Meld. St. 25 (2018–2019)

Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital

Til innhaldsliste

Del 4
Prioriterte forbrukarområde

11 Forbrukarutfordringar på kredittmarknaden

Figur 11.1 

Figur 11.1

Foto: Johnér

11.1 Innleiing

I eit moderne samfunn er tilgang til kreditt viktig og naudsynt. Kreditt dannar grunnlag for verdiskaping og økonomisk vekst – både for enkeltpersonar og for heile samfunnet. Samstundes kan kreditt skape problem for personar som av ulike grunnar tek opp større lån enn dei klarer å handtere. Det kan skuldast at ein undervurderer kostnaden ved låneopptaket, ser for optimistisk på framtidig inntekt, eller handlar impulsivt og kortsiktig.

Regjeringa ser med uro på veksten i marknaden for usikra forbrukskreditt og har starta ei rekkje tiltak for å få denne marknaden til å fungere betre.

Regjeringa vil arbeide for ein forsvarleg utlånspraksis av usikra forbrukskreditt og mindre press i marknadsføringa av denne typen kredittar. Forbrukarar i ein sårbar livssituasjon skal ikkje bli freista til å ta opp dyr kreditt som seinare vil setje dei i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Det er viktig å styrkje kunnskapen om personleg økonomi blant innbyggjarane. Kloke økonomiske val kan danne grunnlag for ein sunn framtidig økonomi. Uheldig opptak av forbrukslån og udisiplinert bruk av kredittkort kan motsett få særs negative konsekvensar. Styresmaktene skal sørgje for eit robust tilbod om hjelp og rådgiving til dei som allereie har gjeldsproblem.

11.2 Utviklingstrekk

11.2.1 Gjeldssituasjonen i norske hushald

Gjelda til norske hushald har lenge vakse raskare enn inntektene. Som del av disponibel inntekt har gjelda meir enn dobla seg sidan byrjinga av 1980-talet. Per i dag har norske hushald i gjennomsnitt ei gjeld som svarer til meir enn to gonger den disponible inntekta. Det er høgt både historisk og samanlikna med andre land.

Særleg yngre hushald har høg gjeld i høve til inntekta. Hushalda der hovudinntektstakaren er mellom 25 og 34 år, hadde i gjennomsnitt den høgaste gjeldsbyrda i 2016.

Figur 11.2 Gjelda til norske hushald fordelt etter type.1 År 2016.

Figur 11.2 Gjelda til norske hushald fordelt etter type.1 År 2016.

1 Opplysingane om forbrukslån er baserte på Finanstilsynet sitt utval av bankar og finansieringsselskap, som dekkjer hovuddelen av marknaden. Med anna gjeld meiner ein billån og anna sikra gjeld utanom bustad.

Kjelde: Noregs Bank

Marknaden for usikra forbrukskreditt utgjer tre prosent av den totale gjelda til hushalda, men denne marknaden har hatt ein kraftig vekst over fleire år, med ein topp på 17 prosent i fyrste kvartal 2017. Sjølv om veksten har dabba litt av og var nærare 14 prosent ved utgangen av 2018, ligg han framleis klart over den samla gjeldsveksten i hushalda. Usikra forbrukskreditt omfattar både nedbetalingslån utan sikring (forbrukslån) og kredittrammer knytte til kreditt- og faktureringskort. Den usikra forbruksgjelda til innbyggjarane utgjer no meir enn 110 milliardar kroner, og om lag halvparten av denne summen er kredittkortgjeld.1

Gjennomsnittsrenta på usikra forbrukskreditt har ifølgje Noregs Bank lege stabilt på rundt 13–14 prosent sidan 2005.2 Dette er langt høgare enn for andre lån, og rentene på den usikra forbrukskreditten svarer til 14 prosent av dei samla rentekostnadene til hushalda.3 Hushald med høg gjeld er sårbare ved renteauke, bortfall av inntekt og fall i bustadprisar, og denne risikoen aukar ytterlegare ved opptak av usikra kreditt.4

For å bidra til ei meir berekraftig utvikling på marknaden for bustadlån vedtok Finansdepartementet i juni 2015 den fyrste forskrifta om krav til nye utlån med pant i bustad (bustadlånforskrifta). I denne blir det stilt krav om mellom anna betalingsevne og gjeldsgrad. Forskrifta blei ført vidare og stramma inn frå januar 2017. Frå juni 2018 blei forskrifta igjen ført vidare med enkelte mindre justeringar. I kapittel 12, som handlar om forbrukarutfordringar på bustadmarknaden, går vi nærare inn på bustadlånforskrifta og bustadgjelda til hushalda.

Finansdepartementet vedtok 12. februar i år ei forskrift med krav til utlånspraksisen bankane har for forbrukslån. Målet med forskrifta er å dempe risikoen som den aukande forbruksgjelda til norske hushald utgjer for norsk økonomi. Forskrifta er utforma etter same mønster som bustadlånforskrifta, og ho inneheld krav om mellom anna betalingsevne, gjeldsgrad og avdragsbetaling.

11.2.2 Utvikling i gjeldsproblem

Årsakene til gjeldsproblem er mange og samansette. Undersøkingar frå forbruksforskingsinstituttet SIFO viser at den typen gjeld som hushalda hadde størst utfordringar med å handtere i 2016, var knytt til usikra forbrukskreditt.5 Forbrukarar som både har kredittkortgjeld og forbruksgjeld, er særleg utsette for å få betalingsproblem.6 I ei SIFO-undersøking frå 2011 av gjeldsordningssaker i Oslo utgjorde den usikra forbruksgjelda 40 prosent av totalgjelda, eller gjennomsnittleg om lag 385 000 kroner per sak. I 2017 hadde talet auka til nesten det dobbelte. Då var forbuksgjelda i endringssakar gjennomsnittleg 689 352 kroner.7 Usikra forbrukskreditt er også ei vesentleg årsak til problema i tilfella der det blir søkt om gjeldsordning. Undersøkinga frå 2011 viser at 32 prosent av dei som nyttar seg av gjeldsordninga, oppgir forbrukslån som hovudårsak til gjeldsproblema.

Når det gjeld utviklinga i talet på hushald med økonomiske problem, ser SIFO ein klar trend. Omfanget av betalingsproblem fall frå byrjinga av 1990-åra og inn på 2000-talet, med eit historisk botnnivå på 2,6 prosent i 2008. Frå 2013 har det vore ein auke i talet på hushald som har slike problem. I 2016 rekna SIFO ut at 7 prosent av hushalda har tilbakevendande betalingsproblem. Dette svarer til 160 000 hushald, eller rundt 355 000 personar.

Utviklinga i inkassosaker og utleggsforretningar, pluss pågangen etter gjeldsrådgivingstenester hos NAV, tyder på at stadig fleire forbrukarar har problem med tilbakebetaling. Inkassoselskapa fekk over 8,6 millionar nye inkassosaker i 2017, noko som svarer til ein årleg auke på ni prosent sidan 2012. Dei siste to åra har ein dessutan sett ein klar auke i talet på forbrukslån som går til inkasso. Aldersgruppa med flest forbrukslån til inkasso er dei mellom 25 og 30 år. Også omfanget av utleggsforretningar – det vil seie saker der namsmannen stiftar pant, trekkjer inntekt eller ikkje finn noko å ta utlegg i – har auka kraftig dei siste åra. Talet er nesten dobla sidan 2006, og i 2016 var det omtrent 350 000 utleggsforretningar. Når saka har gått så langt at kravet må drivast inn med tvang av namsmannen, er det ein indikasjon på at personen har eit alvorleg gjeldsproblem. Pågangen etter gjeldsrådgivingstenester hos NAV har vore stabilt høg og auka jamleg. Om lag 16 000 personar fekk rådgiving i 2016, og rundt 9 000 personar tok kontakt med NAV via økonomirådtelefonen. Talet på saker etter gjeldsordningslova har likevel gått ned etter toppen i 2011, då det blei opna gjeldsforhandling for om lag 3 400 personar. I 2017 var talet om lag 2400. Saksmengda i 2018 var noko lågare.

Regjeringa følgjer nøye med på korleis gjeldssituasjonen i hushalda utviklar seg. I kapittel 11.3 går vi inn på nokre viktige utfordringar som hushalda har på kredittområdet, og korleis regjeringa vil jobbe med desse framover. Søkjelyset er særleg retta mot utfordringar knytt til uheldig opptak av usikra forbrukskreditt, då ein ser at denne typen gjeld har problematiske sider – spesielt for hushald som slit med å betale gjelda si.

11.2.3 Regulering av kredittavtaler i ny finansavtalelov

Arbeidet med ny finansavtalelov har tre føremål: for det fyrste å gjennomføre tre EU-direktiv om høvesvis bustadlån, forbrukarkreditt og betalingskontoar og betalingstenester, for det andre å innføre tiltak mot gjeldsproblem, særleg innan forbruksgjeld, og for det tredje å modernisere utforminga av lova og lovregulere tilhøve som i dag er regulerte av ulovfesta kontraktsrett.

Eit utkast til ny finansavtalelov var på høyring fram til 15. desember 2017. Med utgangspunkt i dette utkastet og innspela frå høyringa arbeider regjeringa no med ein lovproposisjon med forslag til endringar som samla vil styrkje forbrukarvernet ved inngåing av kredittavtaler.

I forslaget tek regjeringa sikte på ei samla gjennomføring av krava EU-direktiva stiller til ærleg, reieleg og profesjonell åtferd i samsvar med pliktene som gjeld for kredittavtaler, og elles i samsvar med det som er avtalt og fagleg forsvarleg. Bustadlåndirektivet stiller klare krav til god forretningsskikk og profesjonell åtferd, mens forbrukarkredittdirektivet regulerer god forretningsskikk meir indirekte. Etter norsk rett gjeld krav til god forretningsskikk uavhengig av føremålet med kreditten, og kravet gjeld i ekstra stor grad for verksemder som er underlagde krav til mellom anna fagleg kompetanse eller særskilt løyve.

Ei ny finansavtalelov bør sikre at forbrukarane får nok opplysingar til at dei kan forstå og vurdere ulike tilbod. Opplysingane som ein forbrukar får, bør vere klare og ikkje villeiande. Tilbod og anbefalingar bør vere baserte på ønska og behova til forbrukaren, og dei må i tillegg vere baserte på den økonomiske situasjonen til forbrukaren der dette er relevant. Kredittytarane bør forklare dei viktigaste eigenskapane til kredittavtala for forbrukaren, inkludert kva for konsekvensar det har viss forbrukaren ikkje betalar. Kredittytarane bør i rimeleg utstrekning forsikre seg om at forbrukaren forstår dei viktigaste opplysingane om avtala og eventuelle åtvaringar om risiko. Lova bør også innehalde reglar om at ein for visse kredittavtaler må oppfylle opplysingsplikta ved bruk av standardiserte kredittopplysingsskjema.

I dag er det ikkje angrerett på fastrentekreditt som overstig 700 000 kr. Noko av grunngivinga for dette var at ein meinte det ikkje var føremålstenleg med angrerett på bustadlån. Forbrukarkredittdirektivet gir no angrerett på usikra kreditt som er over dette beløpet, og som skal brukast til renovering. Etter bustadlåndirektivet kan medlemsstatane velje mellom å innføre angrerett eller områdingstid på bustadlån. I forslaget til ny finansavtalelov vil regjeringa gå inn for ei områdingstid på bustadlån og angrerett på all usikra kreditt til forbrukarar. Regjeringa vil i tillegg føreslå at reglane om valutalån i bustadlåndirektivet også skal gjelde for forbrukslån. Dette vil truleg gjere det lite attraktivt med valutalån til forbrukarar.

Regjeringa vil føreslå å følgje opp forslaget i høyringsnotatet om å forby koplingssal av kreditt. Dette forslaget byggjer på krava i bustadlåndirektivet, men regjeringa meiner det også bør gjelde for forbrukslån. Koplingssal vil seie at kunden berre kan få kreditten dersom han eller ho inngår ei tilknytt avtale om varer og tenester, til dømes at ein berre får tilgang til ein viss type varer dersom ein kjøper dei på kreditt. Det bør likevel vere visse unntak til dette, mellom anna for forsikringsavtaler (t.d. gjeldsforsikring) og krav om at kunden også må ha konto hos kredittytaren. Forslaget inneber ei utviding av det noverande forbodet mot koplingssal etter finansføretaksforskrifta § 16-1. Likevel bør det framleis vere lov med pakkesal, til dømes at kundar som har fleire avtaler hos kredittytaren, får tilbod om lågare kredittrenter.

Regjeringa tek også sikte på å føreslå nye reglar om bankbyte knytt til betalingskontoar, som inneber at forbrukarar skal få hjelp til å flytte over til ein ny tenesteleverandør. I utgangspunktet vil forbrukaren kunne gi ein tenesteleverandør fullmakt til å ordne ei rekkje praktiske aspekt i samband med bankbytet. Forbrukaren vil ha rett til slik hjelp både ved byte av konto i den norske marknaden og ved overføring av kundetilhøvet til ein bank i ein annan EØS-stat. Reglane byggjer på betalingskontodirektivet til EU.

Høyringsnotatet inneheldt eit forslag om at ågerrenter skal vere ugyldige. Regjeringa vil følgje opp dette forslaget. Med ågerrenter meiner ein rentevilkår som står i openbert mishøve til kreditten, eller som utilbørleg utnyttar eit avhengigheitstilhøve, gjeldsproblem eller økonomisk naud. Forslaget kan gjere det enklare for Finanstilsynet eller Forbrukartilsynet å føre tilsyn med slike avtalevilkår.

Etter at forslaget til ny finansavtalelov har blitt lagt fram for Stortinget, vil regjeringa sjå nærare på om ein treng strengare reglar for marknadsføring av kreditt, reglar om rett til kontant betaling, avtalereglar om såkalla «folkefinansiering» og reglar om leigefinansiering ved til dømes privatleasing av bil.

11.3 Utfordringar og tiltak

11.3.1 Stort omfang av kredittmarknadsføring

Det er grunn til å sjå den kraftige veksten i usikra kreditt i samanheng med den omfattande marknadsføringa. Forbrukarane får tilbod om forbrukslån og kredittkort på mellom anna internett, TV, radio, i butikkar og gjennom adressert reklame. Forbrukartilsynet påpeikar at marknadsføringa skjer i så mange kanalar at forbrukarane ikkje kan unngå å bli eksponerte. I marknadsføringa blir det lagt vekt på at ein får raskt svar og ikkje treng sikring. Ifølgje Forbrukarrådet blir kostnadene ved forbrukslån gjerne ikkje formidla godt nok, og marknadsføringa kan til tider bli oppfatta som pågåande. I ei SIFO-undersøking frå 2017 svarte 50 prosent av respondentane at dei i løpet av dei siste tolv månadene hadde fått tilbod om nytt eller utvida forbrukslån utan sjølve å ha bedt om dette.

Regjeringa har gjennom ei ny forskrift stramma inn på reglane for kredittmarknadsføring. Målet har vore å hindre at forbrukarar i ein sårbar livssituasjon blir freista til å ta opp dyr kreditt som seinare vil setje dei i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Frå 1. juli 2017 har det ikkje vore lov å framheve kor lett det er å søkje, kor raskt ein får svar på ein søknad, eller kor raskt ein kan få innvilga eit lån. I tillegg til å vere tydelege, skal lånekostnadene ikkje bli overskygde av tilbod om bonuspoeng eller rabattar som kan gjere at forbrukarane blir lokka til å ta opp kreditt berre for å få tilgang til desse.

Forbrukartilsynet har gjennomført fleire tilsynsaksjonar med marknadsføringa etter at den nye forskrifta blei innført. Seinast i april 2018 blei det avdekt ulovleg marknadsføring hos 14 aktørar. Ti av desse hadde brote reglar i den nye forskrifta. Les meir om dette i boks 11.1.

Boks 11.1 Tilsyn frå Forbrukartilsynet

Då forskrifta tredde i kraft 1. juli 2017, sende Forbrukarombodet (no Forbrukartilsynet) ut ei pressemelding om at det i løpet av hausten ville bli gjennomført tilsyn etter dei nye reglane.

I tilsynsaksjonen kontrollerte Forbrukartilsynet marknadsføringa av forbrukslån i mellom anna søkjemotorar (Google mfl.), e-post, nettaviser, sosiale medium og radioreklame. Gjennomgangen avdekte mange lovbrot, og det blei oppretta saker mot til saman 18 ulike aktørar som anten tilbyr lån sjølve eller marknadsfører forbrukslån på vegner av andre. Alle aktørane endra marknadsføring etter å ha fått brev frå Forbrukartilsynet.

Våren 2018 gjennomførte Forbrukartilsynet ein ny tilsynsaksjon der ein gjekk gjennom marknadsføringa av forbrukslån frå eit førtitals aktørar. Forbrukartilsynet oppretta sak mot 14 selskap. Ti av sakene gjaldt brot på reglar i forskrifta frå 2017, mens dei fire andre sakene gjaldt brot på andre reglar for marknadsføring av kreditt. Sakshandsaminga til Forbrukartilsynet resulterte i at alle aktørane innretta seg etter regelverket.

Forbrukartilsynet har også rapportert at omfanget og presset i marknadsføringa ikkje ser ut til å ha blitt mindre etter at forskrifta blei innført.

Etter at forslaget til ny finansavtalelov har blitt lagt fram for Stortinget, vil regjeringa sjå nærare på om ein treng strengare reglar for marknadsføring av kreditt.

11.3.2 Hyppig bruk av forenkla kredittvurderingar

I dag er det enkelt å skaffe seg forbrukslån, ikkje berre frå éin långivar, men frå fleire. Dette har samanheng både med korleis kredittvurderinga blir utført og det faktum at utlånarane ikkje har informasjon om kunden si eksisterande forbruksgjeld.

Finanstilsynet har avdekt at ei rekkje bankar manglar gode rutinar og prosessar for å sjekke betalingsevna til kunden. Ein del gjer berre ei forenkla kredittvurdering med kredittscore og undersøkjer ikkje i tilstrekkeleg grad faktorar som kan vere relevante for betalingsevna til lånesøkjaren. Ein kredittscore gir ein poengsum som skal indikere kor stor kredittrisiko kunden utgjer på til dømes ein skala frå 0 til 100.8 Kredittscoren kan gi ein peikepinn på det statistiske sannsynet for at kunden kjem til å misleghalde lånet, men vil ikkje seie noko om betalingsevna til den enkelte. Dette inneber at ein betalingsdyktig person kan bli nekta lån på grunn av for låg score, mens ein person heilt utan betalingsevne kan bli innvilga lån. Frå eit forbrukarperspektiv er det særs uheldig med forenkla kredittvurderingar som berre er baserte på kredittscore.

Boks 11.2 Døme på forenkla kredittvurdering

Eit praktisk døme er sak 2015-073 frå Finansklagenemnda Bank. Der blei ein kunde med ei årsinntekt på 130 000 kroner innvilga eit billån på 440 000 kroner. Kunden eigde ikkje eigen bustad.

Banken har opplyst at lånet blei innvilga etter ein automatisert prosess, og at det ikkje blei henta inn opplysingar frå kunden om økonomien hans. Den automatiserte prosessen blei basert på likningsopplysingar for åra 2010–2012, henta frå systemdatabasen. Sekretariatet hos Finansklagenemnda konkluderte med at banken braut plikta til å åtvare mot låneopptaket etter finansavtalelova § 47 fyrste ledd.

Manglande eller sviktande kredittvurdering er rekna som ei viktig årsak til at forbrukarar får ta opp meir kreditt enn dei er i stand til å betale tilbake. Det kjem tydeleg fram av gjeldsordningssakene at dette er eit utbreidd problem. Ei anna side ved denne saka er at mangelfull informasjon om lånekundane kan gi dårleg samsvar mellom pris og risiko. Ved usikker informasjon om gjeldssituasjonen til lånesøkjaren vil tilbydarane av forbrukslån ofte kompensere med å setje renta høgare enn det den reelle risikoen skulle tilseie. Lånet blir derfor dyrare.

Regjeringa har lagt vekt på to tiltak som skal sikre at tilbydarane av usikra kreditt gjer grundige vurderingar av betalingsevna til låntakarane: gjeldsinformasjonsordninga og regulering i ny finansavtalelov.

I 2018 fekk tre søkjarar konsesjon av Barne- og likestillingsdepartementet til å opprette gjeldsinformasjonsføretak (tidlegare kalla gjeldsregister). Når ein person søkjer om lån, vil kredittilbydaren kunne hente ut informasjon om den usikra forbruksgjelda til vedkomande frå eit gjeldsinformasjonsføretak. På den måten kan det gjerast meir presise kredittvurderingar. Når gjeldsinformasjonsføretaka har vore i drift i to år, vil regjeringa gjere ei evaluering av gjeldsinformasjonslova for å slå fast om ho fungerer etter planen.

Regjeringa vil i den nye finansavtalelova føreslå ein regel om at kredittytaren skal gjere ei forsvarleg kredittvurdering på grunnlag av opplysingar frå kunden sjølv og andre relevante kjelder (t.d. gjeldsinformasjonsføretak). Vurderinga bør ta utgangspunkt i om kunden har økonomisk evne til å betale tilbake lånet etter dei vilkåra som er føreslåtte, inkludert ved ein tilsvarande rentemargin som for bustadlån. Ein bør ikkje kunne basere vurderinga på kredittscore åleine.

Regjeringa vil også føreslå at resultatet av kredittvurderinga skal formidlast til kunden i form av eit «trafikklyssystem». Etter dette systemet gir gult uttrykk for ein viss, men likevel akseptabel risiko. Grønt viser at kunden truleg vil kunne handtere kreditten og ein eventuell renteauke utan større endringar i forbruket sitt. Raudt inneber at kunden ikkje vil kunne betale tilbake lånet etter dei føreslåtte vilkåra eller ved ein renteauke.

Ved raudt lys meiner regjeringa at det bør vere ei avslagsplikt etter mønster frå bustadlåndirektivet. Avslagsplikta bør berre gjelde for kundar som er forbrukarar. Ei slik avslagsplikt vil erstatte den gjeldande frårådingsplikta. Regjeringa ser likevel føre seg at det bør gjelde visse unntak frå avslagsplikta. Dei som bryt avslagsplikta, kan få sanksjonar i form av krav om erstatning og lemping.

Regjeringa vil følgje med på utviklinga på marknaden for forbrukslån og vurdere behovet for ytterlegare regulering for å bidra til at slike lån blir gitte på ein forsvarleg måte.

