Meld. St. 32 (2014–2015)

Norske interesser og politikk i Antarktis

Til innhaldsliste

8 Næringsaktivitet og ressursforvalting

8.1 Innleiing

Norsk næringsverksemd har lange tradisjonar i Antarktis. I nyare tid har det særleg vore satsa på verksemd der ein i Norge har hatt særleg kompetanse eller gode, i nokre tilfelle naturgjevne, føresetnader. Norske selskap driv i dag omfattande næringsverksemd i Antarktis. Blant dei felta der norske styresmakter eller selskap i dag driv verksemd, eller der det kan vere potensial for økonomisk verksemd, kan nemnast følgjande:

  • Fiskeri og fiskeriforvalting

  • Turisme og reiselivsaktivitet

  • Romverksemd

  • Skipsfart

  • Bioprospektering

Felles for alle desse formene for verksemd er at dei vert drivne innanfor ramma av ein politikk der ansvarleg forvalting, berekraftig ressursutnytting og bevaring av naturmiljøet er overordna omsyn og hovudomgrep. Innanfor desse rammene skal det vere rom for miljøforsvarleg forsking, turisme og næringsdrift. Norske styresmakter har utvikla eit nasjonalt lovverk som gjennomfører dei folkerettslege pliktene våre, og som samstundes legg til rette for næringsverksemd i Antarktis.

Figur 8.1 Norge arbeider for berekraftige fiskeri i Antarktis.

Figur 8.1 Norge arbeider for berekraftige fiskeri i Antarktis.

Foto: Bjørn Krafft (Havforskningsinstituttet).

8.2 Fiskeri og fiskeriforvalting

8.2.1 Fiskeri og fiskeriforvalting

Mellom Antarktiskonvergensen og det antarktiske fastlandet finn vi dei særeigne antarktiske marine økosystema. Klimaet er kaldt og variabelt, og økosystema har gjennom fleire tusen år utvikla ein artssamansetnad og ein dynamikk som er unik. Økosystema, som er gjenstand for store naturlege variasjonar, er dominerte av krill, det vil seie at krill er den viktigaste byggjesteinen for alt liv høgare opp i næringskjeda, til dømes bestandane av fisk, sjøfugl og sjøpattedyr. Økosystema er sårbare, ettersom mange av organismane har tilpassa seg ekstreme tilhøve. Landbaserte fuglar (medrekna pingvinar) og sjøpattedyr (særleg sel) er sårbare for miljøendringar som fører krillkonsentrasjonane vekk frå områda der desse dyra hekkar og føder ungane sine. Det er indikasjonar på at global oppvarming og havforsuring kan få konsekvensar for dei krillbaserte økosystema, dels ved endringar i krillbestanden og dels ved ei endring i den geografiske utbreiinga. Tannfisk, som er ein viktig fiskeart som kan haustast i Antarktis, er sårbar fordi veksten er låg. Dette vil seie at ei altfor stor utnytting av desse bestandane, eller at dei på annan måte vert utsette for negativ påverknad, vil føre til at det tek lang tid å byggje opp bestandane på nytt. Vi har lite grunnleggjande kunnskap om desse artane, til dømes om kvar tannfisken gyter, og det er såleis vanskeleg å vurdere konsekvensane av klimaendringar.

Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis, CCAMLR, forvaltar dei levande marine ressursane gjennom ei økosystembasert tilnærming, der bevaring òg inneber ansvarleg bruk av ressursane, samstundes som integriteten til økosystemet vert halden ved lag. Det vert mellom anna lagt vekt på å sikre at fangstuttaket ikkje går utover mattilgangen for dei artane som er avhengige av artar som det vert drive fangst på, til dømes krill. CCAMLR-området er delt opp i underområde, og kommisjonen vedtek kvart år totalkvoter for dei ulike artane i dei ulike områda. Fastsetjinga av kvoter byggjer på forskingsdata og tilråding frå vitskapskomiteen til CCAMLR. Det er gjort nærmare greie for dei rettslege rammene for arbeidet til CCAMLR i kapittel 4.3.

Innanfor området til CAMLR-konvensjonen går det føre seg eit direkte fiske etter tannfisk (Dissostichus sp.), makrellisfisk (Champsocephalus gunnari) og antarktisk krill (Euphausia superba), og dessutan eit avgrensa fiske etter visse krabbeartar mv. Vitskapskomiteen til CCAMLR vurderer kvart år statusen til og forvaltingsråda for desse fiskeria på grunnlag av den best tilgjengelege vitskaplege informasjonen. Dette omfattar detaljerte data frå fiskeria og internasjonale vitskaplege undersøkingar. CCAMLR regulerer fisket mellom anna gjennom føresegner om bruk av reiskapar, bifangst, rapporteringsplikter og fangstdokumentasjon. I tillegg nyttar CCAMLR andre forvaltingsverktøy. Døme på dette er reglar for fiske med botnreiskap for å sikre vernet av sårbare habitat, høve til å stengje av område og overvaking av økosystema gjennom program for systematisk overvaking av artar som er avhengige av dei artane som det vert drive fangst på.

8.2.2 Krill

Krill har vore fiska sidan 1970-åra. Maksimalfangsten på over 500 000 tonn vart teken i 1982. Fangsten vart sterkt redusert etter at Sovjetunionen fall. I dei seinare åra har fangsten auka att, med fleire nye deltakande land. Jamført med fiskeri i andre havområde er aktiviteten likevel liten og går føre seg over eit svært stort område. Tettleiken av fiskefartøy er som om det skulle vore éin båt i heile Nordsjøen. I dag går storparten av fisket føre seg i CCAMLR-område 48, det vil seie Sør-Shetland, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia (jf. figur 8.3 nedanfor). Kombinasjonen av tette bestandar i grunne farvatn, påreknelege fangstmengder på mellomårleg basis og det at hamnene ligg relativt nær fangstområda, har gjort dette området særleg ettertrakta. Det finst store krillressursar i konvensjonsområdet. Berre i område 48 reknar CCAMLR med at den samla biomassen av krill er på om lag 60 millionar tonn. Sjølv om vurderingane sprikjer, trur forskarane at den totale bestanden av krill i havområda rundt Antarktis er på fleire hundre millionar tonn. Likevel er det fastsett ei fangstgrense for heile konvensjonsområdet på berre 3,7 millionar tonn. Enorme avstandar og utfordrande vêr- og istilhøve i fangstsesongen verkar inn på kor god tilgang fartøya har til fangstområda, og dermed òg på kor lenge og kor mykje krill fartøya kan fiske. Dei siste åra var totalfangsten av krill på mellom 220 000 og 280 000 tonn. I område 48 er fangstgrensa sett til 620 000 tonn, dvs. meir enn dobbelt så mykje som fangstnivået i dag. Denne fangstgrensa er fastsett ut frå historisk informasjon om fiske og den best tilgjengelege vitskaplege informasjonen. Det berande prinsippet er at fangstaktiviteten ikkje skal ha negativ innverknad på artar som et krill.

Figur 8.2 Krill er den viktigaste ressursen for dei norske fiskeria i Antarktis.

Figur 8.2 Krill er den viktigaste ressursen for dei norske fiskeria i Antarktis.

Foto: Bjørn Krafft (Havforskningsinstituttet).

I medhald av CCAMLR-regelverket skal minst 50 prosent av krillfartøya til den einskilde flaggstaten ha internasjonale observatørar om bord.

Frå næringsaktørane si side leverer Association of Responsible Krill Harvesting Companies (ARK) viktige tilskot til kunnskapsgrunnlaget for CCAMLR si forvalting av krill. Organisasjonen arbeider med utgangspunkt i at næringa sjølv òg har eit ansvar for å medverke til eit berekraftig uttak av ressursar, og har i dag medlemmer frå krillnæringa i Norge, Chile og Sør-Korea. ARK er observatør til CCAMLR, der dei har fått lovord for at medlemmene legg vinn på at fangsten skal drivast i medhald av regelverket.

I dag vert krillen nytta til kosthaldstilskot, omega 3-produkt, medisin og kosmetikk, medan restprodukta mellom anna vert nytta som fôr i oppdrettsnæringa. Dersom det er mogleg å overvinne dei tekniske og marknadsmessige hindringane som verkar avgrensande på utnyttingsgraden av krill i dag, kan krill verte ei endå meir verdifull ernæringskjelde.

