Meld. St. 38 (2014–2015)

Open og opplyst— Allmennkringkasting og mediemangfald

Til innhaldsliste

13 NRKs kommersielle verksemd

13.1 Innleiing

NRK er i hovudsak finansiert av kringkastingsavgifta. Selskapet er difor i ein særeigen posisjon i den norske mediemarknaden, fordi selskapet ikkje treng å ta kommersielle omsyn i si daglege drift. NRK kan drive med kommersiell verksemd, i hovudsak i regi av dotterselskap.

I høyringa av NRK-plakaten vart høyringsinstansane bedne om å kome med innspel om NRK framleis bør ha høve til å ha inntekter frå kommersiell verksemd, og om det er behov for å avgrense NRKs kommersielle handlingsrom. I høyringsrunda kritiserer fleire instansar at NRK kan engasjere seg i forretningsdrift, og meiner NRK bør reindyrkast som ein ikkje-kommersiell aktør. I dette kapitlet omtalar departementet NRKs kommersielle verksemd og vurderer om det er behov for endringar i dei formelle rammene for selskapet.

13.2 Gjeldande rett

13.2.1 Generelle reglar

Ved etableringa av NRK som aksjeselskap i 1996 fekk selskapets formålsparagraf i kringkastingslova § 6-1 tredje ledd følgjande ordlyd:

Norsk rikskringkasting AS har til formål å drive allmennkringkasting og virksomhet som har sammenheng med dette.

I forarbeida vart dette presisert på følgjande måte, jf. Ot.prp. nr. 69 (1994–95) s. 13:

Bestemmelsen er ikke til hinder for at Norsk rikskringkasting AS kan drive annen type virksomhet enn allmennkringkasting, men med tilknytning til aksjeselskapets hovedformål.

Kulturdepartementet la i 1999 fram eit forslag om å utvide NRKs høve til å engasjere seg i forretningsverksemd, jf. Ot.prp. nr. 55 (1998–99). Følgjande føresetnader vart lagde til grunn og fekk tilslutning i Stortinget (s. 84):

Departementet meiner at NRK gjennom dotterselskap bør få høve til å engasjere seg i forretningsmessig verksemd på lik linje med det konkurrentane har. Samstundes må det vere ein absolutt føresetnad at NRKs allmenne programtilbod til lyttarar og sjåarar i Noreg blir halde reklamefritt. Departementet legg vidare til grunn at det ikkje kan vere aktuelt for NRK å drive, eige eller vere deleigar i radio- eller fjernsynskanalar som er finansierte med reklame og som har Noreg som primært målområde. Vidare må det vere ein absolutt føresetnad at det ikkje skal vere høve til å kryss-subsidiere den forretningsmessige verksemda med lisensmidlar. Departementet legg samstundes til grunn at overskot i den forretningsmessige verksemda skal nyttast til å finansiere auka programproduksjon og programinnkjøp, noko som vil styrkje allmennkringkastinga i Noreg.

Forslaga fekk tilslutning i Stortinget. Ei tilleggsfråsegn vart deretter teken inn i kringkastingslova § 6-1, tredje ledd:

NRK kan gjennom datterselskap delta i annen virksomhet.

I kva grad NRK skal engasjere seg i kommersiell verksemd, vart igjen vurdert i St.meld. nr. 30 (2006–2007). I meldinga konkluderte departementet med at lisensinntektene skal utgjere hovuddelen av NRKs finansiering, men at NRK også bør kunne ha kommersielle inntekter. Departementet vurderte det slik:

Etter departementets syn er det positivt at NRK har inntektskilder ved siden av kringkastingsavgiften, så fremt de kommersielle aktivitetene som genererer slike inntekter lar seg forene med oppdraget som allmennkringkaster.

Eit fleirtal i Stortingets Familie- og kulturkomité slutta seg til at NRK i hovudsak skal vere finansiert av kringkastingsavgifta, men at selskapet også skal kunne ha kommersielle inntekter, jf. Innst. S. nr. 24 (2007–2008).

