Meld. St. 19 (2018–2019)

Folkehelsemeldinga — Gode liv i eit trygt samfunn

Til innhaldsliste

1 Berekraftig folkehelsearbeid

Figur 1.1 

Figur 1.1

God helse og livskvalitet er viktig for den enkelte. Helsa og livskvaliteten til befolkninga har innverknad på samfunnsutviklinga, og blir sjølv påverka av korleis samfunnet endrar seg.

Regjeringa vil bidra til eit berekraftig velferdssamfunn gjennom eit godt og systematisk tverrsektorielt folkehelsearbeid. Noreg skal følgje opp berekraftsmåla til FN, og eit godt folkehelsearbeid er nødvendig for å nå desse måla. Berekraft er derfor eit gjennomgåande tema i denne meldinga.

Folkehelsearbeidet går for seg i stort sett alle sektorar og på alle forvaltingsnivå. Regjeringa legg vekt på at frivillig sektor, ideelle organisasjonar, næringslivet og offentlege myndigheiter må samarbeide om innsatsen. Arbeidet skal vere kunnskapsbasert, og vi skal vere pådrivarar for at ny teknologi blir teken i bruk der det er relevant.

Gode levekår, god helse, livskvalitet og trivsel heng saman. Folkehelsearbeidet må leggje til rette for god helse for alle og bidra til mindre sosial ulikskap i helse. Regjeringa prioriterer tidleg innsats blant barn og unge for å bidra til å gi dei ein god og trygg oppvekst. Samtidig må folkehelsearbeidet gjelde alle livsfasar. Vi lever lenger, og det krev tilrettelegging for aktivitet, deltaking og god livskvalitet i høg alder.

Regjeringa legg ei brei tilnærming til grunn for folkehelsepolitikken. I tillegg til det breie folkehelsearbeidet for å nå heile befolkninga ser regjeringa det som viktig å leggje til rette for god helse og livskvalitet hos dei som har særskilde behov. Det gjeld mellom anna personar med kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetjingar. Innsatsen til dei pårørande må takast på alvor. I tråd med Granavolden-plattforma vil regjeringa leggje prinsippet om å førebyggje der ein kan, og reparere der ein må, til grunn i folkehelsearbeidet.

1.1 Hovudgrep i meldinga

Regjeringa vil vidareføre og vidareutvikle eit effektivt, systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. Ein viktig del av dette er å skape eit trygt samfunn og fremje helsevennlege val. Særleg på nokre område ønskjer regjeringa å forsterke innsatsen:

  • tidleg innsats for barn og unge

  • førebygging av einsemd

  • mindre sosial ulikskap i helse

Det er brei semje om store delar av folkehelsepolitikken, og det legg eit godt grunnlag for eit langsiktig arbeid. Denne meldinga byggjer vidare på Meld. St. 19 (2014–2015) «Folkehelsemeldingen – Mestring og muligheter». Hovudtrekka i utfordringsbiletet er i all hovudsak dei same som i 2015. Folkehelsearbeidet må vere langsiktig, og mange av elementa frå den førre meldinga blir vidareførte og forsterka.

Delar av Meld. St. 15 (2017–2018) «Leve hele livet. En kvalitetsreform for eldre» blir følgde opp i denne folkehelsemeldinga. Ein må òg sjå meldinga i samanheng med andre meldingar, planar og strategiar og annan innsats frå regjeringa. Det er utarbeidd ei rekkje andre meldingar, strategiar og handlingsplanar som påverkar folkehelsearbeidet. Desse er omtalte der det er relevant i teksten, og det er laga ei oversikt over dei i vedlegg 1.

Vidare blir fleire kommande eller igangverande arbeid omtalte. Mange av desse er samanfatta i boks 1.1.

Boks 1.1 Strategiar i meldinga og planlagde eller påbegynte meldingar, strategiar og handlingsplanar

  • Strategi for å førebyggje einsemd (2019–2023) (inkludert i denne meldinga)

  • Nasjonal tobakksstrategi 2019–2021 (inkludert i denne meldinga)

  • Nullvisjon 2019–2027 – reduksjon av alvorlege fallulykker i heimen (inkludert i denne meldinga)

  • Demensplan 2025

  • Handlingsplan for allmennlegetenesta i kommunane

  • Handlingsplan for eit betre smittevern med vekt på helseinstitusjonane

  • Handlingsplan for fysisk aktivitet

  • Handlingsplan for likestilling av menneske med funksjonsnedsetjing

  • Handlingsplan for sjølvmordsførebygging

  • Handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunnlag av etnisitet og religion

  • Melding til Stortinget om barne- og ungdomskultur

  • Melding til Stortinget om menneskerettane og likeverdet til utviklingshemma

  • Melding til Stortinget om nasjonale minoritetar

  • Melding til Stortinget om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehager og skular

  • Melding til Stortinget om ungdomspolitikk

  • Nasjonal alkoholstrategi

  • Nasjonal helse- og sjukehusplan 2019

  • Nasjonal plan mot utbrudd av alvorlige smittsomme sykdommer

  • Nasjonalt program for et aldersvennlig Norge (2019-2023)

  • NCD-strategi (ikkje-smittsame sjukdommar)

  • Ny strategi for radioaktiv forureining i dyr, fôr og næringsmiddel i regi av DSA og Mattilsynet.

  • Samarbeidsstrategi som fremjar deltaking og styrkjer moglegheitene for barn i låginntektsfamiliar

  • Strategi for auka HL («health literacy»)

  • Strategi mot internettrelaterte overgrep

Forsterka innsats

Regjeringa legg vekt på at tidleg innsats for barn og unge er avgjerande for god folkehelse. Livssituasjonen, oppveksten og utviklinga til barn og unge har mykje å seie, og det er viktig å leggje til rette for godt foreldreskap, trygge og gode heimar og eit trygt og godt nærmiljø. Slik kan regjeringa bidra til å fremje god fysisk og psykisk helse i befolkninga. God kvalitet i barnehagen, skulen og skulefritidsordninga (SFO) er avgjerande for læring, trivsel og helse. God samhandling på tvers i tenesteapparatet har òg mykje å seie. Førebygging av vald og overgrep er ein viktig del av arbeidet for ein god oppvekst.

Noreg er eitt av verdas beste land å bu i, og for dei fleste er dei materielle forholda svært bra. Men det er sosiale forskjellar, og det gir seg utslag i sosiale helseforskjellar i alle aldersgrupper. Ei hovudutfordring er at mange barn lever i familiar med vedvarande låg inntekt. Regjeringa vil forsterke innsatsen for å redusere dei sosiale forskjellane, både gjennom målretta tiltak og ved å skape like moglegheiter og gode livsvilkår for alle, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetjing, etnisitet, religion og livssyn, og seksuell orientering og kjønnsidentitet. For regjeringa inneber reelt likeverd ikkje berre formelle rettar, men òg reelle moglegheiter. Utdanning, arbeid og økonomiske ressursar bidreg til å motverke forskjellar.

Folkehelsearbeidet handlar òg om å fremje god livskvalitet. Det inneber mellom anna at ein kan delta i samfunnet og oppleve sosial støtte. Mange er einsame, og det er ein alvorleg risikofaktor. Å førebyggje einsemd kan bidra til å fremje livskvalitet og god psykisk helse og førebyggje sjukdom og for tidleg død. Regjeringa vil auke innsatsen mot einsemd og lanserer i meldinga ein strategi for å førebyggje einsemd. Frivillig sektor er ein viktig ressurs.