8.2.3 Tannfisk

Mange land fiskar òg tannfisk. Fisket etter tannfisk går føre seg i heile havområdet rundt Antarktis-kontinentet. Det er fastsett ei øvre grense for uttak. Kvotene er fordelte på fleire område. Fisket er regulert som eit såkalla «olympisk fiske» med fri konkurranse mellom dei fartøya som tek del, etter at kvotene til gjennomføring av spesielle forskingsplanar er trekte frå. Fangsten vert rapportert kontinuerleg, og fisket vert stoppa når fangsttaket er nådd. Alle fartøy er pålagde å ha observatørar om bord, slik at forvaltinga kan få auka kunnskapsgrunnlaget sitt gjennom fisket. Totalfangsten ligg på om lag 15 000 tonn årleg, fordelt på artane patagonsk tannfisk (Dissostichus eleginoides, ~11 000 tonn) og antarktisk tannfisk (Dissostichus mawsoni, ~ 4 000 tonn). Det er nokså stor interesse for dette fisket, fordi tannfisken har ein høg marknadsverdi. Den kommersielle fiskeflåten medverkar sjølv til å regulere fisket gjennom eit merkings- og attfangstprogram der det vert samla inn biologisk informasjon. Det er eit krav at alle fartøy skal merkje og sleppe ut ein viss del av fangsten og rapportere attfangsten. Resultata som er knytte til attfangsten, vert analyserte av CCAMLR, som òg analyserer annan tilgjengeleg informasjon, og dette dannar grunnlaget for kvotefastsetjingane.

Boks 8.1 Makrellisfisk

Fangsten etter makrellisfisk (Champsocephalus gunnari) er avgrensa til under 3 000 tonn. Bestanden kollapsa etter eit altfor stort uttak i 1970–1980-åra, då det eit år vart teke over 200 000 tonn. Norske aktørar tek ikkje del i dette fisket.

Figur 8.3 Makrellisfisk.

Figur 8.3 Makrellisfisk.

Foto: Bjørn Krafft (Havforskningsinstituttet).

8.2.4 Kunnskapsbasert forvalting

Forvaltinga av ressursane i konvensjonsområdet skal vere kunnskapsbasert og gå føre seg etter råd frå vitskapskomiteen til CCAMLR. Det vitskaplege grunnlaget for forvaltinga av ressursane i Antarktis er svært avgrensa. Dei årlege kvotene vert sette ut frå ei føre-var-tilnærming. Kunnskapsgrunnlaget for forvaltingsvedtaket til kommisjonen er avgjerande for å oppfylle konvensjonspliktene om berekraftig forvalting. Forsking er viktig for å samle nok kunnskap når ressursane skal nyttast. Dersom vi ønskjer å auke uttaket av ressursar i Antarktis, må vi følgje opp eit auka behov for vitskaplege undersøkingar.

Behovet for overvaking og forsking kjem klart fram i vedtaket som kommisjonen har gjort, om å innføre ein såkalla Feedback Management Strategy (FBM) for krillfisket. Dette er eit nytt og meir dynamisk forvaltingsverktøy som er under utvikling. Ettersom FBM er på eit tidleg stadium i utviklingsprosessen, finst det førebels få praktiske røynsler som viser korleis dette vil virke. Det er likevel ein føresetnad for systemet at informasjon som vert samla i fiskesesongen, anten av flåten eller frå vitskaplege undersøkingar, straks vert nytta i den same sesongen i eit rammeverk der fiskeria får tilbakemelding om når fisket må ta slutt eller flyttast til andre område.

Det er særleg behov for vitskaplege undersøkingar som kvantifiserer følgjande:

  • Korleis klimatiske variasjonar, menneskeskapte klimaendringar og havforsuring kan endre funksjonen og bereevna til økosystemet.

  • Korleis det fysiske miljøet påverkar lokale fordelingar og tettleiksnivå av krill.

  • Korleis det årlege fisket påverkar den lokale fordelinga av krill og den evna topp-predatorane har til å skaffe seg føde.

Dei to siste punkta er informasjon som må innhentast gjennom ein kombinasjon av forskingsaktivitetar under det kommersielle fisket og dedikert uavhengig forsking.

Figur 8.4 Oversikt over CCAMLR sitt verkeområde med statistiske underområde.

Figur 8.4 Oversikt over CCAMLR sitt verkeområde med statistiske underområde.

Kjelde: ccamlr.org.

8.2.5 Styrking av innsatsen mot fiskerikriminalitet rundt Antarktis

Kommisjonen har gjort ein stor innsats for å hindre ulovleg, uregulert og urapportert fiske etter tannfisk, og har sett i verk ei rekkje tiltak. Det gjeld mellom anna eit system for svartelisting av fartøy som har teke del i ulovleg, uregulert og urapportert fiske, frå både medlemmer og ikkje-medlemmer av CCAMLR. Det har likevel vore utfordringar når det gjeld å oppnå konsensus i kommisjonen om svartelisting av fartøy frå medlemmer som har teke del i ulovleg, uregulert og urapportert fiske, men her òg har det vore ei positiv utvikling dei siste åra. Kommisjonen har dessutan innført eit system for fangstdokumentasjon for å overvake internasjonal handel med tannfisk, og tiltak som kan prove at fisken er teken i samsvar med regelverket. Norge sette i verk dette systemet i 2000. Norge legg svært stor vekt på å arbeide aktivt for å redusere ulovleg, uregulert og urapportert fiske, og har arbeidd aktivt for å styrkje arbeidet til CCAMLR for å kjempe mot slikt fiske, og dette er noko som regjeringa vil halde fram med.

I 2013 vart det skipa ei arbeidsgruppe mot fiskerikriminalitet i INTERPOL. Denne gruppa arbeider med deling av etterretningsopplysningar, operasjonar mot konkrete ulovlege aktivitetar og dessutan med kapasitetsbygging. Etter at gruppa vart skipa, har aktørar i Antarktis vore i søkjelyset. I september 2013 publiserte Norge, som det første landet i historia til INTERPOL, ein såkalla «lillanotis» om eit visst fiskefartøy som har drive uregulert fiske i CCAMLR-området sidan 2004. Gjennom ein slik notis bad Norge om informasjon om dette fartøyet, om eigarar, operatørar og andre som profitterer på aktiviteten. Nokre få veker etterpå vart fartøyet inspisert i hamner i Indiahavet. I desember same året publiserte New Zealand ein ny notis, med støtte frå Australia og Norge, om eit anna fartøy. Nokre månader seinare vart fartøyet halde tilbake av Malaysia og straffefølgt. New Zealand har òg gjeve ut tre notisar i januar 2015, der dei mellom anna bad om informasjon om eigarskap og kontroll av fartøy som er aktive i CCAMLR-området.

Desse sakene viser at det er naudsynt med eit breitt internasjonalt handhevingssamarbeid i området rundt Antarktis. Det må òg vedgåast at ulovleg fiske både startar og sluttar på land, og at det òg, i tillegg til å stoppe aktiviteten på havet, må sanksjonerast mot dei som planlegg, driv og profitterer på aktiviteten. Sjølv om det fysiske nærværet i området er avgrensa, er det likevel mogleg å reagere mot ulovlege aktivitetar der desse vert oppdaga. Utfordringa er å innføre eit system som gjer det mogleg å dele informasjon og etterretning på ein trygg måte, og som kan støtte opp under den operative verksemda. INTERPOL har vist seg som eit nyttig verktøy i kampen mot fiskerikriminalitet.

Regjeringa vil:

  • Støtte opp om internasjonalt operativt samarbeid gjennom INTERPOL og andre relevante organisasjonar for å avdekkje fiskerikriminalitet rundt Antarktis.

  • Arbeide for eit meir robust juridisk handhevingsregime som kan medverke til ei meir effektiv sanksjonering mot fiskerikriminalitet rundt Antarktis.

8.3 Norsk politikk i CCAMLR

Norge er den leiande nasjonen i haustinga av krill i havområda rundt Antarktis, og norske styresmakter stiller det same kravet til ansvarleg forvalting i desse havområda som i andre havområde der norske aktørar haustar av ressursane.

Dei overordna omsyna til norsk nærvær i Antarktis, medrekna dei føringane som Antarktistraktaten og miljøprotokollen gjev, ligg til grunn òg for den norske politikken i CCAMLR. Samstundes er det viktig å tryggje dei norske særinteressene som kravshavar og næringsaktør i verkeområdet for CCAMLR.

