Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 23 (2016–2017)

Årsmelding 2016 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

2 Om pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Dei tidlegare pensjonsordningane for stortingsrepresentantar og statsrådar blei 1. januar 2012 erstatta av éi pensjonsordning. Alderspensjonen i den noverande pensjonsordninga er basert på dei same prinsippa som ny alderspensjon i folketrygda, og pensjonen blir gitt som eit direkte tillegg til alderspensjonen frå folketrygda.

Dette inneber mellom anna at alderspensjonen er endra frå ei bruttoordning basert på sluttlønn til ei nettoordning basert på opptening i alle år som stortingsrepresentant og regjeringsmedlem. Hovudtrekka i den noverande pensjonsordninga er forklart i punkt 2.1. Rett som er tent opp i dei to tidlegare pensjonsordningane er vidareført i den nye lova. Hovudtrekka i desse ordningane er forklart i punkt 2.2 og punkt 2.3.

2.1 Hovudtrekk i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

  • Alderspensjonen blir opptent ved at medlemene kvart år byggjer seg opp pensjonsrett i form av ei pensjonsbehaldning. Oppteninga utgjer ein fastsett prosentdel av vederlaget til stortingsrepresentanten eller regjeringsmedlemen. Oppteninga utgjer 6,03 prosent av vederlaget opp til 7,1 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) og 24,13 prosent av vederlaget mellom 7,1 G og 12 G (G per 1. mai 2016 = kr 92 576). Pensjonsbehaldninga blir regulert med lønnsvekst fram til alderspensjonen blir teken ut.

  • Den årlege alderspensjonen blir rekna ut ved å dele den opparbeidde pensjonsbehaldninga på eit delingstal. Delingstalet reflekterer forventa attståande levetid på det tidspunktet ein tek ut pensjonen. Delingstala er utforma slik at pensjonen blir levealdersjustert på same måte som i folketrygda.

  • Alderspensjonen kan takast ut fleksibelt, tidlegast frå 62 år, i hovudsak etter dei same prinsippa som i folketrygda. Dersom pensjonen ikkje er teken ut innan vedkomande fyller 75 år, skal pensjonen uansett betalast ut frå og med månaden etter fylte 75 år. Arbeid og pensjon kan kombinerast utan at pensjonen blir avkorta.

  • Før utbetaling blir opptent rett regulert årleg i samsvar med lønnsveksten. Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsveksten, og deretter trekt frå 0,75 prosent. Det vil seie at ein følgjer dei same prinsippa for regulering som i folketrygda.

  • Pensjon som er opptent etter dei nye reglane, skal ikkje samordnast med andre pensjonsytingar.

  • Det er gitt overgangsreglar som sikrar rett opptent etter den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og den tidlegare pensjonsordninga for statsrådar. For dei som har opptening etter både gamal og noverande pensjonsordning, er det reglar om at samla pensjon ikkje skal overstige ein utrekna maksimal pensjon. Stortingsrepresentantar som ikkje hadde opptent rett til pensjon før 1. oktober 2009, og regjeringsmedlemer som ikkje hadde opptent rett til pensjon før 1. januar 2012, får opptening etter den noverande ordninga frå 1. oktober 2009. Dei noverande reglane fekk verknad for andre medlemer frå 1. januar 2012.

  • I lov om ny uførepensjon frå 7. mars 2014 nr. 5 blei reglane om uførepensjon for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer endra med verknad frå 1. januar 2015 og tilpassa nye reglar som samstundes blei vedtekne for Statens pensjonskasse. Endringane inneber mellom anna at også uførepensjon er lagt om til ei nettoyting. Pensjonen blir gitt som eit tillegg til uføretrygda frå folketrygda og skal ikkje samordnast med andre pensjonar og trygder. Det er òg gitt nye reglar om avkorting av uførepensjon mot arbeidsinntekt. Når skatteoppgjeret er klart, kontrollerer Statens pensjonskasse om det er utbetalt korrekt uførepensjon. Er det utbetalt for mykje eller for lite pensjon, skal det gjennomførast eit etteroppgjer. Det blei vedteke at dei som hadde uførepensjonar under utbetaling skulle overførast til nytt regelverk frå 1. januar 2015.