Innsats for eit trygt samfunn og gode levevanar

Gode lokalsamfunn og nærmiljø er grunnleggjande føresetnader for god helse og livskvalitet. Gode bustadområde med tilgang til friluftsområde og trygge skulevegar er døme på kva som betyr noko i kvardagen.

Regjeringa legg opp til aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap for eldre menneske der målet er å ta vare på forholdet til familie, venner og sosialt nettverk og skape gode opplevingar og møte på tvers av generasjonane. Regjeringa vil i 2019 etablere eit nasjonalt program for eit aldersvennleg Noreg (Meld. St. 15 (2017–2018) Leve hele livet). Regjeringa har i 2019 etablert Rådet for eit aldersvennleg Noreg, som skal bidra til å gjennomføre programmet. I arbeidslivet og i pensjonspolitikken stimulerer ein til eit lengre arbeidsliv, og avgangsalderen aukar både for kvinner og menn. Seniorressursen er eit viktig samfunnsbidrag.

Regjeringa legg våren 2019 fram ein opptrappingsplan for den psykiske helsa til barn og unge. Arbeidet for å integrere psykisk helse i folkehelsearbeidet held fram.

Dei helsemessige konsekvensane av vald og overgrep kan vere omfattande, alvorlege og potensielt livstrugande. Regjeringa vil vidareføre innsatsen mot vald og overgrep.

Førebygging av skadar og ulykker vil vere ei prioritert oppgåve framover, og ein skal leggje særleg vekt på ein nullvisjon for alvorlege fallulykker i heimen.

Det kan vere fare for at viktige delar av folkehelsearbeidet blir tekne for gitt. Frisk luft, rein natur og sunt inneklima er grunnleggjande for god helse. Arbeidet for å forhindre antibiotikaresistens er ei av dei største helseutfordringane i dag. Strålevern, sjukdomsførebygging gjennom godt smittevern, og arbeid med mattryggleik og trygt drikkevatn er òg avgjerande. Vi kan ikkje bevare den gode helsetilstanden vi har i Noreg i dag, utan å verne om desse områda. Regjeringa vil derfor trekkje fram kor viktig det er å satse vidare på desse områda, som òg er nært knytte til beredskapsfeltet mellom anna når det gjeld drikkevatn og smittevern.

Å kunne gjere gode helseval er ein føresetnad for god helse hos den enkelte. Regjeringa vil vidareføre arbeidet med å leggje til rette for helsevennlege val ved framleis å satse på auka fysisk aktivitet, betre kosthald og mindre bruk av tobakk og rusmiddel. Samfunnet skal leggje til rette for at sunne val blir enkle val. Ein skal leggje meir vekt på korleis informasjon om helsevennlege val skal nå alle. Det er viktig for at den enkelte kan ta informerte val.

Regjeringa lanserer i denne meldinga ein ny nasjonal tobakksstrategi. Meldinga presenterer òg overordna mål, strategiar og hovudinnsatsområde for fysisk aktivitet, som grunnlag for ein ny handlingsplan for auka fysisk aktivitet.

Regjeringa skal leggje fram ein nasjonal alkoholstrategi. Samarbeidet med næringslivet om sunnare kosthald skal vidareførast.

Eit folkehelsearbeid som når ulike målgrupper i samfunnet, er viktig. Personar med kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetjingar møter særskilde utfordringar og må bli tekne vare på. Folkehelsearbeidet må fremje helse og trivsel blant alle innbyggjarar.

Eit effektivt folkehelsearbeid

Eit kjenneteikn ved folkehelsearbeidet er den tverrsektorielle innsatsen og forståinga av kor viktig det er at heile samfunnet gjer ein innsats for å påverke faktorar som fremjar helse og trivsel i befolkninga. Tverrsektorielt samarbeid er derfor nødvendig i folkehelsearbeidet. Tilsvarande viktig er det at både private aktørar og frivillige bidreg saman med offentlege myndigheiter.

Eit effektivt folkehelsearbeid føreset god organisering av arbeidet, eit system for å følgje med på innsatsen og på utviklinga i helsetilstand og risikofaktorar. Det gjeld både på nasjonalt, kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Den norske folkehelsemodellen er eit godt utgangspunkt for dette. Det er nødvendig å forske på årsaker og effektive verkemiddel. Regjeringa ønskjer å løfte arbeidet med å vidareutvikle eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid.

Potensial ved førebygging

Eit godt folkehelsearbeid kan spare både den enkelte og samfunnet for kostnader. Kostnadene med dårleg helse og livskvalitet i befolkninga er omfattande både for den enkelte og for helsevesenet og er derfor utfordrande for eit berekraftig velferdssystem. Helsa har innverknad på deltaking i utdanning og arbeidsliv. Det er positivt at det blir fleire eldre, og at levealderen aukar, men det er viktig at dei ekstra leveåra er gode.

I eit slikt perspektiv er førebyggjande og helsefremjande arbeid heilt essensielt, og det har vist seg å vere kostnadseffektivt både på kort og lang sikt (WHO 2014). Eit breitt spekter av førebyggjande og helsefremjande tiltak som er retta mot miljømessige og sosiale forhold og legg til rette for sunne levevaner, og førebyggjande tiltak som screening og vaksinar er nødvendig. Det bidreg til god helse i befolkninga, redusert sosial ulikskap i helse, eit meir berekraftig samfunn og ein meir berekraftig velferdsstat (WHO 2014).

Investeringar i helsetenesta har òg vist seg å ha mykje å seie for forventa levealder. Kjenneteikn ved land som har høg forventa levealder, er høg inntekt i befolkninga, men òg at det blir investert i helsevesenet, i tillegg til utdanning og i ein sunnare livsstil. Det krev innsats på tvers av sektorar (OECD 2017a).

Det finst inga samla oversikt over kor mykje det norske samfunnet kan spare på eit godt folkehelsearbeid, men Helsedirektoratet har gjort fleire samfunnsøkonomiske berekningar av førebyggjande tiltak. Til dømes har direktoratet funne ut at dei potensielle samfunnsgevinstane av at befolkninga følgjer dei offisielle kostråda, er 154 milliardar kroner per år (basert på data for 2013). Den største verdien er knytt til fleire leveår og betre helse (136 milliardar kroner), men reduserte helsetenestekostnader og mindre produksjonstap er òg teke med (Helsedirektoratet 2016a).

Eit anna døme er at samfunnskostnadene ved sjukdom og ulykker er berekna til å utgjere rundt 1860 milliardar kroner i 2013, og førebyggjande tiltak har derfor eit stort potensial (Helsedirektoratet 2016b). Også her utgjer sjukdomsbyrda den største delen av samfunnskostnadene med 75 prosent, helsetenestekostnadene er berekna å utgjere 15 prosent av dei totale samfunnskostnadene, og produksjonstapet er estimert til å utgjere 10 prosent av dei samla samfunnskostnadene.

1.2 Prosess og innspel til meldinga

For å sikre medverknad og eit betre grunnlag for meldingsarbeidet inviterte Helse- og omsorgsdepartementet til innspelsmøte våren 2018. Det var òg rom for å gi skriftlege innspel. Det har komme om lag 200 innspel frå mange fagmiljø, frivillige organisasjonar, interesseorganisasjonar, kommunar og fylkeskommunar. Det har også komme innspel frå mange privatpersonar.

Det tverrsektorielle folkehelsearbeidet og betydinga av arbeidet i fleire sektorar har vore eit hovudtema i mange innspel. Mange departement har delteke i arbeidet med å utarbeide meldinga. På denne måten har innspel frå alle relevante sektorar blitt varetekne.

