Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 12 (2016–2017)

Alt å vinne— Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk

Til innhaldsliste

5 Ein ansvarleg pengespelpolitikk – Tiltak som er sette i verk i dag

5.1 Innleiing

Dei viktigaste verktøya myndigheitene har for å nå dei sosialpolitiske måla på pengespelfeltet, er å ha instruksjonsmyndigheit og innsyn i verksemda til dei statleg kontrollerte aktørane, og å stille konkrete krav til ansvarlegheitstiltak i lover, forskrifter, retningslinjer og spelereglar. Berre dei aktørane som kan tilby gode nok ansvarlegheitstiltak, kan tilby spela med høgast risiko for speleavhengigheit.

Kulturdepartementet kan stille krav som eigar av Norsk Tipping. Tilsvarande kan Landbruks- og matdepartementet stille krav til Norsk Rikstoto når dei gir konsesjon. Regjeringa utarbeider òg handlingsplanar mot speleproblem. Handlingsplanane sikrar at det blir jobba langsiktig, systematisk og målretta med å førebyggje speleproblem i den norske befolkninga.

Den digitale utviklinga og effekten ho har hatt på risikoen for speleproblem, har ført til auka behov for ansvarlegheitstiltak. Dei fleste krava om ansvarlegheitstiltak er derfor innførte etter 2010. I dag er spel lettare tilgjengelege enn før, og spel med høg risiko for utvikling av speleproblem har fleire ansvarlegheitstiltak enn spel med låg risiko.

Aktørane som tilbyr spel med høg risiko, kan bli pålagde strengare ansvarlegheitstiltak enn dei som berre tilbyr spel med låg risiko. I dag er det i hovudsak Norsk Tipping som tilbyr spel med høg risiko, og selskapet er derfor underlagt omfattande ansvarlegheitstiltak. Forskjellar i ansvarlegheitsregimet er grunngitte med risikoprofilen til spela, uavhengig av om det er Norsk Tipping, Norsk Rikstoto eller den private lotterimarknaden som er tilbydaren.

5.2 Ansvarlegheitstiltak hos Norsk Tipping

Ulike ansvarlegheitstiltak for Norsk Tipping er fastsette i retningslinjer og i spelereglar frå Kulturdepartementet.1 I tillegg har selskapet implementert eigne ansvarlegheitstiltak utan at det er regulert i spelereglar eller retningslinjer.

For å sikre at det blir sett i verk tiltak som er tilpassa risikoen for dei ulike spela, gjennomfører Norsk Tipping risikovurderingar av alle nye spel, tenester og distribusjonsformer, mellom anna ved hjelp av verktøyet GamGard2, som klassifiserer spel etter kor høg risikoen er for å utvikle uheldig speleåtferd.

Aldersgrense

Ein må vere 18 år eller eldre for å kunne spele på spela til Norsk Tipping.

Registrert spel

For å spele på spela til Norsk Tipping (bortsett frå fysiske Flax-lodd) må spelaren vere registrert som kunde. Fødsels- og personnummeret til spelaren blir sjekka opp mot Folkeregisteret. Registreringsløysinga stiller strenge krav til sikker identifisering av spelarane. Ei god og sikker registrering av alt spel er ein nødvendig føresetnad for fleire av dei andre ansvarlegheitstiltaka.

Ulike grenser

Det er sett ulike grenser for spel hos Norsk Tipping som skal bidra til å redusere risikoen for uheldig speleåtferd. Spela med høgast risiko har maksimale tapsgrenser som avgrensar kor mykje pengar du kan tape og satse på spela. I tillegg må spelaren sjølv setje personlege grenser innanfor dei maksimale grensene.

På Norsk Tippings nettspel må spelaren setje personlege grenser for kor mykje tid som kan brukast på å spele. Slike verktøy bidreg til å avgrense tapet for spelaren og gjere spelaren bevisst på kor mykje tid og pengar han bruker på pengespel. Spelaren kan endre dei personlege grensene sine. Dersom spelaren ønskjer å justere ei grense ned, tek den nye grensa straks til å gjelde. Dersom spelaren ønskjer å heve ei grense, vil denne først gjelde etter ei viss tid (sjå tabell 5.1 nedanfor).

Totale tapsgrenser er eit ansvarlegheitsverktøy som omfatter alt registrert spel hos Norsk Tipping. Spelaren set si totale grense for tap for alle spel hos Norsk Tipping og eigne grenser på spel med høg risiko. Den maksimale tapsgrensa er 20 000 kroner per månad og blei implementert 2. oktober 2016.

