske konsekvensane er hyppigast hos yngre personar, menn, personar med låg utdanning, studentar og personar som er fødde utanfor Noreg.

Begge undersøkingane viser at 89 prosent av befolkninga i Noreg ikkje har problem med pengespel eller ikkje speler. I tillegg er ca. 8 prosent såkalla lågrisikospelarar. Undersøkinga i 2015 viser at 3,2 prosent er moderate risikospelarar eller problemspelarar, mot 3 prosent i 2013.

Tala viser at spel er ein aktivitet mange deltek i. For om lag 3 prosent av befolkninga er spelinga på grensa til å bli eit problem, eller problemet er så stort at spelarane treng behandling eller anna hjelp. I reelle tal utgjer det om lag 120 000 spelarar, og av desse er 34 000 problemspelarar og 88 000 risikospelarar. Dersom vi i tillegg reknar med at også familien til risiko- og problemspelarar blir påverka, er fleire hundre tusen nordmenn ramma av speleproblem eller står i fare for å bli det.

Hovudinntrykket frå befolkningsundersøkingane er at resultata er stabile. Ingen av endringane er signifikante, og UiB rapporterer at nivået på speleproblem har vore stabilt når resultata frå dei to befolkningsundersøkingane blir samanlikna.

Når UiB samanliknar dei siste resultata med tidlegare norske befolkningsundersøkingar i perioden 2005–2010, som var baserte på dei same måleinstrumenta, ser omfanget av pengespelproblem ut til å ha gått noko ned.

I rapportane frå UiB kjem det fram at omfanget av risikospelarar og problemspelarar truleg er underestimert. Forklaringa er at prosentdelane moderate risiko- og problemspelarar var høgare i første og andre purrerunde i 2015 (høvesvis 3,2 prosent og 7,0 prosent) enn ved førstegongs utsending av spørjeskjema i undersøkinga (2,6 prosent). Det var eit tilsvarande mønster i 2013.

Tabell 4.1 Andel av risiko- og problemspelarar.

2013

2015

Ikkje problemspelar / ikkje spelar

89,2 %

89,0 %

Lågrisikospelar

7,8 %

7,7 %

Moderat risikospelar

2,4 %

2,3 %

Problemspelar

0,6 %

0,9 %

Kjelde: Befolkningsundersøkingane for 2013 og 2015, UiB.

4.2.1.3 Kva for spel deltek nordmenn i?

Befolkningsundersøkingane frå UiB kartlegg òg kva typar spel befolkninga deltek i. Mange deltek i talspel eller kjøper fysiske skrapelodd. Døme på talspel er Lotto, mens Flax er det vanlegaste skrapeloddet. Talspel som Lotto er karakteriserte av at det kan gå lang tid mellom innsats og gevinst, noko som gjer at desse spela vert rekna som lite farlege.

Mellom 10 og 20 prosent har delteke i spel som tipping, oddsspel eller hestespel. For oddsspela viser undersøkingane at det er om lag dobbelt så mange spelarar hos Norsk Tipping som hos uregulerte spelselskap.

Mellom 5 og 10 prosent speler poker, kasinospel eller skrapespel på nett. Poker kan i hovudsak berre spelast på utanlandske nettsider, mens kasinospel blei tilgjengelege hos Norsk Tipping i 2014. I befolkningsundersøkinga i 2015 er det om lag éin og ein halv gong så mange som oppgir å ha spelt kasinospel hos uregulerte spelselskap, som hos Norsk Tipping. Det er dessutan ein god del fleire som i 2015 har spelt skrapespel på nett, og denne prosentdelen har stige sidan Norsk Tipping lanserte slike spel i 2014. I 2013 var det 1 prosent av spelarane som spelte skrapespel på nett.3 Spelardata frå Norsk Tipping viser at om lag 9 prosent av spelarane spelte på selskapet sine skrapespel på nett i 2015. Dette er spel der det er kort tid mellom innsats og gevinst. På kasinospel på nett kan det til dømes ta berre tre sekund frå du satsar, til du får vite om du vinn.

Det er under 2 prosent som har delteke i bingo på nett. I 2015 seier 1 prosent at dei har spelt nettbingo (Bingoria) hos Norsk Tipping, og litt færre seier at dei har spelt hos uregulerte spelselskap.

Rundt 5 prosent har spelt på Multix-terminalane til Norsk Tipping, og omtrent 4 prosent har spelt bingo i eit bingolokale. Rundt 1 prosent seier at dei har spelt databingo eller på Norsk Tippings Belago-terminalar. Både databingo- og Belago-terminalar står i bingolokale. Desse spela er ikkje tilbydde på nett, og det er få som speler dei.