Ny fagleg kunnskap om status i folkehelsearbeidet og om kva som er effektive tiltak, er nødvendig som grunnlag for å utvikle folkehelsepolitikken. Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har levert bakgrunnsmateriale for meldingsarbeidet.

1.3 Nasjonale mål og berekraftsmåla

1.3.1 Nasjonale mål

I folkehelsepolitikken er det brei tverrpolitisk semje om dei tre nasjonale måla til regjeringa:

  • 1. Noreg skal vere blant dei tre landa i verda som har høgast levealder.

  • 2. Befolkninga skal oppleve fleire leveår med god helse og trivsel og mindre sosiale helseforskjellar.

  • 3. Vi skal skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga.

Regjeringa vidarefører desse tre nasjonale måla. Ein må sjå måla i samanheng med kvarandre, og samla varetek dei ei brei forståing av folkehelsepolitikken, som primært må vere retta mot befolkninga. Vidare krev måla innsats frå alle samfunnssektorar.

Måloppnåing

Levealder

Forventa levealder er eit mål på kor lenge ein person kan forvente å leve under gjeldande forhold med omsyn til dødstal (dødelegheit), og det er eit viktig mål på helsa i ei befolkning (Folkehelseinstituttet 2018a). Forventa levealder er derfor eit teoretisk mål som gir ein pekepinn på korleis forholda som påverkar helsa, er i eit samfunn. I 2017 var forventa levealder 84,3 år for norske kvinner og 80,9 år for norske menn. Det er ein auke sidan den førre folkehelsemeldinga, der tala frå 2013 var 83,6 år for kvinner og 79,7 år for menn.

Sjølv om levealderen har auka, er ikkje målet om å vere blant dei tre landa med høgast levealder nådd. Japan, Spania og Australia er av dei landa som har høgare forventa levealder enn Noreg. Men det er liten avstand opp til landa som ligg på topp. Det ligg ikkje føre noka oppdatert rangering etter den førre folkehelsemeldinga, som viste til Human Mortality Database (2013). Då låg Noreg på ellevte plass i verda for kvinner og på tiande plass for menn. Japanske kvinner har høgast forventa levealder i verda (med 86,6 år i 2013 og 87,2 i 2017).

Levealderen i Noreg har auka kraftig sidan byrjinga av 1900-talet. Det skriv seg mellom anna frå færre alvorlege infeksjonssjukdommar på grunn av vaksinar og målretta tiltak mot smitteårsaker. I tillegg har velstandsauke og medisinske framsteg hatt mykje å seie. Dødstala har gått kraftig ned i alle aldersgrupper, og særleg når det gjeld spedbarn. Dei siste tiåra har auken i forventa levealder hatt sterk samanheng med at færre døyr av hjarte- og karsjukdommar. Det har igjen samanheng med nedgang i røyking, betre kosthald og betre og raskare medisinsk behandling. Levealderen har auka kvart år etter andre verdskrigen.

Helse og trivsel

Det er for lite kunnskap om korleis helsa endrar seg når levealderen aukar, og det er usikkert om fleire leveår gir fleire, færre eller like mange år med god helse (Syse mfl. 2016). Ein høgare forventa levealder i befolkninga medfører samtidig større risiko for helseutfordringar som melder seg ved høg alder, og fleire lever lenger med sjukdommar enn tidlegere. Til dømes vil fleire leve med ein kreftdiagnose i framtida fordi fleire overlever sjukdommen. Samtidig er det forventa at stadig fleire vil leve med hjarte- og karsjukdom fordi det blir fleire eldre i befolkninga. Det vil påverke samfunnsstrukturane framover, mellom anna behovet for helse- og omsorgstenester og korleis vi best legg til rette for desse.

Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (Hunt) viser at auka levealder òg blir følgd av fleire år med sjølvopplevd god helse, men at det samtidig vil bli fleire år der ein lever med sjukdom (Storeng mfl. 2017). Den same studien finn òg at dei med lang utdanning lever lenger med god helse enn dei med kortare utdanning.

Noreg er blant dei ti landa i verda der folk er mest nøgde (World Happiness Report 2019). Undersøkingar frå Noreg (Folkehelseinstituttet 2018a) viser at éin av fire vaksne er svært nøgde med livet, mens éin av tjue er misnøgde eller svært misnøgde. Både lykkenivået og det å vere nøgd med livet har auka noko dei siste åra (Folkehelseinstituttet 2018a). Levekårsundersøkinga blant innvandrarar i Noreg (2016) viser at det er liten forskjell på opplevd livskvalitet mellom innvandrarar og den samla befolkninga, men misnøya er noko større blant innvandrarar. Jo lenger innvandrarane har budd i Noreg, desto meir nøgde er dei.

Personar som lever åleine og/eller ikkje er i arbeid, har oftare lågare livskvalitet enn personar som lever saman med nokon og er i arbeid (Statistisk sentralbyrå 2017). 80–90 prosent av ungdommane i alderen 13–16 år er nøgde med livet og med foreldra (Bakken 2018). Men det er likevel fleire undersøkingar som peiker på ei bekymring når det gjeld den psykiske helsa til barn og unge, særleg med tanke på aukande førekomst av angst og depresjon hos jenter. God sosial støtte og deltaking blir framheva som faktorar som fremjar livskvaliteten.

Sosiale helseforskjellar

Sosiale helseforskjellar er framleis ei stor folkehelseutfordring, og målsetjinga om reduksjon er ikkje oppnådd. Målt i utdanning er forskjellane aukande. Kvinner og menn med kort utdanning er i dag forventa å leve mellom fem og seks år kortare enn dei med lang utdanning, og forskjellane gjeld for alle aldersgrupper.

Det er sosioøkonomiske forskjellar i ikkje-smittsame sjukdommar som kreft, kols, hjarte- og karlidingar, diabetes, muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. For dei viktigaste risikofaktorane for desse sjukdommane – alkohol, tobakk, fysisk inaktivitet og usunt kosthald – ser ein at dei med låg sosioøkonomisk status er mest utsette (Folkehelseinstituttet 2018a).

«Folkehelsepolitisk rapport 2017» (Helsedirektoratet 2018a) viser aukande inntektsforskjellar. Det har skjedd ei aldersforskyving i låginntektsgruppa over tid, frå eldre til yngre. Den største gruppa av dei med låg inntekt er no unge mellom 18 og 34 år. Samtidig har hushalda stadig høgare gjeld, noko som gjer dei meir sårbare for økonomiske svingingar. Eldre med låg sosioøkonomisk status har statistisk sett fleire sjukdommar og helseplager enn eldre med høg sosioøkonomisk status. I WHO-rapporten «World Report on Ageing and Health» (WHO 2015) blir det framheva at det òg er denne gruppa som har minst ressursar til å ta hand om si eiga helse.

Eit samfunn som fremjar helse

Det tredje hovudmålet er å skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga. Målet tek utgangspunkt i at det er ei rekkje forhold i samfunnet som påverkar helse og livskvalitet og fordelinga av dette i befolkninga. Med jamne mellomrom kjem «Folkehelsepolitisk rapport», der Helsedirektoratet beskriv statusen for det tverrsektorielle folkehelsearbeidet. Den siste rapporten blei utgitt i 2018 med tal frå 2017. «Folkehelsepolitisk rapport» er sektorane sine eigne rapporteringar på indikatorar som beskriv utviklingstrekk og forhold i samfunnet som kan påverke helse og livskvalitet og fordelinga av dette i befolkninga. Rapporten beskriv utvikling innanfor økonomiske levekår, arbeid og sysselsetjing, oppvekst- og utdanningsforhold, sosial støtte og deltaking, trygge og helsefremjande miljø og helsevanar.