11.3.3 Svakheiter i forbrukarvernet ved misleghald

11.3.3.1 Inkasso

Inkassolova byggjer på ein vanskeleg balansegang mellom omsynet til effektiv innkrevjing på den eine sida og omsynet til rettstryggleik for skuldnaren på den andre sida. Av omsyn til skuldnaren er det gitt reglar som skal verne mot urimeleg eller urettmessig inkassopågang. Finanstilsynet viser til at det ofte blir avdekt regelbrot som har direkte konsekvens for skuldnarane i inkassosaker. Det kan her dreie seg om mellom anna forelda krav, urettmessige salær eller for høge renter.9

Justis- og beredskapsdepartementet sette i oktober 2018 ned ei arbeidsgruppe som skal utgreie endringar i inkassoregelverket. Inkassobransjen har no ein annan struktur og eit anna omfang enn då den gjeldande inkassolova tredde i kraft i 1989, og tida er moden for ein gjennomgang av regelverket. Måten inkassoverksemd vert driven på, har endra seg mykje dei siste tiåra. Til dømes har inndrivingsprosessane ved inkasso gått frå å vere manuelle og delautomatiserte til langt på veg å bli heilautomatiserte.

Regelverksarbeidet har som mål å redusere inkassosalæra og sikre at inkassosakene blir handsama på ein forsvarleg måte. Mandatet til arbeidsgruppa omfattar mellom anna organisering og ansvar, kompetansekrav, salær ved utanrettsleg inndriving (inkludert maksimalsatsane), salær til inkassoselskapa ved rettsleg inndriving (gjennom namsmannen og forliksrådet), klientmiddelhandsaming, kravet til god inkassoskikk, utkontraktering, handsaming av personopplysingar og administrative sanksjonar. Arbeidsgruppa har representantar frå Forbrukarrådet, Finanstilsynet, Virke Inkasso, Finans Norge og Justis- og beredskapsdepartementet. Arbeidsgruppa har frist til utgangen av 2019.

Tabell 11.1 Kostnader ved inndriving av eit krav på 2 500 kr

Saksgang

Gebyr

Beløp

Kjøp

2 500 kr

Purring

70 kr

2 570 kr

2. purring/inkassovarsel

70 kr

2 640 kr

Betalingsoppmoding

210 kr

2 850 kr

Lett inkasso

350 kr

2 850 kr

Tung inkasso

700 kr

3 200 kr

Saka går til forliksrådet

2 472 kr

5 672 kr

Saka går direkte til tvangstrekk

3 105 kr

6 305 kr

Saka går fyrst til forliksråd og deretter til tvangstrekk

5 577 kr

8 777 kr

Kjelde: Inkassoforskrifta og rettsgebyrlova

11.3.3.2 Rentetak og kostnadstak

I fleire europeiske land har ein innført rentetak. Rentetak er ei form for prisregulering av kreditt, der det blir sett ei grense for kor høg nominell eller effektiv rente eit lån kan ha. Målet med rentetak er å verne forbrukarar mot høge kostnader ved misleghald og å bidra til ein meir restriktiv utlånspraksis som skal hindre at sårbare grupper tek opp for mykje gjeld.

I nokre land der ein har innført rentetak, har ein valt å kombinere rentetaket med eit tak på dei samla kostnadene ved lånet – eit såkalla kostnadstak. Eit kostnadstak skal hindre at forbrukarar med betalingsproblem får urimeleg høge kostnader og ein ukontrollert gjeldsvekst ved langvarig misleghald. Bakgrunnen for reguleringa av kostnadstak i Sverige og Storbritannia har fyrst og fremst vore uro knytt til marknaden av såkalla «snabblån» og «pay day-lån». Desse små låna har kort løpetid og kan derfor få ei effektiv rente på fleire tusen prosent. I begge landa utgjer kostnadstaket 100 prosent av lånebeløpet. Eit kostnadstak er ikkje meint å skulle å fjerne naudsynte utgifter knytt til inndriving, men å setje ei grense for kor stor forteneste kreditorane kan få gjennom renter. Førebels er marknaden for små lån med kort løpetid liten i Noreg.

Boks 11.3 Skilnaden mellom kostnadstak og rentetak

Kostnadstak avgrensar dei samla kostnadene for kravet. Eit kostnadstak på 100 prosent av lånebeløpet inneber at skuldnaren ikkje kan betale meir i renter og ekstrakostnader enn beløpet som blei lånt i utgangspunktet. Dersom kreditten er på 20 000 kroner, skal heller ikkje kostnadene overstige 20 000 kroner.

Rentetak set grenser for kor høg rente ein kan ha på eit lån. Til dømes kan taket setjast slik at den effektive renta på eit forbrukslån ikkje kan vere høgare enn 40 prosent.

Eit kostnadstak kan vere eit alternativ eller supplement til rentetak. Ved langvarig misleghald kan kostnadene bli særs høge, sjølv med eit rentetak. Eit kostnadstak kan derfor fungere som eit ekstra vern for forbrukarane ved langvarig misleghald. I Sverige blei det nyleg innført eit kostnadstak på 100 prosent og eit rentetak for den nominelle renta på 40 prosent over referanserenta til Riksbanken. Reglane gjeld lån med ei effektiv rente som ligg meir enn 30 prosent over referanserenta.

I finansmarknadsmeldinga for 2019 la regjeringa fram ei utgreiing av ulike typar modellar for rentetak. I tillegg vert moglegheitene for å regulere kostnadstak drøfta. Konklusjonen er at ein ikkje bør innføre rentetak eller kostnadstak på forbrukslån no. Regjeringa legg særleg vekt på at desse tiltaka ikkje vil vere treffsikre nok til å forsvare faren for uønskte konsekvensar, slik den norske marknaden ser ut i dag.

Regjeringa følgjer utviklinga i marknaden for forbrukslån og effektane av innførte tiltak nøye, og vil vurdere om det er naudsynt med ytterlegare regulering. Regjeringa vil også følgje med på dei erfaringane som Sverige og andre relevante land gjer seg med rentetak. Stortinget vil få ei oppdatert orientering i finansmarknadsmeldinga for neste år.

11.3.4 Press på offentlege hjelpetenester

Det er eit forbrukarpolitisk mål å leggje til rette for at hushalda kan meistre økonomien sin. Dette inneber både å leggje til rette for at hushalda sjølve kan handsame dei økonomiske ressursane sine på ein måte som gjer at dei unngår gjeldsproblem og økonomiske vanskar, og å tilby føremålstenlege tiltak for å løyse slike problem.

Alle kommunar skal ha eit tilfredsstillande tilbod om råd og rettleiing til personar med økonomiske problem. Tilbodet om økonomisk rådgiving ligg hos NAV-kontora i kommunane. Mange kommunar har eigne gjeldsrådgivarar. Ved sida av det offentlege tilbodet har det lenge funnest eit tilbod om gratis gjeldsrådgiving gjennom studentdrivne rettshjelptiltak og betalte, private gjeldsrådgivarar.

11.3.4.1 Økonomisk rådgiving i NAV

Økonomi- og gjeldsrådgiving er ein del av rettleiingsplikta som sosialtenesta har etter sosialtenestelova. Føremålet med rådgivinga er tredelt: å førebyggje økonomiske problem, å løyse akutte økonomiske problem og å vere med på å finne heilskaplege og varige løysingar for tenestemottakarar med behov for økonomisk rehabilitering. Ettersom gjeldsproblematikk ofte heng saman med andre og komplekse utfordringar, vil mange trenge anna hjelp i tillegg til hjelp med dei økonomiske problema, for å handtere den vanskelege livssituasjonen dei er i.

I 2017 fekk 13 790 sosialhjelpmottakarar økonomisk rådgiving som følgje av mellombelse eller varige betalingsvanskar, mens 16 707 personar fekk økonomisk rådgiving utan å ha stønad.

Økonomisk rådgiving, og særleg gjeldsrådgiving, krev god og ofte spesialisert kompetanse. Dette kan vere ei utfordring, spesielt for mindre kommunar. Behovet for økonomisk rådgiving vil også kunne variere over tid. Det kan by på utfordringar med omsyn til kapasitet ved kvart enkelt NAV-kontor. I ein rapport frå 2013 påpeikte Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) at 180 000 norske husstandar har ein pressa økonomi, mens norske kommunar registrerer om lag 30 000 økonomiske rådgivingssaker i året. Instituttet konkluderte derfor med at tilbodet var underdimensjonert. Ifølgje NIBR rapporterte fleire kommunar også om lang ventetid for tilgang til tenesta. Både rettshjelptiltak og private gjeldsrådgivarar opplever derfor stor pågang. Når det gjeld kvaliteten på rådgivinga som blir gitt, finst det ingen nyare undersøkingar av dette.

Det er gjennomført fleire tiltak for å betre kompetansen, kvaliteten og tilgangen når det gjeld tilbodet om økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving i kommunane. I samarbeid med NAV gjennomfører fylkesmennene opplæringsopplegg med kurs, samlingar og faglege forum for økonomiske rådgivarar i kommunane. Det er etablert vidareutdanningstilbod innanfor økonomisk rådgiving ved Universitetet i Agder, Høgskulen i Innlandet og Nord universitet. Ein del kommunar har etablert interkommunalt samarbeid om økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving. Det er oppretta eit interkommunalt kompetansesenter i Trøndelag der ein prøver ut ein ny modell for å organisere tenestene på ein måte som gir betre kvalitet i dei tyngste gjeldssakene.

Ved sida av den økonomiske rådgivinga ved NAV-kontora i kommunane har NAV ei landsomfattande telefonteneste for personar med økonomiske problem. Siktemålet med økonomirådtelefonen er å gjere økonomisk rådgiving lettare tilgjengeleg og å hjelpe personar med betalingsproblem med å finne ei løysing raskare. Rådgivarane i denne tenesta driv ikkje med ordinær sakshandsaming, men gir råd om kva personen sjølv kan gjere for å løyse ein vanskeleg økonomisk situasjon. I 2018 tok 14 125 personar kontakt på telefon, mens 9 840 tok kontakt via chat. Det er gjort fleire undersøkingar som tyder på at tenesta fungerer bra, med kort gjennomsnittleg ventetid. Økonomirådtelefonen er eit lågterskeltilbod og eit supplement til den meir vidtfemnande og personlege rådgivinga ved NAV-kontora.

11.3.4.2 Gjeldsordning

Gjeldsordningslova tredde i kraft 1. januar 1993. Siktemålet med lova er å gi personar med alvorlege gjeldsproblem høve til å få kontroll over eigen økonomi. I ei gjeldsordning skal skuldnaren sikrast eit rimeleg livsopphald og ein akseptabel bustad før resten av pengane blir fordelte på kreditorane. Saksmengda viser at det lenge har vore, og framleis er, eit stort behov for gjeldsordningslova.

Regjeringa ser verdien av eit godt fungerande system for å løyse gjeldsproblem i hushalda. Gjeldsordningslova er eit av dei viktigaste verkemidla for dette. Hittil har lova vore revidert to gonger, høvesvis i 2002 og i 2012. Regjeringa vil setje i gang eit arbeid med å gå gjennom gjeldsordningslova med sikte på ein relativt omfattande revisjon. Ein har hausta mange erfaringar med lova sidan førre revisjon, og det er naudsynt med enkelte klargjeringar og forenklingar for å få ordninga til å fungere betre. Særleg bør ein sjå nærare på om ein kan forenkle dei noverande prosessreglane. Det tek i mange tilfelle svært lang tid for ein forbrukar å få ei gjeldsordning, og ofte blir det brukt for mykje tid hos namsstyresmaktene på relativt enkle og nokre gonger uvesentlege endringssaker. Det er også naudsynt å klargjere ein del spørsmål der ein har avdekt at lovverket blir praktisert ulikt.

SIFO har studert korleis det har gått med personar som har gjennomført ei gjeldsordning. Hovudkonklusjonen i studien frå 2010 var at gjeldsordningslova langt på veg fungerer slik ho er tenkt når det gjeld å rette opp i økonomien til skuldnaren og sørgje for at vedkomande får fornya tilgang til finansielle tenester. Studien viste på den andre sida at gjeldsordningslova ikkje er tilstrekkeleg med tanke på inkludering i samfunnslivet. Lova gir ikkje skuldnaren høve til å tre inn i samfunnet på ein betre måte enn då vedkomande hadde gjeldsproblem. SIFO påpeikar at 1,5–2,5 år etter å ha fullført gjeldsordninga, er det mange som har pådradd seg nye betalingsproblem. Heile 39 prosent er i ein slik situasjon. SIFO meiner dette tyder på at mange har vanskar med å endre den økonomiske praksisen sin i ei retning som sikrar berekraftig økonomi på sikt. Tilrådinga frå SIFO er derfor å utfylle gjeldsordningslova ved å etablere gode oppfølgings- og støttetiltak rundt dei som får gjeldsordning. Regjeringa meiner at samarbeidet mellom dei økonomiske rådgivarane i NAV og namsmennene her speler ei viktig rolle, mellom anna for å førebyggje nye gjeldsproblem hos personar som har vore gjennom ei gjeldsordning. Regjeringa vil arbeide vidare med å styrke samarbeidet mellom namsmennene og dei økonomiske rådgivarane hos NAV.

Regjeringa har også gått i gang med å samlokalisere sakshandsamarar i gjeldsordningssaker hos namsmennene for å skape større fagmiljø og betre sakshandsaming. Det har vore ei utfordring at dei mindre distrikta har hatt få gjeldsordningssaker, og at sakshandsamarane i desse distrikta dermed ikkje har fått like gode føresetnader for å byggje kompetanse på feltet.

11.3.5 Kunnskap om personleg økonomi er viktig

Kunnskap om personleg økonomi kan fremje eller hemme sosial mobilitet og er viktig for velferda til kvar enkelt. Kunnskap og haldningar påverkar korleis vi vurderer marknadsføring, om vi vel å spare framfor å ta opp forbrukslån, og om vi skjønar konsekvensen av det å utsetje betaling. Kunnskap om personleg økonomi er derfor naudsynt for å handsame eigen økonomi og unngå gjeldsproblem.

Utviklinga på finansmarknaden og i pensjonssystemet gjer også at forbrukarane får eit større ansvar for store finansielle avgjerder på ein stadig meir uoversiktleg finansmarknad. Ein sårbarheitsstudie frå EU-kommisjonen viser at forbrukarane er særleg sårbare i finanssektoren, der tilbod og kontraktar ofte blir framstilte på ein komplisert måte.

Samanlikna med andre OECD-land har den norske befolkninga generelt sett gode finansielle kunnskapar. Det viser ei undersøking som stiftinga AksjeNorge gjennomførte for OECD i 2016.10 Samstundes er det store skilnader mellom grupper i befolkninga, spesielt når det gjeld meir kompliserte økonomispørsmål. Her ser ein at unge kan mindre enn eldre, og at kvinner (uansett alder) kan mindre enn menn. Dei med lågare utdanning kan mindre enn dei med høgare utdanning, og dei med lågare inntekt kan mindre enn dei med høgare inntekt.

Fleire nasjonale undersøkingar framhevar at ungdom og unge vakse har for lite kunnskap om personleg økonomi. I ei SIFO-undersøking frå 2014 såg ein at unge også er meir sårbare forbrukarar enn eldre, mellom anna på grunn av dårlegare rekneevner og uøkonomisk åtferd. I tillegg er unge ofte meir uerfarne i forbrukarrolla og blir i større grad utsette for kommersielt press på nettet. Dette aukar behovet for kunnskap.

Enkelte grupper er dessutan i ein særleg utfordrande økonomisk situasjon som gjer at behovet for kunnskap aukar. Personar som av ulike grunnar står utanfor arbeidsmarknaden, unge i etableringsfasen, einslege forsørgjarar og hushald med høg gjeld er døme på dette. Desse gruppene har gjerne behov for spesifikk kunnskap om korleis dei kan organisere og handsame ein stram økonomi, og korleis dei kan komme seg ut av økonomiske vanskar.

Kunnskap står sentralt, men er ikkje det einaste som avgjer om forbrukarane tek kloke eller gjennomtenkte finansielle val. Forsking på åtferdsøkonomi tyder til dømes på at manglande impulskontroll kan bidra til korttenkte finansielle val, og at forbrukarar med lågare impulskontroll vil ha større tendens til å prioritere kortsiktig forbruk. God økonomiopplæring handlar om utvikling av sjølvdisiplin, haldningar og konsekvensforståing av finansielle val.

Også måten forbrukarinformasjonen blir presentert på, speler ei rolle for evna til å gjere gode økonomiske val. Forbrukarrådet gjennomførte i 2011 ei undersøking av kommunikasjonen mellom inkassobyrå og skuldnarar. Her kom det fram at kravbreva frå inkassoføretaka blei oppfatta som uforståelege.11 Av dei 33 personane som deltok i undersøkinga, var det 31 som misforstod kravbreva. Bruk av faguttrykk og utydelege formuleringar gjorde at forbrukarane ikkje forstod at gjelda gjekk til inkasso.

Regjeringa har lenge arbeidd for å styrkje opplæringa i personleg økonomi. Temaet er godt dekt i læreplanane i skulen, både i dei noverande planane og i dei nye som blei sende på høyring i mars 2019. Det er også sett i gang ei rekkje initiativ for å styrkje opplæringa, delvis i samarbeid med private aktørar. Eit døme her er nettsida «Skolemeny», som inneheld ulike læreverktøy og opplæringstilbod om personleg økonomi til bruk i skulen. Nettsida er utvikla av Finans Norge og eit nettverk av private og offentlege aktørar. Regjeringa vil halde fram samarbeidet om opplæring i personleg økonomi, mellom anna med finansnæringa.

OECD oppmodar alle medlemsland til å etablere strategiar for å styrkje økonomiforståinga blant innbyggjarane. 25 land har eller planlegg å innføre slike nasjonale strategiar. Strategiane omfattar utvikling av tilpassa opplærings- og hjelpetiltak, og dei blir gjerne retta mot spesifikke delar av befolkninga (t.d. unge eller sårbare grupper med låg inntekt). I Noreg har vi ingen overordna strategi for arbeidet med å styrkje forståinga av personleg økonomi hos innbyggjarane. Regjeringa meiner at mange vil kunne dra nytte av eit meir systematisk arbeid på dette området. Kloke økonomiske val kan danne grunnlag for ein sunn framtidig økonomi. Uheldig opptak av forbrukslån og udisiplinert bruk av kredittkort kan motsett få særs negative konsekvensar, både for den enkelte og for samfunnet.

Regjeringa vil utarbeide ein strategi for å styrkje økonomiforståinga hos innbyggjarane. SIFO har derfor fått i oppdrag å lage ein analyse av korleis den økonomiske kunnskapen og erfaringsbakgrunnen til forbrukarane påverkar vala dei tek, og den økonomiske tryggleiken dei oppnår. Dette vil kunne bidra til å identifisere grupper som er særleg utsette som følgje av låg kunnskap og svakt erfaringsgrunnlag. Strategien som regjeringa skal utarbeide, vil kunne byggje vidare på innsikta frå SIFO-analysen. Analysen kan fungere som grunnlag for val av eventuelle tiltak som kan styrkje den økonomiske kunnskapen og handlingsmønstra til ulike grupper når det gjeld til dømes sparing, forbruk og låneopptak.

11.4 Regjeringa vil

  • arbeide vidare for å verne forbrukarane betre på kredittmarknaden

  • følgje med på utviklinga i marknaden for forbrukslån og vurdere behovet for ytterlegare regulering av marknaden

  • førebyggje gjeldsproblem blant forbrukarane, mellom anna ved å utarbeide ein strategi for å styrkje økonomiforståinga hos innbyggjarane

  • setje i gang eit arbeid med å gå gjennom gjeldsordningslova med sikte på ein relativt omfattande revisjon

  • arbeide vidare med å styrkje samarbeidet mellom namsmennene og økonomiske rådgivarar i arbeids- og velferdsforvaltinga (NAV)

12 Forbrukarutfordringar på bustadmarknaden

Figur 12.1 

Figur 12.1

Foto: Johnér

12.1 Innleiing

Gode bustader og butilhøve er blant dei mest grunnleggjande velferdsgoda i eit moderne samfunn. Ein god og trygg bustad og ein føreseieleg bustadøkonomi er noko dei aller fleste ønskjer. Bustadpolitikk og bustadspørsmål er dermed også ein viktig del av velferdspolitikken til regjeringa. Bustader og bumiljø i Noreg er av jamt over god kvalitet. Ei av årsakene til dette er at det over lang tid har vore lagt til rette for at flest mogleg skal kunne kjøpe og eige sin eigen bustad. Husbanken, som sidan opprettinga i 1946 har finansiert ein stor del av bustadene i Noreg, speler her ei viktig rolle.12 Dette er ein politikk regjeringa ønskjer å føre vidare.

Norske bustadprisar har auka kraftig over fleire år. Utviklinga i bustadprisar og gjeld heng tett saman og kan forsterke kvarandre. Ein sterk vekst i bustadprisane over mange år har gjort det stadig dyrare å komme inn på bustadmarknaden. Samstundes har gjelda i hushalda auka meir enn inntektene. Ei høg og aukande gjeld i hushalda set både enkeltforbrukarar og økonomien som heilskap i ein sårbar situasjon. Regjeringa jobbar kontinuerleg med tiltak som skal vere med på å sikre forsvarlege låneopptak og ein trygg bustadøkonomi. Også transaksjonskostnader, til dømes ulike forsikringar og utgifter til eigedomsmeklar og bustadtakst, utgjer ei vesentleg økonomisk byrde ved bustadkjøp. Regjeringa vil gjennom informasjonstiltak og tillitsskapande digitale løysingar leggje til rette for at fleire på ein trygg måte skal kunne selje bustaden sin sjølve, dersom dei ønskjer det.

Det er mange som opplever konfliktar ved bustadkjøp. Ei av dei vanlegaste årsakene til slike konfliktar er usemje om den tekniske tilstanden som bustaden er i. Dette er ei byrde for dei som konflikten gjeld. I tillegg fører det til mange tvistesaker både i klagenemnder og domstolar. Ofte gjeld saka at seljaren har lagt fram utilstrekkeleg eller feilaktig informasjon om bustaden. Dette kan mellom anna skuldast at tilstandsrapportane som blir brukte ved bustadsal, ikkje er gode nok. Regjeringa vurderer å forskriftsfeste krav til både tilstandsrapportane og dei som skal utferde dei. Delar av avhendingslova er for tida (2019) under revidering, og regjeringa har føreslått nokre lovendringar. Eitt av måla med forslaga er å kome fram til reglar som kan redusere konfliktnivået på dette området og gjere bustadhandelen tryggare.