4.2.1.4 Kva speler risikospelarar og problemspelarar?

Befolkningsundersøkingane viser at om lag 3 prosent av befolkninga er moderate risikospelarar eller problemspelarar. Sidan det er i underkant av 60 prosent som deltek i pengespel, vil det seie at mellom 5 og 6 prosent av spelarane er moderate risikospelarar eller problemspelarar.

Undersøkingane som UiB har gjennomført, viser at risiko- og problemspelarar er sterkt overrepresenterte i enkelte spel. Det er spel som få speler.4

Det er fleire eigenskapar ved spel som kan føre til at enkelte utviklar speleproblem. Blant eigenskapane er til dømes hastigheit i spelet (kor lang tid det går frå innsats til eventuell gevinst og moglegheit for ny innsats), tilgang (til dømes om ein kan spele på Internett eller mobil) og kor lenge ein kan spele utan opphald. Jo raskare og meir tilgjengelege spela er, og jo lenger du kan spele utan opphald, desto høgare risiko er det knytt til dei. Talspelet Lotto er eit spel med låg risiko, mens speleautomatar på nett er eit døme på spel med høg risiko.

Tabell 4.2 Del av spelarar som har deltatt i ulike typar spel som er moderate risikospelarar/problemspelarar.

Prosentdel blant spelarane som har spelt dei siste 12 månadene (2015)

Prosentdel av spelarane som er moderate risikospelarar eller problemspelarar

(n): talet på personar som har svart at dei har spelt dei ulike spela

Talspel (Lotto, Keno, Joker, Extra etc.)

76,9 %

5 %

2 391

Skrapelodd (ikkje på Internett)

54,5 %

7 %

1 674

Tipping

16,7 %

13 %

506

Spel på hestar

15,8 %

10 %

486

Odds og liveodds hos Norsk Tipping

12,7 %

16 %

389

Pengespel på båt mellom Noreg og utlandet

8,8 %

15 %

270

Private pengespel

7,2 %

21 %

222

Odds og liveodds, ikkje hos Norsk Tipping

5,8 %

23 %

175

Poker på Internett

4,9 %

31 %

150

Speleautomatar i lokale (Multix)

4,4 %

30 %

136

Speleautomatar/kasinospel på Internett (ikkje Norsk Tipping)

3,5 %

47 %

107

Bingo i bingolokale

3,4 %

23 %

103

Andre spel

3,0 %

21 %

84

KongKasino (Norsk Tipping)

2,1 %

39 %

65

Skrapelodd på Internett (ikkje Norsk Tipping)

1,5 %

38 %

45

Databingo i bingolokale

1,3 %

55 %

42

Bingoria (bingospel, Norsk Tipping)

1,0 %

58 %

31

Bingo på Internett (ikkje Norsk Tipping)

0,7 %

57 %

23

Belago (Norsk Tipping sine terminalar)

0,6 %

74 %

19

Kjelde: Befolkningsundersøkinga 2015, UiB.

For talspel og fysiske skrapelodd, som har flest spelarar, var prosentdelen risiko- og problemspelarar på mellom 5 og 7 både i 2013 og 2015. For sportsspel og hestespel var prosentdelen risiko- og problemspelarar lågast i hestespel med 10 og høgast i oddsspel hos uregulerte spelselskap med 23. Det var små forskjellar mellom 2013 og 2015.

I spel som nettpoker og nettkasino var prosentdelen risiko- og problemspelarar endå høgare: Det var i overkant av 30 prosent risiko- og problemspelarar for nettpoker både i 2013 og 2015. Talet for nettkasino var 33 prosent i 2013. I 2015 var denne delen 39 prosent for Norsk Tippings kasinospel, mens talet var 47 prosent for kasinospel hos uregulerte spelselskap. For skrapespel på nettet var prosentdelen 46 i 2013.5

Bingo på nett har den største overrepresentasjonen av risiko- og problemspelarar blant nettspela. I 2013 var prosentdelen 62. I 2015 var prosentdelen omtrent like stor, og det er liten forskjell på om det er spelt hos Norsk Tipping eller hos uregulerte operatørar.