I NRKs vedtekter §§ 10 og 16 er det nedfelt reglar for NRKs kommersielle verksemd. Vedtektene reflekterer blant anna reglane om offentleg støtte i EØS-avtala, som seier at offentlege midlar ikkje skal finansiere kommersielle tenester. Det inneber at kringkastingsavgifta ikkje kan brukast til å kryss-subsidiere den kommersielle drifta. Dei viktigaste prinsippa som ligg til grunn for NRKs kommersielle aktivitetar, kan oppsummerast i følgjande punkt:

  • NRK skal kunne vidareutvikle kommersielle tenester som genererer overskot.

  • Overskotet frå kommersiell verksemd skal fullt og heilt nyttast til allmennkringkasting.

  • Det skal vere eit klårt rekneskapsmessig og driftsmessig skilje mellom NRKs kommersielle verksemd og allmennkringkastingsverksemda.

  • Kommersiell verksemd skal i hovudsak skje i dotterselskap og stette dei krav til kvalitet og integritet som gjeld for NRK.

  • Inntekter frå kringkastingsavgifta skal ikkje brukast til å kryss-subsidiere kommersiell verksemd.

  • NRKs redaksjonelle avgjerder skal ikkje vere styrte av kommersielle omsyn.

13.2.2 Reklame

I gjeldande regelverk står det at NRK skal vere reklamefritt på TV, radio og tekst-TV, men at NRK kan nytte seg av reklame på Internett under visse vilkår. I kringkastingslova § 6-4 står det følgjande om NRK og reklame:

Virksomheten i Norsk rikskringkasting AS finansieres ved kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Virksomheten kan ikke finansieres ved reklame i NRKs allmennkanaler eller tekstfjernsyn.

I følgje NRKs vedtekter § 16 b) skal NRKs allmennkringkastingstilbud på radio, fjernsyn og tekst-TV være reklamefritt og «ikke inneholde spesielle salgsfremmende henvisninger til konsernets kommersielle tjenester og produkter».

Av NRKs vedtekter § 16 c) følger det at:

NRK kan ha reklame på Internett, med unntak for nettsider som har barn som målgruppe. NRK skal tilstrebe et tydeligst mulig skille mellom allmennkringkastingstilbudet og kommersielle tjenester tilbudt på Internett. Nedlastningstjenester som tilbys innenfor allmennkringkastingstilbudet skal ikke inneholde reklameinnslag. Det bør utvises særlig varsomhet med å tilby innhold som utsetter publikum for kommersielt press. Dette gjelder særlig for program rettet mot barn og unge.

I St.meld. nr. 30 (2006–2007) vart NRKs satsing på og finansiering av Internett-tilbodet drøfta. Departementet argumenterte då for at nettsatsinga var kostbar, og at det difor ikkje var realistisk at den skulle finansierast gjennom ei auking av lisensen åleine. Departementet konkluderte på følgjande måte:

NRK bør fortsatt ha anledning til å ha reklame på nettsidene. Dette innebærer at de nettbaserte tjenestene vil være finansiert ved en blanding av lisens og kommersielle inntekter. Nedlastningstjenester som tilbys innenfor NRKs allmennkringkastingsoppdrag skal ikke inneholde reklameinnslag.

Departementet la vidare til grunn at det skulle vere eit tydelegast mogleg skilje mellom allmennkringkastingsstoff og kommersielle tenester, og at nettsider retta mot born skulle vere reklamefrie.

13.2.3 Sponsing

NRK kan i dag nytte seg av sponsorat for å finansiere ymse produksjonar. Etter kringkastingslova § 3-4 andre ledd er sponsing definert som:

… ethvert bidrag til produksjon eller sending av program fra en fysisk eller juridisk person som selv ikke tilbyr programmet eller er engasjert i produksjonen, med sikte på å fremme sponsors navn, varemerke, omdømme, virksomhet, produkt eller tjeneste.

Kringkastingslova inneheld overordna reglar for sponsing som gjeld for alle kringkastarar under norsk jurisdiksjon. Regelverket er meint å sikre at redaksjonell integritet blir vareteken og at det blir informert om at program er sponsa. Den fastset også forbod mot salsfremjande tilvisingar, forbod mot å sponse nyheits- og aktualitetsprogram og forbod mot at politiske parti og produsentar av tenester og produkt som det er forbode å reklamere for kan sponse program.