Boks 8.2 CCAMLR Ecosystem Monitoring Program (CEMP)

CCAMLR’s Ecosystem Monitoring Program (CEMP) vart skipa i 1985. Dette er eit program for å overvake konsekvensar som fiskeria har på dei artane som er avhengige av dei ulike artane som det vert drive fangst på. Overvakinga er eit av fleire verktøy som CCAMLR nyttar for å sikre at fiskeria er i samsvar med føremålsparagrafen til CCAMLR om vern og ansvarleg bruk av dei marine levande ressursane i Antarktis. Målsetjinga med CEMP er

  1. å gjere observasjonar for å avdekkje større endringar i kritiske delar av det marine økosystemet i konvensjonsområdet, og

  2. å skilje mellom endringar som følgje av hausting av kommersielle artar og endringar på grunn av miljøvariasjonar, både fysiske og biologiske.

Som grunnlag for denne overvakinga er det valt ut eit sett med indikatorartar som vert rekna for å vise målbare responsar til endringar i tilgangen til dei artane som det vert drive fangst på. Indikatorartane som er nytta i CEMP, er per i dag

  • adéliepingvin

  • ringpingvin

  • bøylepingvin

  • gulltoppingvin

  • svartbrynalbatross

  • antarktispetrell

  • flekkpetrell

  • antarktisk pelssel

For å sikre at lokalitetar skal kunne jamførast seg imellom og over tid, er CCAMLR vorten samd om eit sett med metodar for innsamling av data, format for innsending av data og prosedyrar for analyse av data. CEMP-overvakingsprogrammet på Bouvetøya gjev data og kunnskap om bestandstorleik, tilstand og reproduksjonssuksess for krillpredatorar i eit område som er relativt lite påverka av fiske. Dette gjev igjen verdfulle data som gjev grunnlag for å vurdere eventuell effekt av fiskeri i andre område der fiskeriaktiviteten er høg.

Alle substansvedtak i CCAMLR byggjer på konsensus. Norge medverkar aktivt til at organisasjonen gjer målretta og operative vedtak. I fleire vanskelege spørsmål har det vore viktig for Norge å sameine fiskeri- og verneinteresser. Her trekkjer vi på røynsle frå forvaltinga av nærområda våre og utviklinga av heilskaplege forvaltingsplanar for dei norske havområda.

For Norge er det sentralt at vedtaka som vert gjorde i CCAMLR, byggjer på best tilgjengeleg vitskapleg kunnskap, og frå norsk side vert det lagt stor vekt på dei råda som vitskapskomiteen til CCAMLR gjev. Når det gjeld forvalting av krillfisket, er Norge oppteken av at behovet for nye tiltak vert vurdert opp mot kor sannsynleg det er at fangstgrensene vert overskridne. Fram til no har faktisk uttaket av krill vore langt under det som er rekna for å vere eit føre-var-nivå. Samstundes er det viktig å sikre at vitskapskomiteen har eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag til å gje råd om krillbestanden. Havforskingsinstituttet har årlege overvakingstokt, både i samarbeid med næringa og i samordning med innsatsen som andre land gjer. I tillegg medverkar fiskerinæringa til innhenting av kunnskap gjennom omfattande fangstrapportering og samarbeid med forskarane. Ordningar med prøvefiske og forskingsfangst er òg viktige for å få fram kunnskap om det marine økosystemet.

8.3.1 Notifiseringar i krillfisket

Dei siste åra har det vore ei aukande interesse for krillfiskeriet. Gjennom notifiseringsprosessen for 2014/15-sesongen var det 21 fartøy frå 6 medlemsland som melde frå om at dei ønskte å ta del i fisket. Det notifiserte kvantumet er 611 000 tonn. Dette skulle tyde på ein fangst som ligg nær tiltaksnivået for dei områda der det vert fiska i dag. Notifiseringane gjev likevel ikkje noko reelt bilete verken av fangst eller fartøy for krillfisket i den komande sesongen. Frå norsk side er det ønskeleg å arbeide fram ordningar i CCAMLR som kan gje eit betre bilete av reelle planar for deltaking i krillfiskeria, til dømes ved å vurdere om det kan heftast ei notifiseringsavgift til registrering av fartøy for fiske.

8.3.2 Sårbare botnhabitat

Når det gjeld sårbare marine botnhabitat (Vulnerable Marine Ecosystems – VMEs), har CCAMLR aktivt følgt opp dei tiltaka som vart vedtekne i FNs fiskeriresolusjon frå 2006 og 2011. CCAMLR har vedteke ei rekkje reglar for fiske med botnreiskap for å sikre vern av sårbare økosystem. Desse inneber mellom anna avgrensingar når det gjeld bruk av reiskap og stenging av område. Mellom anna er det forbod både mot trål- og garnfiske. I tillegg er det vedteke grenseverdiar for kor store mengder indikatorartar (ei førehandsdefinert liste over artar som vert assosierte med sårbare habitat) som skal aktivere varslingsplikta til CCAMLR-sekretariatet som er innebygd i regelverket. Dersom eit fartøy rapporterer om ti eller fleire einingar av indikatorartar over eit definert linesegment, vert eit område på 1x1 nautisk mil rundt linesegmentet straks stengt for fiske. Eit slikt område vert verande stengt inntil saka er vurdert av både Vitskapskomiteen og kommisjonen.

8.3.3 Marine verneområde

I dei siste åra har CCAMLR drøfta om det bør skipast marine verneområde i konvensjonsområdet til CCAMLR. Marine verneområde eller andre områdebaserte bevaringstiltak er ein del av det globale målet under FN-konvensjonen om biologisk mangfald med sikte på at ti prosent av kyst- oghavområda kan vernast innan 2020,1 og dette gjeld særleg dei områda som er viktige for biodiversitet og økosystemtenester. I 2009 skipa CCAMLR eit marint verneområde på 94 000 km2 rundt Sør-Orknøyane, etter tilråding frå vitskapskomiteen til CCAMLR. I 2011 vart partane i CCAMLR samde om eit overordna rammeverk for skiping av marine verneområde (Conservation Measure 91/04). Det har likevel synt seg vanskeleg å verte samde om konkrete tiltak for nye marine verneområde, fordi partane legg vekt på ulike interesser. Norge støttar aktivt arbeidet med å skipe marine verneområde innanfor CCAMLR, og arbeider for at framlegga om konkrete tiltak skal få ei form og eit innhald som alle partar kan vere samde om. Frå norsk side vert det lagt vekt på at dei framlagde tiltaka skal byggje på godt grunngjevne vitskaplege tilrådingar, og at tiltaka er i tråd med det rammeverket som vart fastsett i 2011. Det er ønskeleg at vitskapskomiteen skal få ei meir aktiv rolle i utviklinga av dei konkrete framlegga. Ei skiping av marine verneområde som er i tråd med det rammeverket og dei krava til kunnskap som finst i dag, vil gje røynsler som er viktige for det vidare arbeidet med å utvikle rammeverket og avgjerdsprosessane. Skipinga av eit marint verneområde som fungerer godt og kan etterprøvast, kan dessutan vere eit føredøme for utarbeidinga av liknande tiltak andre stader i verkeområdet for CCAMLR.

Marine verneområde kan vere eit viktig verkemiddel for å ta vare på naturverdiar og økosystem i konvensjonsområdet, og kan òg vere eit verktøy for ei berekraftig forvalting av dei marine ressursane. Verneområde kan innrettast på ein slik måte at dei vert referanseområde for forsking på konsekvensane av klimaendringar. Norge legg vekt på at avgjerder om å skipe marine verneområde skal vere godt vitskapleg grunngjevne, at føremålet med vernet er godt definert og at vernetiltaket er effektivt og målretta, og eigna til å sikre eit langsiktig vern av naturen og økosystema. Marine økosystem innanfor verkeområdet for CCAMLR som er påverka i mindre grad, og der miljøtilstanden tilseier at området bør tryggjast for framtida, bør kunne vernast utan omsyn til om området er under press i dag. Ved skiping av marine verneområde i det geografiske verkeområdet for CCAMLR, kan det tillatast fiske i den grad dette ikkje er i strid med føremålet for vernet. Fiskeriaktivitet som vert tillaten i verneområde, må regulerast på ein måte som medverkar til å oppfylle føremålet med vernet.