Det er òg ein overrepresentasjon av risiko- og problemspelarar på Multix-terminalar og spel i bingohallar. For Multix var prosentdelen 23 i 2013 og 30 i 2015. For spel i bingohallar var prosentdelen størst for Belago-terminalane: 45 i 2013 og 73 i 2015. For databingo var prosentdelen rundt 55 begge åra. For ordinært bingospel var talet vesentleg lågare: 18 prosent i 2013 og 23 prosent i 2015.

Spel med høg risiko for utvikling av speleproblem har ein høgare prosentdel av risiko- og problemspelarar. Eit spel kan klassifiserast som spel med høg risiko mellom anna når det er kort tid mellom innsats og gevinst. Det gjeld særleg kasinospel. Nesten halvparten som speler kasinospel hos uregulerte spelselskap, er risiko- eller problemspelarar, mot 39 prosent av kasinospelarane hos Norsk Tipping.

4.2.2 Hjelpelinja for speleavhengige – utviklinga dei siste ti åra

4.2.2.1 Om Hjelpelinja

Hjelpelinja for speleavhengige opna 28. mars 2003. Sidan då har tenesta svart på mange tusen spørsmål frå spelarar og andre som står spelarane nær. I tillegg til å hjelpe menneske i ein vanskeleg situasjon og vise veg til hjelp og behandling, systematiserer tenesta mykje av innhaldet i samtalane til statistikkformål.

Dei som kontaktar Hjelpelinja for speleavhengige, utgjer sannsynlegvis berre ein liten del av alle som har behov for hjelp. Likevel blir statistikken frå Hjelpelinja rekna som ein indikator på korleis speleproblem utviklar seg.

Frå 2005 til 2015 er det mellom anna innført ei rekkje regulatoriske tiltak eller ansvarlegheitstiltak som har påverka talet på samtalar til Hjelpelinja.

4.2.2.2 Økonomiske og sosiale konsekvensar

Av innringjarane til Hjelpelinja for speleavhengige seier heile 64 prosent at dei har spelt med lånte pengar. 6 prosent oppgir at dei har selt eigedelar for å spele, mens 4 prosent seier at dei har gjort ulovlege handlingar for å finansiere spel. 60 prosent av innringjarane seier at dei har spelegjeld, og på samtaletidspunktet hadde over halvparten av desse ei spelegjeld på over 100 000 kroner.

Heile 86 prosent av innringjarane til Hjelpelinja fortel at pengespel har fått konsekvensar for helsa deira, særleg gjeld det psykiske plager som angst og depresjon.

Problemspeling har òg fått sosiale konsekvensar, og 35 prosent seier at spelinga gjer at dei forsømmer andre personar. 6 prosent fortel om samlivsbrot som følgje av pengespel, og 8 prosent seier at dei forsømmer barna sine. For enkelte går spelinga òg ut over jobb eller utdanning. 19 prosent nemner fråvær og konsentrasjonsproblem, mens 3 prosent fortel at dei måtte slutte i jobben eller med utdanninga.

Desse fakta byggjer på informasjon som er registrert i Hjelpelinja sin samtalestatistikk for 2015, som førstegongssamtalar, og er avgrensa til spelarar som snakkar om seg sjølve – det vil seie 218 spelarar til saman. Vi må sjå resultatet som minimumstal, for konsekvensane av spelinga er i varierande grad eit tema i samtalane.

Figur 4.2 viser at det blei markant færre samtalar både i 2006, 2007 og 2008. Nedgangen heng mellom anna saman med endringar i den private automatmarknaden. Reduksjonen i 2006 fell saman med forbodet mot å bruke setlar på gevinstautomatane frå 1. juli same året. Reduksjonen i 2007 kan forklarast med totalforbodet mot automatar frå 1. juli. Reduksjonen i 2008 kjem av at det var det første heile året utan gevinstautomatane.

Figur 4.2 Samtalar om pengespel ved Hjelpelinja 2005–2015

Figur 4.2 Samtalar om pengespel ved Hjelpelinja 2005–2015

* Tala for 2005 og 2006 er avrunda fordi dataspel først blei registrert særskilt frå 2007.

Kjelde: Hjelpelinja sin samtalestatistikk 2005–2015 .

I 2015 dominerte samtalane om kasinospel (45 prosent), oddsspel (14 prosent) og poker (13 prosent). Til saman utgjorde dei over 70 prosent av førstegongssamtalane om hovudproblemspel. I tillegg nemnde 5 prosent mellom anna bingospel og Belago som problemspel, mens 3 prosent nemnde spel på Multix-terminalane til Norsk Tipping. I dag handlar 45 prosent av førstegongssamtalane om hovudproblemspel mest om kasinospel, og dei fleste samtalane om kasinospel, oddsspel og poker er knytte til spel på uregulerte nettstader. Dei fleste samtalane om poker handlar om nettpoker, som det berre er operatørar som ikkje har løyve i Noreg, som tilbyr. Dermed gjeld over halvparten6 av samtalane spel som uregulerte nettspelselskap tilbyr.