Kringkastingsforskrifta § 3-10 gjev generelle reglar for korleis identifisering av sponsing skal gå føre seg. Reglane inneheld krav om plassering av sponsoridentifisering, form og lengde. I § 3-11 er det sett forbod mot at barne- og ungdomsprogram blir sponsa av næringsverksemd. NRK skal i tillegg følgje særlege reglar om sponsing i sendingane. I kringkastingsforskrifta § 3-13 første står det at sponsorat i NRK

«… kun kan identifiseres muntlig og/eller ved et ikke-bevegelig bilde. Sponsoridentifiseringa kan ikke inneholde stillbilder eller bevegelige bilder av sponsor produkt eller tjeneste».

I kringkastingsforskrifta § 3-13 andre ledd er det regulert kva slags type program NRK kan få sponsa:

  1. Produksjon og sendingar som blir sende direkte eller i opptak frå idrettsarrangement. NRK kan ikkje ta imot tilskot til andre idrettsprogram som ikkje er reine sendingar frå idrettsarrangement.

  2. Produksjon frå arrangement når produksjonen heilt eller delvis skjer i NRKs regi og programmet skal sendast til fleire land eller er av samfunnsmessig interesse eller kulturell tyding, helst produksjonar frå viktige nasjonale hendingar.

  3. Produksjon av undervisningsprogram. For undervisningsprogram som er retta mot born og/eller ungdom gjeld § 3-11 første ledd tilsvarande. Ved vurderinga av om eit undervisningsprogram er retta mot born og/eller ungdom gjeld § 3-6 så langt den passar.1

I St.meld. nr. 30 (2006–2007) vart det diskutert i kva grad reglane om sponsing er utforma på ein formålstenleg måte. Departementet konkluderte då med at det ikkje var behov for endringar i reglane. Departementet bad likevel NRK vise varsemd med omsyn til praktisering av sponsing. Det vart understreka at eit viktig prinsipp bør vere at NRK skal vere ein ikkje-kommersiell kanal, og at utanforståande ikkje skal kunne ha innverknad på det redaksjonelle innhaldet.

13.2.4 Anna kommersiell verksemd

Regelverket om NRKs sal av produkt vart også omtala i St.meld. nr. 30 (2006–2007). Departementet konkluderte med at det ikkje var avgjerande grunnar til at NRKs tilgjenge til spin-off-produkt skulle avgrensast, så sant inntektene vart brukte til å styrkje programverksemda. Det vart vidare tilrådd at vedtektene burde innehalde ei avgjerd om at økonomiske omsyn ikkje skal styre det redaksjonelle innhaldet. Departementet konkuderte med følgjande:

at det bør utvises særlig varsomhet overfor innhold som utsetter seerne for et kommersielt press. Særlig gjelder dette program rettet mot barn og unge.

Ein slik regel vart tatt inn i NRK-plakaten pkt. 5 c.

13.3 Regulering av kommersielle inntekter i nokre andre land

Ei undersøking som Medietilsynet har gjort, viser at offentleg baserte allmennkringkastingsverksemder i Europa har ulike finansieringskjelder. Av dei 34 landa som er med i undersøkinga, har 25 høve til å nytte kommersielle inntekter, medrekna reklame og andre aktivitetar. Ni land har krav om at allmennkringkastingstilbodet skal vere reklamefritt.

Figur 13.1 viser fordelinga mellom kommersielle og offentlege inntekter for allmennkringkastarar i ein del land. Figuren illustrerer at allmennkringkastarane i dei nordiske landa, med unntak av Island, skil seg ut med ein særleg høg del offentleg finansiering.

Figur 13.1 Kommersielle inntekter som del av samla inntekter for allmennkringkastarane 2013

Figur 13.1 Kommersielle inntekter som del av samla inntekter for allmennkringkastarane 2013

Kjelde: EBU

13.3.1 Sverige

Sendeløyva for 2014–2019 for dei svenske allmennkringkastarane SVT, SR og UR inneheld reglane for det kommersielle handlingsrommet til kanalane. Der står det blant anna at kanalane ikkje får sende reklame (gjeld ikkje promotering av program på eigen kanal eller mellom dei tre allmennkringkastarane) eller ha produktplassering.