Frå norsk side er ein oppteken av å sikre at forvaltingsvedtak i CCAMLR om skiping av marine verneområde inneheld planar for overvaking og kunnskapsinnhenting for å sikre at vernetiltaket verkar etter føremålet. Ved å kombinere eit berekraftig fiskeri med eit godt utforma forskingsprogram, kan fiskeflåten spele ei sentral rolle i overvakinga av verneområdet og i innhentinga av meir kunnskap. Med ein differensiert grad av kommersiell regulering internt i eit marint verneområde vil det kunne utarbeidast opplegg for ulike fartøy, slik at desse kan nyttast som vitskaplege plattformer, noko som Norge alt har røynsle med i forskingssamarbeid med krillfartøy. Frå norsk side vert det arbeidd for å auke forståinga blant partane i CCAMLR om at fiskeflåten kan medverke på ein positiv måte i forvaltinga av vernetiltak, og at eit vernetiltak kan omfatte regulert fiske.

Det er viktig at skipinga av verneområde ikkje fører til dårlegare tilgang til overvaking i form av innhenting av forskingsdata, eller flyttar på fiskeflåten i ein slik grad at det inneber risiko for eit uforsvarleg høgt fiskepress i eitt område som følgje av at eit anna område vert stengt. Fiskeflåten vil vere ein ressurs for overvaking og kunnskapsinnhenting. Alle forvaltingstiltak som er retta inn mot dynamiske naturprosessar, bør følgjast opp med overvaking. Dette gjeld òg for marine verneområde, fordi klimaendringar kan føre til endringar i Antarktis-naturen i framtida. Norge er oppteken av at det vert innført gode tiltak for ei vidare oppbygging av kunnskap om verneområda. Det må fastsetjast prioriteringar for kunnskapsoppbygginga, både geografisk og tematisk. På grunn av avstandane og avgrensingar når det gjeld forskingsressursar og forskingskapasitet i Antarktis er det særleg viktig å syte for at verneområde ikkje vert «sovande» tiltak utan reell verknad. Jamlege gjennomgåingar og eventuell revisjon av marine verneområde er viktige for å sikre at tiltaket oppfyller verneføremåla sine.

8.3.4 Norsk kyststatsjurisdiksjon i høve til CAMLR-konvensjonen

Bouvetøya ligg utanfor området til Antarktistraktaten, men sør for Antarktiskonvergensen, og ligg innafor området til CAMLR-konvensjonen. Bouvetøya er såleis ein del av det antarktiske økosystemet. Difor kan norsk forvalting av Bouvetøya vere viktig for økosystemforvaltinga til CCAMLR, og omvendt. Norge medverkar til dømes med overvakingsdata frå Bouvetøya til CCAMLR-programmet for økosystemovervaking, CEMP (sjå eigen faktaboks). Det er gjort nærmare greie for overvakingsprogrammet på Bouvetøya i meldinga til Stortinget om Bouvetøya.

Fordi Bouvetøya ligg innanfor konvensjonsområdet, finst det berøringspunkt mellom CAMLR-konvensjonen og den norske forvaltinga av marine levande ressursar i havområda rundt Bouvetøya. CAMLR-konvensjonen (artikkel IV nr. 2 bokstav b) slår fast at ingenting i konvensjonen eller av handlingar eller aktivitetar som finn stad medan konvensjonen er i kraft, skal tolkast som at nokon av dei kontraherande partane gjev avkall på eller svekkjer dei rettane eller krava som kyststatane har i medhald av folkeretten.

CAMLR-konvensjonen kom i stand ved at partane vart samde om ei sluttfråsegn. I denne fråsegna gav formannen nærmare greie for korleis rettane til dei kontraherande partane skal forståast med omsyn til havområde som ligg rundt øyar der dei andre kontraherande partane har godkjent suvereniteten til dei partane som det gjeld. Det materielle innhaldet i sluttfråsegna dreier seg konkret om bevaringstiltak (Conservation Measures) som CCAMLR måtte vedta. Det vart slått fast at det er opp til den aktuelle kyststaten sjølv å fastsetje om slike tiltak òg skal gjelde innanfor jurisdiksjonsområda til kyststaten.

Når det gjeld Bouvetøya, inneber dette at det vil vere ei nasjonal sak å innføre tiltak dersom det skulle verte aktuelt å vurdere spørsmålet om vern eller andre behov for bevaringstiltak.

Regjeringa vil:

  • Medverke aktivt til at CCAMLR har eit godt kunnskapsgrunnlag for å ta avgjerder og vidareutvikle forvaltinga av dei antarktiske marine økosystema.

  • Medverke til å utvikle og effektivisere fiskeriforvaltingsregimet under CCAMLR ved å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av krill.

  • Medverke til at CCAMLR framleis skal leggje til grunn ei økosystembasert forvalting der vern og ansvarleg bruk av levande marine ressursar i Antarktis kan sjåast i samanheng og balanserast på ein god måte.

  • Styrkje forsking og overvaking av dei levande marine ressursane gjennom å arbeide for at det vert skipa internasjonale femårige overvakings- og forskingsprogram for dei marine økosystema i CCAMLR-området.

  • Arbeide for at CCAMLR skipar eit representativt nettverk av marine verneområde og andre effektive områdebaserte forvaltingstiltak innanfor konvensjonsområdet.

  • Arbeide for å innføre eit system der det hefter ei notifiseringsavgift for å registrere fartøy for fiske i CCAMLR-området.

8.4 Norske fiskeri

Norge står for ei ansvarleg, berekraftig og økosystembasert forvalting av marine ressursar i Antarktis. Utnyttinga av ressursane skal vere berekraftig, både i økologisk, økonomisk og sosial tyding. Det er ein ambisjon at havmiljøet skal forvaltast på ein slik måte at produksjonsevna til økosystema vert halden ved lag eller styrkt. Norge arbeider for at den internasjonale forvaltinga av dei marine ressursane i Antarktis skal leggje til rette for ein god balanse mellom bruk og vern.

Interessa for å fiske i Antarktis har først og fremst samanheng med bestandane av krill og tannfisk. I dag står Norge for over halvparten av krillfisket i Antarktis, følgt av Sør-Korea og Japan. Norge har ei dominerande rolle i krillfisket, med tre fartøy som står for over 50 prosent av den totale fangsten. Norge har dessutan eitt fartøy som fiskar etter tannfisk.

Figur 8.5 Krillfartøyet «Saga Sea» i aksjon.

Figur 8.5 Krillfartøyet «Saga Sea» i aksjon.

Foto: Bjørn Krafft (Havforskningsinstituttet).

8.4.1 Krillfisket

I sesongen 2013/2014 fiska den norske flåten (Aker BioMarine og Olympic Seafood) om lag 160 000 tonn krill. Dette utgjer om lag 60 prosent av den totale fangsten av krill i konvensjonsområdet.

Dei to norske selskapa er tilslutta Association of Responsible Krill Harvesters (ARK). Denne organisasjonen vart stifta av dei norske selskapa, og arbeider for at næringa sjølv òg har eit ansvar for å medverke til eit berekraftig fiske, mellom anna gjennom teknologiutvikling og medverknad til å auke kunnskapsgrunnlaget for CCAMLR si forvalting av krill. Dei tre norske krillfartøya har alltid med seg ein internasjonal observatør om bord for å overvake fisket og samle inn forskingsdata til CCAMLR, og har såleis sett ein standard som ligg langt høgare enn kravet til CCAMLR om 50 prosent observatørdekning.

Dei norske selskapa har i tillegg medverka til CCAMLR sitt arbeid med å skaffe naudsynte data ved å stille fartøya til rådvelde for relevante vitskaplege undersøkingar. Havforskingsinstituttet og industrien samarbeider om estimat for dødstala for krill under fangst. Industrien finansierer éi veke kvart år med forskingstokt i CCAMLR-område 48.2 i samarbeid med Havforskingsinstituttet.

The Antarctic Wildlife Research Fund (AWR) vart etablert i januar 2015 av representantar for ASOC – The Antarctic and Southern Ocean Coalition, The Pew Charitable Trust, WWF-Norge og Aker BioMarine. Fondet har ein vitskapskomité som er sett saman av leiande forskarar innanfor forsking på antarktiske tilhøve, og har som mål å leggje til rette for og fremje forsking på det antarktiske økosystemet. Forskinga vert finansiert gjennom donasjonar frå kommersielle partnarar og einskildpersonar, og viser at næringa og private ønskjer å medverke til auka kunnskap for å sikre eit levande og berekraftig økosystem i Sørishavet.