Hjelpelinja har dei siste åra òg fått meldingar via e-post og SMS. I den grad det går fram kva for spel som er problematiske, er det også her kasinospel som oftast blir omtalte. Tabell 4.3 viser dei oftast omtalte spela ved Hjelpelinja.

Tabell 4.3 Samtalar om ulike typar problemspel 2005–2015

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

Samtalar om pengespel

2 100

1 700

912

657

664

682

746

735

657

514

544

Førstegongssamtalar

1 491

1 262

684

490

505

548

575

610

522

425

474

Utvalde problemspel:

Gevinstautomatar

1 256

981

267

12

4

01

0

0

0

0

0

Multix (NT)

0

5

12

25

46

28

19

15

Odds/Liveodds

30

33

48

66

66

134

120

105

65

68

67

Hestespel

29

21

32

39

61

58

54

57

38

38

19

Bingo og bingospel

5

352

51

61

92

91

104

79

49

32

22

Belago (NT)

0

3

7

7

0

Nettkasino3

7

7

21

40

56

75

109

159

175

149

214

Poker

96

126

196

217

164

141

122

103

80

67

61

1 Færre enn tre samtalar er vist som 0.

2 Sidespel i Bingo blei først registrert frå 2006.

3 Kasinospel inkluderte speleautomatar på nett frå 2008.

Gevinstautomatar og Multix

Tala frå Hjelpelinja viser at Multix-terminalane til Norsk Tipping, som erstatta dei tidlegare gevinstautomatane, i langt mindre grad blir nemnde som problematiske. På Multix-terminalane er det innført ei rekkje ansvarlegheitstiltak som ikkje eksisterte på dei tidlegare gevinstautomatane, mellom anna registrerte spelarar og maksimale tapsgrenser.

Dei første åra etter at Multix-terminalane blei utplasserte, var det ein liten auke i talet på samtalar hos Hjelpelinja relatert til dette spelet, men frå 2013 er talet redusert. Reduksjonen i 2013 fell saman med at Norsk Tipping i andre halvår av 2012 gjorde det mogleg for spelarane å stengje seg ute permanent frå Multix-spel på sjølve terminalen. Tidlegare måtte spelaren ringje til Norsk Tipping for å stengje seg heilt ute. Det er langt fleire som no stengjer seg ute via terminalen enn som tidlegare stengde seg ute via telefon.

Oddsspel og hestespel

Talet på samtalar om oddsspel auka omtrent kvart år fram til og med 2010. Deretter blei det færre samtalar, og dei siste tre åra har talet vore stabilt. Norsk Tipping lanserte Liveoddsen sommaren 2012. Her må spelarane setje eigne innsatsgrenser før dei kan begynne å spele. Noko av reduksjonen i samtalar om oddsspel fell saman i tid med innføringa av ansvarlegheitsverktøy for spela til Norsk Tipping.

Frå 2011 kan nettspelarar ta pausar eller stengje seg ute frå spela til Norsk Tipping. I tillegg blei det lansert frivillige verktøy for beløpsgrenser som gjaldt mellom anna for Oddsen, men ikkje for Liveoddsen. I 2015 handla dei fleste samtalane om oddsspel (58 prosent) om spel som uregulerte spelselskap tilbyr. Dei første åra Hjelpelinja registrerte kvar oddsspel blei spelte, peikte dei fleste mot Norsk Tipping. I 2010 handla 78 prosent av samtalane om oddsspel om spel frå Norsk Tipping.7 I reelle tal var det i 2010 om lag 100 samtalar om odds og liveodds som handla om spel frå Norsk Tipping. I 2015 er det tilsvarande talet redusert til ein fjerdedel.8

Samanlikna med andre spel har samtalar om hestespel lege på eit lågt og relativt stabilt nivå, men reduksjonen i 2015 utgjer ei halvering frå 2014. Denne reduksjonen fell i tid saman med at Norsk Rikstoto innførte nye ansvarlegheitsverktøy. For spel på Internett er det obligatorisk å setje maksgrenser for summen spelaren kan satse per dag, veke og månad. I tillegg kan nettspelarar frå juni 2015 administrere spelepausar på nettsida til Norsk Rikstoto, og dessutan kan dei stengje seg heilt ute frå nettspel i staden for å måtte ringje til operatøren, slik dei måtte tidlegare.