Ein ser også forbrukarutfordringar på leigemarknaden, mellom anna knytt til manglande kunnskap om rettane som leigarane har. Flesteparten av dei som leiger bustad, er ungdommar. Dei utgjer ei sårbar gruppe i bustadmarknaden. Sjølv om det i dag finst ulike regelverk som skal hindre urimelege leigevilkår, opplever mange leigetakarar likevel at leigetilhøvet skaper problem. I pressområde kan det dessutan vere vanskeleg å finne ein eigna leigebustad på grunn av lite utbod av denne typen bustader.

12.2 Butilhøva til norske forbrukarar

Av den vaksne befolkninga i Noreg er det meir enn 80 prosent som eig bustaden dei bur i, anten som sjølveigarar eller del-/aksjeeigarar. Einebustader er den vanlegaste bustadtypen. Slike bustader er nærmast einerådande i Distrikts-Noreg, sjå figur 12.2. I større tettstader og byområde er det vanlegare med bustader i ulike bustadsamanslutningar (t.d. burettslag og bustadssameige). Leigetakarane er for det meste ungdom og unge vaksne som av ulike grunnar ikkje kan eller ønskjer å kjøpe bustad. Dei fleste leigetakarar skaffar seg eller ønskjer å skaffe seg eigen bustad seinare i livet.

Figur 12.2 Bortimot halvparten av alle nordmenn bur i einebustad, og berre kvar femte bur i blokk eller leigegard. Dei regionale skilnadene er likevel store.

Figur 12.2 Bortimot halvparten av alle nordmenn bur i einebustad, og berre kvar femte bur i blokk eller leigegard. Dei regionale skilnadene er likevel store.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

12.3 Prisutviklinga i bustadmarknaden

Bustadprisane har stige kraftig dei siste åra (sjå figur 12.3). Prisane fall litt i kjølvatnet av den internasjonale finanskrisa omkring 2009, men nedgangen blei relativt kortvarig. Også i løpet av 2017 gjekk bustadprisane ned litt, men veksten tok seg opp att i byrjinga av 2018. I seinare tid har prisane utvikla seg meir moderat. Den markerte prisoppgangen dei siste åra må sjåast i samanheng med låge bustadlånerenter, god tilgang på lån og høg etterspurnad etter bustader. Det er vidare klare regionale skilnader i bustadprisane. Sjølv om det er Oslo og områda rundt som har hatt den sterkaste veksten i bustadprisar dei siste åra, har prisveksten på bustader vore høg også i andre større byar.

Figur 12.3 Grafane viser prisutviklinga på bustader frå 2004 til 2019

Figur 12.3 Grafane viser prisutviklinga på bustader frå 2004 til 2019

Kjelde: Eigedomsverdi

12.4 Kostnader ved å eige og leige bustad

For dei fleste forbrukarar vil kjøp av bustad vere den største enkeltinvesteringa i livet, og bustadutgifter legg beslag på store delar av hushaldsinntekta. I den nyaste forbruksundersøkinga frå SSB (2012) utgjer posten «bustad, lys og brensel» nærare ein tredjedel av det totale forbruket og er dermed den aller største utgiftsposten for norske hushald. I 2012 svarte dette til om lag 11 300 kroner per månad for kvart hushald. Utgiftsbyrda har i seinare år gått ned som følgje av utviklinga både i inntekts- og rentenivå, men mykje av nedgangen er nok «eten opp» av bustadprisveksten.13 Trass i prisutviklinga har altså ikkje bukostnadene auka tilsvarande. Årsaka til dette er fyrst og fremst fallande bustadlånerenter. For dei fleste er det såleis ikkje bukostnadene, men den høge finansielle risikoen som har vore den største utfordringa med dei høge bustadprisane.

Det er stor skilnad på prisane i urbane og grisgrendte strøk. I 2012 utgjorde bustadutgiftene om lag 35 prosent eller 155 000 kroner av totalforbruket i dei tre største byane, mot om lag 27 prosent eller 108 000 kroner i meir grisgrendte strøk.14 I dag er skilnaden truleg endå større. Bustadutgiftene er for dei fleste fyrst og fremst knytte til renteutgifter på bustadlån, og bustadutgiftsnivået blir påverka både av rentenivået og verdien på bustaden. Ein stor del av hushaldsinntekta går med til å betale renter og avdrag på bustadlånet. Ifølgje Samfunnsøkonomisk analyse utgjorde renteutgifter rundt 40 prosent av dei samla bukostnadene i 2017. Låge renter har over fleire år halde renteutgiftene nede for hushalda. Samstundes har ei stadig høgare gjeld medverka til at dei samla utgiftene som hushalda har til gjeld (både renter og avdrag), er komne opp på om lag same nivå som ved bankkrisa på slutten av 1980-talet og finanskrisa i 2008. Noregs Bank har sidan hausten 2018 heva styringsrenta to gonger, og utlånsrenta til bankane har følgd etter.

Figur 12.4 Gjeldsbyrde og rentebelasting frå 1988 til 2017

Figur 12.4 Gjeldsbyrde og rentebelasting frå 1988 til 2017

Kjelde: Noregs Bank og Finanstilsynet

12.5 Utfordringar med prisnivå, gjeldsoppbygging og risiko

Lån med pant i bustad utgjer nærare 90 prosent av gjelda til norske hushald. Utviklinga i gjelda til hushalda heng derfor tett saman med utviklinga i bustadprisane. Desse to faktorane kan forsterke kvarandre. Gjelda til norske hushald har lenge vakse raskare enn inntektene, og ho er kommen opp på eit særs høgt nivå. I gjennomsnitt har norske hushald ei gjeld som er meir enn to gonger den disponible inntekta, og mange har ei gjeld som er langt høgare enn det. Ei høg og raskt veksande gjeld i hushalda utgjer ei sårbarheit i økonomien og er ei kjelde til ustabilitet. Ved høgare rente, inntektsbortfall eller kraftige fall i bustadprisane kan hushalda måtte stramme inn på forbruket.

For å redusere risikoen ved høg gjeld i hushalda og høge eigedomsprisar har det i seinare år blitt innført ei rekkje tiltak. I strategien som regjeringa utarbeidde for bustadmarknaden i 2015, blei det lagt vekt på å bidra til ei meir effektiv tilbodsside i bustadmarknaden og ei berekraftig utvikling i bustadprisar og gjeld. Bustadbygginga har teke seg kraftig opp sidan 2015, og det er blitt mogleg å byggje både rimelegare og raskare. Færre hushald har teke opp særs stor gjeld i høve til inntekt. Før sommaren 2018 la regjeringa fram ein fornya strategi for bustadmarknaden med vekt på trygg bustadhandel, betre bumiljø, effektive byggjeprosessar og berekraftig gjeld.

Bustadlånforskrifta blei fastsett fyrste gong i 2015. Ho set enkelte rammer for utlånspraksisen til bankane, og kan vere med på å sikre at færre hushald hamnar i ein sårbar gjeldssituasjon. Ifølgje forskrifta kan eit lån med pant i bustad ikkje overstige 85 prosent av bustadsverdien. Bankane må i tillegg ta høgde for ein renteauke på fem prosentpoeng ved vurderinga av kredittevna til kunden. Då forskrifta blei ført vidare frå januar 2017, blei det samstundes innført eit krav om at kunden ikkje kan ha ei samla gjeld på meir enn fem gonger årsinntekta. Krava i forskrifta har gjort det vanskelegare å ta opp bustadlån som er særs høge samanlikna med eigenkapital og inntekt. Dette kan vere utfordrande for personar som ønskjer å kjøpe bustad på stader med svært høge bustadprisar, og fleire må kanskje spare litt lenger eller kjøpe ein billegare bustad. Samstundes opnar forskrifta for at bankane kan gi unntak frå eitt eller fleire krav i forskrifta for ein viss del av låna som blir innvilga. I samband med at forskrifta blei ført vidare frå juli 2018, blei det også opna for at bankane kan ta omsyn til enkelte skattefrie inntekter (t.d. barnetrygd) ved utrekninga av gjeldsgrad. I tillegg blei det opna for at bankane skal kunne ta med midlar på BSU-konto som eigenkapital ved utrekning av lånegrad.

Regjeringa ønskjer at flest mogleg skal få høve til å etablere seg i ein bustad dei eig sjølve. Ein del vanskelegstilte på bustadmarknaden (t.d. låginntektsgrupper, trygda og rusavhengige) vil ikkje klare å kjøpe eigen bustad utan offentleg støtte, sjølv om dei klarer å betale lånekostnadene. Husbanken forvaltar derfor ulike bustadsosiale verkemiddel (t.d. startlån) som gjer det mogleg for slike vanskelegstilte grupper å etablere seg på bustadmarknaden. Husbanken gir kommunane lån som dei kan låne ut vidare til vanskelegstilte. Slike lån kan bli gitte med gunstige rentevilkår, inntil 100 prosent lånefinansiering, lang nedbetalingstid og inntil 20 års fastrente. I 2017 formidla kommunane startlån for nesten 8,5 milliardar kroner.

12.6 Marknadsføring av bustader

Det er viktig at marknadsføringa av bustader ikkje er villeiande. Dette gjeld særleg i område der omsetninga går raskt og kjøparen har lite tid til å områ seg. Det er då avgjerande at det kjem fram mest mogleg utfyllande og korrekt informasjon om bustaden før vising. Forbrukartilsynet har i fleire tilfelle avdekt at det er brukt såkalla «lokkeprisar» for å få fleire til å komme på vising. I tillegg til at det er villeiande for forbrukarane, kan ein slik praksis verke prisdrivande, ifølgje Forbrukartilsynet. For å unngå dette problemet kan ein etablere klarare reglar for prising av bustader som blir lagde ut for sal. Det kan vere aktuelt å etablere rammer for bruk av uttrykk som «prisvurdering frå meklar», «prisindikasjon», «låne- og verditakst». Når slike uttrykk blir brukte om kvarandre, kan det vere vanskeleg for kjøparane å vite kva som er den reelle summen ein vil ha for bustaden. Regjeringa vil følgje med på utviklinga i bustadmarknaden på dette området og vurdere naudsynte tilpassingar i regelverket.

Boks 12.1 Rettleiing frå Forbrukartilsynet om marknadsføring av bustader

Forbrukartilsynet gav i 2018 ut ei ny rettleiing om krava som marknadsføringslova stiller til marknadsføring av bustader. I rettleiinga blir det forklart kva ein må passe på når ein marknadsfører bustader i sosiale medium og på andre moderne annonseflater med avgrensa plass. I tillegg blir det gått inn på prismarknadsføring, bruk av illustrasjonar, lokkepris og direkte marknadsføring.

Bransjenorma som hadde blitt forhandla fram tidlegare, var utdatert på fleire punkt, og utviklinga i mellom anna annonseformat gjorde at ein samla bransje no bad om ei oppdatert og klarare rettleiing. Den nye rettleiinga frå Forbrukartilsynet blei utvikla i tett dialog med bransjen. Forbrukartilsynet held jamlege foredrag for eigedomsmeklarar og utbyggjarar om innhaldet i den nye rettleiinga, og vil følgje opp med tilsynsaksjonar og handsaming av enkeltsaker.

12.7 Høge transaksjonskostnader

Transaksjonskostnadene ved bustadhandel er høge. Dei to største kostnadspostane her er vederlaget til eigedomsmeklaren og utgiftene til forsikringar. Ved sal av ein bustad til 2,5 millionar kroner vil vederlaget til meklar kunne komme opp i 100 000 kroner, og utgiftene til forsikring for kjøpar og seljar kan til saman komme på 15–20 000 kroner eller meir, avhengig av mellom anna bustadtype. Det blir kvart år selt om lag 100 000 bruktbustader i Noreg, og i 2015 blei det selt om lag 90 000 såkalla bustadseljarforsikringar (tidlegare kalla eigarskifteforsikringar). Årsaka til at mange vel å teikne bustadseljarforsikring, er at avhendingslova gir seljaren ansvar for skjulte feil og manglar ved bustaden.

Også på kjøparsida er bruken av forsikring omfattande. Om lag 60 prosent av kjøparane inngår avtale om bustadkjøparforsikring. Forsikringsselskapet HELP, som er dominerande på marknaden i Noreg, opplyser å ha selt slike produkt for om lag 250 millionar kroner i 2015. Éin grunn til den vidtfemnande bruken av forsikringar på dette området kan vere at eigedomsmeklarane normalt tilrår slike forsikringar og får provisjon for salet av dei.

Eit tiltak som kan redusere transaksjonskostnadene er å leggje betre til rette for at forbrukarane skal kunne selje bustadene sine på eiga hand, utan bruk av meklar. Dette føreset digitale løysingar som ikkje krev spesialkunnskap, som er enkle og trygge for forbrukarane å nytte, og som skaper tillit hos både kjøpar og seljar. Utfordringane ved å gjere jobben sjølv er fyrst og fremst knytt til informasjonsinnhenting og oppgjer. Utviklinga i digitale hjelpemiddel opnar for at ein kan gjere denne delen av prosessen enklare og sikrare. Det ville truleg også blitt fleire eigensal dersom ein kunne kjøpe bustadseljar- og kjøparforsikring også ved handel utanom eigedomsmeklar. I dag tillet ikkje forsikringsselskapa dette.

Regjeringa vil vurdere krava til honorar- og kostnadsspesifikasjon for eigedomsmeklarar. Dette gjeld særleg spørsmålet om kva som skal inngå i provisjonen, og kva ein kan fakturere separat. I dag blir sentrale meklaroppgåver som oppgjer, utarbeiding av salsmateriell (prospekt) og vising i større grad trekte ut av provisjonen. I tillegg blir det operert med kostnader som det kan vere vanskeleg å sjå kva omfattar (t.d. «tilretteleggingshonorar»).

12.8 Den tekniske tilstanden til bustaden

Uvisse rundt kva tilstand bustaden er i, utgjer ei stor utfordring for bustadkjøparane. Mange bustader blir rett nok selde med tilstandsrapportar, men det har vist seg at rapportane som er i bruk, kan vere ufullstendige eller direkte feil. I ein del tilfelle er dei utferda av personar med utilstrekkelege kvalifikasjonar. I pressområda går salet dessutan ofte så raskt at kjøparen har lite tid til å undersøkje bustaden grundig på eiga hand. I tillegg til å gi særs mange konfliktar både i Finansklagenemnda og domstolane, verkar dette kostnadsdrivande ved at mange vel å kjøpe forsikringar som skal avgrense den økonomiske risikoen vi var inne på i avsnittet over. Ulike tiltak for å få fram meir informasjon om bustaden som skal seljast (t.d. auka bruk av tilstandsrapportar), kan motverke dette problemet. Regjeringa har foreslått at ein ikkje skal kunne ta «som han er»- atterhald ved handel med forbrukarar. Målet med eit slikt tiltak vil vere å gi seljaren tilskuv til å leggje fram meir og betre informasjon om bustaden, og dermed auke bruken av gode tilstandsrapportar. Det blir også vurdert å stille større krav til sjølve rapportane og dei som skal utarbeide desse. Det finst per i dag ingen godkjenningsordningar for dei som lagar tilstandsrapportar. Regjeringa har også føreslått å setje ei minstegrense (i form av ein eigendel på 10 000 kr) for kva manglar ein kan vise til, å klargjere kva feil og svakheiter som kan utgjere manglar etter avhendingslova, og å etablere eit enklare system for utmåling av prisavslag ved arealsvikt, jf. Prop. 44 L (2018–2019), som blei lagt fram i 2018.

Figur 12.5 

Figur 12.5

Foto: Johnér

12.9 Utfordringar for leigetakarar

Det er fyrst og fremst hushald med svak økonomi, deriblant ungdom og unge vaksne, som leiger bustad. Leigetakarane er jamt over ei sårbar gruppe på bustadmarknaden. Dei har ofte høge buutgifter i høve til inntekt, ingen skattefordelar ved betaling av leige og mindre butryggleik enn bustadeigarar. På den andre sida slepp leigetakarane å tenkje på framtidig renteauke, og dei unngår risikoen for økonomiske problem som følgje av fall i bustadprisane. Det er likevel rimeleg å tru at fordelane ved å eige blir oppfatta som så store at dei fleste leigetakarar ønskjer å eige.

Dei fleste som leiger ut bustad, krev eit depositum som sikring for at leiga blir betalt, og for at eventuelle skadar på bustaden blir erstatta. For hushald med utsett økonomi kan det vere vanskeleg å skaffe pengar til dette. Depositumet kan utgjere inntil seks månaders husleige, men det mest vanlege er tre månaders leige.

Som eit alternativ til depositum har det komme eit nytt produkt på marknaden, der leverandøren av produktet garanterer for manglande leige og dekning av skadar på bustaden. I garantiavtalen er det vanleg å flytte søksmålsbyrda ved tvistar om misleghald frå utleigar til leigar. Dette kan føre til at utleigaren krev selskapet for skadar og slitasje ved utflytting, og at det er leigetakaren som må «motbevise» at det er grunnlag for eit slikt krav. Det er grunn til å tru at det er dei mest utsette leigetakarane som må nytte seg av slike garantiar, samstundes som det er dei som har minst ressursar til å forsvare seg mot urimeleg behandling.

I avtalene som blir inngått med den enkelte leigetakar, kan ein til ei viss grad avvike frå reglane i husleigelova. Utleigaren kan såleis ta frå leigetakaren rettar eller påleggje større plikter enn det som elles følgjer av husleigelova. Til dømes kan det bli gitt pålegg om større vedlikehaldsplikter enn det hovudregelen i lova tilseier. Det kan vere vanskeleg for leigetakarane å identifisere og å forstå konsekvensane av slike avvik.

Husleigetvistutvalet tilbyr tvisteløysing for partane i ein husleigeavtale. Årlege undersøkingar viser at partane gjennomgåande er nøgde eller særs nøgde med handsaminga og avgjerdene til Husleigetvistutvalet. Berre nokre heilt få saker blir tekne vidare og førte inn for dei ordinære domstolane. Utfordringa er på den andre sida at mange leigetakarar truleg ikkje er klare over at dei kan få handsama ei klage mot utleigar i Husleigetvistutvalet. Det primære verkeområdet til Husleigetvistutvalet er då også avgrensa til Oslo, Bergen og Trondheim, pluss fylka rundt.

Det er viktig at det finst eit tilstrekkeleg utbod av leigebustader, slik at også dei som ikkje ønskjer eller har høve til å kjøpe, kan finne eigna bustader. I pressområda i og rundt dei store byane kan dette vere vanskeleg. For å leggje til rette for auka tilgang på leigebustader har regjeringa gjort det enklare og billegare å tilpasse eksisterande bustader til utleige.

12.10 Handverkartenester på bustad

Nordmenn er på verdstoppen når det gjeld oppussing av bustad. Ifølgje Prognosesenteret utfører omtrent 40 prosent av husstandane ei eller anna form for oppussing i løpet av eit år, og i 2018 brukte vi over 80 milliardar kroner på dette. Husstandar som pussar opp, bruker i gjennomsnitt litt over 70 000 kroner årleg. Området har dermed stor økonomisk vekt for forbrukarane.

Mykje av pengane vi bruker på oppussing, går med til å betale ulike typar handverkarar. I ei undersøking frå Forbrukarrådet frå 2018 svarer 53 prosent at dei har kjøpt handverkartenester dei siste to åra. Dei fleste (87 prosent) svarte at dei var nøgde med kvaliteten på arbeidet som hadde blitt utført. Av dei som var misnøgde, klaga 85 prosent på arbeidet. Dei fleste klaga då direkte til handverkaren. Berre 12 prosent tok saka vidare. I september 2017 blei det oppretta ei eiga klagenemnd for handverkartenester. Nemnda handsamar tvistar som har oppstått i samband med arbeid som ein handverkar har utført på eigedommen til ein forbrukar. Om lag 10 prosent av klagene som Forbrukarrådet får, gjeld handverkartenester.

Undersøkinga viser også at berre 8 prosent brukte ein skriftleg standardkontrakt sist dei kjøpte handverkartenester. 30 prosent brukte eigen kontrakt, men over halvparten (54 prosent) inngjekk berre ein munnleg avtale.

Regjeringa er oppteken av at det skal vere trygt for forbrukarane å inngå avtaler med handverkarar, og at det mellom anna skal finnast gode klageordningar.

Regjeringa vil at flest mogleg bruker kontrakt når dei inngår avtale om handverkartenester. Det er viktig for begge partar at sentrale vilkår som pris, tidsbruk og ansvarstilhøve, er avklarte før ein set i gang med arbeidet. Gjennom auka bruk av kontraktar vil ein kunne unngå ein del konfliktar og styrkje seriøsiteten i bransjen som heilskap. For å gi flest mogleg forbrukarar enkel tilgang til gode kontraktar som dei kan bruke når dei inngår avtale med handverkarar, har Forbrukarrådet frikjøpt to slike kontrakttypar frå Standard Norge. Regjeringa vil fortsetje arbeidet med å gjere det tryggare å engasjere handverkarar.

12.11 Regjeringa vil

  • endre avhendingslova slik at informasjonsgrunnlaget ved bustadhandel blir betre og bustadseljarane får tilskuv til å bruke gode tilstandsrapportar

  • leggje til rette for at flest mogleg av dei som ønskjer det, skal kunne eige sin eigen bustad

  • auke satsinga på marknadsføring av bustader, og gjennom Forbrukartilsynet slå ned på villeiande marknadsføring, inkludert bruk av «lokkeprisar», som kan bidra til høgare bustadprisar

  • vurdere tiltak som kan gi kjøpar betre tid til å vurdere bustaden som er til sal

  • vurdere endringar i regelverket for eigedomsmekling med omsyn til krav om at meklaren informerer om og spesifiserer eige vederlag

  • leggje til rette for auka tilbod av utleigebustader og sørgje for at leigetakarane blir betre informerte om rettane sine

  • fortsetje arbeidet med å gjere det tryggare å engasjere handverkarar

13 Berekraftig forbruk

Figur 13.1 

Figur 13.1

Foto: Johnér

13.1 Innleiing

Sjølv om forbrukarpolitikk i all hovudsak dreier seg om å skape balanse i tilhøvet mellom forbrukarar og næringsdrivande, er det også viktig å sjå på kva eller kor mykje som blir forbrukt, og kva som skjer med produkt som er ferdigbrukte. Forbrukarpolitikk har dermed samstundes ein normativ dimensjon. Berekraftaspektet ligg til grunn for forbrukarpolitikken i FN og EU, og er også ein viktig del av det nordiske samarbeidet. Berekraftsomgrepet omfattar både miljø, økonomi og sosiale tilhøve. I norsk forbrukarpolitikk er forbrukarretta informasjon og opplæring dei mest sentrale verkemidla for å leggje til rette for eit meir berekraftig forbruk.