Figur 5.1 Fra den aller første Lotto-trekninga hos Norsk Tipping på Hamar i 1986. F.v: Roald Dalen og Ruth Skaare Botner frå Statskontrollen, adm. dir. Tore Sanderud og informasjonssjef Odd Kjell Skjeggestad

Figur 5.1 Fra den aller første Lotto-trekninga hos Norsk Tipping på Hamar i 1986. F.v: Roald Dalen og Ruth Skaare Botner frå Statskontrollen, adm. dir. Tore Sanderud og informasjonssjef Odd Kjell Skjeggestad

Foto: Henrik Laurvik/NTB Scanpix.

«Nei takk»-lista til Norsk Tipping

«Nei takk»-lista inneheld Norsk Tipping sine sjølvpålagde reglar for marknadsføring. Reglane inneber at Norsk Tipping ikkje tilbyr kommersielle eller økonomiske insentiv retta mot enkeltspelarar i form av

  • registrerings- og reaktiveringsbonusar

  • VIP-nivå for utvalde kundegrupper

  • insentiv baserte på speleaktivitet

  • automatisk spel (autoplay)

  • direktemarknadsføring mot spelarar som har ekskludert seg, eller som har gul/raud status i Playscan3

Nettsida «Spillevett»

Norsk Tipping har laga ei nettside som blir kalla «Spillevett».4 Her kan spelarane finne verktøy og annan informasjon som skal hjelpe dei til ei sunn speleåtferd. Nettsida og verktøya er lett tilgjengelege i alle salskanalar.

Andre ansvarlegheitstiltak

  • speleavbrot (sjå tabell 5.1)

  • pause og utestenging frå spel (sjå tabell 5.1)

  • analyse av kundeåtferd ved bruk av verktøyet Playscan

  • obligatorisk e-læringsprogram for tilsette om speleansvar annakvart år

  • forsking som bidreg til kunnskap om pengespel og førebygging av problem med pengespel

  • informasjon til spelarane

  • sertifisering5

Tabell 5.1 Dei viktigaste ansvarlegheitstiltaka til Norsk Tipping

Ansvarlegheitstiltak

Kort beskriving

Registrert spel

Det er krav om registrering ved alle spel bortsett frå fysiske Flax-lodd.

Aldersgrense

Spelaren må vere fylt 18 år.

Maksimale tapsgrenser

Desse grensene gjeld for nettkasino, online bingo, online skrapelodd, terminalspela Multix og Belago og Liveoddsen. I tillegg blei det innført ei totalgrense for alt spel hausten 2016.

Personlege beløpsgrenser

Det er obligatorisk å setje sine eigne beløpsgrenser for tap for å få tilgang til spelet. Det gjeld for nettkasino, online bingo, online skrapelodd og Liveoddsen.

Frivillige beløpsgrenser for Multix, Belago, Lotto, Vikinglotto, Joker, Keno, Eurojackpot, Extra, Tipping og Oddsen.

Tidsgrenser

Det er obligatorisk å setje tidsgrenser på nettkasino, online bingo og online skrapelodd.

Frivillige tidsgrenser på Multix og Belago.

Endring av grenser

Dersom spelaren ønskjer å justerer grensa ned, blir den nye grensa straks aktiv.

Dersom spelaren ønskjer å heve grensa, blir den nye grensa aktiv når den nye perioden tek til:

Dagsgrense: Grensa gjeld frå kl. 06.00 etter minimum 24 timar.Vekegrense: Grensa gjeld frå kl. 06.00 den første måndagen i den påfølgjande veka. Månadsgrense: Grensa gjeld frå kl. 06.00 den første dagen i den nye månaden.

Speleavbrot

Krav om avbrot i spelet:

Online kasino, online bingo og online skrapelodd: 90 sekunds avbrot etter 1 times spel

Multix: 10 minutt avbrot etter 1 times spel

Belago: 30 sekund avbrot etter 1 times spel

Pause frå spel

Spelaren kan velje å ta pause i 1, 7, 30 eller 180 dagar ved å stengje seg sjølv ute frå spela. Gjeld alle spel bortsett frå fysiske Flax-lodd.

Utestenging

Spelaren kan stengje seg ute frå alle spela til Norsk Tipping eller frå éin eller fleire spelkategoriar. Utestenginga kan ikkje opphevast før etter minimum eitt år.

Spelehastigheit

For online kasino, online bingo og online skrapelodd er det eit krav om at det skal gå minimum tre sekund mellom kvart spel.

Norsk Tipping er sjølv pådrivar for å innføre fleire tiltak som reduserer risikoen for at spelarane utviklar uheldig speleåtferd. Lotteritilsynet gir ut årlege rapportar som vurderer regelverket selskapet følgjer, og kjem med forslag til forbetringstiltak som selskapet og Kulturdepartementet vurderer.