Bingospel og Belago

Då gevinstautomatane blei fjerna i 2007, blei det meir speling i bingohallane. Det var òg synleg på samtalestatistikken hos Hjelpelinja. Men frå 2012 har det blitt markert færre samtalar om bingospel. Reduksjonen kom samtidig med at trekningshastigheita i databingo blei sterkt redusert. I 2015 er det om lag ein femtepart så mange samtalar som i 2011. Tre av samtalane i 2015 gjeld bingospel på Internett.

Kasinospel og poker

Talet på samtalar om poker er kraftig redusert frå toppåret 2008. Dei fleste som nemner poker i 2015 – 93 prosent9 – oppgir nettpoker. Resten nemner poker i vennelag eller pokerklubb. Samtalar om kasinospel har derimot stige frå år til år. Same året som Norsk Tipping lanserte kasinospel på nett, blei det færre samtalar, men så heldt talet fram med å stige i 2015. Det er berre uregulerte tilbydarar som tilbyr poker på nettet, men kasinospel blir tilbydde av Norsk Tipping òg. I motsetning til kasinospela til dei uregulerte operatørane er kasinospela til Norsk Tipping omfatta av eit strengt ansvarlegheitsregime, noko som kan forklare at dei aller fleste samtalane om kasinospel handlar om uregulerte tilbydarar.10

4.2.3 Oppsummering av funna

Tala frå Hjelpelinja viser at reduksjonane i talet på samtalar fell saman med regulatoriske endringar eller innføring av ansvarlegheitstiltak for spel med høg risiko for speleproblem. Dette inntrykket blir forsterka ved at det i seinare tid er spel frå uregulerte speltilbydarar som fører til dei fleste samtalane, sjølv om det er forholdsvis færre som deltek i uregulerte nettspel. Til dømes er det fleire som speler oddsspel hos Norsk Tipping, mens det kjem flest samtalar om oddsspel hos uregulerte tilbydarar. Undersøkingane til UiB viser at prosentdelen risiko- og problemspelarar også er størst for oddsspel hos uregulerte tilbydarar. Det same gjeld for kasinospel. Forskinga viser at éin og ein halv gong så mange speler kasinospel hos uregulerte operatørar som hos Norsk Tipping. Det er likevel minst fire gonger så mange samtalar om kasinospel hos dei uregulerte tilbydarane ved Hjelpelinja.

4.3 Speleproblem i Noreg samanlikna med andre land

Befolkningsundersøkingane refererer til ein metaanalyse der omfanget av pengespelproblema i 24 land blir samanlikna. Funna viser at utbreiinga av pengespelproblem samla er noko lågare i Noreg enn gjennomsnittet i dei 24 landa (1,1 prosent mot 2,3 prosent). Det er likevel vanskeleg å samanlikne så mange land, for undersøkingane som inngår i analysen, er baserte på ulike metodar for å måle speleproblem.

Lotteritilsynet har samanlikna den siste befolkningsundersøkinga i Noreg med funn frå andre nordiske land som har brukt nesten lik metode for å måle speleproblem. Konklusjonen er at omfanget av pengespelproblem ser ut til å vere noko høgare i Noreg enn i Sverige, Finland og på Island. Undersøkingane er gjennomførte på noko ulike tidspunkt og med litt forskjellige metodar, og det gjer samanlikninga usikker. Ifølgje UiB understrekar det behovet for ei felles nordisk undersøking. Ei felles nordisk undersøking er òg omtalt i regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem (2016–2018).

Figur 4.3 Hjelpelinja er organisert som eit samarbeid mellom Sykehuset HF Innlandet og Lotteritilsynet. Målsettinga med Hjelpelinja er å hjelpe menneske i krise, vise til anna hjelp og samle informasjon om speleavhengigheit

Figur 4.3 Hjelpelinja er organisert som eit samarbeid mellom Sykehuset HF Innlandet og Lotteritilsynet. Målsettinga med Hjelpelinja er å hjelpe menneske i krise, vise til anna hjelp og samle informasjon om speleavhengigheit

Foto: Andreas Forthun Olsen.

4.4 Behandling av speleavhengige

Både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta har ansvar for behandlingstilbod for speleavhengige. I tillegg finst det lågterskeltiltak og frivillige hjelpetiltak. Hovudvekta av behandlingstilbod ligg i spesialisthelsetenesta.