Granavolden-plattforma slår fast at regjeringa skal føre ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk tufta på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Vidare heiter det at regjeringa skal føre ein politikk som gir Noreg større konkurransekraft, skaper grøn vekst og nye grøne jobbar og reduserer utsleppa av klimagassar. Ei omstilling til eit moderne, berekraftig lågutsleppsamfunn er naudsynt. Noreg skal vere eit føregangsland i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi som gir betre ressursutnytting.

Forbrukarpolitikken skal, saman med klima- og miljøpolitikken, vere ei drivkraft for nye berekraftige løysingar ved å leggje til rette for samarbeid mellom næringsliv, styresmakter og sivilsamfunn.

Boks 13.1 Plast

Plast brukt som emballasje har ein viktig funksjon, særleg med tanke på mattryggleik og kvalitet. Riktig emballering av matvarer medverkar også til mindre matsvinn.

Som avfall skaper plasten derimot ein del problem. Plastavfall frå forbrukarar er ei vesentleg kjelde til marin forsøpling. Regjeringa arbeider for å redusere alle kjelder til marin forsøpling, og er særleg oppteken av å kutte i bruken av eingongsartiklar av plast. Overfor ulike delar av bransjen er det mellom anna teke initiativ til eit meir forpliktande samarbeid om å redusere bruken av slike produkt der det ikkje er naudsynt. Det er einigheit i EU om eit direktiv om å redusere miljøverknadene av enkelte eingongsartiklar av plast, og Noreg har gitt innspel til dette arbeidet. Noreg vil følgje opp direktivet. Regjeringa følgjer generelt opp arbeidet som blir gjort i EU med omsyn til handtering av plast, og hjelper til der det er aktuelt.

Mikroplast blir ofte brukt som samlenemning for små plastpartiklar som er mindre enn fem millimeter. Partiklane stammar i hovudsak frå slitasje og nedbryting av større plastprodukt, men også frå produkt som er tilsette mikroplast. I forbrukarsektoren vil mellom anna mikroplast i kroppspleieprodukt pluss slitasje av fibrar frå tekstilar ved vasking vere typiske kjelder til spreiing av mikroplast (særleg gjennom avløpsvatnet). Ettersom regulering av produkt vil ha størst effekt på EU-nivå, har Noreg og andre land oppmoda EU-kommisjonen til å vurdere krav til mikroplastfilter i vaskemaskiner for hushald. Regjeringa følgjer vidare opp arbeidet som er sett i gang i EU for å redusere bruk av mikroplast i kroppspleieprodukt.

13.2 Norsk forbruk i eit berekraftperspektiv

Det er etter kvart brei semje om at forbruksnivået vi har i dag, er høgare enn det jorda toler på sikt.15 Det europeiske miljøbyrået (EEA) går ut frå at forbruket av naturressursar allereie er 50 prosent over bereevna som jorda har.16 Det private globale forbruket står for om lag 60 prosent av klimagassutsleppa i verda.17

Earth Overshoot Day (jordas overforbruksdag), som blir rekna ut av den internasjonale forskingsorganisasjonen Global Footprint Network, illustrerer omfanget av miljøpåkjenninga. Dette er dagen då menneska i verda har brukt opp ressursar tilsvarande det jorda klarer å reprodusere i løpet av eit heilt år. I 2018 fall dagen på 1. august, og trenden viser at han inntreffer tidlegare for kvart år som går.

Den nøyaktige datoen for jordas overforbruksdag er mindre interessant enn det samla omfanget av det økologiske overforbruket, og den negative utviklingstrenden. For dei nordiske landa inntreff overforbruksdagen allereie på vårparten, og dette er ei påminning om at det hastar å leggje om til eit meir berekraftig forbruk hos oss.

Det norske forbruket veks raskt, og miljøpåverknaden frå norsk privat forbruk er høgt i global samanheng. Mykje av det vi forbruker i Noreg, er produsert i andre land. Derfor er det nasjonale forbruket med på å skape utslepp og miljøpåverknad også utanfor landegrensene.18 Eit meir berekraftig forbruk må derfor skje gjennom både lokalt, nasjonalt og globalt engasjement.

Boks 13.2 Tekstilar

Produksjon av tekstilar medfører ei særs stor ressurs- og miljøpåkjenning. Klesindustrien er ansvarleg for om lag 20 prosent av næringslivsavfallet globalt. Eitt års forbruk av tekstilfibrar krev 145 millionar tonn kol, og det går med 2700 liter vatn for å produsere éi T-skjorte av bomull.1 Tekstilproduksjon medfører store utslepp av miljøgifter.

1Fashion for Good, Nederland, 2019.

13.3 Internasjonale plikter

Det er brei internasjonal semje om at ein må løyse klima- og miljøutfordringar gjennom internasjonale forpliktande avtaler og ambisiøse nasjonale mål. Regjeringa er ein pådrivar for internasjonalt samarbeid om eit meir berekraftig forbruk gjennom fleire forum. Samarbeid i FN, EU og Norden er dei viktigaste arenaene for samarbeid om politikkutvikling knytt til berekraftig forbruk.

13.3.1 FN og 2030-agendaen

Medlemslanda i FN vedtok 2030-agendaen og berekraftmåla i 2015. Intensjonen er å leggje til rette for at alle skal få eit godt og trygt liv utan fattigdom. Berekraftmåla, som omfattar 17 mål og 169 delmål, reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: klima og miljø, økonomi og sosiale tilhøve. Måla skal fungere som ein felles og universell global agenda for land, næringsliv og sivilsamfunn. Noreg har ei sentral rolle i det internasjonale oppfølgingsarbeidet ved at statsministeren er éin av to leiarar i FN si pådrivargruppe for oppfølginga. Dette krev tydeleg og god oppfølging nasjonalt. Granavolden-plattforma slår fast at regjeringa ser på berekraftmåla frå FN som sentrale for å løyse dei globale utfordringane.

Figur 13.2 Berekraftmåla frå FN

Figur 13.2 Berekraftmåla frå FN

Kjelde: Regjeringen.no

Mål nr. 4 forpliktar Noreg til innan 2030 å sikre at alle elevar og studentar tileignar seg naudsynt kompetanse for å fremje ei berekraftig utvikling.

Mål nr. 12 slår fast at styresmaktene skal sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster. I dette ligg fleire delmål, mellom anna at ein innan 2030 skal

  • halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis

  • redusere avfallsmengda monaleg gjennom forbod, reduksjon, attvinning og ombruk

  • sikre at alle har relevant informasjon og medvit om kva som er berekraftig utvikling og ein livsstil i harmoni med naturen

13.3.2 EU og EØS-avtalen

Gjennom EØS-avtalen har Noreg ei rekkje plikter som legg føringar for den nasjonale politikken på mange område. Døme på rettslege plikter frå EU som legg føringar for arbeidet med berekraftig forbruk, er EU-regelverket for avfall, kjemikalieregelverket (REACH), reglane for energimerking og miljømerkeordninga frå EU (EU Ecolabel). Også andre typar forbrukarvernreglar frå EU er dessutan relevante for dette arbeidet. Eit døme på dette er reglane om ansvarsperiode for varer. Regelverket slår fast kor lenge forbrukarar kan halde seljaren eller produsenten av ei vare ansvarleg for feil eller manglar. Ein lang ansvarsperiode kan medverke til at produsentar og importørar av forbruksvarer produserer og importerer varer som held lenger og har betre kvalitet. Med dei nye reglane som EU-kommisjonen i 2015 føreslo for forbrukarkjøp av varer, ville ansvarsperioden for varer bli lik over heile Europa, med ein to års ansvarsperiode for seljar, uansett kor lenge produktet er meint å skulle vare. I Noreg er seljaren i utgangspunktet ansvarleg for feil og manglar i to år etter kjøpet. For varer som er meint å skulle vare vesentleg lenger (t.d. bilar, kvitevarer og møblar), er denne fristen forlenga til fem år. I direktivet som blei formelt vedteke 20. mai 2019 er føresegnene om ansvarsperioden ikkje fullharmoniserte, slik det opphavleg blei føreslått. Når Noreg tek reglane inn i EØS-avtalen og gjennomfører dei i norsk rett, kan vi såleis føre vidare den femårige reklamasjonsfristen for varer.

I desember 2015 la EU fram ei pakke om sirkulær økonomi. Pakka inneheldt ein handlingsplan og forslag til rettsakter som mellom anna set ambisiøse krav til attvinning av materialar, avfallshandtering og forsøpling innan 2025. EU-reglane får mykje å seie for Noreg på dette området, gjennom EØS-avtalen.

13.3.3 Nordisk ministerråd

Strategien som Nordisk ministerråd i 2013 la fram for berekraftig utvikling – Ett gott liv i ett hållbart Norden – utgjer den overorda og tverrsektorielle ramma for arbeidet til Nordisk ministerråd. I september 2017 lanserte dei nordiske samarbeidsministrane programmet Generation 2030. Programmet er retta mot område der Norden har felles utfordringar med å nå berekraftmåla frå FN. Fram til 2020 inneber det ei særleg satsting på berekraftig produksjon og forbruk. I desember 2018 kom eit nytt nordisk samarbeidsprogram for miljø og klima: Nordiskt samarbetsprogram för miljö och klimat 2019–2024. Programmet slår fast at dei nordiske landa i den komande seksårsperioden skal samarbeide om miljø- og klimapolitikken for å medverke til ei berekraftig utvikling i Norden, EU og globalt. Dette inneber mellom anna eit framhald av innsatsen med å implementere FN-måla for berekraftig utvikling (Agenda 2030). Sentralt i programmet står også arbeid for ein sirkulær økonomi som medverkar til å halde forbruk og produksjon innanfor det som naturen toler.

13.3.4 Produktkontroll og kjemikaliepolitikk krev internasjonale løysingar

Kjemiske stoff blir brukte i alle typar produkt, primært for å gjere dei betre. Vi finn såleis helse- og miljøfarlege kjemikaliar i tekstilar, møblar, leiker, hobbyartiklar og andre heilt vanlege produkt som forbrukarane omgir seg med til dagleg. Målet for kjemikaliepolitikken er å redusere risikoen for helse- og miljøskader knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt, og på den måten medverke til eit meir berekraftig forbruk.

Å fase ut miljøgifter i forbrukarprodukt er høgt prioritert. Ettersom miljøgifter blir transporterte over landegrenser, er innsatsen retta mot internasjonale reguleringar og avtaler. Her står det europeiske kjemikalieregelverket REACH sentralt. EU har eit omfattande og ambisiøst regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket), og for klassifisering og merking av helse- og miljøfarlege stoff (CLP). Noreg tek aktivt del i arbeidet med å styrkje regelverket gjennom å fremje forbod og evaluere stoff under REACH, og vi er ein sterk pådrivar for strengare reguleringar internasjonalt. I tillegg til merksemd rundt stoff med miljøgifteigenskapar, blir hormonforstyrrande eigenskapar lagde vekt på når vi prioriterer kva stoff vi i Noreg skal jobbe aktivt med for å få regulert i EU.

Noreg støttar også den globale kjemikaliestrategien SAICM (Strategic Approach to International Chemicals Management) og er med i ein koalisjon av ambisiøse land i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for kjemikaliar og avfall. I Noreg blir det mellom anna jobba med å etablere standardar og merkeordningar som kan styrkje helse- og miljøaspektet for ulike produkt. SAICM har eit overordna mål om forsvarleg forvalting av kjemikaliar innan 2020.

13.4 Døme på viktige nasjonale rammer

13.4.1 Miljøinformasjonslova og produktkontrollova

Miljøinformasjonslova sikrar retten til å krevje miljøinformasjon frå både næringsdrivande og offentlege styresmakter. Lova gir forbrukarar rett til å få svar frå styresmakter og verksemder om korleis miljøgifter i produkt, farlege utslepp og arealinngrep kan påverke oss og miljøet vi lever i. Avslag på krav om informasjon frå verksemder kan klagast inn for Klagenemnda for miljøinformasjon. Lova gir også rett til å ta del i avgjerdsprosessar som har konsekvensar for miljøet.

Produktkontrollova gir kvar og ein rett til produktspesifikk informasjon om miljøforstyrringar knytt til eigenskapane til produkt, innhald, bruk eller produksjon. Ein har rett til å få slik informasjon frå produsent, importør, omarbeidar, seljar eller brukar av produkt. Retten til informasjon etter begge lovene omfattar òg informasjon om slike miljøverknader som er ei følgje av produksjon eller distribusjon av produkt utanfor Noreg. Om informasjonen ikkje er tilgjengeleg, skal ein spørje etter den i føregåande salsledd.

Boks 13.3 Klarlegging av etikkinformasjonsplikta

Mange forbrukarar er opptekne av korleis produkta dei handlar, påverkar miljøet, og kva næringsdrivande gjer for å sikre grunnleggjande rettar og høvelege arbeidsvilkår for arbeidarane som produserer varene. På bakgrunn av to oppmodingsvedtak frå Stortinget, sette regjeringa i 2018 ned eit utval som skal undersøkje ei mogleg lov om etikkinformasjon.1 Utvalet skal vurdere om ein bør påleggje næringsdrivande å informere forbrukarane om kva dei gjer for å ta samfunnsansvar i leverandørkjedene sine. Dersom utvalet meiner at ein kan og bør regulere dette gjennom lov, skal utvalet føreslå eit verkeområde for informasjonsplikta og korleis ein bør handheve plikta. Utvalet skal levere innstillinga si seinast 1. desember 2019.

1 Oppmodingsvedtak nr. 890 (2015–2016) og oppmodingsvedtak nr. 200 (2017–2018).

13.5 Leggje til rette for eit meir berekraftig forbruk

Regjeringa vil vere ein pådrivar for samarbeid og frivillige ordningar som kan medverke til eit berekraftig forbruk. Pådrivarrolla krev at regjeringa legg til rette for at forbrukarar, næringsdrivande og andre aktørar tek steg i berekraftig retning. For dette siktemålet er det viktig at aktørane har relevant informasjon og kompetanse. Regjeringa legg derfor opp til kunnskapsinnsats på fleire arenaer.

13.5.1 Samarbeidsforum for berekraftig forbruk

Det er mange miljø som engasjerer seg for eit meir berekraftig samfunn. Like fullt ser det ut til å mangle eit samlingspunkt for næringsdrivande som er i direkte kontakt med forbrukarar (t.d. større handelskjeder), ekspertar (forskarar, miljøorganisasjonar, forvalting) og andre interessentar (t.d. Forbrukarrådet, Innovasjon Norge og ulike bransjeorganisasjonar).

Regjeringa vil etablere eit samarbeidsforum for berekraftig forbruk. Forumet skal leggje til rette for at private og offentlege aktørar kan møte kvarandre og utveksle kunnskap, idear og erfaringar med sikte på å identifisere tiltak som kan medverke til eit meir berekraftig forbruk. Deltakarane kan typisk komme frå næringslivet, akademia, NGO-ar og styresmakter. Forumet skal hjelpe aktuelle ressursar og interessentar å finne kvarandre og utveksle kunnskap og idear for vidare samarbeid om berekraftige løysingar. Eitt av måla med forumet er å kartleggje kompetansebehovet i næringslivet på området og undersøkje korleis verksemdene kan fylle dette behovet.

Forumet kan medverke til innovasjon og ringverknader ved at gode idear blir gjorde synlege også for andre enn deltakarane i forumet. Vidare kan det fungere som ein idébank for det offentlege – til dømes i tilknyting til informasjon og opplæring.

Forslaget om eit samarbeidsforum er delvis inspirert av den svenske satsinga «Forum för miljösmart konsumtion». Konsumentverket har fått ansvar for forumet, som blir utvikla i samarbeid med forskarar, næringsliv, kommunar, regionar og sivilsamfunnet elles. Forumet skal bli eit kunnskapssenter der ein spreier gode døme og arbeider fram praktiske løysingar for eit meir berekraftig forbruk. Samstundes blir det utvikla ein digital møtestad som skal lette samarbeidet mellom aktørar. Regjeringa vil i arbeidet med dette forslaget trekkje på erfaringane frå det svenske forumet. Omfang og innretning på samarbeidsforumet blir tilpassa budsjettrammene som gjeld til kvar tid.

13.5.2 Merkeordningar

For at forbrukarane skal kunne gjere gode val når dei handlar, må relevant og objektiv informasjon vere lett tilgjengeleg. Merkeordningar som gir informasjon i kjøpssituasjonen, kan vere nyttige for forbrukarane. Ulike former for produktmerking er utbreidde.

Forbruksforskingsinstituttet SIFO gjorde i 2011 ei større undersøking av korleis forbrukarane opplever mangfaldet av merke på daglegvaremarknaden.19 SIFO fann godt over 100 ulike merke (vidt definert) i daglegvarehandelen. Undersøkinga viste at dei fleste forbrukarane var nøgde med merkeordningane, og at det var høgast tillit til dei offentlege merka. Forbrukarane som sette seg inn i og nytta relevante merkeordningar når dei handla, var stort sett dei som var opptekne av bestemte vareeigenskapar. Eit viktig funn i undersøkinga var behovet for betre informasjon om kva dei ulike merka inneber. I 2012 fekk Forbrukarrådet i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet og dåverande Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet å utarbeide ei nettbasert informasjonsløysing for dei offentlege merkeordningane. Målet var å styrkje effekten av merkeordningane som forbrukarrettleiing. Merkeoversikta som Forbrukarrådet lanserte i 2013, inneheld lettfatteleg informasjon om merkeordningane ein oftast møter når ein er ute og handlar.

Boks 13.4 Miljømerka Svana og EU Ecolabel

Svanemerket blei oppretta av dei nordiske forbrukarministrane i 1989 for å gi forbrukarane truverdig miljøinformasjon. Merket reduserer miljøpåverknaden frå produksjon og forbruk ved å vurdere heile livssyklusen til eit produkt og alle relevante miljøproblem som oppstår undervegs. Svanemerket gjer det enkelt å velje produktet eller tenesta som er mest miljøvennleg, og står for redusert klimapåkjenning, berekraftig ressursbruk og eit giftfritt samfunn.

EU Ecolabel er det offisielle europeiske miljømerket. Det er eit miljømerke av same type som det nordiske Svanemerket. Produsentane må dokumentere at produkta innfrir ei rekkje strenge helse- og miljøkrav.

Stiftinga Miljømerking i Norge forvaltar både den nordiske Svana og den europeiske miljømerkeordninga EU Ecolabel.

Offisielle miljømerke, som Svana og EU Ecolabel, er verktøy som gjer det lettare for forbrukarane å gjere miljømessig gode val.

I ei forbrukarundersøking som YouGov utførte for Stiftinga Miljømerking i 2018, svarte 81 prosent at dei ønskjer å gjere gode miljøval når dei vel produkt. Samstundes følte 76 prosent at det er vanskeleg å vite kva som er gode miljøval. Ifølgje den same undersøkinga, er Svanemerket, Ø-merket og Fairtrade dei mest kjende merkeordningane som signaliserer berekraftige produkt i Noreg.

Seks av ti forbrukarar meiner at dei sjølve har eit ansvar for å velje mest mogleg berekraftig. Blant dei som kjenner til berekraftmerka (Fairtrade, Ø-merket og Svana), seier om lag halvparten at dei ser etter merkeordningane når dei handlar.20

Boks 13.5 Ø-merket og Fairtrade

Ø-merket er det offisielle norske økologimerket som gir ein garanti for at ei vare er økologisk dyrka. Organisasjonen Debio eig Ø-merket og kontrollerer og godkjenner økologisk produksjon i Noreg. Mattilsynet er tilsynsstyresmakt, men har delegert tilsynet til Debio. Økologisk matproduksjon i Noreg er regulert av økologiforskrifta. Forskrifta er vedteken av Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Ho er basert på EU-standarden for økologisk produksjon.

Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som styrkjer bønder og arbeidarar i fattige land gjennom handel. Merkeordninga er eigd av den ideelle organisasjonen Fairtrade International. Fairtrade-standardane sikrar betre arbeidstilhøve og handelsvilkår og gjer det mogleg å investere i produksjon, lokalsamfunn og berekraftig framtid. Den uavhengige sertifiseringsorganisasjonen FLOCERT kontrollerer at Fairtrade-standardane blir følgde.

Ein ekstern gjennomgang av potensialet for det nordiske miljø- og klimasamarbeidet munna i april 2018 ut i ein rapport med ei rekkje strategiske tilrådingar for samarbeidet fram mot 2030. Éi av tilrådingane går ut på å støtte og styrkje det nordiske miljømerket Svana. Svana blir rekna som den beste måten det nordiske miljø- og klimasamarbeidet kan nå direkte ut til forbrukarane på.

EU jobbar med å betre miljømerkeordningane. Mellom anna blir det jobba med verktøyet Environmental Footprint, som skal danne grunnlag for eit system der miljøprofilen til produkt og organisasjonar kan visast på ein måte som er truverdig og kan etterprøvast.

Som del av ein større gjennomgang for å forenkle og betre EU-regelverket (REFIT-programmet), har EU-kommisjonen undersøkt nærare korleis EU Ecolabel-ordninga fungerer. I rapporten frå 2017 konkluderer Kommisjonen med at EU-miljømerket er føremålstenleg, men føreslår enkelte endringar for å gjere ordninga endå betre. Endringane inneber mellom anna å slå saman nokre nært samanbundne produktgrupper og avvikle enkelte produktgrupper med lite gjennomslag på marknaden.

Granavolden-plattforma varslar at regjeringa vil jobbe for å styrkje dei internasjonale miljømerkeordningane. Dei siste par åra (2017 og 2018) har driftstilskotet til Stiftinga Miljømerking blitt styrkt. I kjølvatnet av dette følgde ein stor vekst i talet på svanemerka produkt. Med fleire miljømerka produkt på marknaden vil forbrukarane enklare kunne gjere berekraftige val. Styrkinga fortset i 2019. Det er eit viktig prinsipp at miljømerkinga ikkje skal verke villeiande overfor andre miljømerke eller skape avgrensingar for andre miljøsertifiserte produkt. Regjeringa vil halde fram arbeidet retta mot dei internasjonale miljømerkeordningane.