Sysselsetjingsgraden i Noreg er høg. Tal frå Nav viser ein nedgang i arbeidsløysa. Yrkesaktiviteten for dei over 50 år var i 2017 den høgaste som har vore målt etter 2000 (Bjørnstad 2018).

Det er gjort mykje for å fremje god kvalitet i barnehagen og skulen. Barnehagedekninga i Noreg er generelt høg, og ho har auka dei siste åra. Det er framleis ein lågare prosentdel minoritetsspråklege barn i barnehage samanlikna med majoritetsbarn, særleg blant dei yngste, men prosentdelen er aukande.

Arbeidet mot fråfall i skulen og med å skape gode og inkluderande læringsmiljø er særleg viktig.

Det er ei utfordring at det finst nokre levekårsutsette område i byane og i enkelte distriktskommunar der vi ser ei opphoping av forhold som kan påverke helse og livskvalitet negativt. Sidan den førre folkehelsemeldinga har det komme meir kunnskap om dei psykososiale påverknadsfaktorane og kva dei har å seie for helse og livskvalitet. Sosial støtte er særleg viktig. «Folkehelsepolitisk rapport 2017» viser at det er få som seier at dei ikkje har ein fortruleg venn. Det er òg færre enn før som rapporterer at dei ikkje har ein fortruleg venn.

1.3.2 Globale mål for å redusere ikkje-smittsame sjukdommar

Noreg har slutta seg til WHO-målet om å redusere talet på personar som døyr for tidleg av ikkje-smittsame sjukdommar (NCD – non-communicable diseases) som hjarte- og karsjukdommar, diabetes, kols og kreft med 25 prosent innan 2025. Målet er seinare endra til 30 prosent reduksjon innan 2030 som følgje av vedtaket av FNs berekraftsmål, jf. kapittel 1.3.3.

Det er fastsett konkrete mål for dei viktigaste risikofaktorane: alkohol, tobakk, fysisk inaktivitet og usunt kosthald. Utviklinga i Noreg ser ut til å vere positiv for dei fleste måla, men når det gjeld målet om å stoppe auken i fedme og diabetes, går det i feil retning. Når det gjeld målet om å redusere salt i kosthaldet med 30 prosent, er det usikkert ettersom ein manglar tal for Noreg over tid (jf. figur 1.1).

Figur 1.2 Måloppnåing ikkje-smittsame sjukdommar. Status for Noreg.

Figur 1.2 Måloppnåing ikkje-smittsame sjukdommar. Status for Noreg.

Kjelde: Folkehelseinstituttet 2018 og https://www.fhi.no/nettpub/ncd/

I oktober 2018 vedtok FN ei ny erklæring om ikkje-smittsame sjukdommar der luftforureining og psykisk helse er inkludert i NCD-agendaen (FN 2018).

1.3.3 Berekraftsmåla til FN

FNs 2030-agenda med berekraftsmåla ligg til grunn for både nasjonal og internasjonal politikkutvikling. Berekraftsmåla er 17 globale mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Med desse måla er det vedteke eit nytt rammeverk for utvikling og samarbeid om verdas utfordringar der innsats for helse, livskvalitet og sosial utjamning har ei sentral rolle. Også Noreg legg den universelle 2030-agendaen til grunn i nasjonal forvalting og politikk. Granavolden-plattforma viser til at regjeringa reknar berekraftsmåla til FN som sentrale når det er snakk om å løyse globale utfordringar.

Eit av hovudprinsippa i berekraftsmåla er at ingen skal utelatast («Leaving no one behind»), noko som inneber ei prioritering av dei mest sårbare menneska. Berekraftsmål 3 om helse inneber at ein skal sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder. Fleire av delmåla er viktige for folkehelsa:

  • redusere for tidleg død forårsaka av ikkje-smittsame sjukdommar med 30 prosent gjennom førebygging og behandling

  • fremje mental helse og livskvalitet

  • styrkje førebygging og behandling av misbruk, mellom anna av narkotiske stoff og alkohol

  • redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle som er forårsaka av farlege kjemikal og forureina luft, vatn og jord

Noreg si oppfølging av berekraftsagendaen vil ha konsekvensar for folkehelsearbeidet både lokalt, regionalt og nasjonalt. Samarbeid er heilt nødvendig for å nå måla. Mange av måla er relevante for helsa og livskvaliteten til befolkninga, ikkje berre mål 3 om god helse. Det gjeld mellom anna mål om ernæring (under mål 2), reint vatn og gode sanitærforhold (mål 6), avskaffing av alle former for vald mot alle jenter og kvinner (berekraftsmål 5), lik tilgang for alle til helsetenester (mål 10) og ansvarleg medisinbruk for å motverke antibiotikaresistens. Å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling i tråd med berekraftsmåla gir retning for folkehelsepolitikken framover.

Oppfølginga av berekraftsmåla er integrert i det ordinære arbeidet til regjeringa. For kvart av dei 17 berekraftsmåla er det eit departement som er ansvarleg for å koordinere oppfølginga. Departementa rapporterer om oppfølginga av måla dei har ansvar for i budsjettdokumenta sine. Utanriksdepartementet koordinerer oppfølginga internasjonalt, og Finansdepartementet summerer opp hovudpunkta i rapporteringa i nasjonalbudsjettet.

1.4 Hovudutfordringar for folkehelsa

Folkehelseinstituttet har vurdert kva som er dei største utfordringane i folkehelsearbeidet framover. Dette er gjort med utgangspunkt i dødstal, dårleg helse og vurderingar av sjukdomsbyrda frå ulike sjukdomsgrupper og risikofaktorar.

I dag skjer dei fleste dødsfall i Noreg i dei høgare aldersgruppene. Reduserte dødstal i desse aldersgruppene vil ha mest å seie for ein framleis auke i forventa levealder. Omlag 80 prosent av alle dødsfall skjer etter fylte 70 år, og 60 prosent etter fylte 80 år. Viktige dødsårsaker blant eldre er hjarte- og karsjukdommar, kreft og demens.

Kvart år døyr mellom 550 og 600 personar av sjølvmord, om lag halvparten før dei er 50 år. Relativt mange dødsfall, i gjennomsnitt 260 per år, er narkotikautløyste. Det har blitt betydeleg færre dødsfall som følgje av trafikkulykker.

I Noreg er for tidleg død definert som dødsfall før 75 år. Det er dei fire store sjukdomsgruppene kreft, hjarte- og karsjukdommar, kronisk lungesjukdom (kols o.a.) og diabetes som er årsaka til dei fleste tilfella av for tidleg død. Fire risikofaktorar er knytte til desse fire sjukdomsgruppene: tobakksbruk, alkoholbruk, usunt kosthald og fysisk inaktivitet.

Sosial ulikskap er framleis er fortsatt ei utfordring jf. kapittel 1.3.1. Det er dokumentert sosiale helseforskjellar for dei nemnde sjukdommane og risikofaktorane.

I tillegg til sjukdommane ovanfor fører psykiske lidingar og muskel- og skjelettlidingar til stor sjukdomsbyrde og stort sjukefråvær.

Ved å bruke omgrepet DALY (helsetapsjusterte leveår), der ein kombinerer data for dødstal (dødelegheit) og vanhelse (sjukelegheit), kan ein gi eit bilete av sjukdomsbyrda (sjå tabell 1.1).