Personar med problem som følgje av pengespel har generelt fleire helseplager enn befolkninga elles. Akkurat som andre avhengigheitstilstandar kan speleavhengigheit medføre

  • fysiske og psykiske plager

  • auka sjølvmordsfare

  • sosial isolasjon

  • svekte relasjonar til familie og venner

  • manglande meistring av jobb, skule og studium

  • økonomiske problem

  • kriminalitet

Pengespeleavhengigheit er definert som patologisk spelelidenskap med hovudtilstand F63.0 i diagnosesystemet ICD-10:11 «Lidelsen består i hyppige, gjentatte episoder med spilling som dominerer pasientens liv slik at sosiale, yrkesmessige, materielle og familiemessige forhold skades.»

Figur 4.4 viser utviklinga i talet på personar som har fått behandling i perioden 2011 til 2015.

Figur 4.4 Personar til behandling for speleavhengigheit – hovuddiagnose

Figur 4.4 Personar til behandling for speleavhengigheit – hovuddiagnose

Kjelde: Norsk pasientregister (NPR).

Figuren viser at talet på vaksne personar i behandling for speleavhengigheit har stige dei siste åra.12 Det har vore ein auke i behandlinga av både vaksne, barn og unge frå 2011 til 2012. Denne endringa fell saman med endring i registrering av diagnosar. Helsedirektoratet seier at mykje av forskjellen kan forklarast med registreringa av diagnose, og at det ikkje er reelle endringar.

Ei spørjeundersøking13 som er gjennomført blant private og offentlege behandlarar våren 2015, viste òg ein viss auke frå 2012 til 2014 i talet på personar til behandling for speleproblem. I alt svarte 36 av 66 behandlingsstader på undersøkinga.

Dei regionale helseføretaka (RHF) skal sørgje for at det finst behandlingstilbod for speleavhengige. Behandlinga blir gitt både av offentlege og private aktørar som har avtale med RHF. Frå 1. november 2015 blei ordninga fritt behandlingsval og tenesta www.velgbehandlingssted.no innførte. Denne retten gjeld òg behandling av speleavhengigheit.

På nettsida var det 55 institusjonar som første kvartal 2016 tilbydde behandling for speleavhengigheit. Helse Sør-Øst har over halvparten av tilboda om behandling.

Sidan 2007 har det òg vore eit lågterskeltilbod ved Sykehuset Innlandet HF. Det er ikkje krav om tilvising til dette tilbodet.

Fjernbasert behandling blir vurdert som eit godt tilbod. Det har vore om lag 100 personar som har teke kontakt om dette kvart år, men i 2014 var det dobbelt så mange. Auken kan komme av fleire forhold, mellom anna viser sentrale aktørar som AKAN og Spillavhengighet Norge til dette tilbodet. Ein del av auken kan òg forklarast med at fjernbasert behandling er blitt anerkjend i ulike fagmiljø.

Organisasjonen AKAN speler ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje og handtere avhengigheit i arbeidslivet – mellom anna speleproblem. I 2015 hadde AKANs kompetansesenter 423 oppdrag hos norske bedrifter. I tillegg til å besøkje bedriftene har AKAN tilbod om rettleiing på telefon.

Spillavhengighet Norge blei etablert i 2003 med tilbod til pårørande til speleavhengige. Organisasjonen blei seinare utvida til å inkludere dei speleavhengige òg. Etter år med stadig færre som tek kontakt, har organisasjonen dei siste åra hatt fleire og fleire førespurnader. Spillavhengighet Norge hjelper speleavhengige og pårørande gjennom kontakttelefon, personlege møte og nettverksgrupper. Gjeldsproblem er eit gjennomgåande problem for både speleavhengige og pårørande som tek kontakt.

4.5 Økonomisk kriminalitet i pengespelsektoren

4.5.1 Generelt

Sidan det i pengespelmarknaden blir omsett for fleire titals milliardar kroner i Noreg kvart år, kan pengespel vere utsette for ulike typar økonomisk kriminalitet. Myndigheiter og spelselskap må derfor sikre at det blir bygd opp gode system både for å førebyggje, avdekkje og reagere mot slik aktivitet.