Samarbeidet mellom krillindustri og forsking er eit godt døme på korleis næringa og forvaltinga i fellesskap kan medverke til å vidareutvikle kunnskap og overvaking for ei forsvarleg forvalting av krillbestanden. Dette samarbeidet bør styrkjast for at Norge skal kunne medverke i endå større grad til den forvaltinga som CCAMLR utfører når det gjeld marine levande ressursar i Antarktis.

8.4.2 Tannfisk

Mange land fiskar òg tannfisk. I motsetnad til tilfellet med krillfartøya vert tannfisk fiska av fartøy som òg kan drive andre former for fiskeri i andre område resten av året. Tannfisk vert fiska på mellom 500 og 2 000 meters djupn, og er eit innbringande fiskeri.

Sidan 2011/12-sesongen har eitt norsk reiarlag, Ervik havfiske, teke del i tannfisket i CCAMLR-området med eitt fartøy. Fartøyet har tradisjonelt vore notifisert for fiske i områda 88.1–88.2. Det same reiarlaget tok del i fisket med eit anna norsk fartøy i perioden 2003/04–2006/07.

8.4.3 Forsking

Forsking er viktig som grunnlag for ressursutnytting. Norske fiskeri av både krill og tannfisk byggjer på ei berekraftig marin forvalting. Dersom det er ønske om å utnytte eventuelle nye potensial for ressursuttak i Antarktis, vil dette auke behova for vitskaplege data for Antarktis. Å drive forsking i Antarktis er både utfordrande og kostnadskrevjande på grunn av dei spesielle vêrtilhøva og dei enorme havområda.

Vitskapskomiteen i CCAMLR er sentral når det gjeld utvikling av forskingsplanar i konvensjonsområdet, og dette gjeld òg forskinga på krill. Norge gjer ein viktig innsats i arbeidet til komiteen. Når ein tek omsyn til den rolla som Norge spelar som viktig fiskerinasjon, kan det vere grunnlag for å vurdere ein auke av det norske engasjementet i dei ulike arbeidsgruppene i komiteen.

I 2011 starta Havforskingsinstituttet eit program for overvaking av krill ved Sør-Orknøyane. Eit kommersielt fiskefartøy opererer der ei veke i året etter eit fast mønster og med vitskapleg akustisk instrumentering for å vurdere mengda og samansetnaden av krillbestanden. Desse måla vert jamførte med tilsvarande undersøkingar på andre fangsfelt som vert gjennomførte av forskingsmiljø i Storbritannia og USA. Sjå òg kapittel 6 om norsk forskingsinnsats i Antarktis.

Regjeringa vil:

  • Leggje til rette for at verdiskapinga gjennom berekraftig hausting av krill- og tannfiskressursane frå den norske flåten kan halde fram.

  • Arbeide i CCAMLR for eit generelt krav om 100 prosent dekning av vitskaplege observatørar på alle fartøy som fiskar krill.

  • Oppmode næringslivet til i større grad å investere i kunnskap om Antarktis og ta del i det internasjonale polarforskingssamarbeidet. Eit godt døme på dette er samarbeidet mellom krillindustri og forsking for etablering av kunnskap og overvaking med sikte på ei forsvarleg forvalting av krillbestanden. Dette samarbeidet bør styrkjast for at Norge kan medverke i endå større grad i CCAMLR si forvalting av marine levande ressursar i Antarktis.

8.5 Reiseliv i Antarktis

8.5.1 Reiselivsaktiviteten i Antarktis

Antarktis er lettast tilgjengeleg via sjøvegen, og per i dag er det svært lite flytrafikk for turistar til kontinentet. Tal frå turoperatørar viser at rundt 40 000 turistar no vitjar Antarktis kvart år2, og dei fleste av desse er cruiseturistar. Til samanlikning kom det berre rundt 7 000 turistar til Antarktis i sesongen 1992/19933. Norsk Polarinstitutt (NP) er styresmakt i medhald av forskrifta om miljø og tryggleik i Antarktis, og handsamar meldingar og konsekvensvurderingar frå private norske ekspedisjonar og frå turistverksemd organisert av norske aktørar. Deltakarar i aktivitetar som er godkjende i Norge eller i ein annan stat, som har tilsvarande føresegner og er tilslutta miljøprotokollen til Antarktistraktaten, har ikkje meldeplikt etter Antarktis-forskrifta. Dei siste åra har det i snitt vore godkjent rundt to årlege private ekspedisjonar. NP har ikkje lagt ned forbod mot gjennomføring av ekspedisjonar, men éin ekspedisjon er vorten kravd utsett. Sjå kapittel 5.3 for ei omtale av forskrifta.

Figur 8.6 Sørpolekspedisjonen til Liv Arnesen og Ann Bancroft i 2001 er døme på ein privat tilrettelagd ekspedisjon til Antarktis.

Figur 8.6 Sørpolekspedisjonen til Liv Arnesen og Ann Bancroft i 2001 er døme på ein privat tilrettelagd ekspedisjon til Antarktis.

Foto: www.yourexpedition.com.

Partane i Antarktistraktaten har vedteke fleire tiltak for å sikre miljøvenleg turisme i Antarktis. Det vert mellom anna stilt krav om beredskap og forsikring, ei høgstegrense for talet på passasjerar for ilandstigingscruise, og at turoperatørane koordinerer ilandstigingar seg imellom. ATCM har vedteke strenge retningslinjer for ferdsel for turistføremål, og det er per i dag laga såkalla Visitor Site Guidelines for 36 stader. Desse retningslinjene gjev klare føringar for kvar ein kan ferdast i området, kor mange passasjerar som kan vere på land til ei kvar tid, kor lenge vitjinga kan vare, talet på guidar per passasjer, storleiken til skip som får løyve til å setje i land turistar, tal på skip per døgn, om det er mogleg med camping, tilrådde trasear, område der det ikkje er lov å ferdast o.a.

I tillegg til dette har IAATO (International Association of Antarctica Tour Operators) utarbeidd interne reglar for turisme med skip. Organisasjonen har òg utarbeidd ei sertifiseringsordning for guidar og ekspedisjonsleiarar, kalla IAATO Field Staff Online Assessment, som gjeld for Antarktishalvøya og Sør-Georgia.

Boks 8.3 International Association of Antarctica Tour Operators (IAATO)

IAATO er ein medlemsorganisasjon som vart skipa i 1991 for å fremje og praktisere miljøforsvarlege reiser for privatsektoren til Antarktis. IAATO har for tida 116 medlemmer. IAATO-medlemmene samarbeider for å utvikle, godkjenne og gjennomføre operasjonelle standardar som skal motverke potensielle miljøeffektar. Mange retningslinjer er komne på plass gjennom dei siste 20 åra. Desse har vist seg å vere ein effektiv metode for å redusere negative miljøeffektar. Dei omfattar, men er ikkje avgrensa til, følgjande: Stadsspesifikke retningslinjer, kriterium for utveljing av stader, tal på passasjerar per guide, tal på passasjerar i land, retningslinjer for vask av fottøy, tiltak for å hindre spreiing av framande artar, villmarksetikette, søppelrutinar, seglingsplanlegging, kommunikasjonsprosedyrar, naud- og evakueringsprosedyrar, rapporteringsrutinar, retningslinjer for marine artar, reglar for stasjonsvitjingar o.a.

Auka medvit om miljøet i Antarktis og trygg ferdsel er omsyn som turoperatørane er opptekne av å formidle til turistane. Betre kunnskap om det sårbare miljøet i Antarktis kan medverke til at turistane tek omsyn til miljøet ved opphald på kontinentet, og det kan vere med på å gjere turistopplevinga rikare.

Cruiseturisme er den største og mest tilgjengelege forma for turisme til Antarktis, og i tillegg er det vorte meir populært med såkalla «fly & land»-turisme. Denne forma for turisme utgjer førebels ein liten del av den samla turismen4. Turismen til Antarktis vert gjerne inndelt i fem typar reiser5:

  • Cruise med ilandstiging

  • Cruise utan ilandstiging

  • Fly & cruise, med ilandstiging

  • Fly & land, det antarktiske innlandet

  • Overflygingar utan ilandstiging

8.5.2 Cruiseturisme

Over halvparten av cruisa til Antarktis omfattar ilandstiging på kontinentet. Kombinasjonen «fly & cruise» utgjer berre ein liten del, rundt fem prosent av turistane til Antarktis vel denne reiseforma i dag. Tidlegare fanst det to norske cruiseoperatørar med turar til Antarktis. Per i dag er det éin norsk cruiseoperatør i Antarktis – Hurtigruten Group ASA, med ekspedisjonsskipet MS Fram. Skipet hadde ti turar i 2013/2014, og det er planlagt ni turar i 2014/2015.

