Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 28 (2016–2017)

Noregs fiskeriavtalar for 2017 og fisket etter avtalane i 2015 og 2016

Til innhaldsliste

Ordforklaring og forkortingar

ACOM

Advisory Committee on Fisheries Management/ICES sin rådgjevande komité for fiskeriforvaltning.

CCAMLR

Commision for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources/Kommisjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. CCAMLR vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane.

COFI

The Committee on Fisheries/ FAO sin fiskerikomité. Komitéen vart etablert i 1965 og er eit mellomstatleg forum der fiskeri og havbruk blir diskuterte.

FAO

Food and Agricultural Organization/FN sin matvareorganisasjon. FAO vart etablert i 1945 og Noreg vart medlem same år.

ICCAT

International Convention for the Conservation of Atlantic Tunas/Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk. ICCAT vart oppretta i 1966 og gjort gjeldande frå 1969. Noreg har vore medlem sidan 2004.

ICES

International Council for the Exploration of the Sea/Det internasjonale råd for havforsking. ICES er ein uavhengig, vitskapleg organisasjon som gir råd om forvaltninga av det marine miljøet og dei marine ressursane. Oppretta i Danmark i 1902. Noreg vart medlem same år.

IMO

Den internasjonale sjøfartsorganisasjon vart oppretta i 1948. IMO er FN sitt spesialiserte kontor som er ansvarleg for å betre maritim sikkerheit og å hindre forureining frå skip.

IUCN

International Union for the Conservation of Nature/Verdas naturvernunion. Organisasjonen vart grunnlagd i 1948 og har til føremål å bevare naturen og fremje ei berekraftig utnytting og bevaring av naturressursane. Noreg har vore medlem sidan 1970.

IWC

International Whaling Commission/Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. IWC skal ta vare på oppgåvene til Konvensjonen for regulering av kvalfangst, ICRW. Oppretta i Washington DC i 1946. Noreg vart medlem i 1948.

MSY

Maximum Sustainable Yield/Maksimalt berekraftig utbytte.

NA FIG

Den Nord-atlantiske fiskerietterretningsgruppa. NA FIG vart oppretta i 2015 for å kartlegge økonomisk kriminalitet i fiskeindustrien i Nord-Atlanteren.

NAMMCO

North Atlantic Marine Mammal Commission/Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen. Avtalen om samarbeid om forsking, bevaring og forvaltning av sjøpattedyr i Nordatlanteren vart inngått av Færøyane, Grønland, Island og Noreg i 1992.

NAFO

Northwest Atlantic Fisheries Organization/Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen. Oppretta i 1979, signert av Noreg same år.

NEAFC

North East Atlantic Fisheries Commission/Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen. NEAFC er ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon som arbeider for ei langsiktig og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NEAFC vart oppretta i sin noverande form i 1982.

OSPAR

The Convention for the Protection of the Marine Environment of the North-East Atlantic/Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege atlanterhavsområdet. Noreg underskreiv avtalen i 1992. OSPAR-konvensjonen vart gjeldande frå 25. mars 1998.

RFMO

Regional Fisheries Management Organisation/Ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon.

SEAFO

South East Atlantic Fisheries Organization/Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon. Etablert 20. april 2001, Noreg vart medlem i 2004. SEAFO er ein regional fiskeriorganisasjon som arbeider for langsiktig utnytting av ressursane.

TAC

Total Allowable Catch/totalkvote.

UUU-fiske

Ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

WTO

World Trade Organisation/Verdas handelsorganisasjon. Arbeider for eit ope og ikkje-diskriminerande handelssystem samtidig som samtidig tek miljøomsyn. Noreg har vore medlem sidan opprettinga i 1995.

Til toppen
Til forsida av dokumentet