Sendeløyva inkluderer også reglar for sponsing. Dei svenske allmennkringkastarane får ikkje ta i bruk sponsorat som tilfell dei direkte. Det er gjort unntak for SVT når det gjeld sportsarrangement, og elles for både SVT og SR der program inneber utsending av ei allmenn samkome eller offentleg tilstelling med SVT eller SR som arrangør. For SVT er det sett ei grense på maksimalt 20 slike arrangement per år. Alle allmennkringkastarane kan sende program som er sponsa indirekte, for eksempel samarbeidsproduksjonar der samarbeidspartnar har fått bidrag til sin del av produksjonen, ved kjøp av visingsrett til eit program som har fått bidrag frå utanforståande eller program som har vorte produsert av eit utanlandsk selskap innanfor rammene av EBU. Det står vidare at regelverket skal tolkast restriktivt når det gjeld sponsa program for born under 12 år.

13.3.2 Danmark

Dei lisensfinansierte danske allmennkringkastarane, DR og dei regionale TV 2-verksemdene, kan i tillegg til lisensen ha kommersielle inntekter frå bl.a. sal av program og ymse andre ytingar m.m. DR kan ikkje ha reklameinntekter frå programverksemda eller på Internett eller ta imot brukarbetaling. Allmennkringkastarane kan ikkje vise program som er sponsa av kommersielle verksemder. Den statleg eigde allmennkringkastaren TV 2 kan finansiere verksemda gjennom reklame.

I den mediepolitiske avtala for 2015–2018 blir forbodet mot sponsing frå kommersielle verksemder og produktplassering for DR og dei regionale TV 2-kanalane ført vidare.

13.3.3 Finland

Den finske allmennkringkastaren YLE blir finansiert med ein skatt som vart innført i 2013. YLE kan ikkje vise reklame eller produsere sponsa program.

13.3.4 Storbritannia

BBC skal ikkje tilby abonnementstenester eller direkte kommersielle tenester eller inkludere sponsa materiale, men kan engasjere seg i anna form for forretningsdrift gjennom dotterselskap.

BBC World er BBCs kommersielle arm. All kommersiell verksemd må atterspegle BBCs overordna allmennkringkastaroppdrag, streve etter effektivitet, ikkje risikere å svekkje BBCs rykte eller verdiar og rette seg etter rettferdige marknadsprinsipp.

13.4 Høyringsfråsegnene

Norsk filmforbund skriv i høyringsfråsegna si at dei ikkje ser problem med at NRK innanfor avgrensa rammer kan ha kommersiell inntening i tillegg til kringkastingsavgifta. LO og Musikernes fellesorganisasjon meiner likeins at inntektene til NRK er beskjedne og at det difor ikkje er trong for nokre store endringar. Dei argumenterer på følgjande måte i høyringsfråsegnene:

Så lenge de kommersielle aktivitetene både er tydelig regulert og tilstrekkelig åpne for innsyn må det være helt legitimt for NRK å utnytte det potensialet som ligger både i organisasjonenes kompetanse og innholdsproduksjon. Vi forutsetter da naturligvis at både opphavsrettigheter og andre rettigheter er klarert på en ryddig og rimelig måte.

Høyringsfråsegnene frå dei kommersielle medieaktørane er jamt over kritiske til kommersiell drift i NRK. Ein gjennomgåande tendens er at høyringsinstansane meiner NRK bør reindyrkast som ei ikkje-kommersiell verksemd. TV 2 nemner fleire grunnar til å avgrense NRKs kommersielle handlingsrom:

For det første er det ikke behov for kommersielle inntekter. NRK har gjennom lisensordningen en god og forutsigbar finansiering, og er ikke avhengig av kommersielle inntekter i dag. NRKs økonomiske rammer bør fastlegges av Regjeringen og Stortinget. Endringen vil derfor ikke få store virkninger for NRKs finansiering.
For det andre vil en slik avgrensning forenkle tilsyn og rapportering, redusere konfliktnivået og styrke forutsigbarheten for kommersielle aktører. Selv om en tjeneste er organisatorisk og finansielt atskilt fra NRKs allmennkringkastervirksomhet, vil det i praksis være svært vanskelig å unngå konkurransevridning som følge av at NRK tilbyr kommersielle tjenester. NRK vil i kraft av sin posisjon i befolkningen og sterke stilling som utgangspunkt ha et betydelig konkurransefortrinn i forhold til for eksempel en nyetablert privat aktør. Flere oppslag i mediene den senere tid viser at NRKs kommersielle virksomhet, blant annet innenfor events, lett kommer i konflikt med private interesser.
For det tredje: at NRK har adgang til å drive kommersiell virksomhet vil i seg selv ha en negativ virkning (såkalt «chilling effect») på private investeringer, selv om NRK velger å ikke utnytte disse mulighetene fullt ut, for eksempel slik det i dag er tilfelle på reklame på nett.