5.3 Ansvarlegheitstiltak hos Norsk Rikstoto

Krav om ansvarleg spel går fram av formålsparagrafen i forskrift om totalisatorspel. I tillegg går det fram av konsesjonen til Norsk Rikstoto at selskapet skal setje i verk systematiske tiltak for å redusere risikoen for uønskt speleåtferd.

Aldersgrense

Ein må vere 18 år eller eldre for å kunne spele på spela til Norsk Rikstoto.

Registrert spel

Det er per i dag krav om kunderegistrering for alle spel i elektroniske kanalar6 og for spelet 5+ hos kommisjonær. Det er likevel mogleg å registrere seg for alle spel, både hos fysiske kommisjonærar og i digitale flater. Registreringsløysinga til Norsk Rikstoto er utforma primært for å verifisere at gevinstutbetalinga skjer til rett konto, ikkje for å sikre at personen som er registrert, er den som verkeleg gjennomfører spelet. Den nye konsesjonen for Norsk Rikstoto inneheld krav om at alle spel skal skje registrert, med unntak av spel som blir leverte på totalisatorbane til dagens løp mens arrangementet er i gang. Innan 1. januar 2018 skal Norsk Rikstoto gjennomføre ei risikovurdering og vurdere tiltak for å redusere uheldig speleåtferd ved banespel.

Ulike grenser

Ved spel i elektroniske kanalar (PC, nettbrett og mobil) må spelaren registrere seg som kunde. Det er krav om å setje personlege grenser for maksimum innsatsbeløp per dag, veke og månad. Spelaren kan òg velje å leggje til eventuelle gevinstar til denne grensa før spelaren blir stoppa for vidare spel. Det er ikkje mogleg å setje grenser eller endre dei eksisterande grensene i den fysiske kommisjonærkanalen. Dersom spelaren ønskjer å utvide beløpet for spel i ein periode, vil endringane først gjelde etter ei gitt tid (sjå tabell 5.2). Innan 1. januar 2019 skal Norsk Rikstoto ha innført obligatoriske tapsgrenser som skal omfatte alle spel frå Norsk Rikstoto.

Tabell 5.2 Dei viktigaste ansvarlegheitstiltaka til Norsk Rikstoto

Ansvarlegheitstiltak

Kort beskriving

Registrert spel

Det er krav om kunderegistrering for alle spel i elektroniske kanalar. Hos fysiske kommisjonærar kan spelaren velje å spele registrert eller uregistrert på alle spel bortsett frå spelet 5+, der det er krav om kunderegistrering. Krav om registrert spel på alle spel bortsett frå banespel innan 1. januar 2018.

Aldersgrense

Spelaren må vere fylt 18 år.

Obligatoriske tapsgrenser

Obligatoriske grenser for alt spel innan 1. januar 2019.

Personlege beløpsgrenser

Spelaren må setje personlege grenser for registrert spel.

Endring av grenser

Dersom spelaren ønskjer å justere pengegrensa til eit lågare beløp, blir den nye grensa straks aktiv.

Dersom spelaren ønskjer å heve grensa, blir den nye grensa aktiv når den nye perioden tek til:

Dagsgrense: Grensa gjeld frå kl. 07.00 neste dag.Vekegrense: Grensa gjeld frå første måndag kl. 07.00. Månadsgrense: Grensa gjeld frå første dag i ny månad kl. 07.00.

Dette gjeld berre for registrert spel.

Pause frå spel

Spelaren kan sjølv velje den siste pausedagen. Det gjeld berre for registrert spel.

Utestenging

Spelaren kan stengje seg ute frå alle spel som skjer registrert, for ein minimumsperiode på eitt år.

Frivillige spelepausar

På heimesida til Norsk Rikstoto kan spelarar velje å ta ein mellombels pause frå spelinga eller stengje seg ute frå alt spel i minimum eitt år. Når det gjeld det siste alternativet, må spelaren ta kontakt med kundestøtta for å få spele igjen.

Andre ansvarlegheitstiltak

Rikstoto har utarbeidd ei nettside7 som gir informasjon om tiltak som kan setjast i verk for å stoppe negativ speleåtferd. Der er det informasjon om korleis spelaren kan setje beløpsgrenser for spel, ta pausar eller få hjelp, til dømes frå Hjelpelinja.

5.4 Ansvarlegheitstiltak for private lotteri

5.4.1 Generelt

Private lotteri omfattar i dag bingo og tradisjonelle lotteri, spel på skip8 og noregsmeisterskap (NM) i turneringspoker.