Tabell 1.1 Noreg GBD-2016, talet på Daly, nivå 2, begge kjøn, under 75 år

Daly

1

Kreft

155 835

2

Psykiske lidingar og ruslidingar

144 105

3

Muskel- og skjelettsjukdommar

118 169

4

Andre ikkje-smittsame sjukdommar

103 105

5

Hjarte- og karsjukdom

88 508

6

Nevrologiske sjukdommar

67 750

7

Diabetes, urogenitale sjukdommar, blodsjukdommar og endokrine sjukdommar

44 516

8

Utilsikta skadar

41 785

9

Kroniske respiratoriske sjukdommar

37 427

10

Eigenskade og interpersonleg vald

26 802

DALY er summen av tapte leveår ved dødsfall og helsetap frå ikkje-dødelege sjukdommar (eller helsetap i sjukdomsforløpet av dødelege sjukdommar). (https://fhi.no/div/forskningssentre/senter-sykdomsbyrde/hva-er-sykdomsbyrde/)

Kjelde: Folkehelseinstituttet 2018c

Ut frå desse vurderingane har Folkehelseinstituttet sett opp følgjande oversikt over dei største folkehelseutfordringane (Folkehelseinstituttet 2018c):

  • risikofaktorar knytte til store sjukdomsgrupper med høgt dødstal og tap av friske leveår: tobakk, alkohol, usunt kosthald og fysisk inaktivitet

  • tilstandar og forhold med komplekse risikobilete som òg gir vesentleg sjukdomsbyrde i yngre aldersgrupper: muskel- og skjeletthelse, psykiske lidingar, vald og eigenskade og interpersonleg vald, illegale rusmiddel, utilsikta skadar

  • miljøfaktor med potensial for førebygging: luftforureining

Stor sjukdomsbyrde i befolkninga kjem av høgt dødstal eller høg vanhelse. Det fører til behov for å førebyggje ein sjukdom eller ei liding. Ein må likevel leggje vekt på fleire aspekt for å prioritere innsatsen på folkehelseområdet. Langsiktig og tidleg satsing på barn og unge vil ikkje gi utslag i statistikkane før i framtida. Element som livskvalitet og fråvær av einsemd er ein viktig del av folkehelsa, men er ikkje synleggjorde i ei grov beskriving av sjukdomsbyrda. Også den demografiske utviklinga har mykje å seie. Til dømes vil mange fleire personar få demens framover fordi det blir stadig fleire eldre.

Det finst også folkehelseutfordringar, sjukdom eller lidingar som ikkje kjem øvst på lista over sjukdomsbyrde eller dødstal, men som betyr svært mykje for dei som blir ramma. Det gjeld mellom anna dei som blir utsette for vald eller overgrep. Det gjeld òg dei som opplever tap av syn eller høyrsel, eller som får ei anna funksjonsnedsetjing. Regjeringa er oppteken av at personar med ulike problem eller lidingar som skaper helseutfordringar, inkludert sansetap og kroniske sjukdommar, skal ha eit godt liv og få god oppfølging.

Tilgang til gode medisinar har vore og er heilt avgjerande for folkehelsa. Antibiotikaresistens er i dag eit raskt veksande problem og utgjer ein alvorleg trussel mot global helse. Arbeidet for å minske resistensutviklinga og for at konsekvensane for menneske og dyr blir minst moglege må halde fram. Dette har høg prioritet for regjeringa både nasjonalt og i det internasjonale helsearbeidet.

1.5 Status for folkehelsearbeidet

I Meld. St. 19 (2014–2015) «Folkehelsemeldingen – Mestring og muligheter» la regjeringa vekt på tre innsatsområde: inkludere psykisk helse som ein likeverdig del av folkehelsearbeidet, gjere det enklare å ta helsevennlege val og vidareutvikle ein moderne eldrepolitikk for aktive eldre. I tillegg var barn og unge og det tverrsektorielle folkehelsearbeidet viktige innsatsområde, der også arbeidet i kommunane er heilt sentralt.

Nær alle tiltaka i meldinga er følgde opp. Nedanfor blir ein del av det som er gjennomført, omtalt.

Folkehelsearbeid i kommunane

Ei kartlegging som NIBR har gjort, viser at kommunane i større grad enn tidlegare orienterer seg mot ein systematisk inngang på folkehelsearbeidet. Det er likevel framleis stor variasjon i forankring og implementering av systematikken (Helgesen mfl. 2017). Dei aller fleste kommunar (nærmare 90 prosent) har utarbeidd ei oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar. Ein stabilt høg prosentdel av norske kommunar har folkehelse som mål i planstrategien og i samfunnsdelen til kommuneplanen, mens arealdelen i mindre grad har integrert folkehelse som omsyn, og det er mangel på kopling til økonomiplanen (Hofstad 2018).

Ein stor del av kommunane rapporterte psykisk helse og sosial ulikskap som to av dei viktigaste folkehelseutfordringane i NIBR-kartlegginga, men langt færre hadde sett i verk flest tiltak på desse områda. Det er utfordrande å måle resultata av kommunalt folkehelsearbeid. Det er per i dag ikkje utvikla noko felles indikatorsett som gir kunnskap om korleis kommunar og fylkeskommunar innrettar folkehelsearbeidet.

Psykisk helse som ein del av folkehelsearbeidet

Som ei oppfølging av Meld. St. 19 (2014–2015) «Folkehelsemeldingen. Mestring og muligheter» la regjeringa i 2017 fram ein egen strategi for betre psykisk helse, «Mestre hele livet». Målet er at fleire skal oppleve god psykisk helse, livskvalitet og meistring, og at dei sosiale forskjellane i psykisk helse skal reduserast. Samtidig skal ein leggje til rette for å fange opp dei som treng hjelp, og setje i verk målretta tiltak for enkeltpersonar som er i ein sårbar situasjon. For dei som utviklar psykiske lidingar, skal tenestene vere tilgjengelege, effektive og koordinerte.

Psykisk helse som ein del av folkehelsepolitikken inneber å rette merksemda mot forhold som påverkar den psykiske helsa i befolkninga. Det gjeld levekår, barnehage, skule og skulemiljø, arbeid og arbeidsmiljø, frivillig deltaking og forhold i nærmiljøet.

Gode oppvekst- og læringsmiljø står sentralt når det gjeld å førebyggje psykiske problem blant barn og unge. Det å bli utsett for mobbing har konsekvensar for helsa, mellom anna emosjonelle problem som depresjon og angst, psykosomatiske plager som hovudverk, magesmerter og søvnvanskar, problem med sjølvtillit og sjølvkjensle, sjølvmordstankar og aggressiv åtferd (Breivik mfl. 2017). Eit viktig tiltak har vore endringa i opplæringslova som blei gjord gjeldande frå august 2017. Skulane har no ei skjerpa aktivitetsplikt og skal avdekkje mobbing og følgje opp elevar som blir utsette for mobbing.

Ein tverrsektoriell og heilskapleg opptrappingsplan for den psykiske helsa til barn og unge blir lagd fram våren 2019. Etter den førre folkehelsemeldinga er det etablert eit program for folkehelsearbeid i kommunane, og frå 2019 er alle fylka inkludert. Hovudtemaet i programmet er psykisk helse og lokalt rusførebyggjande arbeid, og barn og unge er ei prioritert målgruppe. Programmet er nærmare omtalt i kapittel 7.4.1 om det systematiske folkehelsearbeidet i kommunane.