Fleire kritiserer også særskilt at NRK kan nytte seg av sponsorat. SBS Discovery skriv i den samanhengen:

NRKs eksisterende utbud av sponsorreklame under idrettsarrangementer og lignende forringer dessuten verdien av slike annonseprodukter for resten av markedet. Dette ved at sponsing av attraktive begivenheter tilbys til lav pris. NRK hevder at dette er små inntekter for selskapet. Men markedsverdien på denne sponsorreklamen er etter vår oppfatning høyere enn NRKs prising. Det er med andre ord en dobbel negativ effekt ved at NRK tilbyr slike annonseprodukter.

VG meiner NRK ikkje bør drive kommersielt, men opnar for at det kan gjerast unntak for bruk av sponsorat i særskilde tilfelle:

Vår oppfatning er at NRK ikke skal ha kommersielle inntekter på sine redaksjonelle sendeflater i det hele tatt. Ei heller sponsorplakater. De eneste unntak vi kan se for oss, er dersom det stilles som forutsetning for rettighetskjøp ved store internasjonale arrangement som for eksempel fotball-VM og OL.

Fleire er også mot at NRK er involvert i event-marknaden og sal av spin-off-produkt. MTG skriv i den samanhengen:

Kommersielle sideprodukter har blitt et satsningsområde for NRK. NRKButikken.no selger alt fra bøker, plater, klær, Quizdan-App, og særlig produkter rettet mot barn. NRK har også gått inn i event-markedet med egne og andre TV-stjerner og artister, et marked som må sies å være fjernt fra allmennkringkasteroppdraget.

13.5 NRKs kommersielle verksemd

13.5.1 Totale kommersielle inntekter

Dei fleste kommersielle tenestene til NRK skjer i regi av NRK Aktivum. NRK Aktivum er eit heileigd dotterselskap som er oppretta for å vareta NRKs kommersielle aktivitetar. Tabell 13.1 viser de totale inntekta frå NRKs kommersielle verksemd dei siste åtte åra. Tala viser at dei kommersielle inntektene har variert i frå år til år.

Tabell 13.1 NRKs kommersielle omsetning 2007–2014 (i mill. kroner)

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

Sponsorplakatar

67

67

54

75

49

44

44

42

Event

22

30

17

53

23

39

14

59*

Lisensprodukt

42

31

32

20

13

16

17

10

Totale inntekter

184

194

171

234

137

158

123

168

* Av denne omsetninga var ¾ knytt til arrangement med TV-overføring på NRK.

Kjelde: Tal frå NRK

13.5.2 Reklame

NRK hadde fram til 2010 reklame på nrk.no. Selskapet hadde hatt opp mot 20 mill. kroner i bruttoinntekter i året frå dette reklamesalet. Tilbodet av reklame på nrk.no var i tråd med føringane i St.meld. nr. 30 (2006–2007). Reklamesalet vart likevel kritisert av mange av NRKs kommersielle konkurrentar, som argumenterte for at NRK ikkje burde konkurrere om reklameinntekter. Styret i NRK vedtok i 2010 å fjerne bannerannonsar på nettsidene. Selskapet viste i den samanhengen til at nettsidene var definerte som ein del av NRKs allmennkringkastingsoppdrag.

13.5.3 Sponsing

NRKs sponsorinntekter for 2014 var på ca. 42 mill. kroner. Av dei var 36 mill. knytte til sportsprogram og 6 mill. til kultur- og underhaldningshendingar. Tabell 13.1 viser at sponsorinntektene har lege på eit noko lågare nivå dei siste åra.

13.5.4 Event-verksemd

Denne verksemda femner om alt frå arrangement av firmafestar til gjennomføring av store nasjonale, TV-overførte hendingar som grunnlovsjubileet og minnearrangement etter terroråtaket 22. juli 2011. NRK opplyser sjølv at event-verksemda hovudsakleg er knytt til redaksjonelle hendingar som blir viste på NRK, som Idrettsgallaen, MGP, MGP jr. etc. Tabell 13.1 viser at desse inntektene varierer frå år til år.