Krav om ansvarlegheitstiltak for dei private lotteria er regulert i forskrift. Dei regulatoriske tiltaka er i stor grad knytte til utforminga av spela. Det er ikkje krav om å vere registrert som spelkunde for private lotteri, med unntak av NM i turneringspoker.

5.4.2 Bingo

Saman med travbaner og spelelokale på skip, er bingohallar dei einaste reint profesjonelle spelelokala på den norske marknaden. Ifølgje befolkningsundersøkinga frå 2015 er databingo og Belago spel med noko høgare risiko for problemspeling, og dei er framleis overrepresenterte blant spelarar som blir rekna for å liggje i faresona for å utvikle speleavhengigheit. Det er derfor stilt fleire krav til ansvarlegheit i bingohallar. Dette er regulert i forskrift:9

  • Aldersgrensa for å vere i eit bingolokale er 18 år

  • Det kan maksimalt vere 30 databingoterminalar per bingoarrangør

  • Det er generelle grenser for å redusere tap:

    • Ein spelar kan maksimalt kjøpe 30 bingobongar på det elektroniske hovudspelet

    • Ein spelar kan kjøpe maksimalt fem bongar per spel på databingo

  • Det er krav om omsetning i hovudspel for å kunne ha databingoterminalar oppstilte. Bingoarrangøren må sikre at hovudspelet genererer nok inntekter.

  • Kravet til spelehastigheit på databingo er at det skal gå minst 30 sekund mellom kvart spel.

  • Det er stilt krav om at alle tilsette i ein bingohall skal ha gjennomført kurs i speleansvar

  • Alle elektroniske bingoterminalar må vere merka med klistremerke som viser til Hjelpelinja

Tabell 5.3 Dei viktigaste ansvarlegheitstiltaka i den private lotterimarknaden

Ansvarlegheitstiltak

Kort beskriving

Aldersgrense

Spelaren må vere fylt 18 år på følgjande lotteri:

  • Entreprenørbingo

  • Spel på skip

  • Noregsmeisterskap i poker

  • Private pokerlag

Utestenging

Frivillig utestenging ved spel på skip blei innført 1. januar 2016. Reiarlaget skal tilby spelarar å stengje seg ute frivillig frå spelelokalet til reiarlaget der og då. Utestenginga kan ikkje opphevast før etter 100 dagar.

Spelehastigheit

På databingo er det krav om at det skal gå minimum 30 sekund frå eit spel er ferdig, til det kan gjerast ei ny trekning.

5.4.3 Spel på skip

Forskrift om lotteriverksemd om bord på norske skip i rute mellom norsk og utanlandsk hamn heimlar mange ansvarlegheitstiltak som skal gi vern til spelarane. Alt spel på skip må skje i eit eige spelelokale med 18-års aldersgrense. I tillegg skal reiarlaga tilby spelarar å stengje seg ute frå spelelokala der og då. Utestenginga kan ikkje opphevast før det har gått 100 dagar. Reiarlaget må presentere ein plan for å førebyggje uheldig speleåtferd i spelmiljøet på skipet når dei leverer søknad til Lotteritilsynet om å få tilby pengespel.

5.4.4 Tradisjonelle lotteri

Tradisjonelle lotteri består av lotteri med papirlodd som blir trekte før eller etter loddsal. For tradisjonelle lotteri er det ikkje krav om spesielle ansvarlegheitstiltak, sidan det er spel med låg risiko for å utvikle speleproblem.

Frå 2015 har Lotteritilsynet fått myndigheit til å gi lotteriløyve til inntil fem nye lotteri med omsetning opp til 300 millionar kroner per år. Dei enkelte lotteria kan få løyve for inntil ni år. Det er eit vilkår for å få løyve at lotteria ikkje kan forventast å medføre problem i form av speleavhengigheit. Det er Lotteritilsynet som vurderer om vilkåra er oppfylte. Det vil seie at Lotteritilsynet gjennomgår heile konseptet og vurderer dei ulike elementa opp mot risikokriteria for speleavhengigheit.

Figur 5.2 Tidslinje: Innføring av dei viktigaste ansvarlegheitstiltaka frå 2000 og fram til i dag

Figur 5.2 Tidslinje: Innføring av dei viktigaste ansvarlegheitstiltaka frå 2000 og fram til i dag

5.5 Handlingsplan mot speleproblem

Den første handlingsplanen mot speleproblem kom i 2005. «Handlingsplan mot spilleproblemer 2016–2018» er den fjerde i rekkja av statlege handlingsplanar og har følgjande hovudmål:

  • Færrast mogleg skal ha problem med spel

  • Kunnskapen om spel og speleproblem skal aukast og delast

  • Problematisk speleåtferd skal identifiserast tidleg og behandlast godt

Handlingsplanane er treårige og sikrar at det blir jobba langsiktig, systematisk og målretta med å førebyggje speleproblem i den norske befolkninga.