  • Etterlatnepensjon blir i hovudsak gitt etter reglane i lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse .

2.2 Hovudtrekk i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar

  • Personar med rett i den tidlegare ordninga for stortingsrepresentantar, får dette vidareført i eit kapittel i den nye lova.

  • Alderspensjonen er ein bruttopensjon som blir samordna med andre pensjonsytingar etter samordningslova.

  • Full alderspensjon blir gitt etter 12 års oppteningstid og utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget. Dersom oppteningstida er kortare, blir pensjonen redusert i samsvar med dette. Pensjonsgrunnlaget er basert på tidlegare årleg bruttogodtgjersle for stortingsrepresentantar.

  • Pensjonsalderen er 65 år. Ein kan få alderspensjon tidlegare når summen av alder og oppteningstid i den tidlegare ordninga fram til 1. januar 2012 er minst 75 år (75-årsregelen). Dette gjeld likevel ikkje dersom vedkomande har eller får inntekt som overstig ei inntektsgrense.

  • Alderspensjon kan ikkje ytast så lenge vedkomande er medlem av regjeringa eller Stortinget. Det same gjeld den som er tilsett i statleg eller kommunal teneste i minst 80 prosent stilling eller har minst 80 prosent stilling som kommunalt ombod.

  • Alderspensjonen som stortingsrepresentantar har rett til mellom 65 og 67 år, kan tidlegast takast ut frå 62 år. Summen av alderspensjon for perioden 65–67 år blir fordelt på perioden frå pensjonen blir teken ut til 67 år. Alderspensjon som blir teken ut etter denne føresegna, kan ikkje takast ut samtidig med alderspensjon etter 75-årsregelen.

  • Alderspensjonen blir levealdersjustert frå fylte 67 år for personar som er fødde i 1943 eller seinare.

  • Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsveksten, og deretter trekt frå 0,75 prosent. Fram til pensjonen blir teken ut, blir pensjonsgrunnlaget regulert årleg i samsvar med lønnsveksten.

2.3 Hovudtrekk i den tidlegare pensjonsordninga for statsrådar

  • Også rett i den tidlegare pensjonsordninga for statsrådar er vidareført i den nye lova.

  • Alderspensjonen er ein bruttopensjon som blir samordna med andre pensjonsytingar etter samordningslova.

  • Ei tenestetid på tre år gir årleg ein alderspensjon på 42 prosent av pensjonsgrunnlaget. For kvart tenesteår frå tre til og med seks år blir satsen auka med fem prosentpoeng. Full pensjon etter seks tenesteår utgjer då 57 prosent av pensjonsgrunnlaget. Pensjonsgrunnlaget er basert på tidlegare årleg bruttogodtgjersle fastsett for statsrådar.

  • Pensjonsalderen er 65 år. Alderspensjonen eit regjeringsmedlem har rett til mellom 65 og 67 år, kan tidlegast takast ut frå 62 år. Summen av alderspensjon for perioden 65–67 år blir fordelt på perioden frå pensjonen blir teken ut til 67 år. Alderspensjon som blir teken ut etter denne føresegna, kan ikkje takast ut samtidig med alderspensjon etter 75-årsregelen for stortingsrepresentantar.

  • Alderspensjon kan ikkje ytast så lenge vedkomande er medlem av regjeringa eller Stortinget. Det same gjeld den som er tilsett i statleg eller kommunal teneste i minst 80 prosent stilling eller har minst 80 prosent stilling som kommunalt ombod.

  • Alderspensjonen blir levealdersjustert frå fylte 67 år for personar som er fødde i 1943 eller seinare.

  • Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsveksten, og deretter trekt frå 0,75 prosent. Fram til pensjonen blir teken ut blir pensjonsgrunnlaget regulert årleg i samsvar med lønnsveksten.

Til toppen
Til forsida av dokumentet