Det finst ikkje presise tal som viser kor stor NRK er i event-marknaden. I ei undersøking gjort av Sponsor Insight på vegner av Sponsor- og eventforeningen blir det vist til at eventbransjen har vore i vekst dei siste åra. Undersøkinga estimerer at omsetninga i event-marknaden for 2014 var på om lag 2.3 mrd. kroner2. Ut i frå desse tala kan det leggjast til grunn at NRK Aktivum er ein relativt liten aktør i denne marknaden.

13.5.5 Sal av lisensprodukt

Lisensprodukt er ei samlenemning for produkt som blir laga med merkevara NRK. Dette omfattar bl.a. DVD’ar, musikk, bøker, e-bøker, lydbøker, forlagsprodukt og tekstilprodukt.

NRK sel lisensprodukt gjennom nettsida nrkbutikken.no og vidaresal i nokre faghandlar. NRK Aktivum sel lisensar til samarbeidspartnarar som så utviklar, marknadsfører og sel produkta. Tabell 13.1 viser at inntektene frå sal av lisensprodukt totalt sett har minka sia 2008.

13.5.6 Utleige av produksjonsressursar

NRK sit på ein del produksjonsressursar som dei leiger ut til andre kringkastarar. Det gjeld for eksempel utleige av OB-bussar (dvs. mobile fjernsynskontrollrom) i samband med sportsarrangement og større evenement der kringkastarar samarbeider. NRK opplyser at utgifter og leige av utstyr går omtrent i null, og at kringkastarane er nøydde til å leige utstyr av kvarandre ved behov.

13.6 Departementets vurdering

Det er departementets vurdering at NRK i all hovudsak bør finansierast med kringkastingsavgifta. Departementet viser til at NRK har ein særeigen posisjon i den norske mediemarknaden, og at NRK har store inntekter frå kringkastingsavgifta. Omsynet til NRKs kommersielle konkurrentar, som er avhengige av marknadsfinansiering tilseier at NRK i monaleg grad bør avstå frå kommersielle inntekter. I rapporten Konkurransemessige virkninger av noen utvalgte NRK-tjenester skriv SNF følgjande:

Et annet mulig tiltak som kan bidra til å rette opp den tøffe konkurransen kan være å pålegge NRK å være bruker- og reklamefinansiert. Vi advarer mot et slikt tiltak. Det vil gjøre NRK mer lik de andre medieaktørene, og ikke bidra til mangfold. En bør isteden opprettholde dagens lisensfinansiering (eller tilsvarende husstandsfinansiering hvis dagens ordning endres), slik at NRK fortsatt har interesse av å tiltrekke seg kundegrupper som adskiller seg noe fra de kundegruppene de kommersielle aktørene finansiert ved reklame eller brukerbetaling sikter seg inn mot.3

Departementet sluttar seg til SNFs vurdering. Når NRK er finansiert på ein annan måte enn resten av media, er dette eit positivt tilskot til mediemangfaldet. Eldre lydarar og sjåarar blir normalt vurderte som mindre attraktive av annonsørane. Dette tyder at reklamefinansierte kringkastarar helst vil vende seg til eit yngre publikum. NRK står som offentleg finansiert kringkastar friare til å utforme medietilbodet sitt på ein måte som appellerer til heile befolkninga.

NRK hadde i 2014 i underkant av 5,3 mrd. kroner i lisensinntekter. Dette inneber at over 97 pst. av inntektene var lisensmidlar. Som figur 13.1 ovanfor viser, er dette eit høgt tal i internasjonal samanheng.

Departementet meinar at NRK bør ha eit visst høve til å ha kommersielle inntekter, men at det bør gjerast nokre innstrammingar i det kommersielle handlingsrommet. Som nemnt ovanfor nyttar ikkje NRK seg av løyvet vedtektene gjev til å ha reklame på nrk.no. Departementet ser dette som ei klok tilpassing. Etter departementets vurdering bør det lisensfinansierte medietilbodet i størst mogleg grad vere ikkje-kommersielt. For å markere dette prinsippet vil departementet fjerne det formelle løyvet til å tilby reklame, som dei noverande vedtektene opnar for.