Boks 13.6 Er det farleg?

Nettsida www.erdetfarlig.no gir ein oversikt over dei mest helse- og miljøskadelege stoffa som finst i vanlege forbrukarprodukt. Her finn ein informasjon om kvifor stoffa er farlege, kva produkt dei kan vere i, og kva ein eventuelt skal sjå etter på innhaldslista for å unngå dei. I tillegg kan ein få hjelp til å finne dei mest miljøvennlege alternativa og kaste produkt på rett måte. Dei fleste helse- og miljøfarlege stoff som finst i forbrukarprodukt, vil i lita grad lekke ut under bruk av produktet. Derimot kan stoffa sleppe ut i miljøet ved produksjon eller dersom produkta ikkje blir leverte inn til forsvarleg avfallshandtering. For enkelte produkt er det viktig å ta naudsynte forholdsreglar for å unngå helseskade ved bruk. Døme på slike produkt er måling, lakk, lim og sterke vaskemiddel. Slike produkt har faremerke på norsk om kva forholdsreglar ein må ta. Miljødirektoratet står bak Erdetfarlig.no i samarbeid med Mattilsynet og Miljømerking. Forbrukarrådet og Grønn Hverdag har også vore med på å utvikle nettstaden.

13.5.3 Strategi for sirkulær økonomi

Ein sirkulær økonomi går ut på å ta vare på verdiane i produktmateriala lengst mogleg, og inneber ein ny måte å organisere produksjon og forbruk på. Vi kan redusere behovet for nye materialressursar ved å ta i bruk forretningsmodellar basert på digitale plattformer med vekt på forbrukartilpassa tenester. For å sikre ei berekraftig utvikling er det viktig å bruke om att ressursar så langt som mogleg i staden for å ta i bruk nye.

Ein sirkulær økonomi baserer seg på auka levetid for produkta, attvinning, reparasjon og bruk av attvunne avfall for å lage nye produkt. Siktemålet med ein sirkulær økonomi er at ressursane blir verande i økonomien sjølv om produktet dei inngår i, ikkje lenger blir brukt til det opphavlege føremålet. Dette reduserer behovet for påfyll av nye materialar og energi. Miljøpåkjenninga i løpet av livssyklusen til eit produkt – frå uttak av naturressursar, gjennom produksjon og bruk fram til levetid er over – blir såleis mindre.

I EU står sirkulær økonomi sentralt mellom anna i arbeidet med 2020-strategien for smart, berekraftig og inkluderande økonomisk vekst. EU ventar positive effektar for økonomisk vekst, sysselsetjing, konkurransekraft og klima- og miljøvern. I arbeidet med sirkulær økonomi i EU, og nasjonale strategiar i til dømes Sverige, Finland, Danmark og Nederland, blir det nytta ei brei tilnærming som involverer ei rekkje politikkområde. EU-politikken omfattar mellom anna produktdesign og produksjonsprosessar, forbrukarspørsmål, avfallshandtering, marknader for sekundære råvarer, innovasjon, forsking og investeringar.

I desember 2015 la EU fram ei pakke om sirkulær økonomi. Pakka inneheldt ein handlingsplan og forslag til rettsakter som mellom anna set ambisiøse krav til attvinning av materialar, avfallshandtering og forsøpling innan 2025. EU-reglane får mykje å seie for Noreg på dette området, gjennom EØS-avtalen.

Den politiske regjeringsplattforma frå Granavolden gir uttrykk for at Noreg skal vere eit føregangsland i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi som gir betre ressursutnytting.

Stortinget har ved handsaminga av Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi bede regjeringa om å utarbeide ein nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi. Regjeringa vil komme tilbake til oppfølginga av oppmodingsvedtaket frå Stortinget.

13.5.4 Opplæring i berekraftig forbruk

Regjeringa vil satse på betre kunnskap om berekraftig forbruk gjennom betre informasjon og opplæring på ulike arenaer. I arbeidet med informasjon og opplæring vil vi kunne trekkje vekslar på forumet vi skal etablere for berekraftig forbruk.

Skulen er ein viktig arena både for å skape forståing for etikk-, miljø- og ressursproblem og for å skape medvit om forbruk. Ifølgje opplæringslova § 1-1 er målet med opplæringa at elevane skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljømedvite. Temaet er utdjupa i Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, som blei vedteke 1. september 2017. Overordna del inneheld også eit eige delkapittel som heiter «Respekt for naturen og miljømedvit». Der står det mellom anna at elevane skal utvikle medvit om korleis levesettet vårt påverkar naturen, klimaet og dermed samfunnet. Vidare står det at skulen skal medverke til at elevane utviklar vilje til å ta vare på miljøet.

Kunnskapsdepartementet er no i gang med å fornye læreplanane i alle fag. Overordna del ligg til grunn for fornyinga av faga. Gjennom fagfornyinga blir det innført tre tverrfaglege tema i læreplanverket: 1) folkehelse og livsmeistring, 2) demokrati og medborgarskap og 3) berekraftig utvikling. Dei tverrfaglege temaa blir dekte over fleire læreplanar i fag der det er naturleg.

Før arbeidet med å fornye læreplanane starta, blei det i juni 2018 fastsett kjerneelement i faga. Desse skal syne kva som er det viktigaste og mest sentrale i dei ulike faga, og kva som er prioriteringane i dei nye læreplanane. Kjerneelementa i fleire fag inkluderer berekraft på ulike måtar, men det er for tidleg å seie noko om korleis dette konkret vil komme til uttrykk i læreplanane for faga. Høyringsperioden for dei nye læreplanane er 18. mars til 18. juni 2019. Dei vert fastsette hausten 2019 og er klare til bruk hausten 2020.

Barne- og familiedepartementet samarbeider med ulike aktørar for å bidra til at elevane skal få god undervising i berekraftig forbruk. Departementet samarbeider no med Senter for samarbeidslæring for berekraftig utvikling ved Høgskulen i Innlandet om å utvikle og distribuere undervisingsmateriell. På oppdrag frå departementet arrangerer senteret også fagdagar for lærarstudentar og kurs for lærarar. Høgskulen har bygd opp solid kompetanse på dette fagfeltet og har ei leiande rolle i arbeidet med utdanning for ansvarleg berekraftig forbruk. I 2014 blei høgskulen tildelt UNESCO Chair-status for å sikre ekspertise og vidareføring av arbeidet med dette temaet. Opplæringsmateriellet frå senteret er sterkt etterspurt. Barne- og familiedepartementet ser det som viktig å oppretthalde kompetansemiljøet ved høgskulen og ønskjer å halde fram samarbeidet om oppgåver knytte til undervising i berekraftig forbruk.

Som før nemnt er det meininga at dei nye læreplanane skal bli vedtekne hausten 2019. Det vil då vere aktuelt å vurdere om Senter for samarbeidslæring kan vere med på å utvikle nye læringsressursar for lærarar og skular. Samstundes er det viktig å vere klar over at nasjonale styresmakter verken vurderer eller godkjenner læremiddel. Det er opp til den enkelte lærar og skule å velje kva læremiddel og læringsressursar dei skal bruke.

Barne- og familiedepartementet samarbeider i tillegg med organisasjonen Ungt Entreprenørskap (UE) om eit undervisingsopplegg for ungdomstrinnet som skal fremje forståinga av berekraftig forbruk.

Samarbeidet med Ungt Entreprenørskap og Senter for samarbeidslæring ved Høgskulen i Innlandet utfyller kvarandre. Miljøet på høgskulen har stor fagekspertise. I tillegg til å produsere og distribuere undervisingsmateriell, arrangerer senteret fagdagar for lærarstudentar og kurs for lærarar. UE har distriktskontor i alle fylke og har eit godt kontaktnett ute i skulane. Organisasjonen har såleis høve til å vere fysisk til stades og ta del i undervisinga på skulane. Tiltaka i regi av høgskulen og UE når ut til ein avgrensa del av skuleelevane. Barne- og familiedepartementet vil vurdere om det er mogleg å auke innsatsen slik at dei frivillige tilboda blir tilgjengelege for fleire, både i og utanfor skulen.

Figur 13.3 

Figur 13.3

Foto: Johnér

13.6 Berekraft i matkjeda

Berekraftig og miljøvennleg praksis i matkjeda gjeld mellom anna korleis kosthaldet er sett saman, matsvinn og miljøomsyn ved produksjon av mat. Det er stort samsvar mellom helsefremjande og berekraftig kosthald.21

I Nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017–2021) blir det mellom anna påpeika at eit plantebasert kosthald og eit kosthald med meir fisk og mindre kjøt vil medverke til at ein når både helsepolitiske og klimapolitiske mål. Samanhengen mellom berekraft, miljøvennleg praksis og kosthald blir følgd opp mellom anna i samband med arbeidet for å nå berekraftmåla frå FN.

Nøyaktig kva som ligg i omgrepet berekraftig kosthald, blir diskutert i ei rekkje forum, også internasjonalt. Temaet er aktuelt i nordisk samanheng i tilknyting til dei felles nordiske råda om kosthald. Nordisk ministerråd har ansvar for ei revidering av dei nordiske tilrådingane for næringsstoff. I dette arbeidet skal rådet ta omsyn til berekraftperspektivet. Regjeringsarbeidet for å fremje eit sunt kosthald vil derfor vere positivt også i eit berekraftperspektiv.

Kosthaldsvala som forbrukarane gjer, har også konsekvensar for berekraftig matproduksjon. I den siste jordbruksmeldinga påpeikar regjeringa at produksjonen av ulike jordbruksvarer har ulikt klimaavtrykk.22 I økologisk matproduksjon blir det stilt ekstra krav til miljø og dyrevelferd i produksjonen. Økologisk jordbruk bidreg også til å gjere norsk jordbruk meir miljøvennleg, ved at erfaringar og kunnskap frå økologiske driftsformer kan overførast til det konvensjonelle jordbruket.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å leggje til rette for berekraftig matproduksjon og eit sunt og berekraftig kosthald.

13.6.1 Bransjeavtale om matsvinn

Ein tredel av maten som blir produsert i verda, blir aldri eten. Dette er dels som følgje av svinn i dei ulike ledda i verdikjeda for mat, og dels som følgje av at forbrukarane kastar mat som framleis er etande. På globalt nivå vil mindre matsvinn auke tilgangen til mat utan at ein må auke matproduksjonen. Mindre matsvinn kan vere med på å redusere klima- og miljøpåkjenningane. I Noreg står forbrukarane for over halvparten av matsvinnet.

Det private initiativet ForMat-prosjektet frå 2010–2015 omfatta deler av matbransjen, det vil seie matindustrien, grossistane og daglegvarehandelen. Prosjektet var i tillegg retta mot forbrukarane, og blei støtta av styresmaktene.

I 2017 inngjekk regjeringa ein bransjeavtale om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030. Dette reduksjonsmålet er i samsvar med berekraftsmål 12.3 frå FN om 50 prosent nedgang i det globale matsvinnet innan 2030. I bransjeavtalen er det også fastsett overordna delmål om 15 prosent reduksjon i matsvinnet innan 2020 og 30 prosent reduksjon innan 2025. Partane i avtalen omfattar fem departement23 og tolv bransjeorganisasjonar.24 Til saman representerer bransjeorganisasjonane heile verdikjeda for mat. Klima- og miljødepartementet koordinerer arbeidet med bransjeavtalen. Matbransjen sin eigen organisasjon mot matsvinn, Matvett AS, representerer fleire av bransjeorganisasjonane og koordinerer matsvinnarbeidet hos matindustrien, grossistane, daglegvarehandelen og servicesektoren.

Gjennom bransjeavtalen har regjeringa mellom anna sett i gang eit arbeid med systematisk kartlegging av matsvinnet og samanstilling av nasjonal statistikk. Matindustrien, grossistane, daglegvarehandelen og servicesektoren koordinerer, kartlegg og rapporterer frå verksemdene sine. Primærnæringa utarbeider eit opplegg for innsamling av matsvinnstatistikk i samarbeid med styresmaktene. Styresmaktene gir økonomisk støtte til Matvett, forsking og prosjekt retta mot forbrukarane, spesielt når det gjeld informasjon om haldbarheitsmerking.

To år etter at bransjeavtalen blei inngått har 84 norske matverksemder, inkludert alle daglegvarekjedene, slutta seg til avtala gjennom ei eiga tilslutningsavtale. Også fleire kommunar tek del. Dei 1600 serveringsstadene som er med i bransjeprosjektet KuttMatsvinn 2020, omfattar både sentralkjøkken, sjukeheimar, skular og barnehagar. Totalt sett gjekk matsvinnet i Noreg ned med 14 prosent per person frå 2010 til 2016. Dette vil seie at kvar innbyggjar kasta 11,5 kilo mindre mat.25

Samarbeidet mellom bransje og styresmakter har vekt internasjonal interesse. Den norske modellen har inspirert til liknande initiativ både i Nederland og i Finland. Norske styresmakter, forskingsmiljø og delvis også matbransjen engasjerer seg i det internasjonale arbeidet med å redusere matsvinn. Det gjeld aktivitetar i FN, OECD, EU og Nordisk ministerråd, inkludert FN-komiteen for mattryggleik, EU-plattforma og EU-ekspertgruppa for matsvinn. Bransjeavtala representerer eit nybrottsarbeid og er unik i verdssamanheng ved at ho femnar om heile verdikjeda for mat.

Temaet matsvinn er omtalt i Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi. Stortinget har ved handsaminga av meldinga bede regjeringa om å utarbeide ei eiga matkastelov.26 Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til matkastelov.

Boks 13.7 Hjelp til å unngå matsvinn

Too good to go

«Too good to go» er ein app som er utvikla for å redusere matsvinn. Appen er gratis å laste ned. Han koplar forbrukarar opp mot serveringsstader og butikkar som for ein rimeleg penge sel overskotsmat som elles ville ha blitt kasta. Dette er alt frå bakeri, bensinstasjonar, daglegvarebutikkar, kantiner og kafear til hotell og kioskar. I appen får forbrukarane opp serveringsstader og butikkar i nærleiken. Etter å ha valt ønskt overskotsmat, betaler forbrukaren gjennom appen, møter opp på avtalt hentestad og viser kvitteringa til dei som jobbar der. «Too good to go» er òg meint som ein haldningskampanje for å spreie bodskapen om matsvinn og skape auka medvit hos forbrukarane og bransjen om korleis ein kan utnytte ressursane på ein best mogleg måte.

Holdbart.no

Holdbart.no har både ein nettbutikk og fysiske utsal. Dei sel daglegvarer som har blitt til overs, til forbrukarar i heile Noreg. Butikken kjøper inn varer som av ein eller annan grunn ikkje skal seljast gjennom dei vanlege daglegvarekanalane i Noreg. Dette kan vere produkt som har kort «best før»-dato, har blitt tekne ut av sortimentet til dei store daglegvarekjedene, har pakningsendringar, er sesongvarer eller varer det har blitt produsert for mykje av. Holdbart.no kjøper inn desse varene og sel dei vidare til kundane sine til 20–90 prosent lågare pris samanlikna med daglegvarebutikken. Holdbart.no ønskjer å redusere den store mengda av matvarer som kvart år blir kasta i Noreg.

«Sjå-lukt-smak»-merking

Ei av hovudårsakene til at mat blir kasta, er at han har gått ut på dato. For å oppmuntre forbrukarane til å bruke sansane sine når dei vurderer mat som er merka med «best før», er det semje i matbransjen om å utvikle eit frivillig, felles «Sjå-lukt-smak»-symbol. Matbransjen ønskjer gjennom dette prosjektet også å gi generell kunnskap om rett oppbevaring av mat for å sikre lang haldbarheit. Matvett leier prosessen med å utvikle symbolet med ein tilhøyrande frivillig støttetekst som alle leverandørane kan einast om å nytte.

13.7 Regjeringa vil

  • etablere eit samarbeidsforum for berekraftig forbruk

  • satse på betre kunnskap om berekraftig forbruk gjennom betre informasjon og opplæring på ulike arenaer

  • arbeide for å styrkje dei internasjonale miljømerkeordningane

  • utarbeide ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi

  • halde fram samarbeidet med matbransjen om å redusere matsvinnet gjennom bransjeavtalen om matsvinn

14 Forbrukarutfordringar på daglegvaremarknaden

Figur 14.1 

Figur 14.1

Foto: Johnér

14.1 Innleiing

Daglegvaremarknaden er viktig for forbrukarane. Ein god daglegvaremarknad er kjenneteikna av at forbrukarane kan gjere informerte val i tråd med eigne preferansar. Dette inneber god tilgang til eit breitt utval av trygge og sunne daglegvarer av god kvalitet i ulike priskategoriar, og enkelt forståeleg og tilgjengeleg informasjon om kva varene inneheld og kva eigenskapar dei har. Korrekt og informativ merking skal medverke til dette.

Dette kapittelet omhandlar enkelte utviklingstrekk ved daglegvaremarknaden. Vi går her inn på dei viktigaste utfordringane for forbrukarane knytt til digitalisering, merking, merkeordningar og marknadsføring av mat overfor barn og unge. Konkurransen på daglegvaremarknaden er tema i stortingsmeldinga om handelsnæringa, Meld. St. 9 (2018–2019). Konkurransesituasjonen får her derfor berre ein kort omtale.

14.2 Utviklinga og konkurransen på daglegvaremarknaden

Ifølgje SSB utgjorde utgiftene til mat og alkoholfrie drikkevarer 11 prosent av dei totale forbruksutgiftene til hushalda i 2017. Denne prosentdelen har lege stabilt dei siste åra. Samanlikna med nabolanda har Noreg likevel høgare prisar og eit meir avgrensa utval i daglegvarehandelen. Dette kan forklarast med mellom anna geografi og spreidd folkesetnad, klima og politisk bestemte rammevilkår. Den utfordrande konkurransesituasjonen på daglegvaremarknaden, med høg konsentrasjon både på leverandørleddet og detaljistleddet, kan også vere ei årsak. Ein viktig skilnad mellom den norske og dei andre skandinaviske marknadene er at konkurransen på detaljistleddet i Noreg er prega av fråvær av små, utanlandske utfordrarar i lågprissegmentet. Dette svekkjer den faktiske og potensielle konkurransen frå utanlandske kjeder for dei tre norske kjedene.

Det er i dag rundt 15 ulike profilkjeder i Noreg. Dei to paraplykjedene Coop og NorgesGruppen kontrollerer begge fleire ulike profilkjeder i fleire ulike segment. Coop har kjedene Coop Extra, Coop Prix, Coop Obs Hypermarked, Coop Marked og Matkroken, mens NorgesGruppen har kjedene Kiwi, Meny, Joker, Spar, Eurospar, Jacob’s, Nærbutikken og CC. Reitangruppen og IK Lykke har berre éi profilkjede kvar – høvesvis REMA 1000 («REMA») og Bunnpris. I realiteten har ein derfor fire uavhengige daglegvaregrupperingar med daglegvarebutikkar i Noreg. Paraplykjedene driv og eig i varierande grad butikkane og lokala som er knytte til profilkjedene. I dag er så godt som alle daglegvarebutikkar knytte til ei kjede.

Omsetninga av daglegvarer i Noreg passerte 176 milliardar kroner i 2018 (AC Nielsen 2019), og talet på butikkar har vore stabilt (3843 butikkar ved utgangen av 2017). Meir enn 96 prosent av marknaden blir kontrollert av tre paraplykjeder: NorgesGruppen (43,1 prosent), Coop Norge (29,7 prosent) og Rema 1000 (23,4 prosent). Dei resterande prosentane blir i hovudsak dekte av Bunnpris (3,8 prosent). Grensehandelen kjem i tillegg og utgjorde i 2017 drygt 15 milliardar kroner. Nettbutikken Kolonial.no omsette i 2017 for 801 millionar kroner.

Vi kan samanlikne konsentrasjonen på detaljistleddet i Noreg med nivået i nabolanda.27 Det som skil Noreg frå nabolanda, er mellom anna fråværet av utanlandske hard discount-kjeder som Aldi, Lidl og Netto. Dette er internasjonale kjeder som er store i andre europeiske land, og som derfor kan ha skalafordelar på tvers av landegrensene i mellom anna innkjøp, knowhow og konseptutvikling. Dette inneber at dei kan skape eit sterkare konkurransepress enn det marknadsdelen i dei nordiske landa skulle tilseie. Fråværet av slike kjeder i Noreg gjer at dette konkurransepresset manglar på den norske daglegvaremarknaden.

Ein kan til ei viss grad kjøpe daglegvarer frå andre salskanalar enn daglegvarebutikkar – til dømes kioskar, bensinstasjonar, multivarebutikkar, nettbutikkar, taxfree-butikkar og gjennom grensehandel. Bondens marknad og spesialbutikkar for lokalmat har også etablert seg i matmarknaden og bidreg til større mangfald for forbrukarane. I kva grad forbrukarane opplever desse salskanalane som reelle alternativ til daglegvarebutikkane, avheng mellom anna av kjøpssituasjonen og preferansane til forbrukarane og av eigenarten til dei ulike kanalane.

For ein del forbrukarar kan netthandel vere ein enkel måte å handle daglegvarer på. Netthandel kan vere både tidssparande, oversiktleg og lett tilgjengeleg heimanfrå. Det kan særleg vere positivt for eldre, funksjonshemma og andre som har vanskar med å komme seg til fysiske butikkar. Samla sett utgjorde omsetninga frå sal av matkasser og daglegvarehandel på nettet om lag 2 milliardar kroner (eks. mva.) i 2018. Omsetninga på dei nye salsplattformene er venta å auke framover. Trenden er aukande også for middagskasser leverte av aktørar som Kolonihagen, Godtlevert.no og Adams Matkasse.

Rapporten som Oslo Economics gav ut i 2017 om etableringshinder på daglegvaremarknaden, slår fast at det er vanskeleg for nye aktørar å etablere seg på daglegvaremarknaden. At dei nettbaserte aktørane Marked.no og 123levert.no har måtta leggje ned dei siste åra, underbyggjer dette. Oslo Economics meiner likevel at dersom den aktuelle veksten i netthandelen og omsetninga av matkasser held fram, vil dette utgjere det største konkurransepresset på dei tre store daglegvarekjedene i tida framover. Utviklinga på denne delen av marknaden framstår likevel førebels som usikker, både med omsyn til omfang og lønnsemd. Slik situasjonen er i dag, ser nettaktørane ut til å utøve eit avgrensa konkurransetrykk på dei tradisjonelle daglegvarekjedene.