Figur 8.7 Norsk turisme i Antarktis: Hurtigruten (M/S Nord-Norge) er den største norske aktøren.

Figur 8.7 Norsk turisme i Antarktis: Hurtigruten (M/S Nord-Norge) er den største norske aktøren.

Foto: Øystein Overrein, Norsk Polarinstitutt.

8.5.3 Berekraftig turisme

I dag er Antarktis ein relativt dyr nisjedestinasjon som berre eit fåtal av røynde operatørar kan tilby. Dette vil truleg ikkje endre seg stort i den nærmaste framtida. Likevel bør ein vere klar over at dersom det vert enklare å ta seg fram til eller i Antarktis i framtida, kan etterspurnaden etter reiselivsopplevingar òg auke i Antarktis. Ei av utfordringane med auka turisme er å sikre at Antarktis ikkje vert påverka av menneskeleg aktivitet som medverkar til forsøpling og nedtrakking, og som kan bringe med seg invaderande artar.

Utviklinga av framtidig turisme i Antarktis må finne stad innanfor forsvarlege miljø- og tryggleiksrammer. Dei gode røynslene som Norge har frå liknande arbeid på Svalbard, kan ha overføringsverdi til Antarktis.

I dag er det svært lite flytrafikk med turistar til kontinentet. Turistar/private ekspedisjonar som vil til Dronning Maud Land, flyg normalt via Novo Airbase med selskapet The Antarctic Company (TAC). Norske ekspedisjonar nyttar òg denne transportruta. Flystripa ved den norske stasjonen Troll vert berre nytta til forskingsføremål, og har ikkje kapasitet til å ta imot turistar. På Troll er det forskingsrelatert aktivitet som er prioritert, og det er heller ikkje lagt til rette for turisme ved stasjonen. Fleire andre land har mindre restriktive rammer når det gjeld turistvitjingar på forskingsstasjonane sine i Antarktis.

8.6 Romverksemd

8.6.1 Satellittar

Antarktis er særleg godt eigna for etablering av bakkestasjonar for satellittar som går i polare banar. Ved å etablere nedlesestasjonar i Antarktis er det mogleg å laste ned data oftare og frigjere kapasitet på polarbanesatellittane. Antarktis gjev dessutan visse geografiske føremoner for romverksemd. Dei opne, høge platåa på kontinentet gjev gode siktelinjer for bakkestasjonar som kommuniserer med satellittar, og for observatorium som studerer verdsrommet. I tillegg er det minimale forstyrringar frå lys, radiostøy og anna forureining jamført med dei områda på kloden som er busette.

Fleire land, medrekna USA, Tyskland, India, Japan, Korea og Sør-Afrika, driv satellittbasert verksemd og romrelatert forskingsaktivitet i Antarktis. Stasjonar som McMurdo (USA) og TrollSat er svært viktige for nedlesing av data frå vêr- og jordobservasjonssatellittar. Norge har i dag eit operativt samarbeid med ei rekkje sentrale aktørar, som til dømes NOAA og NASA frå USA, den europeiske romorganisasjonen ESA, EU og meteorologiorganisasjonen EUMETSAT. Land som USA, Tyskland, Japan, Russland og Kina har omfattande romrelatert forskingsaktivitet i Antarktis.

8.6.2 Satellittstasjonen TrollSat

Satellittstasjonen TrollSat ligg ved forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land. Det statseigde selskapet Kongsberg Satellite Services (KSAT) eig og driv TrollSat, og er ein verdsleiande leverandør av tenester som gjeld datamottak og bruksområde for og kontroll av satellittar i polare banar. TrollSat er den største stasjonen for mottak av satellittinformasjon i Antarktis, og gjev tilgang til viktige data som til dømes vert nytta i meteorologi, miljøovervaking og navigasjon. TrollSat har òg kapasitet til å levere nær-sanntidstenester for miljøovervaking i Antarktis, til dømes for oljesøl, skipsdeteksjon og overvaking av sjøis. I dag finst det fire antenner for nedlesing, og tre antenner for å sende satellittbasert informasjon tilbake til brukarane.

Figur 8.8 Satellittstasjonen TrollSat i nærleiken av forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land.

Figur 8.8 Satellittstasjonen TrollSat i nærleiken av forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land.

Foto: KSAT.

I tillegg til jordobservasjonsantenner har TrollSat ein referansestasjon for det sivile europeiske satellittnavigasjonssystemet Galileo. TrollSat er ein strategisk viktig stasjon for Galileo og sikrar pålitelege navigasjonsdata i Antarktis. TrollSat er fjernoperert frå Tromsø, men krev lokalt nærvær for å kunne utføre naudsynte vedlikehalds- og driftsfunksjonar.

Antarktistraktaten set visse overordna rammer for aktivitet i Antarktis, som òg får innverknad på romverksemd. Verksemda ved TrollSat er i samsvar med rammene og pliktene under Antarktistraktaten. Satellittnedlesinga på Troll har, i motsetnad til tilsvarande verksemd på Svalbard, ikkje vore underlagd særskild nasjonal regulering til no, jf. forskrift om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt, som først og fremst er skipa for å tryggje omsynet til jordstasjonsverksemda på Svalbard. Jordstasjonsforskrifta er under revisjon, og det vert no arbeidd med ei eiga forskrift som skal gjelde jordstasjonsverksemd i Antarktis.

Boks 8.4 Kongsberg Satellite Services (KSAT)

Kongsberg Satellite Services (KSAT) er den største leverandøren i verda av tenester som er knytte til datamottak frå og drift av satellittar i polare banar. Selskapet opererer meir enn 40 antenner som er plasserte rundt i verda, medrekna Svalbard (SvalSat) og Dronning Maud Land (TrollSat).

Selskapet er eigd 50 prosent av Kongsberg Gruppen og 50 prosent av Space Norway, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet. Selskapet har hovudkontor i Tromsø og 135 tilsette. KSAT omsette for om lag 500 millionar kroner i 2014.

8.6.3 Nytte for forsking, forvalting og næring

Satellittar som går i polare banar, passerer over Nordpolen og Sørpolen 14 gonger kvart døgn. Dei vert hovudsakleg nytta til jordobservasjon, meteorologi og navigasjon. Satellittane er spesielt nyttige i ressurs- og miljøforvaltinga og til vêrmeldingstenester. Data som vert lest ned på TrollSat, gjev kunnskap om vêr, luftkvalitet, vind, bølgjer, saltinnhald i havet, temperatur i luft og i vatn, og ei rekkje andre typar informasjon som vert nytta i forsking på klima og miljø. Vêrmeldingane generelt, og ekstremvêrmeldingar spesielt, er avhengige av satellittbaserte målingar.

Det er føremålstenleg å plassere bakkestasjonar så langt nord og så langt sør som mogleg, for å få lest ned data flest gonger og utnytte stasjonsnettverket best mogleg. KSAT er det einaste selskapet som kan tilby nedlesetenester både frå Arktis (Svalbard) og Antarktis (Dronning Maud Land). Ved å kombinere stasjonane på Svalbard og i Dronning Maud Land kan det leverast meteorologidata kvart 50. minutt. Dette er med på å gjere til dømes vêrmeldingstenestene meir pålitelege. Dei norske bakkestasjonane er nøkkelstasjonar for levering av vêrmeldingsdata. Både den amerikanske vêrmeldingstenesta NOAA og den europeiske organisasjonen EUMETSAT er avhengige av desse stasjonane for å kunne utføre dei operative tenestene sine. I tillegg vurderer den kinesiske meteorologiorganisasjonen CMA bruk av TrollSat til datamottak.

Nedlesing av data på TrollSat er òg interessant for kommersielle kundar, og stasjonen leverer miljø- og vêrdata til fleire internasjonale kundar. Overvaking av satellittbanen og nedlesing av data under oppskytinga er viktig for å kunne gje korrigeringar og sikre at oppskytinga går som planlagt.