Økonomisk kriminalitet kan i pengespel komme i form av kvitvasking, kampfiksing, underslag, korrupsjon og økonomisk utruskap. Det finst òg døme i norsk rettspraksis på økonomisk kriminalitet som følgje av speleavhengigheit. Spesielt gjeld det i form av underslag og økonomisk utruskap. Det kjem fram i desse sakene at dei speleavhengige hadde behov for pengar som dei ikkje hadde reelle sjansar til å skaffe seg på lovleg vis.

4.5.2 Vanleg økonomisk kriminalitet

Det er eit viktig element i pengespelpolitikken å redusere risikoen for økonomisk kriminalitet. Dei statleg kontrollerte norske aktørane har i fleire år arbeidd systematisk med å førebygge, oppdage og handtere risikoaspekt knytt til spelindustrien. Nokre av dei viktigaste identifiserte risikoane er følgjande:

  • ID-tjuveri eller ID-svindel for å omgå ansvarlegheitstiltak

  • Underslag, bedrageri og utruskap mot kommisjonærar som formidlar pengespel

  • Bedrageri mot kundar frå speltilbydaren eller kommisjonæren si side

  • Kampfiksing

  • Kvitvasking av straffbart utbytte

  • Finansiering av terror

  • Bedrageri mot tredjeperson i form av ulovleg tilgang til spelarkonto og betalingsmiddel

  • Misbruk av Grasrotandelen

  • Misbruk av personopplysningar som ligg i operatøren sine databaser

I Noreg er det eit lågt omfang av alminneleg økonomisk kriminalitet knytt til pengespelbransjen. Det er eit resultat av myndigheitenes målstyring av området og at det er ei prioritert oppgåve hos einerettsaktørane. Hos Norsk Tipping er det satt inn ei rekke tiltak for å redusere risiko for økonomisk kriminalitet knytt til spelverksemda. Eit viktig tiltak er kravet om registrert spel. Sikker ID gjer at premiar blir overførte direkte til konto, at handtering av kontantar hos kommisjonær er minimert og at handteringa av kontantar ikkje kan bli manipulert av tredjepartar.

4.5.3 Kvitvasking

Kvitvasking vil seie verksemd der pengar som er unndregne skattlegginga, eller pengar som er eit resultat av ulovleg verksemd, gjennom ulike disposisjonar blir presenterte som om dei er skaffa på lovleg måte.

Norske pengespel er i dag ikkje omfatta av kvitvaskingslova. EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv vil krevje at alle som tilbyr spel, skal vere omfatta av kvitvaskingslovgivinga dersom dei ikkje gjennom ei risikovurdering kan dokumentere låg risiko for kvitvasking for det aktuelle spelet. Eit døme på eit slikt mogleg unntak kan vere private lotteri som ikkje krev løyve. Direktivet skal implementerast i norsk rett i 2017.

Ved implementering av ny kvitvaskingslov i Noreg må det gjennomførast ei total risikovurdering av spelmarknaden, slik det blei gjort i Sverige i 201514. Det vil sikre at spelselskapa og lotteritilbydarane prioriterer dei områda som har høgast risiko for kvitvasking. Det kan dessutan danne grunnlag for eventuelle unntak frå lova for spel med låg risiko.

Døme på kva som kan påverke kvitvaskingsrisikoen for spelet:

  • Grad av anonymitet – registrert/uregistrert spel

  • Omsetninga i spelet – høg omsetning kan gi høg risiko

  • Tilbakebetalingsprosent – høg tilbakebetalingsprosent kan gi auka risiko

  • Kontanthandtering – spelaren betaler med kontantar for spelet, eller det er mogleg å ta ut kontantar frå spelarkonto

4.5.4 Kampfiksing

Spel på idrettsresultat opnar for manipulering av idrettskonkurransar for å skaffe seg sjølv eller andre økonomisk vinning. Det blir gjort ved å spele på dei konkurransane som er manipulerte. Norsk Tipping og Norsk Rikstoto tilbyr denne typen spel i Noreg og er såleis eksponerte for denne risikoen.

Større kampfiksingssaker i Europa har vist at det ofte er kriminelle nettverk som står bak kampfiksinga.

Det finst ikkje eigne spesialføresegner i norsk rett som regulerer denne typen kriminalitet, men ulike kampfiksingshandlingar blir dekte av føresegnene i straffelova om bedrageri, korrupsjon og økonomisk utruskap.

Marknadsovervaking er eit verkemiddel som spelselskapa nyttar i arbeidet mot kampfiksing. Basert på overvaking av mottekne spel kan selskapa justere oddsen eller stengje for spel, slik at gevinsten ved kampfiksing blir minimert.