I stortingsmeldinga om handelsnæringa28 har regjeringa gjort greie for utfordringar med konkurransen på daglegvaremarknaden og kva tiltak ein jobbar med for å løyse desse.

14.3 Fordelsprogramma til kjedene

Kvar av dei tre største daglegvarekjedene tilbyr kundane eit fordelsprogram, det vil seie ei form for medlemskap som gir ulike former for utbyte, bonus eller rabatt. Til gjengjeld får kjedene betre kunnskap om kundane, høve til å individualisere tilbod – og kanskje ein viss kundelojalitet. Ifølgje SIFO (2017) har Coop 1,7 millionar medlemmar, mens NorgesGruppen (Trumf-kort) har om lag 2 millionar medlemmar. Då Rema 1000 lanserte mobilappen «Æ» i januar 2017, oppgav kjeda at det i løpet av nokre få veker blei registrert 800 000 nedlastingar. Dei fleste forbrukarar er med andre ord medlemmar i eitt eller fleire fordelsprogram knytt til daglegvaremarknaden.

Fordelsprogram kan auke kundelojaliteten på fleire måtar. Eit døme kan vere innelåsande mekanismar som trappetrinnbonusar, det vil seie fordelar ein oppnår ved å tene opp poeng over visse nivå. Dersom færre forbrukarar reagerer på prisendringar, dempar det konkurransen. For aktørar med ei dominerande stilling på marknaden kan slike former for rabattar vere i strid med konkurranselova § 11 dersom innlåsingsverknadene gjer at dei mindre aktørane får svekt høve til å konkurrere.

Fordelsprogram kan også vere med på å tilsløre prisbiletet. Det skjer ved at forbrukarane fyrst må samanlikne hylleprisane og deretter ta høgde for bonusar, rabattar og personlege tilbod, før dei kan slå fast kvar varene eigentleg er billegast. Det kan i praksis vere vanskeleg for kvar enkelt forbrukar å gjere ei fullstendig prissamanlikning av daglegvarer på tvers av marknaden.

Gjennom fordelsprogram kan daglegvarekjedene skaffe seg data om kjøpa til kvar enkelt kunde. Dette gjer det mogleg å analysere endringar i forbrukaråtferd på individnivå som følgje av til dømes prisendringar, hylleplassjusteringar, produktlanseringar og kampanjar. Slike data har derfor stor verdi for daglegvarekjedene.

Fordelsprogramma til daglegvarekjedene reiser mykje av dei same personvernrelaterte problemstillingane som innsamling av forbrukardata i andre bransjar (t.d. i digitale betalings- og abonnementstenester). Førebelse undersøkingar av korleis kjedene nyttar kundedata, tyder likevel på at ein er noko tilbakehalden når det gjeld å utvide analysar og bruksområde av slike data.29

Regjeringa meiner det er positivt at forbrukarane kan nytte seg av tilbod og rabattar på marknaden. På den andre sida er det viktig at fordelsprogramma ikkje skaper nye, eller forsterkar eksisterande, utfordringar på daglegvaremarknaden. Regjeringa vil følgje med på utviklinga i bruken av kundedata frå fordelsprogram og tette kunnskapshol om korleis dette påverkar forbrukarane på daglegvaremarknaden.

Boks 14.1 Nettsal av kosttilskot

Nettsalet av kosttilskot er uoversiktleg, og ein stor del av salet går via norske og utanlandske nettbutikkar, treningssenter og ulike alternative behandlarar. Mattilsynet har utført tilsyn som viser at aktørane ofte har lite kunnskap om potensielle farar for forbrukarane og kva reglar som gjeld for salet. Mattilsynet og Tolletaten fann i 2017 ulovlege stoff – deriblant anabole steroid, særs høge koffeinnivå, narkotika og reseptpliktige legemiddel – i 70 prøver henta frå kosttilskot som var kjøpte hos utanlandske nettbutikkar. Fleire av dei funne stoffa kunne vere direkte helseskadelege.

Boks 14.2 Nettsal av alkohol

På bakgrunn av utviklinga i sal av daglegvarer på nett er det vedteke å sjå nærare på om ein bør endre regelverket når det gjeld nettsal av alkohol. Helsedirektoratet har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet kartlagt problemstillingar og behovet for å endre regelverket. Relevante aktørar har komme med innspel til problemstillingar og utfordringar. Helse- og omsorgsdepartementet vil vurdere kartlegginga frå direktoratet og om det er behov for endringar i regelverket. Eventuelle forslag til endringar i regelverket vil bli sende på høyring.

14.4 Nye marknadsplassar – nye høve for forbrukarane

Ei stadig større mengde mat og næringsmiddel blir omsett via internett, formidla gjennom nettbutikkar, sosiale medium og privat delingsøkonomi.30 Det blir selt matkasser og tilbode mat mellom privatpersonar gjennom eigne grupper på sosiale medium. Det er positivt at mat blir omsett gjennom nye kanalar. For mange forbrukarar er netthandel ein enklare måte å kjøpe daglegvarer på, både fordi det sparer tid og fordi det kan vere meir oversiktleg.

Omsetning og servering av mat og næringsmiddel er regulert av føresegnene i matlova om å sikre helsemessig trygge næringsmiddel, fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn langs heile produksjonskjeda og sørgje for miljøvennleg produksjon. Mattilsynet fører tilsyn med at mat- og drikkevareprodusentar følgjer regelverket for mattryggleik, men produsentane har sjølve ansvar for at maten er trygg. Reglane gjeld også ved omsetning gjennom nye kanalar.

Regjeringa er oppteken av at ein skal ha eit fleksibelt regelverk og tilsyn, slik at ein kan tilpasse det i takt med utviklinga av nye marknadsplassar. Dette er viktig for å sikre forbrukarane trygg mat og trygge næringsmiddel. Mattilsynet jobbar med å utvikle tilsynet med netthandel og naudsynte støtteverktøy for slikt tilsyn.

Boks 14.3 Rettferdig konsum – REKO-ringar i Noreg

REKO-ringar har blitt ein ny salskanal for lokalprodusert mat i Noreg. Ein REKO-ring er ein enkel distribusjonsmodell for matvarer og fungerer som ei digital kontaktplattform mellom produsentar og forbrukarar i nærområdet. Ein REKO-ring er eit matnettverk der fleire lokalmatprodusentar annonserer varer i ei felles Facebook-gruppe. Kundane førehandsbestiller varer via Facebook-gruppa og får levert varene til avtalt tid på ein fast stad.

REKO, av REttferdig KOnsum, er eit konsept som opphavleg kjem frå Finland. Salsforma har ingen mellomledd og produsenten får 100 prosent av salssummen. Den fyrste REKO-ringen blei etablert i november 2017. Hittil er det etablert om lag 40 REKO-ringar i ulike byar i Noreg, og fleire er planlagde. Dei ulike REKO-ringane i Noreg har til saman over 100 000 følgjarar på Facebook. Om lag 450 produsentar tilbyr varer gjennom denne salskanalen.

Med REKO blir lokal mat lettare tilgjengeleg for forbrukarane, og produsentane kan selje varene sine på ein effektiv måte utan bruk av mellomledd. Etableringa av REKO-ringane er ein del av prosjektet Matnyttig, som Norsk Bonde- og Småbrukarlag har starta. Målet med prosjektet er å auke lokalmatproduksjonen i Noreg, stimulere til betre lønnsemd og skape medvit blant forbrukarane om kor viktig det er med lokal vidareforedling og produksjon i liten skala. Krava til mattryggleik i samband med REKO-ringane er skildra i kapittel 14.4.

14.5 Forbrukarinformasjon på daglegvaremarknaden

Samanhengen mellom mat og helse, miljø og etikk ved produksjon og forbruk av mat har fått mykje merksemd. Dette er tema som er viktige for matvala til mange forbrukarar. Samstundes er det òg knytt enkelte meir overordna helse- og miljøpolitiske mål til matforbruket.31

Det florerer med medieoppslag og meiningsytringar om helse og kosthald. Også sjølvoppnemnde ekspertar, kommersielle og til dels useriøse aktørar ytrar seg om desse temaa. Dette kan gjere det krevjande for styresmaktene å nå fram med kunnskapsbaserte råd og tilrådingar om helse og kosthald. Regjeringa arbeider for at forbrukarane skal få god og rett kunnskap om samanhengane mellom kosthald, ernæring og helse. Dette er viktig for å kunne nyttiggjere seg av informasjon om matvarer og navigere i eit uoversiktleg mediebilete. Helsestyresmaktene har ei viktig oppgåve i å leggje til rette for at alle skal få tydeleg og lettfatteleg informasjon om desse temaa. I tråd med dette la regjeringa i 2017 fram ein nasjonal handlingsplan for kosthald.32 Handlingsplanen viser mellom anna til nyare forsking som påpeikar at eit usunt kosthald, saman med høgt blodtrykk og tobakk, er det som tek flest liv i Noreg.33 God informasjon om kosthald er derfor prioritert frå regjeringa si side. Her har også matbransjen sjølv ei utfordring i å gi forbrukarane god og rett informasjon om merking, kvalitet, pris og vareutval. Eventuelle digitale informasjonsløysingar vil spesielt kunne gi fordelar for mellom anna allergikarar og svaksynte.

Helsedirektoratet sin årlege rapport om utviklinga i norsk kosthald i 2018 viser ei positiv utvikling i det norske kosthaldet over tid, men ein negativ trend i konsumet av fisk held fram. Fiskekonsumet er ifølgje helsestyresmaktene allereie lågare enn ein ønskjer. Årsakene er samansette. Faktorar som har innverknad på konsumet av sjømat, er ifølgje Norges Sjømatråd mellom anna del av reklamen, produktutval, pris og tilgjengelegheit. Det er også ein generasjonseffekt; dei eldre et meir enn dei yngre.

Helseministeren etablerte i 2014 ei næringslivsgruppe på matområdet med mål om å samarbeide om betre kosthald hos innbyggjarane.34 Eldre- og folkehelseministeren møter gruppa jamleg for å diskutere aktuelle saker. For å gjere arbeidet til gruppa meir heilskapeleg og føreseieleg inngjekk partane ein eigen intensjonsavtale i 2016. I tillegg til konkrete mål for reduksjon av salt, metta feitt og sukker i kosthaldet, inneheld avtalen mål for å auke inntaket av frukt, bær, grove kornvarer og fisk. Dette er i tråd med måla i handlingsplanen for betre kosthald. Dei kosthaldsrelaterte kommunikasjonskampanjane til Helsedirektoratet skal støtte opp om arbeidet knytt til intensjonsavtalen. Om lag 100 verksemder i matbransjen er no tilknytte denne avtalen.

Boks 14.4 Matportalen.no

Matportalen.no er ein informasjonsportal som styresmaktene har oppretta for å gi forbrukarretta informasjon om sunn og trygg mat, og fysisk aktivitet. Målet med Matportalen.no er å gjere forbrukarane i stand til å gjere informerte val. Kosthald, helse, matsmitte, hygiene, fysisk aktivitet og merking av mat er blant hovudtemaa på Matportalen.no. Fleire etatar er bidragsytarar til Matportalen.no: Mattilsynet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Vitskapskomiteen for mat og miljø, Veterinærinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, og offentlege matstyresmakter i andre land. Ansvarleg redaktør er kommunikasjonsdirektøren i Mattilsynet.

14.6 Merking av matvarer

Korrekt, relevant og lett tilgjengeleg matinformasjon er ein føresetnad for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve forbrukarmakt på matmarknaden.

Regelverket for matinformasjon, inkludert merking, er heimla i matlova. Matinformasjonsforskrifta inneheld generelle krav til merking og næringsdeklarasjon av matvarer. Forskrifta er basert på EUs forordning (EU) nr. 1169/2011 om matinformasjon til forbrukarane. Næringsdeklarasjonen skal gi informasjon om innhaldet av energi, feitt, metta feitt, karbohydrat, sukkerartar, protein og salt.

Krava til merking skal gjere det enklare for forbrukarane å lese og forstå kva maten inneheld. Merkinga skal vere korrekt, gi tilstrekkeleg informasjon og ikkje villeie forbrukarane. Dette er spesielt viktig for personar som har allergiar eller intoleranse mot visse typar matvarer. I tillegg til merking på sjølve matvara, blir det stilt krav til presentasjon og reklame.

I tillegg til å ta inn EU sine generelle merkereglar, har vi også nasjonale merkereglar. Særeigne merkereglar på fisk gir forbrukarane rett til informasjon om fangst-/slaktedato på fersk fisk og informasjon om fiskeart, produksjonsmetode (oppdrett eller villfanga) og fangstområde eller opprinnelsesland på fisk.

Det er produsentane og importørane som har ansvaret for at produkta er trygge å ete, og at merkinga er i samsvar med regelverket. Merking er viktig for eit påliteleg frambod og tek vare på både forbrukaren og dei pålitelege aktørane i matkjeda. Informasjon om til dømes haldbarheit, ingrediensar og næringsinnhald speler òg ei rolle for tryggleiken som forbrukarane opplever. I dette ligg det at forbrukarane skal oppleve subjektivt, og ha tillit til, at maten er trygg, og at produktet faktisk er det som står på pakka. Mattilsynet fører tilsyn med at matvarer som blir produserte og selde i Noreg, innfrir krava i regelverket.

Forbrukarrådet har ved fleire høve gjort undersøkingar som viser at produkt i daglegvarehandelen ikkje alltid inneheld det som blir lovt på pakningane. Forbrukarrådet har derfor oppmoda styresmakter og produsentar til å rydde opp i det som kan bli oppfatta som villeiande merking, slik at forbrukarane kan ha tillit til produsentane. Kvart år går Mattilsynet gjennom merkinga på eit utval av varer i butikkane og gir produsentane pålegg om å rette opp eventuelle feil. Til dømes viste Mattilsynet sin merkesjekk i 2018 at 177 av 209 kontrollerte brød og brødvarer var merkte feil. Tala må sjåast i lys av at Mattilsynet fører risikobasert tilsyn i den forstand at ein prioriterer tilsyn på område der ein ventar brot på regelverket. Ingen av feila var av ein slik karakter at dei kunne medføre fare for forbrukarane si helse. For å gjere det enklare for næringsaktørane å følgje regelverket har Mattilsynet utarbeidd rettleiingsmateriell og informasjon. I tillegg til regelverket generelt, går materiellet på tema som næringsdeklarasjonar, merking av allergen og bruk av helse- og ernæringspåstandar.

Mykje tyder på at næringsdeklarasjonar og innhaldslister er vanskelege å forstå for mange forbrukarar. I ein SIFO-studie frå 2015 var nærare 50 prosent heilt eller delvis samde i påstanden om at det er vanskeleg å forstå merkinga. Langt færre (31 prosent) svarte at dei ikkje brydde seg om å lese merkinga.35 Eit viktig argument for å innføre sunnheitsmerking har nettopp vore at det kan vere vanskeleg å forstå og tolke varedeklarasjonar. Helsestyresmaktene rår forbrukarane til å sjå etter nøkkelholsmerket for å gjere betre og sunnare val.

14.6.1 Haldbarheitsmerking

Haldbarheitsmerkinga gir viktig informasjon om mattryggleik. Krava til haldbarheitsmerking følgjer av matinformasjonsforskrifta. Ferdigpakka matvarer skal merkast med haldbarheitsdato. Det er to former for haldbarheitsdato: «Siste forbruksdag» og «best før». Merking med haldbarheitsdato blir gjort av omsyn til både helse og kvalitet. Dei fleste matvarer skal vere merka med «best før…» eller «best før utgangen av…». Datoen viser kor lenge vara held seg i uopna emballasje utan å tape kvalitet eller andre spesifikke eigenskapar. Dersom ein må oppbevare matvara på ein bestemd måte, skal det i tillegg til dato også vere oppgitt oppbevaringsmåte. Matvarer som lett blir skjemde og derfor kan bli helsefarlege, skal merkast med «siste forbruksdag…» etterfølgt av sjølve datoen. Slike matvarer kan ikkje seljast etter at datoen er gått ut. Matvarer som lett blir skjemde, skal alltid vere merka med informasjon om oppbevaringsmåte.

Det er produsenten som vurderer og set haldbarheitsdato på matvara. For å unngå unødig matsvinn er det viktig at merking med «siste forbruksdag» berre blir nytta på varer som lett blir skjemde, og som kan bli helsefarlege utan at forbrukarane vil kunne registrere det ved å bruke sansane. For varer som er merka med «best før», vil forbrukarane kunne nytte sansane for å vurdere på eiga hand om ein bør kaste vara. Mattilsynet har utarbeidd eit faktaark om haldbarheitsmerking. Faktaarket er tilgjengeleg på nettstaden Matportalen.no. Her finst det også forbrukarinformasjon om handtering og oppbevaring av mat på eige kjøkken, og til dømes korleis ein oppbevarer middagsrestar på ein trygg måte.

I samband med oppfølginga av bransjeavtalen om matsvinn som blei omtalt i kapittelet om berekraft, har regjeringa sett i verk ei rekkje tiltak i samarbeid med matbransjen. Store delar av matbransjen blei i 2018 samde om å nytte den frivillige tilleggsmerkinga «best før (dato), ofte god etter». Mattilsynet er einig i at denne frivillige tilleggsmerkinga kan brukast. Målet er å stimulere forbrukarane til å nytte sansane sine for å vurdere om matvarer er skjemde eller etande. Matbransjen har også utvikla eit felles «sjå, lukt, smak»-symbol for å hjelpe forbrukarane.

Frukt, grønsaker og bakevarer utgjer ein stor del av maten som forbrukarane kastar.36 For denne typen varer er det ikkje krav om haldbarheitsmerking. Undersøkingar viser at årsakene til at forbrukarane kastar mat, er komplekse.37 For å førebyggje og redusere matsvinn krevst derfor meir informasjon, kunnskapsspreiing og medvitsgjering. Mattilsynet vil i samarbeid med Forbrukarrådet vurdere ytterlegare tiltak for å gi forbrukarane større kunnskap om haldbarheitsmerking og korleis dei handsamar og oppbevarer mat på rett måte. Organisasjonen Matvett AS arbeider for å redusere matsvinnet blant forbrukarane. Regjeringa vil saman med matbransjen halde fram med å arbeide aktivt for å hjelpe forbrukarane å kaste mindre mat.

14.6.2 Nye reglar for merking av alkoholhaldige drikkevarer

Alkoholhaldige drikkevarer med meir enn 1,2 volumprosent alkohol er unnatekne frå det obligatoriske kravet i matinformasjonsforordninga om merking med ingrediensliste og næringsdeklarasjon. EU-kommisjonen skal i samsvar med matinformasjonsforordninga vurdere om alkoholhaldige drikkevarer skal vere omfatta av kravet om merking med ingrediensliste og næringsdeklarasjon. Så langt har EU-kommisjonen oppmoda ein samla alkoholindustri til å komme opp med eit felles forslag til ei sjølvreguleringsordning som oppfyller forventinga frå forbrukarane om informasjon om innhald i alkoholhaldige drikkevarer. Alkoholindustrien la fram forslaget sitt til sjølvreguleringsordning i mars 2018. Forslaget inneber ikkje eitt felles forslag, men nokre konkrete krav som skal gjelde for kvar sektor. Forslaget til sjølvreguleringsordning er no til vurdering hos EU-kommisjonen.

Regjeringa meiner at alkoholhaldige drikkevarer bør merkast på lik linje med andre matvarer. Det er viktig for folkehelsa at forbrukarane får vite kva produkta inneheld, slik at dei kan gjere informerte val. Frå norsk side er det ønskjeleg med ei regulering, og Noreg har teke opp dette med EU-kommisjonen ved fleire høve. Helse- og omsorgsdepartementet følgjer saka i EU.

Figur 14.2 

Figur 14.2

Foto: Johnér

14.7 Merkeordningar på daglegvaremarknaden

Siktemålet med ei merkeordning er at ho skal vere informativ og gi objektive fakta. Eitt av hovudvilkåra for all merking av mat, inkludert private merkeordningar, er at merkinga ikkje skal vere villeiande. Utover dette kravet er det stor fridom til å utforme private merkeordningar.

Regelverket om bruk av ernærings- og helsepåstandar, informasjon, sporbarheit og merking på matområdet er harmonisert gjennom EØS-avtala. Regelverket om nøkkelholsmerking, verna nemningar og enkelte kvalitetsføresegner er nasjonalt regelverk.

14.7.1 Nøkkelholet

Nøkkelholet er ei nordisk, offentleg og frivillig merkeordning for sunnare matvarer. Ordninga blei innført i 2009. Kva grupper matvarer som kan få Nøkkelholet, og kva kriterium dei må oppfylle, er fastsett i fellesskap av norske, svenske, danske og islandske styresmakter. Merkeordninga skal gjere det enkelt å velje sunnare matvarer som inneheld meir fiber og fullkorn og mindre metta feitt, sukker og salt. Innanfor kvar matvaregruppe er det sett ulike kriterium for innhaldet av desse næringsstoffa. Matvaregrupper som brus, godteri, kaker og kjeks kan ikkje merkast med Nøkkelholet. Helsedirektoratet og Mattilsynet har ansvar for utvikling av merkeordninga, og Mattilsynet fører tilsyn med at reglane for bruk av merket blir følgde. Ei kartlegging som Universitetet i Oslo gjennomførte på oppdrag frå Helsedirektoratet, viser at det å byte til nøkkelholsmerka produkt er eit effektivt grep for å komme nærare eit kosthald som er i tråd med tilrådingane frå styresmaktene.

I 2015 blei forskrifta revidert med skjerpa krav til metta feitt, salt, tilsett sukker og fiber. Helsestyresmaktene meiner det er behov for å følgje utviklinga i talet på og omsetninga av nøkkelholsprodukt for å kunne vurdere effekten av merkeordninga. Det er også viktig med god kommunikasjon om merkeordninga, slik at fleire forbrukarar vel merka produkt. Samstundes er det viktig å motivere bransjen til å utvikle fleire produkt som kan merkast med Nøkkelholet. Helsestyresmaktene jobbar systematisk med merket, både når det gjeld å revidere og stramme inn kriteria og å styrkje kommunikasjonen mot alle grupper i befolkninga.