8.6.4 Norsk romverksemd i Dronning Maud Land i framtida

Troll er ein interessant stad for ulike typar observasjonar av romvêr. Romvêr er ei nemning på kortvarige endringar i tilhøva i verdsrommet, til dømes i solvindane, elektromagnetisk stråling eller i det interplanetare magnetfeltet som gjev skiftande tilstandar i magnetosfæren og ionosfæren på jorda. Romvêret kan påverke radiokommunikasjon, navigasjonssystem, elektronisk utstyr og straumsystem som kan setje liv og helse i fare. Som følgje av betre teknologi og auka kunnskap er romvêrobservasjonar i ferd med å verte operativt nyttige innanfor kommunikasjon og navigasjon. Jamlege observasjonar i Antarktis vil vere viktige for å ha eit globalt bilete. Andre land ventar at Norge skal ta sin del av ansvaret for dette i Antarktis. Både magnetometer, GPS- og Galileo-mottakarar for måling av ionosfæren og fleire nordlyskamera på Troll vil kunne medverke til globale romvêrtenester i framtida.

Gjennom samarbeidsavtala om satellittnavigasjon mellom Norge og EU, som vart underskriven i 2010, har Norge plikta seg til å drifte bakkeinfrastrukturen for Galileo i minst 20 år. Det er òg planar om endå tre jordobservasjonsantenner som vil syte for informasjon til dei operative vêrmeldingstenestene i USA og Europa fram til 2042.

Regjeringa vil:

  • Leggje til rette for vidare norsk romverksemd i Antarktis, i samsvar med Antarktistraktaten, jf. Meld. St. 32 (2012–2013) Mellom himmel og jord: Norsk romvirksomhet for næring og nytte.

  • Leggje til rette for vekst i bakkestasjonstenester og mottak av data på TrollSat for internasjonale jordobservasjonssatellittar, som ein langsiktig medverknad til den internasjonale miljø- og ressursovervakinga.

  • Eventuell ny aktivitet og infrastruktur skal skipast i tråd med andre overordna føringar som er gjevne for infrastrukturen på Troll.

8.7 Skipsfart

8.7.1 Skipstrafikken i Antarktis

Skipstrafikken i Antarktis omfattar i all hovudsak cruisebåtar og fiskefartøy, i tillegg til forsyningsskip som transporterer personell og forsyningar til forskingsstasjonane i Antarktis. Frå tid til anna kjem det òg private fritidsfartøy til Antarktis.

Alle turoperatørar som driv verksemd i Antarktis med fartøy over 500 BT (bortsett frå fiskefartøy), er medlemmer av IAATO (International Association of Antarctica Tour Operators). I dag finst det berre eitt norskregistrert cruisefartøy som opererer i Antarktis: hurtigruteskipet Fram (300 passasjerar). I dag er det registrert 31 kommersielle fiskefartøy med lisens til å drive verksemd i Antarktis, og fem av desse er norske. Det er dei store havgåande fiskefartøya som opererer i Antarktis, der mannskapstalet varierer frå 22 til 136 personar.

Antarktis er prega av lange avstandar, ekstreme vêrtilhøve, periodevis mørketid og islagde farvatn. Dette utgjer ei konstant utfordring for skip og mannskap i desse områda.

8.7.2 Regelverk

Dei største utfordringane i Antarktis er grensekryssande og kan berre handterast gjennom eit tett internasjonalt samarbeid. Havretten, medrekna FNs havrettskonvensjon, dannar det juridiske rammeverket for all bruk av havområda. På same måten som for andre farvatn er sjøtrafikken i Antarktis omfatta av havretten og internasjonale reglar for skipsstandarden og for kvalifikasjonane til mannskapet, slik sjøfartsorganisasjonen til FN (IMO) har fastsett. Men fram til i dag har regelverket i liten grad vore tilpassa dei særskilte tilhøva som finst i polare farvatn. I lys av dette har Norge vore ein pådrivar for å få innført bindande globale tilleggskrav for segling i polare område (polarkoden) i IMO. Norge har vore oppteken av å utvikle ein polarkode som sikrar at design og utstyr er eigna for operasjon i polare farvatn, og at omsynet til miljøet vert teke hand om på ein skikkeleg måte.

I Antarktis går det geografiske bruksområdet for polarkoden ved 60°S. Generelt vil polarkoden gjelde både for eksisterande og nye skip som er omfatta av IMO-konvensjonen om sjøtryggleik (SOLAS) og IMO-konvensjonen om hindring av forureining (MARPOL). Koden inneheld ein tryggleiksdel og ein miljødel, som begge igjen har ein bindande del og ein del med retningslinjer og tilrådingar. Polarkoden stiller særlege krav til skip som opererer i desse farvatna, mellom anna krav til konstruksjon, utstyr, operasjon, vern av det marine miljøet, navigasjon og kompetansen til mannskapet.

Noko av det viktigaste i polarkoden er kravet om eit polarsertifikat. Sertifikatet som vert utferda, vil innehalde avgrensingar og mellom anna opplyse om kva istilhøve og liknande skipet er bygt for. Det skal òg utarbeidast ein driftsmanual med utfyllande informasjon og prosedyrar. Fiskefartøy er stort sett ikkje omfatta av tryggleikskrava i koden, men dei skal tilfredsstille miljøkrava i koden. Ei eventuell utviding av tryggleiksføresegnene i koden til å omfatte andre fartøykategoriar, mellom anna fiske- og fritidsfartøy, vil først verte starta i ein fase II. Det er semje i IMO om at ein fase II først kan ta til i neste toårsperiode (2016–18). Polarkoden tek til å gjelde 1. januar 2017.

I MARPOL-konvensjonen er det etablert enkelte særskilt strenge krav for skipstrafikk i Antarktis. For å forhindre oljeforureining er det forbod mot å ha tungolje om bord i skip. Dette gjeld både drivstoff og last. Antarktis har også et totalforbod mot driftsutslepp av olje, kjemikaliar og avfall (søppel) bortsett frå matavfall som kan sleppast ut dersom det er oppmale og skipet er lenger en 12 nautiske mil frå land eller iskant.

8.7.3 Utfordringar

Trygg navigasjon i Antarktis er avhengig av gode maritime navigasjonskart og isdata. Kartlegginga av havområda i Antarktis er mangelfull, men cruiseskipa har i fleire tiår drive kontinuerleg sjøkartlegging for eigen bruk. IAATO har, i samarbeid med Lindblad Expeditions og den arktiske samarbeidspartnaren sin, Association of Arctic Expedition Cruise Operators (AECO), funne ein metode som gjer at cruiseoperatørar kan dele historiske sjøkartleggingsdata frå Arktis og Antarktis. Dette initiativet frå næringsutøvarane er eit svært viktig tilskot til sjøtryggleiksarbeidet. Det aukar tryggleiken for skipet, mannskapet og passasjerane ved å redusere risikoen for ulykker. Førebygging av ulykker reduserer igjen risikoen for skade på miljøet.

Regjeringa vil:

  • Medverke til at IMO tek særleg omsyn til det spesielle miljøet som rår i Antarktis i det framtidige regelverksarbeidet sitt som gjeld skipstrafikken i Antarktis.

8.8 Bioprospektering – innsamling og bruk av genetiske ressursar frå Antarktis

Mange organismar i Antarktis har spesielle tilpassingar til det ekstreme miljøet med mellom anna låg temperatur, tørt klima og i nokre tilfelle eit ekstremt saltinnhald. Dette gjer dei genetiske ressursane i Antarktis interessante for bioprospektering og annan etterfølgjande bruk av genetisk materiale. Det vert samla inn genetisk materiale som kan ha potensial for kommersiell utnytting i Antarktis i dag, og det er venta at denne aktiviteten vil auke i åra som kjem.

Grensa mellom forsking og bioprospektering er vanskeleg og uavklara. Spørsmålet om når forsking går over til å verte ein bioprospekteringsaktivitet, og korleis omgrepet skal definerast, er aktuelt i fleire internasjonale prosessar og forum. Det finst ingen fastsett definisjon av kva som meinest med bioprospektering innanfor Antarktistraktatsamarbeidet. På nasjonalt plan vert det no arbeidd med ei forskrift etter naturmangfaldlova og havressurslova om uttak og utnytting av genetisk materiale.