Spelselskapa kan vurdere risikoen ved dei ulike spelobjekta som er valde. Selskapa kan òg bruke risikovurderinga til å setje tak på omsetninga på dei aktuelle spelobjekta.

I den første kjende kampfiksingssaka i Noreg fall det dom i tingretten 29. april 2015. Alle dei domfelte anka dommen, og ankebehandlinga skal finne stad vinteren 2017. Tingretten fann det bevist at tre fotballspelarar hadde akseptert eit tilbod om å tape fotballkampar med vilje mot betaling. På den måten lurte dei Norsk Tipping til å ta imot spel på kampar som medførte tap eller fare for tap for selskapet. Dei blei dømde for simpel korrupsjon og grovt bedrageri. Straffa låg på mellom seks og åtte månaders fengsel, og delar av straffa (90 dagar) var på vilkår.

I tillegg blei personen som tok initiativ til kampfiksinga, dømd til fengselsstraff på eitt år og seks månader, der 90 dagar var på vilkår. Han blei funnen skyldig i grov korrupsjon og grovt bedrageri, for å ha betalt fotballspelarane for å påverke resultatet og for å ha lurt Norsk Tipping til å ta imot spel på desse kampane.

I 2014 ratifiserte Noreg Europarådets konvensjon om manipulering av idrettskonkurransar. Som ledd i oppfølginga av konvensjonen gav Kulturdepartementet i 2015 Lotteritilsynet i oppdrag å etablere ei nasjonal eining med ansvar for å koordinere arbeidet mot kampfiksing. Målet er mellom anna å styrkje deling av informasjon og kunnskap, slik at målretta tiltak kan bli sette i verk raskt både nasjonalt og internasjonalt.

Fotnotar

1.

Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2015, Pallesen, Molde, Mentzoni, Hanss og Morken, UiB 2016.

2.

Kvart spørsmål får ein skår på ein skala frå 0 (aldri) til 3 (alltid). Basert på totalskåren blir spelarane delte inn i fire grupper: 1) ikkje pengespelproblem (totalskår = 0), 2) lågrisikospelar (totalskår = 1–2), 3) moderat risikospelar (totalskår = 3–7) og 4) problemspelar (totalskår = 8–27).

3.

På grunn av problem med spørsmål om skrapelodd i 2015-undersøkinga til UiB har ikkje denne undersøkinga noko samanliknbart resultat for 2015.

4.

Når få speler eit spel, blir utvalet i undersøkingane lite, og feilmarginane blir større. Samanfall i resultata for begge åra styrkjer likevel resultata.

5.

På grunn av problem med spørsmål om skrapelodd i 2015-undersøkinga til UiB har ikkje denne undersøkinga noko samanliknbart resultat for 2015.

6.

174 kasinosamtalar + 39 samtalar om odds eller liveodds + 59 samtalar om poker = 272 samtalar.

272 / 474 = 57 prosent. Det er minimum, for ein del pengespelsamtalar omtaler ikkje enkeltspel.

7.

I tillegg nemnde 16 prosent i 2010 andre operatørar, og i 7 prosent av samtalane var ikkje operatøren noko tema.

8.

2015: Totalt 67 samtalar om liveodds og andre oddsspel. 35 samtalar om liveodds der 69 prosent viser til uregulerte operatørar. 32 samtalar om andre oddsspel der 50 prosent viser til Norsk Tipping og 47 prosent viser til andre operatørar.

9.

61 samtalar om poker. 93 prosent oppgir Internett, mens 7 prosent oppgir vennelag/pokerklubb.

10.

214 samtalar om kasinospel i 2015. Sju av dei (3 prosent) viser til Norsk Tipping, 31 (14 prosent) viser til både Norsk Tipping og utanlandske operatørar. 174 (81 prosent) viser berre til utanlandske operatørar. I to samtalar har ikkje tilbydaren vore noko tema.

11.

ICD-10: Den internasjonale statistiske klassifikasjonen av sjukdommar og liknande helseproblem

12.

Tala for kvart år viser unike personar til behandling. Dersom behandlinga går over fleire år, vil personen bli tald med i fleire år.

13.

Undersøkinga blei utført av Helsedirektoratet i samband med at Lotteritilsynet, Medietilsynet og Helsedirektoratet utarbeidde forslag til ny handlingsplan mot speleproblem (2016–2018).

14.

http://www.lotteriinspektionen.se/Documents/Externa%20dokument/Riskbed%c3%b6mning%20av%20den%20svenska%20spelmarknaden.pdf

Til forsida