Helsevennlege val

Regjeringa er oppteken av å fremje gode levevanar og gjere dei helsevennlege vala meir attraktive og lettare tilgjengelege gjennom å bruke strukturelle verkemiddel. Samtidig skal folk framleis ha fridom til å kunne velje. Det å leggje til rette for helsevennlege val må framleis vere eit viktig prinsipp i folkehelsepolitikken.

Kommunikasjonsarbeidet er styrkt og gjort meir målgrupperetta, mellom anna gjennom auka bruk av sosiale medium. Kommunikasjon om kosthald, fysisk aktivitet og tobakks- og alkoholbruk blir sett meir i samanheng, og psykisk helse blir i større grad inkludert i kommunikasjonsarbeid om gode levevanar.

Regjeringa la i 2017 fram Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021). Sunt kosthold, måltidsglede og god helse for alle! som ei oppfølging av Stortinget si behandling av Meld. St. 19 (2014–2015) Folkehelsemeldingen. Mestring og muligheter. Ei viktig oppfølging av meldinga har vore å styrkje samarbeidet med matvarebransjen med sikte på å gjere det enklare for forbrukarane å velje sunne matvarer. Dette samarbeidet har vekt internasjonal interesse. Næringslivsgruppa er nærmare beskriven i kapittel 6 og 8.

På tobakksområdet er det innført fleire tiltak som regulerer etterspurnaden, mellom anna krav om standardiserte tobakkspakningar. For å gjere sigarettar mindre tiltrekkjande for barn og unge er det vedteke forbod mot smakstilsetjingar, og ein EØS-prosess avgjer når forbodet kan setjast i kraft. Det er framleis behov for å intensivere innsatsen mot tobakksbruk, særleg overfor barn og unge.

Å integrere fysisk aktivitet i større grad på sentrale arenaer for barn og unge har vore viktig. Regjeringa har styrkt symjeopplæringa for barn i skulealder. Regjeringa har starta arbeidet med ein handlingsplan for fysisk aktivitet. Den er nærmare beskrive i kapittel 6.

Regjeringa har lagt fram ein opptrappingsplan for rusfeltet (2016–2020) med oversikt over hovudutfordringane og kortsiktige og langsiktige strategiar for å møte dei. Hovudinnsatsen er retta mot kommunane med størst utfordringar. I tillegg har regjeringa teke initiativ til ei rusreform der samfunnet sin reaksjon på bruk og innehav av narkotika til eigen bruk skal flyttast frå justissektoren til helsesektoren.

For å styrkje det rusførebyggjande arbeidet på offentlege arbeidsplassar har Helsedirektoratet på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet utvikla faglege råd med rettleiing om korleis ein kan utvikle og følgje opp ein rusmiddelpolitikk på arbeidsplassen. Råda er spesielt tilpassa arbeidsplassar i offentleg sektor, men kan òg nyttast i privat sektor.

Aktive eldre

Regjeringa er oppteken av å skape eit aldersvennleg samfunn. I Meld. St. 15 (2017–2018) Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre er eitt av hovudsatsingsområda aktivitet og fellesskap. I meldinga blei òg eit nasjonalt program for eit aldersvennleg Noreg lansert. Dette er beskrive i kapittel 5.

I 2016 la regjeringa fram ein tverrsektoriell strategi for eit aldersvennleg samfunn. I strategien viser regjeringa korleis alle sektorar har ansvar for verkemiddel som bidreg til at eldre kan leve eit aktivt og deltakande liv.

Strategien byggjer på at vi skaper eit aldersvennleg samfunn ved å setje brukarperspektivet først og mobilisere arbeids- og næringslivet, lokalsamfunnet, sivilsamfunnet og interesseorganisasjonane. Vidare tek strategien for seg nyskaping og ser på korleis vi kan utvikle og ta i bruk teknologi og nye løysingar som kan stimulere næringslivet samtidig som det styrkjer meistring og deltaking blant den eldre delen av befolkninga. Kunnskaps- og forskingsinstitusjonar er viktige medspelarar.

Regjeringa har lagt til rette for at eldre kan stå lenger i arbeid ved at den øvre aldersgrensa i arbeidsmiljølova er heva frå 70 til 72 år frå 1. juli 2015. Pensjonsreforma er utvida til å omfatte offentleg sektor, avgangsalderen i arbeidslivet aukar, og regjeringa har lagt fram ein nasjonal kompetansepolitisk strategi (2017–2021) som framhevar livslang læring. Det er innført vern mot aldersdiskriminering i likestillings- og ikkje-diskrimineringslova. Arbeidet med å fremje meir universell utforming har mykje å seie i eit aldrande samfunn. Handlingsplan for universell utforming for perioden 2015–2019 legg vekt på velferdsteknologi og IKT og følgjer opp arbeidet med universell utforming på andre viktige samfunnsområde. Regjeringa vil evaluere den gjeldande handlingsplanen for universell utforming. Det er potensial for betre tilrettelegging, og med eit nasjonalt program for eit aldersvennleg Noreg blir innsatsen meir konkret. Regjeringa har etablert Rådet for eit aldersvennleg Noreg.

Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet utarbeidd rapporten «Framtidens eldre i by og bygd» (Syse og Rogne 2017). Rapporten framskriv aldringa i alle norske kommunar og regionar og viser korleis eldrebefolkninga vil utvikle seg, også i lys av sosioøkonomiske forhold. Hovudfunna er at den neste generasjonen eldre vil ha betre ressursar enn før, og at fleire vil ha høgare utdanning og betre økonomi. Samtidig viser rapporten at det er geografiske ulikskapar i auken av prosentdelen eldre. Dei kommunane som får høgast prosentdel eldre, vil få ei eldrebefolkning med dårlegast ressursar.

Helsedirektoratet har sett i gang utviklingsarbeid for å vise korleis kommunane kan bli meir aldersvennlege. Helsedirektoratet har òg sett i gang andre prosjekt, mellom anna blir det utarbeidd ei rettleiing for utforming av aldersvennleg nærmiljø.

1.6 Internasjonalt samarbeid

Formålet med det omfattande internasjonale helsesamarbeidet er å fremje allmenn folkehelse og verne om norske helsepolitiske omsyn og prioriteringar i internasjonal samanheng. Noreg må delta i dei foruma der helsepolitiske avgjerder blir tekne, for å fremje norske interesser, dra nytte av erfaringane til andre land og bidra til gode fellesløysingar, til dømes innanfor EØS-avtalen. Internasjonalt samarbeid kan gi legitimitet til det nasjonale arbeidet og gjere det betre. Nasjonal politikk og nasjonalt handlingsrom blir òg påverka av internasjonale plikter, internasjonale retningslinjer og internasjonalt samarbeid. Det er derfor svært viktig å vere med og utvikle desse. Noreg har òg ei etisk plikt til å bidra til gode internasjonale køyrereglar for helse til beste for land som har store nasjonale utfordringar, men avgrensa kapasitet til å bidra i det internasjonale folkehelsearbeidet.

Samarbeid med andre land om tiltak for å styrkje den globale folkehelsa er i aukande grad ein føresetnad for å verne om helsa og helsetryggleiken til den norske befolkninga. Antibiotikaresistens, smittevern, narkotika og mattryggleik er døme på utfordringar som enkeltland ikkje kan løyse åleine, og der det trengst ein koordinert global innsats for å redusere risikoen i Noreg. Regjeringa vil at Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet med å førebyggje antibiotikaresistens.