Problemstillingar som er knytte til bioprospektering i Antarktis, har vore drøfta på fleire ATCM-møte. Partane er samde om at spørsmål om innsamling og bruk av genetiske ressursar innanfor verkeområdet for Antarktistraktaten, skal handsamast innanfor Antarktistraktatsystemet.6 Dette vil seie at Norge, på same måte som dei andre partane i Antarktistraktaten, set seg imot at regulering i Antarktis vert handtert i andre internasjonale prosessar som drøftar internasjonale køyrereglar for bruk av genetiske ressursar.7

For å leggje til rette for ei auka forståing og eit betre vurderingsgrunnlag for bioprospekteringsaktiviteten i Antarktis vart partane i Antarktistraktaten i 2013 samde om å rapportere om bioprospekteringsaktivitetar til ATCM. Partane vart òg samde om at det er behov for å utarbeide framlegg til mekanismar for å betre informasjonsutvekslinga om bioprospekteringsaktivitet i Antarktis, og mellom anna vurdere om det elektroniske informasjonsutvekslingssystemet (EIES) til organisasjonen kan byggjast ut for å møte dette behovet.8

Reglane i Antarktistraktatsystemet om mellom anna forskingsfridom, deling av forskingsresultat, fangstreguleringar og miljøvern er viktige for bioprospekteringa i Antarktis. Tilgangen til det biologiske materialet er til dømes regulert av miljøprotokollen til Antarktistraktaten, som inneheld føresegner om vern av flora og fauna og krav om miljøkonsekvensanalyse for all planlagd aktivitet i Antarktis, og av CCAMLR-konvensjonen når det gjeld marine levande ressursar.

Internasjonale forum som CBD (Nagoya-protokollen) og Generalforsamlinga til FN drøftar problemstillingar som er knytte til rettferdig tilgang til og fordeling av føremonene ved kommersiell utnytting av genetisk materiale. I denne samanhengen har det vore vurdert om eventuelle føremoner frå kommersiell utnytting av genetiske ressursar i område som er underlagde nasjonal jurisdiksjon, skal påleggjast noka form for økonomisk kompensasjon. I internasjonale havområde er problemstillinga om og korleis det kan innførast ei delingsordning der utviklingslanda får ein del av føremonene frå den kommersielle utnyttinga av genetiske ressursar.

Ei aukande kommersiell interesse for forsking i Antarktis reiser fleire problemstillingar om eigarskap til ressursar og bruken av desse, og om ei rettvis fordeling av føremonene ved utnytting av genetisk materiale. Når det gjeld ikkje-kommersiell forsking, finst det ein balanse mellom reglane for forskingsfridom og utveksling av forskingsresultat i tråd med Antarktistraktaten. Men når det gjeld kommersiell forsking, vil det kunne vere naudsynt å halde forskingsresultata hemmelege og å verne patent som er knytte til oppdagingar og metodar. Dette må vurderast i høve til artikkel III nr. 1 bokstav c i Antarktistraktaten, der det heiter at vitskaplege observasjonar og resultat frå Antarktis så langt det lèt seg gjere og er praktisk9 skal utvekslast og gjerast fritt tilgjengelege.

Etter folkeretten er retten til å regulere uttak av genetiske ressursar og setje vilkår for uttak i område under nasjonal jurisdiksjon, og eventuelle vilkår om deling av føremoner, ein del av den nasjonale suvereniteten og dei suverene rettane. Regjeringa meiner at det bør utviklast regelverk for bioprospektering i Antarktis under Antarktistraktatsamarbeidet.

Frå norsk side er det viktig at eit regelverk for bioprospektering i Antarktis respekterer Antarktistraktatsystemet, oppmuntrar til forskingssamarbeid og føremålstenleg kunnskapsdeling, tryggjer miljøet og sikrar at styresmaktene har den kontrollen som er naudsynt. Samstundes må det takast stilling til reglar for fordeling av føremoner ved kommersiell bruk av genetiske ressursar. Dette må sjåast i samanheng med behovet for å fremje forsking og leggje til rette for kommersiell utnytting av ressursane. Norge har gått imot framlegg om einsidig å slå fast prinsipp om fri tilgang til genetiske ressursar i Antarktis. Etter norsk syn er tilgangen til og fordelinga av føremoner ved bruk to sider av den same saka, og må difor regulerast på same tid.

Motstand frå visse land gjer at utviklinga av eit regelverk for bioprospektering i Antarktis vil vere utfordrande. På dette stadiet bør det difor leggjast vekt på å gjennomføre resolusjonen frå 2013 om rapportering og informasjonsutveksling for å få oversikt over omfanget av denne typen verksemd, og gjennomføring av dei særlege pliktene som ligg i Antarktistraktaten.

Norske styresmakter ønskjer meir kunnskap om omfanget av norsk forsking på genetiske ressursar i Antarktis. Til no har det ikkje vore fastsett særskilte nasjonale rapporteringsrutinar for norsk bioprospekteringsaktivitet i Antarktis. Den relevante aktiviteten er underlagd generell rapporteringsplikt under antarktis-forskrifta, slik det er gjort greie for i kapittel 5.3. Denne rapporteringsplikta omfattar ikkje nødvendigvis opplysningar om kva det innsamla materialet skal nyttast til, men det må opplysast om kva som er føremålet med innsamlinga. Dersom bioprospektering ikkje er det viktigaste eller einaste føremålet ved innsamlinga, eller dersom dette først vert aktuelt i etterkant, vil det i utgangspunktet ikkje gå fram av meldinga eller rapporteringa at materialet skal nyttast til eit slikt føremål. Ved handsaming av meldingar om aktivitet, søknad om innsamling eller fangst og ved mottak av sluttrapport kan ein likevel be om å få slike opplysningar. Sluttrapporten skal leverast rett etter at aktiviteten/innsamlinga er gjennomført. Bioprospektering kan ofte kome etter avslutninga av eit forskingsprosjekt som har eit anna føremål – det vil seie der hovudføremålet ikkje har vore bioprospektering. Det kan ta fleire år frå biologiske prøver er samla inn for spesifikke forskingsføremål til det vert gjort andre funn som kan omtalast som bioprospektering på det attverande prøvematerialet. Slike studiar/funn kan gjennomførast av heilt andre aktørar enn dei som opphavleg har samla inn dei biologiske prøvene. Antarktis-forskrifta legg såleis ikkje opp til at det skal innhentast informasjon om all bioprospektering av materiale frå Antarktis. Behovet for særlege reglar for bioprospektering vert vurdert jamleg i lys av utviklinga.

Regjeringa vil:

  • Arbeide for at det vert utvikla regelverk under Antarktistraktatsystemet for innsamling og bruk av genetiske ressursar i Antarktis som legg til rette for uttak og utnytting av genetisk materiale innanfor miljøforsvarlege rammer.

  • Arbeide for at det vert skipa effektive rapporteringssystem for auka informasjonsutveksling i ATCM og CCAMLR om denne typen verksemd i Antarktis.

  • Oppmuntre norske aktørar til å rapportere om denne typen verksemd i Antarktis, for at Norge skal kunne medverke til meir kunnskap og betre informasjonsutveksling i ATCM og CCAMLR.

Fotnotar

1.

CBD (2010) Aichi biodiversity targets. Convention on Biological Diversity: http://www.cbd.int/sp/targets/. Accessed 23 February 2015.

2.

Kjelde: IAATO Antarctica Tourism Fact Sheet 2014 – 2015. www.iaato.org.

3.

Kjelde: IAATO Tourism Statistics: Tourists Landings in Antarctica – Trends 1992-2009 www.iaato.org.

4.

IAATO opplyser om at det til no er rundt 300-400 turistar som reiser på slike turar kvart år. Kjelde: IAATO Antarctica Tourism Fact Sheet 2014 – 2015. www.iaato.org.

5.

Kjelde: IAATO Antarctica Tourism Fact Sheet 2014-2015. www.iaato.org.

6.

Jf. resolusjon 7 (2005), resolusjon 9 (2009) og resolusjon 6 (2013).

7.

Arbeidet med internasjonale køyrereglar for bruk av genetiske ressursar går føre seg under både plantetraktaten til FAO, konvensjonen om biologisk mangfald (Nagoya-protokollen) og FNs havrettskonvensjon.

8.

Jf. resolusjon 6 (2013).

9.

Jf. norsk omsetjing av artikkel III.

Til forsida