Talet på nøkkelholsprodukt har auka kraftig sidan merket blei etablert i Noreg. I 2009 var det 409 produkt, mens det i 2017 var 2084 produkt. To av tre nordmenn meiner at merkeordninga er god, og i 2018 hadde 60 prosent stor eller særs stor tillit til Nøkkelholet. Eit av tiltaka i handlingsplanen for betre kosthald er å vurdere om ein kan gjere dei merka produkta enkle å kjenne att, også for for dei med nedsett syn.

Det er eit mål å auke tilbodet av nøkkelholsprodukt i alle daglegvarekjeder og på kiosk-, bensin- og servicemarknaden (KBS-marknaden). Dette er i tråd med både handlingsplanen for betre kosthald og intensjonsavtalen mellom helsestyresmaktene og matvarebransjen. Matbransjen støttar opp om merket og arbeider for å auke talet på nøkkelholsmerka matvarer.

I samarbeid med dei andre nordiske landa vil regjeringa i 2019 lansere og implementere ein felles nordisk varemerkestrategi for å styrkje og utvikle Nøkkelholet.

14.7.2 Merkeordningar for norsk mat

Stiftinga Matmerk administrerer fleire merkeordningar for norsk mat. Nyt Norge er ei frivillig merkeordning for produkt som er baserte på norske råvarer og kvalitetssikra gjennom Kvalitetssystem i landbruket (KSL). Nyt Norge-merket garanterer bruk av norske råvarer og stiller krav til at matvarene er heilproduserte av verksemder som er lokaliserte i Noreg.

Spesialitet er den største merkeordninga for lokalmat i Noreg. Produkt med dette merket er laga i Noreg og oppfyller bestemte krav til råvarer, produksjonsmetode og/eller oppskrift.

Beskytta nemningar er ei offentleg merkeordning som gir høve til å verne produktnemningar for mat og drikke ut frå opphav, geografi og tradisjonelt særpreg. Ordninga blir regulert av ei eiga nasjonal forskrift. 29 norske og tre utanlandske produkt er no verna via ordninga. Mangfaldet av produkt er eit resultat av lange tradisjonar, høg kunnskap og råvarer som er dyrka under særs gunstige vekstvilkår. Dette er med på å gi produkta unik smak og karakteristikk.

14.7.3 Merkeordning for økologiske produkt (Ø-merket)

Omgrepet «økologisk» er verna gjennom det offentlege regelverket for økologisk produksjon. Regelverket er ein del av EØS-avtalen, og dekkjer heile matproduksjonskjeda. EØS-regelverket forpliktar Noreg til å ha ei kontrollordning i offentleg regi. Mattilsynet har gitt Debio rett til å føre tilsyn med og gjere enkeltvedtak på dei fleste av områda som er omfatta av forskrifta. Debio fører tilsyn med at produkt som blir marknadsførte som økologiske, tilfredsstiller krava som regelverket stiller til økologisk produksjonsmetode. Ø-merket frå Debio kan brukast til å merke økologiske produkt. Det finst òg ein eigen EU-logo for økologiske produkt. Logoane kan brukast saman.

Boks 14.5 Brødskalaen

I Noreg finst det også private merkeordningar for mat. Brødskalaen er ei frivillig merkeordning for mjøl- og bakeribransjen. Merkeordninga er eigd av Baker- og Konditorbransjens Landsforening. Skalaen viser kor stor prosentdel av den totale mjølmengda i brødet som er heilkorn, sammale mjøl og kli. I tillegg til brødskalasymbolet, er emballasjen merka med grovheitsgrad i prosent.

Merkeordninga har gjort det lettare for forbrukarane å velje sunnare brød, og særs mange brød blir i dag selde med brødskalamerket. Ei undersøking som YouGov gjennomførte i 2017, viste at halvparten av dei spurde brukte Brødskalaen dagleg når dei kjøpte brød.

14.7.4 Korleis forbrukarane opplever merkemangfaldet

Det finst eit mangfald av merke på den norske daglegvaremarknaden. Ei undersøking som SIFO gjorde i 2011, viser at mange forbrukarar synest det kan vere vanskeleg å orientere seg i mangfaldet av merke. Særs mange ville likevel ikkje vore mangfaldet forutan og prøver å nytte seg aktivt av merka i det daglege. Hovudfunnet i undersøkinga var at forbrukarar flest var nøgde med merkeordningane. Forbrukarane som sette seg inn i og nytta relevante merkeordningar når dei handla, var stort sett dei som var særleg opptekne av bestemte vareeigenskapar. Undersøkinga viste også at forbrukarane har høgast tillit til dei offentlege merka. Sjølv om det ikkje såg ut til å vere grunnlag for å hevde at mangfaldet av merke i seg sjølv var eit problem, blei det påpeika eit klart behov for betre informasjon om kva dei ulike merka inneber.38

For å styrkje effekten av merkeordningar som forbrukarrettleiing utarbeidde Forbrukarrådet i 2012 ei nettbasert informasjonsløysing for dei vanlegaste merkeordningane på daglegvaremarknaden. Merkeoversikta gir lettfatteleg informasjon om mellom anna kven som står bak kvart merke, og kva kriterium som gjeld for bruken av dei ulike merka.

14.8 Marknadsføring av usunn mat og drikke til barn

Vala som forbrukarane tek, blir ikkje styrte berre av kunnskap og haldningar, men også av andre faktorar. Dette kan bli utnytta i marknadsføringa av produkta. Eit døme er produktplasseringa i daglegvarebutikkane, som kan vere innretta slik at ein impulsivt blir freista til å velje usunne produkt.

Marknadsføringa av mat kan ha andre og til dels motstridande bodskapar samanlikna med merkinga, som skal vere faktabasert. Informasjon som forbrukarpolitisk verkemiddel er avgrensa til upartisk informasjon som ikkje er knytt til eit personleg økonomisk motiv for å gi informasjonen. Marknadsføring av mat fell derfor ikkje inn under dette informasjonsomgrepet.

Verdas helseorganisasjon (WHO) har sidan 2006 jobba med å finne ut korleis medlemslanda kan regulere marknadsføring av usunn mat og drikke til barn. Dette arbeidet er forankra i ei rekke deklarasjonar, strategiar og handlingsplanar frå WHO. I 2010 vedtok Verdas helseforsamling i WHO tilrådingar om korleis medlemslanda kan regulere denne typen marknadsføring nasjonalt. Noreg har vore initiativtakar og pådrivar for arbeidet i dei styrande WHO-organa.

I 2013 blei det i eit samarbeid mellom Virke, Annonsørforeningen (ANFO) og NHO utarbeidd frivillige retningslinjer for marknadsføring av usunn mat og drikke til barn og unge. Dette var etter at Helse- og omsorgsdepartementet og dåverande Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet hadde sendt eit forslag til forskrift om regulering av marknadsføring retta mot barn og unge av usunn mat og drikke på høyring. Dei frivillige retningslinjene tok utgangspunkt i forslaget til regulering frå dei to departementa. Virke, ANFO og NHO etablerte Matvarebransjens Faglige Utvalg (MFU), som administrerer retningslinjene. Retningslinjene tredde i kraft i januar 2014 og fungerer no som ei sjølvreguleringsordning for matbransjen.

Målet med ordninga er å hindre marknadsføring av visse typar mat og drikke retta mot barn under 13 år. Retningslinjene er eit supplement til, og ei konkretisering av, gjeldande regelverk (m.a. marknadsføringslova). Alternativet til retningslinjene var ei eiga forskrift under matlova. Marknadsføringslova inneheld særlege føresegner som skal verne barn mot urimeleg handelspraksis og ulovleg marknadsføring. Forbrukartilsynet har i enkelte saker brukt desse føresegnene til å gripe inn mot marknadsføring av usunn mat retta mot barn. Styresmaktene vedtok i 2013 at sjølvreguleringsordninga skulle prøvast ut i ein toårsperiode og deretter evaluerast.

I 2017 fekk Forbrukarrådet gjennomført ei undersøking blant unge i alderen 13 til 15 år om marknadsføring av usunn mat og drikke i sosiale medium. Undersøkinga viste at denne typen marknadsføring i stor grad «går under radaren» hos ungdommane – det vil seie at dei unge ikkje forstår at det er reklame. Ungdommane var merksame på den tradisjonelle reklamen, men ikkje den reklamen som dukka opp som statusoppdatering frå merkevareprodusentar, eller som produkt i nyheitsoppdateringar på Facebook. Heller ikkje innhaldsreklame i videoar på YouTube blei oppfatta som reklame.

Helse- og omsorgsdepartementet følgjer opp dialogen med MFU. Retningslinjene blei evaluerte av Helsedirektoratet i 2016 basert på ein kartleggingsstudie frå SIFO, ei sjølvevaluering frå MFU og synspunkt og vurderingar frå frivillige organisasjonar. Evalueringa viste at ordninga burde betrast med omsyn til aldersgrenser, marknadsføring i sosiale medium, bruk av emballasje som marknadsføringskanal og bruk av reklame knytt til sponsing. I tillegg kom det fram at ordninga var lite kjend blant forbrukarane. Desse tilhøva har MFU jobba med. Produsentane var på den andre sida godt kjende med ordninga, og søkjer ofte råd hos MFU ved planlegging av marknadsføringsaktivitetar. Dette blei vurdert som eit positivt og viktig aspekt ved ordninga. Retningslinjene er viktige både i ordinær butikkhandel, på internett og i sosiale medium. Helse- og omsorgsministeren vurderte at det er gjort mykje bra på kort tid for å få etablert eit system og forankre det internt i bransjen. Matbransjen sjølv ønskjer å halde fram med ordninga og viser til positive resultat. Regjeringa skal evaluere retningslinjene på nytt i 2019. Det vil vere viktig at retningslinjene er tilstrekkeleg omfattande, godt kjende og tilgjengelege – spesielt for marknadsførarane. I tillegg er det viktig at ordninga har tillit frå styresmaktene si side. Regjeringa ønskjer framleis å få innspel frå Forbrukarrådet og andre i den vidare utviklinga av retningslinjene.39

Boks 14.6 Energidrikkar

Fram til hausten 2008 blei næringsmiddel med tilsett koffein rekna som legemiddel, og berre små mengder koffein var som unntak frå dette tillate å tilsetje som aroma i cola og andre leskedrikkar. No kan koffein lovleg tilsetjast som aromastoff i matvarer og drikkar i samsvar med gjeldande næringsmiddelregelverk. I seinare år har salet av energidrikkar auka kraftig. Regelendringa har ført til ein stor auke i talet på produkt med tilsett koffein som seljast i butikkar, kioskar, på treningssenter og over internett. Marknadsføringa rettar seg gjerne mot barn og ungdom ved at ho blir knytt opp mot idrettsheltar. I ein rapport frå 2009 uttaler Vitskapskomiteen for mattryggleik at barn og unge kan få i seg for mykje koffein gjennom energidrikkar. Forbrukarrådet har gjennomført ei undersøking som viser at barn heilt ned i 10–12-årsalderen oppgir regelmessig forbruk av energidrikkar. Forbruksmønsteret endrar seg med alderen, ved at «inntak fleire gonger per veke» aukar monaleg frå 10–12-årsalderen til 13–15-årsalderen. Forbrukarrådet meiner at ein på grunn av skadeverknadene bør innføre forbod mot sal av energidrikkar til barn og unge.

Sjølv om det ikkje er sett noko aldersgrense for kjøp av energidrikkar i Noreg, har leverandørane av energidrikkar til den norske marknaden blitt samde om ikkje å marknadsføre energidrikkar mot ungdom under 16 år. I tillegg har den norske drikkevarebransjen sjølvpålagde retningslinjer om ikkje å drive marknadsføring mot barn under 13 år. Helse- og omsorgsdepartementet har bedd Mattilsynet om å undersøkje ulike alternative tiltak for å verne barn og unge mot helseskadar som følgje av høgt inntak av energidrikkar. Rapporten blei levert i februar 2019. Helse- og omsorgsdepartementet vil vurdere forslaga i rapporten og følgje opp på eigna måte.

14.9 Regjeringa vil

  • tette kunnskapshol om korleis kvardagen til forbrukarane blir påverka av måten daglegvarekjedene samlar inn og bruker kundedata på

  • vurdere tiltak for å beskytte barn og unge mot helseskadar som skuldast høgt konsum av energidrikkar

  • følgje opp og evaluere dei frivillige retningslinjene for marknadsføring av usunn mat til barn og unge i 2019

15 Forbrukarar og arbeidslivskriminalitet

Figur 15.1 

Figur 15.1

Foto: Johnér

15.1 Innleiing

Forbrukarpolitikken handlar også om å støtte opp om forbruk som kan bidra positivt for samfunnet. Forbrukarar som får betre informasjon og støtte til å velje seriøse og lovlydige verksemder, kan bidra positivt til å motverke arbeidslivskriminalitet og svart økonomi.

Eit karakteristisk trekk ved arbeidslivskriminalitet er innslaget av multikriminalitet. Det kan vere skatte- og avgiftskriminalitet, korrupsjon, kvitvasking, trygdesvindel, feil eller falsk informasjon og dokumentasjon, bruk av ulovleg arbeidskraft eller grove brot på føresegnene om lønn og arbeidstid. Den vanlegaste forma for arbeidslivskriminalitet er ein kombinasjon av svart arbeid og svart omsetning i samanheng med brot på reglane som gjeld for arbeidslivet. For å førebyggje og kjempe mot eit så samansett problem som arbeidslivskriminalitet krevst ein felles innsats frå ulike aktørar og på ulike arenaer.

Det er vanskeleg å slå fast det samla omfanget av arbeidslivskriminalitet i Noreg. Det er rekna ut at i 2015 utgjorde verdiskaping knytt til ulovleg verksemd som er skjult for omverda, 1,2 prosent av fastlands-BNP, det vil seie om lag 30 milliardar kroner.40

Svart arbeid og arbeidslivskriminalitet er eit samfunnsproblem ved at det offentlege taper inntekter som kunne vore brukte til å finansiere velferd og fellesgode. Arbeidslivskriminalitet er også eit problem for seriøse verksemder, fordi det skaper skeive konkurransevilkår. På individnivå er det ei utfordring at dei som jobbar svart i staden for kvitt, misser retten på feriepengar, lønn under sjukdom, pensjonsopptening og så vidare.

Ein rapport frå 2018 om innsatsen mot arbeidslivskriminalitet peikar på at private og offentlege oppdragsgivarar er dei som har størst moglegheit til å setje i verk trussel- og sårbarheitsreduserande tiltak mot kriminelle aktørar i arbeidslivet.41 Dersom oppdrag ikkje lenger er tilgjengelege for kriminelle aktørar, blir innteningsmoglegheitene reduserte.

Partane i arbeids- og næringslivet har også over tid retta merksemd mot forbrukarmarknaden. LO, NHO, KS, Unio, YS og Skatteetaten har gjennom fleire år hatt eit organisert samarbeid mot svart økonomi (SMSØ). Føremålet med samarbeidet er å arbeide haldningsskapande og førebyggjande mot svart økonomi. Tiltaka rettar seg også mot forbrukarar.

Ved å handle kvitt medverkar forbrukarar til at seriøse verksemder får rettferdige konkurransevilkår og at arbeidstakarar får lovlege lønns- og arbeidsvilkår. Regjeringa vil at forbrukarar skal ha eit medvite og aktivt tilhøve til korleis dei kan vere med på å hindre arbeidslivskriminalitet og svart økonomi.

15.2 Regjeringsstrategien mot arbeidslivskriminalitet

Eit viktig mål for regjeringa er å sørgje for eit ryddig og seriøst arbeidsliv. For å forhindre og motverke kriminalitet i arbeidslivet, la regjeringa i 2015 fram ein eigen strategi mot arbeidslivskriminalitet. For ytterlegare å forsterke innsatsen blei strategien oppdatert og revidert i 2017 og sist gong i februar 2019.42

Eit hovudgrep i den reviderte strategien er større vektlegging av førebygging, betre kunnskapsgrunnlag og meir målretta informasjon som skal medverke til å gjere marknaden mindre for kriminelle aktørar. Vidare vil regjeringa styrkje innsatsen mot arbeidslivskriminalitet og svart økonomi i privatmarknadene ved å gjere det enklare for forbrukarar å velje seriøse aktørar.

Dei resterande tiltaka i strategien vil også bidra til å redusere arbeidslivskriminalitet i forbrukarmarknadene. Det dreier seg her mellom anna om å vidareføre samarbeidet mot svart økonomi (SMSØ) og treparts-bransjeprogram, auke kunnskapen om omfanget av skattesvik og svart økonomi, målrette informasjonstilbodet til utanlandske arbeidstakarar og styrkje tilsynssamarbeidet mellom offentlege etatar.

15.3 Arbeidslivskriminalitet på forbrukarmarknader

Marknaden for tenester til forbrukarar er stor. Ifølgje landsforeininga til byggjenæringa i NHO utgjer omsetninga på oppussingsmarknaden for private bustader i overkant av 70 milliardar kroner årleg. Om lag ti prosent av dei private husstandane kjøper reinhaldstenester, og trenden ser ut til å vere stigande. Private forbrukarar utgjer også storparten av marknaden for fleire av dei andre bransjane som har store utfordringar med arbeidslivskriminalitet (m.a. bil- og serveringsbransjen). 1 av 10 nordmenn oppgir at dei har handla svarte tenester dei siste to åra.43

Utfordringane med arbeidslivskriminalitet på forbrukarmarknaden er gjerne knytte til manglande betaling av skattar og avgifter og brot på arbeidsmiljø- eller allmenngjeringslova. Dersom arbeidet blir utført etter avtale/kontrakt med den private oppdragsgivaren, er det verksemda sjølv som har ansvar for dette. Privatpersonar kan ha arbeidsgivaransvar for personar som utfører arbeidsoppgåver i hus og heim, og dermed plikt til å innfri krav til helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen. Dersom det skjer ulukker, kan den private arbeidsgivaren bli erstatningsansvarleg for påførte skader.

Boks 15.1 Tilsyn og høve til sanksjonar

Arbeidstilsynet kan føre tilsyn med verksemder som arbeider utvendig på private heimar (t.d. sikringstiltak i samband med byggjeverksemd), men kan ikkje føre tilsyn med innvendig arbeid. Nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter (NTAES) har utarbeidd ein rapport med tittelen Mer effektiv sanksjonering (februar 2018). Rapporten gir ei oversikt over alle høva som Arbeidstilsynet, NAV, Politiet, Skatteetaten, Tolletaten og Utlendingsdirektoratet har til sanksjonar, og medverkar på den måten til ei meir effektiv sanksjonering av lovbrot.

To arbeidsgrupper med representantar frå Riksadvokaten, ØKOKRIM, Arbeidstilsynet, NAV, Tolldirektoratet og Skatteetaten har sett nærare på høva til sanksjonar. Den eine gruppa har sett på såkalla formallovbrot, og anbefaler mellom anna at det blir greidd ut ein ny regel om straff for såkalla stråmannsverksemd. Den andre gruppa har sett på samordning mellom forvaltingssanksjonar og andre sanksjonar. Gruppa uttaler mellom anna at lovbrot som forvaltinga har like gode føresetnader for å oppklare og reagere på, ikkje bør bringast inn for handsaming i det strafferettslege sporet. Arbeidsgruppa anbefaler at kvar kontrolletat går igjennom sin meldeinstruks. Rapportane frå dei to arbeidsgruppene blei leverte til Det sentrale samarbeidsforum (DSSF) 15. oktober 2018.

Skatteetatens årlege undersøking av etterleving, rapportering og oppdagingsrisiko44 (SERO) handlar om norske verksemders haldningar til etterleving. Undersøkinga i 2017 viste at det i bransjane handverk (snikkararbeid, måling og belegg), bygg og anlegg og reinhald er færrast som meiner det er vanskeleg å unndra seg skattar og avgifter i eigen bransje. I tillegg viste undersøkinga at aksepten for å unnlate å betale skattar og avgifter er størst i bransjane reinhald, servering, bygg og anlegg og taxi- og turbil.

Undersøkinga frå Opinion om kjøp av svart arbeid45 underbyggjer desse funna. Det går fram av undersøkinga at reinhald, barnepass, snikkararbeid og bygg- og anleggstenester er dei største tenestegruppene som forbrukarar kjøper svart. Blant dei som kjøpte reinhaldstenester, var det 29 prosent som kjøpte arbeidet svart. 18 prosent av dei som kjøpte barnepass, oppgav at det blei gjort svart, medan målar-, snikkar- og andre bygg- og anleggstenester blei kjøpte svart i høvesvis 16, 13 og 12 prosent av tilfella. Undersøkinga viser at den vanlegaste årsaka til at forbrukarar vel å kjøpe svart, er at det er billeg.

I bransjane for bygg og reinhald, og i andre bransjar med særleg stor risiko for arbeidslivskriminalitet, finn ein eit vesentleg innslag av utanlandske arbeidstakarar. Tilsynsstyresmaktene erfarer at utanlandske arbeidstakarar i større grad enn dei norske er utsette for dårlege lønns- og arbeidsvilkår. Desse arbeidstakarane kjem ofte frå land med klart lågare lønnsnivå, og dei manglar gjerne informasjon om rettane dei har på den norske arbeidsmarknaden. Undersøkingar blant utanlandske arbeidstakarar i byggjenæringa tyder på at majoriteten av dei arbeider i den delen av marknaden som har privatpersonar som oppdragsgivarar.46

Nedanfor blir eit utval bransjar som ein går ut frå har vesentlege utfordringar med arbeidslivskriminalitet, og der det er etablert eller blir planlagt tiltak retta mot forbrukarar, omtalt.

15.3.1 Byggjenæringa

Byggjenæringa blir rekna som meir belasta med svart arbeid enn mange andre næringar. I NOU 2015: 1 uttalte Produktivitetskommisjonen mellom anna at svart arbeid truleg er utprega i delar av næringa. I tillegg blir det påpeika at éin av tre utanlandske arbeidstakarar oppgir å tene mindre enn den allmenngjorde minstesatsen for ufaglærte.47

Vidare gjer kommisjonen merksam på at etterspurnadssida på byggmarknaden er prega av mange private aktørar som er på denne marknaden berre éin eller nokre få gonger i livet. Det blir også peika på at byggmarknaden kan framstå som lite oversiktleg for kjøparane, og at mange kjøparar har avgrensa kompetanse på produksjon av bygg. Ifølgje kommisjonen kan det dessutan vere vanskeleg for etterspurnadssida å avdekkje dårleg kvalitet i bygga eller ulovlege arbeidstilhøve.