Sjølv om sponsereglane gjev klåre føringar for korleis sponsing kan gå føre seg og kva som skil sponsing frå reklame og produktplassering, er dette skiljet truleg ikkje like klårt for folk. Det er departementets meining at det bør vere minst mogleg forvirring om rolla som ikkje-kommersiell medieaktør for å vareta NRKs omdøme og legitimitet. Departementet vil vidare framheve at sponsorinntekter i størst mogleg grad bør reserverast private medieaktørar som er bundne av marknadsfinansiering av verksemda si. På prinsipielt grunnlag kan det også haldast fram at NRKs redaksjonelle tilbod bør vere basert einast på redaksjonelle vurderingar. Sponsing av enkeltprogram kan potensielt utfordre dette prinsippet. Alle desse momenta talar for at omfanget av sponsing i NRK blir avgrensa.

Det er samstundes ein realitet at sponsing kan vere viktig for NRKs forpliktingar om å dekkje store kultur- og sportshendingar. For eksempel blir sponsing nytta i program som Finnmarksløpet, Birkebeinerrittet, Nobelspriskonserten, Spellemannsprisen og Melodi Grand Prix. Det kan ikkje utelukkast at somme av desse programma ikkje ville vorte sende utan inntekter frå sponsorat. Det er også mogleg at høvet til sponsing er ein føresetnad for at NRK skal kunne samarbeide med andre media om kjøp av sportsrettar, slik tilfellet var under fotball-VM for herrar i 2014, då TV 2 og NRK delte senderettane.

Departementet har konkludert med at det ikkje vil vere tenleg å forby all form for sponsing av program i NRK. Det er likevel ein føresetnad at NRK praktiserer tilgjenge til sponsing på ein restriktiv måte. Departementet vil elles vise til at NRK sjølv har redusert omfanget av sponsing noko i seinare år, jf. omtale av dette ovanfor.

Departementet føreslår elles at NRK framleis bør ha høve til å drive ein del kommersielle aktivitetar som har tilknyting til den redaksjonelle verksemda. Dette gjeld for eksempel utleige av ledige produksjonsressursar. Både omsyn til kapasitetsutnytting og vedlikehald av kompetanse tilseier at dette er gagnleg. Departementet har heller ikkje noko imot at NRK tilbyr ulike spin-off-produkt.

Det er verdfullt at NRK har kompetanse og kapasitet til å halde store nasjonale arrangement som for eksempel minneseremonien etter terroråtaka 22. juli 2011 og arrangementet på Eidsvoll under grunnlovsjubileet i 2014. Det er likevel vanskeleg å sjå grunn til at selskapet skal involvere seg i arrangement som ikkje har tilknyting til det redaksjonelle produktet. Dette er aktivitet som kan fjerne fokus frå primærverksemda til selskapet, og som difor med fordel kan overlatast til andre. Departementet vil difor leggje inn i vedtektene ein generell føresetnad om at alle kommersielle tenester NRK tilbyr, skal ha tilknyting til den redaksjonelle verksemda.

Som nemnt innleiingsvis inneheld dagens vedtekter §§ 10 til 16 reglar for NRKs kommersielle verksemd. Reglane seier blant anna at kommersiell verksemd i hovudsak skal skje i dotterselskap, at verksemda skal stette dei krav til kvalitet og integritet som gjeld for NRK etc. Departementet ser dette som velgrunna og legg opp til å føre det vidare i vedtektene.

Boks 13.1 Departementets konklusjonar om NRKs kommersielle tenester

  • NRK skal i hovudsak vere finansiert av kringkastingsavgifta.

  • NRKs løyve til å ha reklame på nrk.no blir fjerna.

  • NRK kan framleis ta imot sponsing, men omfanget bør vere avgrensa.

  • Andre kommersielle aktivitetar kan vidareførast, så sant dei har tilknyting til selskapets redaksjonelle verksemd.

Fotnotar

1.

Kringkastingsforskrifta § 3-6 inneheld bl.a nærare reglar for når eit program er barneprogram. Ved vurdering av om eit program er barneprogram skal det bl.a leggjast vekt på innhald og form, om born under 13 år er med, når programmet blir sendt og faktiske sjåarar.

2.

http://kampanje.com/archive/2013/10/vokser-mer-enn-reklame/

3.

SNF 2/2015, s 108.

Til toppen
Til forsida av dokumentet