Berekraft er eit gjennomgåande tema i denne folkehelsemeldinga. Berekraftsmåla til FN, som er beskrivne i punkt 1.3.3, jf. Agenda 2030, føreset god samanheng mellom nasjonal og internasjonal politikk. Ein viktig del av det internasjonale samarbeidet er i dag bygd opp rundt det å nå berekraftsmåla.

Verkemiddel

Noreg har forplikta seg til å gjennomføre ei rekkje rettsleg bindande avtalar og regelverk på helseområdet. Døme på slike avtalar er det internasjonale helsereglementet (IHR 2005) for å hindre utbrot og internasjonal spreiing av smittsame sjukdommar, tobakkskonvensjonen og den tilhøyrande protokollen mot ulovleg tobakkshandel og narkotikakonvensjonane.

Noreg har vore med på å drive fram og vedta ei rekkje handlingsplanar i WHO. Den globale handlingsplanen for førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar (NCD) (2013–2020) er ein av dei mest sentrale. Planen har som mål å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdommar (kreft, hjarte- og karsjukdom, diabetes og kronisk lungesjukdom) gjennom å setje i verk tiltak mot dei største risikofaktorane. Dette er nærmare omtalt i kapittel 6.

WHO-rammeverket for pandemisk influensaberedskap ligg til grunn for den nasjonale planlegginga av tiltak mot pandemisk influensa. WHO-rammeverket skal både sikre utvikling og produksjon av vaksinar mot sesonginfluensa og styrkje den globale beredskapen mot utbrot av pandemisk influensa.

Andre internasjonale avtalar har andre hovudformål og kan derfor avgrense tilgangen til å regulere ut frå folkehelseomsyn. Dette er til dømes ei utfordring når ein skal inngå handelsavtalar. Det blir arbeidd fortløpande med å verne om retten til nasjonal regulering og forhold som er viktige for å sørgje for god folkehelse.

EØS-lovgivinga legg generelle føringar på den norske regelverksutviklinga, er svært omfattande og har mykje å seie på folkehelseområdet. Noreg har som mål at vi skal vere tydelegare, tyngre og tidlegare ute i europapolitiske spørsmål.

Praktisk talt alt regelverk på mattryggleiksområdet er omfatta av EØS-avtalen. Noreg er òg omfatta av EU-vedtaket om grensekryssande helsetruslar, som gjeld samarbeid på beredskapsområdet ved biologiske og kjemiske hendingar. Noreg deltek òg i EU-arbeidet mot antibiotikaresistens. Gjennom EØS-midlane er både europeiske folkehelseutfordringar og vald i nære relasjonar prioritert innanfor programområda for perioden 2014–2021. Noreg deltek i ei rekkje ekspertgrupper og i ulike former for forskingssamarbeid.

Helse er eitt av fem prioriterte område for norsk utviklingssamarbeid. Noreg gir mykje støtte til organisasjonar som arbeider for å fremje helse, mellom anna gjennom vaksinering. Helse- og omsorgsdepartementet har på vegner av Noreg inngått fleire bilaterale helsesamarbeidsavtalar der innsatsen for folkehelsa er sentral. I tillegg finst det ei rekkje regionalt baserte samarbeidsordningar med vekt på nordområda og Austersjø-regionen.

Noreg er ein aktiv økonomisk bidragsytar til internasjonalt samarbeid innanfor global helse, mellom anna til tiltak som har mykje å seie for folkehelserelatert arbeid i utviklingsland. Hovuddelen av bidraga går til ulike organisasjonar og helsepartnarskap. Om lag 10 prosent av bistandsbudsjettet som Utanriksdepartementet og NORAD forvaltar, går til helseformål.

Internasjonale arenaer

Folkehelse er eit sentralt tema på mange internasjonale arenaer. FN og underorganisasjonane er hovudarenaen for berekraftsmåla og er dermed viktig i folkehelsesamanheng, mellom anna på område som HIV/aids (UNAIDS), narkotika (UNODC), miljø og helse og fysisk aktivitet. Mattryggleik og kosthald er ansvarsområda for mellom anna Codex Alimentarius Commission og FNs mattryggleikskomité CFS (Committee on Food Security).

WHO er FNs særorganisasjon for helse og den sentrale arenaen for samarbeid mellom helseforvaltinga til medlemslanda, både globalt og regionalt. Det normative mandatet til WHO er utgangspunktet for overvakinga av helsesituasjonen i medlemslanda og innsamlinga av statistikk for sjukdom og dødsårsaker. Vidare omfattar mandatet vitskapleg grunngitte tilrådingar til landa om effektive helsetiltak, mellom anna tiltak for å styrkje folkehelsa. Etter kvart som WHO-arbeidet legg stadig meir vekt på årsakene til dårleg helse og sjukdom framfor sjølve sjukdommen, blir òg kunnskapen om korleis sjukdom og for tidleg død kan førebyggjast, styrkt.

Eit sentralt aspekt ved Noregs arbeid i WHO-samanheng er å støtte det normative mandatet til WHO. Det vil seie å fremje kor viktig det er at WHO, uavhengig av økonomiske og andre interesser, framleis skal komme med klare kunnskapsbaserte tilrådingar til medlemslanda om kva slags tiltak dei bør setje i verk for å redusere sjukdom og for tidleg død som følgje av ikkje-smittsame sjukdommar. I tillegg deltek Noreg på ei rekkje regionale samarbeidsarenaer, ikkje minst gjennom EU- og EØS-samarbeidet. Europarådet er òg ein viktig arena, særleg på narkotikaområdet.

Det nordiske samarbeidet er viktig for å kunne samarbeide om aktuelle saker og for å kunne dele erfaringar. Dette skal bidra til sterkare samarbeid mellom dei nordiske landa, mellom anna for erfaringsutveksling og felles innsats innanfor kunnskapsutvikling, regelverk og økonomiske og organisatoriske verkemiddel.

Det er etablert ein folkehelsearena under Nordisk ministerråd. Nordisk velferdssenter er sekretariat for arbeidet. Nordisk samarbeid innanfor folkehelse skal prioriterast. I tillegg omfattar det nordiske samarbeidet ei rekkje faglege samarbeid mellom anna innanfor kosthald, mattryggleik og tobakks- og alkoholpolitikk. I ein del samanhengar, til dømes når det gjeld drikkevatn, omfattar det nordiske samarbeidet dei baltiske landa òg.

Det internasjonale arbeidet er nærmare beskrive i dei tematiske kapitla i denne meldinga, der det er relevant.

1.7 Samandrag

I denne stortingsmeldinga presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga.

Eit berekraftig folkehelsearbeid

Noreg har slutta seg til berekraftsmåla til FN, mellom anna for å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdommar (NCD) som hjarte- og karsjukdommar, diabetes, kols og kreft med 30 prosent innan 2030. Regjeringa legg vekt på det internasjonale samarbeidet på folkehelseområdet. I eit internasjonalt perspektiv har Noreg òg eit ansvar for å bidra til folkehelsa globalt. For å nå dei overordna måla for folkehelsepolitikken skal det gjennomførast tiltak på desse områda:

  • tidleg innsats blant barn og unge

  • førebygging av einsemd

  • mindre sosial ulikskap i helse

  • innsats for eit trygt og helsefremjande samfunn

  • gode levevanar og helsevennlege val

I tillegg skal det systematiske, tverrsektorielle folkehelsearbeidet vidareførast og vidareutviklast. Det er beskrive i kapitla om den norske folkehelsemodellen, helse i all politikk og godt kunnskapsgrunnlag for folkehelsearbeidet.

