Meld. St. 32 (2014–2015)

Norske interesser og politikk i Antarktis

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Norsk antarktispolitikk har vore tufta på å halde fast ved norske suverenitetskrav og å føre vidare det internasjonale samarbeidet for fredeleg utvikling i Antarktis. Denne politikken har lege fast i mange år. Det har likevel ikkje vore gjort nokon heilskapleg gjennomgang av norsk politikk i Antarktis tidlegare, og det har såleis ikkje vore lagt fram noka melding eller anna samla framstilling som legg rammene for norsk antarktispolitikk. I tråd med ei aukande interesse for og auka aktivitet i Antarktis, både frå norske aktørar og aktørar frå andre land, har regjeringa funne at det trengst ei samla framstilling av utviklinga i Antarktis og norske interesser. Siktemålet med meldinga er å forklare hovudomsyna bak den norske antarktispolitikken og korleis han skal vere i tida framover.

Figur 1.1 Kart over Antarktis.

Figur 1.1 Kart over Antarktis.

Kjelde: Norsk Polarinstitutt.

Bakgrunn

Norge har lange tradisjonar som polarnasjon, både i nord og sør. Dei lange linjene i norsk antarktishistorie fortel om oppdagartrong, vitelyst, næringsinteresser og politisk engasjement frå 1890-talet og fram til i dag. Samstundes er norsk antarktishistorie ikkje berre ei historie om Norge i Antarktis. Antarktishistoria fortel òg om Norge som ein sentral aktør i utviklinga av det internasjonale regimet for samarbeid i Antarktis.

Norge gjer krav på store territorium i Antarktis: Dronning Maud Land og Peter I Øy. I medhald av Antarktistraktaten ligg suverenitetskrava fast i verketida til traktaten. Ingen part kan reknast for å ha sagt frå seg krava sine, men det skal heller ikkje kunne fremjast nye krav på grunnlag av verksemd som vert driven medan traktaten er i kraft. Antarktistraktaten har samstundes vorte opphav til fleire andre mellomstatlege avtaler, som – saman med sjølve traktaten – gjerne vert omtala som Antarktistraktatsystemet. Norge tek aktivt del i det internasjonale samarbeidet under Antarktistraktaten, medrekna miljøprotokollen til traktaten og konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR).

Det internasjonale samarbeidet som har funne stad under Antarktistraktaten av 1. desember 1959, har i stor mon vore vellukka. Traktatsamarbeidet har halde ein heil verdsdel utanfor dei skiftande konjunkturane i verdspolitikken, og har gjort det mogleg med eit makelaust internasjonalt vitskapleg samarbeid og lagt grunnlaget for eit internasjonalt samarbeid der partane har plikta seg til omfattande vern av miljøet. Traktatsamarbeidet har verka så godt fordi alle partane har sett det som deira sams interesse å finne fram til samstemte løysingar.

Norge kan vise til ei lang historie som forskingsnasjon og næringsaktør i og rundt Antarktis, og er i dag til stades med ein heilårs forskingsstasjon (Troll) i Dronning Maud Land og med jamlege forskingstokt i havområda rundt Antarktis. Norske selskap driv i dag næringsverksemd innanfor fiskeri i havområda rundt Antarktis, som turoperatør innanfor antarktisturismen og som leverandør av nedlesetenester for satellittverksemd på Troll.

Norsk antarktispolitikk har lege fast over lang tid. Hovudlinja er ei medviten haldning til norske særeigne interesser som kravshavar kombinert med innsats for at det internasjonale samarbeidet, særleg under Antarktistraktaten, skal vere velfungerande og solid. Norge har vore sentral i samarbeidet under Antarktistraktaten og har arbeidd for å utvikle gode løysingar for forvalting av området. Til dømes var Norge aktiv under forhandlingane om miljøprotokollen til Antarktistraktaten. I den norske politikken har det vore lagt vekt på kjerneverdiane i det internasjonale antarktissamarbeidet, det vil seie fred, vitskap og miljøvern.

Det har ikkje funne stad nokon strategisk gjennomgang av norsk antarktispolitikk tidlegare, og det ligg difor ikkje føre noka melding eller samla framstilling som legg rammene for norsk politikk i Antarktis i nyare tid. Samstundes er vi inne i ei tid der fleire aktørar melder interesse for ulike aktivitetar i Antarktis. På grunn av eit auka mangfald av aktivitetar og aktørar er dagsordenen i Antarktistraktatsystemet vorten breiare og meir komplisert.

Denne meldinga handlar om norsk politikk og norske interesser innanfor verkeområdet for Antarktistraktatsystemet, medrekna dei norske bilanda Dronning Maud Land og Peter I Øy. Det tredje norske bilandet, Bouvetøya, ligg nord for verkeområdet for Antarktistraktaten. Øya er uomstridd norsk territorium. Regjeringa har funne det føremålstenleg å leggje fram ei eiga melding om Bouvetøya. I denne meldinga vil Bouvetøya difor berre verte omtala i den grad det er direkte relevant for tilhøve som rører ved dei norske interessene i Antarktis.

Målsetjingar

Føremålet med denne meldinga er å auke medvitet om kva det har å seie for Norge å vere ein polarnasjon i sør. Regjeringa har teke mål av seg til å gje ei samla framstilling av norske interesser og norsk politikk, slik at meldinga skal kunne tene som eit politisk styringsdokument og ei informasjonskjelde for eit breiare publikum.

Norsk antarktispolitikk skal gje føringar og rammer på følgjande område:

  • Ivaretaking av interessene til Norge som kravshavar.

  • Oppfølging av internasjonale plikter, særleg under Antarktistraktaten, miljøprotokollen til Antarktistraktaten og konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis.

  • Norge si rolle i samarbeidet under Antarktistraktatsystemet.

  • Auka synergi mellom kunnskap om Antarktis og kunnskap om Arktis der dette er relevant, til dømes når det gjeld klimaendringar.

  • Berekraftige norske næringsinteresser.

Til forsida