Fafo-rapport 2014: 14 Privatmarkedet i byggenæringen omtaler resultata frå ei undersøking som blei gjennomført blant verksemder om omfanget av svart arbeid på privatmarknaden. I denne undersøkinga svarte 45 prosent av respondentane at det er særs eller ganske uvanleg å ta delar av eit oppdrag svart. 56 prosent svarte at det er særs eller ganske uvanleg å ta heile oppdrag svart.

I rapporten Enkelt å vere seriøs frå august 2014 påpeikar byggje- og anleggsnæringa at useriøse føretak er eit stort problem i norsk byggje- og anleggsverksemd.

Regjeringa ser det som urovekkjande at mange bruker svart arbeidskraft i byggjeprosjekt, og at det er mange brot på føresegnene om helse, miljø og tryggleik (kalla HMS) i desse prosjekta. Det gjer marknaden vanskeleg for seriøse føretak.

Det er viktig for kvaliteten på byggjeprosjekt at det blir nytta kvalifiserte og seriøse føretak. Dessverre er marknaden i byggjenæringa uoversiktleg, med rundt rekna 55 000 føretak i sektoren. Særleg for forbrukarar kan det vere vanskeleg å finne seriøse føretak.

Sjølv om det ikkje er påvist i undersøkingar, går ein ut frå at det er ein samanheng mellom brot på HMS-reglar, plan- og bygningslovgivinga og kvaliteten på byggjearbeid. Ifølgje Produktivitetskommisjonen blir seriøse og kompetente føretak pressa ut av marknaden. Svart arbeid gjer det dessutan vanskelegare for forbrukarar å følgje opp eventuelle feil, ettersom arbeidet ofte blir gjennomført utan kontraktar.

Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal vurdere om dagens system med «Sentral godkjenning for ansvarsrett», erklæring om ansvarsrett i byggjesaker, uavhengig kontroll og det føreslegne Seriøsitetsregisteret er med på å oppfylle målet om forsvarleg byggkvalitet, tydeleg plassering av ansvar, kvalifiserte og seriøse aktørar. Utvalet skal også vurdere om det er behov for nye tiltak. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil følgje opp rapporten frå utvalet og vurdere om ein bør utarbeide nye verkemiddel i tilknyting til plan- og bygningslovgivinga for å auke seriøsiteten og kvaliteten i næringa.

Skatteetaten, Politiet, Arbeidstilsynet og NAV har gjennomført fleire samordna kontrollar på privatmarknaden for bygg. Ein aksjon våren 2018 viste at forbrukarar kjøper tenester frå føretak som nyttar uregistrerte arbeidarar, driv svart arbeid og trygdesvindel, og utset arbeidstakarane sine for farleg arbeid. Fleire av føretaka var også involverte i organisert kriminalitet.

Forbrukarar kan vere med på å hindre arbeidslivskriminalitet på byggmarknaden ved å velje seriøse leverandørar og krevje å få sjå HMS-korta (tidlegare kalla ID-kort) til arbeidstakarane. Alle som utfører arbeid på byggje- og anleggsplassar, både norske og utanlandske arbeidstakarar, skal ha HMS-kort.

Ordninga med HMS-kort medverkar til ryddigheit i bransjane, ettersom verksemdene må vere registrerte i visse offentlege register for å få slike kort. HMS-korta dokumenterer at arbeidstakarane jobbar i ei godkjend verksemd.

Forbrukarar har rett til å krevje å få sjå HMS-kort og eventuelt velje ein annan tilbydar dersom gyldig kort ikkje blir lagt fram. Forbrukarar kan også tipse Arbeidstilsynet om tenesteytarar som manglar gyldig HMS-kort.

Ei evaluering som Fafo gjorde av godkjenningsordninga i reinhaldsbransjen,48 viste at 80 prosent av forbrukarane ikkje kjende til ordninga med HMS-kort. Det er ingen haldepunkt for at ordninga er betre kjend blant forbrukarar på byggmarknaden. Ordninga bør derfor bli gjort betre kjend. Forbrukarar må få meir informasjon om at dei både kan og bør be om å få sjå gyldig HMS-kort. Dette vil gjere det vanskelegare for useriøse aktørar å få tilgang til denne marknaden.

Boks 15.2 Råd og rettleiing frå Forbrukarrådet om tenestekjøp

Forbrukarar kan søkje om råd og rettleiing hos Forbrukarrådet i samband med kjøp av handverkartenester. Forbrukarrådet har standardiserte kontraktar som forbrukarar kan nytte seg av. Desse kontraktane er tilgjengelege gratis på nettsidene til Forbrukarrådet. Her finn ein også ei sjekkliste ein kan bruke før ein vel handverkar og ei rettleiing om kjøp av seriøse reinhaldstenester.

15.3.2 Reinhaldsbransjen

I dag kjøper om lag ti prosent av dei private husstandane reinhaldstenester.49 Trenden ser ut til å vere aukande. Majoriteten av dei som jobbar med reinhald på forbrukarmarknaden, er innvandrarar. Ein stor del kjem frå Aust- og Sentral-Europa. Ettersom reinhaldsbransjen har få kompetansekrav, er det mange arbeidstakarar som har lite utdanning og avgrensa norskkunnskapar. Ofte kjem reinhaldarane frå land der den nordiske velferdsstaten er ukjend, og der tilliten til styresmaktene er låg. Mange stiller derfor ikkje spørsmål ved dårlege lønns- og arbeidstilhøve, og terskelen for å søkje informasjon er ofte høg. I delar av reinhaldsbransjen er arbeidstakarane dermed utsette for uakseptable lønns- og arbeidsvilkår og ulike former for arbeidslivskriminalitet.

Det er innført fleire tiltak i reinhaldsbransjen for å fremje seriøsitet i bransjen. I tillegg til allmenngjort lønn må alle reinhaldsverksemder vere offentleg godkjende, og det er innført eit eige treparts-bransjeprogram for reinhaldsbransjen. Treparts-bransjeprogrammet er eit verkemiddel for å bidra til høvelege og seriøse arbeidsvilkår i utvalde bransjar der dette er ei utfordring. Føremålet er å mobilisere arbeidsgivarar, arbeidstakarar og styresmakter til i fellesskap å dokumentere og ta tak i kjende utfordringar når det gjeld arbeidsvilkår og arbeidsmiljø.

Bransjeprogrammet for reinhald blei etablert i 2012. Som ein del av programmet er det sett i verk ei rekkje tiltak for å fremje trygge og seriøse arbeidstilhøve i bransjen. Dette inkluderer ei offentleg godkjenningsordning for reinhaldsverksemder. I 2018 starta bransjeprogrammet ein informasjonskampanje retta mot innkjøparar i privat sektor, for å gjere godkjenningsordninga for reinhald betre kjend og brukt. Gjennom bransjeprogrammet følgjer ein utviklinga i bransjen og vurderer kontinuerleg behovet for nye eller justerte tiltak.

Godkjenningsordninga for reinhaldsverksemder inneber at alle reinhaldsverksemder skal vere godkjende av Arbeidstilsynet (eller ha søknad om godkjenning eller HMS-kortbestilling til handsaming). For å bli godkjende må verksemdene mellom anna dokumentere at dei har lovlege arbeidsavtaler, betaler allmenngjort tarifflønn og at alle som utfører reinhald, har gyldig HMS-kort. Verksemder som ikkje er godkjende av Arbeidstilsynet, kan ikkje lovleg selje reinhaldstenester verken til verksemder eller forbrukarar.

I 2018 gjennomførte regjeringa fleire endringar for å styrkje godkjenningsordninga for reinhald. Mellom anna blei det innført eit forbod for forbrukarar mot å kjøpe reinhald frå verksemder som ikkje er godkjende (inntil 1. juli 2018 gjaldt forbodet berre for næringsdrivande).

Reinhaldsregisteret på heimesida til Arbeidstilsynet gir oversikt over verksemdene det er lovleg å kjøpe reinhaldstenester frå. Det er gjort fleire endringar i reinhaldsregisteret, mellom anna ny design og nye funksjonar for å gjere det enklare for forbrukarar å sjekke om ei reinhaldsverksemd er godkjend. I dag er det til dømes mogleg å abonnere på endringar hos reinhaldsverksemda ein bruker, slik at ein blir varsla dersom verksemda misser godkjenninga si.

Det er viktig at reinhaldsregisteret blir godt kjent og brukt av forbrukarar. Som nemnt tidlegare blir det gjort ein del informasjonsarbeid retta mot forbrukarar i samband med det pågåande bransjeprogrammet for reinhald. Her har partane lang erfaring og kunnskap om dei ulike utfordringane i bransjen og kva tiltak som kan treffe bransjen godt. Dette arbeidet kjem til å halde fram.

15.3.3 Bilbransjen

Bilbransjen omfattar mellom anna bilsal, bilreparasjon, dekkskift, bilvask- og pleie. Dette er tenester som i hovudsak er retta mot private forbrukarar. Arbeidstilsynet har over fleire år gjennomført ei rekkje tilsynsaktivitetar retta mot bilbransjen, mange av dei i samarbeid med andre offentlege etatar. Typiske funn i den useriøse delen av bransjen er helsefarlege arbeidslokale med dårleg ventilasjon, støy og farleg handtering av sterke kjemikaliar. I tillegg har det blitt avdekt arbeidstid langt utover det som er lovleg og forsvarleg. Statens vegvesen fører tilsyn med bilverkstader og har eit samarbeid med politiet, Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og Arbeidstilsynet om innsats fleire stader i landet for å stengje ulovlege bilverkstader.50

For å ta tak i utfordringane i bilbransjen blei det hausten 2018 etablert eit treparts-bransjeprogram for bilbransjen. Arbeidet blir leia av Arbeidstilsynet i samarbeid med Statens vegvesen. I bransjeprogrammet blir det vurdert moglege tiltak for å løyse utfordringane i bilbransjen. I første omgang blir det gjennomført ei undersøking av tilhøva i bransjen. Dette vil gi grunnlag for å vurdere målretta tiltak.

Verkstader som utfører reparasjon, vedlikehald og anna arbeid på bil, må vere offentleg godkjende. Det blei i 2018 jobba med å styrkje seriøsiteten i denne bransjen gjennom nye reglar for godkjenning og tilsyn. Reglane inneber mellom anna krav til kompetanse, habilitet og vandel for kontrollørane og verkstadene som utfører periodisk køyretøykontroll. Vidare inneber reglane at det blir mogleg for offentlege styresmakter å gjennomføre eit meir effektivt tilsyn. Siktemålet med skjerpa krav er å styrkje kvaliteten på verkstadtenestene, bidra til auka trafikktryggleik og å motverke arbeidslivskriminalitet. Godkjenningsordninga for verkstader må gjerast betre kjend.

15.4 Det må vere enkelt å handle kvitt

For å få fleire til å handle kvitt må ein gjere forbrukarar merksame på kva rettar og plikter dei har ved kjøp av varer og tenester. Forbrukarar må vite kva ordningar som finst for å følgje regelverket, og vere i stand til å velje vekk kriminelle leverandørar. Regjeringa jobbar langs fleire spor for å medverke til at fleire forbrukarar skal kunne gjere informerte val ved kjøp av mellom anna handverkstenester, reinhaldstenester og bilpleie.

I ein del tilfelle opplever forbrukarar at det er vanskeleg å vite korleis ein handlar kvitt. Dei må ofte ta stilling til regelverk og informasjon frå fleire etatar, og informasjonen er ofte betre tilpassa bedriftsmarknaden enn småjobbar i heimen. Døme på dette er informasjon om ansvar ved skader og ulukker, rapportering av skatt og mogleg ansvar ved svart arbeid, eller om leverandøren er lønnstakar eller næringsdrivande. Når det er vanskeleg å handle kvitt, aukar risikoen for at forbrukarar handlar svart. Det er derfor viktig å setje inn tiltak på området.

Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ) mellom KS, LO, NHO, YS, Unio og Skatteetaten har sidan 2011 gjennomført Handlekvitt-kampanjar knytte til nettstaden handlehvitt.no. Regjeringa vil i 2019 etablere eit samarbeid mellom SMSØ og aktørar som Forbrukarrådet, Arbeidstilsynet, Skatteetaten og NAV for å etablere ei ny rettleiingsteneste på handlehvitt.no. Den nye tenesta skal gjere det enklare for forbrukarar å velje seriøse leverandørar og handle kvitt. Regjeringa tek sikte på at rettleiingstenesta skal lanserast i 2020. Som eit ledd i etableringa av rettleiingstenesta skal SMSØ og etatane kartleggje kva kontakt og erfaringar forbrukarar har med relevante offentlege etatar når dei handlar kvitt. Område der det kan vere behov for å samordne informasjon tilpassa behova til forbrukarar, skal også kartleggjast.

I avsnitta under blir fleire pågåande prosessar knytte til register- og attestløysingar som skal gjere det enklare for forbrukarar å velje seriøse leverandørar og handle kvitt, omtalt.

15.4.1 Tilgang til opplysingar om tilbydarar (eBevis)

I april 2019 blei tenesta «eBevis» lansert. Tenesta gir offentlege oppdragsgivarar digital tilgang til sanntidsinformasjon frå offentlege register om norske leverandørar ved innkjøp og oppfølging av kontraktar. Tenesta er utvikla av Direktoratet for forvalting og ikt (Difi) og Brønnøysundregistra (BR). Brukarane får mellom anna tilgang til firmaattest, informasjon om konkurs og rekneskap frå Brønnøysundregistra og skatte- og meirverdiavgiftrestansar frå Skatteetaten. eBevis skal medverke til meir effektive innkjøp med betre kvalitet, og motverke arbeidslivskriminalitet. Det kan vere mogleg å utvide tenesta med fleire datakjelder. Difi vil i 2019 vurdere kva andre registeropplysingar det kan vere aktuelt å utvide tenesta med.

I samsvar med den reviderte strategien mot arbeidslivskriminalitet (lansert februar 2019) vil regjeringa undersøkje om også forbrukarar kan og bør få digital tilgang til sanntidsinformasjon om norske leverandørar som er tilgjengeleg gjennom eBevis.

15.4.2 Forenkla løysing for innrapportering av lønt arbeid i heimen

Tenester som reinhald, oppussing og barnepass er dominerande når det gjeld svart arbeid på privatmarknaden. Store delar av dette blir levert av privatpersonar. I slike tilfelle skal som regel lønna rapporterast og det skal trekkjast skatt. Løysinga frå Skatteetaten, Melding om lønna arbeid i heimen (A04), gjer det mogleg for privatpersonar å hente skattekort, rekne ut skattetrekk og rapportere lønn for småjobbar i heimen på ein relativt enkel måte, i hovudsak i spennet mellom 6 000 og 60 000 kroner per år. Lønnsutbetalingane er fritekne for arbeidsgivaravgift.

Trass i dette ser ikkje forbrukarane ut til å oppfatte ordninga som tilgjengeleg og tilstrekkeleg brukarvennleg. Brukarane av ordninga har etterspurt å kunne betale skattetrekket direkte i løysinga i Altinn.

Regjeringa vil derfor greie ut korleis ein kan gjere A04-løysinga meir tilgjengeleg, brukarvennleg og effektiv. Eit eventuelt tidspunkt for gjennomføring må vurderast nærare etter at ein har sett på gevinstane og kostnadene ved ei meir brukarvennleg ordning.

15.5 Regjeringa vil

  • følgje opp tiltak frå strategien mot arbeidslivskriminalitet for å undersøkje om ein kan og bør bruke sanntidsdata frå offentlege register om tenestetilbydarar til å gi forbrukarar informasjon om kor seriøse tilbydarane er (eBevis)

  • vurdere korleis ein kan gjere innrapporteringsordninga «Melding om lønna arbeid i heimen» meir tilgjengeleg, brukarvennleg og effektiv

  • etablere eit tverretatleg samarbeid for å utvikle ei ny rettleiingsteneste på nettstaden handlehvitt.no, med samordna informasjon om korleis forbrukarar kan handle kvitt

16 Økonomiske og administrative konsekvensar

Tiltak som er varsla i meldinga, vil bli dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene. Det er per i dag vanskeleg å talfeste dei økonomiske og administrative konsekvensane av dei nye tiltaka som meldinga varslar ei nærare vurdering av. Tiltaka må fyrst gjerast meir konkrete. Dei samfunnsøkonomiske verknadene og eventuelle konsekvensar for private og offentlege partar vil bli vurderte i tråd med utgreiingsinstruksen, som ein del av det vidare arbeidet. I kva grad tiltaka vil bli tekne inn i budsjettet, vil avhenge av den økonomiske utviklinga og dei samla prioriteringane til regjeringa.

Fotnotar

1.

Finanstilsynet, Finansielt utsyn – desember 2018, 2018.

2.

Noregs Bank, Aktuell kommentar 1/2017, 2017.

3.

Finanstilsynet, Årsmelding 2017, 2017.

4.

Finanstilsynet, Finansielt utsyn – juni 2018, 2018.

5.

SIFO, Økonomisk utsatthet 2016, 2016.

6.

SIFO, Forbrukstrender 2017, juni 2017.

7.

SIFO, Gjeldsordninger under press, 2018.

8.

Kvart kredittopplysingsføretak har eigne modellar for utrekning av kredittscore. Som grunnlag for modellane nyttar ein mellom anna informasjon frå Brønnøysundregistra, Folkeregisteret og inkassobyrå.

9.

Finanstilsynet, Inkassoloven – behov for lovrevisjon, brev datert 7. september 2017.

10.

AksjeNorge, Nasjonal kartlegging av finansiell kompetanse, 2016.

11.

Forbrukartilsynet, Det håndgripelige gjort uforståelig, 2011.

12.

Husbanken, 2018.

13.

Ei undersøking tyder på at bukostnadene har vore nokså stabile sidan 2010. Korrigert for inntekt har dei gått ned. Sjå rapporten Bokostnadsindeksen for norske husholdninger, som Samfunnsøkonomisk Analyse AS utførte på oppdrag frå Huseiernes Landsforbund i 2018.

14.

Ifølgje SSB var kvadratmeterprisen på ein einebustad i Nord-Trøndelag i 2016 om lag 15 000, mens prisen i Oslo var om lag 47 000 kroner.

15.

Den globale kommisjonen om økonomi og klima, The New Climate Economy Report, september 2014.

16.

EEA, The European Environment. State and Outlook 2015, 2015.

17.

SIFO, Kunnskapsoppsummeringer forbrukerpolitikk 2018 – Forbruk og det grønne skiftet, 2018.

18.

SIFO, Kunnskapsoppsummeringer forbrukerpolitikk 2018 – Forbruk og det grønne skiftet, 2018.

19.

SIFO, Seleksjon og ignorering – Forbrukerstrategier for å manøvrere i merkemangfoldet, 2011.

20.

YouGov for Stiftinga Miljømerking, 2018.

21.

Helsedirektoratet, Bærekraftig kosthold – vurdering av de norske kostrådene i et bærekraftsperspektiv, 2017.

22.

Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon.

23.

Klima- og miljødepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, og Nærings- og fiskeridepartementet.

24.

Dagligvarehandelens Miljøforum, Dagligvareleverandørenes forening, NHO Mat og Drikke, NHO Reiseliv, NHO Service, Norges Bondelag, Norges Fiskarlag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Næringslivets Hovedorganisasjon, Sjømat Norge og Virke.

25.

Regjeringen.no og Østfoldforskning, Matsvinn i Norge, rapportering av nøkkeltall 2015–2017, 2018.

26.

Meld. St. 45 (2016–2017), Innst. 127 S (2017–2018), Vedtak 489.

27.

Sjå samanlikningar for 2016 i Oslo Economics og Oeconomica, Etableringshindringer i dagligvaresektoren, 2017.

28.

Meld. St. 9 (2018–2019) Handelsnæringen – når kunden alltid har nett.

29.

SIFO, Når stordata blir big business, 2017.

30.

Mattryggleik i delingsøkonomien blei omtalt i NOU 2017: 4 Delingsøkonomien – muligheter og utfordringer.

31.

Sjå også kapittel 13 om berekraftig forbruk.

32.

Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) Sunt kosthold, måltidsglede og god helse for alle.

33.

Ibid, Global burden of disease, 2013 .

34.

Næringslivsgruppa omfattar Helse- og omsorgsdepartementet, næringsorganisasjonar, mat- og drikkevareprodusentar og daglegvarehandelen.

35.

SIFO, Mat, måltid og moral – hvordan spise rett og riktig, 2015.

36.

Matvett.no

37.

SIFO, Spise eller kaste? Om hvordan forbrukerne gjør vurderinger av matens spiselighet, og betydningen av holdbarhetsmerking for matsvinnet i norske husholdninger, 2018.

38.

SIFO, Seleksjon og ignorering – Forbrukerstrategier for å manøvrere i merkemangfoldet, 2011.

39.

Marknadsføring overfor barn og unge er omtalt også i kapittel 7.

40.

Samfunnsøkonomisk Analyse AS, Rapport 69-2017. Analyse av former, omfang og utvikling av arbeidslivskriminalitet, 2017.

41.

Arbeidsgruppe oppnemnt av Arbeidstilsynet, NAV, Politidirektoratet og Skatteetaten. Arbeidslivskriminalitet: Mål- og resultatstyring for det tverretalige a-krimsamarbeidet, 2018.

42.

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/strategi-mot-arbeidslivskriminalitet-2019/id2628152/

43.

Opinion, Undersøkelse om svart arbeid, 2018.

44.

Skatteetaten, Undersøkelse om etterlevelse, rapportering og oppdagelsesrisiko, 2017.

45.

Opinion, Undersøkelse om svart arbeid, 2018.

46.

Fafo, Privatmarkedet i byggenæringen, 2014:14.

47.

Ibid.

48.

Fafo, Vi må ha is i magen og la tiltakene få virke. Evaluering av godkjenningsordningen i renhold, 2016:8.

49.

SINTEF Teknologi og samfunn, Status og tiltak for bedre forhold i forbrukermarkedet for renhold, 2017.

50.

Arbeidstilsynet, NAV, Politiet og Skatteetaten, Sammen mot kriminalitet i arbeidslivet. Felles årsrapport for styrket innsats mot arbeidslivskriminalitet, 2017.

Til forsida