Tidleg innsats blant barn og unge

Kapittel 2 legg til grunn at tidleg innsats for barn og unge er eit tverrsektorielt ansvar og ei av dei viktigaste oppgåvene i samfunnet. Tidleg innsats er nødvendig for å førebyggje behovet for meir inngripande tiltak på eit seinare tidspunkt og legg grunnlaget for ei berekraftig samfunnsutvikling. Kapittelet synleggjer arbeidet regjeringa gjer for å styrkje foreldreskap og sikre god kvalitet i helse- og velferdstenestene og i barnehagen, skulen og skulefritidsordninga. Kapittelet omtaler det viktige i gode kultur- og fritidstilbod og eit trygt nærmiljø. Særlege tiltak retta mot ungdom blir òg løfta fram, mellom anna helse- og velferdstenester for studenter.

Strategi for å førebyggje einsemd

Kapittel 3 omtaler regjeringa sin strategi for å førebyggje einsemd. Einsemd som folkehelseutfordring skal synleggjerast gjennom kampanjar og tiltak for auka sosial deltaking. Regjeringa vil òg få meir kunnskap om einsemd og kva som er dei mest effektive tiltaka for å redusere uønskt einsemd. Det skal òg jobbast meir systematisk for å førebyggje einsemd og auke den sosiale støtta.

Mindre sosial ulikskap i helse

Kapittel 4 beskriv regjeringa sin politikk for å redusere sosial ulikskap i helse. Folkehelse og sosiale forskjellar i helse heng nært saman med velferdsutviklinga og forskjellar i levekår, arbeid, utdanning og inntekt. Det er nødvendig med tiltak som rettar seg mot heile årsakskjeda: frå grunnleggjande levekårsforhold til levevanar, fysiske og sosiale miljøfaktorar og helsetenester. Det må vurderast potensielle fordelingseffektar av tiltak og strategiar på lokalt og nasjonalt nivå, og det skal vurderast ein ekstern gjennomgang av den norske politikken for å redusere sosiale helseforskjellar.

Innsats for eit trygt og helsefremjande samfunn

I kapittel 5 om eit meir helsefremjande samfunn er det lagt vekt på å utvikle eit samfunn som fremjar helse og trivsel. Det inkluderer eit samfunn som fremjar god psykisk helse og har ei aldersvennleg innretning. Aktiv aldring handlar om at eldre menneske blir rekna som ein ressurs i samfunnet, og om å leggje til rette for deltaking og medverknad. Eit aldersvennleg samfunn vil omfatte tiltak for å stimulere til aktivitet og meistring.

Nærmiljø- og lokalsamfunnsutvikling er sentralt i folkehelsearbeidet. Gode lokalsamfunn har mykje å seie for livskvalitet og utvikling av sosiale nettverk som bidreg til trivsel, tilhøyrsle og god helse. Det er eit mål å utvikle eit meir helsefremjande miljø og verne befolkninga mot miljøfaktorar som støy, luftforureining, miljøgifter, stråling, dårleg inneklima, risiko for ulykker og skadar og mat- og vassborne sjukdommar. Førebygging av vald står sentralt i arbeidet.

Kapittelet presenterer ein nullvisjon for alvorlege fallulykker i heimen og omtaler regjeringsarbeidet for å styrkje og få meir kunnskap om livskvaliteten til befolkninga.

Gode levevanar og helsevennlege val

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å gjere det lettare å ta sunne val, mellom anna gjennom å leggje til rette for betre kosthald og auka fysisk aktivitet. Kapittel 6 i meldinga varslar at det skal utarbeidast ein ny NCD-strategi som mellom anna skal inkludere psykisk helse og muskel- og skjelettlidingar. Kapittelet presenterer òg ein ny nasjonal tobakksstrategi for perioden 2019–2021 og mål og strategiar for ein ny handlingsplan for fysisk aktivitet.

Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold skal følgjast opp. Arbeidet med mat og måltid blant eldre skal vidareførast. Det skal utarbeidast ein alkoholstrategi. Det blir òg varsla ein strategi om «health literacy» (om å forstå og bruke informasjon om helse).

Regjeringa vil fremje god helse og livskvalitet hos personar med kronisk sjukdom og funksjonsnedsetjingar, til dømes sansetap. Det er tidlegare varsla ei sterkare satsing på førebyggjande arbeid i helse- og omsorgstenesta, som må tilpasse seg utfordringane med livsstilssjukdommar og fleire pasientar med kroniske lidingar.

Den norske folkehelsemodellen

Kapittel 7 beskriv den norske folkehelsemodellen, mellom anna det nasjonale, regionale og lokale systemet for å sikre systematisk og langsiktig oppfølging av folkehelsearbeidet i tråd med prinsippa i folkehelselova.

Folkehelsearbeidet i kommunane skal styrkjast gjennom programmet for folkehelsearbeid, som no inkluderer alle fylke. Nasjonale myndigheiter skal hjelpe kommunesektoren ved å gi dei data om helse og påverknadsfaktorar, fagleg støtte og rådgiving. Folkehelsemeldingar kvart fjerde år skal baserast på ein rapport frå Folkehelseinstituttet om helse og påverknadsfaktorar og ei vidareutvikling av indikatorrapporteringa frå Helsedirektoratet. Utgreiing av retningslinjer for prioritering på folkehelseområdet skal gjennomførast.

Helse i all politikk

Kapittel 8 beskriv rolla dei ulike sektorane har i folkehelsearbeidet, både offentleg, frivillig og privat sektor. Det blir lagt vekt på kor viktig samarbeidet med frivillig sektor er for å betre folkehelsa. Vidare blir potensialet for samarbeid med privat sektor løfta fram.

Samarbeidet med næringslivet skal vidareførast, og ein vil ta sikte på å utvide samarbeidet mellom frivillig, privat og offentleg sektor.

Kapittelet beskriv ansvaret til departement og aktuelle prosessar som påverkar folkehelsa. For å sikre ei god koordinering av folkehelsearbeidet vil Helse- og omsorgsdepartementet vidareføre arbeidet i ei tverrdepartemental gruppe.

Godt kunnskapsgrunnlag for folkehelsearbeidet

Kapittel 9 beskriv behovet for eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid. Eit effektivt folkehelsearbeid av god kvalitet må byggje på kunnskap om helse og helseutfordringar, kva som påverkar helsa, og kva slags verkemiddel og tiltak som har effekt. Det skal leggjast til rette for meir systematisk utvikling og bruk av forskingsbasert kunnskap i folkehelsearbeidet. Det krev gode helseanalysar, tiltaksforsking og systematisk vurdering av effekten av tiltak gjennom følgjeforsking, evalueringar og kunnskapsoppsummeringar. Det skal i større grad leggjast til rette for evaluering ved gjennomføring av nasjonale tiltak. Det er behov for gode oversikter over helse- og påverknadsfaktorar, og ein vil byggje opp kompetanse i kommunane og fylkeskommunane og utvikle betre verktøy for å ta vare på folkehelsa på tvers av sektorar og for å få meir kunnskap om folkehelse.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Kapittel 10 inneheld ein overordna omtale av dei økonomiske og administrative konsekvensane av den folkehelsepolitikken som er beskriven i stortingsmeldinga. Ein stor del av innsatsen for å betre helsa i befolkninga kan skje innanfor eksisterande økonomiske rammer og administrative system. Det er behov for å vidareutvikle folkehelsearbeidet både lokalt og på nasjonalt nivå. Nye tiltak for å styrkje folkehelsearbeidet må fremjast i ordinære budsjettframlegg.

Til forsida