Handlingsplanen blir årleg finansiert med inntil 0,5 prosent av overskotet til Norsk Tipping. I 2016 utgjer dette 12 millionar kroner kvart år. Frå 2017 vil den årlege finansieringa auke til 15 millionar kroner. Handlingsplanen omfattar både pengespel og dataspel. Midlane blir fordelte mellom Lotteritilsynet, Medietilsynet, Helsedirektoratet og Forskingsrådet, som finansierer tiltaka i planen.

Handlingsplanen har alltid hatt definerte målgrupper. Målgruppene er baserte på kunnskap om sårbare grupper med risiko for å utvikle speleproblem. Målgruppene for Handlingsplanen 2016–2018:

  • Barn og unge

  • Yngre vaksne menn

  • Pårørande og familiar til problemspelarar

  • Minoritetar

  • Utsette grupper i sosiale situasjonar, til dømes grupper med låg inntekt, studentar og grupper som er sårbare i arbeidslivet

  • Utsette grupper i sårbare situasjonar, til dømes ved sjukdom og tidlegare problemspeling

Handlingsplanen gjer det mogleg at gode førebyggingsprosjekt blir gjennomførte av miljø med stor kompetanse på området. Handlingsplanmidlar finansierer ulike tilskotsordningar som gjer det mogleg for dei organisasjonane som er best eigna, å gjennomføre tiltaket. Handlingsplanmidlar finansierer òg forsking på spelfeltet og noko av behandlinga av speleproblem.

Fjernbasert behandling for speleavhengige er eit lågterskel behandlingstilbod som består av telefonsamtalar og nettbaserte skriftlege arbeidsoppgåver. Tilbodet er finansiert gjennom Handlingsplanen. Frivillige støttegrupper og organisasjonar som arbeider med speleproblem, tilbyr andre lågterskeltilbod. Dette er organisasjonar som sjølve kjenner godt til problematikken, og som både førebyggjer og hjelper personar som er blitt ramma av speleproblem.

Hjelpelinja er eit veletablert og permanent lågterskeltilbod som blir finansiert gjennom midlar frå Handlingsplanen og det ordinære budsjettet til Lotteritilsynet. Dersom spel er blitt eit problem for spelaren sjølv, pårørande eller andre personar, kan ein ringje anonymt til Hjelpelinja. Målet til Hjelpelinja er å hjelpe personar i krise, vise til anna hjelp og andre behandlingstilbod og samle informasjon om speleavhengigheit.

Handlingsplanen bidreg til at myndigheitene kan arbeide meir målretta og systematisk med å førebyggje, skaffe kunnskap og utvikle gode hjelpetilbod mot speleproblem.

Fotnotar

1.

«Regler for distribusjon av spill gjennom elektroniske kanaler» og «Retningslinjer for markedsføring i regi av Norsk Tipping AS og Norsk Rikstoto»

2.

Utvikla av Dr. Richard T.A. Wood og Dr. Mark D. Griffiths

3.

Playscan er eit verktøy som aukar forståinga til spelaren og gjer han meir bevisst på sin eigen speleaktivitet. Grønt trafikklys i verktøyet vil seie at ein speler stabilt, gult trafikklys vil seie at det er ein viss risiko ved spelinga, og raudt trafikklys er eit varselsignal om at spelaren risikerer å utvikle eller alt har problem med spel. Verktøyet Playscan er utvikla av det svenske selskapet Playscan AB, som er ekspert på speleåtferd. Verktøyet er basert på forsking og er teke i bruk av ei rekkje spelselskap i Norden og Europa dei siste åra. Les meir på www.playscan.com.

4.

https://www.norsk-tipping.no/spillevett

5.

European Lotteries and Toto Association (EL)- og World Lottery Association (WLA)-standardar for ansvarleg spel

6.

Reglar for å distribuere spel gjennom elektroniske kanalar (LMD 2006) § 4.

7.

https://www.rikstoto.no/Hjelp/Spillvett/

8.

Løyve etter forskrift 10. desember 2008 nr. 1531 om lotteriverksemd om bord på norske skip i rute mellom norsk og utanlandsk hamn

9.

Forskrift 30. november 2004 nr. 1528 om bingo

Til toppen
Til forsida av dokumentet